HORDALAND FYLKESKOMMUNE Kultur- og idrettsavdelinga Arkivsak 201103337-1 Arkivnr. 645 Saksh. Skaar, Ronny, Hagala, Yngvar Saksgang Kultur- og ressursutvalet Fylkesutvalet Møtedato 05.04.2011 27.04.2011 BERGEN KOMMUNE SITT FILMUTVAL - FRÅSEGN SAMANDRAG Bergen kommune har sendt ein rapport med forslag til mål og virkemidlar for filmområdet på høyring. Rapporten er utarbeid av eit filmutval sett ned av Bergen kommune ved byråden for kultur, kyrkje, idrett og eigarskap. Hovudmålsetninga for arbeidet var å kome fram til anbefalingar om kva Bergen kommune bør gjere for å sikre at bergensregionen har flest mogleg filmkunstnarar og filmarbeidarar som arbeider med fiksjons- og dokumentarfilm, og som har sitt daglege virke i regionen. Fylkesrådmannen vil rose tiltaket med å setje ned eit filmutval og få utvikla rapporten. Bergen kommune syner både initiativ, vilje og kompetanse i sin filmpolitikk. Fylkesrådmannen meiner likevel at mandatet som er gitt utvalet er noko mangelfullt. I tillegg til at samarbeid med eige fylke ikkje er teke med, etterlyser eg eit meir avklåra regionsomgrep. Utvalet peikar på at den sterke sentralisering på filmområdet er ei hovudutfordring for den regionale bransjen. Vidare er det klårt at Vestnorsk Filmsenter (VFS) er det viktigaste regionale verktøyet på feltet. Utvalet har ei rad gode forslag som krev auka tilskot. Nokre av desse, som til dømes produksjonsmidlane, er statlege og drøftingar om dette må i så fall gjerast i forhold til Kulturdepartementet. Dersom Bergen kommune vil sette i gong slike drøftingar, er det viktig å samhandla med Hordaland fylkeskommune og med fylka i VFS sitt verkeområde. FORSLAG TIL INNSTILLING 1. Bergensregionen og Vestlandet er i dag det andre klåre nasjonale sentrum for filmproduksjon, målt i produksjonsvolum, omsetting og tal filmarbeidarar. Det bør vurderast nærare om det kan vere teneleg med ei filmmelding for Vestlandet i forlenginga av dette arbeidet, i samarbeid mellom Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal fylkeskommunar og Bergen kommune.
2. Fylkesutvalet er samd i at Vestnorsk Filmsenter er det viktigaste regionale verktøyet på filmområdet. Det er dette verktøyet som må vidareutviklast og som må stå ansvarleg for aktuelle tiltak. 3. Fylkesutvalet ber fylkesrådmannen leggje fram eiga sak med vurdering av fylkeskommunens framtidige engasjement i filmfondet FUZZ. 4. Fylkesutvalet meiner at rapporten i større grad burde ta opp kvalitative utfordringar og ei klårare drøfting av trongen for og samanhengen mellom kulturpolitiske og næringspolitiske verkemiddel og målsettingar. 5. Fylkesutvalet er samd i at statlege tilskot til produksjon av langfilm og seriar på Vestlandet må aukast monaleg. 6. Fylkesutvalet meiner at spørsmålet om etablering av eit kompetansesenter for distribusjon av dokumentarfilm krev nærare utgreiing. Utgreiinga må forankrast hjå styresmaktar, organisasjonar og bransje. 7. Fylkesutvalet er samd i at det bør utviklast støtteordningar som ivaretek talent som vil arbeida i regionen. Slike støtteordningar må forankrast i Vestnorsk Filmsenter. 8. Fylkesutvalet finn ikkje grunnlag for å prioritera fylkeskommunale tilskotsmidlar til etablering av eit Filmens Hus i Bergen. Paul M. Nilsen Jan Per Styve Anna Elisa Tryti 2
FYLKESRÅDMANNEN, 30.03.2011: Byråden for kultur, kyrke, idrett og eigarskap sette i september 2010 ned eit utval for å foreta ei vurdering av Bergen kommune sine verkemiddel for filmproduksjon. Utvalet fekk følgjande mandat: Hovedmålsetningen for arbeidet vil være å komme frem til anbefalinger om hva Bergen kommune bør gjøre for å sikre at bergensregionen har flest mulig filmkunstnere og filmarbeidere som arbeider med fiksjons- og dokumentarfilm, og som har sitt daglige virke i regionen. Utvalgets mandat er som følger: Vurdere kommunens eksisterende filmrelaterte virkemiddelapparat, og eventuelt komme med forslag til endringer i organiseringen av virkemiddelapparatet, for å sikre best mulig realisering av hovedmålet. Vurdere ulike former for samarbeid med nabokommuner og nabofylker i lys av hvordan ulike samarbeidsformer kan bidra til realisering a hovedmålet. Vurdere hva Bergen kommune kan gjøre for å dra nytte av statlige og eventuelt internasjonale støtteordninger som kan bidra til realisering av hovedmålet Vurdere hvorvidt og eventuelt hvordan Bergen kommune kan samarbeide med utdanningsmiljøer, TV-kanaler og miljøer innen scenekunst for å bidra til realisering av hovedmålet Foreslå eventuelle andre tiltak som kan bidra til en realisering av hovedmålet. Utvalget anmodes om å tydeliggjøre forholdet mellom hovedmål og skisserte virkemidler, slik at det går tydelig frem på hvilken måte utvalget mener at tiltakene som foreslås bidrar til realisering av hovedmålet. Utvalget anmodes også om å invitere ressurspersoner innen scenekunst, utdannings miljøer, TV-kanaler, visningssteder, offentlige organer og andre relevante institusjoner til å delta på utvalgets møter etter behov. Utvalets mandat og samansetning Fylkesrådmannen vil rose tiltaket med å setje ned eit filmutval og få utvikla rapporten. Bergen kommune syner både initiativ, vilje og kompetanse i sin filmpolitikk. Likevel er mandatet som er gitt utvalet noko mangelfullt. For det første er regionsomgrepet uklårt. I hovudmålsettinga er omgrepet bergensregionen nytta, og i det vidare mandatet skal utvalet vurdera samarbeidsformer med nabokommuner og nabofylker. I tillegg til at samarbeid med eige fylke ikkje er teke med, hadde eit meir avklåra regionsomgrep vore ønskjeleg. Som kjend arbeidar Vestnorsk Filmsenter i tre fylke. Hordaland fylkeskommune har ei sjølvstendig filmsatsing, er medeigar av Vestnorsk Filmsenter og har i tillegg eit nært samarbeid med Bergen kommune innan filmpolitikken. Hordaland fylkeskommune og Bergen kommune kunne og ha samarbeida nærare om oppnemning og mandat for dette utvalet. Dette kunne ha gjeve eit godt høve til meir konkrete attendemeldingar på korleis kommunal og fylkeskommunal filmpolitikk kan innrettast til beste for filmfeltet i Bergen, Hordaland og i verkeområdet til Vestnorsk Filmsenter. Hovudmålsettinga set fokus på å sikra at bergensregionen har flest mogleg filmkunstnarar og filmarbeidarar. Utvalet burde i tillegg gjennom mandatet ha vore utfordra på korleis regionen kan sikra best moglege filmkunstnarar og filmarbeidarar. Med eit slikt utgangspunkt ville ein ha kunna drege opp eit meir interessant kulturpolitisk lerret for filmsatsinga, med større fokus på eigenart, og den bergenske / vestnorske filmstemma som eit avgjerande bidrag til mangfald og kvalitet i norsk film. Dette er kjernen for grunngjevinga for kulturpolitisk satsing på filmområdet på Vestlandet. Filmfeltet står i skjeringspunktet mellom næringspolitikk og kulturpolitikk. Det er viktig å ha verkemiddel innan begge desse felta. Næringspolitikken (jf. RUP 2011) kan utvikle bransjen og verdikjeda, medan kulturpolitikken kan utvikla filmatiske kvalitetar, rom for eksperimentering og utprøving, manusutvikling (Manus er mangelvare, BT 25.02.2011) og gjennom dette mogning av eit filmspråk og eit særpreg. Manglande gjennomtenking av slike sonderingar allereie i mandatet, gjev filmmeldinga gjennomgåande manglar. Det bør vurderast å laga ei filmmelding for Vestlandet i forlenginga av dette arbeidet. 3
Hordaland fylkeskommune si filmsatsing Hordaland fylkeskommune gjev om lag 1 mill. kr årleg i driftstøtte til VFS. I Regionalt utviklingsprogram (RUP) for Hordaland fylkeskommune har satsinga på kulturnæringar dei seinare åra vore mykje konsentrert om film/media, design og rytmisk musikk. Desse sektorane har dei seinare åra vakse raskare med omsyn til sysselsetting og tal på føretak enn andre delar av kulturnæringane i fylket. Vestnorsk filmsenter (VFS) og Western Norway Film Commission har fått vel 2 mill. kr i tilskot frå RUP til prosjekt dei tre siste åra (2008-2010). Fuzz AS har fått om lag 1,9 mill. kr i tilskot frå RUP til prosjekt dei tre siste åra (2008-2010). Utdrag frå RUP 2011: Særlege innsatsområde for 2011 er: Stimulere til auka verdiskaping i kulturnæringane film/media, design og rytmisk musikk ved å styrkje arbeidet med nettverksorganisering, utvikling av sterkare næringsklynger og kompetansetiltak. Medverke til meir komplette næringskjeder med utgangspunkt i Bergen og styrking av location-uavhengige filmproduksjonsfasilitetar. Auka produksjonsvolum vil gje fleire filmarbeidarar høve til å oppnå både gode inntekter og auka kompetanse innan dei respektive fagfelta. Dei siste åra har mange filmarbeidarar gjeve opp filmkarrieren i Bergen av mangel på oppdrag (Filmfolk på jobbflukt, BT 07.02.2011). Auka produksjonsvolum gjev mindre jobbflukt, og auka kompetanse vil bidra til at kvaliteten på filmane blir betre. Det er viktig å produsere nok spillefilmar på Vestlandet til å sikre ein jamn kontinuitet av oppdrag for den høgkompetente arbeidskrafta som er utvikla innan dette spesialiserte feltet dei siste åra. Undersøkingar (Vestlandets filmnæring mellom nasjonsbygging og regional utvikling. Ideas2evidence, rapport 5:2009) viser at filmnæringa består av nokre få mellomstore produksjonsselskap og ein stor underskog av mindre aktørar, frilansare og uavhengige tenesteleverandørar. Nesten 75 % av selskapa har berre ein eller under ein tilsett. Berre 4 % av selskapa har meir enn 5 tilsette. Mange av småselskapa har ikkje nok aktivitet til å gje eit levebrød aleine. Berre kvart fjerde selskap har over 1 mill kr i årsomsetnad. Ifølge Ideas2evidence var det 167 selskap i Hordaland (53,7 % av talet selskap på Vestlandet i 2008). Talet på sysselsette innan filmnæringa i Hordaland var 181 (2004) og 274 (2007). Ein auking på 51,4 % på 3 år. Bearbeidingsverdien (= produksjonsverdi minus kjøp av varer og tenester) innan filmnæringa i Hordaland var 57 mill. kr i 2004 og 101,4 i 2007. Ein auking på 77,9 % på 3 år. I tillegg til sysselsetting og verdiskaping har filmproduksjonen direkte ringverknadar. Film kan vere innsatsfaktor i andre næringar (reklame, filmturisme, filmproduksjon som attraksjons- og stedskvalitet og film som byggjar av regional identitet m.m.). Bergen kommunes filmutval: Verkemiddel og tiltak Fylkesrådmannen er samd i at den sterke sentralisering på filmområdet er ei hovudutfordring for den regionale bransjen. Vidare er det klårt at Vestnorsk Filmsenter (VFS) er det viktigaste regionale verktøyet på feltet. Det er difor rett, som utvalet påpeikar at det er dette verktøyet som må vidareutviklast og som må stå ansvarleg for aktuelle tiltak. Fylkesrådmannen etterlyser ei meir offensiv haldning til korleis VFS kan få sterkare innflytelse på tildeling av produksjonsmidlar til langfilm. Som eit klårt andre sentrum for filmproduksjon i Noreg, må regionen sikrast innflytelse enten ved oppnemning til Norsk filminstitutt, eller ved overføring av mynde og midlar til VFS. Utvalet har ei rad gode forslag som krev auka tilskot. Nokre av desse, som til dømes produksjonsmidlane, er statlege og drøftingar om dette må i så fall gjerast i forhold til Kulturdepartementet. Dersom Bergen kommune vil sette i gong slike drøftingar, er det viktig å samhandle med Hordaland fylkeskommune og med fylka i VFS sitt verkeområde. Fylkesrådmannen ser at det er gode grunnar til å ta opp slike drøftingar. 4
Utvalet føreslår vidare ein del konkrete tiltak: Styrking av FUZZ Kompetansesenter for distribusjon av dokumentarfilm Målmedveten satsing på talentutvikling Talent Vest. Bransjeutviklande tiltak Samarbeid mellom utdanningsinstitusjonar og filmnæringa Samarbeid mellom filmmiljøet og kulturinstitusjonar Felles merkevare for filmproduksjon i vår region Etablering av Filmens hus Hordaland fylkeskommune er konkret beden om å vurdera engasjement i filmfondet FUZZ. Dette er eit spørsmål som fylkesrådmannen vil kome tilbake til. Spørsmålet om etablering av kompetansesenter for distribusjon av dokumentarfilm krev nærare utgreiing. Hordaland fylkeskommune deltek gjerne i dialog om dette. Tanken om målmedveten satsing på talentutvikling er interessant. Hordaland fylkeskommune har satsa på dette innanfor litteraturfeltet gjennom etablering av Skrivekunstakademiet, eit unikt tilbod på høgskulenivå. Dette akademiet er ikkje øyremerkt vestlendingar, men tek imot studentar frå heile landet. Likevel har det sterkt medverka til utvikling av eit solid litteraturmiljø forankra i vår region. Hordaland fylkeskommune ser at filmfeltet har gode utdanningstilbod på høgskulenivå i Noreg, men meiner likevel at det kan vera aktuelt å utarbeida støtteordningar som ivaretek talent som vil arbeida i regionen. Undersøkingar (Ideas2evidence, rapport 5:2009) av filmbransjen på Vestlandet viser at bransjen er representert i alle dei tre fylka, men at Bergen naturleg nok utpeikar seg som eit tyngdepunkt. Fylkesrådmannen er likevel noko tilbakehalden når det gjeld tanken om å samla filmmiljøet i eit Vestnorsk Filmens Hus. Det må i tilfelle avklårast kor omfattande ei slik samling skal vera. Også innan filmområdet er det viktig å tilstreba gode retningsliner for forsvarleg, transparent og rettferdig tildeling av produksjonsmidlar. I kampen om mest mogleg midlar til utvikling av film, kan eg ikkje sjå at det er rom for å prioritera eit filmens hus. 5