Prosjektplan Vi satsar på mjølk i Hordaland 2012-2017 Prosjekteigar: TINE SA August 2012
1. Mål og rammer 1.1 Bakgrunn I 2004 starta Me satsar på mjølk i Hordaland. Dette gjekk fram til 2006 og vart då vidareført og endra til Vi satser på mjølk og storfekjøt i Hordaland. Prosjektet var avslutta ved utgangen av 2008. «Storfeprosjektet i Hordaland» starta medio 2009 og vart avslutta medio 2012. Gjennom desse 9 åra har ein arbeidd med dei som har ønska å satse i mjølkeproduksjonen og storfehaldet med nye ev. utviding av eksisterande bygningar i samdrifter el. som einskildbruk. I siste prosjektperiode vart det også fokusert på oppfølging av dei som har gjort større investeringar i driftsbygning siste åra. Mjølkeproduksjonen Prosjektet har vore ein viktig pådrivar for å få fram gode søknader til Innovasjon Noreg. Gjennom møte med bønder, dokumentere økonomiske konsekvensar av ulike driftsløysingar og driftsplanlegging har ein funne fram til kva som er økonomisk forsvarleg. Oversikten syner saker Innovasjon Noreg har støtta på mjølkebruk i perioden 2009 2011 (2004 2008). Tabell 1. Geografisk fordeling av BU støtta investeringar i mjølkeproduksjonen i Hordaland 2009 2011 (2004-2008) Kommune Tal nybygg/tilbygg 2009 2011 (2004 2008) Austevoll 0 (1) Bergen 1 (0) Bømlo 1 (0) Eidfjord 1 (1) Etne 9 (7) Fitjar 3 (0) Fusa 2 (0) Granvin 1 (2) Jondal 1 (0) Kvam 7 (3) Kvinnherad 6 (2) Lindås 2 (1) Masfjorden 0 (1) Meland 4 (0) Odda 0 (1) Os 1 (2) Osterøy 2 (5) Radøy 4 (3) Sund 1 (0) 2
Sveio 0 (3) Tysnes 3 (1) Ullensvang 2 (0) Ulvik 0 (1) Vaksdal 2 (0) Voss 9 (13) TOTALT 55 (47) Som ein ser er det berre gjort omfattande investeringar i bygg til mjølkeproduksjon i 20 av dei 31 kommunane i fylket vårt med mjølkeproduksjon. Hordaland har som mål å halde på sin relative del av mjølkeproduksjonen i landet. I 2003 hadde vi 5,1 % og i 2008 og 2011 var den 5,0 %. Kvotesystemet hindrar at kvote vert flytta over fylkesgrensa, dersom kvotar som blir til sals, vert kjøpt opp innanfor fylkesgrensa. Nye investeringar i mjølkefjøs vil vere avgjerande også i framtida for å bevare vår relative del av mjølkeproduksjon i fylket. Hordaland er faretruande nær ein situasjon der ein ikkje får omsett seld kvote internt i fylket. Dersom dette skjer vert overskotskvote omsett i andre delar av landet. Tabell 2. Leveranse av mjølk i 2008 og 2011. Kjelde: TINE. Total leveranse av mjølk, mill.liter 2008 2011 Hordaland 77,3 73, 7 Landet 1479,1 1476,0 Hordal/Landet i % 5,0 5, 0 Samla mjølkekvote i Hordaland var 83,8 mill liter i 2008 dvs ei kvotefylling på 92 %. %. I 2011 var disponibel kvote 84,5 mill liter og kvotefyllinga heilt nede i 87 %. Dette er urovekkande og må settast fokus på. Det er eit relativt lågt omfang av kvoteleige i Hordaland sett i høve til nabofylka Sogn og Fjordane og Rogaland. 13 % utleigde kvotar i høve til tal mjølkebruk i Hordaland mot 17 % i Rogaland og Sogn og Fjordane. Vedlegg 1: Mjølkeleveranse kommunane i Hordaland 1.2 Hovudmål Tittel på prosjektet: Vi satsar på mjølk i Hordaland Hovudmål for prosjektet: Meir mjølk i Hordaland Ønska resultat av prosjektet: Auka lønnsemd i produksjon av mjølk Auka kvotefyllinga med 2% årleg i perioden 2013-2017 til 97 % kvotefylling i 2017. Robuste og framtidsretta driftseiningar med omsyn til produksjon, ressursgrunnlag, tekniske løysingar, investeringsnivå, arbeidskraft og arealbruk 3
Kulturlandskapet vert halde i hevd Sikre Hordaland sitt relative volum i produksjonen av mjølk Positiv profilering og synleggjering av næringa Sikre gode byggjeløysingar Sikre rekruttering 1.3 Rammer Prosjektet er eigd av TINE SA. Prosjektet skal gå over 5år og 5 mnd år frå 1. august 2012 og har ei total kostnadsramme på kr 4.956.000,- Prosjektleiar vil bli tilsett i TINE SA. 2. Organisering 2.1 Prosjektorganisering Prosjektet er tenkt organisert på følgjande måte: Prosjekteigar: TINE SA Prosjektansvarleg: Styringsgruppa v/ leiar Prosjektleiar: Ola Alne, TINE SA Styringsgruppa: o Fylkesmannen si landbruksavdeling ( FMLA) o Innovasjon Norge ( IN ) o Hordaland Bondelag o Hordaland Bonde- og Småbrukarlag o TINE SA o NORTURA o FK Agri o Norsk Landbruksrådgjeving Hordaland Andre samarbeidspartar Rekneskapskontor Kommunane Ungdom og rekrutteringsprosjektet ved Eli J. Fosso, FMLA Ad.hoc.arbeidsgruppe( r ) Prosjektleiar opprettar slike gruppe(r) ut frå dei oppgåver som skal løysast. Det er då viktig å ta med fagkompetanse samarbeidsparnarane representerer (sjå ovanfor). 3. Beslutningspunkt i prosjektet Vedtak om oppstart av prosjektet vert gjort av TINE SA etter at økonomisk ramme for prosjektet er sikra. Styringsgruppa v/leiar vil vere ansvarleg for den vidare oppfølginga av prosjektet og ved at gruppa møtes to gonger i året. 4
4. Gjennomføring 4.1 Hovudaktivitet i prosjektet Vi ser vi føre oss desse arbeidsoppgåvene i prosjektet jfr Strategiplan for mjølkeproduksjonen i Hordaland 2013-2017: Informasjon, rettleiing og motivasjon til dei som vurderer nybygg/påbygg/samdrift Følgje opp bønder som er i ein tenke- og vurderingsfase i høve til framtidig landbruksdrift innan produksjon av mjølk. Prosjektet skal gje hjelp til å vurdere og rekne på ulike alternativ. Det første møtet er prosjektfinansiert. Vidare oppfølging er vanlegvis betalingsteneste. Gjere økonomiske vurderingar av ulike alternativ på mjølkeproduksjonsbruk. Åleine, samdrift, produksjonsauke med mjølk, storfekjøt eller sau, nybygg, påbygg, ombygg, grovfôr, arbeidskraft osb Vise vidare til annan kompetanse og betalingstenester når det gjeld teikningar, driftsplanar, samdriftsavtaler, byggeleiing og rådgjeving i driftsfasen Oppfølging/kartlegging av dei med relativt nye fjøsar / samdrifter Oppfølging i driftsfasen etter bygging av nye fjøs for å sikre god drift og driftsleiing. Prosjektet finansierar første møte og syter for at TINE Rådgjeving tek over ansvaret for oppfølginga.utnytting av driftsapparatet og høg kvotefylling står sentralt i dette arbeidet. Auka sommarmjølkproduksjon utgjer eit inntektspotensiale for mange og skal vurderast / vere tema under oppfølgingsarbeidet. Danna erfaringsgrupper for bruk med større driftseiningar. Generelt informasjonsarbeid / profilering og synleggjering Bruke media på ein positiv måte ved fjøsopningar og anna. Invitere politikarar/tillitsvalde til aktuelle arrangement. Informasjonsmøte i deler av fylket der det er liten aktivitet Kurs for utbyggjarar som er i planleggingsfasen. Sikre gode byggeprosjekt Fremja gode byggjeløysingar ved å fungere som FOU for tilpassa og rimelege bygningsløysingar Sikre kompetente og tilgjengelege fagfolk, med spesielt vekt på byggjeleiing. Ungdom/rekruttering Gjennom samarbeid med Ungdom og rekrutteringsprosjektet v/ FMLA lage til ulike arrangement og/eller grupper for ungdom der dei kan treffast og få informasjon /kunnskap om framtidsretta mjølkeproduksjon. Kompetanseheving av prosjektleiar Halde seg fagleg oppdatert og vere ein del av eit nasjonalt nettverk 5
4.2 Tidsplan Dato Oppgåve Ansvarleg September-oktober 2012 Avklare prosjektinnhald og finansiering. TINE SA September 2012 Møte i styringsgruppa. Plan for hausten. Styringsgruppa August april Juni og desember kvart år Kontinuerleg Kontinuerleg 5. Risikoanalyse Ha møte om drift og driftsleiing med dei som er kome i driftsfasen. Overføre ansvaret til TINE SA. Møte i styringsgruppa. Årsrapport. Planar for første halvår. Drøfte løysingar for nye bønder som tek kontakt med planar innan mjølkeproduksjon. Følgje opp gamle som er i prosess. Informasjonsarbeid med lokale møte, artiklar og kontakt med enkeltpersonar. Utvikle heimeside med kunnskapsbase Prosjektleiar Styringsgruppa Prosjektleiar Prosjektleiar + styringsgruppa 5.1 Kritiske suksessfaktorar Det er fleire forhold som vil verke inn på aktiviteten i prosjektet og på kva satsing vi vil få på kumjølk i Hordaland: Samarbeid lokalt, både mellom bønder og mellom ulike organisasjonar Politiske rammevilkåra for landbruket på Vestlandet. Her tenkjer vi i første rekke på Jordbruksavtalen, skattereglar og finansieringsordningar Forbruk av mjølk og storfekjøt. Marknadsbalanse og import Lokale bankar sin vilje til å yte lån Rentenivå WTO-forhandlingane og nasjonale rammevilkår Pris på kvoteleige og kvotekjøp og høve for samdrifter til å leige kvote Kvote for BU-midlar og vilkår for tildeling Prisutvikling på bygg og teknisk utstyr Oppstartsfasen med produksjon i nytt bygg 6
5.2 Kvalitetssikring Prosjektet styrer i liten grad dei kritiske suksessfaktorane. Men det vert lagt stor vekt på dialog og samarbeid mellom ulike partar for å finne gode løysingar ut frå gjeldande rammevilkår. Dersom ein av dei kritiske suksessfaktorane slår tungt inn må Styringsgruppa ta måla for prosjektet opp til ny vurdering slik at ein kan endre kursen. 6. Viktige aktørar TINE SA har eit godt utbygd rådgjevingsnett både lokalt og nasjonalt. Det vil vere naturleg å dra inn denne kompetansen der prosjektet finn det tenleg. Prosjektet bør også nytte eksisterande møteplassar som t.d. TINE produsentlagsmøte. TINE tilbyr også teknisk planlegging av landbruksbygg. Meieria våre på Voss, Minde og Hardanger treng mjølk, og TINE vil saman med prosjektet arbeide for å nå dette målet. TINE SA er i gang med eit forprosjekt der formålet er bygging av nytt meieri i Bergensområdet. Målet er at det skal stå klart i 2014-2015. NORTURA har mykje kompetanse på kjøtproduksjon, og vi ser det som viktig at prosjektet gjer seg nytte av denne kompetansen. Med kvote på mjølk, er kjøtproduksjon ein viktig måte for auka produksjon på eige bruk på. Nortura tilbyr også teknisk planlegging av landbruksbygg. Felleskjøpet Agri leverer fôrvarer og teknisk utstyr til Vestlandet. Dei har kompetanse og nettverk som det vil vere naturleg å dra veksel på. Hordaland Bondelag har kring 3400 medlemer fordelt på 44 lokallag. Bondelaget arbeider for politiske rammevilkår som kan gje grunnlag for framtidsretta landbruksdrift på Vestlandet. Hordaland Bonde- og Småbrukarlag har kring 700 medlemer og arbeider med politiske rammevilkår for landbruket i Hordaland. Landbruksavdelinga hjå Fylkesmann forvaltar den statlege landbrukspolitikken i fylket. Landbruksavdelinga leier arbeidet med lokal BU-strategi og fordeler BU-midlane som ikkje er bedriftsretta. Innovasjons Norge forvaltar viktige finansieringsordningar ved utbygging i landbruket. Vi ser det som viktig med god dialog mellom Innovasjon Noreg og prosjektet slik at prosjektet formidlar vidare dei retningslinjene som Innovasjon Noreg forvaltar pengar etter. Rekneskapslaga sit med stor kunnskap om økonomien på kvart einsild gardsbruk. Dei vil vere ein viktig samarbeidspart for bønder som vurderer konkrete utbyggingsprosjekt. Kommunane i Hordaland er ansvarleg for godkjenning av produksjonstilskot til kvart einskild gardsbruk og har såleis god oversikt over gardsbruka i kommunen. Dei gjev også tilråding i saker som vert søkt finansiert gjennom Innovasjon Norge. Kommunane har stort fokus på næringsutvikling, og landbruk må vere ein del av dette. Norsk Landbruksrådgjeving Hordaland (tidlegare forsøksringen) arbeider m.a. med grovfôrproduksjon, kursverksemd og teknisk planlegging. Når ein vurderer val for framtida 7
må det leggjast stor vekt på samsvar mellom grovfôrmengd, grovfôrkvalitet og den husdyrproduksjonen som skal vere på bruket. 7. Økonomi Utgifter Pr. år Løn for prosjektleiar inkl. sosiale utgifter 750.000 Reise 50.000 Kontorhald 65.000 Møtekostnader diverse arrangement 50.000 Sum 915.000 Inntekter FMLA 350.000 TINE SA 350.000 Innovasjon Noreg 175.000 Felleskjøpet Agri 40.000 SUM 915.000 Med helsing Odd Fauske Regionsjef Vest TINE SA Vedlegg 1: Mjølkeleveranse kommunane i Hordaland 2008 og 2011 8