Årsrapport Fagleg nettverk innan kreftomsorg og lindrande behandling i Helse Fonna føretaksområde

Like dokumenter
Fagleg nettverk innan kreftomsorg og lindrande behandling i Helse Fonna føretaksområde

Fagleg nettverk innan kreftomsorg og lindrande behandling i Helse Fonna føretaksområde

Fagleg nettverk innan kreftomsorg og lindrande behandling i Helse Fonna føretaksområde. Årsrapport 2018

Fagleg nettverk innan kreftomsorg og lindrande behandling i Helse Fonna føretaksområde

Handlingsplan for nettverket i Helse Fonna 2017

Satsingsområde frå strategiplanen Det er vald ut satsingsområde for nettverket ut frå strategiplanen. I 2019 vil ein ha fokus på desse emna:

Årsrapport Fagleg nettverk innan kreftomsorg og lindrande behandling i Helse Fonna føretaksområde

Handlingsplan for nettverket i Helse Fonna 2018

Fagleg nettverk innan kreftomsorg og lindrande behandling i Helse Fonna føretaksområde

Tema 2019: «Sorg» «Barn som pårørande» «Når noko går galt» «Rehabilitering og aktivitet»

Fagleg nettverk innan kreftomsorg og lindrande behandling

ÅRSPLAN Pasient- og pårørendearbeid. Nettverk i kreftomsorg og lindrende behandling i Helse Bergen foretaksområde

Årsplan Nettverk av ressurssjukepleiarar i kreftomsorg og lindrande behandling i Sogn og Fjordane

Delavtale om drift av nettverk av ressurssjukepleiarar i kreftomsorg og lindrande behandling mellom. Helse Førde og kommunane i Sogn og Fjordane

Særavtale til Tenesteavtale 6 for gjensidig kunnskapsoverføring, informasjonsutveksling, faglege nettverk og hospitering

Målsetting. Formålet Nettverk i kreftomsorg og lindrande behandling Helse Bergen foretaksområde

Målsetting. Formålet. Nettverk i kreftomsorg og lindrende behandling i Helseregion Vest

Mål: Bidra til at helse- og omsorgstilbudet til pasienter og pårørende er av høy kvalitet

Kvifor og korleis lage årsplan som ressurssjukepleiar i lag med leiar? Av Marit Eikemo Halsnes

Nettverk i kreftomsorg og lindrende behandling i Helse Bergen foretaksområde

Mål: Bidra til at helse- og omsorgstilbudet til pasienter og pårørende er av høy kvalitet.

Mål: Bidra til at helse- og omsorgstilbudet til pasienter og pårørende er av høy kvalitet.

Nettverk i kreftomsorg og lindrende behandling i Helse Stavanger foretaksområde. Kunnskap Samarbeid Trygghet mot felles mål

Årsplan Nettverk av ressurssjukepleiarar i kreftomsorg og lindrande behandling i Sogn og Fjordane.

Mål: Bidra til at helse- og omsorgstilbudet til pasienter og pårørende er av høy kvalitet.

Årsplan Nettverk av ressurssjukepleiarar i kreftomsorg og lindrande behandling i Sogn og Fjordane.

Nettverk i kreftomsorg og lindrende behandling i Helse Bergen foretaksområde ÅRSRAPPORT FOR 2017

Særavtale til Tenesteavtale 6 for gjensidig kunnskapsoverføring, informasjonsutveksling, faglege nettverk og hospitering

Nettverk i kreftomsorg og lindrende behandling i Helse Stavanger foretaksområde Rapportering fra ressurspersoner og ledere 2017

Ved årsskiftet 2016/2017 er det 130 ressurssykepleiere i nettverket.

Rapportering fra ressurspersoner og ledere Kvalitetsindikatorer. Nettverkets strategi : Fem fokusområder

Drift av nettverk innen kreftomsorg og lindrende behandling.

Frå brosjyren vår kreftsjukepleietenesta i Vindafjord

TRONDHEIM KOMMUNE. for ressurssykepleiere i fagnettverk for kreft og palliasjon i Midt- Norge

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom Haugesund kommune og Haugesund sjukehus, Helse Fonna Dato: 23.februar.2015

Avtalen er basert på Plan for nettverk i kreftomsorg og lindrende behandling i Helse Bergen foretaksområde (mars 2006).

HOSPITERINGSPLAN FOR RESSURSSYKEPLEIERE I NETTVERK I KREFTOMSORG OG LINDRENDE BEHANDLING

Mål: Bidra til at helse- og omsorgstilbudet til pasienter og pårørende er av høy kvalitet.

HOSPITERINGSPLAN FOR RESSURSSYKEPLEIERE I NETTVERK I KREFTOMSORG OG LINDRENDE BEHANDLING

Å ta i bruk tiltaksplan for døyande i Kvinnherad kommune

Årsrapport Nettverk av ressurssjukepleiarar i kreftomsorg og lindrande behandling i Sogn og Fjordane

Vedlegg 1. Prosjektplan for lindrande behandling i Førde kommune

Avtale mellom. XX kommune og Helse Førde HF. Fagnettverk innan eldremedisin/eldreomsorg

Mål: Bidra til at helse- og omsorgstilbudet til pasienter og pårørende er av høy kvalitet.

Faglege nettverk mellom kommunane og Helse Fonna

Faglege nettverk mellom kommunane og Helse Fonna

KOMPETANSEPLAN FOR RESSURSSJUKEPLEIARAR I

Faglege nettverk mellom kommunane og Helse Fonna

arbeidsgruppa. Arbeidet vert leia av Tysvær kommune. 2. Alle i nettverket 3. Alle i nettverket 4. Kontaktperson

1.0 Årsrapport for 2015

ÅRSRAPPORT FRÅ KREFTOMSORG. Årdal kommune

Nettverk av ressurssjukepleiarar i kreftomsorg og lindrande behandling i Sogn og Fjordane. Årsrapport 2018

Erfaringskonferanse Kommunale Øyeblikkelig Hjelp Døgntilbud

Faglege nettverk mellom kommunane og Helse Fonna

Nettverk i kreftomsorg og lindrende behandling i Helse Bergen foretaksområde

Velkommen! Møteplass med fokus på kvardagsrehabilitering som er tverrprofesjonelt samarbeid i praksis

Årsrapport Kreftkoordinator ÅLA

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

Prosjekt lindrende behandling Odda Kommune Rett kompetanse på rett sted til rett tid

Faglege nettverk mellom kommunane og Helse Fonna

Faglege nettverk mellom kommunane og Helse Fonna

OVERORDNA AVTALE OM SAMHANDLING MELLOM DET KOMMUNALE BARNEVERNET OG DET STATLEGE BARNEVERNET I REGION VEST

«Palliasjon der vi bur»

Hospitering. mellom Helse Fonna HF, Høgskolen Stord/Haugesund og 18 kommuner i HF-regionen. Bokn Bømlo Etne Fitjar Haugesund Jondal

Rapport frå Diaologmøte mellom Karmøy kommune og Helse Fonna Dato: 25.sept. 2014

Lindrende behandling og omsorg ved livets slutt i Haugesund kommune. Helsetorgmodellens Erfaringskonferanse 25.April 2012 Anne Kristine Ådland

Utviklingssenter for sykehjem og hjemmetjenester. Helse Fonna UTVIKLINGSSENTER FOR SYKEHJEM OG HJEMMETJENESTER FOR KOMMUNENE I HELSE FONNA

Faglege nettverk mellom kommunane og Helse Fonna

foretaksområde sammenlignetmed i fjor.

Notat. Kari Ugland Årleg melding Brukarutvalet Helse Fonna HF 2014

Nokre kommunar har gitt tilbakemelding om opplæringsbehov, som blir dekka av planar i løpet av 2019.

Å rleg melding. Brukarutvalet Helse Fonna Årleg melding Brukarutvalet Helse Fonna

Fræna kommune og Eide kommune er likestilte parter i prosjektet.

Å rleg melding. Brukarutvalet Helse Fonna Årsmelding Brukarutvalet Helse Fonna

Palliativ ressursgruppe, Flora kommune. Prosjektbeskriving. Palliativ ressursgruppe. Prosjektbeskriving.

Mitt SULA. Auka kompetanse og kvalitet i palliativ omsorg PALLIATIV PLAN ETISK REFLEKSJON - Kunnskap gjennom utvikling Tanja Alme

Årsrapport Nettverk av ressurssjukepleiarar i kreftomsorg og lindrande behandling i Sogn og Fjordane.

ÅRSMELDING 2016 BRUKARUTVALET I HELSE BERGEN

Avtale om hospitering

Nettverk i kreftomsorg og lindrende behandling i Helse Stavanger foretaksområde. Janet Bakken Leder av driftsgruppen

Kick off for innføring av palliativ plan i Møre og Romsdal.

Samhandlingsutvalet. Referat. Tid og stad: Tysdag 25.febr 2014 kl Haugesund sjukehus, styrerom

BEHANDLING I KOMMUNALT RÅD FOR MENNESKE MED NEDSETT FUNKSJONSEVNE

Deltakerliste Rehabiliteringsuka, Regional fagkonferanse, Bergen

Helsetorgmodellen - et stort samarbeidsprosjekt i Helse Fonna området, som imøtekommer samhandlingsreformen

ÅRSMELDING 2013 BRUKARUTVALET I HELSE BERGEN

Kols - prosjekt. Delprosjekt 1 kartlegging Delprosjekt 2 kompetanseheving Delprosjekt 3 kols team

ARBEIDSGRUPPE BRUKARINVOLVERING

Årsrapport 2016 Eldremedisinsk fagnettverk

HJARTEAVDELINGA REHABILITERING ETTER HJARTESJUKDOM

HJARTEAVDELINGA REHABILITERING ETTER HJARTESJUKDOM

Kompetansesenter i lindrande behandling

NSH-konferanse Hvordan tilrettelegge for palliativ enhet i sykehus Presentasjon uten bilder, til publikasjon på internett

Et samhandlingsprosjekt i Helse Fonna regionen

Møteplasser med utgangspunkt i regional koordinerende enhet

RESSURSGRUPPE FOR INNFØRING AV PALLIATIV PLAN I MØRE OG ROMSDAL KREFTKOORDINATOR/PROSJEKTLEIAR TANJA ALME

Prosjekter om lindrende behandling til sykehjemspasienten

Palliativ Plan - å være to skritt foran..

HJARTEAVDELINGA REHABILITERING ETTER HJARTESJUKDOM

Transkript:

Fagleg nettverk innan kreftomsorg og lindrande behandling i Helse Fonna føretaksområde Årsrapport 2015 Målsetting med nettverk av ressurspersonar i kreftomsorg og lindrande behandling i Helse Fonna er kompetanseheving, samhandling og samarbeid slik at kreftpasientar og andre pasientar med behov for lindrande behandling, samt deira pårørande, opplever god kvalitet og tryggleik i alle nivå i helsetenesta. Nettverksarbeidet har vore forankra i ein felles avtale mellom Helse Fonna, kommunane i Helse Fonna-området, Kreftforeningen Distrikt Vestlandet og Kompetansesenter i lindrande behandling Helseregion Vest (KLB) sidan 2005. Etter ny samhandlingsstruktur mellom Helse Fonna og kommunane er nettverket etablert som eit fagnettverk under FOUSAM med eit mandat frå Samhandlingsutvalget. Samhandlingsutvalget vedtok 12. desember 2014 eit mandat for nettverket som er i tråd med tidlegare avtale. Frå 2014 er Høgskolen Stord-Haugesund (HSH) og Kreftomsorg Rogaland (KOR) innlemma som partar i nettverket. Fysio- og ergoterapeutar er og inkluderte i arbeidet. Organiseringa av nettverket vert nå slik: Odda sjukehus Jondal Odda Ullensvang Nettverket har framleis ei styringsgruppe med ein representant frå kvar av partane Helse Fonna, kommunane, HSH, KLB og Kreftforeningen. Ei driftsgruppe har ansvar for den daglege drifta av nettverket, og leiaren er representert i styringsgruppa. I Helse Fonna-nettverket er det til saman 96 ressurssjukepleiarar, fordelte på seks nettverksgrupper. 32 fysioterapeutar og ergoterapeutar er og ein del av nettverket, med ei eiga driftsgruppe.

Sjukepleiarnettverket Alle ressurssjukepleiarar som har deltatt i nettverket i 2015, har fått oppdatert kompetanse i fleire tema innan palliasjon gjennom fagleg undervisning på nettverksmøte og årleg fagdag (tidlegare fellessamling). Ressurssjukepleiarane har blitt oppmoda til å vidareformidle stoffet i internundervisning på sin arbeidsplass. Ressurssjukepleiarane har fått kjennskap til Individuell plan innan palliasjon og bruken av denne, samt informasjon om hospiteringsordninga i Helse Fonna. Tverrfagleg samhandling har vore i fokus, og andre faggrupper har vore invitert inn på nettverksmøta. Klinisk arbeid for ressurssjukepleiarane 65 ressurssjukepleiarar (68 %) og 42 leiarar har sendt inn årleg rapportering. 40 % av ressurssjukepleiarane arbeider i heimesjukepleia, 39 % i sjukeheim og 15 % i sjukehus. 12% er kreftkoordinatorar. 25% av alle har særskilt tid sett av til ressurssjukepleiarfunksjonen. 86 % har tatt i bruk ESAS, og omtrent halvparten har ESAS innlemma i elektronisk journalsystem. Dette er ei lita auke frå 2014. 92 % rapporterer å nytte nasjonale retningslinjer i det daglege pasientarbeidet. 15% har tiltaksplanen Livets siste dagar innført på arbeidsstaden sin. Halvparten av ressurssjukepleiarane i heimesjukepleia eller sjukehus har vore med på utarbeiding av individuell plan det siste året. Arbeid i nettverksgruppene Det har vore arrangert i alt 12 nettverksmøte i 2015. Alle nettverksgruppene har hatt eit nettverksmøte om våren og eit om hausten. Nettverksmøta er på 6 timar. På kvart nettverksmøte har den lokale ressurspersonen hatt ansvar for å ynskja velkommen og å skriva referat. På førehand har dei tatt imot påmelding, skaffa lokale, sørgja for lunsj og forberedt presentasjon av eit case. Det går på omgang mellom kommunane å arrangera nettverksmøta. Tida fram til lunsj har vore satt av til refleksjon ressurspersonane imellom, der dei alle deler utfordringar og positive ting frå rolla som ressursperson i sin kommune eller avdeling. Etter lunsj har det vore satt av tid til fagleg undervisning. Her har det også vore mogeleg for andre enn ressurspersonar å delta. På slutten av dagen har ein fast på programmet presentasjon av eit case som utgangspunkt for felles refleksjon. Lokal fastlege eller tilsynslege har blitt invitert til å fortelja frå sitt arbeid og dela erfaringar innan kreftbehandling og palliasjon. Dette har vore ein positiv erfaring i fleire kommunar og på sjukehus. Om lag halvparten av ressurssjukepleiarane skriv i rapporteringa at dei har vidareformidla stoff frå nettverksgruppemøte i internundervisning på eigen arbeidsplass. Tema for nettverksmøta i 2015 Alle nettverka har fått same undervisning, fordelt på vår og haust. Undervisninga har vore gjennomført på denne måten: Tema 1: Smerte og smertebehandling hos den palliative pasienten, ved Anne Lise Johannessen, kreftsjukepleiar/smertesjukepleiar ved Palliativt team, Haugesund sjukehus 2

Tema 2: Symptomlindring ved fordøyelsesplager Undervisning ved ein kreftsjukepleiar i kvart nettverk: Hardangernettverket: Hege Lyssand, Odda sjukehus Sunnhordlandsnettverket: Wanda E. Medhus Nettverk Indre Haugalandet: Svanhild Skaalheim Nettverk Ytre Haugalandet Midt: Hildegunn B. Haaland Nettverk Ytre Haugalandet Nord: Laila Johannesen KLB Nettverk Ytre Haugalandet Sør: Elisabeth Sandhåland Oppmøte 2015 Nettverk Indre Haugalandet: Nettverk Hardanger: Nettverk Sunnhordland: vår: 9 av 14 ressurssjukepleiarar, 2 fysio/-ergoterapeutar haust: 11 av 14 ressurssjukepleiarar og 1 fysio-/ergoterapeut vår: 10 av 12 ressurssjukepleiarar og 1 fysio-/ergoterapeut haust: 9 av 12 ressurssjukepleiarar og 1 fysio-/ergoterapeut vår: 15 av 25 ressurssjukepleiarar og 2 fysio-/ergoterapeutar haust: 23 av 25 ressurssjukepleiarar og 1 fysio-/ergoterapeut Nettverk Ytre Haugalandet Nord: vår: 9 av 14 ressurssjukepleiarar haust: 13 av 14 ressurssjukepleiarar og 1 fysio-/ergoterapeut Nettverk Ytre Haugalandet Midt: vår: 9 av 12 ressurssjukepleiarar haust: 12 av 12 ressurssjukepleiarar, 1 fysio-/ergoterapeut Nettverk Ytre Haugalandet Sør: vår: 12 av 19 ressurssjpl., 1 fysioterapeut, 1 sjukeheimslege haust: 10 av 19 ressurssjukepleiarar Det er viktig å oppretthalda kontinuitet i nettverket, og difor har ein starta opp med å registrera også dei ressurspersonane som ikkje kjem på nettverksmøta. Dersom ein ressursperson gjentatte gonger ikkje møter på nettverksmøta, vil medlemmer i driftsgruppa ta dette opp med den det gjeld, og finna årsaka til fråværet. Dersom grunnen er liten interesse eller at personen av andre grunnar ikkje ynskjer å delta, kan leiar bli spurt om å finne ein ny ressursperson. 58 % av ressurssjukepleiarane som har rapportert, har vore i funksjonen 3 år eller meir. 20 % er nye i funksjonen siste året. Leiarane skriv i rapporteringa at nettverksmøta er særs viktige for ressurspersonane: Dei får auka kompetansen og blir trygge i faget, dei får utveksla erfaringar, drøfta etiske dilemma og knytt kontaktar som er nyttige i samhandlinga. Ein del leiarar skriv at dei ynskjer meir informasjon om aktivitetane i nettverket. Driftsgruppa Driftsgruppa har hatt 4 møte i 2015: 20. januar på Stord sjukehus 26. mai i KOR sine lokale i Haugesund 8. september på Haugesund sjukehus 24. november på Fitjar 3

Det har vore engasjerte medlemmer i driftsgruppa og mange saker har vore diskutert. Representantar i driftsgruppa Det har vore ein del endringar i medlemmer i driftsgruppa i 2015. Driftsgruppa hausten 2015 er: Grete Skeie Sørhus, Vindafjord kommune og KLB, leiar Laila Johannesen, Palliativt team, Helse Fonna og KLB Cathrine Aasheim, Fitjar kommune Berit Røksund, Stord sjukehus Mette Stadheim, Odda kommune Tone Sellevold, Kreftforeningen Distrikt Vestlandet May Kristin Valen, HSH Målfrid Eide, KOR Ny: Tove Asbjørnsen, Haugesund kommune (i staden for Annbjørg Tjøsvold) Ny: Signe Vestvik, Haugesund sjukehus (i staden for Mona Didriksen/ Synnøve Gårder) Ny: Evelyn Borgny Ramberg, Odda sjukehus (i staden for Åse Olsson) Styringsgruppa Styringsgruppa for nettverket har bestått av Dagny Faksvåg Haugen, KLB (leiar), Berit Haaland/Sølvi Torvestad, Helse Fonna, Bjarne Braatveit, kommunerepresentant, Sølvi Eide Lunde, HSH, Geir Vangsnes, Kreftforeningen Distrikt Vestlandet, Grete Skeie Sørhus, leiar av driftsgruppa for sjukepleiarnettverket og Astrid Eritsland, leiar av driftsgruppa for nettverket av fysio- og ergoterapeutar. Styringsgruppa har hatt to møte i 2015. Introduksjonskurs Det vart arrangert introduksjonskurs for nye ressurspersonar og deira leiarar 8. desember 2015. Her deltok 21 personar: 14 ressurssjukepleiarar, to fysioterapeutar og tre leiarar. Laila Johannesen, Kristin Valen og Astrid Eritsland frå driftsgruppene hadde ansvar for planlegginga. Målsetting for kurset var å gi kunnskap om organisering av nettverket og palliativ verksemd i regionen, samt å drøfta forventningar til og bevissthet om rolla som ressursperson. Kven er den palliative pasienten? Kva for tilbod har vi innan kreftomsorg og lindrande behandling i regionen vår? vart presentert av Julia Bratke, lege i Palliativt team, Haugesund sjukehus. Det vart gitt innføring i relevante verktøy og presentert erfaringar frå ressurspersonar frå kommune og sjukehus. Gruppearbeid hadde fokus på å utarbeida plan for å komma i gang som ressursperson og å presentera funksjonen og rolla i kommunen. Deltakarane ga kurset ei god evaluering. Årleg fagdag Årleg fagdag vart arrangert 3. mars i Tabernaklet med tema «Tung pust og meistring». Mål for dagen var å få auka kunnskap og forståing av tung pust som symptom hos palliative pasientar, 4

ferdigheiter til å kunne kartlegge, observere og sette i gang tiltak i forhold til tung pust og auka forståing for tverrfagleg tilnærming og vere betre rusta til å møte utfordringar knytte til tung pust mulegheit til å utveksle erfaringar og knytte kontaktar med andre ressurspersonar i nettverket oppdatert kunnskap om samhandling og gode verktøy for samhandling Det var undervisning ved seksjonsoverlege Sverre Fluge, Haugesund sjukehus om dyspne som symptom hos palliative pasientar, årsaker og behandling. Kreftsjukepleiar Berit Røksund hadde undervisning om sjukepleie til pasientar med tung pust. «Oksygen som behandling. Seksjon for behandlingshjelpemiddel si rolle i heimebehandling.» Presentasjon ved Sissel Yrkje, intensiv- og oksygensjukepleiar, og Kjersti Tollaksen, seksjonsleiar, Seksjon for behandlingshjelpemiddel, Haugesund sjukehus «Pårørande sine erfaringar når deira næraste ønskjer å døy heime. Presentasjon av masteroppgåve». Grete Skeie Sørhus, kreftsjukepleiar, Vindafjord / KLB «Fysioterapi til pasientar med tung pust». Marianne Fjeldheim, spesialfysioterapeut Alle deltakarane vart delt inn i refleksjonsgrupper, med eiga gruppe for leiarane. Deretter vart det presentert aktuelle prosjekt frå Helse Fonna-regionen: «Erfaringar med oppstart av ny sjukeheim med lindrande eining.» Kjellaug Jacobsen, leiar ved Akutt og Lindrande enhet, Norheim sjukeheim, Karmøy. «Erfaringar frå KOLS-prosjekt innan FOUSAM.» Trude Vestbø og Elin Vårvik, sjukepleiarar, Haugesund sjukehus Til slutt vart resultat frå årleg rapportering presentert ved Dagny F. Haugen. Evalueringsskjema ga veldig gode og konstruktive tilbakemeldingar på dagen. Det er ei utfordring er at det er mange nye ressurspersonar og samtidig mange som har lang erfaring som ressursperson over mange år. Fleire gode forslag til neste års fagdag vart gitt. Velkomstbrev og nyheitsbrev Alle nye ressurspersonar har fått tilsendt velkomstbrev med nyttig informasjon. Nyheitsbrev frå nettverket vert sendt ut til alle ressurspersonar og leiarar vår og haust. Nettsider Nettsida er i løpet av 2015 blitt fornya og er framleis under revidering. Sida blir meir brukarvennleg. På nettsida ligg oppdatert informasjon om dato for alle nettverksmøte og andre arrangement i nettverket i tillegg til nyheitsbreva. Nettsida har namneliste med oversikt over alle ressurspersonar. Utviklingsarbeid Det vert fortsatt arbeidd med å utvikla og drifta nettverk av fysioterapeutar og ergoterapeutar i Helse Fonna. Fysioterapeut Astrid Eritsland ved Palliativt team, Haugesund sjukehus har leia dette arbeidet. Fysioterapeutar som jobbar med palliasjon i kommunane og på sjukehus har vore invitert til nettverksmøta i 2015. Nye ressurspersonar i fysio- og ergoterapinettverket og deira leiarar var inviterte til introduksjonskurset. 5

Fysio- og ergoterapinettverket Det er oppretta driftsgruppe for fysio- og ergoterapinettverket og utarbeidd eit skriv om ressurspersonen si rolle, kompetanse og funksjon, samt arbeidsplan for ressursperson. Dette er nyttige dokument for rolleavklaring, i samarbeidet mellom leiar og ressursperson og for å syne at partane er forplikta på mandatet for nettverket. Driftsgruppa består nå av: Marianne H. Espeland, fysioterapeut, Stord sjukehus Eldbjørg Nesse, fysioterapeut, Bømlo kommune Gunnhild Nereng, fysioterapeut, Haugesund kommune Agneta Gaard, ergoterapeut, Haugesund sjukehus Sigrid Bakkevold, fysioterapeut, Haugesund sjukehus Astrid Eritsland, fysioterapeut, Palliativt team, leiar av gruppa Leiaren i driftsgruppa har hospitert ved Sunniva senter for lindrende behandling ved Haraldsplass Diakonale Sjukehus i Bergen og hos Palliativt team, Haukeland universitetssjukehus, Bergen. 19 ressursfysio- og ergoterapeutar (61%) og 16 leiarar deltok i den årlege rapporteringa. Av dei 19 ressurspersonane arbeidde 13 i kommunen og seks i sjukehus. 89 % nyttar nasjonale retningslinjer i arbeidet. 72 % har deltatt på kurs eller konferanse i kreftomsorg eller lindrande behandling det siste året. 1/3 har hatt internundervisning om desse tema på arbeidsstaden sin. Konklusjon Nettverket har hatt eit aktivt år med gode samlingar. Oppmøtet har stort sett vore godt, men kan bli betre i enkelte av gruppene. Mange av ressurspersonane har vore lenge i nettverket og har mykje kompetanse. Samtidig er det nyttig at nye kjem til og sikrar rekruttering. Leiarane gir ei god vurdering av arbeidet 70% av leiarane meiner at nettverket bidrar i stor eller svært stor grad til betre kvalitet på kreftomsorg og lindrande behandling, resten at nettverket bidrar til ein viss grad. Nettverket er nå eit fagleg nettverk under FOU-eining for samhandling i Helse Fonna. Delinga av det ytre nettverket har fungert positivt. Høgskolen Stord-Haugesund og Kreftomsorg Rogaland er integrert som aktive partar i nettverket, og gruppa med fysioterapeutar og ergoterapeutar er aktiv. Rapporteringa syner at det er forbetringspotensial i bruken av Individuell plan og at mange ressurspersonar framleis ikkje har eit årleg planleggingsmøte med leiaren sin. Hospitering burde vore nytta meir. Desse punkta er framleis satsingsområde i arbeidet. Februar 2016 Grete Skeie Sørhus, leiar for driftsgruppa, sjukepleienettverket Astrid Eritsland, leiar for driftsgruppa, fysio- og ergoterapinettverket 6