FLORA KOMMUNE Bystyret Møteinnkalling: Tilleggssak Møtedato: 04.03.2014 Møtestad: Flora Samfunnshus Møtetid: Kl. 17:00 Den som har lovleg forfall, eller er ugild i nokon av sakene, må melde frå så snart råd er, tlf. 57 75 62 12, eller til arne.schei@flora..no slik at varamedlem kan bli innkalla. Varamedlemer møter etter nærare innkalling. Flora Bengt Solheim-Olsen Leiar Arne Schei Sekretær
Sakliste Sak nr. Saktittel 013/14 Grovastøylen 14010074
FLORA KOMMUNE Saksgang Møtedato Saksnr Bystyret 04.03.2014 013/14 Sakshandsamar: Margit Drivenes Kløvfjell Arkiv: K1-243, K2-D11, K2-C20 Objekt: Arkivsaknr 11/187 GROVASTØYLEN SKYTEBANE - ANL NR 14010074 Kva saka gjeld: Grovastøylen AS søker Flora om lån på kr 8,2 millionar for å sikre fullfinansiering og sluttføring av anlegget. FRAMLEGG TIL VEDTAK: 1) Flora låner Grovastøylen AS inntil kr 8,2 mill. 2) GAS dekker renter og avdrag. Rentevilkåret skal vere NIBOR 3 mnd +1,3 prosentpoeng. 3) Flora skal sikre seg pant i skytebanen, før utlånet blir gitt. 4) Bystyret gir rådmannen fullmakt til å inngå låneavtale med Grovastøylen AS. 5) Utlånet på inntil kr 8,2 mill blir finansiert som følgjer: a. Bruk av unytta lånemidlar til disposisjon frå art 29199999 kr 7 021 000,- b. Bruk av unytta lånemidlar frå prosjekt 78615 Elektroniske skriver skytebane Florø kr 179 000,- c. Nytt sjølvfinansierande låneopptak, som blir å innarbeide i revidert budsjett 2014 kr 1 000 000,- Terje Heggheim Rådmann Edvin Helgheim Kultursjef
Innleiing: Grovastøylen AS (GAS) er eit selskap som er skipa for å stå føre utbygging og drift av skytebaneanlegget på Grovastøylen. Selskapet er eigd av Flora og skyttarlaga i n. Det skal ikkje utbetalast utbytte til eigarane, og eit evt overskot skal gå til drift og utvikling av anlegget. GAS har tidlegare fått lån av Flora på kr 5.134.000 som forskot på spelemidlar. Desse blir tilbakebetalt fortløpande når anlegget får tildelt midlar. GAS søker no Flora om lån på kr 8,2 millionar for å sikre fullfinansiering og sluttføring av anlegget. Vurdering: Rådmannen vurderer at eit lån, vil gjere det mogleg for GAS å ferdigstile utbygginga raskare. Ei ferdigstilling av skyteanlegget vil sikre flytting av skytebanen på vestsida av Litlevatn. Dette vil vere i tråd med arbeidet og dei intensjonane som har vore i botn for å få til eit felles kommunalt skyteanlegg på Grovastøylen. Økonomiske konsekvensar: Lånet blir finansiert gjennom unytta lånemidlar og eit nytt sjølvfinansierande låneopptak på kr 1 mill. GAS dekker sjølv renter og avdrag. Aktuelle lover, forskrifter, avtalar m.m.: Prenta/uprenta vedlegg: Nr T Dok.dato Til/Frå Tittel Vedlagt (x) 38 I 23.09.2011 Grovastøylen AS Kostnadsoverslag 100 og 200 m 34 I 25.01.2012 Grovastøylen AS Søknad om forskottering av spelemidlar til Grovastøylen 39 I 16.05.2012 Flora v/rådmann; Grovastøylen As 41 I 28.06.2012 Sogn og Fjordane 42 I 28.06.2012 Sogn og Fjordane 43 I 28.06.2012 Sogn og Fjordane 44 I 28.06.2012 Sogn og Fjordane 45 I 28.06.2012 Sogn og Fjordane 46 I 28.06.2012 Sogn og Fjordane Avtale om forskotering av spelemidlar til anleggsnr 1401007407 Grovastøylen - lager og driftsenhet - Flora til anleggsnr 1401007408 Grovastøylen-garderober - Flora til anleggsnr 1401007406 Grovastøylen-klubblokale - Flora til anleggsnr 1401007401Grovastøylen skytebane-100m. - Flora til anleggsnr 1401007402 Grovastøylen-200m. - Flora til anleggsnr 1401007405
47 I 28.06.2012 Sogn og Fjordane 48 I 28.06.2012 Sogn og Fjordane Grovastøylen-pistolbane - Flora til anleggsnr 1401007403 Grovastøylen-leirdue - Flora kommun til anleggsnr 1401007404 Grovastøylen- viltmålbane - Flora 57 I 26.08.2012 Grovastøylen A/S Innsendt søknad om spelmidlar - 200 metersbane 58 I 26.08.2012 Grovastøylen A/S Innsendt søknad om spelmidlar - 100 metersbane 59 I 26.08.2012 Grovastøylen A/S Innsendt søknad om spelmidlar - Leirduebane 60 I 26.08.2012 Grovastøylen A/S Innsendt søknad om spelmidlar - Viltmålbane 61 I 26.08.2012 Grovastøylen A/S Innsendt søknad om spelmidlar - Pistolbane 62 I 26.08.2012 Grovastøylen A/S Innsendt søknad om spelmidlar - Klubblokale 63 I 26.08.2012 Grovastøylen A/S Innsendt søknad om spelmidlar - Lager og Driftsenhet 64 I 26.08.2012 Grovastøylen A/S Innsendt søknad om spelmidlar - Garderober 65 I 21.12.2012 Grovastøylen AS Grovastøylen - Finasiering av viltmålbane- sponsoravtale/gåve 49 I 28.06.2013 Sogn og Fjordane 50 I 08.07.2013 Sogn og Fjordane 51 I 08.07.2013 Sogn og Fjordane 52 I 08.07.2013 Sogn og Fjordane 53 I 08.07.2013 Sogn og Fjordane 54 I 08.07.2013 Sogn og Fjordane 55 I 08.07.2013 Sogn og Fjordane til anleggsnr 140107401 Grovastøylen skytebane 100 m. - Flora til anleggsnr 140107402 Grovastøylen 200 m. - Flora til anleggsnr 140107403 Grovastøylen leirdue - Flora til anleggsnr 140107404 Grovastøylen viltmålbane - Flora til anleggsnr 140107405 Grovastøylen pistolbane - Flora til anleggsnr 140107406 Grovastøylen klubblokale - Flora til anleggsnr 140107407 Grovastøylen lager og driftsenhet - Flora
56 I 08.07.2013 Sogn og Fjordane til anleggsnr 140107408 Grovastøylen garderober - Flora 66 I 31.08.2013 Grovastøylen A/S Innsendt søknad om spillemidler - anleggsnr 14010074 08 67 I 31.08.2013 Grovastøylen A/S Innsendt søknad om spillemidler - anleggsnr 14010074 07 68 I 31.08.2013 Grovastøylen A/S Innsendt søknad om spillemidler - anleggsnr 14010074 06 69 I 31.08.2013 Grovastøylen A/S Innsendt søknad om spillemidler - anleggsnr 14010074 05 70 I 31.08.2013 Grovastøylen A/S Innsendt søknad om spillemidler - anleggsnr 14010074 01 - viltmålbane 71 I 31.08.2013 Grovastøylen A/S Innsendt søknad om spillemidler - anleggsnr 14010074 03 72 I 31.08.2013 Grovastøylen A/S Innsendt søknad om spillemidler - anleggsnr 14010074 01-100 metersbane 73 I 31.08.2013 Grovastøylen A/S Innsendt søknad om spillemidler - anleggsnr 14010074 02 75 I 25.02.2014 Grovastøylen AS Søknad om kommunalt lån 77 I 27.02.2014 Grovastøylen as VS: Protokoll frå styremøte i GAS 25.02.
Søknad om kommunalt lån for ferdigstilling av Grovastøylen Grovastøylen AS søker Flora om eit kommunalt lån på kr 8.200.000,- for å fullføre skyte- og aktivitetssenteret på Grovastøylen. Bakgrunn Det er i dag 4 skytebaner i drift i n. Desse ligg i Florø, Brandsøy, Norddalsfjord og på Storebru. Av desse så er det berre bana til Florø skytterlag ved Likkjevatnet i Florø sentrum som har ein tilkomst og anlegg for å kunne arrangere skytestemner etter DFS sitt program. Dei 3 andre banene har 100 m bane og eldre 300 m bane som stort sett er utdaterte og lite/ikkje i bruk. Banene i Brandsøy og på Storebru har ikkje vegtilkomst. På Storebru vert det drive noko DFS skyting, men dei 3 banene her vert i hovudsak nytta til skyting knytt til storviltprøva for jegerar. Ved bana til Florø skytterlag har og Florø Pistolklubb ei enkel 25 m bane. Denne stettar krava til treningsskyting og kan nyttast til mindre lokale konkurrransar. Det er ikkje leirdue eller viltmålbane i n. Flora Jeger og Fiskerforeining hadde tidlegare ei enkel leirduebane på Hatleset, men denne vart avvikla i samband med utvidinga/omlegging av Rv 5 her for nokre år sidan. Sidan dess har leirdueskyttarar i n vore henvist til Førde JFF si bane i Kråkenesmarka noko som inneber 13 mil køyring. Dette har og vanskeleggjort jegerprøveopplæringa i n som og har måtte nytta bana i Kråkenesmarka. Frå n si side har det lenge vore eit ynskje å få avvikla skytinga ved Likkjevatnet då banene her ligg i eit friluftsområde nærast i sentrum av Florø med skule og bustadområde like i nærleiken. Det er gjort kommunale vedtak på at skytinga her skal avviklast. I 1999 vart det nedsett eit kommunalt skytebaneutval under Kulturutvalet i n. Utvalet sitt mandat var : Ivareta interessene til alle brukarane av eit framtidig felles skyteanlegg i lokalisering og planprosess. Etter ein omfattande prosess med utgreiing av ulike alternativ for lokalisering enda ein til slutt opp med området ved Grovastøylen. Her har n no erverva arealet og fått regulert området til skytebaneformål. Reguleringplanen omfattar: 100/200 m bane, pistolbane, viltmålbane, leirduebane samt felles klubb/skytterhus. Grovastøylen AS (GAS) med n og skytterorganisasjonane som aksjonærar vart skipa i 2009 med føremål å få iverksett utbygginga av og drive skyteanlegga her. Før skipinga av GAS foretok ein ei kartlegging av medlemsmassen/aktiviteten i dei aktuelle laga og fekk då fylgjande tal frå dei aktuelle laga. Grovastøylen vil vere det einaste komplette skyte og aktivitetssenteret i vår. Målsettigna er at alle skyttarlag i n skal bli aktive på Grovastøylen. Konseptet rundt Grovastøylen må bli slik at alle opplever tilbodet som godt. Grovastøylen AS er eit komplett skyttaranlegg med skytebane 100 og 200 meter, viltmålbane, leirduebane og pistolbane. Anlegget er eigna for kurs og kan òg nyttast som testbane for t.d. ammunisjonsprodusentar.
Felleshuset er veleigna for kurs, konferansar og undervisning og vil i tillegg kunne leigast til møter, festarrangement og lignende. Anlegget og området rundt er òg ideelt for arrangement med jakt-, fiske- og friluftsaktivitetar. I tillegg til skytebanene er det fiskevatn i området og høve til sjøfiske i fjorden. Aktivitetstilbod knytt til dette for bedrifter, organisasjonar og skular vil vere eit naturleg forretningsområde å arbeide vidare med. Grovastøylen A/S er eit aksjeselskap eigd av skytterlaga i n og Flora. Det skal ikkje utbetalast utbygge til eigarane. Evt. overskott skal gå til drift og utvikling av anlegget. Sjå vedlegg for vedtekter og aksjonæravtale. Driftskonsept Grovastøylen AS driver heile anlegget. De enkelte laga leier dei enkelte banane/klubbhuset når dei skal ha skyting/aktivitet. Klubbene må betale for bruken. Minimum 75% av dette skal vere kontant betaling. Resten kan betalast i form av dugnad på anlegget. Laga betaler ein fast årleg leige for å kunne ha sitt kontor/lager/del av klubbhuset. Den årlege leiga dekker også bruk av garderobar og kjøkken til vanleg klubbaktivitet. I tillegg betalar laga for bruk av bygget når dei har aktivitet/arrangement i fellesareala i bygget. Det er laga som er ansvarlig for gjennomføringa av skyting for laga og jegerar. All brukarbetaling/avgift for å skyte/stemneinntekter i samband med dette skal gå til laga. Laga betaler igjen leie til GAS, jamf vedtekne satsar. Når anlegget blir leid ut til andre aktørar som t.d. politi, forsvaret, events selskap, skular med meir er det GAS som er ansvarlig for gjennomføring av aktiviteten. Enten ved at GAS stiller med kvalifisert personell for gjennomføring av skytinga, eller at dei som leiar stiller med kvalifisert personell. Styret i GAS drøfter ei ny organiserings- og finansieringsløysing basert på årskontigent frå den enkelte brukar av anlegget for å sikre tilstrekkeleg og føreseielege inntekter. Økonomi Dei enkelte anlegga på Grovastøylen finansierast gjennom eit spleiselag mellom eigarane (Kommunen og skytterlaga), lån, spelemidlar, gåver, DFS-midlar, dugnad og kommunale bidrag til infrastruktur. 3,9 millionar av finansieringa er tenkt som langsiktige lån. Selskapet har likevel vald å ikkje ta opp lån før ein er heilt sikker på å få ferdigstilt anlegget, slik at ein begynner å generere inntekter for å dekkje lånekostnadane. Kostnaden for å ferdigstille det komplette anlegget vil være ca 8,2 millionar kroner. Utifrå finansieringsplanen vil det kunne ta 3-4 år å klare å ferdigstille anlegget, då ein ikkje kan løyse ut lånetilsagnet før ein har realisert dei andre delane av finansiering (Gåver, spelemidlar, dugnad, DFS-midlar). Framdrift
All infrastruktur, med unntak av tilførsel av straum, grunnarbeida på anlegga, og deler av dei tekniske anlegga er no ferdig. Det som no står att før anlegget kan takast i bruk er sluttføringa av dei enkelte standplassane, skivene og klubbhuset. Anlegget kan ferdigstilast i 2014 gitt at ein har finansieringa for heile anlegget på plass. Kommunalt lån Grovastøylen AS ynskjer å låne 8,2 millionar kroner av n for å sikre fullfinansiering og sluttføring av anlegget. Lånet vil være sjølvfinansierande for n, og vil sikre at anlegget vert ferdigstilt og i drift i løpet av 2014. Det bør være i n si interesse at anlegget vert ferdigstilt raskt. Mvh Frank Willy Djuvik Styreleiar Grovastøylen AS
DRIFTSBUDSJETT GROVASTØYLEN Inntekter Årsavgift brukarar/skytterlaga 500 000 Utleige til andre brukarar (Politi mv) 30 000 Stevner samlingar 4 stk x 3.000 13 000 Husleigeinntekter fest, dåp, konfirmasjon, bryllup mv 50 000 Sponsorinntekter (arenareklame) 60 000 Hovudsponsor 60 000 Vilmarksleir/leirstad 15 000 Andre inntekter 50 000 SUM SALGSINNTEKTER 778 000 Variable kostnader Råvarer, komponenter 20 000 Lønn til tilsette inkl sosiale kostnader Andre variable kostnader (straum, forsikring) 100 000 SUM VARIABLE KOSTNADER 120 000 DEKNINGSBIDRAG 658 000 Faste kostnader Faste lønnskostnader inkl sosiale kostnader 120 000 Telefon/porto 5 000 Marknadsføring 10 000 Rekneskap/revisjon 50 000 Avskrivingar (avdrag) 240 000 Årleg vedlikehald 15 000 Diverse kostnader 18 000 SUM FASTE KOSTNADER 458 000 DRIFTSRESULTAT 200 000 Finanskostnader 200 000 RESULTAT -