HORDALAND FYLKESKOMMUNE Reiseliv Arkivsak 200802706-15 Arkivnr. 373.T14 Saksh. Nybø, Karen Louise Saksgang Møtedato Fylkesutvalet 16.12.2009 BRUK AV RESTERANDE MIDLAR SOM VART OVERFØRT TIL HORDALAND FYLKESKOMMUNE ETTER OPPLØYSINGA AV HORDALAND REISELIV SAMANDRAG Då Hordaland reiseliv avslutta si verksemd i 2008, sende dei over resterande midlar til Hordaland Fylkeskommune til felles utviklingsoppgåver for reiselisvnæringa. Det vert gjort framlegg om å nytte desse midla, kr 410.000, til medfinansiering av tre utvalte tiltak i Handlingsplan for reiseliv; Vandreruter for turistar i Hordaland, Sjømat langs vegen og Utnytte eksisterande rutestruktur til reiselivsopplevingar Hernarruta. FORSLAG TIL VEDTAK I samsvar med Handlingsplan for reiselivsstrategien i Hordaland fylkesutval tildeler dei resterande midlane etter Hordaland Reiseliv til felles utviklingsoppgåver for reiselisvnæringa i form av tre tiltak der. Det gjeld tiltak 1.1 Vandreruter for turistar i Hordaland, 7.1 Hovudprosjektet Sjømat langs vegen og tiltak 8.3 Utnytte eksisterande rutestruktur til reiselivsopplevingar-hernarruta Vandreruter for turistar i Hordaland kr 200.000,- Hovudprosjektet Sjømat langs vegen kr 160.000,- Utnytte eksisterande rutestruktur til reiselivsopplevingar kr 50.000,- Paul M.Nilsen Jan Per Styve
FYLKESRÅDMANNEN, 01.12.2009: Hordaland Reiseliv vedtok å løyse opp organisasjonen sin på ekstraordinært årsmøte i mai 2008, FUVsak 170/08. Gjennom ein roleg avviklingsfase gjekk begge dei tilsette i selskapet til nye jobbar. Eit avviklingsstyre runda av verksemda til 31.10.08. Mykje av materialet etter verksemda til Hordaland Reiseliv er levert til Fylkesarkivet. Fylkeskommunen var hovudfinansieringskjelda i avviklingsåret og det var difor naturleg at Hordaland Reiseliv sende dei over dei resterande kr 405.114,- til Hordaland Fylkeskommune ved sluttdato. Pengane er sett på fond i fylkeskommunen og no avrunda til kr 410.000,-. I oversendingsbrevet til fylkeskommunen skreiv avviklingsstyre at pengane skulle nyttast til felles utviklingsoppgåver for reiselivsnæringa. Felles utviklingsoppgåver for reiselivsnæringa ligg i Reiselivsstrategi for Hordaland 2009 2015 og Handlingsplan for reiselivsstrategien vedteken av FUV 23.09.09. Nokre av dei prioriterte tiltaka har ein så ikkje-kommersiell karakter at det er vanskeleg å få dei fullfinansiert berre gjennom fylkeskommunen, Innovasjon Norge, FMLA og lokale kjelder. Det vert difor gjort framlegg om å nytte restmidlane etter Hordaland Reiseliv til følgjande tre prosjekt: Prosjekt Delfinansiering frå restmidlane Tiltak 1.1 Vandreruter for Turstiar i Hordaland kr 200.000,- Tiltak 7.1 Sjømat langs vegen - hovudprosjekt kr 160.000,- Tiltak 8.3 Utnytte eksisterande rutestruktur til reiselivsopplevingar/ kr 50.000,- Kommersialisering av reiseruter - Hernar Sum kr 410.000,- Nummereringa av tiltaka viser til Handlingsplan for reiselivsstrategien i Hordaland. Nærare om dei tre prosjekta Tiltak 1.1 Vandreruter for Turstiar i Hordaland I Reiselivsstrategi for Hordaland 2009 2015 er det eit mål at Hordaland skal tilby godt tilgjengelege tilbod innan vandring. Vandring er ein viktig aktivitetsdrivar ved val av reisemål. Vandreferiar appellerer til ei ressurssterk målgruppe med inntekt og utdanning over gjennomsnittet. Dette er eit produktområde der ein med relativt enkle grep også kan utvikle fylkesovergripande tilbod. Vandring er eitt av satsingsområda til Innovasjon Norge og Fjord Norge. Vidare utvikling skal samordnast med Norwegian Centre of Expertise (NCE) - reiseliv der det er naturleg. Mykje arbeid med stiar og løyper er allereie gjort eller er i gang i Hordaland. Turlaga og andre frivillige foreiningar har mange stiar og løyper til ulike føremål. I reiselivssamanheng blir det viktig å få fram turløyper som er lett tilgjengelege for turistar og få tatt i bruk felles standard for merking og gradering av destinasjonsnære løyper. Det skal gjennomførast eit prosjekt kalla Vandreruter for turistar i Hordaland.Målet er at vandring skal bli synleg ved destinasjonar ved hjelp av nettbasert og anna informasjon om eit avgrensa tal løyper som skal sikrast god kvalitet. Bergen Turlag er tenkt å ha ansvar for prosjektet. 2
Kostnads- og finansieringplan er som følgjer: Løn 192.000 HFK Regionalt utviklingsprogram 276.000 Kontorhald m.v. 48.000 FMLA 150.000 Forbetring av løypene, inklusive 300.000 HFK kultur og idrettsavdelinga, 100.000 merking for vanskegrad og informasjonstavler idrett og friluftsliv Kartarbeid 50.000 Eigeninnsats destinasjonane 20.000 Optisk teljing 60.000 Eigeninnsats turlag og andre 30.000 Utarbeiding av nettpresentasjon, 40.000 Hordaland Fylkeskommune fond 200.000 medrekna omsetjing etter Hordaland Reiseliv Reiser og møter 50.000 Diverse 36.000 SUM 776.000 SUM 776.000 Tiltak 7.1 Sjømat langs vegen hovudprosjekt Mat er eit basisbehov, men også ein viktig del av totalopplevinga for dei tilreisande. Gjesteundersøkinga i Hordaland 2007 syner at mattilbodet vårt ikkje innfrir forventningane. I Reiselivsstrategi for Hordaland 2009 2015 er det eit mål å tilby gjestene gode matopplevingar basert på lokale råvarer og tradisjonar. I første omgang vil ein dra nytte av erfaringane frå Smak av kysten og fokusere på auka tilbod av sjømat. Det er gjennomført eit forprosjekt Sjømat langs vegen som synte interesse blant ulike aktørar. Eit tjuetals bedrifter er kontakta i forprosjeket og målsetjinga er å få med 10 enklere spisesteder/ bensinstasjoner, samt utvalgte ferge- og hurtigbåtstrekninger (inntil 4-6 ruter) frå dei to store fergerederiene i hovudprosjektet. Det skal gjenomførast eit hovudprosjekt for å utvikle tilbodet av mat langs vegane der turistar ferdast. Hovudmålsetjinga er å styrke mattilbodet ved å servere sunnare og meir smaksrik sjømat på enklere serveringsstader langs vegen og på ferger/ hurtigbåtar i Hordaland. Ved å legge til rette for at mindre bedrifter i distrikta kan utvikle eit attraktivt sjømattilbod, skal hovudprosjektet medverke til at dei kan oppnå auka besøk og lønsemd. I tillegg vil ei tydeleg sjømatsatsing på ferger/ hurtigbåter medverke til å nå fram til et større volummarked for sjømat. Samla skal dette medverke til å auke verdiskapinga i heile verdikjeda frå produsent til spisestad. Eit breidare tilbod av sunn sjømat skal forsterke reiseopplevinga og Hordalands identitet knytt til kyst og fjord. og finansieringsplan er som følgjer: Prosjektleiing og 570.000,- HFK - Regionalt 551.000,- administrasjon utviklingsprogram Kompetanseutvikling og 882.000,- Innovasjon Norge 711.000,- oppfølging Marknadsarbeid og profilering 100.000,- Hordaland Fylkeskommune 160.000,- fond etter Hordaland Reiseliv Reiser/møter 70.000,- Deltakaravgift bedrifter 200.000,- Eigeninnsats deltakarar 1.429.000,- Eigeninnsats deltakarar 1.429.000,- SUM 3.051.000,- SUM 3.051.000,- 3
Tiltak 8.3 Utnytte eksisterande rutestruktur til reiselivsopplevingar - Hernarruta (kalla Kommersialisering av reiseruter i handlingsplanen for reiselivsstrategien) Reiselivsstrategi for Hordaland 2009 2015 har som mål at det i større grad skal vere muleg for turistar å nytte offentleg transport når dei skal oppleve fylket vårt. Offentleg kommunikasjon er i drift for å gi fylkets innbyggjarar gode kommunikasjonstilbod, og i tillegg kan det vera eit poeng å sjå korleis eksisterande rutestruktur bli meir brukt av turistar. Dette kan styrke lønsemda i tilbodet og dermed også vere med på å styrkje lokalsamfunna. Fjord- og kystopplevingar er ein sterk drivkraft for å trekkje turistar til fylket vårt, difor er det ønskjeleg å leggje til rette for opplevingar som inkluderer båtruter. Hovudmålsettinga er å få eit samarbeidsprodukt fram til testing. Frå Kystmuseert i Øygarden (i samråd med Gode Sirklar) har vi fått søknad om tilskot til eit prosjekt for å knytte båtruten frå Hellesøy til mellom anna Hernar inn i ein rundttur. Turen startar med buss frå Bergen og opplevinga av bruer og sund utover i Øygarden, så kan ein oppleve Kystmuseet, visningssenteret for lakseoppdrett før båtturen. På Hernar er det 18 husstandar, ein butikk og turstiar i kystlandskapet. Det vil bli oppgradert offentlege toalettfasilitetar på øya som del av prosjektet. Denne pakka vil dei teste i 2010-sesongen. Forbetre toalettfasilitetar på 50.000 Hordaland Fylkeskommune - 50.000 Hernar Fond Brosjyre 40.000 Kystmuseet/Øygarden Kommune 70.000 Visningsturar 5.000 Kysteventyret 20.000 Historieutvikling/ guiding 15.000 Internettpresentasjon 20.000 Opplæring 5.000 Prosjektadministrasjon 5.000 SUM 140.000 SUM 140.000 Fylkesrådmannen si vurdering: Fellesgode for reiselivet er ofte vanskeleg å få finansiert fordi mange kan ha nytte av det utan at det er tydeleg kven som burde bære kostnadene. Vedlikehald av stiar og informasjon om stiar er typiske døme på fellesgode. Vandring er eit sentralt tema i reiselivsstrategien for Hordaland, satsinga i Fjord Norge og nasjonalt. Det var også eit tema Hordaland Reiseliv arbeidde mykje med, og difor bør gjennomføring av dette tiltaket prioriterast. Mat er eit kjerneprodukt i reiselivsopplevingane og er med på å fargeleggje alle turistar sine erfaringar med Hordaland. For den einskilde bedrift vil det vere tungt å løfte seg aleine på feltet. I ei felles satsing som dette langsiktige prosjektet, blir det lettare å utvikle sine serveringsprodukt. Kompetanse og andre ressursar blir tilgjengelege gjennom god oppfølgjing og rettleiing. Dessutan viser erfaring at bedriftene inspirerer kvarande og nettverka mellom deltakande bedrifter har stor verdi på lengre sikt. I tillegg kan prosjektet mulegvis medverke i ei haldningsendring i retning av sunnare mat også blant våre eigne innbyggjarar og fremje Hordalands tilknytting til fisk og sjø og fjord. Kollektive båtruter kan representere eit unytta potensial i reiselivssamanheng. Det kan vere vanskeleg å få nokon til å ta ansvar for å utvikle felles satsingar som krev koordinering og planlegging utan at ein veit noko om framtidige inntekter. Ei anna utfordring kan vere vertskapsfunksjonen knytt til slike ruter. At det lokale museet vil ta på seg ei profesjonell rolle som kontaktpunkt og at kommunen vil medverke til tilrettelegging av offentlege servicefasilitetar, er viktig for å kunne gå vidare med produktutviklinga. 4
5