Prosjektavslutning Kompetanse og nyskaping for landbruket i Osterfjord Prosjektet Kompetanse og nyskaping for landbruket i Osterfjord er no inni ein avsluttande fase, og vi ynskjer i den samanhengen å gje dykk ei oppsummering av tiltaka som har vore gjennomført i prosjektet. Målsettinga er likevel at Nettverka innan Skog, Grønt Samarbeid, Mat & Reiseliv og Småkraftverk skal halde fram. I samband med avslutninga av prosjektet er det laga ein prosjektrapport, og under finn de eit samandrag av denne med oversikt over aktivitetane som er gjennomført i hovudprosjektet. Vi vil også nytte høvet til å takke alle som har delteke og bidratt i prosjektet, og ynskje dykk lukke til vidare!! Vennleg helsing Karina Mæhle Prosjektleiar Roald Brekke Prosjektansvarleg Oppsummering - Hovudprosjektet Kompetanse og nyskaping for landbruket i Osterfjord - 1. Samandrag I prosjektet Kompetanse og nyskaping for landbruket i Osterfjord er Hovudprosjektet gjennomført.. Vi har gjennom prosjektet prøvd å sette fokus på næringa på ein positiv måte. Resultata frå gardsbesøka har gjort det lettare å setja i verk målretta tiltak for næringa og for den enkelte gardbrukar i prosjektet og i åra frametter. Gjennom prosjektet har tiltaksapparatet i Osterfjord, landbrukskontora og organisasjonane fått eit felles forum, som har ført til betre samordning mellom dei ulike aktørane i arbeidet med næringsutvikling innan landbruket. Siktemålet var å organisera arbeidet og aktivitetane på ein slik måte at vi best mogleg skulle klarer å stetta behova til gardbrukarane for å oppnå nyskaping innan landbruket i Osterfjord, sett på bakgrunn av tilgjengelege ressursar i prosjektet. Resultatet: Osterfjord Næringssamarbeid 1
10 gardbrukarar/ personar med gardstilknytting deltok ved etablerarkurs hausten 2003 9 gardbrukarar har gjennomført coaching det er oppretta 4 nettverk, Mat & Reiseliv, Grønt Samarbeid, Småkraftverk og Skog minst 35 gardbrukarar har eller er i ferd med å realisere ein nyetablering eller er deltakar i eit utviklingssamarbeid med andre gardbrukarar Erfaringar frå prosjektet viser at for å få til nyskaping innan landbruket, er det behov for langsiktig og målretta næringsutvikling. Ein av grunnane til at dette tek tid, er at mange av gardbrukarane som har planar om nyskapingar har fast arbeid utanom garden. 2. Tiltak og aktivitetar i prosjektet Under finn de ein oversikt over dei ulike aktivitetane som har vore gjennomført i hovudprosjektet Våren 2003 Prosessamling med fokus på rettleiarrolla, utvikling av samtaleskjema og informasjon om arbeidet til tiltaksapparatet i Osterfjord og Fylkesmannen i Hordaland ved Landbruksavdelinga. Utvikling av Samtaleskjema som vart nytta i samband med gardsbesøka Oppstartsmøte, 4 like møte på Osterøy, Dale og Modalen der 46 personar deltok. Tema: Vinn eller forsvinn, utfordringane i landbruket i åra frametter og gjennomgang av samtaleskjema og førebuing til gardsbesøka. Gardsbesøk; 58 gardbrukara har takka ja til besøk, og pr. 20. juni 2003 var 49 besøkt og 68 personar har vore med på samtalane. Fellesarrangement Osterfjord Marknad i samband med Dale Dagane 2003. På arrangementet deltok 20 gardsbruk frå heile regionen Det har vore skriven om lag 7 avisartiklar og 1 radiointervju om prosjektet Gjennomført 7 prosjektmøte Hausten 2003 I byrjinga av august 2003 vart det sendt ut Informasjonsskriv til alle deltakarar i prosjektet Fredag 29. august 03 var det Nyskapingsseminar på Dale med 34 deltakarar frå Osterfjord, Voss og Os. Studietur til Småkraftverk i Eksingedalen, Modalen og Samnanger vart arrangert laurdag 30. august 03 med 41 deltakarar. Osterfjord Næringssamarbeid 2
I samarbeid med Bygdefolkets Studieforbund (BSF), Vaksdal Næringsselskap AS, Industrikonsulenten på Osterøy og Læresenteret på Dale har prosjektet gjeve tilbod om kompetanseheving innan etablering, småkraftverk, vidareforedlinga av mat, data osv. Om lag 21 gardbrukarar har delteke på kursa. Studietur til Hardanger og Folgefonn- halvøya vart gjennomført 24. og 25. oktober 04. 7 gardbrukarar og 5 tilsette i tiltaksapparatet var med på turen som var både interessant og lærerik. Det er gjennomført 4 Prosjektmøte Vår- og haust 2004 9 gardbrukarar har eller held på å gjennomføre coaching, 10 coachar har vore på kurs for å auka kompetansen innan coaching i regionen. Vi har oppretta 4 Nettverk, Mat & Reiseliv, Skog, Småkraftverk og Grønt Samarbeid. Nettverka har gjennomført nettverkssamlingar og som resultat av nettverksarbeidet er det etablert 2 nettverkssamarbeid, 1 innan kommersialisering av hjortejakt på Osterøy og eit reiselivssamarbeid, dvs. Den Grøne Sløyfa Det er gjennomført kurs for tiltaksapparatet i Nettverksbygging. Om lag 20 gardbrukarar har eller er i ferd med å realisere nyetableringar eller er deltakarar i utviklingssamarbeid med andre gardbrukarar Vi har hatt 5 prosjektmøte 3. Aktivitetar og tiltak i Nettverka Småkraftverk Koordinator : Johannes Gjerstad Fagansvarleg: Lars Mjøs prosjektet var tysdag 12. august 2003 på orientering om Midtre Eksingedalen Kraftsamarbeid i Eksingedalen. Frå prosjektet møtte Lars Mjøs, Karina Mæhle og Roald Brekke. på bakgrunn av møtet vart det sendt søknad om etablerarstøtte for å gjera forundersøkingar i samband med eventuelle framtidige utbyggingar. Samarbeidet fekk etablerarstøtte gjennom Vaksdal kommune og Vaksdal Næringsselskap AS. Osterfjord Næringssamarbeid 3
arbeidsmøte/ kurs 7. oktober 2003 på Osterøy. 9 deltakarar frå prosjektet var med på samlinga. På kurset vart det gjennomført analyse av driftspotensialet til småkraftverk i nettverket for å sjå om desse er drivverdige. Det er arbeidt med å få ferdig analyser av utbyggingspotensialet til småkraftverk i regionen. For meir informasjon om nettverket kan de kontakte: Lars Mjøs, tlf: 56192270 Skog Koordinator/ Fagansvarleg: Terje D. Kvamme Nettverkssamling onsdag 16. desember 2003 på sagbruket til Arild og Pål Solberg på Osterøy onsdag 16. des. 2003 med 6 deltakarar. Tema for samlinga var omvisning på sagbruket, kva er eit nettverk og drøfta kva dei ynskja å nytte nettverket til. Studietur til Hardanger torsdag 17. juni 2004 torsdag 17. juni 2004 var 6 deltakarar og nettverkskoordinator Terje D. Kvamme og Karina Mæhle på studietur til Hardanger. Vi besøkte eigarar av sagbruk og medlemmer i Hordatre - ein lærerik og interessant tur. Terje D. Kvamme har hatt samtalar med deltakarane i Nettverket og det er søkt om etablerarstøtte for 2 av deltakarene. Skogkveld på Verpelstad sag tysdag 26. oktober 2004 Det var 18 deltakarar med på denne samlinga og Sigbjørn Lien frå Voss deltok. Skogsnettverket har konkrete planar for aktivitetar til våren og interesserte kan ta kontakt med Terje D. Kvamme, Vaksdal kommune, tlf: 56594400. Grønt Samarbeid Koordinator: Lillian Bjørnseth Fagansvarleg: Sture Helle Oppstartsamling Osterøy museum tysdag 3. februar 2004 Samlinga var meint som ein oppstart av dette nettverket, men dessverre var det få som møtte. Samtalar med deltakarane Lillian Bjørnseth kontakta alle medlemene i nettverket og samtala med dei om ynskjer og forventningar til nettverket Besøk på Verpelstad gard laurdag 17. april 2004 Osterfjord Næringssamarbeid 4
Omvisning på sagbruk og produksjonslokale for mat på garden. Siri Byrkjeland fortalde som sine erfaringar med tenesteyting på garden gjennom Grønt Samarbeid. Informasjon og erfaringsdeling om vidareforedling av kjøtt og mjølk ved Lars Tyssebotn. Besøk på Skjerping gard tysdag 27. april 2004 Omvisning og erfaringsdeling med Ellinor Skjering. Presentasjon av deltakarane og ideutveksling Studietur i Nordhordland laurdag 23. oktober 2004 var nettverka Grønt Samarbeid og Mat & Reiseliv på studietur til Nordhordland. Der besøkte vi Bruvoll Camping og Hytter som driv med aktivitetar i naturen retta mot barnehagar, skuleklassar, funksjonshemma, turistar og firma. På Hjelmås Hestesenter og Bestefarsstova fekk vi omvisning på hestesenteret og nyopna kursog selskapslokale og servert lunsj. Turen vart avslutta på Tjore Gardsmat som lagar/ produserar spekepølse, spekemat og vakuumpakka feskkjøt av storfe og driv eigen gardsbutikk. For meir informasjon om nettverket kan de kontakte: Sture Helle, tlf: 56192262 eller Lillian Bjørnseth, tlf: 56191262 Mat & Reiseliv Koordinator: Anette Fitje og Karina Mæhle Fagansvarleg: Sture Helle 1. Nettverksamlingar Under finn de ei opplisting av aktivitetar i nettverket for Mat & Reiseliv. Vi har sett det som ein føremon at nokre av samlingane har vore i lag med nettverket for Grønt Samarbeid, grunnen til dette er at ein del av gardbrukarane er medlemmer av begge nettverka og at tema for samlingane har gjort av vi har sett det som positivt å kombinere desse nettverka. Osterøy Museum tysdag 3. februar 2004 Oppstartsamling for Nettverket og tema på samlinga var næringsutvikling knytt til utmarksressursar ved Tore Henrik Øye, Hordaland Bondelag. På møtet vart det gjeve innspel til det vidare arbeidet i nettverket. Informasjonsmøte om Mattilsynet måndag 29. mars 2004 Tilsette hos Mattilsynet avd. Voss informerte om den nye organisasjonen og svarte på spørsmål vedrørande mathygiene. Godt oppmøte. Osterfjord Næringssamarbeid 5
Besøk på Verpelstad gard laurdag 17. april 2004 Omvisning på sagbruk og produksjonslokale for mat på garden. Informasjon og erfaringsdeling om vidareforedling av kjøtt og mjølk ved Lars Tyssebotn og Siri Byrkjeland fortalde som sine erfaringar med tenesteyting på garden gjennom Grønt Samarbeid. Besøk på Havråtunet laurdag 5. juni 2004 Tema på samlinga var omvisning på Havråtunet, erfaringsdeling ved Håkon Tveiten om vidareforedlinga av kjøtt og orientering om etablerarordningar ved Åshild Stokke frå Innovasjon Norge. Studietur i Nordhordland laurdag 23. oktober 2004 var nettverka Grønt Samarbeid og Mat & Reiseliv på studietur til Nordhordland. Der besøkte vi Bruvoll Camping og Hytter som driv med aktivitetar i naturen retta mot barnehagar, skuleklassar, funksjonshemma, turistar og firma. På Hjelmås Hestesenter og Bestefarsstova fekk vi omvisning på hestesenteret og nyopna kursog selskapslokale og servert lunsj. Turen vart avslutta på Tjore Gardsmat som spekepølse, spekemat og vakuumpakka feskkjøt av storfe og driv eigen gardsbutikk.. For meir informasjon om nettverket kan de kontakte: Sture Helle, tlf: 56192262 eller Anette Fitje, tlf: 91174489 Osterfjord Næringssamarbeid 6