Høyring - Ferjerute Vangsnes - Hella - Dragsvik og Mannheller - Fodnes ved neste kontraktsperiode

Like dokumenter
1. Opsjonen på ferjesambandet bør ikkje nyttast. Ny kontraktsperiode bør vere frå januar 2017.

Skuleskyss båt/buss Atløy - Dale

Riksregulativet for ferjetakstar - høyring

Innspel til Regional transportplan

1. Sogn og Fjordane fylkeskommune vidarefører sin produksjon på Hol-Aurland, Maurstad- Åheim og Folkestad Nordfjordeid.

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet

Omklassifisering av vegnettet som følgje av Bremangersambandet II

Vedlegg 2 Rutereduksjonar 20. juni Nordfjord

Søknad om nye ruteløyve for Nordfjordekspressen og Møreekspressen : : : Sett inn innstillingen under denne linja

Ruteendringar frå 19. juni 2016

Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet

Ferjedrift Åfarnes-Sølsnes i perioda

Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet

Uttale vedr. ferjesamband i Hardanger

Kostnader for bussar i kø i Bergensområdet

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet

1. Samandrag I sak 13/12 vedtok hovudutval for samferdsle m.a. at strekninga Ånneland - Skipavika vert omklassifiserte frå fylkesveg til kommunal veg.

Helgebrigder mai, pinse og jul 2015 og påske og mai 2016 for ferjeruter.

Endra konkurransesituasjon, løns- og drivstoffkostnader og at reiarlaga prisar risiko høgare, er dei viktigaste årsakene til at prisane går opp.

Overdraging av fallrettane i Huldefossen, Førde kommune, til Sogn og Fjordane Energi AS

Omklassifisering av delstrekningar fv 4 i Gulen kommune

VOLDA KOMMUNE Servicekontoret

Omklassifisering av fylkesveg til riksveg

Tilpassing av ferjetilbodet i Hardanger som følgje av endring i trafikkgrunnlaget

SOGN driftig raus ekte

Møte i Hovudutval for samferdsle den

FRAMTIDIG FERJELEIE PÅ VARALDSØY I KVINNHERAD KOMMUNE

Klagesak - Klage frå Taxi/Bus Odda AS over avslag på søknad om løyvefritak

Omklassifisering av eksisterande strekningar på E134 i samband med bygging av Stordalstunnelen i Etne kommune - ny høyring

SAKSLISTE MØTEINNKALLING. HOVUDUTVAL FOR SAMFERDSLE Raftevolds Hotel, Hornindal Møtedato: Tid: 11:00

Kl 09:00: Gudrun Einbu frå Skyss presenterer deira ynskje om innspel til justeringar i busstilbodet.

Ullensvang herad Eldrerådet. Møteprotokoll

Tittel: Høyring - Forslag til forskrift om tildeling av utdanningsstøtte

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

Vedlegg: AU-sak 6/13 Ferjedrift som flaskehals på kyststamvegen E39

Fylkesdirektøren for næring rår hovudutval for plan og næring til å gjere slikt vedtak:

Revidert Vest 39 - Samla finansierings- og utbyggingsplan for E 39 Kyststamvegen

Møteprotokoll. Sogn regionråd. Utval: SOGN REGIONRÅD Møtestad: Hotell Scandic Byparken, Bergen Møtedato: Tid: 12:00-16:30. A.

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 056 A20 Arkivsaksnr.: 11/682-3

Uttale - Høyring forslag til endring i organisering av skuleåret i vidaregåande opplæring

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Jan Magne Svåi Arkiv: N30 Arkivsaksnr.: 13/565

PLANPROGRAM. Plan for fysisk aktivitet, idrett, friluftsliv og folkehelse Balestrand kommune Leikanger kommune Sogndal kommune

SAK OM FASTLANDSSAMBAND FOR LERØY-BJELKARØY - FINANSIERING AV OMRÅDEREGULERING MED KONSEKVENSUTGREIING

Høyring - Kystruta Bergen - Kirkenes Ny konkurranseutsetting

Tilleggsinnkalling av Formannskapet

Saksnr. Utval Møtedato 017/12 Kommuneplannemnda /12 Kommunestyret

Kollektivstrategi for Hordaland - Årsrapport 2016

Klage over tildeling av drosjeløyve i Naustdal kommune

Prøveprosjekt med ekspressrute E39 Mørebyane - Trondheim

OPPLÆRINGSAVDELINGA. Utval Saknr. Møtedato Utval for opplæring og helse

Saksnr Utval Møtedato Fylkesutvalet

FRAMTIDIG KOLLEKTIVTILBOD TIL/FRÅ OSTERØY

Korleis reiser du som er elev eller pendlar mellom Suldal og Sauda? Kollektivtransport til Sand på skuledagar

statens vegvesen Saksbehandler/innvalgsnr: Roald Gulbrandsøy

VIDARE SAMARBEID MELLOM FYLKESKOMMUNANE PÅ VESTLANDET MED TANKE PÅ Å FREMJE NYNORSKE LÆREMIDDEL

Høyring Masfjorden kommune med saksnummer034/2018 Svar på høyring om samanslåing av ungdomskular frå FAU ved Matre Skule

Høyring - nye retningsliner for kommunale næringsfond særlege punkt til drøfting

Fylkesmannen har løyvd kr av skjønsmidlar til utgreiinga. Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

SOGN driftig raus ekte

Oppfølging etter forvaltningsrevisjon - Innkjøp og oppfølging av kollektivtransport

GLOPPEN KOMMUNE Sakspapir

Samferdsle og universell utforming i Sogn og Fjordane

Bømlopakken - Gang- og sykkelveg langs Fv 542 Stokkabekken/Siggjarvåg - ny løysing treng godkjenning

Møteprotokoll. Sogn regionråd. Utval: SOGN REGIONRÅD Møtestad: Sogn Jord- og Hagebruksskule Møtedato: Tid: kl A.

Revidert Vest 39 Samla finansierings- og utbyggingsplan for E 39 Kyststamvegen. Ny handsaming i Vestlandsrådet 22. april

Saksprotokoll. Tittel : Knutepunktoppdrag - høyringsuttale. Organ : Hovudutval for kultur Møtedato : Sak: 39/07.

Planar for bybåtsambanda og turistrute Hardanger

FYLKESKOMMUNAL FORSKOTTERING TIL FRAMSKUNDING AV E39 SVEGATJØRN-RÅDAL ANLEGGSVEG TIL ENDELAUSMARKA

NY OPNINGSTID I SERVICETORGET

Helgebrigder mai, pinse og jul 2015 og påske og mai 2016 for lokalruter.

MØTEPROTOKOLL. Formannskapet SAKLISTE: 27/13 12/114 Kommunale bustader - oppfølging av rapport frå arbeidsgruppe.

MØTEBOK. Fylkeshuset - møterom Sygna. Møtedato Kl

SUND KOMMUNE. Innhald. Dok.dato: Vår Ref: 17/ Arkiv:

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Jan Magne Svåi Arkiv: 130 N00 &13 Arkivsaksnr.: 13/1884

Kommunedelplan fjordkryssing Ytre Nordfjord Vågsøy kommune og Bremanger kommune

Trafikkavviklingsplan: sykkel-vm i Fjell Kommune

HØYRINGSUTTALE - STATENS VEGVESEN SITT FRAMLEGG TIL STATSBUDSJETTET 2012

Før vi sender svar til fylkeskommunen ser vi det som nødvendig å avklare spørsmål med Vegdirektoratet.

Utviklingsprosjekt kollektivtrafikk på Søre Sunnmøre -

I n form asjon frå Kol ektiv

OFFENTLEG MØTEPROTOKOLL

Høyring - Regionalt bygdeutviklingsprogram for Sogn og Fjordane

Oppdragsnr.: Dokument nr.: 1 Modellar for organisering av vidaregåande opplæring Revisjon: 0

FRÅSEGN TIL HØYRING OM FORSLAG TIL ENDRINGER I PLAN- OG BYGNINGSLOVA

1 Fylkestinget går inn for å styrke kapitalbasen i Fjord Invest A/S med 15 mill kr.

SAKSPROTOKOLL. Sakshandsamar: TR Arkivsaknr: 2015/1258. Utvalsaksnr Utval Møtedato 98/17 Formannskapet /17 Kommunestyret

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

Jondalstunnelen AS- Takstreduksjon

REDUKSIONI RUTEKM- UTKASTTILTILTAKI NETTBUSSM-N, REGIONMØRESØR

Høyring forslag om overgang frå Vg1 studiespesialiserande til yrkesfaglege programområde på Vg 2

MØTEBOK. Fylkesrådet for eldre. Fylkeshuset Leikanger. Møtedato Kl. 10:00 15:00

Framlegg til samarbeidsavtale og reviderte vedtekter for Vestlandsrådet

HØYRINGSUTTALE - EVALUERING AV SAMBRUKSFELT PÅ RV. 580 FLYPLASSVEGEN

ANSKAFFING AV BYBANEVOGNER OG FORLENGING AV EKSISTERANDE VOGNER - BYGGETRINN 3

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse

Høyring - Rapport om overføring av ansvar for kjøp av innanlandske flyruter til nye folkevalde regionar

MØTEBOK. Bjørn Hollevik H Arnstein Menes Sp Helen Hjertaas Ap Harald Bjarte Reite Ap Stein Malkenes MDG. Sigurd Reksnes Sp Gunn Sande Sp

Postboks SOGNDAL - Tlf: MØTEPROTOKOLL

1. Samandrag Kontrollutvalet bestilte gjennomføring av forvaltningsrevisjon av Tryggleik og beredskap i fylkeskommunen i KU-sak 24/13.

Transkript:

Side 1 av 12 Saksbehandlar: Eva Solhaug Fosshagen og Inger Grete Skjeldestad Avdeling: Samferdsleavdelinga Sak nr.: 13/7611-4 Høyring - Ferjerute Vangsnes - Hella - Dragsvik og Mannheller - Fodnes ved neste kontraktsperiode Fylkesdirektøren rår hovudutval for samferdsle til å gje slik tilråding: Hovudutvalet rår fylkesutvalet til å gjere slikt vedtak: 1 Fylkesrådmannen sitt framlegg til rutetabell for 3-ferjeløysinga på sambandet Vangsnes - Hella - Dragsvik bør leggast til grunn ved anbodsutlysinga. Jf. saksframstillinga. 2 Dersom det vert 3-ferjeløysing heile året, bør det fråvikast stiv rutetabell frå Dragsvik til Hella med avgangstid kl. 10.25 og kl. 13.25 frå Dragsvik. 3 Statens vegvesen må utarbeide ny rutetabell for Mannheller - Fodnes der det vert teke omsyn til at det vert bygd ny liggekai på Mannheller. 4 Ny liggekai på Mannheller må vere ferdig til oppstart av anbodskontrakt med nye rutetider. 5 Dersom det vert endra avgangstid frå Fodnes til kl.21.30, må avgangen frå Hella endrast til kl. 23.00. Vedlegg: Inngåande brev frå Statens vegvesen av 01.11.2013 Andre dokument som ikkje ligg ved: SAKSFRAMSTILLING 1. Samandrag Statens vegvesen skal lyse ut ferjesambanda Vangsnes - Hella - Dragsvik og Mannheller - Fodnes gjeldande frå 2016 eller 2017. Ein opnar for heilårleg 3-ferjeløysing på Vangsnes Hella - Dragsvik, men bed samstundes om pris på 2-ferjeløysing utanom sommarperioden. 2-ferjeløysinga skil seg frå dagens vinterrute ved fleire avgangar, auka opningstid og endring i avgangstidspunkta. Det er ikkje mogleg å vidareføre dagens rutetabell og samtidig auke tal avgangar. I forslaget til rutetabell med 2-ferjeløysing er det ikkje lagt opp til stive rutetider. Det som skil framlegg til 3-ferjeløysinga mot dagens sommarrute, er fleire avgangar, auka opningstid og endring av avgangstidspunkta. Alle avgangane på strekninga Vangsnes - Dragsvik må gå innom Hella. Ferjeruta har i stor grad stiv 30 minutt frekvens mellom kl. 08.30-20.00. Dei første rundturane om morgonen og dei siste rundturane om kvelden har like avgangstider både for 2- og 3-ferjeløysing, men mindre endringar i høve dagens rutetabellar. Sidan det vert lagt opp til å auke tal avgangar, samt justere opningstider på sambandet, må avgangstidene i eksisterande tabell endrast. For dei fleste er det positivt med stive rutetider. I dag har vi det på Mannheller - Fodnes, Lavik - Oppedal og Anda - Lote. Sidan dette er høgfrekvente samband med ei overfartsstrekning, har det vore få negative konsekvensar knytt til stive rutetider på desse sambanda.

Vangsnes - Hella - Dragsvik er eit trekantsamband der mange av buss- og ferjerutene korresponderer på Hella med vidare korrespondansar i Sogndal, Fodnes og Vadheim. Ferjerutene er tilpassa arbeidsreisande og bussruter. Sambandet er eit «justeringssamband». Side 2 av 12 For å få til hensiktsmessige stive rutetider på sambandet Vangsnes- Hella - Dragsvik er det ein føresetnad med tre ferjer. Først då får vi tilstrekkeleg frekvens, samstundes som det er mogleg å etablere Hella som eit korrespondansepunkt. Det er nokre avgangar som er viktigare å legge til rette for enn andre. Vi tenkjer då på avgangane frå Dragsvik kl. 10.00 og kl. 13.00 (til Hella). Bussane kan ikkje reise med avgangane kl. 10.30 og 13.30 dersom ein skal få korrespondansar i Sogndal. Dersom ferjene kan fråvike stiv rutetabell og gå kl. 10.25 og 13.25, vil dette opplevast som positivt for alle gjennomgåande bussreisande, men det kan vere uheldig for trafikantane at avgangen går 5 min tidlegare i 3- ferjesambandet. Innbyggjarar frå Vik har fleire gonger kome med innspel om at det er få direkte bussruter Sogndal - Vik. Slik dei nye ferjerutene no ligg føre, både med 2- og 3-ferjeløysing, vil det verte meir venting på Hella eller i Sogndal. Ei bussrute frå Hella har med seg reisande både frå Vik og Balestrand, difor må bussen vente på begge ferjene. Om vi gjer endringar i bussrutene for å unngå ventetid på Hella, vil det verte lenger ventetid i Sogndal for dei som skal vidare. Det vil opplevast som negativt for lokalreisande nær Sogndal. Det vil vere uråd å få til fleire avgangar, stive rutetider og utvida opningstid om kvelden utan at det skal få konsekvensar for bussrutene. Fylkesrådmannen har snudd om på tabellane frå vegvesenet og meiner framlegget til nye tabellar er det optimale vi kan få til innanfor seglingsmønsteret og driftstida til ferjene. Statens vegvesen har i høyringsutkastet ikkje lagt opp til at det skal gå ferjeruter til/frå Balestrand om morgonen. Dette inneber at det må opprettast ny bussrute frå Balestrand kl. 07.20 til Dragsvik. Statens vegvesen har i sitt høyringsutkast lagt til grunn at sommarperioden skal endrast frå 21.06. - 18.08 og til 01.06. - 31.08. I forslaget er det lagt inn auka opningstid og fleire avgangar enn i dagens rutetabell. Det vil ikkje få konsekvensar for skulerutene. Dersom det vert 2-ferjeløysing får vi ulike avgangstider sommar og vinter på nokre avgangar. Statens vegvesen har i høyringsutkastet til ny rutetabell ikkje teke omsyn til forslaget i handlingsprogrammet for Nasjonal transportplan 2014-2017 (2023) der det ligg inne bygging av kvilekai på Mannheller i 2017. Byggestart må framskundast og kaia må vere klar til januar 2016. Vegvesenet må ta omsyn til den nye kvilekaia i rutetabellen når dei lyser sambandet ut på anbod. Då kan B-ferja få utvida opningstid for å gje skule- og arbeidsreisande eit betre tilbod, særleg om morgonen. 2. Bakgrunn Bakgrunn for at saka er reist Statens vegvesen skal lyse ut drifta av riksvegferjesambanda Vangsnes - Hella - Dragsvik og Mannheller - Fodnes på anbod. Gjeldande kontraktar går ut 31.12.2015 med opsjon på forlenging i eitt år. Det er ikkje endeleg avklart i kva grad opsjonen vil bli nytta eller ikkje, så oppstart av neste kontraktsperiode blir enten januar 2016 eller januar 2017. Forslag til nye ruter er sendt på høyring til fylkeskommunen og kommunane Leikanger, Sogndal, Lærdal, Aurland, Vik og Balestrand.

Side 3 av 12 Sambandet Vangsnes - Hella - Dragsvik vil bli lyst ut med to rutetabellar. Ein rutetabell som er basert på dagens vinterruter med to ferjer og ei sommarrute med tre ferjer. Den andre rutetabellen er 3-ferjeløysing heile året (opsjonsrute). Kva for ein av dei to rutetabellane som blir vald, vert avgjort av Statens vegvesen i etterkant av innleveringa. Ferjene for både 2- og 3-ferjeløysinga er lagt opp til å gå i ein pendel etter følgjande mønster: Vangsnes - Hella - Dragsvik - Hella - Vangsnes. Mønsteret medfører at trafikk på strekninga Vangsnes - Dragsvik må bli med ferja innom Hella slik det er om vinteren i dag. Statens vegvesen har i sitt høyringsutkast lag til grunn at sommarperioden skal endrast frå 21.6-18.8 til og 1.6-31.8. I forslaget er det lagt inn auka opningstid og fleire avgangar enn i dag. I 3- ferjeløysinga vert det lagt opp til stiv 30 minutt frekvens deler av dagen. I høyringsutkastet for begge alternativa er det endringar i avgangstidspunkta i forhold til dagens rutetabell. Det vert ikkje lagt opp til ei vidareføring av den eine ferjeavgangen til/frå Balestrand om morgonen. Forslaget til rutetabell på Mannheller - Fodnes er mykje lik dagens rutetabell. Det vil gå to ferjer i sambandet med 20 minutt intervall i perioden kl. 08.00-20.20. Rutetabellen om morgonen vil gå med ei ferje i 30 minutt intervall som i dag. Det er lagt inn forslag om 30 minutt intervall i perioden kl. 20.20 til 22.30, mot 40 minutt intervall i dag, utført med ei ferje. 3. Høyringsframlegg Vangsnes - Hella - Dragsvik Ny 3-ferjeløysing I dag går det tre ferjer i sommarperioden. Som vi kan sjå av tabellane under, er det ferjeavgangar i høyringsframlegget frå vegvesenet som ikkje er samanfallande med avgangstidspunkta i dag, og såleis ikkje vil passe med dagens bussruter. Sogndal er eit knutepunkt for busseruter og har korrespondansar i «alle» retningar. Det er ikkje enkelt å endre eit avgangstidspunkt på ei bussrute utan at det får konsekvensar for fleire andre bussruter. Fylkesrådmannen har sett opp forslag til nye tabellar som er betre tilpassa viktige bussruter. Tabellane viser rutene i dag, høyringsutkastet frå Statens vegvesen og fylkesrådmannen sitt framlegg til nye avgangstider. Statens vegvesen har kvalitetssikra at fylkesrådmannen sine framlegg til nye tabellar er praktisk mogleg å gjennomføre i høve seglingsmønsteret til ferjene og opningstid. Vegvesenet tek likevel atterhald om logisk brest i framlegga til nye tabellar.

Side 4 av 12 Dragsvik - Hella 27 daglege avgangar i sommarperioden 21.06.-18.08. utført av tre ferjer i dag 31daglege avgangar heile året i høyringsutkastet sommarperioden er utvida til å gjelde 01.06.-31.08, mot 21.06.-18.08. i dag avgangane merka med * har samband med buss Hella - Dragsvik Dragsvik - Hella 05.50 * 05.50 05.50 06.05 06.05 06.05 07.05 07.05 07.05 06.55 06.55 06.55 08.00 * 07.50 07.55 07.45 * 07.30 07.40 08.50 09.00 08.40 08.20 08.05 08.10 09.25 * 09.30 09.10 09.05 09.20 09.00 09.40 09.50 09.50 09.30 10.05 * 10.00 10.10 10.20 * 10.20 10.00 10.40 10.30 10.40 10.25 11.15 11.00 11.10 11.00 10.50 11.00 11.30 11.40 11.35 * 11.20 11.30 11.50 12.00 12.10 12.10 11.50 12.00 12.25 12.30 12.40 12.40 12.20 12.30 12.55 13.00 13.10 12.50 13.00 13.40 13.30 13.40 13.25 * 13.20 13.25 14.15 14.00 14.10 14.00 13.50 14.00 14.45 14.30 14.40 14.30 14.20 14.30 15.15 15.00 15.10 15.00 14.50 15.00 15.45 * 15.40 15.40 15.30 15.20 15.30 16.00 16.10 16.10 * 15.55 16.00 16.30 16.30 16.40 16.20 16.30 17.10 * 17.05 17.10 16.50 16.50 17.00 17.35 17.30 17.40 17.20 17.20 17.30 18.05 * 18.00 18.10 17.50 17.50 18.00 18.30 18.40 18.25 * 18.20 18.30 18.55 19.00 19.10 19.10 18.50 19.00 19.35 * 19.30 19.30 19.20 19.30 20.20 20.00 20.20 19.50 19.50 19.45 20.50 20.45 20.50 20.35 20.30 20.35 21.30 21.15 21.30 21.40 * 21.40 21.40 22.50 * 22.50 22.50 23.00 23.05 23.05 23.50 00.00 00.00 24.00 00.15 00.15 01.10 01.10 01.25 01.25 Med ei 3-ferjeløysing vert det lagt opp til stive avgangstider. Det vert faste rutetider Hella - Dragsvik ti minutt over heil og halv time frå kl. 08.40 til og med avgangen kl. 19.10. Dagsvik - Hella får faste avgangar kvar heile og halve time frå kl. 09.00 til og med avgangen kl. 19.30. I høyringsutkastet frå vegvesenet legg dei opp til avvik frå den stive tabellen kl. 15.40 og 17.05 frå Hella, og kl. 15.55 frå Dragsvik. Dette har dei gjort for å prøve å leggje til rette for eit best mogleg tilbod til pendlarar med buss. I framlegget frå fylkesrådmannen fråvik vi dei stive avgangstidene frå Dragsvik kl. 10.30 og 13.30 til kl. 10.25 og 13.25 for at det skal vere mogeleg å oppretthalde korrespondanse mellom bussruter i Sogndal.

Side 5 av 12 Andre opplysningar Ved gjennomgang av høyringsutkastet frå vegvesenet ser vi at det er over ein time mellom to av avgangane om morgonen. Det er difor sett inn ein ny rundtur for å betre dette, slik at tal avgangar no er 32. Konsekvensar for bussrutene Nettbuss Sør AS, Region Sogn og Fjordane legg til grunn 50 min reisetid Sogndal - Hella. Avgang i dag Ny avgang Konsekvens Hella - Dragsvik Kl. 08.00 Kl. 07.55 Ok. Får til korrespondanse Dragsvik - Balestrand. Kl. 09.25 Kl. 09.10 Berre søndagsrute. Ok å starte 15 min. før frå Sogndal. Kl. 10.05 Kl. 10.10 Rute Sogndal-Førde. Ok å starte 5 min seinare frå Sogndal Kl. 15.45 Kl. 15.40 Ok å starte 5 min. tidlegare frå Sogndal. Kl. 19.35 Kl. 20.20 Avgangen frå Sogndal utsett med 15 min til kl. 18.55. Lenger ventetid i Sogndal for reisande frå Skei og Bergen. Vert 20 min ventetid på Hella, mot 5 min i dag. Går ikkje bussrute frå Dragsvik. Kl. 22.50 KL. 22.50 Dersom det vert endra rutetid frå Fodnes frå kl. 21.20 til 21.30 rekk ikkje bussen ferja kl. 22.50 på Hella. Avgangen må endrast til kl. 23.00 Dragsvik - Hella Kl. 07.45 Kl. 07.40 Det er lagt opp til at alle ferjeavgangar skal gå frå Dragsvik i neste anbodsperiode. Dette medfører at vi må sette opp ei ny bussrute Balestrand kl. 07.20 - Dragsvik. Framleis korrespondanse med bussen kl. 07.55 på Hella. KL. 10.20 Kl. 10.00 Kan ikkje ta ferja kl. 10.30 pga. korrespondanse i Sogndal til Oslo, Bergen og Lillehammer. Ruta må starte 20 min. tidlegare frå Vadheim. Vil medføre 20 min lenger venting i Sogndal. Har allereie 20 min i dag. Kl. 11.35 Kl. 12.00 Kan utsette avgangen frå Førde med 20 min til kl. 09.25. Har korrespondanse i Sogndal om sommaren til Lærdal kl. 12.35. Kl. 13.25 Kl. 13.00 Kan ikkje ta ferja kl. 13.30 pga. korrespondanse i Sogndal til Oslo og Bergen. Ruta må starte 25 min. tidlegare frå Vadheim. Vil medføre 25 min lenger venting i Sogndal. Har allereie 10 min i dag. Kl. 16.10 Kl. 16.00 Ok. Må framskunde ruta frå Førde med 10 min. Ny avgangstid kl.13.40. Kl. 18.25 Kl. 18.30 Ok. Kl. 21.40 Kl. 21.40 Er i korrespondanse med nattruta til Oslo i Sogndal. Kan ikkje endre denne avgangen. Kort oppsummering For avgangane frå Hella får det ikkje så store konsekvensar. Viss det vert gjort endringar på avgangen frå Fodnes kl. 21.20 til 21.30, må avgangen frå Hella endrast til 23.00. Dette kan medføre endringar på dei seinaste ferjeavgangane. Skal pendlarar kunne reise med avgangen kl. 07.40 frå Dragsvik, må vi opprette ny bussrute Balestrand - Dragsvik kl. 07.20 då ferja ikkje skal gå til/frå Balestrand lenger. Det vert lenger ventetid i Sogndal for dei som må kome med ferja kl. 10.00, mot kl. 10.20 i dag. Ikkje mogleg å ta avgangen kl. 10.30. Det same vert det for avgangen kl. 1300 mot kl. 1325 i dag. Reisande får inntil 20 minutt lenger ventetid i Sogndal.

Side 6 av 12 Kan avgangane frå Dragsvik kl. 10.30 og 13.30 fråvike stiv rutetabell og gå kl. 10.25 og 13.25? Ei slik endring vil redusere ventetida med 20 min. for dei som skal reise vidare frå Sogndal. Vangsnes - Hella 22 daglege avgangar i sommarperioden 21.6-18.8 utført av tre ferjer i dag 31 daglege avgangar heile året i høyringsutkastet 31 daglege avgangar i perioden 1.6-31.8 om det vert 2-ferjeløysing om vinteren avgangane merka med * har samband med buss. Vangsnes - Hella Hella - Vangsnes 05.30 05.30 05.30 06.20 06.20 06.20 06.45 * 06.45 06.45 07.10 07.10 07.10 07.35 * 07.30 07.35 08.00 * 07.45 07.55 08.25 08.35 08.15 08.35 * 08.20 08.25 08.45 09.20 09.00 09.05 09.15 09.20 09.40 09.50 09.40 * 09.35 09.45 10.05 10.10 10.20 10.05 10.15 10.40 10.50 10.30 10.35 10.45 11.05 11.10 11.20 11.05 11.15 11.55 11.40 11.50 11.30 * 11.35 11.45 12.10 12.20 12.05 12.15 12.45 12.40 12.50 12.20 12.35 12.45 13.10 13.20 13.20 * 13.05 13.15 13.45 13.40 13.50 13.35 13.45 14.10 14.20 14.10 * 14.05 14.15 14.35 14.40 14.50 14.35 14.45 15.10 15.20 15.00 15.05 15.15 15.30 * 15.40 15.50 15.50 15.35 15.45 16.15 16.15 16.20 16.05 16.15 16.40 16.50 16.40 16.35 16.45 17.10 * 17.10 17.20 17.05 17.15 17.40 17.50 17.35 * 17.35 17.45 18.00 * 18.10 18.20 18.05 18.15 18.40 18.40 18.50 18.30 18.35 18.45 19.10 19.20 19.05 19.05 19.10 19.30 * 19.40 19.50 19.55 19.35 19.55 20.05 20.10 20.05 20.30 20.15 20.30 20.50 20.35 20.50 21.10 20.55 21.10 22.00 22.00 22.00 22.20 22.20 22.20 23.10 * 23.20 23.20 23.30 23.40 23.40 00.10 00.30 00.30 00.50 00.50 01.40 01.40 Med ei 3-ferjeløysing vert det lagt opp til stive avgangstider. Det vert faste rutetider Vangsnes - Hella kvart over heil og kvart på heil time frå kl. 08.15 til og med avgangen kl. 18.45. Hella - Vangsnes får faste avgangar 10 minutt på halv og heil time frå kl. 09.20 til og med avgangen kl. 19.50. I høyringsutkastet frå vegvesenet legg dei opp til avvik frå den stive tabellen kl. 16.15 frå Hella. Fylkesrådmannen sitt framlegg til med avgang kl. 15.50 frå Hella er ei betre

rute enn avgangen kl. 16.15. Med fylkesrådmannen sitt framlegg er det ikkje nødvendig å fråvike stiv rutetabell. Side 7 av 12 Konsekvensar for bussrutene Nettbuss Sør AS, Region Sogn og Fjordane legg til grunn 50 min. reisetid Sogndal - Hella. Avgang i dag Ny avgang Konsekvens Vangsnes - Hella Kl. 09.40 Kl. 09.45 Ruta må starte 5 min seinare frå Vik. Kortare ventetid på Hella enn i dag. Kl. 11.30 Kl. 11.45 Ok. Ny avgangstid for bussen frå Hella kl. 12.10. Kl. 13.20 Kl. 12.45 Ruta må gå 30 min tidlegare frå Vik. Det medfører 10 min. lenger ventetid på Hella. I tillegg vert det 25 min ventetid i Sogndal mot 10 min i dag. Dersom vegvesenet kan avvike stiv rutetabell frå Dragsvik kl. 13.30 til 13.25, kan reisande kome med ferja kl. 13.15 frå Vangsnes. Kl. 14.10 Kl. 14.15 Ok. 5 minutt seinare avgang frå Vik. Kl. 17.35 Kl. 17.45 Ruta kjem frå Bergen/Vinje. Har 15 min ventetid i dag. Får ytterlegare 10 min. ventetid på Vangsnes. Ny avgangstid frå Fresvik. Hella - Vangsnes Kl. 08.00 Kl. 07.55 Ok. Unngår 5 min. ventetid på Hella som det er i dag. Kl. 08.35 Kl. 08.25 Vert 10 min. ventetid på Vangsnes. Går buss frå Vangsnes kl.08.50 til Vinje/Bergen. Kl. 15.30 Kl. 15.50 Ok. Seinare avgang frå Sogndal og Vangsnes. Kl. 17.10 Kl. 17.20 Ok. 10 min. lenger venting på Hella, 5 min. i dag. Kan ikkje reise seinare frå Sogndal pga. Hella - Dragsvik. Bussen skal til Vadheim. Kl. 18.00 Kl. 18.20 Avgang frå Sogndal kl. 17.10. Dette medfører 25 min ventetid på Hella. Bør ikkje ta ventetida i Sogndal pga. lokalreisande frå sjukehusbussen. Bussen skal køyre i rute frå Hella kl. 18.00 til Sogndal. Kl. 19.30 Kl. 19.50 Avgangen frå Sogndal vert utsett til kl. 18.55. 15 min ventetid for reisande frå Skei og 20 min for reisande frå Bergen som skal mot Hella. Kl. 23.10 Kl. 23.20 10 min. lenger venting på Hella. 20 min. i dag. Er i korrespondanse med bussen frå Oslo og Bergen. Ikkje rute frå Vangsnes. Kort oppsummering Ny avgangstid frå Vangsnes kl. 12.45 medfører til saman 35 min lenger ventetid for reisande med buss frå Hella. Dette vert betre om vegvesenet kan fråvike stiv avgangstid frå Dragsvik kl. 13.25. Reisande kan då ta ferja kl. 13.15. Vert auka ventetid på Hella og Vangsnes for dei som skal reise med buss eller ferje. Ny avgang frå Hella kl. 18.20 medfører 25 min venting på Hella. Bør ikkje ta ventetida i Sogndal for dei som kjem med sjukehusbussen frå Førde. Ny 2-ferjeløysing I dag er det 2-ferjeløysing i vinterperioden. Sidan det skal gå tre ferjer om sommaren etter tabellen med 3-ferjeløysing, har fylkesrådmannen samanlikna tabellen på 3-ferjeløysing med 2- ferjeløysing. Vi har sett på om det er ulike avgangstidspunkt på dei ferjene som har korrespondanse med buss. Dersom vi skal operere med ulike avgangstider på ferjene sommar og vinter, vil det få konsekvensar for nokre bussruter og annonsering av desse.

Side 8 av 12 Fylkesrådmannen har sett opp eit forslag til for å prøve å få mest mogleg like ruter sommar og vinter. Tabellen under viser rutene i dag, høyringsutkastet frå Statens vegvesen og fylkesrådmannen sitt framlegg til nye avgangstider. Statens vegvesen har kvalitetssikra at fylkesrådmannen sine framlegg til nye tabellar er praktisk mogleg å gjennomføre i høve seglingsmønsteret til ferjene og opningstid. Vegvesenet tek likevel atterhald om logisk brest i framlegga til nye tabellar. Hella - Dragsvik 24 daglege avgangar i vinterperioden 19.8.-20.6. 28 daglege avgangar i høyringsutkastet i vinterperioden 1.9.-1.6. avgangane som er merka med * har samband med buss Hella - Dragsvik Dragsvik - Hella 05.50 * 05.50 05.50 06.05 06.05 06.05 07.05 07.05 07.05 06.55 06.55 06.55 08.00 * 07.50 07.55 07.45 * 07.30 07.40 08.25 08.35 08.05 08.10 08.50 09.00 09.05 08.20 08.40 08.50 09.25 * 09.35 09.45 09.25 09.15 09.20 09.55 * 10.10 10.15 09.40 09.50 10.00 10.30 10.45 10.55 10.20 * 10.25 10.30 11.25 11.20 11.25 10.45 11.00 11.10 11.50 11.55 12.05 11.40 * 11.35 11.40 12.45 12.30 12.35 12.10 12.20 13.05 13.15 12.35 12.45 12.50 13.40 13.40 13.45 13.25 * 13.20 13.30 14.30 14.25 14.25 14.10 13.55 14.00 15.20 14.50 14.55 14.45 14.40 14.40 15.45 * 15.45 15.40 15.35 15.05 15.10 16.40 16.25 16.25 16.10 * 16.00 16.00 17.10 * 17.10 17.10 16.55 16.40 16.40 17.50 17.50 17.40 17.25 17.25 18.00 * 18.20 18.20 18.05 18.05 18.55 19.00 19.00 18.25 * 18.35 18.35 19.35 * 19.30 19.30 19.10 19.15 19.15 20.20 20.20 20.15 19.50 19.45 19.45 20.50 20.50 20.50 20.35 20.35 20.35 21.30 21.30 21.25 21.40 * 21.40 21.40 22.50 * 22.50 22.50 23.00 23.05 23.05 23.50 00.00 00.00 24.00 00.15 00.15 01.10 01.10 01.25 01.25 Med ei 2-ferjeløysing er det ikkje råd å få til stive avgangstider. Om sommaren skal sambandet trafikkerast med tre ferjer etter tabellane med 3-ferjeløysing.

Side 9 av 12 Konsekvensar for bussrutene Nettbuss Sør AS, Region Sogn og Fjordane legg til grunn 50 min. reisetid Sogndal - Hella. Avgang i dag Ny avgang Konsekvens Hella - Dragsvik Kl. 08.00 Kl. 07.55 Ok. Får til korrespondanse Dragsvik - Balestrand. Kl. 09.25 Kl. 09.05 Kun søndagsrute. Ok å starte 20 min. tidlegare frå Sogndal. Kl. 09.55 Kl. 10.15 Rute Sogndal-Førde. Ok å starte seinare frå Sogndal. Kl. 15.45 Kl. 15.40 Ok å starte 5 min. tidlegare frå Sogndal. Kl. 18.00 Kl. 18.20 Ventetid på 20 min. Ikkje bussrute frå Dragsvik. Kl. 19.35 Kl. 20.15 Avgangen frå Sogndal utsett med 15 min til kl. 18.55. Lenger ventetid i Sogndal for reisande frå Skei og Bergen. Vert 15 min ventetid på Hella, mot 5 min i dag. Går ikkje bussrute frå Dragsvik. Kl. 22.50 Kl. 22.50 Dersom det vert endra rutetid frå Fodnes frå kl. 21.20 til 21.30 rekk ikkje bussen ferja kl. 22.50 på Hella. Avgangen må endrast til kl. 23.00 Dragsvik - Hella Kl. 07.45 Kl. 07.40 Det er lagt opp til at alle ferjeavgangar skal gå frå Dragsvik i neste anbodsperiode. Dette medfører at vi må sette opp ei ny bussrute Balestrand kl. 0720 - Dragsvik. Framleis korrespondanse med bussen kl. 07.55 på Hella. KL. 10.20 Kl. 10.00 Kan ikkje ta ferja kl. 10.30 pga. korrespondanse i Sogndal til Oslo, Bergen og Lillehammer. Ruta må starte 20 min. tidlegare frå Vadheim. Vil medføre 20 min lenger venting i Sogndal. Har allereie 20 min i dag. Kl. 13.25 Kl. 13.00 Kan ikkje ta ferja kl. 13.30 pga. korrespondanse i Sogndal til Oslo og Bergen. Ruta må starte 25 min tidlegare frå Vadheim. Vil medføre 25 min lenger venting i Sogndal. Har allereie 10 min i dag. Kl. 16.10 Kl. 16.00 Ok. Må framskunde ruta frå Førde med 10 min. Ny avgangstid kl.13.40. Kl. 18.25 Kl. 18.35 Ok. Kl. 21.40 Kl. 21.40 Er i korrespondanse med nattruta til Oslo i Sogndal. Kan ikkje endre denne avgangen.

Side 10 av 12 Vangsnes - Hella 23 daglege avgangar i vinterperioden 19.8-20.6 28 daglege avgangar om vinterperioden 1.9.-1.6. i høyringsutkastet avgangane som er merka med * har samband med buss Vangsnes - Hella Hella - Vangsnes 05.30 05.30 05.30 06.20 06.20 06.20 06.45 06.45 06.45 07.10 07.10 07.10 07.35 * 07.30 07.35 08.00 * 07.45 07.55 08.05 08.15 08.35 * 08.20 08.25 08.25 08.40 08.45 08.55 09.05 09.00 09.15 09.25 09.40 09.30 09.35 09.50 09.55 10.05 10.15 10.05 * 10.25 10.35 10.35 10.40 10.45 11.00 11.00 11.05 11.00 11.15 11.25 11.30 * 11.35 11.45 11.55 11.50 11.55 12.10 12.15 12.25 12.35 12.25 12.45 12.55 12.50 13.00 13.05 13.15 * 13.20 13.25 13.40 13.45 13.45 14.05 * 14.05 14.05 14.10 14.15 14.55 14.30 14.35 14.25 14.55 14.55 15.20 15.15 15.15 15.50 * 15.45 15.45 16.15 16.05 16.05 16.25 * 16.15 16.20 16.45 16.35 16.40 17.10 * 17.10 17.10 17.35 * 17.30 17.30 17.40 17.40 18.00 18.00 18.00 * 18.20 18.20 18.30 18.40 18.40 18.40 18.50 18.50 19.05 * 19.10 19.10 19.30 * 19.30 19.30 19.55 19.55 19.55 20.05 20.05 20.05 20.30 20.30 20.25 20.50 20.50 20.45 21.10 21.10 21.05 22.00 * 22.00 22.00 22.20 22.20 22.20 23.10 * 23.20 23.20 23.30 23.40 23.40 00.10 00.30 00.30 00.50 00.50 01.40 01.40 Med ei 2-ferjeløysing er det ikkje råd å få til stive avgangstider. Om sommaren skal sambandet trafikkerast med tre ferjer etter tabellane med 3-ferjeløysing.

Konsekvensar for bussrutene Nettbuss Sør AS, Region Sogn og Fjordane legg til grunn 50 min. reisetid Sogndal - Hella. Side 11 av 12 Avgang i dag Ny avgang Konsekvens Vangsnes - Hella Kl.10.05 Kl. 09.55 Korrespondanse i Sogndal til Oslo, Bergen og Lillehammer. Ruta må starte 20 min. tidlegare frå Vadheim. Vil medføre 20 min lenger venting i Sogndal. Har allereie 20 min i dag Kl. 11.30 Kl. 11.05 Vert 20 min ventetid på Hella. Kl. 13.15 Kl. 12.55 Ruta må gå 20 min tidlegare frå Vik. Det vert 25 min ventetid i Sogndal mot 10 min i dag. Korrespondanse til Oslo og Bergen. Kl. 17.35 Kl. 17.30 Ruta kjem frå Bergen/Vinje. Ok. Har 15 min ventetid i dag. Kl. 19.05 Kl. 19.10 Ok. Hella - Vangsnes Kl. 08.00 Kl. 07.55 Ok. Unngår 5 min. ventetid på Hella som det er i dag. Kl. 08.35 Kl. 08.25 Vert 10 min. ventetid på Vangsnes. Går buss frå Vangsnes kl.08.50 til Vinje/Bergen. Kl. 15.50 Kl. 15.45 Ok. Tidlegare avgang frå Sogndal og Vangsnes. Kl. 16.25 Kl. 16.20 Ok. Kl. 18.00 Kl. 18.20 Avgang frå Sogndal kl. 17.10. Dette medfører 25 min ventetid på Hella. Bør ikkje ta ventetida i Sogndal pga. lokalreisande frå sjukehusbussen. Bussen skal køyre i rute frå Hella kl. 18.00 til Sogndal. Kl. 23.10 Kl. 23.20 10 min. lenger venting på Hella. 20 min. i dag. Er i korrespondanse med bussen frå Oslo og Bergen. Ikkje rute frå Vangsnes. 5. Høyringsframlegg Mannheller - Fodnes I høyringsutkastet frå Statens vegvesen er det lagt opp til same rutetabell som i dag fram til kl. 20.20. Etter det er det halvtimes ruter fram til kl. 23.00, mot 40 minutts avgangar i dag. Ei ferje i dette sambandet kan ha ei dagleg driftstid på 14 timar med same skiftet. B-ferja har ei driftstid i sambandet på 12 timar. I tillegg kjem ein time gangtid både til og frå kvilekaia på Kaupanger. Dette gjer at B-ferja ikkje kan vere operativ i meir enn 12 timar i sambandet. I forslag til handlingsprogram for Nasjonal transportplan 2014-2017 (2023) frå Statens vegvesen er det foreslått å bygge kvilekai på Mannheller i 2017. Når den nye kvilekaia er på plass, vert det to «ledige» timar som kan settast inn i drifta. Dette gjer at sambandet kan starte opp med 20 min. frekvens ein time tidlegare og halde på ein time lenger. Pendlarar og skuleelevar må reise med avgangen frå Fodnes kl. 07.00 for å kome tidsnok til skule- og arbeidstart. Dette medfører ei ventetid på 20 minutt før skulestart. Ein avgang kl. 07.20 frå Fodnes vil vere meir tilpassa arbeidspendlarar og elevar som pendlar til vidaregåande skule i Sogndal. Det vil vere råd å endre bussrutene om morgonen utan at det vil få konsekvensar for korrespondansar vidare frå Sogndal.

Side 12 av 12 Rutebussar frå Oslo og Bergen brukar avgangen frå Fodnes kl. 21.20 i dag. I den nye rutetabellen er avgangen sett til kl. 21.30. Dersom det vert slik, må avgangen frå Hella kl. 22.50 endrast til kl. 23.00 pga. korrespondanse vidare frå Sogndal utover langs fjorden, til Vadheim. Vegvesenet må utarbeide ny rutetabell Mannheller - Fodnes som tek omsyn til at kvilekaia er klar til januar 2016 og at B-ferja får utvida opningstid. 6. Konklusjon/tilråding Det er positivt at det vert lagt opp til fleire avgangar, utvida opningstid og stivare rutetider. Dei nye avgangstidene passar ikkje så godt saman med viktige rutefunksjonar som arbeidsreiser, skuleskyss og busskorrespondansar. Difor har fylkesrådmannen utarbeidd forslag til nye tabellar. Fylkesrådmannen tilrår at Statens vegvesen legg Framlegg med tre ferjer Vangsnes - Hella - Dragsvik til grunn når nytt anbod skal lysast ut. For sambandet Vangsnes - Hella - Dragsvik vil 3-ferjeløysinga med lik rutetabell heile året vere det mest optimale både for bussreisande og trafikkantar. Nokre avgangar bør tilpassast for buss i rute med viktige korrespondansar i Sogndal. Dette gjeld avgangane frå Dragsvik kl. 10.30 og 13.30 til Hella. Fylkesrådmannen tilrår at vegvesenet fråvik stiv rutetabell slik at ferjene går kl. 10.25 og 13.25. Dette vil opplevast som positivt for alle gjennomgåande busspassasjerar. I forslag til handlingsprogram for Nasjonal transportplan 2014-2017 (2023) frå Statens vegvesen vert det lagt opp til at det skal byggast kvilekai på Mannheller i 2017. Dette er ikkje nemnt i høyringsbrevet. Når ny kvilekai er på plass på Mannheller, får B-ferja utvida opningstida si med to timar. Fylkesrådmannen legg til grunn at ein av dei timane vert brukt om morgonen slik at det vert avgangar kvart 20. minutt frå kl. 07.00 frå Mannheller og Fodnes. Ny kvilekai må vere på plass før 2016 dersom det vert anbodsoppstart januar 2016. Fylkesrådmannen legg til grunn at vegvesenet utarbeider ny rutetabell Mannheller - Fodnes som tek omsyn til at kvilekaia er klar til januar 2016 og at B-ferja får utvida opningstid. Dersom det vert endra avgangstid frå Fodnes til kl. 21.30, må avgangen frå Hella kl. 22.50 endrast til kl.23.00.