MØTEPROTOKOLL Utval for plan og utvikling Møtestad: Rådhuset Møtedato: 06.12.2011 Kl: 12.30 16.30 Medlemmer: Sigrunn Dale, leiar Renate Rendedal Hanna Menes Siv Midtbø Lidal Siren Ese Forfall: Hanna Menes (gjekk kl 15.00) Varamedlemmer: Frå adm. (evt. andre): Arne Abrahamsen, plan og utviklingsjef Jørgen Hundseth, skogbrukssjef Dato for innkalling: 29.11.2011 Merknader: Sak 33/11 var handsama først. Saker som vart handsama 32/11 34/11 Vi stadfester at det som er ført i møteboka er i samsvar med det som vart vedteke på møtet. Balestrand, ----------------------------------------------- ------------------------------------------------ Side 1 av 7
SAKLISTE Saksnr. Arkivsaksnr. Tittel 32/11 11/679 BUDSJETT 2012, ØKONOMIPLAN 2012-2015 33/11 11/533 KOMMUNEDELPLAN FOR IDRETT, FRILUFTSLIV OG FYSISK AKTIVITET - RULLERING 34/11 11/989 VEDLIKEHALD AV KOMMUNALT BYGG - GAMLE ESSOEN Side 2 av 7
Orienteringar og drøftingar: Kulturprisen Utvalet ynskte at kulturprisen i Balestrand skal heite Balestrandprisen. Dette for å få eit namn på prisen som rommar dei føremåla prisen skal dekke. Side 3 av 7
32/11 BUDSJETT 2012, ØKONOMIPLAN 2012-2015 Handsaming: Utvalet kom samla fram til følgjande vedtak: Vedtak: Utvalet meiner generelt at snivået i kommunen er for høgt. Ein må jobbe systematisk for å redusere desse kostnadene, både for å få rom til å omprioritere og løyse nye oppgåver. Utvalet vil be om at kr 95.000 vert innarbeidd på 340.38011 i årsbudsjettet for 2012 som kommunal del for å kunne gjennomføre handlingsprogrammet i kommunedelplan for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet. Utvalet kan ikkje sjå at dette bør finansierast ved omdisponering innanfor ansvarsområda 300-390. Utvalet vil vidare be om at esteringsprogrammet vert endra i samsvar tilrådd handlingsprogram i kommunedelplan for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet, 06.12.2011. Avkjørsle Fjordtun bør prioriterast med ei auke på 200.000 2012, medan bygdebok på kr 200.000 kan gå ut. Samrøystes (4 av 4) 33/11 KOMMUNEDELPLAN FOR IDRETT, FRILUFTSLIV OG FYSISK AKTIVITET - RULLERING Balestrand kommune vedtek med heimel i Plan og bygningslova 11-15 delplan for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet, 11.10.2011 med følgjande endringar; Kap 1.2 Omgrep som er nytta i delplanen (s.4) Erstattar omgrepet «forenkla nærmiljøanlegg» med «mindre kostnadskrevjande nærmiljøanlegg». Kap 6 Registrering av anlegg (s. 11-13) Vert teke inn at Esebotn skytebane er hovudanlegg for skyting i Balestrand kommune. Kap 7 Analyse av behov for aktivitet og (s. 14-18) Følgjande punkt vert endra/ innarbeidd: Side 4 av 7
Naturmøteplass Vetlefjorden Det vert tilrettelagt ein naturmøteplass med gamme, bålplass og benkar i området ved skiløypa/motorkrossbana på Trolløyane. Denne plassen skal vere samlingspunkt for aktivitetane i området, også framtidige aktivitetar med jettegryteløype/naturløype, gapahukar og akebakke. 40 30 30 100 Fjordljos 4H Leike og aktivitetsområde Lunde Tjugum og Esefjorden grendalag har planlagt opprusting av leikeplassområde og balløkka i Lunde bustadfelt. Planen for balløkka er å legge brukt kunstgras som vart skifta ut av bana i Høyanger som nytt dekke, samt gjere naudsynt grunnarbeid med drenering og avretting. 15000 61000 46000 122000 Tjugum og Esefjorden grendalag Trampolinepark Elevrådet på Sagatun skule har teke initiativ til å anlegge ein trampolinepark med 2-3 ulike trampolinar. Desse vert gravd ned og sikra slik at aktiviteten vert så trygg som råd. Eit slik anlegg vil vere eit nærmiljøanlegg for uorganisert aktivitet og skal gje eit tilbod utover ordinært idrettstilbod. Lokalisering er ikkje eksakt fastlagt, Hittunsfjøra, Balasletta eller Kreklingen er aktuelle lokalitetar. 50000 65000 15000 130000 Balestrand kommune Handlingsprogrammet i planen er sett opp med siktemål å nå planen sine målsetjingar på best mogeleg måte. Det har ut i frå dette vore gjennomført ein prosess i administrasjonen i kommunen med medverknad frå lag og organisasjonar for å få fram og prioritere tiltak. Her har mellom anna folkehelsekoordinator vore delaktig bidragsytar. For Balestrand er det i dette arbeidet avgjerande å finne ein balanse mellom tiltak og anlegg som vi optimalt kunne tenke oss, og kva som er realistisk og mogeleg å få til innfor dei ressursar vi samla kan frigjere lokalt. Det er då, slik planen legg som ein hovudstrategi, avgjerande å samspele med dei initiativ som er i lag og organisasjonar i bygda. Dette er avgjerande både for å bygge anlegg, e anlegg og ikkje minst skape aktivitet i anlegga. Vidare har det vore ein politisk prosess ut i frå desse føresetnadene, samt dei økonomiske rammene ein frå kommunen si side har kunne nytta til gjennomføring av tiltak i planen, for å komme fram til eit endeleg handlingsprogram. Kap 8 Handlingsprogram Som Handlingsprogram til planen vert vedteke ny tabell 06.12.11 (vedlagt). Handsaming: Utvalet kom samla fram til følgjande tilråding: Vedtak: Balestrand kommune vedtek med heimel i Plan og bygningslova 11-15 delplan for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet, 11.10.2011 med følgjande endringar; Kap 1.2 Omgrep som er nytta i delplanen (s.4) Erstattar omgrepet «forenkla nærmiljøanlegg» med «mindre kostnadskrevjande nærmiljøanlegg». Side 5 av 7
Kap 6 Registrering av anlegg (s. 11-13) Vert teke inn at Esebotn skytebane er hovudanlegg for skyting i Balestrand kommune. Kap 7 Analyse av behov for aktivitet og (s. 14-18) Følgjande punkt vert endra/ innarbeidd: Naturmøteplass Vetlefjorden Det vert tilrettelagt ein naturmøteplass med gamme, bålplass og benkar i området ved skiløypa/motorkrossbana på Trolløyane. Denne plassen skal vere samlingspunkt for aktivitetane i området, også framtidige aktivitetar med jettegryteløype/naturløype, gapahukar og akebakke. 40 30 30 100 Fjordljos 4H Leike og aktivitetsområde Lunde Tjugum og Esefjorden grendalag har planlagt opprusting av leikeplassområde og balløkka i Lunde bustadfelt. Planen for balløkka er å legge brukt kunstgras som vart skifta ut av bana i Høyanger som nytt dekke, samt gjere naudsynt grunnarbeid med drenering og avretting. 15000 61000 46000 122000 Tjugum og Esefjorden grendalag Trampolinepark Elevrådet på Sagatun skule har teke initiativ til å anlegge ein trampolinepark med 2-3 ulike trampolinar. Desse vert gravd ned og sikra slik at aktiviteten vert så trygg som råd. Eit slik anlegg vil vere eit nærmiljøanlegg for uorganisert aktivitet og skal gje eit tilbod utover ordinært idrettstilbod. Lokalisering er ikkje eksakt fastlagt, Hittunsfjøra, Balasletta eller Kreklingen er aktuelle lokalitetar. 50000 65000 15000 130000 Balestrand kommune Handlingsprogrammet i planen er sett opp med siktemål å nå planen sine målsetjingar på best mogeleg måte. Det har ut i frå dette vore gjennomført ein prosess i administrasjonen i kommunen med medverknad frå lag og organisasjonar for å få fram og prioritere tiltak. Her har mellom anna folkehelsekoordinator vore delaktig bidragsytar. For Balestrand er det i dette arbeidet avgjerande å finne ein balanse mellom tiltak og anlegg som vi optimalt kunne tenke oss, og kva som er realistisk og mogeleg å få til innfor dei ressursar vi samla kan frigjere lokalt. Det er då, slik planen legg som ein hovudstrategi, avgjerande å samspele med dei initiativ som er i lag og organisasjonar i bygda. Dette er avgjerande både for å bygge anlegg, e anlegg og ikkje minst skape aktivitet i anlegga. Vidare har det vore ein politisk prosess ut i frå desse føresetnadene, samt dei økonomiske rammene ein frå kommunen si side har kunne nytta til gjennomføring av tiltak i planen, for å komme fram til eit endeleg handlingsprogram. Kap 8 Handlingsprogram Som Handlingsprogram til planen vert vedteke ny tabell 06.12.11 (vedlagt). Tiltaka i handlingsprogrammet er sett opp i prioritert rekkefølgje. Samrøystes. Side 6 av 7
34/11 VEDLIKEHALD AV KOMMUNALT BYGG - GAMLE ESSOEN Balestrand kommune bidrar med inntil kr 25.000 til reparasjon av lekkase i Gamle Essoen. Det skal i løpet av 2012 gjennomførast ei tilstandsanalyse og lagast ein vedlikehaldsplan for bygget. Kostnadene vert dekt frå 350.19012. Handsaming: Utvalet røysta over rådmannen si tilråding. Balestrand kommune bidrar med inntil kr 25.000 til reparasjon av lekkase i Gamle Essoen. Det skal i løpet av 2012 gjennomførast ei tilstandsanalyse og lagast ein vedlikehaldsplan for bygget. Kostnadene vert dekt frå 350.19012. Samrøystes (4 av 4). Side 7 av 7