Førde kommune Byutvikling i Førde Analyse Visjon Plan Utarbeidd av styringsgruppa: Reidar Hatlebrekke, Øystein Wiger, Torolf Norheim, Nils Magne Slinde, Arve Seger Førde kommune Førde kommune Sogn og Fjordane Fylkeskommune Sogn og Fjordane Vegkontor Rådgjeving/ Sekretær Handsaming: Planutvalet: Sak 18 /02 Dato 02.04.2002 Førde kommune, Planavdelinga, Postboks 338, 6801 Førde e-post: postmottak@forde.kommune.no
-- Innleiing I samband med plan- og utgreiingsarbeidet om byutvikling i Førde, er det utarbeidd ei registrering/ analyse kring 14 aktuelle tema/ kapittel. Desse vart presenterte på folkemøtet i Førdehuset den 5. november og drøfta i planutvalet dagen etter. På bakgrunn av innspel i folkemøtet, i planutvalet og etter møte i prosjektgruppa har rådmannen v/ styringsgruppa utarbeidd dette dokumentet med sentrale utfordringar for byen Førde. Utfordringane er inndelt om lag på same måten som analysedokumentet og bør lesast i samanheng med dette. Dette utfordringsdokumentet er avgjerande då det vil danne grunnlag for det vidare arbeidet i prosjektet om byutvikling i Førde: UTFORDRINGAR: 1. Historiske element I Førde har vakse fram gjennom milepælar som kvar især speglar sin tid. Sentrale bygningar i bybiletet, opne plassar, vegetasjon og bruer over Jølstra osv. har kome til på ulike tider. Byen som har utvikla seg i nyare tid og stadig er i utvikling, har ulike utviklingstrekk og utfordringar område for område. Spreie kunnskap om den historiske utviklinga i Førde, i forhold til fysisk utforming og i forhold til viktige funksjonar som kommunikasjon, handel, tenesteyting og kultur. Avvege dei historiske elementa i sentrum i forhold til framtidige behov. 2. Historiske element II Sentrum har få gamle bygningar og bygningsmiljø med sin opphavlege karakter. Bykjernen skal i framtida ha spor etter fortida. Ha forståing for at bykjernen har fysiske kvalitetar som det er vert å ta vare på. Side 2 av 6
-- 3. Tidleg eigedomsstruktur Dei gamle landbrukseigedomane hadde lange smale teigar som har dominert kvartalsinndelinga på Prestebøen. Den nye bydelen kring Storehagen, møter den 45-graders orienterte bydelen ved Bydalsalleen. Byutvikling utan omsyn til eksisterande eigedomsgrenser. Strøkretningane bør takast omsyn til. 4. Planar i Førde Dei fleste reguleringsplanane i sentrum er 10 20 år gamle. Dei er ikkje tilpassa dagens krav. Bygging skjer i dag på basis av dispensasjonar eller reguleringsendringar. Heilskapstenkinga lir under arbeidet med enkeltsaker. Ha eit strategisk, fleksibelt og oppdatert plansystem Gjennomføre kommunedelplanar og normer for aktuelle tema og utvikle sentrum gjennom utbyggingsplanar og utbyggingsavtaler Setje rammer og vere premissleverandør for fysisk utforming av byen 5. Topografi, Landskap og klima: Klimaet og landskapet må takast omsyn til. Bygningsmiljøet kan innrettast til å gi ly for vinden og tak for nedbør. Sentrum ligg på kote 2 2,5. Ein 200-års flaum er rekna til å nå kote 2,3. Ta omsyn til sentrum som lavtliggjande område og sikre byen mot flaum gjennom nødvendige tiltak i og langs Jølstra Ta Jølstra i bruk som viktig element i bybiletet. Byutviklinga må forhalde seg til klima og landskap i og omkring sentrum. Side 3 av 6
-- 6. Offentleg areal: Festplassen og Hafstad Vidaregåande skule representerer dei største, og meir enn halvparten av dei offentlege areala i sentrum. Offentleg areal er mykje nytta til parkering. I sentrum Nord Vest er om lag alt areal i privat eige. Styring av utviklinga skjer gjennom regulering i offentleg regi og gjennomføring i privat regi. Resultatet er i stor grad avhengig av samspelet mellom offentlege vedtak og privat vilje til gjennomføring. Sikre tilstrekkeleg areal til felles møteplassar og uteopphald, også på privat eigedom. Sikre tilstrekkeleg areal for Førde som fylkessenter. 7. Bygningstettleik: Førde sentrum er prega av store bygningar med store opne flater mellom bygningane. Det er få bustader i sentrum. Forretning og kontor er dominerande i byen. Kommuneplanens arealdel har i lang tid peikt på behovet for fortetting i sentrum. Sentrale deler i sentrum har stort fortettingspotensiale. Utnytte fortettingspotensialet gjennom klarlegging av byggevolum og formål. Stille krav til storleik, formål, kvalitet og utforming av byromma 8. Bygningsstruktur: Bygningsstrukturen er varierande etter formål, alder og gatesystem. Bygningane er i liten grad plasserte i forhold til kvartalsinndeling. Med byomgrepet har kvartaltanken vorte sterkare enn tidlegare. Opne flater gir høve til fortetting av gatenettet. Side 4 av 6
-- Utvikle og vedta ein overordna bystruktur med inndeling i område og kvartal 9. Kommunikasjon og trafikk: I tillegg til flyplassen og fjorden gjer kryssinga av nord-syd sambandet Ev 39 og aust-vest sambandet Rv5 Førde til det sentrale trafikknutepunktet i fylket. Sentrum har få gater med høge trafikktal. For det meste glir trafikken lett, men det korkar seg i rushtidene. Mjuke trafikantar har i for liten grad eigne trafikkårer. Parkeringsdekninga er generelt god med det vesentlege av parkeringsplassar på friland. Vidare utbygging i sentrum krev nye gater differensiert i gatenett med bystandard. Utvikle kvartalstruktur basert på noverande gatenett. Sikre samanhengande og trygge trafikkårer og tilgjenge for alle. Redusere arealforbruket til parkering 10. Kvadrantane i Førde: Kvadrantane er bydelar i Førde. Sentrumsforreningane i samarbeid med kommunen er motorar i utviklinga i kvadrantane. Få til forpliktande organisering og samarbeid om fellesfinansierte tiltak. 11. Byrom: (Analysen kap. 11 Eksisterande byrom og kap. 14 Registrering av byrom) Førde har store utomhus byrom. Storparten er asfaltert og nytta til trafikkareal og parkering med låg kvalitet. Bilar er parkert på fotgjengarområde. Festplassen, Naustøyna og elvekantar langs Jølstra er ikkje asfalterte, ubebygde areal. Side 5 av 6
-- Bygningar saman med store tre og andre store element er veggane i byromma. Gatene/ graset/ elva er golvet. Plantar, benkar, skulpturar og leikesaker er møbleringa. Opplevinga i byromma er knytt til aktivitet. Graden av tilrettelegging for opphald, til møte mellom menneske, til rekreasjon og leik er liten. Byen har eit stort potensiale i oppgradering av sine byrom. Etablere differensierte typar av byrom Setje standard for utsjånad og utforming i forhold til bruk av byromma. Sikre mest mogeleg opne fasader på gateplan og meir klima-uavhengig bruk av byromma. 12. Opphald i byrom: (Analysen kap. 12 Fotgjengartrafikk og kap. 13 Opphald i byrom) Folk oppheld seg og det vert størst fotgjengar trafkk der det er størst aktivitet (t.d. ved handlesentra og mellom Grillen og Hjelle konditori). Desidert største gatekryssinga er i Naustdalsvegen. Størst er fotgjengartrafikken mellom kl 1200 og 1700. Benkar utan kjøpeplikt er lite attraktive for opphald. På kveldstid er det er det få fotgjengarar i Førde. Folketome gater dominerer bybildet. Byen dør etter arbeidstid. Gi trygge og naturlege val av gjennomgåande trafikkårer for mjuke trafikantar. Knyte sentrum saman med nye gangbruer over Jølstra Legge til rette for fleire bustader i sentrum Førde, den 18.02.2002 Asbjørn Schei Rådmann Reidar Hatlebrekke Plansjef Tlf 27 72 20 12 Side 6 av 6