INTERNASJONAL STRATEGI 2008 2009
SOGN OG FJORDANE FYLKESKOMMUNE AUGUST 2007 1. Innleiande kommentarar Det internasjonale engasjementet i Sogn og Fjordane er aukande. Dette skapar utfordringar for fylkeskommunen, både som forvaltningsorgan og som leiar av den regionale partnarskapen. Men framfor alt gir det oss nye og spennande moglegheiter. Det set likevel krav til at vi evnar å prioritere kva for internasjonale satsingar og arenaer vi skal delta på. Den strategien som blir lagt fram her, er eit forsøk på å svare på dette. Strategi i denne samanhengen har å gjere med bevisste vegval og fastlegging av retningsliner for det internasjonale arbeidet. Vidare inkluderer ein strategi korleis vi skal styre ressursane våre mot område som sikrar ei langsiktig utvikling. Det overordna prinsippet for denne strategien vil vere å bygge på dei satsingane og strategiane som føl av gjeldande fylkesplan. For å kunne vise kva for strategiar som vil vere gjeldane i 2008 og 2009, må vi likevel først avklare dei ulike rollene fylkeskommunen speler internasjonalt. Samstundes må vi peike på nokre av dei utfordringar vi står overfor. 2. Rolleavklaring Kva roller har fylkeskommunen i høve det internasjonale arbeidet? Ombodsrolla (politikarrolla og evne til å hevde interessene og å presentere regionalpolitiske oppgåver på politiske arenaer regionalt, nasjonalt og internasjonalt) Partnarskapsrolla (vere med å koordinere innsatsen i den regional partnarskapen) Ansvar for eigne tenester (vidaregåande opplæring vidaregåande skule, samferdsle, kultur, næring) Fylkestinget Fylkesplan Ombodsrolla (politisk rolle) Partnarskapsrolla Rolla som leiar av den regionale partnarskapen Ansvar for eigne tenester (vidaregåande opplæring, samferdsle, næring, kultur) Det er særs viktig at vi kan skilje mellom desse rollene. Dette fordi dei viser ulike måtar å tilnærme seg det internasjonale feltet på. Eit viktig strategisk grep blir å prioritere fylkeskommunen si ombodsrolle og rolla vår som leiar for den regionale partnarskapen framfor å auke det internasjonale engasjementet innanfor eigne tenester. Vi ønskjer med dette å få ei auka merksemd på den politiske deltakinga samstundes som vi vil auke og koordinere den regionale satsinga. Fylkeskommunen som tenesteytar bør heller konsentrere seg om nokre få satsingar
framfor å speie oss på mange tiltak. M.a. vil den tidlegare satsinga på Kina og Ningxia bli redusert. Dette mellom anna for å sikra kvaliteten på eiga internasjonal satsing. 3. Interne og eksterne utfordringar Internt i fylkeskommunen har vi gjennom deltaking i internasjonale prosjekt dei seinare åra bygd opp kompetanse på området. Vi har òg etablert særs spanande kontaktar og nettverk innanfor alle primærområda våre. Men vi treng likevel å vidareutvikle denne kompetansen endå meir om vi ønskjer å vere ein leiande aktør på den internasjonale arenaen. Vi treng mellom anna å auke kunnskapen vår om Eu og EØS generelt på kommunesektoren, bruk av eksterne finansieringskjelder, kompetanse om søknadsskriving, kunnskap om drift av større prosjekt, utvikle endå betre dugleik på språk og vi treng auka kulturforståing. Dessutan har vi òg trong for å auke forståinga både internt og eksternt for verdien av det internasjonale engasjementet, og vi treng finansielle ressursar for å kunne finansiere både eigne og partnarskapen sine satsingar. Deler av den regionale partnarskapen sit i dag med stor kompetanse innan internasjonalt arbeid, spesielt Vestlandsforsking, men òg Høgskulen i Sogn og Fjordane, Innovasjon Noreg, Fylkesmannen og etterkvart NAV. Først og fremst er det nok likevel næringslivet som har mest internasjonale erfaringar. Dei har kompetanse som vert etterspurd både nasjonalt og internasjonalt. Dette gir oss eit særleg godt utgangspunkt for å setje i verk internasjonale satsingar innanfor den regionale partnarskapen. I tillegg vil vi etablere eit endå tettare samarbeid med Hordaland sitt Europakontor og Vest Norges Brusselkontor. Både vi og deler av partnarskapen er involverte i Brusselkontoret. Utfordringa vår blir korleis utnytte dette kontoret langt betre enn vi gjer i dag. 4. Visjon og grunngjeving for internasjonal satsing Grunnlaget for den internasjonale satsinga i fylkeskommunen vil vere: Vi engasjerer oss internasjonalt på område vi allereie arbeider med anten desse er i tråd med fylkesplanen eller eigen verksemdplan. Deltaking i internasjonal satsingar gjev òg røynsle i internasjonal samhandling og solidaritetsarbeid Den overordna visjonen for internasjonalt arbeid er tufta på tidlegare vedtak i Fylkestinget, men med ei auka vektlegging på tettare samarbeid med relevante miljø og ressursar innanfor den regionale partnarskapen. Det internasjonale arbeidet skal fremje auka internasjonalt engasjement i Sogn og Fjordane særleg innan ungdomsarbeid og utveksling, opplæring, næringsutvikling, og kultursamarbeid. Arbeidet skal forankrast i gjeldane fylkesplan og den regionale partnarskapen. Ddet politiske engasjementet skal aukast
5. Tre strategiar Strategiane for fylkeskommunen si internasjonale satsing for 2008 og 2009 er tufta på at all internasjonal aktivitet skal vere forankra i planverket anten internt i eiga verksemd eller innanfor fylkesplanen og tilhøyrande handlingsplan STRATEGI 1 Auke deltakinga på viktige politiske arenaer (ombodsrolla) Det er naudsynt at det politiske nivået i større grad er med og utarbeider ein heilskapleg strategi for den internasjonale satsinga, forutan at dei òg vert involvert i det løpande arbeidet. Skal ein få dette til, må vi etablere ein tettare og meir rutineprega kontakt mellom det politiske nivået og administrasjonen. Det kan til dømes etablerast ei eiga kontaktgruppe for internasjonalt arbeid, anten ved at fylkesutvalet utgjer denne gruppa, at ein set saman av hovudutvalsleiarane saman med fylkesordføraren og fylkesvaraordføraren, eller etablerer ei grupe på annan måte. I tillegg - eventuelt som erstatning - vil det vere tenleg at einskilde politikarar får særleg ansvar for konkrete satsingar og tema. Etablere eit politisk kontaktutval i Sogn og Fjordane, og motivere for auka deltaking i internasjonale prosjekt og relasjonar STRATEGI 2 Auke samarbeidet med den regional partnarskapen (som leiar og koordinator for partnarskapen) Det er både ønskjeleg og naudsynt å få til ei betre koordinering av det internasjonale engasjementet i Sogn og Fjordane. Det betyr mellom anna at satsingar av regional karakter i større grad vert presentert, drøfta og koordinert i den regional partnarskapen. Dette gjer vi ved å utarbeide ein felles regional strategi og å etablere ein felles møteplass for internasjonalt arbeid i Sogn og Fjordane. Denne regional møteplassen skal òg fungere som ein kompetansebase for andre som ønskjer å engasjere internasjonalt. I Første omgang vil dette arbeidet bli gjort i nær tilknytting til IT-Forum Utarbeide ein regional strategi for internasjonal satsing i Sogn og Fjordane, etablere ein felles møteplass for partnarskapen og få auka aktivitet og kompetanse i høve internasjonalisering i Sogn og Fjordane
STRATEGI 3 Utarbeide eit gjennomgåande handlingsprogram for fylkeskommunen sitt internasjonale engasjement I samband med dei årlege budsjetthandsamingane må det utarbeidast ein samla aktivitets-/ handlingsplan internt i fylkeskommunen. Handlingsplanen dannar grunnlaget for våre drøftingar med partnarskapen, jamfør strategi 2, og tek utgangspunkt i dei satsingane som er skissert og vedteke i Fylkesplanen. Dei territorielle satsingane våre i høve Skottland og fjellregionsamarbeidet er gjennomgåande og skal slik sett avspeglast i alle programma. Ein har i tillegg eit samarbeid Ningxia, men dette er no avgrensa. Det mest tydlege Fylkesrådet for funksjonshemma, som har etablert eit samarbeid med ein søsterorganisasjon i Ningxia / Kina. Vi har òg vore involvert i eit trekantsamarbeid med verdsarvstadar i Kina og Egypt. Dette vil vi invitere verdsarvrådet til å ta ansvar for i framtida. Ein tar såleis sikte på å redusere / fase ut deler av dei engasjementa ein har hatt i Kina. Teamtiske satsingar t.d. utarbeide ein handlingsplan til årlege budsjett tufta på tematiske satsingar (kultur, næring, ungdom, opplæring) og territorielle satsingar (Skottland, fjellregionsamarbeidet). STRATEGI 4 Etablere ei tydlegare satsing innan internasjonal utviklingssamarbeid (Nord-Sør samar beid) Fylkeskommunen sin Nord-Sør strategi er relativ ny og vart første gang handsama i samband med ein internasjonal rapport til Fylkestinget i oktober 2005. Her vart det meir skissert ein intensjon om at ein bør ha ein slik strategi, i mindre grad gjort framlegg om noko spesifikk innhald. Innrettinga på slike satsingar må gjerast i samsvar med nasjonale føringar. Inkludert her er arbeid mot rasisme og framandfrykt. M.a. er det òg viktig at ein kan inkludere fleirkulturelle miljø og arenaer som vi allereie har som t.d. United World College, flyktningmottak, for å nemne dei viktigaste. Det er viktig å presisere at Nord-Sør satsingar i framtida vert gjort i tråd med nasjonale retningsliner og satsingar. Det betyr m.a. at Nord-Sør satsingar ikkje må forståast som noko form for utviklingshjelp. Auke mengde utvekslingar, auke mengde tiltak som fremjar kompetanse- og nettverksbygging,og etablere ein heilskapleg og realistisk Nord-Sør strategi (samarbeid med utviklingsplan) som tek utgangspunkt i nasjonale innrettingar