Førde kommune Styre, råd og utval Møtedato Saksnr Levekårskomite 11.03.2010 008/10 Bystyret 25.03.2010 Sakshandsamar: Per Arne Furseth Arkiv: FA-A22, FA- Arkivsaknr.: 10/331 Innføring av leksehjelp i grunnskulen i Førde 1. Høyringsnotat frå Utdanningsdepartementet (UD) 2. Notat Leksehjelp av 18.02.10 Bakgrunn for saka: Kommunane er pålagde å tilby leksehjelp til alle elevar på småskulesteget (1. 4. klasse) i grunnskulen frå 01.08.10. Tilbodet er frivillig og gratis for brukarane, og går over 38 veker samstundes med skulen. I statsbudsjettet for 2010 er det lagt inn midlar til tiltaket. Tiltaket er ein del av regjeringa sitt arbeid med å utvikle grunnskulen i retning av heildagsskulen, eit heilheitleg tilbod til alle barn samansett av undervisning, leksehjelp og skulefritidsordning. Saksutgreiing: Omtale av leksehjelpsordninga: Med leksehjelp meiner UD hjelp til tradisjonelle lekser og hjelp til generelt skulearbeid. Alle elevar (v/ føresette) skal ha tilbod om til saman 8 veketimar i løpet av dei fire første åra i skulen, dvs i snitt 120 min pr klassesteg. Den enkelte skule står fritt til sjølv å organisere tilbodet i samråd med brukarane, representert ved skulen sitt ForeldreArbeidsUtval (FAU). Tiltaket skal organiserast i nær tilknyting til det øvrige skulearbeidet, og sjåast i samanheng med skulen sitt arbeid med å auke elevane sitt læringsutbytte, inkludering, innarbeide gode arbeidsvanar tidleg i skuleløpet og å vere ute med tidleg innsats i høve elevar som treng det. Ei ordning med leksehjelp i regi av skulane tek ikkje vekk at foreldra er generelt ansvarlege for barna sin skulegang, også for leksearbeidet. Ordninga er ei støtte til foreldra og skulen sitt arbeid omkring barnet sine lekser. Elevane rekk neppe å gjere alt heimearbeidet i løpet av leksehjelptida, slik at foreldra må rekne med at barna framleis skal gjere noko skulearbeid heime, og følge opp dette arbeidet som før. 1
Rektor er leiar for leksehjelptiltaket ved skulen, og pedagogisk personale skal bistå med tilrettelegginga av leksene, jfr høyringsnotatet frå UD. Tiltaket skal organiserast innanfor skulen sin SFO for dei skular som har det, og vedtektene for SFO i Førde kommune er tilrådd endra i tråd med dette, jfr eiga sak. Skular utan SFO må finne andre lokale organisasjonsmodellar, til dømes som eit eige tiltak eller integrert i skulen si barnehageavdeling. Personalet skal vere Barne & Ungdomsarbeidar (BU-arbeidar) eller assistent, og ha politiattest. UD har ikkje definert talet på barn i leksehjelpgruppene, men ein ser det som naturleg i Førde å vidareføre normen frå SFO, der det skal vere 1 assistent på ca 15 barn. For elevar med rett til fri skuleskyss til og frå skulen er det ikkje rett til fri skuleskyss etter leksehjelptida. Imidlertid, dersom alle føresette til elevar med skyss vel tilbodet for sine barn kan ein justere tidene for den ordinære skuleskyssen tilsvarande. Leksehjelp er eit frivillig hjelpetiltak, ikkje skule. Opplæringslova 1-3 om at opplæringa skal tilpassast føresetnadene hjå den enkelte eleven gjeld difor ikkje. 5 om spesialundervisning gjeld heller ikkje, men ein må rekne med noko tilpassing med ekstra personale til dei mest hjelpetrengande/funksjonshemma barna, og skulane må settast i stand til å handtere dette. Ressursbehovet må gå fram av barnet sin individuelle opplæringsplan (IOP). Økonomi: I rammetilskottet til kommunane er det lagt inn 173,3 mill til tiltaket for hausten 2010. Førde sin del av dette vil vere om lag 3 promille, dvs ca 345 000 i 2010. Heilårskostnaden i landet er rekna til 424 mill i nye utgifter for kommunane, utan at vi veit fullt ut kva som ligg inne i dette talet. Ikkje alle nye kostnader for kommunen blir dekka opp av auken i rammetilskotet. Tabellen nedanfor viser elevtal i småskulen pr 01.08.10, kor mange av dei som har SFO pr 01.01.10, og kor mange som kjem i tillegg på det nye tiltaket Leksehjelp. elevar i småskulen Tal elevar med SFO Elevar i tillegg til SFObarn Angedalen Slåtten Frøys -land Holsen Sunde Flatene Karstad Førde b-skule Førde 18 222 7 14 86 228 9 134 718 15 178 0 9 72 174 2 72 552 3 44 7 5 14 54 7 62 166 Dette er eit overslag, og føresetnaden er at bruken av SFO ved skulane held seg på om lag same nivå som i inneverande skuleår, samt at alle eller omtrent alle føresette takkar ja til 2
tilbodet om leksehjelp for sine barn. Leksehjelptilbodet skal samordnast med SFO-ane, og det auka barnetalet fører til behov for fleire grupper a 15 barn enn dei ein alt har i skulen sin SFO pr. i dag. Dei fleste av desse elevane vil alt vere inne i SFO-tilbodet på skulen der dei går, slik at det gratis leksehjelptilbodet vil føre til at delar av foreldrebetalinga til SFO fell bort. Elevar i tillegg til SFO-barn Nye grupper Minimum nye grupper for å gi tilbodet Overslag nye grupper a 15 barn: Angedalen Slåtten Frøysland Holsen Sunde Flatene Karstad Førde b-skule Førde 3 44 7 5 14 54 7 62 166 0,2 2,9 0,5 0,3 0,9 3,6 0,5 4,1 0,2 2,9 1 1 0,9 3,6 1 4,1 14,8 Alle elevar skal ha tilbodet, slik at skulen må ha ei gruppe uansett om elevtalet er under 15. Der ein har ein SFO å organisere tiltaket innanfor kan ein auke med delar av grupper, men leksehjelpa kan ikkje vere ein del av barnehageavdelingane på Holsen og Karstad. Ein ser av tabellen at innføringa fører til omlag 14,8 nye grupper i tillegg til dei vi har på SFO i dag. For å drive desse i 2 t/v må kommunen legge inn om lag nye 29,6 t/v med assistent. Brutto lønskostnad 1 t/v assistent i 38 veker er kr 10 000. Pedagogisk personale skal hjelpe til med å legge til rette det skulearbeidet (leksa) som barnet skal arbeide med i leksehjelp. Ifrå UD si side er dette sett til 25% av auken i rammetilskotet til kommunen. Dette utgjer i 2010 ca kr 86 250. Leksehjelptilbodet er tenkt lagt inn i SFO tida med snitt 2 t/v pr elev. Dette fører med seg at vi erstattar eit betalt tilbod med eit gratistilbod, slik at vi må rekne med eit bortfall av foreldrebetaling på SFO. Satsane for foreldrebetaling for SFO-tilbodet i Førde er gradert etter talet på timar pr veke barnet skal ha, og vi har seks ulike tilbod. Ein del foreldre vil på grunn av leksehjelptimane kunne gå ned til eit mindre SFO-tilbod, og betale mindre enn før. Kor mykje dette vil utgjere er vanskeleg å berekne presist, men eit overslag kan vere 10%. Samla innbetaling frå foreldra for SFO i Førde i 2009 var kr 7 359 162, slik at bortfallet då vil bli om lag kr 734 000 på eit heilt år. Overslag på nye kostnader for kommunen ved innføring av leksehjelp: År 2010 År 2011 osb Kostnad drift av 14,8 nye grupper i 2 t/v i 38 veker brutto 129 500 310 800 Kostnad til bistand pedagogisk personale brutto 86 250 207 000 Bortfall inntekt foreldrebetaling i SFO 305 800 734 000 Auka utgift/redusert inntekt for kommunen 521 550 1 251 800 3
Vurdering: Det er frå staten si side lagt inn eit rammetilskot på om lag 345 000 til leksehjelp i 2010, og dette dekker ikkje heile kostnaden med tiltaket. Vidare er 100 000 sett av i Førde kommune sitt budsjett til innføring av leksehjelp i år. Den kommunale kostnaden i 2010 på om lag kr 521 550 blir delvis dekka opp av dei avsette 100 000. Resten må dekkast på annan måte. Ein ser føre seg to alternativ: - Finne summen innanfor den eksisterande SFO-ramma i slik den er i dag, med eventuell prisauke eller reduksjon i tilbodet som konsekvens. - Omdisponering av andre kommunale midlar - Ein kombinasjon av desse alternativa. Leksehjelpa skal vere gratis for brukarane, og reduserer SFO-bruken med 2 t/v. Det blir derfor vanskeleg å kompensere denne kommunale utgifta med å auke prisen på SFO-tilbodet ut over det som er ein normal prisauke frå år til år. For å kunne dekke opp kostnadene samla vil ei justering av SFO-tilbodet vere ein del av løysinga, jfr eiga sak om dette. Rådmannen sitt framlegg til vedtak: 1. Førde kommune fører inn eit tilbod om gratis leksehjelp til alle elevar i 1. 4. klasse i grunnskulen frå 01.08.10. Tilbodet blir organisert lokalt av skulane etter drøftingar med FAU ved skulen, og har eit omfang på snitt 2 t/v i 4 år. 2. Tilbodet skal integrerast i skulefritidsordninga på dei skular som har det. Øvrige skular vel andre organiseringsformer. Handsaming i Levekårskomite 11.03.2010: Samrøystes tilråding LEVE-008/10 Vedtak: 1. Førde kommune fører inn eit tilbod om gratis leksehjelp til alle elevar i 1. 4. klasse i grunnskulen frå 01.08.10. Tilbodet blir organisert lokalt av skulane etter drøftingar med FAU ved skulen, og har eit omfang på snitt 2 t/v i 4 år. 2. Tilbodet skal integrerast i skulefritidsordninga på dei skular som har det. Øvrige skular vel andre organiseringsformer. Førde, den 11.03.201004.03.2010 Ole John Østenstad Rådmann Helge Sæterdal Kommunalsjef 4
5