1
Innhald 1. Innleiing... 3 1.1 Lovgrunnlaget... 4 1.2 Plangrunnlag... 4 2 Vern gjennom forsvarleg bruk... 5 2 Kulturminner i Bø og Sauherad... 6 4 Utvikling og endring Bø og Sauherad si historie... 6 5 Grunngjeving og kriteria... 6 6 Kulturminner og kulturmiljø... 7 7 Prosess og medverknad... 7 7.1 Organisering og medverknad... 7 7.2 Plantype... 8 7.3 Planprosess... 8 2
1. Innleiing Kulturminner fortel oss og framtidige generasjonar om korleis regionen vår har blitt til og kan danne grunnlaget for korleis vi vel å gå vidare i dag. Vår lokale historie er med på å forme vår kollektive forståing for kven vi er og dermed vår identitet. Kommunane ser det derfor som verdifult å gjere vurderingar og greie ut om moglegheitar for å ta vare på eit representativt utval av dei spora våre forfedre har lagt att etter seg. Kulturminner er ikkje fornybare ressursar, og krev at ein gjer ei aktiv vurdering om forsvarleg bruk og bevaring. Kulturminneplanen må ta omsyn til både bygningar, så vel som tru og tradisjon, eller materielle, så vel som immaterielle kulturminner. Med kulturminneplanen ønskjer Bø og Sauherad kommunar å gjere dei verdiane kulturminna ber med seg tydelege, både når det gjeld bruksverdi, opplevingsverdi og kunnskapsverdi. Med ein kulturminneplan ønskjer kommunane: Å auke eigen kompetanse på kulturminnefeltet. Sikre forsvarleg bruk og vern av både materielle og immaterielle kulturminner. Vere ein aktiv aktør og støttespelar for grunneigarar, næringsliv, utbyggjarar og investorar som ønskjer å utnytte areal, kulturminner og miljø. Gjere aktive val som kjem framtidige generasjonar til gode. Kulturminner er ifølge kulturminnelova alle spor etter menneskeleg verksemd i vårt fysiske miljø, dette er lokalitetar det knyt seg historiske tru, tradisjon eller hendingar til. Slike kan blant anna bestå av hus, vegar, bruer, industribygg eller fartøy. Kulturminner kan ein òg finne i utmark eller under dyrka mark, som for eksempel tjæremiler, kolgrop, gravhaugar, jernvinner, rydningsrøyser eller buplassar. Bø og Sauherad har gjennom arbeidet med kulturminneregistrering sidan 2009 fått ei tydeleg auke i talet på registrerte kulturminner. Sauherad historielag og andre frivillige har gitt oss ein grundig og vid database over kulturminner som i sin heilskap gir oss eit inntrykk av det særeigne og mangfaldet i vår kulturhistorie. 3
1.1 Lovgrunnlaget Planen vert utarbeidd som ein kommunedelplan med heimel i PBL 11-1, 3 ledd. I følgje PBL 4-1 og 11-13 skal kommunedelplanar starte opp med utarbeiding av eit planprogram. Planprogrammet legg viktige føringar for arbeidet med kommunedelplanen, og det er krav om brei medverknad frå frivillig sektor. I samsvar med lova skal forslag til planprogram sendast på høyring og leggjast ut til offentleg ettersyn i minimum seks veker. Det er ein del av planarbeidet å vurdera konsekvensane for miljø og samfunn og syna fram alternative løysingar. Administrasjonane i Bø og Sauherad ynskjer å utarbeide planen som ein interkommunal kommunedelplan, jamfør plan og bygningslova (PBL) 9-1. I 9-1 vert kommunane oppmoda om å samarbeide når det er hensiktsmessig å samordne planlegginga over kommunegrenser. Samarbeidet kan omfatte alle kommunale plantypar. For å gjennomføre ein interkommunal kommunedelplanprosess, har formannskapa i båe kommunar 08.09.14. delegert myndigheita til å treffe vedtak, Jf. PBL 9-3, om planprosessen til eit interkommunalt styre for planprosessen, inkludert fastsetting av planprogram. Kvart kommunestyre har oppnemnt 1 representant til eit interkommunalt styre. 1.2 Plangrunnlag Desse lovar og planar legg føringar for Bø og Sauherad si utarbeiding av ein interkommunal kommunedelplan for kulturminner: Lov om kulturminne av 9. juni 1978, siste endra 01.01.2010 LOV-2007-06-29-89 Kulturlova. Lov om offentlege styresmakters ansvar for kulturverksemd (kulturlova) (2007-06-29) LOV 2008-06-27 nr 71: Lov om planlegging og byggesaksbehandling (plan- og bygningsloven) Stortingsmelding nr. 16 (2004-2005) Leve med kulturminner UNESCOs konvensjon av 17. oktober 2003 om vern av den immaterielle kulturarven. Den Europeiske Landskapskonvensjonen (Miljøverndepartementet, 2009) Fylkesdelplan kultur og kulturminner i Telemark «Strategi for kultur og kulturarv», 2014. Kommunedelplanen sin samfunnsdel, for både Bø og Sauherad. Forutan bevaringsplan for Gamlegata på Gvarv (1990) har ingen plan for kulturminner. I båe kommunar sine noverande planstrategiar er det føreslått at kommunedelplan for kulturminner blir utarbeida. 4
2 Vern gjennom forsvarleg bruk Kulturminneplanen har som mål å sikre Bø og Sauherad sine historiske verdiar på en god måte. Ein viktig føresetnad for å kunne ta dette ansvaret er at kommunane tileignar seg kunnskap om alle dei kulturminner og kulturmiljø området har, samt gode faglege vurderingar og råd om korleis desse kan og bør i varetakast for framtidige generasjonar. Det er difor viktig at kulturminneplanen: gjer ei revurdering av eksisterande vern og klassifiseringar av materielle kulturminner gjer ei vurdering av registrerte kulturminner ut frå ulike databasar for tilgjengeleg kulturminner gjer greie for stoda til lokal bevaring av immateriell kulturarv Med ønskje om å vere ein aktiv aktør for bevaring av kulturminner gjennom forsvarleg bruk, og støttespelar for grunneigarar, lokale arkiv, museum, næringsliv, osb. vil planen utarbeide ein handlingsplan der det vil takast omsyn til aktuelle tiltak for utvalde kulturminner: Ein skil gjerne mellom to formar for kulturminner. Desse to formar for kulturminner kallar vi immaterielle kulturminner og materielle kulturminner. Med dette vektar ein både verdien av gjenstandar og verdien av den kunnskapen kulturminna ber med seg. Vidare satsing for registrering av nyare tids kulturminner Medan materiell kulturarv Behov for skilting er gjenstandar som Konkretisering av moglegheiter for offentlege spydspissar, bygg og støtteordningar til bevaring av kulturminner infrastruktur, er Vurdere behov for byggeskikkvegleiing i samband immaterielle kulturminner med kulturmiljø song, dans, ritual, soger og Formidling, både mot skule og digitalt ferdigheiter. Behov for rydding og eventuell tilrettelegging av kulturminner Behov for regulering til vern Forankring og samarbeid ved konkrete tiltak Vurderer behov for utarbeiding av saksprossedyre for byggesakhandsaming 5
2 Kulturminner i Bø og Sauherad Her presenterast aktuelle databasar med oversikt over kulturminner i Bø og Sauherad, som dannar datagrunnlaget for materielle kulturminner i planarbeidet: Askeladden Kulturminnesøk lokale registreringar SEFRAK-registeret Listeførte kyrkjer Topografisk arkiv, med fleire. 4 Utvikling og endring Bø og Sauherad si historie For å i det heile kunne gjere ei vurdering av kulturminner er det viktig at ein i kulturminneplanen tek omsyn til historia og det særmerkte med området. Med utgangspunkt i dei punkta som er lista opp i Handboka til Riksantikvaren, s. 14, vil kulturminneplanen greie ut om: Viktige lokalhistoriske trekk, med særleg vekt på det fysiske miljøet og endringar opp gjennom tidene. Viktige element, strukturar og karaktertrekk i Bø og Sauherad Næringar og kombinasjonar av næringar som har vore sentrale i ulike tidsperiodar Geografiske skilnader i kommunane når det gjeld næringsmessige tilhøve Samferdslemessige endringar i kommunane Handelsstader og tettstader knytt til trafikknutepunkt i kommunen Offentlege anlegg og verksemder som har vore viktige i kommunen Spesielle hendingar eller personar som har hatt stor tyding for kommunen 5 Grunngjeving og kriteria På bakgrunn av den lokale historiske utviklinga (sjå kap. 4) vil ein gjere utval av kulturminner som symboliserer utviklinga for Bø og Sauherad. I denne vurderinga vil ein legge til grun ei rekke kriteria som kulturminna skal vektast mot: Representativitet Samanheng og miljø Autensitet Fysisk tilstand Arkitektonisk og kunstnarisk kvalitet Identitet og symbol Økonomi og bruk Økologi Det skal òg greiast ut om ulike vernekategoriar: Kriteria for automatisk freding av kulturminne Kriteria for vedtaksfreda kulturminne frå nyare tid. 6
6 Kulturminner og kulturmiljø Kulturminner som er verna og dei ein eventuelt ønskjer å verne skal presenterast i planen. Allereie freda og verna kulturminner skal listast opp. Vidare skal nye utvalde kulturminner presenterast med ei skildring, kort historikk, forslag til vern og tiltak(handlingsplan), og grunngjeving av utval på bakgrunn av ovannemnte kriteria. Riksantikvaren legge i sin vegleiar for kulturminneplanarbeid vekt på «å se på helheten når en gjennomfører registreringer for en kommunedelplan for kulturminner og kulturmiljøer. Kulturminner har tilknytning til landskapet gjennom ulike sammenhenger som speiler ressursutnytting, viktige landskapstrekk eller andre stedlige sammenhenger.» Kulturminneplanen bør ta omsyn til dette, og gjere ei vurdering av større områder med stort tilfang av kulturminner og sjå desse som omsynssoner eller kulturmiljø. Det skal takast omsyn til: Immateriell kulturminner o handlingsboren kunnskap Materielle kulturminner o Lause kulturminner (bibliotek, arkiv og museum) o Faste kulturminner Formidling 7 Prosess og medverknad 7.1 Organisering og medverknad Prosjektet vert plassert i eining for kultur, Bø kommune. Prosjektleiar er tilsett i 20% stilling i første omgang ut 2014, for koordinering av arbeidet. For å gjennomføre ein interkommunal kommunedelplanprosess, har formannskapet delegert myndigheit til å treffe vedtak, Jf. PBL 9-3, om planprosessen til eit interkommunalt styre for planprosessen. Styrerepresentant Representerer Rolle/kompetanse Vara Aslaug Norendal Sauherad kommune Politisk rep. Bergit A. Myrjord Bø kommune Politisk rep. Heidi Troneng Hilde Pedersen Bø kommune Kultur Øyvind Dag Dahle Sauherad kommune Planarbeid Geir Sørum Telemark fylkeskommune Kulturminner Jorun A. Hals 7
Arbeidsgruppe for kulturminneplan er under etablering. Lokale lag og institusjon er invitert med. Dette er viktig særleg med omsyn til utveljing av kulturminner, grunngjeving av val og skildring av historia knytt til kulturminner og Bø og Sauherad generelt. Det kan òg vere naudsynt å trekke inn lokale krefter med kompetanse på særlege fagområder innan kulturminner, tradisjonshandtverk, historie, kulturvern, eller liknande, ved behov. 7.2 Plantype Planen skal utarbeidast som ein interkommunal kommunedelplan etter Plan- og bygningslova. 7.3 Planprosess Aktivitet Når Planprogram leggjast ut til offentleg ettersyn og varsling av November 2014 oppstart av planarbeid. Vedtak planprogram, kommunestyra i Bø og Sauherad Februar 2015 Planutkast behandlast 1. gang av styringsgruppa Mai 2015 Planutkast leggjast ut til offentleg ettersyn Mai 2015 Ope informasjonsmøte Mai-juni 2015 Plan handsamast 2. gang av formannskapa i Bø og Sauherad Oktober 2015 Endeleg planvedtak, kommunestyra i Bø og Sauherad Oktober 2015 8