saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 28.04.2014 28158/2014 Lisbeth Nervik Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet 03.06.2014 Utnytting av fiskelever Bakgrunn Noreg har ei verdiskaping frå restråstoff frå fisk på NOK 2,3 mrd. I 2009 utnytta landindustrien 44 % av restråstoffet, medan berre 14 % vart utnytta i flåteleddet hovudsakleg i form av fiskemjølproduksjon om bord på fabrikktrålerar. Kvitfisksektoren er det segmentet som nyttiggjer seg restråstoffet dårlegast, og i 2012 vart kun 38 % utnytta. Lever utgjorde ca. 16 % av restråstoffet frå kvitfisksektoren, eller totalt ca. 40 000 tonn. Fiskelever er næringsrikt og ettertrakta som konsumprodukt i bl.a. Russland, dei baltiske landa, Frankrike, Tyskland og Israel. Lever vert omsett ferskt, hermetisert eller fryst, og prisen varierer frå 6-30 kr/kg i innanlandsmarknaden. Prisen i utanlandsmarkanden er gjerne lågare enn dette. Ein antek at prisen for fersk lever er høgare enn for fryst eller hermetisert. I Noreg tek ein i hovudsak vare på lever frå torsk. Møreforsking Marin har gjennomført fleire prosjekt med anvending av lever frå oppdrettstorsk, både til konsum og hermetisering. Det pågår også eit prosjekt om «Bedre utnyttelse av breiflabb» no, der bl.a. moglegheita for utnytting av breiflabblever vert undersøkt. Til no har dette prosjektet avdekka stor interesse for kjøp av breiflabblever i Japan, der breiflabblever vert rekna om ein delikatesse og er kjent under namnet Ankimo. Prosjektet er finansiert av FHF. I dette prosjektet ynskjer ein å skaffe kunnskap om utnytting av lever frå breiflabb, torsk, hyse og sei til konsumprodukt. Dette skal gjerast gjennom å kartlegge problemområder når det gjeld kvalitet, omsetting og marknad (Japan) for fersk fiskelever frå ulike artar. Auka lønsemd ved optimalisering av verdien av fiskelever er eit hovudfokus, i tillegg til å gje partane i verdikjeda fleire bein å stå på. Målgruppa i prosjektet «Utnyttelse av fiskelever» er fiskerinæringa; fiskerar, produsentar, emballasjeprodusentar og salsledd, og tanken er at utnytting av lever som konsumprodukt vil styrke lønsemda i fiskeriet og gje partnerane langs heile verdikjeda fleire bein å stå på. Mål Skaffe kunnskap for å auke utnytting av lever frå breiflabb, torsk, hyse og sei til konsum
Delmål Utarbeide produksjonsstandar for fangsthandsamling, sortering og pakking av lever basert på kvalitetskriterier frå den japanske marknaden Avklare kvalitet og haldbarheit ved kjøling av lever, og ev. fryst Marknadskartlegging og uttesting av lever i den japanske marknaden Utarbeide lønsemdskalkyler for utnytting av lever Aktivitet 1. Utarbeide standard for fangsthandsaming, sortering og pakking 2. Haldbarheit, kvalitet og analyser 3. Marknadskartlegging og uttesting av lever i den japanske marknaden 4. Lønsemdskalkyler og framtidig omsetting 5. Leveranse og formidling Organisering Møreforsking Marin v/kari Lisbeth Fjørtoft (prosjektleiar) mfl. Ocean Supreme v/odd Frode Roaldsnes (eksportør) Sandefisk/FineFish v/ Jan Erik Myrseth (produsent) O. Skarsbø v/odd Skarsbø (fiskemottak, produsent) Vartdal Plastindustri v/jan Endre Vartdal (emballasjeprodusent) Fartøy - MS Sjøgutt - MS Flora - MS Strandar Det skal opprettast ei styringsgruppe i prosjektet. Møreforsking v/kari Lisbeth Fjørtoft administrerer og føl opp arbeidet i styringsgruppa. Det vert lagt opp til 2-3 møter i prosjektperioden. Budsjett 2014 2015 2016 Sum Administrasjon/planlegging 121 500 100 000 221 500 Utarbeiding av fangst- og produksjonsstandard 50 000 39 000 89 000 Produksjon av 50 000 200 000 37 000 287 000 produktprøver Utarbeiding produktark 15 000 50 000 11 000 76 000 Utarbeiding av intervjuguide 30 000 21 500 51 500 Gjennomføre uttesting/intervju Japan 100 000 210 000 310 000 Kjemiske analyser og haldbarheit 200 000 126 000 326 000 Lønsemdskalkyler 30 000 17 000 47 000 Rapportering 70 000 102 000 172 000 Materiell analyser 15 000 15 000 Råstoff 5 000 15 000 20 000 Emballasje 5 000 15 000 20 000 Eksterne analyser 25 000 25 000 50 000 Frakt 10 000 10 000 20 000 Reiser 50 000 215 000 50 000 315 000 Diverse 10 000 10 000 10 000 30 000 SUM kostnader 676 500 1 136 500 237 000 2 050 000
Finansieringsplan 2014 2015 2016 SUM Møre og Romsdal 350 000 550 000 100 000 1 000 000 fylkeskommune Eigeninnsats bedrifter 266 500 386 500 87 000 740 000 Eigenkapital bedrifter 60 000 200 000 50 000 310 000 SUM finansiering 676 500 1 136 500 237 000 2 050 000 Vurdering Marint restråstoff er ein viktig verdiskapande ressurs i norsk fiskeri- og havbruksnæring. Med marint restråstoff meinast innvolar (lever, rogn, mjølke, mage, tarmar, ryggbein, etc.), hovud, avskjer, skall, utkastfisk, m.m. Mange bedrifter i næringen har auka fokus på utnytting av restråstoff, og den marine ingrediensindustri er spesielt interessert i å ta i bruk norsk restråstoff i produksjonen sin. Auka utnytting av restråstoff til human konsum har også stort fokus. Omtrent 30 % av det totale råstoffkvantumet frå fiskeri- og havbruksnæringen er marint restråstoff. I 2012 var det 929 000 tonn marint restråstoff, ut frå eit råstoffkvantum på 3,2 mill. tonn fisk. Så nært som alt restråstoff frå havbruksnæringen og pelagisk industri vert utnytta, medan det frå kvitfisknæringa er betydelege kvantum som ikkje vert teke i bruk (sjå figur 1). At kvitfisknæringa kjem så dårlegast har bl.a. å gjere med låge kostnader på restråstoffet (lite lønsemd for båtar som sløyer ombord å ta vare på restråstoffet), i tillegg til at det vert eksport betydelege mengder uarbeidd fisk til utlandet som avgrensar den nasjonale tilgangen til restråstoff frå denne sektoren. Figur 1 Utnyttingsgrad av restråstoff fordelt på sektor (Kjelde: Olafsen, T mfl. (2013). Analyse av marint restråstoff, 2012). Av det totale volumet restråstoff utnytast i overkant av 10 % til human konsum og meir høgverdige ingrediensar, medan 90 % av restråstoffet i all hovudsak vert nytta til produksjon av fôr. Konsum og høgverdige ingrediensar utgjer likevel ca. 50 % av verdien frå restråstoff, og utnytting av marint restråstoff til høgverdige ingrediensar kan derfor bidra til auka lønsemd og vekst for den marine næringen i Norge.
Den fylkesvise fordelinga av tilgjengeleg restråstoff viser at Nordland, Møre og Romsdal og Troms er dei tre største "restråstoff"-fylka i Noreg. Dette gjeld både det totale restråstoffkvantumet, og kvantumet innan kvitfisknæringa (figur 2) Figur 2 Tilgjengeleg restråstoff frå kvitfisknæringa per fylke i 2012 i tusen tonn (Kjelde: Olafsen, T mfl. (2013). Analyse av marint restråstoff, 2012). Bearbeidingsindustrien i mellom anna Møre og Romsdal kjøper ein del råstoff frå andre delar av landet. Dette gjer at råstoffgrunnlaget avskjer/ryggar vert registert i fylket, medan råstoffgrunnlaget som slo, lever og hovud ligg i andre fylker. Prosjektet «Utnyttelse av fiskelever» ynskjer å skaffe kunnskap om kvalitet, omsetting og marknad for fersk fiskelever frå breiflabb, torsk, hyse og sei til human konsum. Det vert vurdert som positivt at aktørar frå heile verdikjeda er engasjert og inkludert i prosjektet, frå fartøy, produsentar, emballasjeprodusent og eksportør/salsledd. Søkjar har berekna verdiskapingspotensialet til meir enn NOK 7 mill. per år i førstehandsverdi i Møre og Romsdal, gjeve 2013 nivå på landingar og ein pris på 10-30 kr/kg (avhengig av fiskeslag). I tillegg vert det anslått at ei tilsvarande verdiauke i mottak/salsleddet, dvs. eit verdiskapingspotensiale i Møre og Romsdal på vel NOK 14 mill. per år. I tillegg vert det nemnd at det kan få verdiskaping i andre distrikt (salslag). Søkjar har også problematisert rundt måtar å pakke norsk lever, og viktigheita av eit einheitleg produkt frå Noreg i høve design og pakking i same type emballasje. Figur 2 viser at Møre og Romsdal er eitt av fire fylker som har tilgjengeleg restråstoff i form av fiskelever frå kvitfisknæringa. Utnytting av fiskelever vert derfor ikkje vurdert til å vere spesielt knyta til Møre og Romsdal fylke, sjølv om lokale bedrifter kan ha ei viss økonomisk effekt av ei betre utnytting av restråstoff, her fiskelever. Det er interessant at ein lokal emballasjeprodusent er inkludert i prosjektet, men som søkjar vert det vurdert at problemstillingar rundt pakking og emballering er av nasjonal interesse.
Fagsjef for marine ressursar i Fiskeri- og havbruksnæringas Forskningsfond (FHF), Eirik Sigstadstø, har vorte kontakta i høve det pågåande prosjekt «Bedre utnyttelse av breiflabb» som det vil vist til i søknaden. Den generelle anbefalinga til FHF er å avvente resultata frå det pågåande FHF-prosjektet, som også har fokus på breiflabblever, før eit nytt prosjekt av denne karakteren vert starta. Det vart også informert om at bl.a. eit foredlingsanlegg på Myre i Vesterålen (Sea-Pro AS) allereie eksporterer torskelever til Asia. Dette kunne vore ein god samarbeids- /samtalepartnar i prosjektet. Ein stor del av budsjettet i prosjektet er utgifter i samband med utarbeiding av fangst- og produksjonsstandardar, kjemiske analyser og haldbarheit, marknadsanalyse i Japan og uttesting av lever i den japanske marknaden. Alle desse aktivitetane vert vurdert til å ha ein nasjonal verdi, som Møre og Romsdal fylkeskommune ikkje aleine bør finansiere. Prosjektet er forankra i Handlingsplan verdiskaping 2014, under tiltaket støtte opp under produktutvikling. Forslag til vedtak: Møre og Romsdal fylkeskommune v/regional- og næringsavdelinga gjev Møreforsking Marin avslag på søknad om støtte på kr 1 000 000 til prosjektet «Utnyttelse av fiskelever» med bakgrunn i at prosjektet vert vurdert som eit nasjonalt prosjekt, med internasjonal marknadsanalyse. Ein legg også vekt på tilrådinga frå FHF om å avvente oppstart av eit nytt prosjekt før ein har avslutta pågåande prosjekt «Bedre utnyttelse av breiflabb». Ottar Brage Guttelvik fylkesrådmann Frank Madsøy ass. regional- og næringssjef