Årsmøte i Lærdal Golfklubb den 11. februar 2009 REFERAT Stad: Lærdal kulturhus, kinosalen. Kl.18.30 Heidersteikn: Henning Lem fikk blomster frå Årsmøtet som takk for god innsast som leiar. Spesiell takk for arbeid med innføringa av Golfkortet og organisering av det administrative som vil gjere arbeidet enklare for det nye Styret. Jarle Teigen og Morten Asperheim vart Årets Golfarar og fikk diplom for framifrå spel med 39 poeng på 12 hol, 3 under par, i Sesongslutt-turneringa 20. september - Texas Scramble. Tor Helge Vee fikk premie, ei spesiell blank, flat metallflaske med inngravering, for siger i Lærdal Golf Club Winter Cup 2009 på La Manga Stableford over 72 hol. Vidar Øygard vart heidra med blomster som takk for å bringe golfarane gjennom natta til/fra Gardermoen. Morten Asperheim vart premiert for siger i MatchCup 2008. Dagsorden og sakliste til årsmøtet: Sak 1. Val av dirigent, referent og 2 representantar til å underteikna protokollen Antall frammøtte 16 Ordstyrar Henning Lem Referent Petter Lossius Unterteikne Odd Inge Mo og Tor Helge Vee Sak 2. Godkjenning av rett innkalling Sak 3. Godkjenning av saklista Sak 4. Handsame laget si årsmelding. Vart samrøystes godkjent, med følgjande kommentarar: Avsnitt 4. Bane og banespel Hol 1, nettet ved gul tee er ikkje sikkert da baller kan komme i retur ved treff av stolper. Treng polstring. Avsnitt 4. Bane og banespel Lokale Reglar bør ryddast opp i
Det er uklart kva som er lokale reglar i høve Tillegg I Del A og B i Golfreglane, og som kan gi straff ved brudd, og kva som er banebeskrivelse eller hører til etikette-delen. Avsnitt 5. Medlems statistikk Er greenfee kr 200 for høyt? Ikkje for heil dag. Avsnitt 5. Medlems statistikk Utmelding, fra 2009 kan en melde seg ut når en vil på året. Oppgjer til NGF er delt i to, 75% ved årsskiftet og 25% 31. juli. Avsnitt 5. Medlems statistikk Trengs fritt spel boka framleis å brukast for registrering? Ja, inntil Golfkortet er fullverdig erstatning. Kan legges ved terminalen. Orientering frå Styret i høve Årsmeldinga: Drivingrange Utladalen ved Henning (økonomi) og Are (plan for oppstart og drift). Henning: Økonomisk kan 2008 og 2009 verte tunge år, men fra 2010 bør det letne. Are: Utslag er ok, og det er innkjøpt matter. Det vil bygges en bod for utstyr, det blir satt opp nett og åpning bør bli mid-mai, med invitasjon av dugnadsfok og støttespillere. Løysing for treningsgreen er ikkje klar. Grasrotandel Norsk Tipping ved Henning Når du tipper kan du be Norsk Tipping betale din favorittklubb tilsvarande 5% av beløpet du tipper. Golfklubben ber at alle som vil støtte Lærdal Golfklubb varsler om det til kommisjonær når ordninga starter fra 1. mars. Terminliste 2009 ved Petter hvilke dagar er best for uhøytidelige turneringar? Det må ryddest opp i mai-lista. Sommerspel-plan er lovande for samlingar på Rikheim. Sak 5. Kontingent 2009 Styret sitt framlegg: Kontingent for 2009 forblir uendra. Fritt Spel Medlem Senior kr. 2200 Fritt Spel Medlem Junior 850 Fjernmedlem Senior 650 Fjernmedlem Junior 300 Støttemedelem utan Norsk Golf 300. Støttemedlem m/norsk Golf 430 Kontingentforslag vart samrøystes godkjent.
Sak 6. Handsame laget sitt rekneskap og budsjett Orientering ved Henning. Rekneskap vart samrøystes godkjent, med følgjande kommentarar: Framlagte dokument viste Resultat-08 mot Budsjett-09 Budsjett-08 mot Budsjett-09 Det ble og etterspurt samanligning Resultat-08 mot Resultat-07 Resultat-08 mot Budsjett-08 Revisor Revisorane påpeker at budsjett er passivt på inntektsida og det er ikkje gunstig når det no er lite å hente ved reduksjon på utgiftsida. Styret må arbeide aktivt for å øke inntekter. Sak 7. Lovendring Styret sitt framlegg: 11 pkt. 10.Val. Endrast slik Gjere følgjande val: Leiar og nestleiar b) 3 styremedlemmer og 2 varamedlemmer. Sak 8. Lånefullmakt. Av formelle omsyn ynskjer vårt banksamband Indre Sogn Sparebank at årsmøtet vedtek retningslinjer og fullmakter for klubben sin kreditt. Styret sitt framlegg: Årsmøtet gir styret slike fullmakter til å ta opp lån/kredittar på vegne av Lærdal golfklubb: 1. Styret kan ta opp lån/kredittar på inntil kr. 250.000.- 2. Formålet med inngåtte kredittar er å syte for naudsynt likviditet til drift og investering i klubben 3. Styret kan pantsetje eignelutar eller aksjar i klubben si eige for dette formål. 4. Styreleiar har prokura. Vart samrøystes godkjent
Sak 9. Innkomne saker Forslag frå Rolf Fjølstad: 1.Rikheim Cup spelast 3 x 9 hol og spelast på laurdag istadenfor søndag. Forslaget vart delt i to avstemninger. Forslag om 3 x 9 hol vart samrøystes godkjent. Forslag om laurdag som speledag vart samrøystes godkjent. 2.Klubbmeistarskap. A: Klasse junior/dame/senior vert ikkje ramma av cut. B: Ved mange påmelde bør ein spele over 2 helgar. Kl A ei helg, resten neste helg. Det vart stemt over del B først og så del A. Del B falt mot ein stemme. Del A vart godkjent mot fire stemmer. Alt speles samme helg, utan cut for nokon, og klasse A. Om naudsynt speles det i to puljer både laurdag og søndag. Sak 10. Val - Valnemnda sitt framlegg til styre. Petter Lossius som leiar, 1 år Odd Inge Mo som nestleiar, 1 år Styremedlemer: Einar Hagen Ivar Otto Rikheim Tor Helge Vee Desse 3 vert valde for 2 år. Framlegg til varamedlem til styret: 1. vara Anne Grete Evjestad Bale, ikkje på val (2008-9) 2. vara Per Åke Evjestad, 2 år Framlegg til val av revisorar: Attval av Einar Asperheim og Sigmund Solvoll. Framlegg til ny valnemnd: Henning Lem Margit Eri Hagen Oddmund Bøe Valnemdas framlegg vart samrøystes godkjent.
Styret innstiller på at arbeidsgruppene frå 2008 held fram og takkar for god innsats i 2008, spesielt Banekomite, arrangørar av turneringar og Knøttegolfen. Møtet vart heva kl 2040. Etter Årmøtet var det taco og quiz på Laksen. Quiz en ble løst som gruppe-arbeid med 3-4 i hver, og treffprosent var fra 60 til 80 %. 12 av 15 er bra. Referent Lorentz Petter Lossius Referat/protokoll godkjent Odd Inge Mo Tor Helge Vee