Tokke kommune Møteinnkalling Til medlemene i Formannskapet Det vert med dette kalla inn til / gjort kjent med møte i Formannskapet Møtestad: Kommunestyresalen, Tokke kommunehus Dato: 08.02.2017 Tid: 08:30 MRK. TIDSPUNKT Dersom De ikkje kan møte, ber ein om at De melder frå til sentralbordet snarast råd, tlf. 350 75 200. Varamedlemer møter berre etter nærare innkalling. Dalen, den 1. februar 2017 Jarand Felland Ordførar Siv Ella Bekk Konsulent
Saksliste Utvalssaksnr Innhald Referatsaker Lukka RS 17/1 RS 17/2 43/1 - Planprogram for reguleringsplanarbeid Rogdeli pukkverk Telemark Næringshage - avtale om etablerertenesta i Vest- Telemark for 2017. RS 17/3 Samarbeidsavtale for ungdomsoppfyljing, Tokke kommune - Konfliktrådet Kriminalomsorgen Politiske saker til behandling PS 17/1 PS 17/2 PS 17/3 Endring av institusjonsplassar Medfinansiering av kjellar, fjellkyrkja Hallbjønnsekken Salg av aksjar i Vegfinans Rv36 Telemark AS PS 17/4 Budsjett 2018 - Økonomiplan og handlingsprogram 2018-2021 - budsjettprosess 2017
Referatsaker RS17/143/1-PlanprogramforreguleringsplanarbeidRogdelipukkverk RS17/2TelemarkNæringshage-avtaleometablerertenestaiVest-Telemark for2017. RS17/3Samarbeidsavtaleforungdomsoppfyljing,Tokkekommune- Konfliktrådet-Kriminalomsorgen
Politiskesakertilbehandling
Politiskesakertilbehandling
Tokke kommune Arkiv: Saksnr.: 2017/115-1 Saksbeh.: Ann Wraa Direkte tlf.: 35075501 Dato: 18.01.2017 Saksframlegg Utval Utvalssak Møtedato Helse- og sosialutvalet 17/3 27.01.2017 Formannskapet 17/1 08.02.2017 Endring av institusjons plassar Saksutgreiing: I budsjettvedtaket 2017 var det vedtatt ei reduksjon av institusjon plassar skal reduseras frå dagens 35 til 28. Med grunngjeving i «Rapport omorganisering av helse og omsorgsetaten 2016» er det foreslått ei omgjøring av 3 institusjonsplassar til omsorgsbustader og det var formalisert i kommunestyret 13. desember 2016. Vedtaket lyder: Nytt punkt 12: 3 institusjonsplassar som ligg i dagens fløy J i blir omgjort til omsorgsbustader frå 2017. Med bakgrunn i vedtaket ynskjer etaten å få fastsatt husleigesats, slik at bustadene kan bli lagt in og tildelt etter sama kriteriar som for våre andre omsorgsbustader og tildelt via tiltaksteam. Husleiga for omsorgsbustadene er fordelt etter fyljande oppsett: Det vil vera hensiktsmessig å legge in straum, renovasjon og kabeltv i husleiga. Gjennom budsjettprosessen har det vart gjeve signal til administrasjonen om eit ynskje om ei heilskaleg vurdering av husleigesatsane for kommunale bustader. Det er ei større jobb som bør gjeras og administrasjonen vil legge fram sak i løpet av våren. Det er
svært viktig at etaten får tatt i bruk bustadene så fort som råd. Det henger saman med den totale omorganiseringa i etaten. Det er derfor eit ynskje om å sjå på desse leilighetar separat og få satt ei husleigepris så at dei kan takas i bruk så fort som råd. Rådmannen ber derfor fullmakt til å setje leigeprisar på dei nye omsorgsbustadene utifrå ei heilhetleg vurdering knytt til fasilitetar, tilstand og dei andre omsorgsbustadene i kommunen. Rådmannen si tilråding: 1. Omsorgsbustader i fløy J vil bli lagt in som omsorgsbustader og tildelt av tiltaksteam i kommunen. 2. Rådmannen får fullmakt til å setje leigeprisar på dei nye omsorgsbustadane utifrå ei heilhetleg vurdering knytt til fasilitetar, tilstand og dei andre omsorgsbustadane i kommunen Saksprotokoll i Helse- og sosialutvalet - 27.01.2017 Framlegg til nytt vedtak frå Olav Storåslid (AP): «Tillegg til punkt 2: HSU får eit referat når leigeprisene er fastsett.» Framlegget frå Olav Storåslid (AP) vart samrøystes tilrådd vedteke. Vedtak 1. Omsorgsbustader i fløy J vil bli lagt in som omsorgsbustader og tildelt av tiltaksteam i kommunen. 2. Rådmannen får fullmakt til å setje leigeprisar på dei nye omsorgsbustadane utifrå ei heilhetleg vurdering knytt til fasilitetar, tilstand og dei andre omsorgsbustadane i kommunen. HSU får eit referat når leigeprisene er fastsett.
Tokke kommune Arkiv: 223 Saksnr.: 2017/53-2 Sakshands.: Olav Bjørn Bakken Direkte tlf.: 35075219 Dato: 29.01.2017 Saksframlegg Utval Utvalssak Møtedato Formannskapet 17/2 08.02.2017 Kommunestyret Medfinansiering av kjellar, fjellkyrkja Hallbjønnsekken Vedlegg: 1 Tomtedelingsplan Hallbjønnsekken - Tokke kyrkjelege fellesråd Saksutgreiing: Kjellaren i fjellkyrkja på Hallbjønnsekken er klargjort for etablering av overnattingsplassar, men ikkje innreidd enno. Tanken er å kunne gjennomføre konfirmantleirar og tilsvarande samlingar for born og unge, samt ev også utlån/utleige av overnattingsplassar osb. For å finansiere innreiing av kjellaren har det kome opp eit forslag frå Feltspatcompagniet si side om å gje Tokke kyrkjelege fellesråd 3 tomter dei kan selje. Forslaget gjeng vidare ut på at FSC gjev tomtene gratis til dette føremålet på vilkår av at Tokke kommune gjer det same. Det vil då i praksis sei at kommunen gjev avkall på ei mogleg kapitalinntekt (råtomteprisen) kr 62 000,- pr tomt til saman kr 186 000,-. Tomtekjøpar må elles betale det same som andre, dvs mellom anna kr 50 000,- til infrastrukturfondet og tilknytingsavgift til VA-anlegget. Dei tomtene som det er tale om er tomt nr 1, 2 og 3 som ligg nærast Fjellkyrkja sjå vedlegg. Om kommunestyre seier ja til å gje bort tre tomter så vil FSC, Fjellkyrkjelaget og Fellesrådet gå vidare og planlegge dette meir i detalj. Her er framleis nokre usikre sider ved opplegget mellom anna kan det bli aktuelt å endre litt på tomtedelingsplanen for å redusere resterande utbyggingskostnadar og få fram meir attraktive tomter. Fellesrådet vil truleg også måtte sikre seg kjøparar på handa før ein gjer dei siste investeringane for å få tomtene byggeklare. Det ligg i rådmannen sitt forslag å gje avkall på råtomteprisen for 3 tomter, men at dette ikkje er heilt bunde opp til dei tomtene som gjeng fram av vedlegget. Ein ev annan tomtedelingsplan må godkjennast av kommunen på vanleg måte. Rådmannen foreslår også nokre vilkår slik at ein sikrar at midlane blir nytta til føremålet, og at kommunen kan krevje pengane tilbake om kjellaren ikkje vert realisert.
Rådmannen si tilråding: Tokke kommune godkjenner at Feltspatcompagniet kan ta inntil 3 valfrie tomter ut av utbyggingsavtala med Tokke kommune og gje desse til Tokke kyrkjelege fellesråd i tråd med saksopplysningane og på desse vilkår: 1. Råtomteprisen kr 62 000,- pr tomt skal gå uavkorta til finansiering av innreiing av kjellar i Fjellkyrkja. Kommunen kan be om dokumentasjon på dette. 2. Om kjellaren ikkje blir ferdigstilt innan 10 år kan Tokke kommune krevje at Tokke kyrkjelege fellesråd betalar inn kr 62 000,- pr selt tomt til kommunen som om tomtene var selt i tråd med utbyggingsavtala mellom kommunen og Feltspatcompagniet av 10.mai 2007. 3. Fellesrådet kan - om dei ser at dei ikkje får selt tomtene, velje å la ei eller fleire av tomtene gå inn att i utbyggingsavtala, og vert då fri for plikta til å betale kommunen råtomteprisen. 4. Tomtene må seljast med dei same vilkår som gjeng fram av utbyggingsavtala om tilkopling VA, medlemskap i velforeining, innbetaling til infrastrukturfond m.m.
Vedlegg til dok 17/53 2, tomter aktuelle for Tokke kyrkjelege fellesråd
Tokke kommune Arkiv: Saksnr.: 2017/137-2 Saksbeh.: John Kleiv Direkte tlf.: Dato: 30.01.2017 Saksframlegg Utval Utvalssak Møtedato Formannskapet 17/3 08.02.2017 Kommunestyret Sal av aksjar i Vegfinans Rv36 Telemark AS Vedlegg: 1 Vegfinans Rv36 Telemark AS 20170120 Saksutgreiing: Vegfinans Rv36 Telemark AS, heretter kalt VF, er verksemda som skal stå for finansiering og innkrevjing av bompengar knytt til Rv36. VF har 80 % eigardel i eige selskap, medan resterande 20% er fordela på 8 kommunar i Midt- og Vest-Telemark. Kommunane har 2,5% eigardel kvar, dette tilsvarar 10 aksjar med pålydande 1.000,- kroner kvar. VF ynskjer no å kaupe ut resten av aksjeposten frå kommunane slik at dei eig heile selskapet sjølv. Dette er i tråd med bompenge reforma som seier at alle slike selskap bør vera heileigde av det regionale bompengeselskapet. Gjennomføring er tenkt utført innan ein held generalforsamling i selskapet, det inneber politisk handsaming i februar/mars, vedtak om finansiering i Fylkeskommunen i mars/april og oppgjer og overføring av pengar i april. Rådmannen har ingen merknader til at aksjane vert løyst inn. Rådmannen si tilråding: Vegfinas Rv36 Telemark AS får høve til å løyse inn Tokke kommune sine 10 aksjar i selskapet, til ein samla verdi på 10.000,- kroner.
Tokke kommune Arkiv: 151 Saksnr.: 2017/112-1 Saksbeh.: John Kleiv Direkte tlf.: 35075211 Dato: 24.01.2017 Saksframlegg Utval Utvalssak Møtedato Formannskapet 17/4 08.02.2017 Kommunestyret Budsjett 2018 - Økonomiplan og handlingsprogram 2018-2021 - budsjettprosess 2017 Saksdokument: Budsjett 2017 Økonomiplan(ØP) og handlingsprogram(hp) 2017-2020. Saksutgreiing: Vedteke budsjett for 2017, samt økonomiplan og handlingsprogram for 2017-2020, er grunnlaget og bakgrunnen for oppstartinga av budsjettarbeidet for 2018 og ny økonomiplan med handlingsprogram. Rådmannen ser det slik at kommunestyret framleis ynskjer å koma tidleg i gang med budsjettarbeidet, og i den samanheng blir det nå gjort framlegg til budsjettprosess i 2017, nokså lik den me nytta i 2016, sjå figur 1 nedanfor. Det er der m.a. teke sikte på eit større budsjettdrøftingsmøte i mai, budsjetthandsaming i råd og utval i november, førebels innstilling i formannskapet 25.oktober, endeleg innstilling 15.november og vedtak i kommunestyret 12.desember. Det er framleis mykje usikkert kring budsjettarbeidet framover, og spesielt når det gjeld kraftinntektene eigedomsskatten frå kraftanlegg og konsesjonskraftsalet. Kommunestyret har vedteke å arbeide mot eit driftsresultat på 3% på litt sikt og administrasjonen vil sjølvsagt arbeide vidare i høve til dette. Men i ØP for 2018 er det vedteke driftsresultat på bare 0,3%, etter endeleg budsjettvedtak i kommunestyret 13.12.16. Det vil krevje ytterlegare innsparingar, eller inntektsauke, på kr 2,8 mill. i 2018 for å nå eit netto driftsresultat på 1,5%. Budsjettvedtaket i desember inneber store innsparingar på fleire planområde i 2017. Dette blir særs utfordrande, men arbeidet er i gang. Rekneskapen for 2016 syner gode tal førebels og det er von om at fondssituasjonen pr 31.12.16 då vil betre seg noko. Dersom kraftinntektene sviktar i 2017 vil det vera behov for å ha fondsmidlar i bakhand, budsjettet for konsesjonskraftsalet er nok sett opp noko optimistisk, jf drøftingane i
formannskapet og kommunestyret om eventuelt sal av konsesjonskraft til fastpris i 2017. Figur 1 BUDSJETTPROSESS 2017 - Budsjett, ØP 2018-2021 HANDLINGAR ANSVAR TID 1 Drøfting av budsjettprosessen 2017 i leiargruppa Rådmann 31.jan 2 Drøfting av budsjettprosessen 2017 - sak i formannskapet - oppstart budsjett 2018 Rådmann 08.feb 3 Drøfting av budsjettprosessen 2017 - sak i kommunestyret - vedtak budsjettprosess Rådmann 14.feb 4 Drøfting av budsjettprosessen 2017 og budsjettrammer 2018-2021 i hovudutvala - utfordringsnotat Etatane Jan-april 5 Budsjettdrøftingsmøte - k.styret, gruppeleiarar, etatssjefar, kyrkjeverje, tillitsvalde Rådmann 10.mai 6 Budsjettsak i f.skapet - førebelse budsjettrammer 2018-2021 Rådmann 24.mai 7 Budsjettsak i k.styret vedtak førebelse budsjettrammer budsjett 2018-2021 Rådmann 20.jun 8 Framskriving av budsjettal - nye lønsbudsjett Øk.sjef 11.sep 9 Budsjettdrøfting i leiargruppa - endelege prioriteringar Rådmann 11.sep 10 Kontaktmøte tillitsvalde, drøfting av endelege prioriteringar Rådmann 13.sep 11 Handsaming og fråsegner h.utval m.fl. H.utvalsleiar, etatssjef Veke 44-47 12 Statsbudsjettet Regjering ca. 06.10 13 Førebels innstilling i formannskapet Rådmann 25.okt 14 Endeleg innstilling i formannskapet Ordførar/rådmann 15.nov 15 Offentleg gjennomsyn Rådmann 15.nov 16 Endeleg vedtak i kommunestyret Ordførar/rådmann 12.des 17 Oversending til fylkesmann Øk.sjef 15.01.2018 Rådmannen si tilråding: Budsjettarbeidet for 2018 og ØP/HP 2018-2021 blir lagt opp i samsvar med figur 1 i saksframstillinga, budsjettprosess 2017. Kommunestyret skal i juni 2017 vedta førebelse budsjettrammer for 2018-2021 og dette skal vera grunnlaget for det vidare budsjettarbeidet i i hovudutval og andre råd og utval.