Tingvoll kommune Økokommunen bedre løsninger for mennesker og miljø Arkiv: 002 Arkivsaksnr: 2014/639-52 Saksbehandler: Olaug Haugen Saksfremlegg Utvalg Utvalgssak Møtedato Formannskapet 19/2016 08.03.2016 Kommunestyret 11/2016 17.03.2016 Intensjonsavtale om kommunereform mellom Kristiansund, Aure, Averøy, Gjemnes, Halsa og Tingvoll Vedlegg 1 Intensjonsavtale for 6-kommunesamarbeidet mellom Kristiansund, Averøy, Gjemnes, Aure, Tingvoll og Halsa Saksopplysninger I tråd med kommunestyret i Tingvoll sitt vedtak i februar 2016 om kommunereform, er det to aktuelle strukturalternativ i kommunereforma for Tingvoll kommune 1. Eigen kommune 2. Strukturalternativ på ytre Nordmøre med kommunane Kristiansund, Aure, Averøy, Gjemnes, Halsa og Tingvoll I perioden november 2015 februar 2016 har det vore ført sonderingar og forhandlingar mellom kommunane i alt 2. Smøla kommune har også deltatt i forhandlingane, fram til at kommunestyret der vedtok å gå vidare med strukturalternativet «eigen kommune» 29.02.16 vart forhandlingane mellom dei seks kommunane på Ytre Nordmøre fullført, med intensjonsavtale frå forhandlingsutvala, signert av ordførarane. 01.10.15 fatta kommunestyret i Tingvoll vedtak om mandat for sonderingsutvalet ( seinare omgjort til forhandlingsutval). Her framgår også fullmaktene til utvalet. Vedtak:
1. Kommunestyret i Tingvoll oppnevner følgende sonderingsutvalg i arbeidet med kommunereform på Nordmøre: Ordfører Varaordfører Gruppeleder for opposisjonens største parti En hovedtillitsvalgt Rådmann 2. Tema for sonderingene framgår av Orkide sitt notat vedlagt denne saken. Sonderingene starter opp umiddelbart. 3. Kommunestyret skal ha informasjon på hvert kommunestyremøte i forhandlingsperioden om arbeidet. 4. Sonderingsutvalget har ingen besluttende myndighet. 5. Forhandlingsresultat skal legges fram for formannskapet og kommunestyret før lokal rådgivende folkeavstemming. 6. Kommunestyret bestemmer strukturalternativ for lokal rådgivende folkeavstemming 7. Lokal rådgivende folkeavstemming om kommunereformen i Tingvoll avholdes i april 2016. 8. Styringssignaler for sonderingsutvalget behandles på kommunestyret sitt møte den 29.10.15. Fleire av dei seks kommunane har intensjonsavtalar også med kommunar i andre strukturalternativ. Difor er det framleis usikkert kva kommunar som kjem til å delta til slutt når kommunestyret i juni 2016 skal handsama saka. 07.01.16 fatta kommunestyret slikt vedtak om tal på kommunar i sluttforhandlingane: (..)For å skape balanse mellom by og omland tilrår kommunestyret at Kristiansund og minst tre omlandskommuner, inkludert Tingvoll, deltar i sluttforhandlinger. I tråd med fullmaktene til forhandlingsutvalet legg vi no fram intensjonsavtale for kommunestyret til behandling. Intensjonsavtalen for kommunane Kristiansund, Tingvoll, Gjemnes, Averøy, Halsa og Aure kommune har følgjane innhald: Bakgrunn Deltakarkommunar Mål for den nye kommunen Lokaldemokrati Myndighetsutøvelse Tjenestestruktur Samfunnsutvikling Kommunenavn Organisering av den nye kommunen Kommuneøkonomi Ansatte Tidsplan Intensjonsavtalen er i sin heilskap lagt ved denne saka. Vurdering Det har vore gjennomført gode forhandlingar mellom kommunane, med ein open dialog prega av tillit. Tingvoll kommune, på linje med andre kommunar, har kome med konkrete innspel undervegs og har i stor grad fått gjennomslag for våre interesser og synspunkt. Det
har i stor grad vore samanfallande med andre kommunar sine interesser. Tema Tingvoll har vore særskilt opptatt av er: Lokaldemokrati, ny kommune som økokommune, oppretthalda tenester nær folk, regional arbeidsdeling i administrasjonen og kompetansearbeidsplassar i kommunehusa, samarbeid i lokale partnarskap og tettstadsutvikling, innovasjons- og kompetanseprosjekt, samferdselsprosjekt med ferjefri Halsafjord som høgaste prioritet, sone for arbeidsgjevaravgift, og at ingen tilsette skal mista jobben som direkte konsekvens av kommunesamanslåinga. Rådmannen meiner at det det er ein gjennomarbeida intensjonsavtale som no er forhandla fram, og at den legg eit grunnlag for å gje tingvollsamfunnet og Nordmøre framtidig utvikling og vekst. Intensjonsavtalen tek stilling til fordelingsmekanismer mellom by og omland i tenester og administrasjon, og løftar fram felles samfunnsbyggjande prosjekt. Men intensjonsavtalen er på ein måte ein «godværsavtale». Dvs. at den ikkje rommar drøftingar om vanskelege prioriteringar i den framtidige kommunen. Det vil det nye kommunestyret i den nye kommunen måtte ta stilling til. Om lokal rådgjevande folkerøysting Kommunestyret har vedtatt at det skal gjennomførast lokal rådgjevande folkerøysting om kommunereforma. Datoane for dette er 24 og 25 april. Valstyret har fullmaktene til å planleggja og gjennomføra dette. I tråd med kommuneloven 39b er det ikkje høve til å ha bindane folkerøysting, og kommunestyret må gjera ei sjølvstendig vurdering i saka om kommunereform. Valdeltakinga er viktig for å få eit tydleg råd frå innbyggjarane. Ein kan spissformulere dette og seia at ei låg valdeltaking er eit svakare råd. I nokre kommunar har det vore ein diskusjon om ein skal setja ei nedre grense for valdeltakinga for at kommunestyret skal la seg påverke av resultatet av folkerøystinga. Å setja ei slik grense har både fordelar og ulemper. Å foreslå ei nedre grense kan sjåast på som ei understreking av kor viktig det er at folket bør delta i røystinga, slik at det vert meir enn berre «spesielt interesserte», eller aksjonar blant velgjargrupper som kan utøva størst innverknad på resultatet. Er det mindre enn 40 % valdeltaking, er det over 60% «heimesitjarar» som ikkje ytrar seg. Ei låg valdeltaking utfordrar tolkninga av valresultatet. På den andre sida kan ei slik nedre grense oppfattast som at ved høg valdeltaking, så blir resultatet meir bindane for kommunestyret. Kommunestyret har plikt til å ta eit sjølvstendig val i handsaminga av denne saka, og der resultatet av folkerøystinga er ein del av det samla kunnskapsgrunnlaget. Informasjon til innbyggjarane: Arbeidet med å gje informasjon til innbyggjarane i Tingvoll vert intensivert. Vi har gjennomført: - Folkemøter ( våren 2015 og 2016) - Eikebladet til alle husstander ( 2015) - Dialog med særskilte målgrupper ( unge, eldre, næringsliv)
- Informasjon på kommunens heimesider. Vi vil i perioden 15 mars 23 april gjennomføra: - Løpande informasjon på kommunens heimesider - Utgje Eikebladet - Utgje ein brosjyre om sjølve folkerøystinga og røystesetelen. - Ha møte på ungdomsskolane og Tingvoll vidaregåande skole - Ei innbyggjarundersøking i perioden 10-25 april. Det er nemnt at det er aktuelt for dei politiske partia å sjølv ta initiativ til eit folkemøte, og det er også tatt noko initiativ for å gjennomføra dette i eit samarbeid med Tingvoll kommune. Økokommunevurdering: Dersom innstillingen vedtas, vil denne saken ha positiv nøytral negativ x Evt. merknader: Den nye kommunen er foreslått som økokommune. Visjonen i intensjonsavtalen er «Lokale fortrinn regional styrke» Utfordring er flytting av makt og ressursar. effekt på kommunens arbeid som økokommune. Rådmannens innstilling Behandling i Formannskapet - 08.03.2016 Det ble stemt over innstillingen, som ble enstemmig vedtatt. Vedtak: Behandling i Kommunestyret - 17.03.2016 Det ble stemt over innstillingen, som ble enstemmig vedtatt.
Vedtak: