GLOPPEN KOMMUNE FORMANNSKAPET HOVUDUTSKRIFT Møtedato: 30.03.2012 Møtetid: Kl. 10:00 11:30 Møtestad: Heradshuset Saksnr.: 040/12-044/12 Desse medlemmene møtte: Anders Ryssdal Ola Tarjei Kroken Per Jarle Myklebust Kristin Sandal Sjur Atle Austrheim Anniken Rygg Arnfinn Brekke Ragnar Eimhjellen Parti Sp Ap Sp Sp H H Krf V Forfall meldt frå følgjande medl. Parti Følgjande varamedl. møtte Parti Gunnvor Sunde SD Edgar Kvernevik SD Ugilde Sak i forv.lova Følgjande varamedl. møtte Møteleiar: Frå adm. møtte: Utlevert i møtet: Orientering: Sjå sak 41/12! Sp.mål/interpell.: Synfaring: Diverse: Underskrifter: Anders Ryssdal Landbrukssjef Jon Egil Vik Referat frå møte den 16. mars 2012 i stamvegutvalet for E39 Ola Tarjei Kroken og Anniken Rygg var ikkje med på behandling av sak 41/12, som vart teken opp til slutt i møtet Anders Ryssdal side 1
SAKLISTE Sak nr. Sakstittel 040/12 Godkjenning av møtebok, innkalling og sakliste 041/12 Referat- og orienteringssaker 042/12 Uttale frå Gloppen kommune til jordbruksforhandlingane 2012 043/12 Val av jordskiftemeddommarar for 2013-2016 044/12 Gloppenstasjonane, prinsippavklaring om framtidig eigarskap og mulege utbyggingsalternativ side 2
GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr. Formannskapet 30.03.2012 040/12 Avgjerd av: Formannskapet Saksbehandlar: Jan Kåre Fure Arkiv: 033 Objekt: Arkivsaknr.: 12/620-1 Godkjenning av møtebok, innkalling og sakliste Møteboka frå formannskapet sitt møte den 15. mars 2012 blir lagt fram til godkjenning. Samstundes ber rådmannen om godkjenning av innkallinga og saklista til dette møtet. RÅDMANNEN SI TILRÅDING: 1. Formannskapet godkjenner møteboka frå sitt møte den 15. mars 2012 2. Formannskapet godkjenner innkallinga og saklista til møtet den 30. mars 2012. 30.03.2012 FORMANNSKAPET 040/12 VEDTAK: Rådmannen si tilråding vart samrøystes vedteken. side 3
GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr. Formannskapet 30.03.2012 041/12 Avgjerd av: Formannskapet Saksbehandlar: Marit Elisabeth Larssen Referat- og orienteringssaker Arkiv: 033 Objekt: Arkivsaknr.: 12/619 Refererte skriv og meldingar: Nr Dok.ID T Dok.dato Avsendar/Mottakar Tittel 1 12/3271 I 19.03.2012 Arbeidsutval for Stamvegutvalet E39 Årsrapport for 2011 - Stamvegutvalet E39 i Sogn og Fjordane Vg2 helsearbeidarfag ved Firda 2 12/3522 U 23.03.2012 Sogn og Fjordane fylkeskommune v.g. skule må oppretthaldast 3 12/1889 I 21.02.2012 Sogn og Fjordane Informasjon - regional fylkeskommune - transportplan for Sogn og samferdsleavd Fjordane 2014-2023 4 12/3820 I 27.03.2012 Stamvegutvalet Referat frå møte i Stamvegutvalet for E39 den 16. mars 2012 Referatsakene ligg ved. Det er førebels ingen orienteringssaker. RÅDMANNEN SI TILRÅDING: Rådmannen legg ikkje fram tilråding i saka. 30.03.2012 FORMANNSKAPET Informasjonsbrev frå fylkeskommunen om regional transportplan var sendt ut til medlemmene i formannskapet utanom saklista. Referat frå møte den 16. mars 2012 i stamvegutvalet for E39 vart delt ut. Andre orienteringssaker: Sak i Nordfjordrådet den 26. mars 2012 om samferdsel i Nordfjord Frå kveldsetet om Byggje og bu i Gloppen. 041/12 VEDTAK: side 4
Det vart ikkje gjort vedtak i saka. side 5
GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Formannskapet 30.03.2012 042/12 Avgjerd av: Formannskapet Saksbehandlar: Anders Ryssdal Objekt: Arkiv: V00 Arkivsaknr.: 10/481-9 Uttale frå Gloppen kommune til jordbruksforhandlingane 2012 Vedlegg: Dok.nr Tittel på vedlegg 171422 Innspel til jordbruksforhandlingane 2012 Bakgrunn for saka: 19. mars i år orienterte bondelaga i Gloppen kommunestyret om landbruket i Gloppen. Også jordbruksforhandlingane våren 2012 var eit tema. I denne samanhengen har bondelaga utarbeidd ein uttale, som dei ber kommunen slutte seg til. Saksutgreiing: Ingen. Økonomiske konsekvensar for kommunen: Ingen direkte. Ordføraren si vurdering: Ordføraren oppfattar uttalen som god og gjennomarbeidd. Han viser utfordringane landbruket i vår kommune står overfor, og kjem med klare krav til løysingar som det er naturleg for Gloppen kommune å slutte seg til. ORDFØRAREN SI TILRÅDING: Gloppen kommune v/formannskapet viser til samstyret for bondelaga i Gloppen sine innspel til jordbruksforhandlingane 2012 og sluttar seg til desse. 30.03.2012 FORMANNSKAPET 042/12 VEDTAK: Ordføraren si tilråding vart samrøystes vedteken. side 6
GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Formannskapet 30.03.2012 043/12 Avgjerd av: Kommunestyret Saksbehandlar: Jan Kåre Fure Objekt: Arkiv: X42 Arkivsaknr.: 12/159-5 Val av jordskiftemeddommarar for 2013-2016 Ingen vedlegg. Bakgrunn for saka: Gloppen kommune skal velje 18 jordsskiftemeddommarar til Nordfjord jordskifterett. Dette er det same som i inneverande periode. Funksjonstida er frå 1. januar 2013 31. desember 2016. Saksutgreiing: Dei som blir valde må vere kunnige i dei sakene som jordskifteretten til vanleg har i kommunen skriv jordskifteretten i brevet om oppnemninga. Kvart kjønn skal vere representert med minst 40%. Kommunane bør elles legge vekt på ulik alder og bakgrunn. Det er stort sett dei same krava til dei som blir valde som jordskiftemeddommarar som for domsfolk for tingretten og lagmannsretten. I dag er følgjande jordskiftemeddommarar frå Gloppen: Ja eller nei til attval 1. Anders Søreide Nei 2. Jon Egil Vik Ikkje svart 3. Svein Petter Tveit Ja 4. Nils E. Eimhjellen Ja 5. Martin Seime Ja 6. Lars Myklebust Ikkje svart 7. Knut K. Fitje Ikkje svart 8. Kristen K. Berge Ikkje svart 9. Martin Andenes Ja 10. Magne Devik Ja 11. Gudrun Midtgård Hjelle Nei 12. Aase Ryssdal Sæther Nei 13. Solveig Lien Gusdal Ja 14. Hilde Kvile Ikkje svart side 7
15. Alma Pedersen Nei 16. Ester Løvland Ja 17. Aud Johanne Aasen Nei (Ein av dei som vart valde ved siste val er død. Derfor er det berre 17 personar i tabellen.) Rådmannen har sendt brev til alle desse og spurt om dei vil ta ein ny periode. Korleis dei har svart, går fram av tabellen. Økonomiske konsekvensar for kommunen: Ingen. Rådmannen si vurdering: Rådmannen har ingen merknader eller framlegg i saka utover det generelle synspunktet at ingen bør veljast/attveljast utan å ha blitt spurde på førehand. RÅDMANNEN SI TILRÅDING: Gloppen kommunestyre vel følgjande kandidatar til jordskiftemeddommarar frå Gloppen for perioden 01.01.2013 31.12.2016: 1. 10. 2. 11. 3. 12. 4. 13. 5. 14. 6. 15. 7. 16. 8. 17. 9. 18. 30.03.2012 FORMANNSKAPET Framlegg frå ordføraren: Saka blir utsett. 043/12 VEDTAK: Framlegget frå ordføraren vart samrøystes vedteke. side 8
GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Formannskapet 15.03.2012 039/12 Kommunestyret 19.03.2012 022/12 Formannskapet 30.03.2012 044/12 Avgjerd av: Kommunestyret Saksbehandlar: Marit Elisabeth Larssen Objekt: Arkiv: 614 S10 &53 Arkivsaknr.: 09/2471-7 Gloppenstasjonane, prinsippavklaring om framtidig eigarskap og mulege utbyggingsalternativ Vedlegg: Dok.nr 170341 Tittel på vedlegg Justert notat om utviklingspotensiale for kraftstasjonane i Gloppeelva og alternativ for samarbeid med SFE Bakgrunn for saka: Det er trong for å ta stilling til spørsmålet om framtidig eigarskap til og moglege utbyggingsalternativ for Gloppenstasjonane. Særleg er det viktig å avklare om stasjonane skal utbyggjast, då det etterkvart haster med å kome i gong med prosess for konsesjonssøknad. I regelverket knytt til elsertifikat, vert det kravd at ny produksjon må vere i drift innan 31.12.2020. Vegen fram til å få ferdig behandla ein konsesjonssøknad er lang. Formannskapet drøfta saka første gang i lukka møte 08.03.2012. Møtet vart lukka av kommunelova 31, nr 5, jfr off. lova 23, 1. ledd. Kommunelova 31,5 gir høve til å lukke møter når: tungtveiende offentlige interesser tilsier det, og det vil komme fram opplysninger i møtet som kunne ha vært unntatt offentlig innsyn etter lov 19. mai 2006 nr. 16 (offentleglova) dersom de hadde stått i et dokument. Offenleglova 23, 1.ledd gir høve til å gjere unntak frå innsyn når det er påkravd av: omsyn til ei forsvarleg gjennomføring av økonomi-, lønns-, eller personalforvaltninga til organet. Unntak frå innsyn skal mellom anna gi offentlege myndigheiter høve til å skaffe seg ein forsvarleg forhandlingsposisjon. Årsak til at møtet vart lukka, var at saka også omhandla spørsmålet om framtidig driftsmodell for Gloppenstasjonane. Dette er eit spørsmål som utan tvil har stor offentleg interesse. Likevel tilseier tungtvegande offentlege interesser at kommunen behandlar dette spørsmålet unntatt frå innsyn, av omsyn til framtidig forhandlingsposisjon. Formannskapet gjorde slikt samrøystest vedtak: Formannskapet ber rådmannen legge fram sak til møtet den 15. mars 2012 om: o Prinsipp for framtidig eigarskap til Gloppen-stasjonane o Muleg intensjonsavtale med SFE om utbygging/konsesjonssøknad side 9
o Prinsippval for utbyggingsalternativ Spørsmålet om framtidig drift av stasjonane vil formannskapet kome tilbake til seinare. Kommunestyret si avgjerd når det gjeld følgjande to spørsmål er det ikkje grunnlag for å unnta frå offentelegheit: Ei prinsippavgjerd om eigarskap frå 2015 opnar ikkje for at ev samarbeidspartar kan posisjonere seg og påverke kommunen sin økonomiforvaltning i høve framtidig drift av selskapet, sjølv om kommunen opnar for å inngå alliansar på eigarskapssida. Spørsmålet om kva krav ein skal stille til ein ev framtidig medeigar, vil derimot vere grunn til å lukke for innsyn. Dette temaet vert derfor ikkje drøfta i saka. Avgjerd av spørsmål om å søke konsesjon for kraftutbygging skal behandlast på same måte for kommunen som for private som søker. Dvs at prosessen er open. Administrasjonen har litt avgrensa kapasitet på saksbehandlarsida for tida. Saka kjem derfor som tilleggssak til kommunestyret. Saksutgreiing: Den 31. desember 2014 går leigeavtalen mellom Gloppen kommune og SFE ut. Det har i leigeperioden vore jamleg kontakt mellom kommunen og SFE. No når det går mot slutten av leigetida, må spørsmål om framtidig eigarstruktur, drift og forvalting av verdiane i kraftverka avklarast. På møte mellom SFE og GK den 13. februar 2012 vart notatet frå SFE gjennomgått. Korleis framtidig drift av kraftverka skal organiserast er kommunen sjølv som avgjer, og notatet går derfor ikkje nærare inn på desse forholda. Det første som må avklarast er om Gloppen kommune, når leigetida går, ut skal halde fram som eigar av dei tre kraftverka i Gloppenelva. Dei vidare prosessane med handtering av avslutninga og overgang til framtidig organisering, er avhengig av at kommunestyret vedtek kva prinsipp for eigarskap som skal leggast til grunn. I samråd med Gloppen kommune har SFE teke kostnaden med ei ekstern og uavhengig utgreiing om opprustings- og utviklingspotensialet (O/U-potensialet) i vassdraget. Rapporten frå denne gjennomgangen vart oversendt til kommunen i desember 2008. Korleis ressursane i elva skal nyttast må det takast stilling til. Regelverket knytt til elsertifikat, der ny produksjon må vere i drift innan 31.12.2020 for å få elsertifikat, tilseier at det hastar med avgjerda. Notatet av 23.02.2012 inneheld ei vurdering av utviklingspotensialet både teknisk, økonomisk og miljømessig. I alt 5 utbyggingsalternativ er vurdert. Alternativ 1 Inntak i Breimsvatnet, tunnel og stasjon i fjell og utløp nedstraums Eidsfossen med maks slukeevne 63m3/s som utgjer 1,5 x middelvassføring i elva. Alternativ 2 Eksisterande stasjonar i Trysilfossen og Eidsfossen skal utnytte ei minstevassføring på 10 m3/s som må gå i elva av omsyn til fisk, miljø mv. Alt 1 og 2 heng saman som ei mogleg felles løysing for opprusting og utviding. Alternativ 3-5 Einskildutbyggingar som aukar kapasiteten i dei eksisterande kraftverka, utan at tunnelar vert bygd. Eit moment som talar til fordel for slik utbygging er at side 10
Trysilfossen og Evebøfossen, med dagens regelverk, kjem under grensa for grunnrenteskatt. Desse 5 alternativa er nærare omtala i notatet. SFE konkluderer med at det er potensiale for auka verdiskaping frå vasskraftproduksjon i Gloppenelva. Samla sett meiner dei at ei separat utbygging av dei tre fossane vil vere beste utbyggingsløysinga. Det må snarast råd avklarast med NVE kva konsesjonsmessige krav som vert stilt for ein søknad. Om utbygginga vert sett på som eitt prosjekt, kan det verte krav om melding (over 40 GWh), som betyr at det må utarbeidast konsekvensutgreiing. I utgangspunktet treng ikkje det vere negativt dersom det medfører raskare sakshandsaming. Oppsummering og vidare prosess - Potensiale for å auke kraftproduksjonen med ca 50 GWh/år og dermed auke verdiskapinga knytt til Gloppenelva vesentleg. - For å få verdiar frå elsertifikat i høve realisering av O/U-prosjekt, hastar det med å gjere nødvendige avklaringar og få konsesjonssøkt prosjekt. - Arbeidet med konsesjonssøknad må intensiverast for å kome innanfor tidspunktet som gjeld for elsertifikat. Økonomiske konsekvensar for kommunen: Dei val som kommunen gjer no, vil få økonomiske konsekvensar for kommunen når tida for leigeavtalen på kraftverka i Gloppenelva går ut. Rådmannen si vurdering: Notatet gjev eit godt grunnlag for å drøfte framtidig eigarskap og utbyggingspotensiale for kraftverka i Gloppenelva. Rådmannen ser føre seg to hovudmoment som må avklarast: Spørsmål om eigarskap Utbygging/konsesjonssak. Eigarskap Det første som må avklarast er om Gloppen kommune, når leigetida går ut den 31.12.2014, skal halde fram som eigar av dei tre kraftverka i Gloppenelva. Prosessane for å handtere avslutninga av leigeavtalen og overgang til ny organisering er avhengig av at dette formelt er avklara. I første fase gjeld det å slå fast kva prinsipp som skal leggjast til grunn for framtidig eigarskap. Det er 3 moglege modellar som er aktuelle: 1. Sal av kraftstasjonane. Eit sal vil gje kommunen ei eingongsinntekt. Kor stor denne blir er det ikkje mogleg å seie noko om utan at stasjonane blir verdivurdert. Eit ev sal vil frigjere kapital som etter rådmannen si vurdering, må plasserast i verdipapir. Det er einaste måten å sikre framtidig årleg avkastning, som kan erstatte den avkastninga kommunen vil få som eigar. Viss kommunestyret vel denne modellen må vi straks få sett i gang arbeidet med verdivurdering av stasjonane og kva ei slik løysing faktisk vil bety for kommunen sin økonomi framover. Det er viktig å vere klar over at kommunen med ei slik løysing vil sitje att med ein lågare nettovinst, som kan plasserast i aksjar enn den samla verdi av stasjonane. Dette kjem av at ein del av salsverdien svært truleg må nyttast til tilbakekjøp av aksjane i Gloppen Energi. 2. Opne for medeigarskap i stasjonane gjennom oppretting av aksjeselskap. Modellen inneber at kommunen sel seg ut av stasjonane, innafor gitte rammer. Spørsmål som må avklarast i ein ev prosess med overgang til medeigarskap er kor stort eigarskap kommunen sjølv skal ha. Modellen vil kunne gi kommunen ei eingongsinntekt, side 11
samstundes som den sikrar kommunen ei årleg inntekt frå sal av kraft. Det er ikkje mogleg å seie kor stor eingongsinnekta blir, men også her vil det vere aktuelt å nytte ei ev inntekt til tilbakekjøp av aksjane i Gloppen Energi. Viss kommunestyret vel denne modellen, må vi også straks i gong med ei verdivurdering og utgreiing av moglege modellar for framtidig deling av ansvaret for stasjonane. Begge desse modellane inneber at saka vert lukka for innsyn, heimla i offentleg lova 23.1 med grunngjeving å sikre kommunen sin framtidig forhandlingsposisjon. Modell 1 inneber at kommunen ikkje treng å tenkje på utbygginga av stasjonane, men berre må ta stilling til ein konsesjonssøknad frå annan eigar. Modell 2 inneber at kommunen må finansiere sin del av utbyggingskostnadane. Kor høge desse blir avheng av kor stor kommunen sin eigardel er. 3. Kommunen held fram som eineeigar, som i dag. Modellen inneber at kommunen må ta kostnadane ved utbygging av kraftstasjonane, og er sikra alle inntektene frå salet av kraftproduksjonen. Spørsmålet om tilbakekjøp av aksjane i Gloppen Energi må løysast også om kommunen vel denne modellen. Styrken til modellen er at den sikrar kommunen kontroll over ressursane. Felles for modellane 2 og 3 er at det må etablerast ein driftsorganisasjon som kan drifte stasjonane, i tillegg vert det nødvendig å inngå avtale med eit selskap for omsetting av kraft. Kommunen har ikkje kompetanse på desse områda, og rådmannen finn det unaturleg å byggje opp ein eigen drifts-/salsorganisasjon i alle høve om kommunestyret vel eineeigarskap Desse tenestene bør då kjøpast. Spørsmålet om modell og omfang vil verte drøfta i saka om framtidig driftsmodell. Vert medeigarskap vald som modell blir spørsmålet om driftsmodell avgjort i forhandlingane mellom eigarane. I val mellom dei 3 modellane vil rådmannen legg vesentleg vekt på momentet om å sikre kommunen kontroll over ressursane. Alle modellane medfører utgifter for kommunane, men modell 3 er den einaste som sikrar kommunen full styring av den verdiskapinga som kraftverka og kraftproduksjonen representerer. Ut frå dette rår eg til at kommunestyret legg til grunn eineeigarskap som prinsipp for vidare arbeid med saka. Utbygging/konsesjonssak Konklusjonen i rapporten frå SFE er at det er potensiale for auka verdiskaping frå vasskraftproduksjon i Gloppenelva. Dersom ei kvalitetssikring av analysane viser at det er teknisk, økonomiske og miljømessig lønnsamt å bygge ut, vil rådmannen rå til at arbeidet med konsesjonssøknaden blir starta opp. SFE er interessert i å vere samarbeidspart for kommunen ved realisering av O/U-prosjekta, og for å kome raskt vidare rår eg til av der blir inngått ein intensjonsavtale slik SFE har foreslått. RÅDMANNEN SI TILRÅDING: 1. Kommunestyret legg til grunn for vidare arbeid med utvikling av Gloppenstasjonane at kommunen held fram som eineeigar av stasjonane. 2. Det blir inngått intensjonsavtale med SFE om utbygging av stasjonane. Sak om kva alternativ som vert bygd ut skal leggjast fram for kommunestyret til godkjenning før konsesjonssøknad vert send. side 12
3. Formannskapet får fullmakt til å godkjenne intensjonsavtale med SFE om vilkåra for at SFE tar på seg oppdraget med utbygging av stasjonane. 15.03.2012 FORMANNSKAPET Framlegg frå ordføraren: Saka blir utsett. 039/12 VEDTAK: Framlegget frå ordføraren vart samrøystes vedteke. 19.03.2012 KOMMUNESTYRET Saka vart trekt. 022/12 VEDTAK: Det vart ikkje gjort vedtak i saka. 30.03.2012 FORMANNSKAPET Arnfinn Brekke, som er tilsett i SFE, tok opp spørsmålet om han kunne vere ugild i saka. Formannskapet vedtok samrøystes at han ikkje er ugild. --- Framlegg frå Sjur Atle Austrheim på vegner av Høgre og Krf: Nytt pkt 1 skal lyde: Kommunestyret ber om ei tilleggsutgreiing om modellar som syner samla verdiskaping med og utan ein mindretalseigar i eit felleskraftselskap. Det vart røysta alternativt over pkt 1 i rådmannen si tilråding og framlegget til nytt pkt 1: Framlegget frå Sjur Atle Austrheim fekk tre røyster Rådmannen si tilråding fekk seks røyster. Pkt 2 og 3 i rådmannen si tilråding vart samrøystes vedtekne. 044/12 VEDTAK: Rådmannen si tilråding vart innstilt med slik røystegjeving: pkt 1 med seks røyster pkt 2 og 3 samrøystes. side 13