Utval Møtedato Utval Saksnr Formannskapet /55 Kommunestyret /54

Like dokumenter
LINDESNES KOMMUNE Servicekontoret

Kvænangen kommune Økonomiavdeling

Fylgjande medlemmer hadde meldt forfall: Navn Funksjon Representerer. Olsnes Jarle Solbu MEDL AP

Ved alternativ votering mellom framlegg frå Margit Smeland og formannskapet si tilråding, vart Margit Smeland sitt framlegg samrøystes vedteke.

For bustader/fritidsbustader med tomt til desse, samt ubebygde tomter til dette formål, settast eigedomsskatten til 3,5 promille, jfr eskl 12.

SAKSPAPIR. Saksnr Utval Type Dato 064/15 Formannskapet PS HØYRINGSUTTALE - FORSLAG OM Å ENDRE EIENDOMSSKATT PÅ VERK OG BRUK

Møteprotokoll. Kvænangen formannskap

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Aud Norunn Strand Arkiv: 232 Arkivsaksnr.: 18/98 ENDRINGER I EIENDOMSSKATT - KONSEKVENSER FOR KOMMUNEN

MØTEBOK Tysnes kommune

Informasjonsmøte om eiendomsskatt

Arkivsak: 15/650 SAMLET SAKSFREMSTILLING - HØRING OM EIENDOMSBESKATNING AV ARBEIDSMASKINER MV. I VERK OG BRUK

Saksframlegg. Høringsuttalelse - Eiendomsbeskatning av arbeidsmaskiner mv. i verk og bruk

Eiendomsskatt - tilpasninger til lovendringer i eiendomsskatteloven fra 2019

Postboks 8008 Dep Arkiv OSLO Saksbehandler Ella Moren Direkte telefon Telefaks Dato

Utvalg Utvalgssak Møtedato. Økonomi- og planutvalget 103/ Kommunestyret 99/

Utskrift av møtebok. Dato: Arkivsak: 2015/ Saksbehandler: Gøril Sire Halvorsen

MØTEPROTOKOLL. Marit A Aase Tone Ramsli

SAKSDOKUMENT. Årsbudsjett Endring i framlegg knytt til nytt punkt 2 om eigedomsskatt

Saksbehandler: Rolf Terje Klungland Saksfremlegg Arkivsaksnr: 15/821

VINJE KOMMUNE MØTEBOK

SAKSFRAMLEGG EIGEDOMSSKATT - ORIENTERING. Saksbehandlar: Magne Værholm Arkiv: 232 Arkivsaksnr.: 05/00651

Melding om vedtak - Framlegg om å fjerne eigedomsskatt på verk og bruk - høyringsuttale

KOMMUNESTYRETS ÅRLIGE EIENDOMSSKATTEVEDTAK. - hvor kommunen har innført eiendomsskatt tidligere

Saksframlegg. Saksnr Utvalg Type Dato 040/15 Formannskapet PS /15 Kommunestyret PS

Overhalla kommune - Positiv, frisk og framsynt Rådmann i Overhalla. Saksframlegg

HØYRING - ORGANISERING AV EIGEDOMSOPPMÅLING. FORSLAG TIL ENDRING I MATRIKKELLOVA ARKIVKODE: SAKSNR.: SAKSHANDSAMAR: SIGN.:

Utvalg Utvalgssak Møtedato. Økonomi- og planutvalget 97/ Kommunestyret 81/

SKATT FRÅ KRAFTSELSKAP

Utval Møtedato Utval Saksnr Formannskapet /14. Høyring forslag til nytt inntektssystem for kommunane

Utval Møtedato Utval Saksnr Formannskapet. Høyring - forslag til nytt inntektssystem for kommunane

SAMLET SAKSFRAMSTILLING. Saksbehandler: Børge Jacobsen Arkiv: /16 FORMANNSKAPET /16 KOMMUNESTYRET

I samband med budsjetthandsaminga fro 2014 K-sak 185/13 vart det gjort slikt vedtak i pukt 24:

SAKSPAPIR. Styre, komite, utval Møtedato Saknr Giske formannskap /17 Giske kommunestyre

Møtestad: Hareid rådhus Dato: onsdag, Tid:11:00

Verdal kommune Sakspapir

NOTAT. Til skilnad frå andre skatteinntekter går eigedomsskatt direkte til Kvam herad, og er ikkje samordna med rammetilskotet.

Utval Møtedato Utval Saksnr Formannskapet Kommunestyret. Forvalting av særavtalekraft og konsesjonskraft

Dokumentnr.: 15/ Saksbehandler: Hakon Huus-Hansen Dato: Sak nr. Behandles av: Møtedato Hovedstyret

Vinje kommune. Økonomi, plan og utvikling. Kommuneplanens samfunnsdel - til høyring og offentleg ettersyn

Utval Møtedato Utval Saksnr Plan- og miljøutvalet /23. 99/4 - Mindre planendring utviding av utnyttingsgrad Eivindbu

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Rådmann Arkiv: 232 &13 Arkivsaksnr.: 15/ HØRING - EIEDOMSBESKATNING AV ARBEIDSMASKINER MV.

LOV nr 44: Lov om endringar i lov 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane

Dykkar ref. Vår ref. Sakshandsamar: Arkivkode: Dato: Sverre Sæter, sverre.seter nissedal.kommune.no

Austrheim kommune. Sakspapir. SAKSGANG Styre, utval, råd m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kommunestyret /11 Olav Mongstad

Fjell kommune Arkiv: 422 Saksmappe: 2015/ /2015 Sakshandsamar: Line Barmen Dato: SAKSDOKUMENT

Rett utrekning går fram av saksframlegget til dette ekstraordinære møtet

Saksprotokoll. Det vert gjort følgjande endringar i tillegg til budsjettnotat nr 1 i punkt 1.

Vinje kommune. Rådmannen. NOU 2006:2 Staten og Den norske kyrkja - høyring

MØTEINNKALLING SAKSLISTE 23/15 15/244 VALG AV STYREMEDLEMMER VARANGER MUSEUM FOR PERODEN

Dykkar ref. Vår ref. Saksh. tlf. Dato 2014/ /2014 Unni Rygg

Austevoll kommune. vår re Arkivkode Dykkar ref. Dato. 07/ /LEH L UTREDNING OM BETALING FOR BRUK AV AREAL I KYSTSONA.

r,,éa7 é.;l\ ÅNDØY KOMMUNE Stab HØRINGSUTTALESLE LANDSAMMENSLUTNINGA AV NORSKE VINDKRAFTKOMMUNER

Referansar: Saksbehandlar: Dato: Dykkar: Randi Helene Hilland

Informasjon om eiendomsskatt i Nordre Land. Synnfjellporten

Saksnr. utval Utval Møtedato 18/023 ELDRERÅDET /019 RÅD FOR MENNESKE MED NEDSETT

Utval Møtedato Utval Saksnr Plan- og miljøutvalet /84 Kommunestyret. Buplikt for nær slekt - endring av forskrift for Vinje kommune

Utvalgssaksnr. Utvalg Møtedato 16/103 Formannskapet /67 Kommunestyret

Første gangs utskrivning av kommunal eiendomsskatt i 2015 for Stor-Elvdal kommune

,IAYaSLIEf' - i 1-3y. Dykkar ref. Vår ref. Arkiv.- Dato 04/2176 SLLCT/ KR 08/703-4 / MBA/08 /3627 N

Hovudutval Plan og Ressurs har behandla saka i møte sak 80/16

Dykkar ref: Vår ref Saksbeh: Arkivkode: Dato: 2017/ Einar Mikkelsen,

Høyring Forslag om endringar i privatskulelova Innføring av midlertidig dispensasjonsregel

Saksnr. utval Utval Møtedato 184/17 Formannskapet Kommunestyret

Eiendomsskatt bortfall av «maskinskatten»

Del IV: Eiendomsskatt på verk og bruk. 1. Status i verk og bruk saken 2. Retningslinjer for verdsettelse av verk og bruk

Vinje kommune. Vinje sjukeheim. Høyringssvar Forslag til ny Folkehelselov. Vedlagt oversendast høyringssvar f.rå Vinje Kommune.

Vågsøy kommune. Saksframlegg. Årsbudsjett Økonomiplan JournalpostID: 17/15053 Saksbehandlar: Henrik Skovly Dato:

VOLDA KOMMUNE Servicekontoret

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Kommunestyret BETALINGSSATSAR I SFO, KULTURSKULE OG BARNEHAGAR 2015

Side 2 av 6 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 001/13 13/91 Faste saker 002/13 09/635 Utbygging ved Samnangerh

Utval Møtedato Utval Saksnr Plan- og miljøutvalet /102 Kommunestyret /86

MØTEPROTOKOLL. Formannskapet SAKLISTE: Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: Tid: Tittel

Utval Møtedato Utval Saksnr Plan- og miljøutvalet /156 Kommunestyret /67

Framlegg til bustadbyggjeprogram Lindås kommune

Utval Møtedato Utval Saksnr Plan- og miljøutvalet /114 Kommunestyret /4

NAUSTDAL KOMMUNE SAKSUTGREIING

MØTEPROTOKOLL. Formannskapet SAKLISTE: 139/09 09/661 Sluttrekneskap fleirbrukshall og del av fellesareal Saften AS

KSE-posten. Nr. 5/ Regjeringen foreslår betydelige innstramminger i eiendomsskatten

Høyringsuttale - Tolking i offentleg sektor - eit spørsmål om rettstryggleik og likeverd

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Andrea Fivelstad Arkivsak: 2015/1152 Løpenr.: 14433/2015

SELJE KOMMUNE Formannskapet. Møtebok. Møtedato: Møtetid: Kl. 16:00 17:00. Møtested: Kommunehuset, 3. etg. Saksnr.

Utval Møtedato Utval Saksnr Plan- og miljøutvalet

Svar på høring - reservasjonsordninga for fastlegar

STORDAL KOMMUNE SAKSPAPIR

Utval Møtedato Utval Saksnr UTGÅTT - Planutvalet - UTGÅTT!! /117

VINJE KOMMUNE MØTEBOK UTVAL STAD DATO KL.:

Kommuneøkonomi. Økonomistyring. Litt om inntektssystemet for kommunane.

Utval Møtedato Utval Saksnr Plan- og miljøutvalet /55 Kommunestyret /45

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Ingunn Hestnes Arkivsak: 2017/1010 Løpenr.: 5290/2017

S 2015 EIGEDOMSSKATT TAKSERING SK 15/2479. Kravspesifikasjon Vedlegg 1. Sogndal kommune - Innkjøp

MØTEPROTOKOLL. Kommunestyret SAKLISTE: 43/18 18/ gongs handsaming Felles plan for Idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv

Saksnr. utval Utval Møtedato 112/18 Formannskapet Kommunestyret. Vedlegg i saka: Prisbok

Råd i kommuner og fylkeskommuner for ungdom, eldre og personer med funksjonsnedsettelse - høyring

Saksframlegg. Sakshandsamar: Inger Pedersen Arkiv: 145 Arkivsaksnr.: 14/

Ullensvang herad Heradsstyret. Møteprotokoll

oppdrettsanlegg Advokat Grunde Bruland Wikborg, Rein & Co OSLO BERGEN LONDON SINGAPORE SHANGHAI KOBE

VINJE KOMMUNE MØTEBOK. Utval Stad Dato Kl. Oppvekst- og velferdsutvalet Formannskapssalen :00

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015, vedteke i kommunestyremøte 11.desember 2014.

2 av 6 Desse sakene vart handsama: SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 069/12 12/689 Faste saker 070/12 12/659

Fylgjande medlemmer hadde meldt forfall: Navn Funksjon Representerer Hilde Alice Vågslid MEDL AP

Transkript:

Vinje kommune Økonomi, plan og utvikling Arkiv saknr: 2015/1858 Løpenr.: 15201/2015 Arkivkode: 232 Utval Møtedato Utval Saksnr Formannskapet 03.09.2015 15/55 Kommunestyret 10.09.2015 15/54 Sakshandsamar: Gry Åsne Aksvik Høyringsuttale eigedomsbeskatning av arbeidsmaskinar mv. i verk og bruk Vedlegg: 1 Høringsbrev 2 Høringsnotat om eiendomsskatt på arbeidsmaskiner 3 Høring om eiendomsbeskatning av arbeidsmaskiner mv. i verk og bruk 4 Høringsinstanser Dokument i saka: 1 Høringsbrev 2 Høringsnotat om eiendomsskatt på arbeidsmaskiner 3 Høring om eiendomsbeskatning av arbeidsmaskiner mv. i verk og bruk Bakgrunn: Finansdepartementets forslag av 18. juni 2015 til endringar i reglane om eigedomsskatt på verk og bruk vil føre til eit inntektstap på om lag 1,5 2 milliardar kronar årleg for om lag 340 kommunar. Forslaget undergraver prinsippet om lokal beskatningsrett, og dermed eit inngrep i lokaldemokratiet. Eit så stort inntektstap vil anten føre til kutt i dei kommunale tenestene til innbyggjarane, auka eigedomskatt på bustader, fritidseigedomar og næringseigedomar, eller begge deler. Vurdering: Skatt på faste eigedomar (eigedomsskatten) er den einaste reine kommunale skattearten vi har. Av eigedomsskattelova 3 går det fram at kommunestyret kan skrive ut eigedomsskatt på anten : a) faste eigedomar i heile kommunen, eller

b) faste eigedomar i klårt avgrensa område som heilt eller delvis er utbygde på byvis eller der slik utbygging er i gang, eller c) berre på verk og bruk i heile kommunen, eller d) berre på verk og bruk og annan næringseigedom i heile kommunen, eller e) eigedom både under bokstav b og c, eller f) eigedom både under bokstav b og d, eller g) faste eigedomar i heile kommunen, unnateke verk og bruk og annan næringseigedom. I Vinje er det eigedomsskatt på verk og bruk i heile kommunen, men ein kunne vald å utvide inntektene ved å legge skatt på fleire av skatteobjektkategoriane. Departementet foreslår ingen endringar i reglane om eigedomsskatt på vasskraftanlegg. Vasskraftanlegg er foreslått som eigen kategori. For andre verk og bruk er det foreslått to alternativ: «Alternativ 1 fritar produksjonsutstyr og installasjonar frå eigedomsbeskatning, men beheld verk og bruk som eit sjølvstendig utskrivingsalternativ.» «Alternativ 2 fjernar verk og bruk som ein egen kategori i eigedomsskatten. Etter dette alternativet blir slike anlegg skattelagt som alminnelig næringseigedom.» Begge alternativa avviklar i realiteten eigedomsskatt på verk og bruk. Departementet foreslår nye grensesnitt (begge alt) for kva som høyrer med til den faste eigedomen. I følje gjeldande rett går grensesnittet mellom lausøyre og integrerte anleggsdeler. Lausøyre skal ikkje reknast med til den faste eigedomen, og det må vurderast konkret i kvart tilfelle kva som er lausøyre og kva som er integrert utstyr. Her har det vore om lag 12 høgsterettssaker samt mange saker i lågare rettsinstansar sidan 1912 som har drege opp grensene mellom lausøyre og integrert produksjonsutstyr. Grovt sett er lausøyre laust verktøy og produksjonsutstyr og anna som enkelt kan flyttast, medan fastmontert og integrert produksjonsutstyr skal vera med i verdivurderinga av ein eigedom. Som døme vert maskinene som sagar og høvlar tømmeret i ein trelastfabrikk rekna som integrert då desse stettar dei kriteria som er utvikla gjennom rettspraksis (er fastmonterte og er naudsynte for produksjonen), medan ein truck som nyttast til å flytte tømmer og materialar og som for så vidt også er viktig for produksjonen, reknast som lausøyre og skal ikkje reknast med i eigedomsskattegrunnlaget.

I mange produksjonsverksemder inneber maskiner og installasjonar den største verdien, medan bygget rundt kan ha mindre verdi. Døme på dette er dei store i landføringsanlegga for olje og gass, smelteverk og hamneanlegg. I høyringsnotatet går det fram at Produksjonsutstyr og produksjonsinstallasjonar ikkje skal reknast som fast eigedom. Det som skal reknast med er bygning, tomt og utstyr som «tener bygget» jf. Høringsnotatet s.25 3. avsnitt. Regjeringa signalisera allereie i regjeringsplatforma (Sundvoldenerklæringa) at dei ville gjera endringar i reglane som gjaldt verk og bruk. I Sundvoldenerklæringa var formuleringa: «frita fastmonterte, ikke-integrerte maskiner fra eiendomsskatt i industrianlegg (gjelder ikke kraftanlegg)». Forslaget som no er på høyring er langt meir omfattande ved at formuleringa er endra til: «Produksjonsutstyr og installasjonar skal ikkje reknast med». Kort kan ein sei at det er produksjonsutstyr og installasjonar som er det sentrale ved verk- og brukkategorien. Bygningar og grunn har ofte liten verdi samanlikna med produksjonsmidlane. Andre næringseigedomar er normalt kjenneteikna ved at det meste av verdien ligg i bygningar og grunn resten er lausøyre. Den opphavlege formuleringa i Sundvoldenerklæringa vart tolka slik at integrerte, fastmonterte maskiner framleis skulle høyre med i skattegrunnlaget. Men kva som skulle høyre med til integrerte, fastmonterte maskiner og utstyr til skilnad frå ikkjeintegrerte fastmonterte var uklart og ville truleg skape eit nytt vanskeleg grenseland med rom for tvist og rettssaker. Dette har truleg finansdepartementet også sett og enda opp med å foreslå at alt produksjonsutstyr og installasjonar skal fritakast for eigedomsskatt. Den viktigaste verknaden for Vinje ved endringa vil vere at alt kraftline- og telenett fell bort som eigedomsskatteobjekt. Store kraftliner er til dels upopulære, og eigedomsskatt er den einaste kompensasjonen kommunen får. Dei mindre kraftlinene (distribusjonsnettet), som i vårt område eigast av Rauland Kraftforsyningslag og VTK, svarar også eigedomsskatt. Det same gjeld for telenett/breibånd. Den årlege reduksjon i inntekter for Vinje vil såleis vere om lag 4,5 millionar kr om dei nye reglane vert innført. Desse midlane kan løne ca. 6,4 årsverk i skulen eller 6-7 årsverk innan helse. Om det berre vert dei ikkje-integrerte maskinene og produksjonsutstyret som får fritak så har dette liten verknad for Vinje. I alternativ 1 er det berre forslag om å ta ut produksjonsutstyr og installasjonar i kategorien verk og bruk, alternativ 2 opphevar i tillegg verk og bruk som eigen kategori og innfører kraftanlegg som ein eigen kategori. Det vil sei at alt næringsliv vert samla i kategorien næringseigedom bortsett frå kraftverka. Dersom endringane som er foreslått blir vedteke, kan ein tenkje seg at dette gjer kraftskatten meir sårbar

for angrep frå bransjen då dei kan hevde at dei er dei einaste som må betale eigedomsskatt på produksjonsutstyr og installasjonar. Kvar krone i eigedomsskatt går til velferdstenestar for kommunens innbyggjarar. Ein avvikling av eigedomsskatt på verk og bruk vil kunne føre til eit press på kommunane for å auke eigedomsskatt på andre eigedomsskatteobjekt, som bustader, fritidseigedomar og næringseigedomar. Sakshandsamar ser forslaget som eit brot på den samfunnskontrakten som er inngått mellom staten og kommunane ved avståelse av verdifulle naturressursar til store kraftnett. Eit viktig element i slike saker er at den kommunen som vert røyrd vil mottaka eigedomsskatteintektar. Verken for kraftliner eller vindkraftanlegg ligg det føre andre ordningar som tilgodeser den kommunen som vert røyrd av utbygginga. Forslaget fører til ein endring av offentlege inntekter frå kommunesektoren til staten. I høyringsnotatet er det opplyst at selskapsskatten på statens hand vil auke med 300 millionar kr årleg. I tillegg vil forslaget føre til ein betydelege skattelette for statlege bedrifter som Statnett, Statkraft og Statoil. Disse skattelettelsene gjev rom for auka utbytte til staten. Staten aleine vil få ein skattelette på om lag 150 millionar kroner årleg, og samla vil staten truleg tene henimot 1 milliard kroner årleg på forslaget. Mens eigedomsskatten er knytt til det stadbundne anlegg, vil selskapsskatten bli utmålt på konsernnivå. Kort oppsummering: Eigedomsskatten er einaste kommunale skattearten. Denne er viktig for lokalpolitisk handlingsrom og bør ikkje svekkast. Grensedraginga mellom lausøyre og fast eigedom har utvikla seg gjennom lang praksis og domar i ymse rettstvistar, og er i dag ingen vesentleg problemstilling. Likevel kan rettstilstanden vere vanskeleg tilgjengeleg for andre enn juristar, slik at ei sentral forskrift for taksering og utskriving av eigedomsskatt bør utarbeidast. Forslaget inneber oppheving av eigedomsskatt på kraftliner og andre installasjonar i kraftsystemet med unnatak av kraftproduksjonsanlegg. Eigedomsskatt på desse installasjonar og anlegg er den einaste kompensasjonen kommunar med slike til dels skjemmande anlegg får, og ein bør difor halde fast på kraftliner som skatteobjekt. Alternativ 2 i forslaget inneber også at kategorien «Verk og bruk» fell bort og slege saman med andre næringseigedomar.

Rådmannens framlegg til vedtak: Rådmannen, 24.08.15 Jan Myrekrok, rådmann /s/ Handsaming i Formannskapet 03.09.2015: Framlegget frå rådmannen blei samrøystes vedteke. Saksordførar: Børre Rønningen --------------------------------Dette er slutten på vedtaksteksten (denne teksten skrives ikke ut)--------------------------------------------------- Handsaming i Kommunestyret 10.09.2015: Framlegget frå formannskapet blei samrøystes vedteke. --------------------------------Dette er slutten på vedtaksteksten (denne teksten skrives ikke ut)---------------------------------------------------