S 2015 EIGEDOMSSKATT TAKSERING SK 15/2479 Kravspesifikasjon Vedlegg 1 Sogndal kommune - Innkjøp 1
Innhald 1. Omtale av anskaffinga... 3 2. Kva som skal leverast... 3 3. Kompetanse... 4 5. Tilleggsarbeid... 5 2
1. Omtale av anskaffinga Sogndal kommune skal gjennomføra ny hovudtaksering på all fast eigedom i heile kommunen frå 2016, med unntak av bustader, der Skatteetaten leverer formuesgrunnlag, jf. Lov av 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane og 8 C-1 om alternativ verdsetjing av bustader. Kommunestyret har vedteke eigedomsskattevedtekter for Sakkunnig nemnd, Oppnemning av Sakkunnig nemnd og -klagenemnd vil skje etter valet i kommunestyremøte den 29.10.15. Nemnda har utarbeidd sjablongar som retningsliner for taksering av dei eigedomane kommunen takserer sjølv. Oppdraget gjeld taksering av: - Bustader (med unntak av bustadeigedom kommunen får informasjon om frå Skatteetaten, og eigedom som er friteken frå eigedomsskatt) - Våningshus (bustad på gardsbruk) - Fritidseigedom - Verk og bruk - Anna næringseigedom - Ikkje utbygde tomtar. Oppdraget omfattar òg utarbeiding av takstgrunnlag som grunnlag for handsaming i Sakkunnig nemnd. I kravspesifikasjonen er det lagt vekt på dei behov som skal dekkast og ikkje korleis den enkelte leverandør sine forslag til løysing skal utformast, bortsett frå dei krav som vert stilt gjennom lovgiving. Innan dei råmer som er gitt i konkurransegrunnlaget står leverandøren fritt til å velja dei løysingar som er formålstenlege. Tenesta skal vera i samsvar med anerkjende og aksepterte takseringsmetodar og vert å gjennomføra i samsvar med lov, rettsavgjerder og innarbeida praksis for taksering av eigedomsskatteformål. 2. Kva som skal leverast Oppdraget er å gi tilbod på synfaring og verditaksering av eigedommar i Sogndal kommune. Oppdraget omfattar tilbod på heile takseringstenesta for: Bustadeigedom (alle vi ikkje får informasjon om frå Skatteetaten), våningshus, fritidseigedom, ikkje utbygde tomtar, verk og bruk og anna næringseigedom Tal eigedommar/bygningar som skal takserast er anslagsvis 1340 stk. Estimert tall fordeler seg slik: Bustader ca. 660 stk. Fritidseigedom ca. 390 stk. Verk og bruk ca. 10 stk. Anna næringseigedom ca. 190 stk. Ikkje utbygde tomter ca. 90 stk. (60 fritid og 30 bustad) Estimert tal for bustader gjeld også våningshus, i tillegg gjeld det tal bustadeigedommar kommunen ikkje får informasjon om frå Skatteetaten. Desse er fordelte slik: Einebustad, tomannsbustad, rekkehus, andre småhus/ andre bustadbygg ca. 310 Våningshus ca. 350 Fritidsbustad, seterhus ca. 390 Sogndal kommune vil i samarbeid med leverandør utarbeida nøyaktig liste over eigedommar som skal takserast. Det kan bli behov for hjelp til å «vaska listene» for å sikra at alle eigedommar vert takserte, spesielt med tanke på eventuelle bustadeigedommar vi ikkje får informasjon om frå Skatteetaten. Ved tvil om kva kategori ein eigedom høyrer til, skal leverandøren bistå med avklaringar. Det same gjeld identifisering av eigedommar som er fritekne for eigedomsskatt. 3
Leverandør skal hent ut skjema for takseringsarbeidet frå kommunen sitt fagsystem (Komtek) og leggja inn takstar i same fagsystemet. Alternativt kan takstar leggjast rett inn i fagsystemet under takseringa. Kommunen vil stå for generell informasjon om eigedomsskatt ut til heimelshavar, medan Leverandøren skal varsla taksering ut til heimelshavar, og innhenta naudsynt informasjon i samband med takseringa. Opplysningar om bygningane sitt areal skal kontrollerast mot areal i matrikkelen. Er areal ikkje oppgitt eller er feil, skal det føretas utvendig oppmåling. Alle eigedommar skal fotograferast digitalt for arkivering i kommunen (min. 2 bilete). For bustad- og fritidseigedom skal det føretakast ei forenkla verditaksering basert på utvendig synfaring og bruk av sjablonger. Sjablonger vil også i stor grad bli nytta ved taksering av næringseigedom. Leverandøren skal utarbeida komplett takstgrunnlag som oppfyller krav i følgje forvaltningslova og eigedomsskattelova. Utarbeida takst skal danna grunnlag for Sakkunnig nemnd sitt vedtak om eigedomsskattetakst. Framlagt forslag vil såleis vera rettleiande for nemnda. Dersom Sakkunnig nemnd ber om ytterligare presisering/avklaring i samband med føreslegen takst, skal dette gjerast utan tillegg i pris. Det skal gå klart fram av dokumentasjon frå synfaring/verdivurdering korleis forslaget til takst er komme fram. Forslag til takst med omtale (beskriving) vil etter at nemnda har fatta vedtak bli sendt skattytar saman med vedtak, og skal slik danna grunnlag for eventuell klage. Det er difor av stor verdi at omtale er mest mogeleg forståeleg for skattytar. Leverandøren skal bistå Sakkunnig nemnd/klagenemnd med skriftleg (til)svar/vurdering samt eventuell synfaring ved innkommen klage frå skattytar for skatteåret 2016. Leverandør skal ut frå kjennskapen sitt til det respektive takstobjekt, den metodikk som er nytta ved taksering, gjeldande rettsgrunnlag, særskilt som forvaltningsmessig, ta stilling til dei tilføyingar skattytar måtte framsetja i ein eventuell klage. Leverandør si saksutreiing skal tilfredsstilla forvaltningslova sine generelle vilkår om forsvarleg og tilstrekkeleg saksutreiing, og gjeldande rettsgrunnlag innanfor eigedomsskatteområdet. Ei slik individuell skriftleg saksutreiing skal leverast Sakkunnig nemnd/klagenemnd som bakgrunnsmateriale til bruk ved handsaming av den enkelte klage som måtte komma. Noko møteverksemd med oppdragsgivar utover det som er nemnt ovanfor må påreknast. Leverandøren skal utarbeida forslag til takst på alle skatteobjekt innan 1. desember 2015. Sogndal kommune vil forsyne synfaringspersonar med identifikasjonsbevis som skal kunna visast når det er behov for det. Identifikasjonsbeviset skal leveras tilbake når avtaleperioden er ute. Dersom det er utelate oppgåver i kravspesifikasjonen som er naudsynte for å gjennomføra takseringsoppdraget, skal det gis tilbakemelding om dette og leverandøren vert beden om å gjera greie for korleis dette skal ivaretakas i tilbodet. 3. Kompetanse Personell som skal gjennomføra oppdraget skal ha god kompetanse innan taksering av eigedomsskatteformål, og må ha god oversikt over aktuelt lovverk, anerkjende standardar og rettspraksis på området. Takseringen skal utførast i tråd med anerkjende, ålment aksepterte prinsipp innan eigedomsskatteområdet. Dokumentasjonskrav: Utfylt vedlegg 4 «administrative vilkår» samt autorisasjonsbevis, eksamensbevis, CV og dokumentert arbeidserfaring med kvalifikasjon frå relevant arbeid utført av leverandør sitt fagpersonell. 4. Referansekunde Oppdragsgivar vert beden om å gje opp minst 3 referansekundar med kontaktperson, storleik og skildring av oppdraget og kunde 4
5. Tilleggsarbeid Det kan bli aktuelt å utføre tilleggsarbeid knytt den til årlege takseringa av nye eigedomar som vi ikkje får formuesgrunnlag frå Skatteetaten for. Det er ein eigen post for det i prisskjemaet. Slikt arbeid skal ikkje starta før det føreligg skriftleg bestilling frå oppdragsgivaren. 5