NYE BERGENSBANEN EIN BANE FOR FRAMTIDA
Visjon 2019 for Nye Bergensbanen: Reisetid på 4t og 30 min mellom Oslo og Bergen Styrka posisjonen som reiselivsbanen saman med Flåmsbana Bergensbanen er tilrettelagt for vesentleg auka godstransport Ringerike og Hallingdal ein felles region med Oslo Vossebanen er utvikla til ein høgkvalitets forstadbane Moderne og universelt utforma stasjonar og togsett Stive rutetider der rutetabellen er lett å hugse Eit attraktivt tilbod for alle grupper reisande Foto: Svein Ulvund Forum Nye Bergensbanen er ein politisk interesseorganisasjon. Forumet vil gjennom praktisk politisk arbeid medverka til at Bergensbanen vert ein moderne og samfunnsnyttig jernbane. Forum Nye Bergensbanen vil som aktivt bindeledd søkja kontakt med jernbaneselskap, næringsliv og brukargrupper for å utveksle informasjon og haldningar. Gjennom praktisk politisk arbeid med Nasjonal transportplan (NTP) vil forumet setja lys på utvalde investeringsprosjekt for å medverka til at Bergensbanen vert ein tidsmessig og samfunnsnyttig jernbane.
EIN BANE FOR FRAMTIDA Bergensbanen er, og vil vere ein grunnpilar i aust-vest transporten Utviklinga av banen må intensiverast Forum Nye Bergensbanen arbeider for ei sterkt auka satsing på Bergensbanen. I lang tid har ein opplevd manglande satsing på investeringar og prosjekt langs banen mellom dei to største byområda i landet. Eit framtidsretta og miljøriktig transportsystem, krev at opprustinga av Bergensbanen no må intensiverast. Uavhengig av mogleg satsing på høgfartsbane i Sør-Noreg vil Bergensbanen ha ei nøkkelrolle i framtidas transportsystem. Dette gjeld både persontransport og godstransport: Persontransporten med høgt trafikkerte lokaltogstrekningar nær Bergen og Oslo, er avgjerande i utvikling av større bu-, service-, og arbeidsmarknadsregionar. I tillegg til regionbygging, er auka kollektiv nærtrafikk med jernbane eit viktig mål for å dempe alle miljøulempene med veksande biltrafikk i dei største byområda. Bergensbanen har saman med Flåmsbana eit internasjonalt ry som turistbane. Dette er ein marknad i sterk vekst, der verdiskaping i reiselivsnæringa gir store ringverknader i Oslo, Bergen, og i kommunane langs banen. Utvikling av Bergensbanen som turist- og utfartsbane for dei store opplevingane, vil vere ein sentral del i norsk reiselivs-satsing. Foto: JBV Bergensbanen Bergensbanen er jernbanelinja mellom Bergen og Oslo. Banen er den høgastliggjande hovudlinja i Europa, der han kryssar Hardangervidda nær 1300 meter over havet. Godstransporten på Bergensbanen er sterkt aukande, og tilsvarar i dag nær 100.000 vogntog på vegen over fjellet kvart år. Klimatrusselen og lokale miljøulemper tilseier at vi må arbeide for ytterlegare sterk vekst i overføring frå vegtransport til miljøvennleg jernbanetransport. Bergen Dei viktigaste utfordringane er: Voss Myrdal Geilo Gol Hønefoss Redusert køyretid Oslo-Bergen til 4t 30min innan 2019 Inkludere Ringerike og Hallingdal i ein felles ABS-region med Oslo ved bygging av Ringeriksbanen Oslo S Redusert reisetid og timesruter mellom Voss og Bergen Vidareutvikle Bergensbanen som reiselivsbanen Løyse dagens flaskehalsar og kapasitetsproblem, og leggja til rette for vidare vekst i godstrafikken 3
Tog nr 61 601 1405 607 603 63 605 dk U R dk U R R dku R dku R dku R du R 07.01.07-16.06.07 jm jm jm jm jm nm Oslo S 0811 1033 1227 1433 1607 2311 Nationaltheatret 0813p 1035p 1229p 1435p 1609p Lysaker 0821p 1044p 1237p 1443p 1618p 2321p Asker 0834p 1100p 1251p 1457p 1631p 2337p Drammen 0848p 1115p 1305p 1512p 1644p 2354p Hokksund 1134 1319p 1528xp 0009xp Vikersund 1156 1349 1550 0030 Hønefoss 0938 1225 1414 1619 1737 0056 Flå 1314x 1715x Nesbyen 1049 1341 1532 1745 1847 0228 Gol 1102 1354 1545 1800 1900 0239 Ål 1124 1419 1519 1608 1831 1921 0305 Geilo 1145 1440 1540 1630 1856 1942 0328 Ustaoset 1156 1452 1552 1643 1906 1953 0341 Haugastøl 1502 1603 1655 1917 0352 Finse 1225 1524 1624 1717 1937 2021 0417 Hallingskeid 1536x 1636 1732x 1951x Myrdal 1253 1550 1649 1746 2004 2045 0445 Myrdal 1258 1554 1652 1751 2006 2047 0445 Mjølfjell b Voss 1343 1640 1737 1836 2051 2130 0537 Dale 1709xa 1903xa 2156xa 0609 Vaksdal 0626 Arna 1441xa 1740a 1840a 1935a 2155a 2227xa 0647a Bergen 1452 1752 1850 1945 2204 2235 0657 BERGENSBANEN I DAG Funksjon og omland Hundreåring med mange oppgåver Bergensbanen fyller hundre år i 2009. Som i 1909 tener banen i dag viktige transportoppgåver mellom dei to største byområda i landet, og er eit vesentleg element i samfunnsutviklinga i kommunane langs banen. Bergensbanen er på mange måtar spesiell ved å ha ei rekkje ulike funksjonar: Bergensbanen er viktig for lange personreiser mellom endepunkta Oslo og Bergen. I 2006 var det 630.000 passasjerar som kryssa høgfjellet ved Finse. Bergensbanen har stor lokaltogtrafikk og dagpendling nær Bergen og Oslo. Vossebanen, den vestlege delen av Bergensbanen, er viktig for integrasjon og utvikling langs banen aust for Bergen sentrum, i Arna, i Vaksdal og Voss. Mellom Arna og Bergen er banen ein arbeidshest som årleg har over 900.000 arbeids- og fritidsreiser til og frå sentrum. Dette tilsvarar rundt 2.600 reisande per dag. Tilsvarande i aust er banen viktig for nærtrafikk til og frå Oslo. Bergensbanen er utfartstoget for rekreasjon og fritidsreiser for Oslo-området og Bergensområdet. Denne trafikken er særleg viktig for reiselivsnæringa og utvikling i kommunane mellom Hallingdal og Voss. Bergensbanen er eit internasjonalt reiselivsprodukt. Togturen over Hardangervidda byr på unike opplevingar, og Bergensbanen er saman med Flåmsbana ein viktig del av rundreisa Norway in a Nutshell. Banen er også ein del av rundreiser for turistmål i Hardanger. Bergensbanen spelar ei avgjerande rolle i godstrafikken mellom Oslo og Bergen. Foto: Rolf M. Sørensen Alle dager Alle dager Søndager i perioden 14.1.-25.3. Søndager. Kjøres også 9.4., 1.5. og 28.5. Kjøres ikke 29.4. og 27.5. Fredager. Kjøres også 4.4. og 16.5. Kjøres ikke 6.4. og 18.5. Alle dager. Kjøres ikke 7.4. Alle netter u Kjøres ik 1,2 millionar innbyggjarar... Om ein avgrensar omlandet til primærkommunane, er det ialt nær 1,2 mill. innbyggjarar i desse områda som direkte soknar til Bergensbanen. Her er Bergensbanen både viktig for arbeidsreiser og fritidsreiser. For fritidsreiser og utfart er det eit enda større omland som nyttar banen. Arbeidspendling er naturleg størst i nærområda til Oslo og på Vossebanen, men er også viktig for kommunane i Hallingdal. Det er i dag tre daglege avganger mellom Oslo og Bergen i tillegg til nattoget. Reisetida er om lag 6,5 timar. Fredagar og sundagar går ekstra tog. Frå hausten 2007 vil det gå sju daglege godstog, samt tre tog i veka med Kommune Folketal 07 Oslo 549668 Bergen 244580 Bærum 107171 Drammen 58691 Asker 52138 Ringerike 28290 Lier 22174 Nedre Eiker 21868 Røyken 17853 Øvre Eiker 16001 Voss 13791 Modum 12601 Hole 5460 Ål 4628 Hol 4463 Gol 4455 Vaksdal 4071 Nes 3470 Krødsherad 2120 Aurland 1701 Ulvik 1131 Flå 982 Sum 1177307 Berg Berg er de Hard 4
Vaksdal Voss Da Berge ergen BE RG EN Ar n Va k a le Ev an ge r sd al Vo ss Mj ølf je My rd ll Ulvik Flå m Aurland al Ha llin Ål gs ke id Goll Fin se Hol Ha ug as Ål tø l Us tao Ge il o Go l Nes se Ne sb ye n t Flå Flå Ringerike Hø Krødsrø he erad erad Vi ke Modum Lierr kk su nd Øv Øvre Eiker er s Nedrre Eiker err eriks Ring n bane Ho fos Hole le r su nd ne Oslo Bærum Bæru m um Aske sker Sa As ke Ly sa OS ke LO r vik S a nd r Dr a Røyke Drammen ammen mm en let ds er og mmen ge gå nen og er aner. en anvin 1940 sbana ruk. ets r seg e fra Blant verdas vakraste Bergensbanen - eit storverk Bergensbanen ligg øvst på Chicago Tribune si liste over verdas vakraste togreiser. I 2005 rangerte reiselivseksperten Gary Warner frå California sine ti favoritt-togruter i Chicago Tribune. Han reiser mykje med tog og har gjort ei grundig vurdering av strekningane. Her vert vurdert alt frå fart og høgteknologi til naturopplevingar og komfort, og Bergensbanen kjem best ut. Alt i 1870 vart det lagt fram forslag om å byggje ein jernbane mellom Bergen og Oslo. Vossebanen, BergenVoss, vart opna som ein smalspora jernbane 10.juli 1883. Ei avgjerd om Bergensbanen kom likevel ikkje før i 1894, etter ein lengre diskusjon om kva rute jernbanelinja skulle ha. Særleg i Sogn var støtta for ei fjordlinje sterk. Til slutt var det likevel høgfjellsruta som vann fram. Fridtjof Nansen sine erfaringar frå skituren over fjellet i 1884 var delaktig i fastlegginga av ruta. Det var først berre strekninga mellom Voss og Taugevatn som vart godkjent av Stortinget, men i 1898 vart resten av linja også godkjent. - Dette er kjempehyggeleg, seier kommunikasjonsdirektør i NSB, Arne Wam. Han peikar på at det ikkje er første gongen at Bergensbanen får internasjonal heider. - Vi hadde ei tilsvarende kåring for eit par-tre år sidan der Bergensbanen vart kåra til verdas mest spennande togrute. Bergensbanen kosta meir enn eit norsk statsbudsjett, og bygginga av banen var ei stor utfordring. Linja måtte leggjast i eit ugjestmildt terreng langt over havet, i ein region utan vegar og der det vinterstid var fleire meter med snø. Det var på det meste 2200 mann som arbeidde med Bergensbanen, og det var i alt over 15000 mann innom anlegget. Særleg bygginga av den 5311 meter lange Gravhalstunnelen var problematisk. Det vart jobba på tre skift kvar veke i seks år for å få tunnelen ferdig. Strekninga mellom Voss og Myrdal vart opna for trafikk sommaren 1906. Heile linja vart opna for passasjertrafikk 27. november 1909. Fram til 1957 var det damplokomotiv som trafikkerte Bergensbanen. Vossebanen vart bygd om til elektrisk drift i 1954, og heile Bergensbanen var ferdig omlagt til elektrisk drift i 1964. Samstundes vart det gjennomført store og viktige lineomleggingar ved at Ulrikstunnelen og Arnanipatunnelen vart tekne i bruk. (Wikipedia)
HOVUDUTFORDRINGAR OG TILTAK Redusert reisetid 4,5 timar mellom Bergen og Oslo Eit hovudmål for utvikling av Bergensbanen er vesentleg redusert reisetid. Redusert reisetid frå 6,5 til 4,5 timar mellom Bergen og Oslo er avgjerande for å løyse ut potensialet for Bergensbanen. Både for dei lange reisene over fjellet og for lokaltrafikken vil redusert reisetid bidra til at miljøvennleg jernbanetransport vert meir attraktiv i forhold til fly- og bilbruk. Tiltak for å oppnå 4,5 timars reisetid gjeld i første rekkje investeringar i banenettet, som bygging av Ringeriksbanen, dobbeltspor Bergen-Arna, og linjeomlegging Trengereid- Takvam. Fleire og lengre kryssingsspor er viktig for å redusere forseinkingar og dagens konflikt mellom persontransport og godstransport. Universell utforming med betre tilpassa plattformer vil gi redusert opphaldstid på stasjonane.samla reisetid er viktig for trafikantane, og stasjonane må bli effektive transportknutepunkt med god overgang til annan kollektivtrafikk, og tilbod med parkering og kiss&ride. Regional utvikling Ringeriksbanen - innkorting og store regionale effektar. Bygging av den 45 km lange Ringeriksbanen, kostnad 4,5-5 mrd, vil vere det klart viktigaste tiltaket for å redusere reisetida på Bergensbanen til 4,5 timar mellom endepunkta. Med dette følgjer også dei store regionale effektane ved at Ringerike vert ein forstad til Oslo, og eit sentralt utviklingsområde i Osloregionen. Lokaltrafikken vil bli i same storleik som mellom Bergen og Arna i vest, rundt 900.000 i året. Reisteida mellom Hønefoss og Oslo vert om lag ein halvtime, og kan samanliknast med reisetid internt mellom bydelar i Oslo. Også for Hallingdal vil vesentleg redusert reisetid til Oslo kunne gi store ringverknader. Tilrettelegging for godstrafikken Betra kryssingskapasitet og effektiv drift Veksten i godstrafikken på Bergensbanen har vore svært høg dei siste åra, heile 15-20 prosent årleg. Banen har i dag ein marknadsandel på 60 prosent mellom Oslo og Bergen. Dette er positivt, men både globale og lokale miljøomsyn tilseier at enda meir av godset bør over på bane. Lange kryssingsspor er spesielt viktig for godstoga. Særleg mellom Myrdal og Bergen er det i dag for få kryssingsspor som er lange nok. Utvikle turistbanen Bergensbanen som motor i reiselivsnæringa Utbetring og marknadsføring av Bergensbanen må aktivt brukast for verdiskaping i reiselivsnæringa. Redusert reisetid, knutepunktsutvikling og universell utforming er viktig, samstundes som ein må sikre at passasjerane framleis får unike naturopplevingar langs Bergensbanen og Flåmsbana. Vossebanen - forstadbane og regionbyggjar Saman med Ringeriksbanen er utvikling av Vossebanen, Bergen-Arna-Voss-Myrdal, det viktigaste satsingsområdet for å realisere nye Bergensbanen. Her er det i dag for få kryssingspunkt, spesielt dårleg sporkapasitet mellom Bergen og Arna, og strekningar som Takvam-Trengereid der linjeføring og kurvatur gjer at køyrefarten er 30 km/t! Investeringar på om lag 2,0 mrd kroner i banenett/infrastruktur vil gjere det mogleg med eit kraftig betra drifts- og ruteopplegg og redusert reisetid mellom Bergen og Voss frå 1t og 15min til om lag 55 min. Timesfrekvens vert då mogleg. Andre tiltak i ein pakke for modernisering av Vossebanen gjeld nytt vognmarteriell, betre takst- og billetteringssystem, stasjonsog knutepunktsutvikling, og informasjon og marknadsføring Foto: Flåm Utvikling 6
Nye Bergensbanen må realiserast innan 2019 Forum Nye Bergensbanen legg til grunn at satsingsområda for utbetring av Bergensbanen må innarbeidast i Nasjonal transportplan 2010-2019. Uavhengig av satsing på høgfartsbane vil Bergensbanen vere sentral i framtidas transportsystem med lokaltrafikk, aust-vest-trafikk, turisttrafikk og godstrafikk. Investeringar på om lag 7 mrd kroner må sikrast for å realisere Nye Bergensbanen innan 2019: Oslo - Hønefoss Realisering av Ringeriksbanen er det viktigaste prosjektet Tiltak Ringeriksbanen Ca. kostnad 4500-5000 mill.kr. Bergen - Voss Modernisering og revitalisering av Vossebanen er lansert som eit eige utviklingsprosjekt med ein eigen tiltakspakke. Følgjande tiltak ved banenettet er sett opp: Tiltak Trengereid -Takvam Rassikring/rasvarsling Dobbeltspor Bergen-Fløen Forlenge kryssingsspor i Arna Dobbeltspor Ulrikstunnel Sporomlegging Voss stasjon Samtidig innkøyring på 7 stasjonar Sikring av planovergangar Forlenge Dale, Bolstadøyri og Vaksdal Linjeomlegging Fossmark SUM Vossebanen Bergen-Voss Ca. kostnad 500 mill.kr. 30 mill.kr. 150 mill.kr. 200 mill.kr. 750 mill.kr. 80 mill.kr. 120 mill.kr. 10 mill.kr. 120 mill.kr. 40 mill.kr. 2000 mill.kr. I tillegg er det i prosjektet sett opp fem andre tiltaksområde som gjeld materiell, drift og ruteopplegg, takst- og billetteringssystem, stasjons- og knutepunktsutvikling, og informasjon/marknadsføring/merkevarebygging Voss - Hønefoss Viktige tiltak mellom Voss/Myrdal og Ringerike vil vere: Tiltak Universell utforming og redusert opphaldstid på stasjonane Linjeutretting Utbetre køyreledning Rassikring og kryssingsspor 7
Forum Nye Bergensbanen Leiar: Bjørn Christensen bjorn.christensen@voss. kommune.no Telefon 56 51 94 20 Buskerud fylkeskommune Hordaland fylkeskommune Bergen kommune Vaksdal kommune Voss kommune Ulvik kommune Aurland kommune Hol kommune Ål kommune Gol kommune Nes kommune Ringerike kommune Asker kommune Bærum kommune Oslo kommune