Førde kommune Arkiv: FE - 123 JournalpostID: 16/16554 Sakshandsamar: Ole John Østenstad Dato: 12.09.2016 Saksframlegg Saksnr. Utval Møtedato 050/16 Planutvalet 15.09.2016 Avgrensa rullering av Fylkesdelplan arealbruk - høyring av retningsliner for lokalisering av handel og kjøpesentra. Vedlegg i saka: 12.09.2016 Framlegg frå fylkesrådmannen 216611 12.09.2016 Retningsliner - vedlegg2 216615 12.09.2016 Retningsliner - vedlegg 3 216614 12.09.2016 Handelsanalyse Sogn og Fjordane Asplan Viak 2016 216612 12.09.2016 Konsekvensutgreiing - Asplan Viak 2016 216613 Bakgrunn for saka: Fylkesutvalet har i møte 26.06.2016 vedteke å legge ut nye retningsliner for lokalisering av handel og kjøpesenter til høyring. Retningslinene er ein del av Fylkesdelplan arealbruk. http://www.sfj.no/retningsliner - paa - hoeyring.5887730-341653.htm l Saksutgreiing: Bystyret i Førde vedtok 28. mai 2015 kommuneplanen sin arealdel. I denne planen vart det opna for ein storhandelspark på Brulandsvellene samt kjøpesenter på eit avgrensa område på Indre Øyrane. Begge områda låg utanfor det området som var definert som sentrumsområde i kommuneplanen, og vart såleis råka av kjøpesenterforskrifta. Kjøpesenterforskrifta forbyr etablering av butikketableringar med storleik over 3000 m2 med mindre fylkeskommunen i plan har gitt høve til det. «3 Regler for etablering av kjøpesentre Kjøpesentre kan bare etableres eller utvides i samsvar med godkjente fylkesplaner eller fylkesdelplaner med retningslinjer for lokalisering av varehandel og andre servicefunsjonar. For områder som ikkje omfattes av slik plan, er det ikkje tillatt å etablere eller utvide kjøpesentre med et samlet bruksareal på meir enn 3 000 m2.» Eksisterande fylkesdelplan som vart vedteken 18.10. 2000, opnar ikkje for etablering av kjøpesenter utanfor sentrumskjerna i Førde. Førde kommune ba derfor om at fylkesdelplanen for arealbruk vart justert på dette punktet slik at den vart i samsvar med kommuneplanen til Førde. Alt i møte 14.05. 2014 gjorde Fylkesutvalet slikt vedtak:
1. «Fylkesutvalet ber om at det vert teke initiativ til å endre delar av kap. 3.2.4 i fylkesdelplan for arealbruk, slik at avgrensingane i gjeldande plan for arealbruk til utbygging av kjøpesenter i alle kommunane i Sogn og Fjordane, vert endra. 2. Fylkesutvalet ber fylkesrådmannen å fremje endringsframlegget i samsvar med r eg lane i plan - og bygningslova.» I samband med rulleringa av kommuneplanen sin arealdel fatta Fylkesutvalet slikt vedtak: 1. «Fylkesutvalet gjev si støtte til Førde kommune sitt arbeid med arealdelen til kommuneplanen, som tek tak i viktige utfordringar for å utvikle Førde som ein viktig bu - og arbeidsmarknadsregion i fylket. 2. Fylkesutvalet reserverer seg mot dei formuleringane som er nytta i administrasjonen si uttale, datert 22.01.15, når det gjeld handelspark på Brulandsvellene. Fylkesutvalet støttar formann skapet i Førde sitt høyringsframlegg til etablering av handelspark på Brulandsvellene, og dei vilkår handelsparken skal etablerast på. Fylkesutvalet vil ikkje overprøve dei vurderingane kommunen har gjort, og det vedtaket som blir gjort i Førde bystyre. De rsom etablering av handelsparken skulle vere i strid med gjeldande fylkesdelplan og rikspolitiske retningsliner for kjøpesenter (kjøpesenterforskrifta), ber fylkesutvalet om at det om nødvendig blir tatt initiativ til å endre fylkesdelplanen slik at denne bl ir i samsvar med handelsparken.» Etter at kommuneplanen sin arealdel var t vedteken av Bystyret i Førde, gjorde F ylkesutvalet 17.08.2015 vedtak om å legge planprogrammet for ei rullering av fylkesdelplan arealbruk ut til offentleg ettersyn. Planprogrammet vart godkjent i F ylkesutvalet 12.10.15 der det vart opna opp for å nytte konsulent til deler av arbeidet. Som grunnlag for rulleringa er det utarbeidd ein handelsanalyse for Sogn og Fjordane av konsulentfirmaet A splan Viak. I analysen heiter det m.a. Gje n nomgang av omsetningsstatistikk viser at Førde har den største handels - omsetningen i Sogn og Fjordane fylke, etterfulgt av Sogndal og Flor a. Omsetningen for de tre kommunene utgjør til sam men 45 % av samlet omsetning i fylket, mens befolkningsmegde utgjør kun 30 %. Handelstilbudene i Førde, Sogndal og Flora har således et vesentlig større kundegrunnlag enn bosatte i egen kommune. I 2014 var omsetningen i Førde mer enn dobbelt så høy som for So gndal og Flora til sammen. Asplan Viak har kalkulert utbyggingspotensialet for nytt handelsareal (salgsareal) i Førde fram mot 2030 til ca 60.000 m², og meiner at behovet og marknaden ikkje er tilstades for ei etablering av ein så stor handelspark som det som er planlagt på Brulandsvellene. Ei slik etablering vil få negative konsekvensar ikkje berre for Førde sentrum, men også for andre nærliggande tettstader, både når det gjeld handel, attraktivitet og styrkeforhold. Til møte i Fylkesutvalet fremja fy lkesrådmannen eit forslag til retningsliner som ikkje opna for etablering av storhandelspark på Brulandsvellene og kjøpesenter på Indre Øyrane i samsvar med kommuneplanen til Førde kommune (vedlegg 2). Fylkesutvalet valde derimot å ikkje følgje opp dette framlegget, og vedtok å legge ut følgjande framlegg til offentleg høyring: 1. Med heimel i plan - og bygningslova 8-3 vert «Retningsliner for lokalisering av handel og kjøpesentra», slik dei er utforma i vedlegg 3 til saksframlegget, lagt ut på offentleg høy ring fram til 14. september 2016. 2. Høyringsutkastet til retningsliner skal i heilskap erstatte kapittel 3.2.4 i gjeldande sjekkliste for fylkesdelplan for arealbruk, vedtatt 18. oktober 2000. Vedlegg 3 som det blir vist til, har følgjande ordlyd i kapittel 3.4: «3.4 Særskilt om kjøpesenter I byane/tettstadane Førde, Florø og Sogndal kan det etablerast «større kjøpesenter» i sentrumsområda. I tillegg kan det i Førde, som er definert som fylkessenter, etablerast handelspark utanfor område avsett ti l sentrumsområde, men då innanfor det området som ligg i SSB sin definisjon av tettstader og i nær tilknyting til hovudferdselsåra E39.
På Sandane og Eid, i Øvre Årdal, Gaupne, Stryn og Måløy, kan det etablerast kjøpesenter med inntil 11000 m2 bruksareal innafor område avsett til sentrumsområde i plan. I alle andre tettstader er grensa er fastsett i samsvar med forskrift om rikspolitisk reglar for kjøpesentra (FOR - 2008-06 - 27-724) med 3000 m2. Utanfor by - og tettstadssenter er det ikkje lov å etablere nye handelsverksemder som kvar for seg eller samla utgjer eit bruksareal til detaljhandel på meir enn 3000 kvadratmeter bruksareal, utan samtykke frå Fylkesmannen. Dette gjeld også utviding av eksisterande handelsverksemder som vil få eit samla bruksareal til detaljhandel på meir enn 3000 m2. Særskilt om handel med plasskrevjande varer For eksisterande handelsområde der den dominerande delen av vareutvalet og omsetnaden er plasskrevjande varer per 1., og som ikkje ligg i sentrum eller i tilknyting til se ntrum, gjeld følgjande: Utviding av desse handelsområda bør berre tillatast dersom det ikkje fører til vesentlege arealkonflikt og/eller negativ samfunnsnytte. Utviding kan berre skje når utbyggingspotensialet innanfor regulerte/avsette føremål i plan er utnytta. Handel med plasskrevjande varer skal etablerast innanfor allereie avsette byggjeområde for føremålet i gjeldande kommune - eller reguleringsplanar, for å sikre høg arealutnytting og kvalitet i utbygginga og hindre ytterlegare tettstadsoppdeling/ - spreiing Nye handelsområde for plasskrevjande varer skal som hovudregel lokaliserast utanfor, men i nær tilknyting til dagens sentrumsområde. Områda skal i plasserast slik at dei har lett tilgjenge frå hovudvegsystem, med minst mogeleg ulempe for miljøet og utan ve sentlege arealbrukskonfliktar, også med omsyn til jordvern og framtidig tettstadutvikling. Område avsett til handel med plasskrevjande varer kan ikkje omdisponerast til handelspark for detaljhandel.» Vurdering Rådmannen vel å ikkje kommentere primærfors laget frå fylkesrådmannen, men avgrensar kommentarane til det forslaget som fylkesutvalet gjorde vedtak om å legge ut til høyring. Slik rådmannen forstår vedtaket i Fylkesutvalet, er intensjonen at fylkeskommunen ønskjer å følgje opp kommunen sin kommunep lan med omsyn til etablering av handelsverksemder. Rådmannen er likevel usikker på om den formuleringa som er teken inn i retningslinene er tilstrekkeleg. I retningslinene er det vist til SSB sin definisjon av sentrumsområde. Kart som er tilgjengeleg på heimesida til SSB kan tyde på at dei planlagde handelsområda fell utanfor denne sentrumsdefinisjonen.
Rådmannen vil heller rå til at fylkeskommunen viser til den definisjonen kommunen sjølv har nytta i kommuneplanen sin arealdel med omsyn til avgrensing av tettstaden. Denne tek også utgangspunkt i korleis S tatistisk S entralbyrå har definert tettstaden, men er forenkla og ju stert for planlagde utbyggingar.
Rådmannen vil derfor tilrå at avsnitt to i kap 3.4 i retningslinene får slik ordlyd: I tillegg kan det i Førde, som er definert som fylkessenter, etablerast handelspark utanfor område avsett til sentrumsområde, men då innanfor det området som er definert som Førde tettstad i kommuneplanen for Førde kommune sin arealdel vedteken 28.05.2015. l igg i SSB sin definisjon av tettstader og i nær tilknyting til hovudferdselsåra E39. Av omsyn til prosessen med detaljregulering av området på Indre Øyrane og på Brulandsvellene hastar det med å få til ei justering av fylkesdelplan arealbruk frå 2000. Rådmannen sitt framlegg til vedtak: Førde kommune sluttar seg til Fylkesutvalet sitt framlegg til nye retningsliner for lokalisering av handel og kjøpesentra i samband med rullering av Fylkesdelplan for arealbruk, jfr vedtak 26.06.201 6 med følgjande atterhald: For å kunne realisere storhandelspark på Brulandsvellene samt kjøpesenter på eit avgrensa område på Indre Øyrane, må andre avsnitt i kap 3.4 i forslag til retningsliner (vedlegg 3) endrast til: I tillegg kan det i Førde, som er definert som fylkessenter, etablerast handelspark utanfor område avsett til sentrumsområde, men då innanfor det området som er definert som Førde tettstad i kommuneplanen for Førde kommune sin arealdel vedteken 28.05.2015. Førde, den 12.09.2016 Ole John Østenstad Rådmann