saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 14.02.2014 9616/2014 Lisbeth Nervik Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet 04.03.2014 Statusrapport akvakulturforvalting og fiskeri februar 2014 Akvakulturforvalting: Vedtak fatta etter akvakulturlova Løyve i perioden til no i 2014 2 Avslag i perioden til no i 2014 0 Akvakultursøknader under behandling Laks og aure i sjø 22 Laks og aure på land (landbasert) 8 Andre arter i sjø 8 Andre arter på land 1 Skaldyr 0 Havbeite 0 * Løyver i perioden er meste lokalitetsklareringar for laks og aure, men kan også vere nye løyver for settefisk av laks og aure + løyver generelt til marine artar og skjell. Det har ikkje vore skrive ut nye løyver for laks og aure sidan førre tildelingsrunde i 2009. Lokalitetsklarering kan t.d. vere: geografisk endring av anlegg, at det vert lagt til ein fôrflåte, utviding av MTB på eksisterande lokaliteter m.m. Lakselus status Lakselus er ein naturleg parasitt på laksefisk i saltvatn, og er funne i alle havområder på den nordlege halvkule. Lakselus er den vanlegaste parasitten på oppdrettslaks, og ei stor utfordring for oppdrettsnæringa. Omfanget har auka mykje i takt med veksten i oppdrettsnæringa. Meir oppdrettslaks betyr fleire vertar som lusa kan feste seg på, og fleire lus som spreiar seg vidare. Frå 2013 har myndigheitene fastsatt ei maksimalgrense på 0,5 voksen holus per fisk. Lakseselskapa må derfor sørgje for å sette inn tiltak i god tid før dei når denne grensa. Lakselus formeirar seg heile året, men raskare når temperaturen aukar, spesielt på seinsommaren. Lakseselskapa er pålagt å rapportere om lusemengda til Mattilsynet ein gong i veka. Medisinen ein har mot lakselus verkar ikkje like effektivt lenger, fordi lusa har vorte meir motstandsdyktig (reistent). Det gjer det vanskeleg å bekjempe parasitten og halde nivået lågt i oppdrettsanlegga. Tiltak som er satt i gang og som har hatt god
effekt er samordna avlusingar i større områder, og bruk av heildekkande presenning i avlusingane. Det vert også jobba aktivt med alternative metodar for avlusing, der det også vert fokusert på metodar retta mot dei tidlege lusestadiane. Fordelen med dette er at den naturlege utviklinga til voksen holus vert broten, og dermed stoppar oppformeiringa av lakselusa. Figurane under er gjennomsnittstal for Noreg og Møre og Romsdal, basert på rapporteringar frå lakseselskapa på lokalitetsnivå. Relativt høge gjennomsnittstemperaturar i sjøen vinteren 2013/14 har gjeve lusa gode forhold til formeiring i Møre og Romsdal. Dette ser vi spesielt på mengda holus i januar månad, der rapportert gjennomsnittsmengde viste 0,62 stk. holus per laks. Samtidig har gjennomsnittsandelen behandlingar (avlusing per lokalitet) auka frå ca. 6 % til over 11,5 % frå januar til februar, med resultat at mengda holus er redusert til 0,37 stk. i same periode. Mattilsynet i Romsdal seier at dei litt oftare får tilbakemelding om dårleg effekt av behandlingar (mindre enn 90 % verknad), og at lakseselskapa gjerne må gjennomføre fleire avlusingar på same lokalitet. Bruken av reinsefisk er høg i fylket vårt, der over 70 % av anlegga har innslag av reinsefisk. Reinsefisken er mindre aktiv om vinteren pga. temperaturen. Ut frå lusestatstikken om Møre og Romsdal: Noreg Møre og Romsdal 2012 2013 2014
Kjelde: www.lusedata.no Marknad: Dei største sjømatmarknadane, etter verdi. Volum i 1 000 tonn og verdi i mrd. NOK. Volum Verdi Volum Verdi Totalt 207 5,908 212 4,728 EU 116 3,554 110 2,702 Russland 23 0,555 33 0,565 Frankrike 12 0,541 12 0,429 Polen 14 0,476 17 0,443 Danmark 14 0,443 21 0,342 Storbritannia 10 0,348 7 0,207 Norsk eksport av laks omrekna til rund vekt. Volum i 1 000 tonn og verdi i mrd. NOK. Volum Verdi Volum Verdi Totalt 85 3,719 86 2,722 EU 57 2,440 58 1,818 Frankrike 11 0,474 12 0,374 Polen 9 0,397 12 0,364 Russland 8 0,362 10 0,313 Danmark 6 0,239 5 0,165 Storbritannia 5 0,219 5 0,132
Norsk eksport av klippfisk. Volum i 1 000 tonn og verdi i mrd. NOK. Pris som NOK/kg. Volum Verdi Pris Volum Verdi Pris Totalt 8,8 0,299 33,86 12,2 0,414 33,82 Brasil 4,3 0,150 35,31 7,2 0,250 34,67 EU 1,6 0,060 36,84 2,3 0,088 38,26 Portugal 1,3 0,047 37,41 2,0 0,077 39,32 Eksport fersk laks 2012 2013 2014 Kommentarar Noreg eksporterte i januar sjømat for NOK 5,9 mrd., dette er NOK 1,1 mrd. eller 25 % meir enn året før. Laks står for nesten heile auken i sjømateksporten i januar, med ein eksport på NOK 3,5 mill. eller nesten NOK 1 mrd. med same mengda. Pris for fersk heil laks var i januar på kr. 48,90. Dette er kr. 14,24 høgare enn same månad i fjor. Prisen i januar var 2 % høgare enn gjennomsnittsprisen i desember. Januareksporten av torsk, sei og hyse kom på over NOK 1,1 mrd., ei auke på NOK 107 mill. eller 10 % frå januar i fjor. Målt i mengde gjekk eksporten av all torskefisk opp med 10 %, og prisen auka med 3 % samanlikna med same tid i fjor. I januar vart det eksportert pelagisk fisk for NOK 669 mill., dette tilsvarer ei auke på 9 %. Det vart eksportert 22 000 tonn fryst heil makrell i januar, ei auke på 21 % samanlikna med januar i fjor. Gjennomsnittsprisen på makrell har vore NOK 11,28 kg, ei auke på 23 %. For fryste sildeprodukt vart det eksportert 14 000 tonn, eller ei auke på 29 %. Gjennomsnittsprisen på fryste sildefiletprodukt var januar NOK 11,15, ein nedgang på 14 % frå januar 2013 Norge eksporterte klippfisk for NOK 298 mill. i januar. Dette er 28 % mindre enn januar i fjor. Det ble totalt eksportert 8 800 tonn klippfisk, 3 432 tonn mindre enn i januar 2013.
Tildeling av nye laksekonsesjonar - Grøne løyver Fiskeridirektoratet lyste i juni i fjor ut 45 nye lakseløyver. Det kom inn 255 søknader, der faggruppa avviste 118 grunna formelle feil. I alt 115 av dei i alt 118 søknadane som vart avvist klaga inn avslaga. No har Nærings- og fiskeridepartementet oppheva alle avvisingsvedtaka med unntak av to søknader i gruppe C. Begge desse søknadane var frå Marine Producers Norge, og avvisingsgrunnen var manglande dokumentasjon av betalingsevne (firma under stifting). Søknadane var ikkje geografisk knyta til Møre og Romsdal. Faggruppa har i tillegg avslått to søknader i Gruppe B grunna tekniske løysingar. Dette er Eide Fjordbruk (Hordaland) og Kobbvåglaks (Nordland). Desse har også rett til å klage på avslaget. I tillegg var det to bedrifter i Gruppe C som ikkje klaga på «formalia» avslaga i «første runden» til faggruppa (Dåfjord Klekkeri (1 søknad, Hordaland) og Husvær Seafood (2 søknader, Nordland)). Det vert no vurdert om desse søknadane skal innatt i søknadshandsaminga og få ei vurdering av det faglege innhaldet/løysingane. Gruppe A Gruppe B Gruppe C Region Troms og Finnmark Uavhengig av region Uavhengig av region Tal på løyve 20 (10 til mindre 15 10 aktørar) Pris 10 mill. kr per løyve Høgaste bod 10 mill. kr per løyve Innløysing Innløysing av eksisterande løyve i same region- som vert grønt løyve Innløysing av eksisterande løyve i same region- som vert grønt løyve Ikkje krav om innløysing Kriterie for tildelingeffektkrav miljøutfordringane» miljøutfordringane» miljøutfordringane vesentleg» Søknader totalt 59 72 124 Søknader MR - 6 15 Avviste 25 27 66 Klager 25 27 63 Prekvalifiserte søknader 59 70 119 Forslag til vedtak: Regional- og næringsutvalet tek statusrapporten om akvakulturforvalting og fiskeri 2013 til orientering. Ottar Brage Guttelvik fylkesrådmann Bergljot Landstad regional- og næringssjef