Eid kommune Rådmann Sogn og Fjordane Fylkeskommune Vår ref: Dykkar ref. Dato: 16/20878-4/ FE-026 ÅKR 18.11.2016 Høyringsfråsegn - Regionreforma på Vestlandet Formannskapet- 159/16, har i møte 17.11.2016 og fatta følgjande vedtak: 1. Eid kommune er positive til ein vestlandsregion og støttar vidare arbeid med utgangspunkt i den framforhandla intensjonsplanen. 2. Det er 85 kommunar i den nye regionen. Heile 67 kommunar har nynorsk språkvedtak, 15 er nøytrale og 3 er bokmålskommunar. Eid kommune føreset og ser det som sjølvsagt at nynorsk vert administrasjonsspråk i den nye regionen 3. Det bør føyast til eit nytt punkt i punkt 10 i intensjonsavtalen: «Statlege forvaltningsorgan må samordne sine regiongrenser med dei nye folkevalde regionane» 4. Sogn og Fjordane skal ikkje splittast opp og Nordfjord skal ikkje frådelast til Møre og Romsdal. Eid kommune ber om at det vert arbeidd for å inkludere heile eller deler av Møre og Romsdal i regionen. 5. Eid kommune meiner det ikkje må stillast som vilkår at tannhelsetenesta ikkje vert overført til kommunane. 6. Eid kommune vil peike på at Sogn og Fjordane har ein desentralisert struktur når det gjeld vidaregåande skule, som må ivaretakast i den nye regionen. 7. Eid kommune meiner det er viktig å sikre at verdiane som ligg i SFE-eigarskapet skal forbli i Sogn og Fjordane/dagens eigarkommunar, til dømes gjennom å sikre lokalt eigarskap. Med helsing Dokumentet er elektronisk godkjent og har derfor ingen signatur Åslaug Krogsæter rådmann Adresse Telefon Org. nr E-post Internett Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid 57 88 58 00 938521816 post@eid.kommune.no www.eid.kommune.no
Eid kommune Arkiv: FE - 026 JournalpostID: 16/23338 Saksbehandlar: Åslaug Krogsæter Vedtaksdato: 09.11.2016 Saksframlegg Saksnr. Utval Møtedato 159/16 Formannskapet 17.11.2016 Høyringsfråsegn - Regionreforma på Vestlandet Bakgrunn for saka: Sogn og Fjordane fylkeskommune har sendt på høyring «Intensjonsplan for samanslåing av Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland». Målet med høyringa er å få inn grunngjevne synspunkt, tydelege argument og konstruktive innspel til arbeidet med regionreforma. Rådmannen sitt framlegg til vedtak: 1. Eid kommune er positive til ein vestlandsregion og støttar vidare arbeid med utgangspunkt i den framforhandla intensjonsplanen. Eid kommune legg til grunn at nynorsk vert administrasjonsspråk. 2. Det bør føyast til eit nytt punkt i punkt 10 i intensjonsavtalen: «Statlege forvaltningsorgan må samordne sine regiongrenser med dei nye folkevalde regionane» Vedlegg i saka: 25.10.2016 Intensjonsplan for samanslåing av Sogn og Fjordane, 1329885 Hordaland og Rogaland - høyringsbrev 25.10.2016 INTENSJONSPLAN FOR SAMANSLÅING AV SOGN OG 1329886 FJORDANE, HORDALAND OG ROGALAND 15.09.2016.PDF 25.10.2016 Regionreforma på Vestlandet 1329887 25.10.2016 Intensjonsplan for samanslåing 1329888 Formannskapet 17.11.2016: Handsaming: Side 2 av 6
Framlegg frå ordførar Alfred Bjørlo, V: Tilleggspunkt til rådmannen si innstilling: 1. Eid kommune ber om at det vert arbeidd for å inkludere heile eller deler av Møre og Romsdal i regionen. 2. Eid kommune meiner det ikkje må stillast som vilkår at tannhelsetenesta ikkje vert overført til kommunane. 3. Eid kommune meiner det er viktig å sikre at verdiane som ligg i SFE-eigarskapet skal forbli i Sogn og Fjordane/dagens eigarkommunar, til dømes gjennom å sikre lokalt eigarskap. Framlegg frå Sigurd Reksnes, Sp: Eid kommune har følgjande merknader til intensjonsplanen for samanslåing av Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland: Ein føresetnad for intensjonsplanen er at nye regionar skal få tilført store nye oppgåver. Fram til fylka vert gjevne vesentleg nye oppgåver som tilseier endring i struktur, ser vi ikkje at det er grunnlag for ei samling av dei tre vestlandsfylka. 1. Eid kommune vil at Sogn og Fjordane seier nei til eksisterande intensjonsavtale. 2. Sogn og Fjordane skal ikkje splittast opp og Nordfjord skal ikkje frådelast til Møre og Romsdal. 3. Det er 85 kommunar i regionen, heile 67 kommunar har nynorsk språkvedtak, 15 er nøytrale og 3 er bokmålskommunar. Eid kommune meiner at nynorsk som offisielt språk må være sjølvsagt. Framlegg frå Siri Sandvik, AP: Eid kommune vil peike på at Sogn og Fjordane har ein desentralisert struktur når det gjeld vidaregåande skule, som må ivaretakast i den nye regionen. Det vart først røysta over framlegget frå Sigurd Reksnes til pkt 1 som alternativ til Rådmannen sitt pkt 1. Sigurd Reksnes sitt framlegg fekk 3 røyster. Rådmannen sitt framlegg til pkt 1 fekk 6 røyster og vart dermed vedteke. Det vart deretter røysta over rådmannen sitt framlegg til pkt 2, som vart samrøystes vedteke Det vart røysta over pkt 2 og 3 i Sigurd Reksnes sitt framlegg, som vart samrøystes vedtekne Det vart røysta over framlegg til tilleggspunkt frå ordførar Alfred Bjørlo, som vart samrøystes vedtekne Det vart røysta over framlegget til Siri Sandvik, som vart samrøystes vedteke Rådmannen fekk fullmakt til å redigere vedtaket. Side 3 av 6
F- 159/16 Vedtak: 1. Eid kommune er positive til ein vestlandsregion og støttar vidare arbeid med utgangspunkt i den framforhandla intensjonsplanen. 2. Det er 85 kommunar i den nye regionen. Heile 67 kommunar har nynorsk språkvedtak, 15 er nøytrale og 3 er bokmålskommunar. Eid kommune føreset og ser det som sjølvsagt at nynorsk vert administrasjonsspråk i den nye regionen 3. Det bør føyast til eit nytt punkt i punkt 10 i intensjonsavtalen: «Statlege forvaltningsorgan må samordne sine regiongrenser med dei nye folkevalde regionane» 4. Sogn og Fjordane skal ikkje splittast opp og Nordfjord skal ikkje frådelast til Møre og Romsdal. Eid kommune ber om at det vert arbeidd for å inkludere heile eller deler av Møre og Romsdal i regionen. 5. Eid kommune meiner det ikkje må stillast som vilkår at tannhelsetenesta ikkje vert overført til kommunane. 6. Eid kommune vil peike på at Sogn og Fjordane har ein desentralisert struktur når det gjeld vidaregåande skule, som må ivaretakast i den nye regionen. 7. Eid kommune meiner det er viktig å sikre at verdiane som ligg i SFE-eigarskapet skal forbli i Sogn og Fjordane/dagens eigarkommunar, til dømes gjennom å sikre lokalt eigarskap. Saksopplysningar: Med bakgrunn i Stortinget si handsaming av Meld. St. 14 (2014-2015) «Kommunereforma nye oppgåver til større kommunar» vart fylkeskommunane inviterte til å vurdere om det er aktuelt å slå seg saman med nabofylke. Fylkeskommunane vart oppmoda om å starte nabosamtalane, og til å gjere vedtak om strukturendringar hausten 2016. Regjeringa la 04.04.16 fram Meld. St. 22 (2015-2016)»Nye folkevalde regionar rolle, struktur og oppgåver». Regjeringa tek her utgangspunkt i at det skal vere tre folkevalde nivå i Noreg. Meldinga understrekar behovet for ein heilskapleg forvaltningsstruktur for utvikling og vekst i heile landet, og ei sentral målsetjing er betre samordning mellom sektorar og forvaltningsnivå. Regionane bør omfamne større funksjonelle område som betre samsvarer med samfunnsutfordringane eit regionalt folkevalt nivå skal løyse. Stortinget handsama meldinga 08.06.16, og stadfesta at det er fleirtal på Stortinget for at det frå 01.01.2020 skal vere om lag 10 folkevalde regionar i Noreg. Stortinget bad regjeringa setje ned eit nytt ekspertuval som skal føreslå nye oppgåver til regionane når den nye regionstrukturen er fastlagd. Det skal leggjast fram ein samla proposisjon om nye oppgåver og ansvar til nye folkevalde regionar våren 2017, samtidig med framlegget til ny regionstruktur. Fylkestinget i Sogn og Fjordane vedtok 09.12.15 å ta initiativ til at dei fire vestlandsfylka skulle greie ut ein handlekraftig, folkevald region. Hordaland og Rogaland fylkeskommunar valde å gå inn i eit felles utgreiings- og forhandlingsarbeid med Sogn og Fjordane. Fylkestinget i Møre og Romsdal har gjort vedtak om at dei ikkje ser behov for samanslåing med andre fylke for å kunne levere gode tenester og drive god samfunnsutvikling. Fylkesutvalet i Sogn og Fjordane etablerte 18.04.16 ei politisk styringsgruppe og eit forhandlingsutval Side 4 av 6
som skulle forhandle på vegne av fylket i den vidare drøftinga for ein intensjonsplan for ein ny region. Mandatet var å forhandle fram ein intensjonsplan for ein framtidig Vestlandsregion saman med Hordaland og Rogaland fylkeskommunar. Vedlagt følgjer intensjonsplanen som Fylkestinget 18.10.16 gjorde vedtak om å sende ut på ei brei offentleg høyring i perioden 26.10-23.11.16. Fylkestinga i Hordland og Rogaland har også gjort vedtak om å leggje intensjonsplanen ut på offentleg høyring. Fylkestinget legg til grunn at nynorsk vert administrasjonsspråk som ei naturleg følgje av omtalen av nynorsk som viktig identitetsbyggjar. Fylkestinget tek sikte på å gjere vedtak i høve vidare arbeid med regionreforma i desember 2016. Ein vil då ta stilling til om det er aktuelt å sende ein felles søknad til Stortinget om samanslåing av Sogn og Fjordane med andre fylkeskommunar. Fylkestinget legg intensjonsplanen ut på høyring for at innbyggjarar, organisasjonar, næringsliv og offentleg forvaltning skal få seie si meining i eit viktig spørsmål for samfunnsutvikling og tenestetilbod. Fylkeskommunen ber høyringsinstansane særleg om tilbakemelding på følgjande tema: Synspunkt på om Sogn og Fjordane bør vere med og søkje Stortinget om samanslåing av dei tre vestlandsfylka, slik den framforhandla intensjonsplanen legg opp til. Synspunkt på ytterlegare krav og ønske som dei kan ta med seg i arbeidet med å utvikle ein eventuell vestlandsregion. Dette kan også vere supplement til «kravlista» som ligg i punkt 10 i nemnde intensjonsplan. Vurdering: Rådmannen ser det slik at for å kunne svare på spørsmåla som fylkeskommunen stiller, så må vurderingane ta utgangspunkt i grunnlaget for regionreforma. Meld. St. 22 (2015-2016) «Nye folkevalgte regioner rolle struktur og oppgaver» seier m.a. dette om bakgrunnen for reforma: «Regjeringens mål er å utvikle et folkevalgt mellomnivå som spiller godt på lag med stat og kommune, som kan gripe sentrale samfunnsutfordringer og legge til rette for utvikling og vekst i alle deler av landet. Regjeringen vil derfor tydeliggjøre og utvikle det regionale folkevalgte nivå som samfunnsutviklere. Reformen skal legge til rette for utvikling ut fra regionale muligheter og fortrinn, og for samordning av sektorer og prioriteringer som er viktige for utviklingen av regionen. Reformen skal bidra til styrking av lokaldemokratiet.» Om målet blir dette sagt: «Regionreformen skal legge til rette for samordnet oppgaveløsning, samordning av sektorer og prioriteringer, og for sektorovergripende initiativer i regionene.» «At folkevalgte har et ansvar for å legge til rette for samfunnsutvikling, har en demokratisk egenverdi og innebærer også maktspredning. Begrunnelsen for et regionalt folkevalgt nivå sammenfaller dermed med et av regjeringens mål for kommunereformen målet om å spre makt og bygge samfunnet nedenfra.» Fleirtalet i Stortinget har slutta seg til følgjande vurdering: «Ti regioner vil styrke potensialet for samhandling og dialog mellom regionale statlige myndigheter og folkevalgte regioner». Stortingsmeldinga peikar på at manglande samanfall mellom fylkesinndelinga og staten si regionale inndeling skaper utfordringar for samhandling og samordning av innsats som byggjer opp om samfunnsutviklinga i ein region. Større og færre regionar vil redusere desse utfordringane, men vil ikkje løyse dei. Meldinga seier difor at når nye kommunale og regionale strukturar er på plass, så vil regjeringa sjå på staten sine regionale strukturar: «For å styrke samhandlingen mellom staten og Side 5 av 6
regionalt folkevalgt nivå, vil regjeringen gjennomgå de statlige regiongrensene i lys av de nye grensene for folkevalgte regioner.» Med desse premissane som grunnlag så vil det vere formålstenleg for Sogn og Fjordane å høyre til i ein større region. Det er ikkje noko alternativ å stå aleine dersom landet skal delast inn i ca 10 regionar. Det ville vere ønskjeleg at Møre og Romsdal også viste interesse for å høyre til ein vestlandsregion, men då dette ikkje er tema for drøftingar, vert det å ta stilling til alternativet som er framforhandla. Det er lett å slutte seg til måla både for reforma og for måla omtalt i intensjonsavtalen. Betre maktfordeling og større lokal og regional påverknadskraft på samfunnsutviklinga og tenestetilbodet til innbyggjarane vil vere eit gode. Det er likevel ei utfordring av regionen strekkjer seg over eit svært stort geografisk område. Det ville også vere eit alternativ å slå saman Hordaland og Sogn og Fjordane om ein ikkje lukkast med å slå saman alle tre fylka. Rådmannen meiner det er viktig å ikkje splitte fylket i den vidare prosessen. Konklusjonen er difor at Fylkeskommunen bør søkje om å slå saman Sogn og Fjordane med andre fylke på vestlandet, og Eid kommune bør gi uttrykk for støtte til at det blir søkt om samanslåing av dei tre fylka dersom dei respektive fylkestinga gjer vedtak om dette. Når det gjeld synspunkt på ytterlegare krav og ønske som fylkeskommunen kan ta med seg i arbeidet med å utvikle ein eventuell vestlandsregion, så viser rådmannen til utvalde sitat frå stortingsmeldinga. Det må vere ein føresetnad at dei nye regionane får overført ansvaret for fleire store samfunnsoppgåver frå staten om det skal vere meining i å omtale dette som ei styrking av eit regionalt folkevald nivå. Dersom dette nivået skal spele godt på lag med kommunane og staten, er det også ein føresetnad at staten sjølv tilpassar sine regiongrenser til dei folkevalde regionane sine grenser. Det bør difor tilførast «krava» i punkt 10 at «Statlege forvaltningsorgan må samordne sine regiongrenser med dei nye folkevalde regionane». I dag er det berre Fylkesmannen (med unntak av Agder-fylka) som gjer dette. Med ståstad som kommune, så er våre erfaringar i Sogn og Fjordane svært gode når det gjeld samhandling og samordning mellom forvaltningsnivåa. Men vi har også lukkast med god samhandling med andre statlege etatar på beredskapsområdet, og ikkje minst med Høgskulen i Sogn og Fjordane og Helse Førde. Samhandling mellom næringsliv, forvaltning og kompetansemiljø er det også svært mange gode døme på. Det er viktig at vi får byggje vidare på desse godt utvikla samarbeida og denne kulturen i ein ny region. Side 6 av 6