Uttale til høyringsnotat til konsekvensutgreiing av mogeleg nedlegging av Litlabø skule frå skuleåret 2012-2013 og framlegg om forskrift med heimel i opplæringslova 8-1 frå SAMARBEIDSUTVALET og SKULEMILJØUTVALET ved SAGVÅG SKULE
Uttale frå Samarbeidsutvalet(SU) ved Sagvåg skule Rådsorgana ved Sagvåg skule har hatt eit tett samarbeid i høyringsprosessen. Det kjem ein høyringsuttale frå FAU, SU og SMU. Leiar i FAU har ført uttalen frå FAU i pennen medan rektor, som skrivar i SU og SMU, har skrive denne utallen for desse to rådsorgana. Rektor ved Sagvåg skule har også skrive ein eigen uttale. Dette vedtaket vart fatta i både SU og SMU ved Sagvåg skule: Vedtak: Rådsorgana SU og SMU går inn for alternativ 0 der ein går inn for å oppretthalda Litlabø skule. Etablering av nye skular eller nedlegging av eksisterande skular er ei så alvorleg samfunnspolitisk sak, at ein må forventa at slike avgjersler vert handsama i skulebruksplanen. Den gjeldande planen (2008-2015) inneheld ikkje framlegg om nedlegging av Litlabø skule. Ei vurdering av nedlegging, eller bygging av nye skular, må eventuelt med i den nye skulebruksplanen som skal vera klar til 2015. Høyringsutale frå Sagvåg skule Side 2
Uttale frå Skulemiljøutvalet (SMU) ved Sagvåg skule Skulemiljøutvalet (SMU) vil i uttalen legga vekt på kva framlegg til forskrift vi ha på seie for skulemiljøet ved Sagvåg skule. Den overordna lovteksten i uttalen frå SMU er Opplæringslova 9a --------- 9a-2. Det fysiske miljøet Skolane skal planleggjast, byggjast, tilretteleggjast og drivast slik at det blir teke omsyn til tryggleiken, helsa, trivselen og læringa til elevane. Det fysiske miljøet i skolen skal vere i samsvar med dei faglege normene som fagmyndigheitene til kvar tid anbefaler. Dersom enkelte miljøtilhøve avvik frå desse normene, må skolen kunne dokumentere at miljøet likevel har tilfredsstillande verknad for helsa, trivselen og læringa til elevane. Alle elevar har rett til ein arbeidsplass som er tilpassa behova deira. Skolen skal innreiast slik at det blir teke omsyn til dei elevane ved skolen som har funksjonshemmingar. Dersom ein elev eller forelder, eller eit av råda eller utvala ved skolen der desse er representerte, ber om tiltak for å rette på fysiske miljøtilhøve, skal skolen snarast mogleg behandle saka etter reglane om enkeltvedtak i forvaltningslova. Om skolen ikkje innan rimeleg tid har teke stilling til saka, vil det likevel kunne klagast etter føresegnene i forvaltningslova som om det var gjort enkeltvedtak. Føyd til med lov 20 des 2002 nr. 112 (ikr. 1 apr 2003, etter res. 20 des 2002 nr. 1735). ----------- Nærskuleprinsipp og skulekrinsgrenser(kapitel 4 i Høyringsnotatet) Skulen som nærmiljøsenter (Kapitel 7 i Høyringsnotatet) Me ser at arbeidet som er gjort med å laga ei forskrift om kva skular elevane i området Litlabø- Sagvåg-Tjødnalio soknar til, har vore svært krevjande. Forskrifta vil slå svært uheldig ut for Sagvåg skule. Streken som er trekt gjennom området, som kartet på neste side syner, fører til at Sagvåg skule i realiteten vil få eit todelt nedslagsfelt. Skulekrinsen vår vil bestå av to isolerte øyar. Elevar frå store delar av Nysæterfeltet som no kjem til Sagvåg skule, vil etter denne forskrifta i framtida høyra til Tjødnalio skule. Dette fører til at me sit att med to separate område. Det eine området vil liggja nær skulen og det andre området vil ha ei plassering der Litlabø skule ligg i dag. Det vil også verta vanskeleg å etablera ein god situasjon der skulen vert ein naturleg del av nærmiljøet til alle elevane. Foreldra vil også i åra som kjem oppleva uvisse knytt til spørsmålet om Sagvåg skule sin kapasitet til å ta imot dei elevane som bur i området vårt. Høyringsutale frå Sagvåg skule Side 3
Område som «soknar» til Sagvåg skule i dag. Nytt framlegg til grense etter framlegg til ny forskrift Konsekvensane for Sagvåg skule om Litlabø skule vert nedlagt og forskrifta vert vedteken Høyringsutale frå Sagvåg skule Side 4
Trafikksituasjonen og tryggleiken til elevane SMU vil også uttrykka uro for trafikksituasjonen utanfor Sagvåg skule. I tidsrommet 08.00-08.30 kjem det 40 til 50 bilar inn på skuleplassen. Det siste kvarteret kjem det om lag 2 bilar i minuttet. Bilete frå trafikkteljinga fredag 10.februar 2011 kl 08.20 FAU har tidlegare komme med innspel der ein ynskjer ei ny regulering av trafikken slik at bilane ein slepp å køyra inn på sjølve skuleplassen for å snu. Her er eit døme på løysing. Sagvåg skule 15.februar 2012 Lars Bakka Skrivar Samarbeidsutvalet og skulemiljøutvalet Høyringsutale frå Sagvåg skule Side 5