Planprogram. kommuneplan for Lindås. arealdelen

Like dokumenter
Planprogram (utkast)

Planprogram. Rullering av Kommunedelplan for Skogsskiftet Sund kommune

SAMLA SAKSFRAMSTILLING

KOMMUNEDELPLAN FOR HERØY - Hamneplan

REVISJON AV AREALDELEN I KOMMUNEPLANEN UTLEGGING TIL HØYRING OG OFFENTLEG ETTERSYN

Kommuneplan for Radøy delrevisjon konsekvensvurdering av endringar i kommuneplanens arealdel

Saksnr. Utval Møtedato 107/17 Formannskapet /17 Kommunestyret Sakshandsamar: Monika Lysne Arkiv: Arkivsaksnr.

Radøy kommune Saksframlegg

SAKSPAPIR. Saksnr Utval Type Dato 010/17 Plan- og miljøutvalet PS

2. Referat frå oppstartsmøte

PLANPROGRAM FOR OMRÅDEREGULERINGSPLAN SMIEHOGEN

Kulturminne og kulturmiljø

Kommunedelplan. for fysisk aktivitet Planprogram - Høyringsutgåve

Planprogram. Rullering av Kommunedelplan for Edland / Haukeli

Vurdering etter forskrift om konsekvensutgreiingar (FOR )

ETNE KOMMUNE SAKSUTGREIING

PLANPROGRAM. Plan for fysisk aktivitet, idrett, friluftsliv og folkehelse Balestrand kommune Leikanger kommune Sogndal kommune

Saksnr Utval Type Dato 088/16 Formannskapet PS /16 Heradsstyret PS

KOMMUNEDELPLAN TINGVATN - SNARTEMO PLANPROGRAM

KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG

Saksnr. utval Utval Møtedato 002/16 Planutvalet /16 Bystyret Fastsetjing av planprogram for områderegulering Indre Øyrane

Planprogram. Kommunedelplan for Lindåsneset med Mongstad. Fastsett av kommunestyret Foto: Kurt Hauge

Kommunal plan for idrett og fysisk aktivitet høyringsdokument planprogram. Lærdal kommune PLANPROGRAM

AKTIVITET OG FRILUFTSLIV I SUNNFJORD KOMMUNE

Framlegg til bustadbyggjeprogram Lindås kommune

AREALDELEN AV KOMMUNEPLANEN

MØTEINNKALLING. Dokumenta ligg til offentleg ettersyn på heimasida og på biblioteket, Kommunetunet, Eikelandsosen.

Referat basert på mal i Sogn og Fjordane Fylkeskommune sin rettleiar for utarbeiding av reguleringsplanar.

Saksnr Utval Type Dato 068/16 Formannskapet PS /16 Heradsstyret PS

Revidering av kommunedelplan for oppvekst Struktur

Revisjon av kommunedelplan for Idrett, friluftsliv og nærmiljø Framlegg til planprogram

TILLEGGSSAK. Arkivsak: 12/158 Løpenummer: 12/ Utval: Utval for plan og miljø Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: Kl.

Søknad om oppstart av reguleringsplan

VEDLEGG D: Prosess og medverknad

Kommunedelplan for Lindåsneset med Mongstad Høyring av planforslag

Radøy kommune Saksframlegg

Kommuneplanens arealdel

Ny arealplan for Fjaler. Folkemøte i Dale 13. desember 2018

Sakspapir KOMMUNAL PLANSTRATEGI FOR SVEIO OG PLANPROGRAM FOR KOMMUNEPLANEN

Framlegg til kommunedelplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv Bømlo kommune. Høyringsfråsegn

Arealdelen av kommuneplanen Planskildring. Vedteke av kommunestyret sak 100/11

SAKSPAPIR. Saksnr Utval Type Dato 042/16 Formannskapet PS

KOMMUNEDELPLAN FOR VÅGSLID, VINJE KOMMUNE. UTTALE

RULLERING AV TRAFIKKSIKRINGSPLAN - UTLEGGING AV PLANPROGRAM TIL OFFENTLEG ETTERSYN, VARSEL OM OPPSTART

Kommunedelplan for sti og løyper Utkast til planprogram

Austrheim kommune PLANPROGRAM for Kommunedelplan for klima- og energi.

Vedtaket er gjort i medhald av plan- og bygningslova 12-10, 11 og 12.

Vedlegg 2. Referat fra oppstartsmøte

Planprogram. Rullering av Kommunedelplan for Skogsskiftet Sund kommune

Saksutgreiing til folkevalde organ

Radøy kommune. Saksframlegg. Saknr Utval Type Dato 043/2014 Formannskapet i Radøy PS /2014 Kommunestyret i Radøy PS

SØKNAD OM OPPSTART AV ARBEID MED PRIVAT DETALJREGULERINGSPLAN FØREHANDSUTFYLT INFORMASJON TIL OPPSTARTSMØTE

Saksnr. Utval Møtedato 010/15 Kommunestyret Reguleringsplan(detaljregulering) for Fretheimshaugane - del 2 - oppstart av planarbeid

Detaljreguleringsplan for Hadlingatreet bustadfelt på Kyte. Planomtale

Radøy kommune Saksframlegg

Bustadplan for Kvam herad

PLANPROGRAM RULLERING AV KOMMUNEDELPLAN FOR IDRETTSANLEGG OG ANLEGG FOR FRILUFTSLIV MED HANDLINGSPROGRAM Datert

Planstrategi for Ullensvang herad

Saksframlegg. Sakshandsamar Arkiv JournalpostID Marit Magdalene Schweiker K /5829

Hovden del2 reguleringsplan frå 1997

NESFOSSEN SMOLT AS NESFOSSEN 5956 HUNDVIN Side 1

Saksframlegg. Saksnr Utval Type Dato 098/15 Kommunestyre PS Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Erik Andreas Kyvig FE /179

Saksnr. Utval Møtedato 017/12 Kommuneplannemnda /12 Kommunestyret

HANDSAMING AV DISPENSASJONSSAK - 45/237 - REHABILITERING OG UTVIDING AV MOLO, SÆBØVEGEN 28

PLANPROGRAM. Tysnes kommune, rullering av samfunnsdel

ETNE KOMMUNE SAKSUTGREIING

SØKNAD OM OPPSTART AV PLANARBEID FOR DEL AV GNR. 24 BNR. 4 JYDALEN, FAMMESTAD

SAKSPAPIR. Saksnr Utval Type Dato 039/16 Plan- og miljøutvalet PS Vedtak av planprogram for reguleringsplan Nesfossen næringsområde

VANYLVEN KOMMUNE Servicetorget

KOMMUNEDELPLAN FOR TUR- OG SKILØYPER, BYKLE KOMMUNE PLANPROGRAM Forslag pr Vår ref. 2016/13 Foto: Grete Breivik

Hareid kommune Kommunedelplan for vatn og avløp Forslag til planprogram

Arbeidsprogram for energi-, miljø- og klimaplan. Framlegg til arbeidsprogram

Kommunplan Vik Kommune Arealdelen

Saksnr Utval Type Dato 008/18 Formannskapet PS Formannskapet vedtek følgjande medlemmer til den politiske arbeidsgruppa:

PLANPROGRAM FOR KOMMUNEDELPLAN FOR STRANDSONA I OSTERØY KOMMUNE

Strandsona i ny PBL. Eva Katrine Ritland Taule Opplæring ny plan- og bygningslov, Plandelen Terminus, 27. mai 2009

Side 2 av 6 Saka vart handsama i Naturutvalet, og det vart gjeve avslag på søknaden. Klagar skriv i brevet sitt at dei sendte inn forslag om

KOMMUNEDELPLAN FOR FRILUFTSLIV BORTELID LJOSLAND , ÅSERAL KOMMUNE PLANPROGRAM

SAKSPAPIR. Styre, komite, utval Møtedato Sbh. Saknr Formannskapet KRN 109/10. Ansv. ANB

SAKSGANG. 2. gongs handsaming av reguleringsplan for Haugafossen kraftverk, gnr 30 bnr 76 mfl i Jondal.

Opplæring. Plansystem og planarbeid

Kvam herad. Sakspapir

Områdeplan Sætra. Funksjonssenter handel og næring på Sætra. Avgrensing for detaljhandel, maksimal utnytting: 9000m2

Kvam herad. Sakspapir

Planprogram for revisjon av Kommuneplan

02/ /K1-140//LTA Manger: KOMMUNEPLAN FOR RADØY AREALDEL Føresegner

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 100/2017 Formannskapet PS Samarbeidsavtale om utarbeiding av områdeplan for Dalstø/Mjåtveitstø

Tysnes kommune - Hordaland - motsegn til områderegulering for Våge sentrum - vedtak

kommunedelplan for vatn og avløp

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. 2. gongs behandling dispensasjon - 123/75 - brygge - sikring av kloakkleidning - Uskedalen - Jan Helge Pile

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 41/2019 Utval for drift og utvikling PS

Jølster kommune Saksutgreiing

Fjell kommune Arkiv: 501 Saksmappe: 2008/ /2009 Sakshandsamar: Alv Terje Fotland Dato: SAKSDOKUMENT

Til Grunneigarar og naboar Offentleg mynde. Dato:

Ny arealplan for Fjaler. Folkemøte i Guddal 6. desember 2018

EIKEN KOMMUNEDELPLAN PLANPROGRAM

SVAR PÅ SØKNAD OM OPPSTART AV REGULERINGSPLAN NAUSTOMRÅDE PØYLA 110/329 M.FL. ALVSVÅG PLANID

Planprogram for revisjon av regional planføresegn om lokalisering av handel og kjøpesenter (handelsføresegna)

Granvin herad. Planprogram. Detaljreguleringsplan Skielva, PlanID

Transkript:

LINDÅS KOMMUNE AREALPLAN Saksnr: 2006/3348 Løpenr: 25707/2008 Arkivkode: 142 Dato: 14.11.2008 Planprogram kommuneplan for Lindås arealdelen Handsama av plan- og miljøutvalet i møte 5.november 2008, sak 235/08 Eknes, Osterfjorden

BAKGRUNN FOR PLANARBEIDET...3 FØREMÅLET MED PLANARBEIDET...3 Rammer og premiss for planarbeidet...4 Kommunale planar og prosjekt...4 Regionale planar...5 Nasjonale dokument og retningslinjer...5 ORGANISERING, MEDVERKNAD, PROSESS...5 Styringsgruppe...5 Arbeidsgruppe...5 Medverknad...5 Offentleg ettersyn...6 Framdrift...6 UTFORDRINGAR I PLANARBEIDET...6 Plankvalitet...6 Føresegner...6 Plankartet...7 Viktige problemstillingar og tema...7 LNF (Landbruk-, natur-, og frilufts-)område...7 Forvaltning av strandsona, kartfesting av funksjonell strandsone...7 Busetnad og utbyggingsmønster...7 Bygdeutvikling...7 Næringsutvikling...8 Kulturminne...8 Kvalitet i reguleringsplanar...8 KONSEKVENSUTGREIING...8 UTGREIINGAR OG INFORMASJONSGRUNNLAG...9 2006/3348-25707/2008 Side 2 av 9

BAKGRUNN FOR PLANARBEIDET Plan- og miljøutvalet vedtok 8.10.08 i sak 198 innstilling til kommunestyret der det m.a. heiter: 2. Etter ein administrativ prosess legg rådmannen i november 2008 fram eit framlegg til planprogram for arealdelen i kommuneplanen. Etter Plan- og bygningslova (PBL) skal kommunestyret vedta eit planprogram for arbeidet med kommuneplanen. Planprogrammet tek føre seg bakgrunn, mål, interessentar og organisering, og viser eit opplegg for planarbeidet fram til vedtak av planen. FØREMÅLET MED PLANARBEIDET Målet er å rullera arealdelen av Kommuneplan for Lindås 2003-2014, som fastlegg arealbruken i planperioden. Planen var sist oppe til vurdering i 2002-2003, med vedtak i kommunestyret i mars 2003.Etter lova skal kommunestyret gjera vedtak om planen i kvar valbolk. Arealdelen av kommuneplanen er samansett av ein kartdel som viser planføremåla for kvar del av planområdet, og ein føresegndel som fastlegg bruken av dei einskilde planføremåla. Den rullerte planen får verknad for arealbruken på sjø og land i dei delane av kommunen som ikkje er dekte av vedtekne eller påbyrja kommunedelplanar, dvs. Alversund-Knarvik, Alverstraumen, Lindåsosane-Lygra-Lurefjorden. Det eit mål å få like føresegner for arealbruken i heile kommunen. Dei generelle føresegnene som vert utarbeidd gjennom rulleringa av arealdelen vil verte gjort gjeldande for heile kommunen, også gjeldande kommunedelplanar. Arealføremåla i plankarta til gjeldande kommunedelplanar vil ikkje verte endra. Kommunen har planar om å starte arbeidet med kommunedelplan for Lindåsneset (med Mongstad). Sidan dette arbeidet ikkje er starta opp enno, vert arealet teke inn i arbeidet med kommuneplanen. På eit seinare tidspunkt kan det verte aktuelt å trekkje dette arealet ut. Ved neste rullering av planen vil det vera mogleg og ynskeleg å ta med heile arealet i Lindås i same operasjonen. Utlegging av planen til offentleg ettersyn vil ikkje koma før i 2. halvår 2009, og prosessen må innrettast etter den reviderte PBL som vert sett i verk 1.7.2009. Den reviderte lova har nye reglar som innverkar på kommunal politikk for strandsona, for klima og miljø, reglar for transport, mellombels og varig vern av friluftsområde og landbruksområde, universell utforming, og dessutan sjølve planarbeidet. Hyppige revisjonar av kommuneplanen kan vera tenleg for å fanga opp endringar i føresetnadene, og oppstart til neste revisjon bør såleis koma kort til etter denne revisjonen er godkjend. I denne rulleringa vil det verte lagt vekt på følgjande delmål: Komme fram til utbyggingsmønster Forvaltning av strandsona Godt verktøy for sakshandsaming (tydelege føresegner) 2006/3348-25707/2008 Side 3 av 9

Figur 1, planavgrensinga; felt som er skravert er omfatta av eigne kommunedelplanar. Arealbruken i desse områda vert ikkje vurdert i revisjonsarbeidet. Rammer og premiss for planarbeidet Kommunale planar og prosjekt Ein del kommunale planar og verksemder kan verka inn på arealdisponeringa i denne planen: - Landbruksplan for Lindås (2005-2008). - Prosjektet den indre farleia, kjem inn i planområdet frå Kvamsholmen til Lurekalven. - Kommunedelplan for trafikksikring 2001-2004 (skal rullerast i 2009) - Kommunedelplan for anlegg og område til idrett og fysisk aktivitet i Lindås kommune, vedteken 2007 - Vedtekne reguleringsplanar innanfor området. - Kommunedelplan for klima og energi (under arbeid). - Kulturplan for Lindås (under arbeid). - Hovudplan vatn (under arbeid). - Hovudplan avlaup (under arbeid). - Bustadbyggjeprogram - Utbyggingsavtalar - Kommunedelplan for Lindåsosane, Lygra og Lurefjorden (under arbeid) - Vassdragsplan for Eikangervassdraget - Prosjektet estetikk i bygnings- og utemiljø (vert avslutta ved årsskiftet 08/09) 2006/3348-25707/2008 Side 4 av 9

Regionale planar Fylkeskommunale planar kan verka inn på arealdisponeringa i Lindås, det gjeld m.a.: - Fylkesplan for Hordaland (2005-2008). - Fylkesdelplan for idrett og friluftsliv. - Fylkesdelplan kulturminne (199-2010). - Fylkesdelplan, deltaking for alle - universell utforming 2006-2009. - Fylkesdelplan for senterstruktur og lokalisering av service og handel 2002 - Strateginotat for reiselivsutvikling 2006-2008. - Råd om planlegging og forvalting av strandsona i Hordaland. - Fylkeslandsbruksstyret, arealstrategi Nasjonale dokument og retningslinjer - St. meld. 26 (2006-2007) Regjeringens miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand. - St. meld. 16 (2004-2005) Leve med kulturminner. - Rikspolitiske retningslinjer for barn og unge i planlegginga - Rikspolitiske retningslinjer for samordna areal- og transportplanlegging - Rikspolitiske retningslinjer for kjøpesenter - Rikspolitiske retningslinjer for verna vassdrag - Rikspolitiske retningslinjer for universell utforming ORGANISERING, MEDVERKNAD, PROSESS Styringsgruppe Plan- og miljøutvalet vert styringsgruppe. I tillegg til politiske vedtak som trengst, skal utvalet få orientering i møte om framdrifta i arbeidet. Arbeidsmøte for utvalet kan og verta aktuelt. Arbeidsgruppe Ei administrativ arbeidsgruppe på 5 medlemer som er sett saman av dei aktuelle fagområda. Arbeidsgruppa har ansvaret for den praktiske gjennomføringa av planarbeidet. Det er ynskeleg med ein prosjektleiar. Arbeidet bør organiserast gjennom delprosjekt på administrativt nivå. Medverknad Det vert lagt vekt på medverknad frå innbyggjarane tidleg i planprosessen, gjennom møteverksemd og undersøkingar. Etter lova skal kommunen særskilt sjå til at born og unge og deira vilkår har ein plass i planarbeidet, og rom for eigenorganisert aktivitet er viktig å få med. Innleiingsvis i arbeidet vert det halde 3 folkemøte i kommunen; Lindås, Ostereidet og Knarvik. Er det ynskje frå lokalsamfunna at det vert halde eigne møter med idédugnad på t.d. barneskulekrinsnivå, vil kommunen kunne delta på slike samlingar. Gjennom RPR for barn og unge har kommunen eit spesielt ansvar for å sikre at kommunen i planarbeid innarbeider omsyn til menneske i dei yngste aldersgruppene våre. Det er ynskjeleg å gjennomføre kartleggingsarbeid i samarbeid med skular og barnehagar i kommunen. Vi vil også etablere kontakt med ungdomsrådet med sikte på å sikre medverknad frå dei eldste ungdomane i kommunen. 2006/3348-25707/2008 Side 5 av 9

Administrasjonen har gode erfaringar med tverrfaglege arbeidsgrupper på fagnivå for å få fram relevante problemstillingar, og å kvalitetssikre arbeidet på administrativt nivå. Dette er det ynskjeleg å vidareføra også i dette planarbeidet. Lag og organisasjonar med særskilt kompetanse på dei temaene som vert teke opp, vil verte invitert inn i eit samarbeid omkring utgreiing og utarbeiding av forslag til planarbeidet. Det gjeld bonde- og skogeigarlaga, turlag idrettsråd, og næringsorganisasjonar. Offentleg ettersyn Når planarbeidet tek til, og når planen er lagd ut til offentleg ettersyn, skal det haldast opne møte på Lindås, Ostereidet og i Seim. Framdrift Fasar i planarbeidet Medverknad Politisk handsaming Tid Utarbeiding av framlegg til planprogram Administrativ arbeidsgruppe Oktober 2008 Framlegging i planforumet Administrasjonen 4. nov. Oppstart og høyring av Vedtak i plan- og Nov. 08 planprogram miljøutvalet Opne møte. Nov. 08 Fastsetjing av planprogram Plan- og miljøutvalet Mars 09 Utarbeiding planframlegg Arbeidsgruppe April-okt. Planforum Offentleg høyring av Vedtak plan- og November planframlegg miljøutv. Opne møte Nov.-jan. Handsaming av merknader Arbeidsgruppe Plan- og miljøutvalet Feb. 2010 Eigengodkjenning Vedtak i kommunestyret Mars 10 UTFORDRINGAR I PLANARBEIDET Plankvalitet Føresegner - Bustader i LNF må gjennom føresegner få klarlagt rammer for tilbygg og utviding. - Det er trong for meir detaljerte føresegner enn dei vi har i gjeldande plan for å sikre mindre rom for tolking. - Likearta føresegner trengst i arealdelen til kommuneplanen og i gjeldande kommunedelplanar. Ein tek difor sikte på at generelle føresegner i arealdelen vert gjort gjeldande også for eksisterande kommunedelplanar. Når det gjeld kommunedelplanane som er under arbeid, vil føresegnene i desse og i arealdelen samordnast. - Føresegner for byggjeskikk (bygnings- og utemiljø) må innarbeidast. Desse bør også verte retningsgjevande for dispensasjonssaker. - Føresegner om energibruk, klima- og energiplanen vil verte førande her. - Føresegnene må uttrykkja langsiktig tenking som overordna perspektiv. 2006/3348-25707/2008 Side 6 av 9

Plankartet - Arealføremåla må gjennomgåast for å få meir einsarta tilhøve. - Føremålsgrenser bør ikkje dela tomter og andre småe eigedomar. - Synleggjera på kartet dei viktigaste landbruksareala i flg. landbruksplanen. - Synleggjera på kartet dei viktigaste område som vert nytta til friluftsføremål (LNF-F) Viktige problemstillingar og tema LNF (Landbruk-, natur-, og frilufts-)område - Vurdera alle LNF 1-område (spreidd utbygging); endrast til fortetting eller LNF? - Er det framleis trong for LNF1- område for spreidd utbygging? - Vurdera område som LNF med hovudvekt på friluftsliv. - LNF med hovudvekt på landbruk, jf landbruksplan. Forvaltning av strandsona, kartfesting av funksjonell strandsone - Å kartfeste funksjonell strandsone i heile kommunen vert truleg for omfattande for denne rulleringa. I dette planarbeidet vil ein difor først prioritere nye og eksisterande byggjeområde, vidare vil Osterfjorden verte prioritert. - Det er stort behov for småbåthamner i kommunen. Aktuelle nye lokalitetar skal sikrast god tilkomst og tilrettelegging for allmenta - Nye naustområde kan verte aktuelt i første rekke som utvikling av område som alt er delvis utbygd. Byggjeskikk for naust vert tema. - Den nye planlova har nytt arealbruksføremål for sjø med tilhøyrande landareal jf 11-7. Busetnad og utbyggingsmønster Lindås kommune er i sterk vekst, særleg i dei sørlege delane av kommunen. Ein del av nybygginga skjer spreidd, og med liten eller ingen tilknyting til stadeigne arbeidsplassar. Fylgjene for landbruk, for friluftsliv, for transportøkonomi, for ureining og tidsbruk er ei utfordring for planarbeidet. Gjennom prosessen skal mønsteret for ny busetjing og utbygging fastsetjast for planperioden. Areal- og transportplanlegging må samordnast i planen, tilbod om kollektivtransport og gangog sykkelvegar skal vurderast. Fastsetjing av utbyggingsmønster vil kunne vere med på å redusere klimagassutsleppa i kommunen. Kan vi tenke prioritering av utbygging langs aksar? Korleis har vi truffe med gjeldande plan? Korleis skal dei ulike sentra i kommunen utviklast vidare? Sjå nærare på arealbruken langs aksen Mundal-Ostereidet. Bygdeutvikling Korleis løyse ynskje om tilrettelegging av spreidd bustadbygging? Kan vi hauste erfaringar frå Trivselsgrenda Myking? Distriktsomsyn, kvar gjeld dei i Lindås? 2006/3348-25707/2008 Side 7 av 9

Næringsutvikling Det er eit overordna mål å få på plass eit nytt næringsområde i søre del av Lindås. Plassering og art av nye næringsområde, avvegd mot ynsket om fortetting i dei som finst. Aksen Knarvik Mongstad viktig. Det er viktig å synleggjere og sikre næringsutvikling knytt til landbruket. Kulturminne Kulturminne er mangelfullt kartlagt i kommunen (SEFRAK og Askeladden). Når det gjeld automatisk freda kulturminne er det Hordaland Fylkeskommune sitt ansvarsområde, men vi håpar på kvalitetssikring av eksisterande data i høve kartet. Nyare tids kulturminne vil verte lagt vekt på særleg i strandsona. Gjennom vurdering av funksjonell strandsone vil ein ta omsyn til dette. Kulturminna skal sjåast i samanheng med det kulturmiljøet som omgir objekta. Kvalitet i reguleringsplanar Gjennomgang av alle gjeldande reguleringsplanar vil gje ein peikepinn på korleis gjeldande kommuneplan har verka og om enkelte eldre reguleringsplanar kan fungere slik dei er i dagens situasjon. Vidare skal det arbeidast med: Fysisk gode bustadmiljø der det m.a. vert eit klart skilje mellom næring/industri og bustadområde Utbyggingsavtalar Landskap Leikeområde Klimatilpassing (føringar frå kommunedelplan for klima og energi) Sikre universell utforming KONSEKVENSUTGREIING Konsekvensutgreiinga skal vera grunnlag for å vurdera framlegg om endra arealbruk, og vil i tillegg seia noko om korleis utfordringar og viktige problemstillingar i kommunedelplanen kan løysast. Konsekvensutgreiinga vil for kvart område med ny arealbruk innehalde kart og positive og negative verknader for kvart tema. For kvart område der det er framlegg om endra arealbruk skal konsekvensane frå alle tema samanstillast og få ei samla vurdering. 2006/3348-25707/2008 Side 8 av 9

UTGREIINGAR OG INFORMASJONSGRUNNLAG Tema Moglege verknader Kjent kunnskap Friluftsliv Nye byggjeområde kan koma i konflikt med eksisterande eller ønska bruk til friluftsliv Dyre- og planteliv på land Landbruk Helse Kulturminne og kulturmiljø Beredskap og risiko Landskap Trafikktryggleik VVA Nye byggjeområde og auka ferdsel på sjø og land kan påverke dyreog planteliv Når det kjem framlegg om omdisponering av dyrka mark, beiteområde og skog i drift God tilrettelegging for fysisk aktivitet og folkehelse Kulturminne kan verta råka av ny utbygging og meir ferdsle. Meir kunnskap om kulturminne er viktig for staden sin identitet. Nye byggjeområde kan ha risiko for utslepp til sjø og andre ulykker Endring av landskapet som følgje av nye byggjeområde og tilretteleggingstiltak Nye byggjeområde skapar auka trafikk Regionale friluftsområde. Kartlegging av naturtypar, samla rapport manglar. Landbruksplan Ingen spesiell kunnskap Sefrak og Askeladden Nasjonale databasar for flaum, skred, etc. KDP for trafikksikring (2001-2004) Kostnader for kommunen Kom.delplan VVA Utgreiingsbehov Eksisterande bruk til friluftsliv. Viltkartlegging, utfyllande kartlegging av naturtypar Detaljert vurdering av eventuelle enkeltområde Sjå dette i ein heilskap Kartlegging av automatisk freda kulturminne i nye byggeområde, jf kulturminnelova 9. Registreringa i kommunen er mangelfull. Det bør difor innhentast meir informasjon. ROS analyse Overordna landskapsanalyse for aktuelle område Trafikksikringsplanen skal rullerast i 2009 Kostnader i utbyggingsområde 2006/3348-25707/2008 Side 9 av 9