Nasjonale prøver 17.08.2012 Rettleiing til lærarar Rekning 8. og 9. steget Nynorsk
Innhold Endringar ved årets gjennomføring... 3 1 OM PRØVA... 4 Kva måler prøva?... 5 Korleis bruke prøva i arbeidet med vurdering for læring?... 6 2 FØR PRØVA... 8 Informasjon til elevane... 8 Informasjon til føresette... 9 3 UNDER GJENNOMFØRINGA... 10 4 ETTER PRØVA... 11 Resultat og oppfølging... 11 Oppfølging av resultata i PAS... 11 Del 2 av rettleiinga til nasjonale prøver i rekning... 12 Meistringsnivåa... 12 Oppfølging av resultata i lærarkollegiet... 14 Samanlikning mellom prøva på 8. og 9. steget... 14 Oppfølging av elevgruppa... 16 Oppfølging av den enkelte eleven... 17 Ansvaret til skoleleiaren... 19 Tips til informasjon og aktuelle ressursar... 20
Endringar ved årets gjennomføring 2012 I år startar tilrettelegginga for å måle utviklinga over tid på nasjonale prøver i rekning. Når prøvene måler utviklinga over tid, vil skolane få betre informasjon om rekneferdigheitene til elevane utviklar seg positivt eller negativt. Eit utval elevar får da ei eiga prøve der nokre av oppgåvene er like kvart år. Resultata for dei oppgåvene som er like, blir så samanlikna med resultata for dei oppgåvene som varierer frå år til år. I dag kan skolen berre samanlikne resultata sine med nasjonalt nivå det same året. Dersom mange skolar har hatt framgang i år, så vil ein framgang på skolen din ikkje alltid visast. Nokre oppgåver frå årets prøve skal difor brukast til eit utval elevar kvart år. Årets oppgåvesett kan derfor ikkje frigivast til bruk i oppfølginga av elevane sine resultat. Det vil seie at du ikkje får tilgang til PGS monitor etter gjennomføringa. Ved å bruke reknearket for oppfølging i PAS som blir presentert i kapittel 4, Ved å bruke reknearket for oppfølging i PAS vil du få informasjon om eigenskapar ved oppgåvene og resultata til elevane som gjer oppfølging av elevgruppa lettare. I del 2 av denne rettleiinga i PAS finn du oppgåver frå tidlegare års prøver med løysingsforslag og døme på rekning i fag frå område og emne som inngår i årets prøve. Reknearket og løysingsforslaga blir tilgjengelege i PAS kort tid etter at du har gjennomført prøva. Førebelse meistringsnivå blir publiserte samtidig på Utdanningsdirektoratets nettsider og i PAS. Du kan da følgje opp resultata med dine elevar kort tid etter at prøva er gjennomført.
1 OM PRØVA Denne rettleiinga er skriven for deg som har elevar som skal gjennomføre nasjonal prøve i rekning på 8. og 9. steget. Rettleiinga inneheld råd og retningslinjer for det som bør gjerast før, under og etter prøvegjennomføringa. Siste del av rettleiinga seier noko om korleis resultata kan brukast til vurdering for læring, og gir råd til arbeidet med å utvikle rekning som grunnleggjande ferdigheit. Du kan lese meir om nasjonale prøver på Utdanningsdirektoratets nettsider (www.udir.no). Prøva skal gjennomførast i Prøvegjennomføringssystemet (PGS). Informasjon om den tekniske gjennomføringa står i PAS/PGS-brukarrettleiinga som du finn på Utdanningsdirektoratets nettsider. Det er viktig at du har sett deg inn i innhaldet i denne rettleiinga i god tid før sjølve prøvedagen. Ta kontakt med skoleleiinga dersom du har spørsmål. Bakarst i denne rettleiinga finn du ei oversikt over kva skoleleiinga kan hjelpe deg med før, under og etter gjennomføringa. NASJONALE PRØVER Kva er føremålet med nasjonale prøver? Prøvene skal gi informasjon til elevar, lærarar, skoleleiarar, føresette, skoleeigarar, dei regionale styresmaktene og det nasjonale nivået som grunnlag for kvalitetsutvikling i opplæringa. Kva måler nasjonale prøver? Prøvene skal undersøkje i kva grad elevane sine ferdigheiter er i samsvar med med måla i læreplanen for dei grunnleggjande ferdigheitene i rekning og i lesing og i delar av faget engelsk. Nasjonale prøver gir informasjon om elevar på alle nivåa. Må alle elevar ta nasjonale prøver? Prøvene er obligatoriske. Skoleleiaren kan berre vurdere fritak for elevar med rett til spesialundervisning eller særskild språkopplæring for språklege minoritetar, der resultatet frå prøva eleven blir friteken frå, ikkje vil ha mykje å seie for eleven si opplæring. Kan elevar få tilrettelagde prøver? Enkelte elevar kan ha behov for særskild tilrettelegging under gjennomføringa av ei nasjonal prøve. Skoleleiaren har ansvar for all slik tilrettelegging. Prøvene i rekning og lesing er tilrettelagde for punktskrift- og teiknspråkbrukarar. Kven har ansvaret for gjennomføringa av nasjonale prøver? Ved offentlege skolar er det kommunen som har det overordna ansvaret for gjennomføringa, ved private skolar er det skolestyret som har dette ansvaret. Skoleleiaren er ansvarleg for gjennomføringa av nasjonale prøver på sin skole etter retningslinjene som er gitt i rettleiinga til skoleleiarar og skoleeigarar.
Kva måler prøva? Nasjonal prøve i rekning skal kartleggje i kva grad elevane sine ferdigheiter er i samsvar med kompetansemål i Kunnskapsløftet (LK06) der rekneferdigheiter er integrerte. Grunnleggjande ferdigheiter i rekning inneber talforståing, måleferdigheit og talbehandling knytte til eit breitt spekter av oppgåver og utfordringar i faglege og daglegdagse samanhengar. Rekneferdigheiter handlar òg om å kunne tolke og lage grafiske og andre kvantitative framstillingar. Prøva tek utgangspunkt i kompetansemål etter 7. steget. Problembehandling, logisk resonnement, tolking og analysering av diagram og tabellar, er døme på sentrale område i læreplanane for fleire fag, der det å kunne rekne inngår som ei grunnleggjande ferdigheit. Problemstillingane i oppgåvene er situasjonar som elevane kan kjenne seg att i. Prøva på 9. steget er den same som på 8. steget. Innhaldet er knytt til områda tal, måling og statistikk. Det inneber talforståing, måleferdigheit og talbehandling innafor eit breitt spekter av oppgåver og utfordringar i faglege og daglegdagse samanhengar. Elevane må forstå oppgåva, reflektere over korleis dei best kan løyse ho, og vurdere om resultata er rimelege. Tal Området tal dreier seg om korleis tal inngår i system og mønster, relasjonar mellom tal og kvantifisering av mengder og storleikar. Det omfattar også det å bruke tal og gjere berekningar i praktiske samanhengar, og vurdere kor rimelege svara er. Måling Måling går ut på å samanlikne og knyte talstorleikar til objekt og mengder. Måling dreier seg også om å vurdere resultat og framstilling av data frå observasjonar og målingar. Tema som temperatur, masse, lengd, areal, volum, vinklar, tid og prisar høyrer med i dette området. Statistikk Området statistikk handlar om å organisere, analysere, presentere og vurdere data og grafiske framstillingar. I analysen av data høyrer det med å beskrive generelle trekk ved datamaterialet. SENTRALT INNHALD I PRØVA FOR 8. OG 9. STEGET plassverdisystemet for heile tal og desimaltal (kva verdien av sifra har å seie som plasshalder i titalsystemet) dei fire rekningsartane (addisjon, subtraksjon, multiplikasjon og divisjon) omgrepet brøk samanhengen mellom brøk, desimaltal og prosent prosentrekning temperatur, tid, masse, vinklar, lengd, areal og volum veg, fart og tid omgjering av einingar (rekne om frå ei måleining til ei anna, til dømes frå g til kg) å samanlikne storleikar å lese, tolke og framstille ulike typar tabellar og diagram sentralmål (gjennomsnitt, median og typetal) og representasjonar av data samansette problemstillingar bruk av eigne løysingsstrategiar og vurdere om eigne svar er rimelige
Korleis bruke prøva i arbeidet med vurdering for læring? Vurdering for læring handlar om å bruke informasjon om elevane dine til å tilpasse opplæringa og gi elevane råd om vegen vidare. Resultata frå nasjonale prøver kan brukast slik dersom resultata blir analyserte og brukte vidare i opplæringa av deg som lærar og av elevane sjølve. For å bruke resultata frå prøva til vidare arbeid med rekning som grunnleggjande ferdigheit, vil det vere nyttig å sjå dette i samanheng med fire prinsipp for vurdering for læring. Desse prinsippa er sentrale i arbeidet med undervegsvurdering som er forklart i forskrift til opplæringslova. FIRE PRINSIPPER Elevane sine føresetnader for å lære kan styrkjast dersom elevane 1. forstår kva dei skal lære, og kva som er forventa av dei 2. får tilbakemeldingar som fortel dei om kvaliteten på arbeidet eller prestasjonen 3. får råd om korleis dei kan forbetre seg 4. er involverte i eige læringsarbeid ved mellom anna å vurdere eige arbeid og utvikling Elevane skal forstå kva dei skal lære, og kva som er forventa av dei Når du jobbar med prøver og vurdering, er det viktig at elevane veit kvifor dei blir vurderte, og kva som er forventa av dei. Elevane må vite kvifor det er viktig å arbeide med rekning som grunnleggjande ferdigheit. Snakk derfor med elevane om kva som er føremålet med prøva, og kva prøva måler. Elevane må òg informerast om korleis dei skal svare på ulike oppgåvetypar, og kva dei skal gjere dersom dei ikkje forstår ei oppgåve. Prøveforma kan vere ukjend for somme elevar, og god førebuing kan gjere prøveforma føreseieleg og skape tryggleik. Elevane må vere førebudde på at dei kan få oppgåver som er vanskelege. Bruk gjerne eksempeloppgåvene på Utdanningsdirektoratets nettsider. Gi tilbakemeldingar og råd om vegen vidare Vurdering kan brukast til å gi elevane tilbakemeldingar som fortel dei om kvaliteten på arbeidet eller prestasjonen og råd om korleis dei kan forbetre seg. Meistringsbeskrivingar og informasjon om oppgåvene i prøva kan gi deg eit bilete av kva elevane dine meistrar, og kva dei må arbeide vidare med. Denne informasjonen bør du sjå i samanheng med annan informasjon du har om elevane frå før, og han bør brukast i dialogen med elevane og deira føresette. Føresette må få informasjon om kva eleven meistrar, og kva dei må arbeide meir med, slik at det blir mogleg for dei å delta i oppfølginga. Involver elevane Du bør involvere elevane når du går igjennom resultata på prøva. Det å spørje elevane om kva dei trur dei har fått til, og kva dei bør øve meir på, kan medverke til at dei reflekterer over eiga meistring. Her kan reknearket med resultata og løysingsforslaga i PAS som er presentert i kapittel 4, vere til hjelp i delar av oppfølginga. Eigenvurderingar frå elevane kan gi deg viktig informasjon om kva dei synest er vanskeleg, og kva dei må arbeide meir med. Eigenvurdering kan òg medverke til at elevane får eit meir bevisst forhold til sine ferdigheiter i rekning.
Viktig å tenkje igjennom før prøvegjennomføringa Korleis skal eg førebu elevane i forkant av prøva? Korleis skal eg bruke resultata i tilbakemeldingar eg gir til elevar og føresette for å fremje vidare læring? Korleis skal eg involvere elevane i arbeidet med resultata?
2 FØR PRØVA Før prøva skal elevane og deira føresette bli informerte om dei nasjonale prøvene og føremålet med å gjennomføre dei. Elevane bør gjere seg kjende med prøva på førehand ved å gjere eksempeloppgåvene på Utdanningsdirektoratets nettsider. Du finn òg ei heil prøve frå eit tidlegare år, slik at elevane kan bli fortrulege med omfang og vanskegrad. Føremålet med å gjennomgå eksempeloppgåvene er at elevane skal bli kjende med oppgåveformata og bli trygge på prøvesituasjonen. Eksempeloppgåvene er ikkje fullverdige prøver, men viser oppgåvetypar som elevane møter i prøva. Det finst ikkje vurderingsrettleiingar eller fasit til dei, og resultata skal ikkje registrerast i PAS. Eleven får ei oppsummering på skjerm når oppgåvene eller prøva er levert som viser poengsummen, og om eleven har svart rett eller gale på kvar av oppgåvene. Informasjon til elevane Fortel elevane kva prøva måler, og kvifor det er viktig med grunnleggjande ferdigheiter i rekning. I prøva skal elevane gjennomføre rekneoppgåver som dei kan bruke i mange fag. Elevane skal vite at prøva måler ferdigheita på alle nivå. Elevane må vere førebudde på at dei kjem til å få oppgåver som dei synest er vanskelege. INFORMASJON TIL ELEVANE FØR PRØVA Prøva måler grunnleggjande ferdigheiter i rekning, ikkje faget matematikk. Prøva skal gi informasjon om kva elevane kan, og kva dei kan ha utbytte av å arbeide meir med. Oppgåvene i prøva er laga ut frå kompetansemål i læreplanane for 7. steget. Det blir laga nye oppgåver og prøver kvart år. Prøva har både lette, middels og vanskelege oppgaver. Elevane må vere førebudde på at dei kjem til å få oppgåver som dei synest er vanskelege. Dersom elevane ikkje er sikre på svaret, bør dei svare det dei trur er rett. Rett svar på oppgåva gir 1 poeng, det blir ikkje gitt delpoeng eller trekt poeng for feil svar. Prøva skal gjennomførast elektronisk. Prøva består av opne oppgåver og fleirvalsoppgåver. Nokre av oppgåvene er interaktive. I opne oppgåver skal elevane skrive svaret. I fleirvalsoppgåver skal elevane velje eitt av fleire svaralternativ. I interaktive oppgåver skal elevane flytte på eitt eller fleire objekt. Prøvetida er 90 minutt, og elevane må sitje tida ut. Elevane skal ha med seg skrivesaker og kladdeark. Ingen andre hjelpemiddel er tillatne.
Informasjon til føresette Det er viktig at føresette får god informasjon om prøva i forkant av gjennomføringa. Skolen får ein foreldrebrosjyre i trykt versjon på bokmål og nynorsk. I denne brosjyren blir det informert om alle dei nasjonale prøvene. Føresette til elevar som skal gjennomføre nasjonale prøver, skal få utdelt ein slik brosjyre ved skolestart. Brosjyren er omsett til samisk (nord-, sør- og lulesamisk) og engelsk, og kan lastast ned som pdf-filer frå Utdanningsdirektoratets nettsider. Etter gjennomføringa er det viktig at resultata og råd om vegen vidare blir kommunisert med føresette, slik at dei kan følgje med på og støtte opp om utviklinga til sitt eige barn. SJEKKLISTE FOR LÆRAREN Eg har gjennomført eksempeloppgåver snakka med elevane om føremålet med prøva snakka om at prøva skal hjelpe elevane vidare i opplæringa sytt for at føresette er informerte om gjennomføring, og at dei har fått foreldrebrosjyren vore tilgjengeleg for føresette som har spørsmål om prøva sett av tid i vekeplanen til gjennomføringa
3 UNDER GJENNOMFØRINGA Prøva skal gjennomførast i Prøvegjennomføringssystemet (PGS). Informasjon om den tekniske gjennomføringa står i PAS/PGS-brukarrettleiinga for skolen. Rettleiinga finn du på Utdanningsdirektoratets nettsider. ELEVANE SI PÅLOGGING Elevane skal logge seg på den elektroniske prøva i rekning på: https://pgsc.udir.no Pålogginga føreset at brukarnamn og passord som elevane skal bruke for å gjennomføre dei elektroniske prøvene, er henta frå PAS. Elevane treng eit dagspassord. Korleis dei får dette, er forklart nærmare i brukarrettleiinga for PAS/PGS. Elevane bør sitje slik at dei ikkje ser prøvene til kvarrandre under gjennomføringa. SJEKKLISTE FOR LÆRAREN Eg har informert elevane om føremålet med prøva og oppgåvetypar prøvetid, hjelpemiddel og eventuell tilrettelegging Eg skal gi støtte og tryggleik til elevane som skal gjennomføre prøva
4 ETTER PRØVA I denne delen får du informasjon om korleis resultata blir presenterte, og korleis du kan bruke resultata i den vidare oppfølginga av elevane dine. Resultat og oppfølging Dei endelege resultata frå nasjonale prøver blir publiserte i Skoleporten 6 til 8 veker etter gjennomføringa. Elevane blir fordelte på ulike meistringsnivå etter den poengsummen dei får på prøvene. For å betre oppfølginga av elevane dine får du tilgang til resultata deira i PAS kort tid etter gjennomføringa. Du finn òg førebelse poenggrenser for meistringsnivåa på Utdanningsdirektoratets nettsider. Dei viser kva for meistringsnivå elevane dine mest sannsynleg vil vere på. Det er viktig å vere klar over at den førebelse utrekninga kan avvike noko frå dei endelege poenggrensene som blir publiserte i Skoleporten. Oppfølging av resultata i PAS Etter at resultata er registrert, kan du hente ut ulike resultatrapportar i PAS. Du finn òg del 2 av denne rettleiinga og eit rekneark som du kan bruke i oppfølginga av resultata med elevane dine. Dette finn du i PAS rapport med poengsummar per elev per oppgåve og totalt (rapporten heiter NP 01) rapport med fordeling på dei ulike svaralternativa (rapporten heiter NP 06) eit rekneark for oppfølging av resultata med informasjon om oppgåvene i prøva førebelse poenggrenser for meistringsnivåa del 2 av denne rettleiinga med tips til vidare arbeid med rekning som grunnleggjande ferdigheit Reknearket er under utprøving hausten 2012 og skal danne grunnlag for utbetring av grupperapportane i PAS. Utdanningsdirektoratet vil samarbeide med lærarar hausten 2012 for å få tilbakemeldingar på korleis reknearket har vore brukt i oppfølginga av elevane sine resultat. Kva for informasjon finn eg i reknearket for oppfølging? kva for område av ferdigheita kvar oppgåve måler (tal, måling og statistikk) kva for emne oppgåva omhandlar (til dømes brøk, einingar eller addisjon) kva for fag kvar oppgåve kan knytast til (til dømes samfunnsfag og matematikk) kva slags format oppgåvene har (ope eller fleirval) kva for vanskegrad kvar oppgåve har elevgruppa sine resultat for dei ulike oppgåvene i prøva førebelse resultat for elevgruppa fordelte på meistringsnivå sett i høve til landsgjennomsnittet
Reknearket kan vere til hjelp for å sjå kva for område i rekning, og kva for emne innafor dei som elevgruppa di ser ut til å meistre eller kan ha utbytte av å arbeide meir med. Du får oversikt over vanskegraden i oppgåvene og oppgåvetypane i prøva. Reknearket gir berre informasjon om område og emne i rekning som prøva måler. Resultata viser tendensar for elevgruppa di samanlikna med nasjonalt nivå. Det er derfor viktig at du òg bruker andre kjelder som dialog, observasjon og elevarbeid for å få informasjon om den enkelte eleven sine ferdigheiter i rekning. Del 2 av rettleiinga til nasjonale prøver i rekning For å følgje opp rekning som grunnleggjande ferdigheit i ulike fag, er det utarbeidd ein del 2 av denne rettleiinga med oppgåver, resultat og løysingsforslag frå tidlegare nasjonale prøver. Denne rettleiinga vil du finne i PAS like etter prøvegjennomføringsperioden. Løysingsforslaga kan vere eit godt utgangspunkt for å følgje opp og betre dei strategiane og reknemetodane elevane sjølve har. Dei galne svaralternativa i fleirvalsoppgåvene er typiske feilsvar som kan tyde på faglege misoppfatningar. Dei kan vere grunnlag for diskusjon og samtale i elevgruppa. Oppgåvene gir døme på relevante problemstillingar for rekning i ulike fag. Meistringsnivåa Elevane blir fordelte på dei ulike meistringsnivåa etter den poengsummen dei får på prøva. På 8. og 9. steget er det fem meistringsnivå, der nivå 1 er det lågaste og nivå 5 det høgaste nivået. Til kvart nivå følgjer det ein kort tekst som beskriv ferdigheitene til den typiske eleven på dette nivået. I beskrivinga for eit nivå blir ikkje ferdigheiter tekne opp att som allereie er beskrivne på eit lågare nivå. Nivåa er bygde opp med ein progresjon slik at ein elev som skårar til nivå 4, kan ein gå ut frå har dei ferdigheitene som er beskrivne på nivå 1 til og med nivå 4. Krav til ferdigheiter, som evne til refleksjon, analyse og vurdering av eigne svar, aukar med stigande meistringsnivå. Det er viktig å vere klar over at elevane innafor kvart nivå har fått ulike poengsummar på prøva, og at enkelte elevar kan ha fått ein poengsum som ligg nær ein grenseverdi mellom to nivå. Beskrivingane må derfor tolkast som ei generell beskriving av ferdigheitene til alle elevane på dette meistringsnivået. Det kan hende at ein elev til vanleg får til oppgåver som ho eller han ikkje fekk til på den nasjonale prøva, eller at beskrivinga av meistringsnivået til eleven ikkje stemmer med det du veit om ferdigheitene til eleven. Derfor er det naturleg at du òg støttar seg til annan informasjon når resultata frå den nasjonale prøva skal brukast til å følgje opp elevane. Meistringsnivå 1 omfattar òg elever som har fått null eller svært få poeng på prøvene. Det vil seie at nokre elever får ei beskriving som er meir positiv enn det prøveresultatet til eleven viser. Beskrivinga av meistringsnivå 1 kan likevel vere til hjelp for korleis eleven kan utvikle ferdigheitene sine. På neste side finn du ei beskriving av kvart meistringsnivå til prøva på 8. og 9. steget.
Meistringsnivå 1 Den typiske eleven på dette nivået kan plassverdisystemet for heile tal (titalsystemet) utføre rekneoperasjonar med enkle heile tal bestemme brøkdel som del av ei mengd og som del av éin hel føre opp klokkeslett analogt og digitalt og berekne enkle tidsintervall bestemme areal ved å telje ruter i eit rutenett samanlikne enkle storleikar lese av enkle tabellar og diagram Meistringsnivå 2 Den typiske eleven på dette nivået kan plassverdisystemet for desimaltal utføre rekneoperasjonar med heile tal og enkle desimaltal løyse enkle prosent- og brøkoppgåver løyse enkle samansette problem med heile tal berekne tidsintervall og bestemme klokkeslett utføre enkle omgjeringar (å rekne om frå ei eining til ei anna) velje rett måleining til storleik og rekne med storleikar som har same eining bestemme omkrins og areal av trekantar, kvadrat og rektanglar lage og lese av ulike typar tabellar og diagram Meistringsnivå 3 Den typiske eleven på dette nivået kan utføre rekneoperasjonar med heile tal og desimaltal løyse oppgåver som krev rekning med prosent og brøk løyse enkle samansette problem rekne ut gjennomsnitt omarbeide informasjon frå ulike typar diagram og tabellar gjere overslag og til ein viss grad vurdere om eigne svar er rimelege Meistringsnivå 4 Den typiske eleven på dette nivået kan løyse samansette problem som krev rekning med heile tal, desimaltal, brøk og prosent utføre omgjeringar og utføre berekningar med måleiningar løyse oppgåver som krev rekning med sentralmål som gjennomsnitt og median tolke og analysere tabellar og diagram til ein viss grad analysere og reflektere over eigne svar Meistringsnivå 5 Den typiske eleven på dette nivået kan løyse ulike typar samansette problem som krev effektive metodar og val av rett rekneart utføre omgjeringar mellom ulike representasjonar av tal og storleikar vurdere, analysere og samanlikne datamateriale i alle samanhengar analysere og reflektere over svaralternativ og eigne svar
SJEKKLISTE FOR LÆRAREN Eg skal syte for at elevane og foreldra får tilbakemelding om resultata snakke med elevane om resultata og følgje dei opp sjå resultata i samanheng med annan informasjon om eleven Oppfølging av resultata i lærarkollegiet Rekning er ei grunnleggjande ferdigheit i alle fag. Oppfølginga av prøva i rekning er derfor viktig for fleire lærarar enn matematikklæraren. Ved at lærarane oppsummerer resultata av prøva i fellesskap, kan dei få oversikt over både kva elevane meistrar, og kva ein bør arbeide meir med i dei ulike faga. Del 2 av denne rettleiinga gir døme på relevante oppgåver for oppfølging av prøva i ulike fag. Resultata vil i dei aller fleste tilfella variere mellom elevgrupper. For å få mest mogleg informasjon frå den nasjonale prøva i rekning kan ein samanlikne éi elevgruppe med andre elevgrupper, skolen samla, kommunen, fylket eller det nasjonale gjennomsnittet. Ved å sjå på gjennomsnittet og den prosentvise fordelinga på meistringsnivåa, får ein eit inntrykk av kvar på skalaen elevane er, og korleis gruppa fordeler seg. Når skolen analyserer prøveresultata, er det viktig å ta omsyn til lokale forhold, blant anna lokalt læreplanarbeid, satsingsområde eller kjenneteikn ved det enkelte årskullet eller den enkelte elevgruppa. Spesielt ved små skoler og kommunar kan nokre få elevar som presterer veldig svakt eller veldig sterkt, gi store utslag på resultata. Resultata må òg vurderast ut frå det generelle inntrykket av ferdigheitene, motivasjonen og arbeidsinnsatsen til elevane. Samanlikning mellom prøva på 8. og 9. steget Elevane på 8. og 9. steget gjennomfører den same prøva. I enkelte tilfelle vil gjennomsnittet for 8. og 9. steget vere likt eller liggje nært kvarandre. Nasjonale prøver blir utvikla på same måten kvart år, men med nye oppgåver. Det er mogleg å samanlikne gjennomsnittet og sjå om fordelinga på meistringsnivåa endrar seg, eller om elevane på dei lågaste meistringsnivåa gjer det betre på 9. steget i år enn på 8. steget i fjor. Sidan ingen av oppgåvene i år er like som i fjor, gir samanlikninga avgrensa informasjon. Ver klar over at resultatet til enkeltelevar kan gi store utslag dersom de ønskjer å samanlikne årets resultat for dei to stega. Ein elev som på 8. steget låg lågt på meistringsnivå 3, kan ha utvikla rekneferdigheitene sine monaleg, men likevel hamne høgt på same meistringsnivå på 9. steget. Ein elev som låg høgt på meistringsnivå 3 på 8. steget, kan hamne lågt på meistringsnivå 4 i prøva for 9. steget, utan at rekneferdigheitene til eleven har endra seg vesentleg. Dersom du vil analysere resultatutviklinga til enkeltelevar, kan det vere føremålstenleg å rekne om elevane sin poengsum på prøva i år og prøva i fjor til prosent av toppskår, og på den måten sjå kor mange prosentpoeng betre eller dårlegare elevane er på 9. enn på 8. steget.
Spørsmål til refleksjon og diskusjon Ser vi mønster eller tendensar i resultata for vår skole? Har vi annan informasjon som stadfestar eller avkreftar resultata frå nasjonale prøver? Viser resultata frå nasjonale prøver at det er behov for ytterlegare kartlegging? Kva for konsekvensar får resultata for den vidare praksisen ved skolen? Kva kan vi gjere for å forbetre dei resultata vi ikkje er nøgde med?
Oppfølging av elevgruppa For å forstå kva som skjuler seg bak poengsummen og meistringsnivået til elevane, kan det vere føremålstenleg å bruke informasjonen om kvar enkelt oppgåve som du finn i reknearket (publisert i PAS). Reknearket kan vere til hjelp for å sjå kva for område, emne og oppgåveformat elevgruppa di meistrar godt eller treng å arbeide meir med. Samla kan denne informasjonen medverke til å forstå resultata til elevane meir inngåande enn meistringsbeskrivingane. Område Resultatet i gruppa kan gi ein indikasjon på det elevane meistrar innafor områda tal, måling og statistikk, og kva for emne frå desse områda som elevane bør arbeide meir med for å betre rekneferdigheitene (til dømes omgjering av einingar i måling). Oppgåveformat Arbeid med fleirvalsoppgåver er nyttig i fleire samanhengar. Ved å relatere svaralternativa til problemstillinga i oppgåva får elevane øving i å vurdere om svara er rimelege. Dei ulike svaralternativa kan òg vere grunnlag for diskusjon om ulike løysingsstrategiar. Ein del typiske feilsvar går ofte att i svara på fleirvalsoppgåvene. Desse feilsvara kan tyde på faglege misoppfatningar. Læraren kan bruke oppgåvene i del 2 av denne rettleiinga og diskutere svaralternativa munnleg med elevane. Dersom ein elev har tydelege misoppfatningar, må læraren ta tak i dei aktuelle fagområda. Fagtilknyting Prøva har oppgåver som er relevante for fleire fag. Oppgåvene er ofte aktuelle i meir enn eitt fag. Spørsmål til elevgruppa Er det skilnad på korleis du tenkjer når du skriv svaret sjølv (open oppgåve), og når du vel svar (fleirvalsoppgåve)? Kva slags emne, område, oppgåver og oppgåvetypar meistrar vi? Kva slags emne, område, oppgåver og oppgåvetypar bør vi arbeide meir med?
Oppfølging av den enkelte eleven Beskrivinga av meistringsnivået kan brukast som utgangspunkt til samtale med eleven og i planlegginga av det vidare arbeidet. De kan setje opp læringsmål for eleven knytt til det vidare arbeid med rekning i dine fag, og snakke om korleis eleven kan nå måla. Det er viktig å fokusere på nokre få, realistiske mål om gongen. Fokuser på kva som er neste steg i eleven si utvikling. Her er nokre forslag til kva elevar på kvart av meistringsnivåa kan ha utbytte av å arbeide meir med. Den typiske eleven som skårar på nivå 1, vil ha utbytte av å arbeide med tallinja og plassverdisystemet i matematikk bruke basemateriell og gjere praktiske erfaringar forbetre eigne reknemåtar og trene på rekningsartane trene på å forklare eigne løysingsstrategiar og lytte til og tolke andre sine strategiar arbeide med søylediagram i til dømes RLE, samfunnsfag, norsk og engelsk bruke brøk og desimaltal i til dømes mat og helse, naturfag og samfunnsfag bruke klokke i praktiske situasjonar i til dømes kroppsøving og mat og helse bli fortruleg med omgrepa omkrins og areal i til dømes kunst og handverk Den typiske eleven som skårar på nivå 2, kan ha utbytte av å arbeide med å forstå prosent og brøk i matematikk, og bruke dei i til dømes norsk, samfunnsfag og naturfag lage tabellar og diagram i til dømes RLE, samfunnsfag og naturfag lese informasjon ut av tabellar og diagram i til dømes norsk, engelsk, samfunnsfag, naturfag og mat og helse berekne omkrins og areal i til dømes kunst og handverk lage seg ulike strategiar for å vere i stand til å løyse samansette oppgåver Den typiske eleven som skårar på nivå, 3 kan ha utbytte av å arbeide med å velje rett rekneart i problemoppgåver i alle fag forstå omgrep som beskriv sentralmål i datamateriale i til dømes norsk, naturfag og samfunnsfag forstå rekneoperasjonar med brøk og prosent i til dømes samfunnsfag og naturfag lære seg gradvis å løyse meir samansette oppgåver i alle fag Den typiske eleven som skårar på nivå 4, kan ha utbytte av å arbeide med å bruke ulike metodar til å løyse samansette oppgåver i alle fag utføre omgjeringar mellom ulike representasjonar av storleikar i til dømes naturfag og mat og helse, rekne med brøk og prosent i samansette oppgåver i alle fag gjere overslag og rekne med store tal i til dømes naturfag og samfunnsfag gjere undersøkingar og analysere datamateriale i til dømes samfunnsfag, naturfag og mat og helse presentere resultata i alle fag Den typiske eleven som skårar på nivå 5, kan ha utbytte av å arbeide med å rekne med målestokk i samband med lengder, areal og volum i til dømes samfunnsfag, naturfag og kroppsøving
lage samansette oppgåver i alle fag, løyse dei og diskutere resultatet med medelevar dyktiggjere seg i presentasjonen av resultat frå prosjekt som dei har planlagt og gjennomført på eiga hand Alle faglærarane har ansvar for at elevar arbeider med grunnleggjande ferdigheiter i rekning. Elevane vil ha nytte av å arbeide med logiske resonnement og problemløysing. Dei må kunne skaffe seg eit overblikk over oppgåva, arbeide med å forstå omgrep og få moglegheit til å resonnere, forklare og argumentere for sine løysingar og samtidig få trening i å vurdere om svara er rimelege. Elevane må bli fortrulege med ulike representasjonar og føremålstenlege løysingsstrategiar.
Ansvaret til skoleleiaren Her er ei enkel oversikt over ansvaret til skoleleiaren før, under og etter gjennomføringa. Oversikta tek utgangspunkt i innhald i rettleiinga til skoleeigarar og skoleleiarar. FØR UNDER ETTER syte for at gjennomføringa av nasjonale prøver på skolen er i tråd med dei retningslinjene som er gitt i rettleiinga til skoleeigarar og skoleleiarar syte for at alle aktuelle lærarar er knytte til prøvegruppa i PAS distribuere/syte for at læraren får dagspassord syte for at alle elevane på steget er påmelde i PAS ha god kjennskap til PAS/PGS og yte brukarstøtte til lærarane sine testet skolens datamaskiner og nettverk vere tilgjengeleg for lærarane når dei treng hjelp og støtte til å førebu gjennomføringa å syte for at alle elevane på eigen skole er registrerte i PAS å ha testa skolen sine datamaskiner og nettverket, og ha eit system for brukarstøtte sjå eigne punkt i brukarrettleiinga til PAS/PGS vere tilgjengeleg for lærarane når dei treng hjelp og støtte i gjennomføringa sjekke registreringa av frieken og ikkje friteken syte for at talet på elevar registrerte i PAS stemmer overeins med det reelle elevtalet på skolen følgje opp resultata på skolenivå i det lokale forbetrings- og utviklingsarbeidet leggje til rette for at alle lærarane følgjer opp resultata i klassen og i samtale med elevar og føresette
Tips til informasjon og aktuelle ressursar OM NASJONALE PRØVER OG VURDERING Kvar finn eg meir informasjon om nasjonale prøver? Korleis blir nasjonale prøver utvikla? Kva er rektor og kommunen sine oppgåver med nasjonale prøver? Korleis gjennomfører elevane prøva elektronisk? Kvar finn eg ei kort oversikt over nasjonale prøver? Kvar kan eg lese meir om vurdering for læring? Vurdering på www.udir.no Rammeverk for nasjonale prøver Rettleiar til skoleleiaren og skoleeigaren Brukarrettleiing til PAS/PGS Brosjyre om nasjonale prøver til lærarar og føresette Vurdering for læring på www.udir.no/vfl OM REKNING Kva skal elevane kunne i ferdigheita å kunne rekne? Kva er ferdigheita å kunne rekne, og korleis blir ho utvikla? Kvar kan eg finne meir ressursar og materiell om rekning? Kvar kan eg finne spel og aktivitetar i rekning til elevane? Læreplan til Kunnskapsløftet Rammeverk for grunnleggjande ferdigheiter Matematikksenterets nettsider Matematikk.org
Schweigaards gate 15 Postboks 9359 Grønland 0135 OSLO Telefon 23 30 12 00 utdanningsdirektoratet.no