Saksframlegg. Krav om lovlegkontroll av habilitetsavgjerder i fylkestingssak 33/14 SAKSFRAMSTILLING. 1. Samandrag. 2.

Like dokumenter
Tittel: Eigarmelding 2014

2. Fylkestinget sluttar seg til omtalen og vurderinga av dei einskilde selskapa og stiftingane i del II av eigarmeldinga, jf. vedlegg 1.

OFFENTLEG MØTEBOK. Nils P. Støyva, Ap Jenny Følling, Sp Anders Ryssdal, Sp Noralv Distad, H Frank Willy Djuvik, FrP Marit Barsnes Krogsæter, V

Rapportar frå eigarutsendingar til heilt eller delvis fylkeskommunalt eigde selskap

MØTEBOK. Førde - Scandic Sunnfjord Hotel & Spa. Møtedato Kl. 10:00-17:30

Regionreforma og Sogn og Fjordane fylkeskommune

Saksframlegg. Saksnr Utvalg Type Dato 061/17 Bystyret PS

1 Fylkestinget går inn for å styrke kapitalbasen i Fjord Invest A/S med 15 mill kr.


MØTEBOK. Leikanger - Fylkeshuset, møterom Sygna. Møtedato Kl. 11:30 12:45

Saksnr. Utval Møtedato KOMMUNESTYRE. Klage på administrasjonssjefen sitt saksframlegg i k-sak 036/19

MERKNADER TIL REGLEMENTA FOR HOVUDUTVALA I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE

Overdraging av fallrettane i Huldefossen, Førde kommune, til Sogn og Fjordane Energi AS

Korleis treffe lovlege vedtak i politiske organ

MØTEBOK. Nils P. Støyva, Ap Karen Marie Hjelmeseter, Sp Noralv Distad, H Frank Willy Djuvik, FrP Marit Barsnes Krogsæter, V Trude Brosvik, KrF

MØTE B OK. Møtebok Fylkesutvalet Fylkesutvalet. Møtedato Kl. 14:

Eigarmelding Fylkeskommunalt eigarskap i selskap.

MØTE P ROTOKOLL. Møtestad Leikanger - fylkeshuset. Møtedato Kl. 13:00. Fylkeshuset, Leikanger.

Bustadstiftingane til sjukehusa i Sogn og Fjordane - overføring av valrett

Vedtak Ordføraren si avgjerd om ikkje å setje saka om kommunereforma på saklista til møtet den er ulovleg og vert vert oppheva.

Revisjon av retningslinjer for protokollkomiteen i Kyrkjemøtet

MØTEBOK. Fylkeshuset - møterom Sygna. Møtedato Kl

Lovlegkontroll - vedtak i bystyresak vedtakspunkt 6h, v) Skolebruks-plan

MØTEBOK. Jenny Følling, Sp Anders Ryssdal, Sp Karen Marie Hjelmeseter, Sp Frank Willy Djuvik, FrP Marit Barsnes Krogsæter, V Trude Brosvik, KrF

Møteoffentlegheit i kommunalforvaltninga

Eigarmelding. Balestrand kommune

POLITISK SAKSHANDSAMINGSREGLEMENT FOR HÆGEBOSTAD KOMMUNE

Oppfølgingsliste 7/2016

Tittel: Val av medlemer til nemnder o.a. - valperioden

Framlegg til samarbeidsavtale og reviderte vedtekter for Vestlandsrådet

MØTEREGLEMENT FOR ADMINISTRASJONSUTVAL

VIDARE FYLKESKOMMUNALT ENGASJEMENT I ARBEIDSMARKNADSBEDRIFTENE

MØTEBOK. Fylkesutvalet. Rica Sunnfjord Hotel - Førde. Møtedato Kl. 15:40 17:10

Nye kommunar i Møre og Romsdal

MØTEBOK. År 2018, 19. oktober kl , kom fylkestinget i Sogn og Fjordane saman til fylkesting på Kviknes Hotel, Balestrand kommune.

Samansetjing av «Fellesnemnd» for overgangsperioden fram mot

HØRING - RÅD I KOMMUNER OG FYLKESKOMMUNER FOR UNGDOM, ELDRE OG PERSONER MED NEDSATT FUNKSJONSEVNE

Rolla til kontrollutvala i Sogn og Fjordane fylkeskommune og Hordaland fylkeskommune ved samanslåing - Arbeidsmøte 3

MØTEBOK. Møtebok Kontrollutvalet Kontrollutvalet. Fylkeshuset, Hermansverk, møterom Skåla. Møtedato Kl.

Fylkes utva let vedtok at sak 70 og 71 skulle handsama st for lukka dø rer, jf. kommunelova 31, nr. 2, og 31, nr. 5.

Fornyings- og administrasjonsdepartementet

UPU skal vere referansegruppe i fylkeskommunen sitt arbeid med planar og saker som vedkjem barn og unge.

Habilitetsavgjerder for tilsette, styremedlemmer og andre som utfører arbeid eller tenester for KORO. Gjeld frå 1. januar 2015

Eigarmelding Fylkeskommunalt eigarskap i selskap.

Ot.prp. nr. 7 ( )

MØTEINNKALLING. Dokumenta ligg til offentleg ettersyn på heimasida og på biblioteket, Kommunetunet, Eikelandsosen.

KONTROLLUTVALET I FJELL KOMMUNE

Eigarmelding Fylkeskommunalt eigarskap i selskap.

Endringar i delegasjonsreglementet for Hordaland fylkeskommune

OFFENTLEG MØTEBOK. Nils P. Støyva, Ap Anders Ryssdal, Sp Noralv Distad, H Frank Willy Djuvik, FrP Marit Barsnes Krogsæter, V Trude Brosvik, KrF

Sogn og Fjordane fylkeskommune sin eigarskap i Sogn og Fjordane Energi AS - fordeling av aksjar i Sogn og Fjordane Holding AS på kommunane

Samnanger kommune Møteprotokoll

Høyringsbrev med forslag til endring av lov 21. juni 2013 (jordskiftelova)

Oppfølging av Fylkestinget sitt vedtak i sak PS 107/18 Selskapskontroll av Grieghallen IKS

KRAV OM LOVLEGHEITSKONTROLL AV K-SAK

36/12 SUNNHORDLAND INTERKOMMUNALE MILJØVERK - RAPPORT ETTER SELSKAPSKONTROLL

Reglar for servering av alkohol i fylkeskommunale bygg, leigebygg og utleigebygg

Eigarmelding Fylkeskommunal eigarskap i selskap.

MØTEBOK. Fylkesutvalet vedtok at skriv nr. 8, 9 og 10 i sak nr. 97/15 og sak nr. 99/15 vert handsama for lukka dører, jf. kommunelova 31, nr.

Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet Fylkestinget

PRINSIPP FOR DELEGERING I SULA KOMMUNE

Oppfølgingsliste 5/2016

SAKSPAPIR. Arkiv: Kl -060 SAKSGANG. Styre, råd, utval m.v. Motedato /07. Arkivsaknr : 07/

Partssammensatt utvalg Larvik - Lardal Saksliste nr: 9/16 Møtested: Møtedato: Tidspunkt: Forfallsgrunn må oppgis. Til behandling: Sak nr.

MØTEBOK. Til stades med møte- og talerett: Fylkesordfører Jenny Følling, sak 56/15 pkt. 1

1. Fylkestinget sluttar seg til vurderingane og prinsippa for eigarpolitikk i del I av eigarmeldinga, inkludert:

MØTEBOK. Hovudutval for samferdsle. Møtedato Kl. Kl 15:00 19:30

Stryn kommune. Plan for forvaltningsrevisjon og selskapskontroll. Vedteken i kommunestyresak 56/16 den

REGLEMENT FOR SAKSHANDSAMING I FOLKEVALDE ORGAN

God forvaltningsskikk og krav til framdrift

Oppfølgingsliste 1/2017

Bakgrunn for saka og fylkeskommunen si handsaming

Etiske retningslinjer Jølster kommune

Agder Sekretariat Sekretariat for kontrollutvalg i Agder Postboks Kvinesdal Bankkonto: Organisasjonsnr.

Plan for forvaltningsrevisjon og selskapskontroll

I møte gjorde Fylkeslandbruksstyret slik vedtak med 5 mot 2 røyster i sak nr. 08/4004:

Etiske retningslinjer. for. folkevalde og tilsette. i Voss kommune

Oppfølgingsliste 3/2017

MØTE B OK. Til stades med møte - og talerett: Tore Eriksen Sekretariat for møtet: Svein Hågård og Merete Husabø Nornes

Saksbehandlar: Vigdis Rotlid Vestad. Ref.: 2017/2464/FMMRVIVE Til: Felles kommunestyremøte

MØTEBOK. Kontrollutvalet. Fylkeshuset, Leikanger, møterom Skåla. Møtedato Kl. 10:00 15:45

Saksnr. Utval Møtedato 011/15 Formannskapet /15 Kommunestyret Haakon Skjerdal

Møteprotokoll. Sogndal kommune. Utval: KOMMUNESTYRET Møtestad: Kommunestyresalen Møtedato: Tid: 09:00-14:00. Sakliste

Revidering av reglementa for fylkestinget, fylkesutvalet, hovudutvala m.m.

MØTEBOK. Kontrollutvalet. Fylkeshuset, Leikanger, møterom Skåla. Møtedato Kl. 10:00 15:45

Reglement for kontrollutvalet i Selje kommune (Vedteke av Selje kommunestyret den 29. april 2009, sak 030/09)

Selskapskontroll av arkivplikt og offentlegheit i fylkeskommunale selskap - Revisjonsrapport

Kommunestyret. Tilleggsinnkalling

SEKOM-sekretariat. Sakliste. Møtestad: Eid kommunehus, formannskapsalen Dato: Tid: Kl. 10:00-13:00

Oppfølgingsliste 4/2017

Plan for forvaltningsrevisjon og selskapskontroll

Råd i kommuner og fylkeskommuner for ungdom, eldre og personer med funksjonsnedsettelse - høyring

Lovlegkontroll av vedtak om nedlegging av Stongfjorden skule og nye krinsgrenser

Plan for gjennomføring av selskapskontroll i Balestrand kommune

Kontrollutvalet i Sogndal kommune Møtebok

Møtedato: Møtetid: Kl. 13: Forfall meldt frå følgjande medl. Parti Følgjande varamedlem møtte Parti

REGLEMENT FOR Utval for Levekår

Lovlegkontroll av formannskapet si avgjerd om lukking av møte den

Kontrollutvalet. Målet i dag

Tittel: Høyringsuttale til søknader om løyve til å bygge 12 småkraftverk i Askvoll, Førdeog Naustdal kommunar, Sunnfjordpakken

Transkript:

Side 1 av 5 Saksframlegg Saksbehandlar: Svein Hågård, Fylkesrådmannen Sak nr.: 14/5238-9 Krav om lovlegkontroll av habilitetsavgjerder i fylkestingssak 33/14 Fylkesrådmannen rår fylkestinget til å gjere slikt vedtak: Fylkestinget finn avgjerda i FT-sak 33/14 gyldig. Vedlegg: Krav om lovlegkontroll dagsett 14.10.14 Andre dokument som ikkje ligg ved: SAKSFRAMSTILLING 1. Samandrag I møte 14.10.14, sak 33/14, handsama fylkestinget eigarmeldinga 2014. Fire av representantane som møtte på dette tingsetet, sette i møtet fram krav om lovlegkontroll av fylkestinget sine vurderingar av habilitet i saka. Fylkesrådmannen si vurdering er at representantane som var ugilde til å ta del i handsaminga av eitt eller to selskap som følgje av å inneha styreverv, ikkje var ugilde til å delta i drøftingane og voteringane i tilknyting til den generelle delen av eigarmeldinga, eller i tilknyting til dei andre selskapa som var omtala i tilrådinga frå fylkesutvalet. Etter fylkesrådmannen si oppfatning var det feil av fylkestinget å vurdere representantane Følling og Høl som ugilde til å ta del i handsaminga av selskapet Innovasjon Norge AS. Denne feilen inneber likevel ikkje at vedtaket i sak 33/14 er ugyldig. 2. Bakgrunn for saka Fylkestinget gjorde slikt vedtak i sak 33/14: 1. Fylkestinget sluttar seg til vurderingane og prinsippa for eigarpolitikk i del I av Eigarmeldinga, inkl. nye mål for eigarskapen, jf. vedlegg 1, del I, pkt. 1.2., med slike tillegg: Pkt.1.2 Framlegg til nye føremål om eigarskapen Nytt punkt under pkt. 2: o Delta i selskap der vi opptrer som regional utviklingsaktør og tilfører/får kompetanse. Nytt punkt under punkt 3:

Side 2 av 5 o Delta i selskap som har stort innslag av ansvar for å tilretteleggje for særlege grupper. 2. Fylkestinget legg følgjande til grunn for dei einskilde selskapa, jf. del II (jf. vedlegg 1): a. Inntil anna ev. vert bestemt - vidareføre eigarskapen i fylgjande selskap: F1 Holding AS, Fjord1 AS, Sogn og Fjordane Energi AS, Sogn og Fjordane Holding AS, Innovasjon Norge, Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane AS, Fjord Invest Såkorn AS, Framtidsfylket AS, Opplæringsfartøy AS, Vigo IKS, Kommunekraft AS, Sogn og Fjordane Teater, Trivselshagen IKS, Sogn og Fjordane Revisjon IKS, Lutelandet Utvikling AS, Sandane Industri L/L, Mentro AS (tidl. Firda Produkt AS), Origod AS, Gulen og Masfjorden Utvikling AS og Sogneprodukt AS. b. Starte prosess med avvikling av eigarskapen i fylgjande selskap: Luna Industri AS (prosess er i gang), Botnaneset Industriselskap AS, Njøs næringsutvikling AS, Firda Billag AS og Norsk Fjordhestsenter AS. 3. Fylkesrådmannen får i oppdrag å førebu avvikling av eigarskapen i selskapa omtalt under pkt. 3b ovanfor. Fylkesutvalet får framlagt ein kort strategi for avvikling av eigarskapen i selskapa. 4. Fylkesutvalet har etter delegeringsreglementet punkt 4.5 mynde til å fatte endeleg avgjerd om sal av aksjepostane/lutane i selskapa omtalt under pkt. 3b ovanfor. 5. Fylkestinget ber om at det vert lagt fram ei sak om forenkla rapportering og oppfølging av selskap der fylkeskommunen har eigarskap. Det er særleg viktig å forenkle rapportering for selskap som det ikkje har skjedd vesentlege endringar med siste året. Fylkesutvalet får fullmakt til å godkjenne opplegget for rapportering. ------------- I møteboka heiter det følgjande om dei prosessuelle sidene av saka: «Fylkestinget fann 13 representantar inhabile til å ta del i handsaminga av det enkelte selskap der representanten er medlem av styret. Dette innebar at desse representantane ikkje tok del i drøftinga og avrøystinga vedkommande det selskapet der dei har styreposisjon. Desse representantane deltok såleis i den generelle debatten i saka og handsaming av andre selskap enn dei der representanten har styreposisjon. Representantane vart vurdert som inhabile slik: Åshild Kjelsnes, inhabil i Botnaneset Industriselskap og SF Holding Hilmar Høl, inhabil i Innovasjon Norge Nils P. Støyva, inhabil i Sandane Industri Karianne Torvanger, inhabil i F1 Holding og Fjord1 AS Arve Helle, inhabil i Lutelandet Utvikling Jenny Følling, inhabil i Innovasjon Norge Anders Ryssdal, inhabil i SF Holding - Nils Asbjørn Gjerland, inhabil i F1 Holding og Fjord1 AS Per Atle Kjøllesdal, inhabil i Sogn og Fjordane Energi og Sogn og Fjordane Revisjon Kjell Magne Åshamar, inhabil i Norsk Fjordhestsenter Noralv Distad, inhabil i Luna Industri og SF Holding Olin Johanne Henden, inhabil i Sogn og Fjordane Energi Ole Gunnar Krakhellen, inhabil i Lutelandet Utvikling» --------------- Frank Willy Djuvik, Jacob Nødseth, Britt Dalsbotten og Rita Navarsete har kravd lovlegkontroll av «fylkestinget sine vurderingar av habilitet i denne saka».

Side 3 av 5 3. Vurderingar og konsekvensar 3.1 Prosessuelt: Kravet om lovlegkontroll er fremja av eit tilstrekkeleg tal fylkestingsrepresentantar, og tilfredsstiller kravet til tidsfristar, jf. kommunelova 59, nr. 7, og Kommunal- og arbeidsdepartementet si forskrift 13. januar 1993. Etter lovendring som vart iverksett 01.07.09, er det på det reine at også avgjerder om habilitet kan lovlegkontrollerast, jf. kommunelova 59, nr. 1. Spørsmålet er likevel ikkje berre om habilitetsavgjerdene var lovlege, men også om realitetsavgjerda i saka er gyldig. Kravet skal handsamast av fylkestinget. Dersom fylkestinget held fast på avgjerda, skal fylkeskommunen oversende saka til Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD). Gjennomføringa av vedtaket i sak 33/14 vert ikkje utsett sjølv om habilitetsavgjerdene i saka no vert lovlegkontrollert. Fylkestinget eller KMD kan likevel fastsetje anna, jf. kommunelova 59, nr. 3. 3.2 Problemstilling: Fylkeskommunen si eigarmelding er eit overordna politisk styringsdokument. Meldinga skal m.a. bidra til å utvikle mål og strategiar for den fylkeskommunale eigarskapen og sikre tilstrekkeleg samhandling mellom fylkestinget og eigarorgana i selskapa. Eigarmeldinga 2014 er inndelt i ein generell del som dreiar seg om eigarpolitikken til fylkeskommunen (del I), og ein spesiell del som tek føre kvart einskild selskap, kvar einskild stifting og interkommunale samarbeid (del II). I tilknyting til del II av eigarmeldinga gjekk fylkesutvalet si tilråding til fylkestinget m.a. ut på at fylkeskommunen skal vidareføre eigarskapen i 14 namngjevne selskap og starte prosess med avvikling av eigarskapen i elleve andre selskap i. Alle desse 25 selskapa var såleis å rekne som partar i FT-sak 33/14, då fylkestinget si avgjerd i saka «retter seg mot» selskapa, jf. forvaltningslova 2 første ledd, bokstav e. Dei av fylkestingsrepresentantane som hadde styreverv i eitt eller fleire av desse 25 selskapa, var såleis automatisk ugilde etter kommunelova 40, nr. 3, jf. forvaltningslova 6 første ledd, bokstav e), nr. 2. Spørsmålet som vart debattert i fylkestinget, er om desse representantane var ugilde i heile eller berre delar av saka. Eitt synspunkt er at når ein fylkestingsrepresentant er ugild som følgje av å inneha eit styreverv i eit selskap, er vedkomande ugild til å delta i samtlege debattar og voteringar i saka. Eit anna synspunkt er at vedkomande kan ta del i drøftinga og avrøystinga i tilknyting til den generelle delen av eigarmeldinga, samt i tilknyting til alle selskapa vedkomande ikkje har styreverv i. Det var den siste løysinga fylkestinget fall ned på, jf. den siterte passusen frå møteboka over. 3.3 Habilitetsavgjerdene: Ved lovlegkontroll skal det takast stilling til om avgjerda er «innholdsmessig lovlig, om den er truffet av noen som har myndighet til å treffe slik avgjørelse og om avgjørelsen er blitt til på lovlig måte», jf. kommunelova 59, nr. 4. 3.3.1 Personell kompetanse (rett organ) Det er ingen tvil om at fylkestinget var rett organ til å treffe avgjerder om habilitet, jf. forvaltningslova 8 andre ledd, første setning. i Fylkestinget sitt vedtak avvik frå fylkesutvalet si tilråding.

Side 4 av 5 3.3.2 Prosessuell kompetanse (sakshandsaminga) Når det i eit kollegialt organ oppstår spørsmål om inhabilitet for fleire av medlemene i ei og same sak, kan ingen av desse delta ved avgjerda av sin eigen eller ein annan medlem sin habilitet, med mindre organet elles ikkje ville ha vore vedtaksført i spørsmålet, jf. forvaltningslova 8 andre ledd, andre setning. Fylkestinget følgde denne prosedyren i sak 33/14. Habilitetsavgjerdene er såleis «blitt til på lovlig måte». 3.3.3 Materiell kompetanse (innhaldet av avgjerdene) Som tidlegare påpeika, var dei av fylkestingsrepresentantane som hadde styreverv i eitt eller fleire av dei 25 selskapa som var nemnde i fylkesutvalet si tilråding til vedtak, automatisk ugilde etter forvaltningslova 6 første ledd, bokstav e), nr. 2. 3.3.3.1 Representantane Følling og Høl Representantane Jenny Følling og Hilmar Høl har ikkje verv i hovudstyret til Innovasjon Norge AS, men i det regionale styret for Innovasjon Norge, avdeling Sogn og Fjordane. Justisdepartementet si lovavdeling har i fråsegn dagsett 14.01.11 uttalt at det ikkje er naturleg å oppfatte eit verv i eit regionstyre som ei «leiande stilling» i Innovasjon Norge AS. Fylkesrådmannen legg til grunn at dette er rettstilstanden. Konsekvensen er at Følling og Høl ikkje skulle vore sett på som automatisk ugilde etter forvaltningslova 6 første ledd, bokstav e), nr. 2, til å ta del i handsaminga av den delen av saka som galdt Innovasjon Norge AS. Fylkesrådmannen kan vidare ikkje sjå at det førelåg omstende i saka som gjorde Følling og/eller Høl ugilde etter den skjønsmessige inhabilitetsføresegna i 6 andre ledd. Det var såleis feil å vurdere dei to representantane som ugilde. Denne feilen fører likevel ikkje til at realitetsvedtaket i FT-sak 33/14 er ugyldig. Eit vedtak som lid av ein sakshandsamingsfeil, er likevel «gyldig når det er grunn til å regne med at feilen ikke kan ha virket bestemmende på vedtakets innhold», jf. prinsippet i forvaltningslova 41. ii Fylkesrådmannen legg til grunn at den delen av fylkestinget sitt vedtak som dreiar seg om Innovasjon Norge AS, sjå vedtaket pkt. 2 a), ville ha vore det same om Følling og Høl hadde teke del i debatten og avrøystinga om dette selskapet. 3.3.3.2 Representantane Torvanger og Gjerland Representantane Karianne Torvanger og Nils Gjerland var og er høvesvis styreleiar og styremedlem i F1 Holding AS, selskapet som eig heile fylkeskommunen sin aksjepost i Fjord1 AS. Som følgje av dette, kom fylkestinget til at begge også var ugilde til å ta del i handsaminga av den delen av saka som gjaldt tilhøvet til Fjord1 AS. Slik fylkesutvalet si tilråding til vedtak var utforma, meiner fylkesrådmannen at F1 Holding AS var part også i den delen av saka som retta seg mot Fjord1 AS. Eit vedtak i fylkestinget om å oppretthalde eigarskapen i Fjord1 AS, må seiast å direkte gjelde også holdingselskapet F1 Holding AS, jf. forvaltningslova 2 første ledd, bokstav e. Som høvesvis styreleiar og styremedlem i F1 Holding AS, var Torvanger og Gjerland - etter fylkesrådmannen si vurdering - såleis automatisk ugilde til å delta i den delen av saka som galdt Fjord1 AS. Fylkestinget si vurdering på dette punktet var altså korrekt. 3.3.3.3 Resten av dei ugilde representantane Dei andre representantane fylkestinget fann ugilde, vert ikkje omtala særskilt. Alle var automatisk ugilde som følgje av å inneha styreverv i selskap som var part i saka, jf. over i pkt. 3.2 om dette. ii Forvaltningslova 41 kjem ikkje direkte til nytte, då vedtaket i FT-sak 33/14 ikkje er eit enkeltvedtak.

Side 5 av 5 3.3.3.4 Var dei ugilde representantane ugilde i heile saka? Problemstillinga er presentert i fjerde avsnitt i pkt. 3.2. Fylkesrådmannen vil understreke at det ikkje har noko å seie frå eller til om saka formelt hadde blitt oppdelt i 26 ulike saker; éi sak om den generelle eigarpolitikken og 25 saker om kvart av dei 25 selskapa som fylkestinget vart oppmoda om å ta stilling til eigarskapen i. Det er realiteten som er avgjerande, ikkje om det er formelt er éi sak eller 26 ulike saker. Som det vart påpeika i debatten i fylkestinget i tilknyting til sak 33/14, er det ei kjensgjerning at fylkestinget si haldning til eitt av selskapa fylkeskommunen har eigarinteresser i, kan influere på fylkestinget si haldning til andre selskap. Dersom fylkestinget t.d. ønskjer å avvikle eigarskapen i eitt selskap, kan det etter omstenda vere lettare/vanskelegare å vidareføre eigarskapen i eit anna selskap. Spørsmålet er om dette tilknytingsforholdet mellom selskapa inneber at ein fylkestingsrepresentant som er ugild som følgje av å inneha eit styreverv i eitt selskap, også vil vere ugild etter forvaltningslova 6 andre ledd til å ta del i handsaminga av dei andre selskapa. Den nemnde føresegna inneber at den folkevalde vil vere ugild når det føreligg særeigne forhold som er eigna til å svekkje tilliten til at vedkomande er upartisk. Ved vurderinga må det særleg takast omsyn til kor stor praktisk og økonomisk betydning avgjerda i saka har for vedkomande, kva for reell betydning det kan ha for saka at vedkomande fråtrer, og i kva grad det er tale om ei særinteresse for vedkomande. I den føreliggjande saka har dei ugilde fylkestingsrepresentantane opplagt ikkje ei særinteresse i fylkeskommunen sin generelle eigarpolitikk og til eigartilknytinga til dei av selskapa som dei sjølve ikkje er styremedlemer i. Dei har ei legitim interesse i desse spørsmåla i eigenskap av å vere folkevalde. Etter fylkesrådmannen si vurdering vert det vidare for hypotetisk å hevde at fylkestinget si avgjerd om fylkeskommunen si eigartilknyting til selskap A, vil få stor praktisk eller økonomisk betydning for ein bestemt fylkestingsrepresentant, som følgje av at vedkomande har styreverv i selskap B. Ein slik samanheng er mogleg, men likevel ikkje nærliggjande nok til at tilliten til vedkomande sin upartiskheit kan seiast å vere svekka. Det er også eit moment at dersom dei ugilde representantane skulle vore ugilde i samtlege debattar og voteringar i saka, ville så mykje som 13 av dei 39 representantane i fylkestinget som var til stades då FT-sak 33/14 skulle handsamast, ha vore avskorne frå å ha meiningar om fylkeskommunen sin eigarpolitikk. Dette ville ha vore lite demokratisk og neppe i tråd med det ulovfesta og grunnleggjande kravet om forsvarleg sakshandsaming. Samla sett konkluderer fylkesrådmannen med at dei ugilde fylkestingsrepresentantane berre var ugilde til å ta del i den delen/dei delane av saka som galdt det selskapet/dei selskapa dei hadde styreverv i. iii Løysinga med at dei tok del i debatten og avrøystinga i tilknyting til den generelle delen av eigarmeldinga, samt dei selskapa dei ikkje hadde styreverv i, var fornuftig og tilfredsstilte kravet om forsvarleg sakshandsaming. 4. Konklusjon Fylkesrådmannen viser til drøftinga over og tilrår at fylkestinget finn vedtaket i FT-sak 33/14 gyldig. Dette inneber i tilfelle at saka vert sendt Kommunal- og moderniseringsdepartementet for avgjerd. iii Her gjeld det unntak for representantane Torvanger og Gjerland, som også var ugilde i den delen av saka som galdt Fjord1 AS, jf. over i pkt. 3.3.3.2.