E134 Haukelivegen AS Organisasjonsnummer 982 420 857 Årsmelding og rekneskap 2015 31.12.2015 / 15.02.2016 Innhald Årsmelding frå styret... 2 Rekneskap med noter.. 7 Revisjonsmelding.. Gjeldande vedtekter.. Generalforsamling: 8.april 2016 kl. 11.00 på Vinjehuset i Åmot, Vinje kommune.
E134 Haukelivegen AS Organisasjonsnummer 982 420 857 Årsmelding for 2015 Innleiing. E134 Haukelivegen AS vart stifta 10. januar 2001 under namnet Haukelivegen AS og har vore i vanleg drift etterpå, dvs. i 15 år. Selskapet endra namn i 2013 til E134 Haukelivegen AS, samtidig som føremålet blei utvida til å omfatte RV23. Føremålsparagrafen er etter siste endringar slik: Selskapet har som føremål å arbeide for utbygging og standardheving av E134 Haukelivegen og RV23. I tillegg kan selskapet arbeide for å fremje interessene til viktige sidegreiner til denne transportkorridoren, etter fylkesvise prioriteringar, når dette styrker arbeidet for korridoren. Selskapet kan ta initiativ til å opprette finansieringsselskap og utbyggingsselskap. Selskapet har høve til å delta i og/eller arbeide saman med andre selskap med tilsvarande føremål. Selskapet står elles fritt til å setje i verk tiltak og bruke dei verkemiddel som er tilgjengeleg og aktuelle for å fremje føremålet til selskapet. Overskot/underskot skal disponerast etter norske lover og vedtekter. Selskapet skal ikkje betale utbyte. Arbeidet i 2015. Det er halde 5 styremøte i E134 Haukelivegen AS i 2015, av desse er to haldne i samband med generalforsamlinga. Det har vore stor aktivitet i 2015 både frå styret og frå dagleg leiar si side. Satsingsområde og strategiar ligg forholdsvis fast, mellom anna knytt opp til gjennomføring av inneverande Nasjonal Transportplan NTP 2014-2023. Aust/vest-utgreiinga. Samferdselsministeren tok tidleg i 2014 initiativ til ein strategisk gjennomgang og analyse av dei ulike høgfjellsovergangane. Samferdselsministeren varsla i den samanhangen ei langt skarpare prioritering, der ein av overgangane skulle få spesiell prioritet. Denne saka prega arbeidet i 2014, noko som bare er blitt forsterka i 2015. Etter ein god og involverande prosess i 2014, blei resultatet presentert 20. januar 2015. Sjølv om vi mot slutten hadde fått indikasjonar på at E134 ville kome godt ut av utgreiinga, vart vi likevel svært overraska i positiv lei både over resultatet og over Vegvesenet sine eintydinge anbefalingar. Statens vegvesen anbefaler å satse på to aust-vestkorridorar i Sør-Norge. Dette er E134 m/ arm til Bergen og RV52 (Hemsedal) m/ forlenging mot Sogn og Møre via RV5. For E134 foreslår dei gjennomført ein KVU for framtidig trasé gjennom Telemark, men har rekna ut at ei omlegging/innkorting Gvammen-Grungebru vil gje ei samfunnsøkonomisk nettonytte på om lag 12 mrd. For arm til Bergen blir det også foreslått ein KVU for avklaring av trasé. Netto samfunnsnytte for denne armen er berekna til 14 mrd. Investeringsomfanget for E134 m/ arm til Bergen er opp mot 40 mrd. Høyringsrunde og konklusjon på aust-vestutgreiinga. Høyringa ga i stor grad tilslutning til Vegvesenet sine forslag. Oppslutninga om E134 Drammen-Haugesund var heilt eintydig. For «arm til Bergen» var det også stor oppslutning men ikkje eintydig. Dei som vil prioritere RV7 i stadenfor RV52 går ikkje inn for «arm til Bergen». Dette blei også synleggjort då regjeringa kom med sin delkonklusjon i desember: E134 skal prioriterast som den eine hovudvegen aust-vest og det skal gjennomførast ein KVU for å avklare framtidig trasé gjennom Telemark. KVU for strekninga E134-Odda-Bergen, som var anbefalt av Vegvesenet, blir ikkje utarbeidd nå. I staden skal det lagast ein KVU for strekninga Gol-Voss, der ein set RV7 opp mot RV52. Status pr. årsskiftet er at det står att å sjå om aust-vestutgreiinga blir eit gjennombrot for E134 når det gjeld prioritering og investeringsnivå. NTP-forslaget frå Vegvesenet (29. februar) vil i høg grad vere avgjerande.
Haukelifjell. Planar for Haukelifjell er det blitt arbeidd med i 10 år av dette med reguleringsplan i snart 5. Andre halvdel av 2015 har framdrifta stått stille i påvente av konklusjon på aust-vestutgreiinga og avgjerd om standardval. Ambisjonsnivået for strekninga må etter styret sitt syn avklarast som del av aust/vest-utgreiinga og prioritering av dei ulike fjellovergangane. Med auka trafikk blir konsekvensar og kostnader med stenging endå større. Styret forventar at det kjem ei avklaring på desse spørsmåla som del av NTP-prosessen, med Vegvesenet sitt forslag til NTP, regjeringa si stortingsmelding og handsaming i Stortinget våren 2017. Møter. Selskapet eller delar av styret har i løpet av året mellom anna hatt møter og kontakt med: Statens Vegvesen og Vegdirektoratet Parti, fylkesgrupper og enkeltrepresentantar på Stortinget Ein del av aksjonærane i selskapet Selskapet har vore representert på ulike konferansar og møte, både som deltakar og med innleiingar. Så langt vi kan og det er relevant, prøver vi å vere tilstades og på den måten synleggjere våre interesser. Byggeaktivitet. Omfanget av nyleg avslutta, igangverande byggeprosjekt eller prosjekt med nær foreståande oppstart på E134 er nå betydeleg. På vestsida av fjellet er Stordalstunnelen og Skjoldavik-Solheim ferdig. På austsida er prosjektet i Grungedal ferdigstilt. Århus-Gvammen er godt i gang, med planlagt opning i 2019. Prosjektet i Kongsberg er også i full drift med ferdigstilling i 2019. Det same gjeld småprosjekta på strekninga Åmot-Seljord, der prosjektet nærast Åmot starta opp hausten 2015. Det økonomiske omfanget på igangverande prosjekt på E134 er om lag 6,5 mrd. Planaktivitet. Kommunedelplan for strekninga Bakka-Solheim i Etne og Vindafjord kommunar er nå godkjend av begge kommunar. Dette er eit prosjekt vi prioriterer i komande NTP. For strekninga Gvammen-Saggrenda er det gjennomført KVU og KS1 for noen år sidan. Etter gjentatte forsøk på å få i gang arbeidet med kommunedelplan, blei det i vår gitt klarsignal under føresetnad av at deler av planmidlane blei forskuttert. Det er arbeidd ein del med den saka og det er laga ein modell som er godkjend av alle instansar, der Telemark FK stiller med forskuttering mot at ein del interessentar dekker kapitalkostnadane. Status for dette prosjektet er at vi nå ventar på klarsignal i etterkant av framlegging av NTP 2018-29. RV36. Det er under planlegging tre ulike prosjekt på RV36. Skjelbredstrand-Skyggestein i Skien er ein del av Bypakke Grenland. Byggestart er planlagt hausten 2016 og åpning hausten 2018. Byggekostnad kalkulert til 570 mill kr. Lengde 3,5 km. Slåttekås-Årnes har byggestart hausten 2016 og ferdigstilling hausten 2018. Lenge om lag 7 km. Tre korte strekningar langs Seljordsvartnet. Reguleringsplanar er vedtatt og det blir arbeidd med bompengeforslag. Vidare framdriftsplan og tidspunkt for byggestart er uklart. Saman med Telemark FK har det vore kontakt med Vegvesenet om å få eit notat som kan gje ei oversikt over utfordringar og muligheter for standardheving knytt til RV36. Det er gitt prinsipiell tilslutning til dette, men arbeidet har ikkje kome i gang. RV23. For RV23 pågår fleire prosessar i ulike faser. For strekninga Dagslett-Linnes blir det nå arbeidd med byggeplanar med sikte på byggestart hausten 2016. For strekninga Linnes-E18 har Vegvesenet vald å legge vekk tidlegare godkjend kommunedelplan (2007) og starte på ny planprosess. Bakgrunnen er særleg at utviklinga har gått frå tidlegare plan og at det ville bli svært vanskeleg å få til ei god og langsiktig løysing. Vegvesenet har som del av dette lansert «Lierdiagonalen», ein ny E134 for Lier-E18-Hokksund. Reguleringsplan for nytt løp i Oslofjord-tunnelen er vedtatt i begge kommunar (Hurum og Frogn). Parallelt er det laga ein KVU for kryssing av Oslofjorden. KVU-en inneheld inga endeleg avklaring, men argumenterer eintydig mot bygging av tunnel-løp nr to. Samtidig krev tunneldirektivet at det blir gjort tiltak i overskuleleg framtid.
Forlenging av E134 til E6 i Akershus. Selskapet har i mange år arbeidd for at E134 bør forlengast til E6 i Akershus/Frogn via RV23. Stortinget har også peika på denne muligheten (NTP 2014-23) og kommunane i regionen har prioritert dette. Status på dette er av Vegdirektoratet arbeider med omklassifisering, ein prosess som normalt vil ta noen år. Vi reknar nå med at det er gjennomslag for denne saka og at fokus framover vil vere på standardheving. RV13 Oddadalen. Arm til Bergen. Det ligg nå føre godkjend kommunedelplan for RV13-Oddadalen. Ein del av den godkjende planen medfører også ei mindre omlegging av E134 med litt innkorting og reduksjon av høgdemeter. Dette prosjektet er svært viktig for å koble på denne delen av Hordaland betre. Strekninga er rasutsett, svært smal og gir utfordringar vinterstid. Oddadalen er første etappe, sett frå E134, i Vegvesenet sitt forslag om å bygge ut fergefri arm til Bergen. Dette vil vere den løysinga som gir kortast veg Oslo-Bergen og dermed også kortast samband Agder/Telemark/Buskerud Bergen. Anna. Av formelle/praktiske saker styret og administrasjon har arbeidd med, er: Arbeidsplanar og budsjett Løpande økonomirapportering Avvikling av generalforsamling 24. april 2014 Kapitalforvaltning og disponering av bankinnskot - Kontakt med potensielt nye aksjonærar - Gjennomføring av strategiseminar - Utarbeiding av strategiplan Styre og administrasjon. STYREMEDLEMER PERSONLEGE VARAMEDLEMER Petter Steen, styreleiar Aase Simonsen - Haugesund - Karmøy Laila Irene Johansen, nestleiar Arvid Lyngås, - Kongsberg - Kongsberg Olav Kasland, Bjørg Tveito Lundefaret - Ordførar Bø - Ordførar Nome Terje Riis-Johansen Lise Wiik - Skien - Notodden John Opdal Synnøve Solbakken - Odda - Kvinnherad Ellen Solheim Magne Audun Kloster - Rogaland fylkeskommune - Rogaland fylkeskommune Atle Kvåle Svein K. Halleraker - Hordaland fylkeskommune - Hordaland fylkeskommune Arne Haldorsen Inge Fatland - Karmøy - Vindafjord Gry Anette Rekanes Amundsen Arne Vinje - Nome - Vinje Helene Justad Tore Opdal Hansen - Lier - Ordførar Drammen Selskapet har ikkje tilsette i eigen regi, men kjøper administrative tenester. Det er derfor ikkje utbetalt løn til dagleg leiar. Styrehonorar er utbetalt i samsvar med generalforsamlingsvedtak.
Aksjonærforhold. Selskapet har ved årsskiftet ein aksjekapital på kr. 450.000, fordelt på 45 aksjonærar. Aksjekapitalen er fullt innbetalt. Aksjonærane pr. 31.12.2015 er: Aksjonærliste E134 Haukelivegen AS. Org.nr.982 420 857 Navn Posnr Poststad Antal Pål. Beløp Rogaland Fylkeskommune 4001 Stavanger 10 1000 10000 Haugesund kommune 5504 Haugesund 10 1000 10000 Sauda kommune 4201 Sauda 10 1000 10000 Karmøy kommune 4250 Kopervik 10 1000 10000 Tysvær kommune 5570 Aksdal 10 1000 10000 Vindafjord kommune 5580 Ølen 10 1000 10000 Suldal kommune 4230 Sand 10 1000 10000 Hordaland fylkeskommune 5020 Bergen 10 1000 10000 Odda kommune 5750 Odda 10 1000 10000 Stord kommune 5400 Stord 10 1000 10000 Jondal kommune 5627 Jondal 10 1000 10000 Bømlo kommune 5430 Bremnes 10 1000 10000 Etne kommune 5591 Etne 10 1000 10000 Sveio kommune 5559 Sveio 10 1000 10000 Fusa kommune 5649 Eikelandsosen 10 1000 10000 Ullensvang Herad 5780 Kinsarvik 10 1000 10000 Kvinnherad kommune 5470 Rosendal 10 1000 10000 Telemark Fylkeskommune 3706 Skien 10 1000 10000 Vinje kommune 3890 Vinje 10 1000 10000 Tokke kommune 3880 Dalen 10 1000 10000 Seljord kommune 3840 Seljord 10 1000 10000 Hjartdal kommune 3692 Sauland 10 1000 10000 Bø kommune 3833 Bø 10 1000 10000 Kviteseid kommune 3850 Kviteseid 10 1000 10000 Notodden kommune 3672 Notodden 10 1000 10000 Nome kommune 3830 Ulefoss 10 1000 10000 Tinn kommune 3660 Rjukan 10 1000 10000 Buskerud fylkeskommune 3007 Drammen 10 1000 10000 Kongsberg kommune 3601 Kongsberg 10 1000 10000 Drammen kommune 3008 Drammen 10 1000 10000 Lier kommune 3401 Lier 10 1000 10000 Hurum kommune 3475 Sætre 10 1000 10000 Røyken kommune 3440 Røyken 10 1000 10000 Fyresdal kommune 3870 Fyresdal 10 1000 10000 Bamble kommune 3993 Langesund 10 1000 10000 Porsgrunn kommune 3700 Skien 10 1000 10000 Skien kommune 3900 Porsgrunn 10 1000 10000 Vest-Telemark Kraftlag AS 3889 Høydalsmo 10 1000 10000 Tide ASA 5893 Bergen 10 1000 10000 Notodden Utvikling AS 3674 Notodden 10 1000 10000 Telemark Bilruter AS 3840 Seljord 10 1000 10000 SD Cappelen ANS 3830 Ulefoss 10 1000 10000 Midt-Telemark Næringsutvikling AS 3880 Bø 10 1000 10000 Fatland Ølen AS 5588 Ølen 10 1000 10000 Vest-Telemark Næringsbygg AS 3850 Kviteseid 10 1000 10000 Totalt 450 1000 450000
Andre forhold. Selskapet sitt årsresultat er eit overskot på kr. 56.170 som ein foreslår brukt til styrking av eigenkapitalen. Føresetnaden om fortsatt drift er til stades, og rekneskapen for 2015 er gjort opp under denne føresetnaden. E134 Haukelivegen AS er innvilga skattefritak. Midlar som selskapet ikkje treng til dagleg drift er plassert på kapitalkonti på best mulige vilkår. Det er for tida svært låge renter. Selskapet har ingen aktivitet som ureinar det ytre miljøet. I 2015 er det utgiftsført kr. xxxxx til revisor for revisjon. Selskapet sin revisor er Odda revisjon AS v/ Eirik Lothe, revisornummer 997 726 316. Styret kjenner elles ikkje til forhold av betydning for vurderinga av selskapet si stilling og resultat, og som ikkje kjem fram av rekneskapen. Grunnlaget for framhald av drifta er etter styret sitt syn til stades. Det har etter utløpet av rekneskapsåret ikkje oppstade forhold som etter styret sitt syn har betydning for vurderinga av årsrekneskapen. Vinje, 15. februar 2016,