HORDALAND FYLKESKOMMUNE Samferdselsavdelinga Arkivsak 201103170-17 Arkivnr. 814 Saksh. Nordnæs, Merethe Helland Saksgang Møtedato Fylkesutvalet 22.02.2012-23.02.2012 KLAGE PÅ FYLKESUTVALSVEDTAK 211/11 AVVISNINGSVEDTAK - SKRIVEMÅTEN AV NAMN PÅ TUNNEL SAMANDRAG Saka gjeld klage over fylkesutvalsvedtak i sak 211/11 - vedtak om avvise klage frå Osterøy Mållag angåande skrivemåten av namn på tunnel. Det vart den 10. november 2011 i sak 211/11 fatta slikt vedtak i fylkesutvalet: Osterøy mållag si klage over fylkesutvalsvedtak av 24. august 2011 vert avvist. Klagen vart avvist fordi ein ikkje fann at Osterøy mållag hadde rettsleg klageinteresse i saka. Vedtak om å avvise klagen er eit enkeltvedtak som kan påklagast etter forvaltningslova 28. Samferdselsavdelinga har den 5. desember 2011 motteke klage frå Osterøy Mållag på avvisningsvedtaket. Det kjem fram nye opplysningar i saka. Etter ei nærmare vurdering av saka, ser vi at stadnamnlova 10 ikkje var tilstrekkeleg vurdert i fylkesutvalssak nr. 211/11 vedtak om å avvise klage frå Osterøy Mållag. Fylkesutvalet har fatta avvisningsvedtaket som det no er klaga på og må difor ta stilling til klagen som underinstans, Jfr. forvaltningslova 33 2. ledd. Fylkesrådmannen har vurdert klagen og finn og rå til at klagen frå Osterøy Mållag over avvisningsvedtaket vert teken til følgje. Dersom klagen vert teken følgje må klage av 24. august 2011 realitetsbehandlast. Osterøy Mållag si klage over skrivemåten av namn på tunnel Fv 567 Hauge-Lonevåg, Borgogtunnelen, vert ikkje teken til følgje.
FORSLAG TIL VEDTAK/ Osterøy Mållag si klage over fylkesutvalsvedtak sak 211/11- avvisningsvedtak vert teken til følgje. Osterøy Mållag si klage over fylkesutvalsvedtak sak 149/11 skrivemåten av namn på tunnel, Borgotunnelen, vert ikkje teken til følgje. Paul M. Nilsen fylkesrådmann Anne Iren Fagerbakke samferdselssjef 2
FYLKESRÅDMANNEN, 01.02.2012: 1. Bakgrunn: Det vart den 24. august 2011 i sak 149/11 fatta slikt vedtak i fylkesutvalet: Fylkesutvalet vedtek at skrivemåten på den nye tunnelen på Fv 567 Hauge Lonevåg vert Borgotunnelen, i samsvar med tilråding frå Osterøy kommunestyre. Hordaland fylkeskommune mottok den 2. september 2011 klage frå Osterøy Mållag på fylkesutvalet sitt vedtak av 24. august 2011. Osterøy Mållag kravde at skrivemåten av namnet på den nye tunnelen vart Borgatunnelen. Det vart den 10. november 2011 fatta slikt vedtak i fylkesutvalet i sak 211/11 om skrivemåten av namn på tunnel Hauge Lonevåg: Osterøy mållag si klage over fylkesutvalsvedtak av 24. august 2011 vert avvist. Klagen vart avvist fordi ein ikkje kunne sjå at Osterøy Mållag hadde rettsleg klageinteresse i saka, Jfr. forvaltningslova 28 1. ledd. Samferdselsavdelinga har den 5. desember 2011 motteke klage på avvisningsvedtaket. Det er avvisningsvedtaket som no er påklaga. Klaga lyder slik: Osterøy Mållag viser til Dykkar brev av 15. november 2011 der det går fram at klagen vår på vedtaket om skrivemåten av namn på den nye tunneken på Fv 567 vert avvist fordi fylkesutvalet ikkje finn at Osterøy Mållag har rettsleg klageinteresse. Med dette brevet vil me klaga på denne avgjerda sjå avsnitt 1 under. I tillegg kjem me med nye moment til klagen på skrivemåten sjå avsnitt 2. 1. Klage på avvisningsvedtak i Fylkesutvalssak 211/11 Bakgrunn: Osterøy Mållag har sett fram klage på vedtak i sak 149/11: Fv 567 Hauge-Lonevåg-skrivemåten av namn på tunnel. Fylkesutvalet har vedteke namnet Borgotunnelen, medan Osterøy mållag meiner namnet må vera Borgatunnelen, som er den namneforma som byggjer på nedervd lokal uttale. I sak 211/11 vedtok Fylkesutvalet å avvisa Osterøy Mållag sin klage. Fylkesutvalet grunngjev avvisninga med at Osterøy Mållag etter forvaltningslova 28 ikkje kan seiast å ha rettsleg klageinteresse i namnesaka. Osterøy Mållag klagar no på denne avgjerda. Grunngjeving for å klage på avvisningsvedtaket: I saksutgreiinga til sak 211/11 er det ikkje nemnt noko om den spesielle klageretten som lokale organisasjonar har etter stadnamnlova. Det er heller ikkje referert til Språkrådet si Rettleiing til forskrift om skrivemåten m.m. av stadnamn som definerer kven som har klageinteresse. Osterøy Mållag meiner avvisningsvedtaket er gjort på feil grunnlag. Klagen på skrivemåten var heimla i stadnamnlova 10. Klagerett etter denne føresegna har dei som er nemnde i stadnamnlova 5 bokstav a-c. Bokstav c refererer til lokale organisasjonar som har særleg tilknyting til namnet. I Språkrådet si rettleiing til stadnamnlova 10 om klage heiter det: Av omsyn til allmenta er det også rimeleg at lokale organisasjonar og samanslutningar med særleg tilknyting til stadnamnet har klagerett. Om Stadnamnlova 5 seier retteleiinga: Med lokal organisasjon i bokstav c er meint organisasjonar og samanslutningar som t. d burettslag, velforeiningar, språkorganisasjonar og historielag (vår understreking). Osterøy Mållag reknar seg å vera ein slik lokal språkordganisasjon som har klagerett. Men grunngjev dette slik: 3
Osterøy Mållag er eit lokallag av språkorganisasjonen Noregs Mållag. Det kan nemnast at Noregs Mållag leverte ei grundig høyringsfråsegn då stadnamnlova skulle reviderast i 2005. I Osterøy Mållag sine lover heiter det at laget skal arbeide for: a) å samla målfolk i Osterøy til aktivt arbeid for det nynorske målet på alle område b) å auke kunnskapen om- og vørdnaden for nynorsken og dialektane våre c) å styrka grunnlaget for den folkelegebygdekulturen og verna om miljøet i bygdene våre. Osterøy Mållag har for tida 77 medlemmer som er over gjennomsnittet interesserte i ostramålet og dei språklege kulturminna som ligg i stadnamna. Fleire av medlemmene som har kontakta styret om namnesaka er fødde og oppvaksne på nabogardane til Borgo og er difor godt kjende med navneformene i området. Me vil elles leggja til at mange kommunar nyttar dei lokale mållaga som faste høyringsinstansar i stadnamnsaker. Dette har relevans for vurderinga av rettsleg klageinteresse og burde vore nemnt i saksutgreiinga til fylkesrådmannen. Sidan saka ikkje har vore tilstrekkeleg opplyst, og det kan sjå ut til at vedtaket er basert på feil lovbruk bed me om at vedtak i sak 211/11 vert gjort om og at klagen i sak149/11 vert teken til fylgje. 2. Nye moment til klage på vedtak 149/11 - Etter stadnamnlova 6 2. ledd skal saka kunngjerast i minst to aviser som er lest som er alminneleg lesne på staden. Me kan ikkje sjå at dette er gjort. - Forskriftene til stadnamnlova fastset i 8 2. ledd at det skal setjast av to månader til høyring av dei som etter stadnamnlova 6 har rett til å uttale seg. I brev frå Statens vegvesen til Osterøy kommune dagsett 23.3.2011 vert kommunen beden om sitat: umiddelbar handling av namnesaka då prosjektet nærmar seg vegopning. Og alt den 13.4.2011 kjem Osterøy heradstyre med si innstilling, jf sak 013/11 sak sid 11/785. Osterøy Mållag som lokal språkorganisasjon er ikkje teken med i høyringsprosessen. I denne saka ser det dermed ut til å ha vore for stort hastverk i høyringsfasen. - Etter stadnamnlova 4 1. ledd skal det ved fastsetjing av skrivemåten takast utgangspunkt i den nedervde lokale uttalen. Stadnamnkonsulenten har slege fast at den korrekte forma basert på nedervd lokal uttale er Borgatunnelen. Dette vert stadfesta av eit intervju med filolog og lokalhistorikar Geir Kleiveland i avisa Bygdanytt 12.4.2011 (sjå vedlegg). To lesarinnlegg i Bygdanytt (sjå vedlegg) hevdar det same. Osterøy Mållag saknar ei grunngjeving for at fylkesutvalet har vald å setja til side både språkrådet sin kompetanse og lokal kompetanse på den nedervde lokaleuttalen. Me bed om at desse momenta vert tekne med i vurderinga av klagesaka. Etter vår gjennomgang av sakskomplekset tykkjest Hordaland fylkeskommune ha låg kunnskap om stadnamnlova. Med bed om at aktuelle prosedyrar vert skjerpa inn slik at tilsvarande feil ikkje vert gjort fleire gonger. 3. Vedlegg til saka. 2. Det rettslege grunnlaget: Det går fram av forvaltningslova 28 1. ledd at enkeltvedtak kan påklagast av ein part eller annan med rettsleg klageinteresse. I sak 211/11 vurderte ein om Osterøy Mållag hadde rettsleg klageinteresse i saka og kom til at Osterøy Mållag ikkje hadde rettsleg klageinteresse. Avvisningsvedtaket er no påklaga av Osterøy Mållag. Ein vil no sjå på saka på nytt og vurdere om mållaget likevel har rettsleg klageinteresse. 4
Det går fram av forvaltningslova 28 1. ledd at: Enkeltvedtak kan påklages av en part eller annen med rettslig klageinteresse i saken til det forvaltningsorgan (klageinstansen) som er nærmest overordnet det forvaltningsorgan som har truffet vedtaket (underinstansen). Det går fram av forvaltningslova 28 2. ledd at: For enkeltvedtak som er truffet av forvaltningsorgan opprettet i medhold av lov om kommuner og fylkeskommuner, er klageinstansen kommunestyret eller fylkestinget, eller etter disses bestemmelse, formannskapet eller fylkesutvalget eller en eller flere særskilte klagenemnder oppnevnt av kommunestyret eller fylkestinget. Departementet er likevel klageinstans når vedtaket er truffet av kommunestyret eller fylkestinget. Vedkommende statlige organ er klageinstans når vedtaket er truffet i henhold til myndighet delegert fra et statlig forvaltningsorgan. Det vart slått fast i sak 211/11 at Osterøy Mållag ikkje er part i denne saka, Jfr forvaltningslova 2 1. ledd e. Etter forvaltningslova 33 2. ledd er det fylkesutvalet som underinstans, som må handsame klagen. Forvaltningslova 33 2. ledd lyder: Underinstansen skal foreta de undersøkelser klagen gir grunn til. Den kan oppheve eller endre vedtaket dersom den finner klagen begrunnet. Dersom vilkårene for å behandle klagen ikkje foreligger, skal underinstansen avvise saken, jfr. dog 31. Dersom ein finn å ta klagen om avvisning til følgje, så må klagen realitetsbehandlast. Det er fylkesutvalet som underinstans som må ta saka til behandling. 3. Samferdselssjefen vurdering: Det vart den 10. november 2011 fatta vedtak i fylkesutvalet i sak 211/11 Fv Hauge-Lonevåg om å avvise klagen frå Osterøy Mållag grunna manglande rettsleg klageinteresse. Avvisningsvedtaket er no påklaga. Vi vil no vurdera om Osterøy Mållag likevel har rettsleg klageinteresse. Angåande avvisningsvedtaket: Det går fram av forvaltningslova 28 1. ledd at eit enkeltvedtak kan påklagast av ein part eller annan med rettsleg klageinteresse. For at ein skal ha rettsleg klageinteresse, må ein ha ein viss tilknyttning til den saka som vedtaket gjeld. Vedtaket må få rettsleg eller praktisk verknad for ein. Organisasjonar kan ha rettsleg klageinteresse. Det viktigaste er om saka angår organisasjonens formålsinteresser på ein meir direkte måte. Osterøy Mållag skriv i si klage, motteke 5. desember 2011, at klagen på skrivemåten var heimla i stadnamnlova 10. Ved vurderinga av klagen kan ein ikkje sjå at det går fram at klagen var heimla i stadnamnlova 10. Dette går først fram av klage motteke 5. desember 2011. Osterøy Mållag skriv deretter i si klage at det i saksutgreiinga i sak 211/11ikkje er nemnt noko om den spesielle klageretten som lokale organisasjonar har etter stadnamnlova. Dei skriv deretter at det heller ikkje er referert til Språkrådet si Rettleiing til forskrift om skrivemåten m.m. av stadnamn som definerer kven som har rettsleg klageinteresse. Osterøy Mållag meiner at avvisningsvedtaket er gjort på feil grunnlag og skriv at klagen på skrivemåten var heimla i stadnamnlova 10. Dei viser til stadnamnlova 5 a-c. 5
Det går fram av stadnamnlova 2 a at. I denne lov tyder : a) stadnamn, namn på geografisk punkt, liner og områder som kan kartfestast. I rettleiing til forskrift om skrivemåten m.m. av stadnamn, punkt 2 som gjeld kommentarar til lovteksten, går det fram at: Definisjonar I første ledd bokstav a er omgrepet stadnamn definert med ei vidareføring av definisjonen i den opphavlege lova. Stadnamn er ei fellesnemning for namn på geografiske lokalitetar av ulike slag (punkt, liner eller område), også kalla namneobjekt. Geografiske lokalitetar som har eller kan få namn, kan delast inn i undergrupper t.d. - terrengformasjonar (fjell, dalar, vatn, fjordar, øyar osv.) - kulturformasjonar, dvs menneskelaga formasjonar (gardar, bruer, tunnelar osv.) Stadnamnlova 10 1. ledd lyder: Vedtak etter denne lova kan påklagast av dei som etter 5 første og ledd bokstav a til c har rett til å ta opp saker om skrivemåten av stadnamn. Offentlege organ har berre klagerett i saker som gjeld namn dei skal bruke i tenesta. Klageretten gjeld også vedtak gjorde av kommunar og fylkeskommunar. Klage skal grunngjevast. Vedtak gjorde av Kongen og Stortinget kan ikkje påklagast. Feilbruk eller manglande bruk av stadnamn 9 kan påklagast til overordna departement. Klage over manglande vedtak kan påklagast til Klagenemnda. Stadnamnlova 5 1. ledd lyder: Saker om skrivemåten av stadnamn kan takast opp av a) offentleg organ og andre som er nemnde i 1 tredje ledd, b) eigar eller festar når bruksnamnet kjem inn under 8 andre ledd, c) lokal organisasjon med særleg tilknyting til eit stadnamn. I rettleiing til forskrift om skrivemåten m.m. av stadnamn, punkt 10 som gjeld kommentarar til lovteksten, går det mellom anna fram at: Av omsyn til allmenta er det også rimeleg at lokale organisasjonar og samanslutningar med særleg tilknyting til stadnamnet har klagerett. Av rettleiing til forskrift om skrivemåten m.m. av stadnamn, punkt 5 som gjeld kommentarar til lovteksten, går det mellom anna fram at: Med lokal organisasjon i bokstav c er meint organisasjonar og samanslutningar som t.d. burettslag, velforeiningar, språkorganisasjonar og historielag. Det kjem fram nye opplysningar i klagen som har betyding for saka. Etter ei nærmare vurdering av saka, kan ein sjå at stadnamnlova 10 1. ledd ikkje er tilstrekkeleg vurdert i fylkesutvalssak nr. 211/11. Det går fram av stadnamnlova 10 1. ledd at mållaget er å sjå som ei lokal organisasjon med særleg tilknyting til eit stadnamn og har difor rettsleg klageinteresse i saka, jfr. 5 1.ledd c. Osterøy Mållag har såleis klagerett etter stadnamnlova 10 1. ledd. Osterøy Mållag har rettsleg klageinteresse, Jfr. forvaltningslova 28 1. ledd, jfr. stadnamnlova 10 1. ledd. Ut frå dei nye opplysningane må det leggjast til grunn at Fylkesrådmannen vil på bakgrunn av dette rå til at vedtak i sak 211/11 om å avvise klagen frå Osterøy Mållag vert gjort om. Fylkesrådmannen vil no realitetsbehandla klagen på skrivemåten av namn på tunnel. 6
Vurdering av klage frå Osterøy Mållag på vedtak i fylkesutvalssak 149/11 skrivemåten av namn på tunnel Fv- 567 Hauge-Lonevåg Hordaland fylkeskommune har den 2. september motteke klage frå Osterøy Mållag på vedtak av 24. august 2011. Klaga lyder slik: I fylkesutvalssak 149/11 vedtok fylkesutvalet i møte onsdag 24. august 2011 at namnet på tunnelen mellom Haugo og Lonevågen skal skrivast Borgotunnelen. Osterøy mållag vil klage på dette vedtaket. Grunngjevinga for klaga: Stadnamlova seier klårt i 4 at rettskrivinga av stadnamn skal normerast etter nedervd og noverande uttale. Borgo, uttalt /bårgå/, og andre stadnamn med utlydande kort å-lyd som Haugo,/hauå/,Lono,/lonå/,Fitjo,/fitjå/o.fl. byter utlydande å-lyd ut med ein a i samansetjingar. Nokre døme på stadnamnuttale: /hauadalen/, /lonabrunæ/, /bårgåfjedlet/,/fitjajedlen/. Denne uttalen er den språkhistoriske korrekte; han er og den vanlege både blant unge og eldre ostringar som kjenner desse namna. Lokalavisa Bygdanytt skriv at Fylkesutvalet grunngjev skrivemåten Borgotunnelen med at politikarane ville lytta til dei lokale og ikkje berre namnekonsulenten. Har fylkespolitikarane undersøkt kor høg prosent ostringar som brukar ein å-lyd som samansetjingsvokal i denne ordtypen? Osterøy mållag krev difor at fylkeskommunen tek saka om rettskriving for denne tunnelen opp til ny handsaming og rettar seg etter innstillinga frå Stadnamnkonsulenten for Vestlandet og vedtek skrivemåten Borgatunnelen som vil vera den rette etter lokal uttale. Dermed har dei folkevalde og retta seg etter intensjonen i Lov om stadnamn. Osterøy Mållag har i klage motteke 5. desember 2011, som referert tidlegare i saka, og har kome med nye moment til klage på vedtak i sak 149/11. Osterøy Mållag skriv at etter stadnamnlova 6-2. ledd skal saka kunngjerast i minst to aviser som er alminneleg lesne på staden. Mållaget kan ikkje sjå at dette er gjort. Stadnamnlova 6 2. ledd lyder: Saker som gjeld gards- og bruksnamn, skal eigar eller festar få tilsendt direkte. Saker som gjeld samiske eller kvenske stadnamn, skal dessutan sendast til lokale organisasjonar med særleg tilknyting til saka. I tillegg skal saka kunngjerast i minst to aviser som er alminneleg lesne på staden, eller gjerast kjend på annan høveleg måte. Saker som gjeld andre namn, skal kunngjerast på same måten. Etter ein gjennomgang av saka, kan ein ikkje så at saka har vore kunngjort i minst to aviser som alminneleg lesne på staden. Ein må då vurdera om det ligg føre ein feil etter forvaltningslova. Det går fram av forvaltningslova 41 at: Er reglane om behandlingsmåten i denne lov eller forskrifter gitt i medhold av loven ikke overholdt ved behandlinga av en sak som gjelder enkeltvedtak, er vedtaket likevel gyldig når det er grunn til å regne med at feilen ikke kan ha virket bestemmende inn på vedtakets innhold. Ein kan her slå fast at det ligg føre ein feil etter forvaltningslova 41. Ein kan likevel ikkje sjå at feilen har verka bestemmande inn på vedtakets innhald. Dette fordi Osterøy Mållag har fått uttale seg i saka og har bli hørt. Osterøy Mållag skriv deretter i si klage at ifølgje forskriftene til stadnamnlova 8 2. ledd skal det setjast av to månader høyring av dei som etter stadnamnlova 6 har rett til å uttale seg. Dei viser til at i brevet frå Statens vegvesen dagsett 23. mars 2011 til Osterøy kommune, vert kommunen beden om ein umiddelbar behandling av namnesaka då prosjektet nærmar seg vegopning. Dei peiker deretter på 7
at Osterøy heradstyre kom med si innstilling den 13. april 2011 og at mållaget ikkje var teken med i høyringsprosessen. Forskrift til stadnamnlova 8 2. ledd lyder: Vedtaksorganet skal førebu og avgjere saka utan ugrunna opphald. Det skal setjast av to månader til høyring av dei som etter stadnamnlova 6 første ledd har rett til å uttale seg, og to månader til saksbehandlinga hos namnekonsulentane. Ifølgje lov om stadnamn 5 2. ledd er det fylkeskommunen som gjer vedtak om skrivemåten av namn på fylkeskommunale anlegg og liknande. Ein tunnel er å sjå på som eit fylkeskommunalt anlegg. Osterøy kommune har fått saka til uttale og rådde til at namnet vart Borgotunnelen i møte den 13. april 2011. Forslaget vart sendt Stadnamnteneste på Vestlandet for uttale, og gav uttale til skrivemåten den 2. mai 2011. Fylkesutvalet fatta vedtak i saka den 24. august 2011. I denne saka har det ikkje har blitt sett av to månader til høyring, og Osterøy Mållag vart ikkje teken med i høyringsprosessen. Vi vurderer det slik at Osterøy Mållag likevel har fått uttale seg og har fått fremma sine synspunkt i saka. Det vert vist til deira klage på vedtak av 24. august 2011og 10. november 2011, samt ved å ha meldingar til saka når den vart behandla i fylkesutvalet den 10. november 2011. Mållaget peiker deretter på i klagen at det etter stadnamnlova 4 1. ledd ved fastsetjing av skrivemåten skal taksast utgangspunkt i den nedervde lokale uttalen. Det vert vist til at Stadnamnkonsulenten har slege fast at den korrekte forma basert på korrekt lokal uttale er Borgatunnelen og at dette vert stadfesta i eit intervju med filolog og lokalhistorikar Geir Kleivaland i Bygdanytt 12.4.2011. Stadnamnlova 4 1. ledd lyder: Dersom ikkje anna er fastsett i denne lova, skal det ved fastsetjing av skrivemåten av stadnamn takast utgangspunkt i den nedervde lokale uttalen. Skrivemåten skal følgje gjeldande rettskrivingsprinsipp for norsk og samisk. For kvenske stadnamn skal skrivemåten følgje gjeldande rettskrivingsprinsipp i finsk. Finske stadnamn på Austlandet kan tilpassast norske rettskrivingsprinsipp. Vi visar til stadnamnlova 5 2. ledd der det går fram at det er fylkeskommunen som gjer vedtak om skrivemåten på fylkeskommunale anlegg, mellom anna tunnelar. Saka har vore på høyring hos Stadnamntenesta på Vestlandet. Stadnamnteneste på Vestlandet innstilte på at namnet på den nye tunnelen burde skrivast med a- i mellomleddet, altså Borgatunnelen. Svaret frå stadnamntenesta er derimot rådgjevande. Osterøy kommune har den 13. april 2011 hatt saka til behandling og det vart gjort framlegg om at namnet på den nye tunnelen skulle vera Borgotunnelen. I vedtak av 24. august 2011, fylkesutvalssak 149/11, vart det lagt vekt på at skrivemåten av namnet på den nye tunnelen vart Borgotunnelen, i samsvar med tilråding frå Osterøy kommunestyre. På dette grunnlag vil fylkesrådmannen rå til at vedtaket av 24. august vert opprettheldt. Fylkesrådmannen rår til at vedtak i fylkesutvalssak 149/11 der namnet vart Borgotunnelen, ikkje vert gjort om og at Osterøy Mållag si klage over fylkesvedtak av sak 149/11 skrivemåten av namn på tunnel, Borgotunnelen, ikkje vert teken til følgje. Dersom vedtaket vert opprettheldt, kan saka deretter sendast til Klagenemnda for stednavnsaker. Klagenemnda for stednavnsaker er oppnemnt av Kulturdepartementet og kan behandle klage på skrivemåten av norske stadnamn. Medlemmene av nemnda vert oppnemnt for fire år om gangen og består av 3 medlemmer, samt ein språkkyndig representant for kvart av målformene (bokmål og nynorsk). 8
9