Reparasjon og vedlikehald av trebåtar



Like dokumenter
Taubruer. Leik med tau Utvikla av Friluftsrådet for Ålesund og omland ved Christer Lundberg Nes, fagleiar aktivitet

Til deg som bur i fosterheim år

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Brukarrettleiing E-post lesar

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

mmm...med SMAK på timeplanen

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Galeas Svanhild. Boring av hol for propellgjennomføringar. Mikkel Rust

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Vurdering av Hedalen mølle. I Sør Aurdal. Tilstand og forslag til utbedring.

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Brukarrettleiing. epolitiker

Teknikk og konsentrasjon viktigast

KONTSTRIKKING. Dersom det skal vere lue, genser, jakke eller skjørt, kan det vere naturleg å starte med ein høveleg kant og halve ruter.

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Brødsbrytelsen - Nattverden

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014


Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Tilstandsvurdering av «Gamle Essoen»

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

breivik sementvarer Forskalingsblokk og nopsastein frå Breivik kalkverk

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 3. Nynorsk

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk

FANTASTISK FORTELJING

Til... Frå... God Jul, Kald Kaffi Sauen!


Jon Fosse. For seint. Libretto

Lotteri- og stiftingstilsynet

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Informasjonshefte Tuv barnehage

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Bilete og figurar i Word

Plassebakken Barnehage

MATEMATIKKVERKSTAD Mona Røsseland. GLASSMALERI (bokmål) Utstyr: Rammer (A3) i farga papp, pappremser, silkepapir, saks og lim

GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Odd Petter Habbestad Prosjektleder i Bømlo Vatn og Avløpsselskap AS.

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Opplæringslova: Det fullstendige navnet er «Lov om grunnskulen og den vidaregåande

6. trinn. Veke 24 Navn:

Informasjon til elevane

Dokumentasjon Fagprøve i Trebåtbygging. Michael Grøstad-Torjusen. Bytting av bordganger

TURKESTOVA. 5. Dersom fleire hadde turkestove saman, var det då faste reglar for bruken, eller retta dei seg etter kvarandre som best dei kunne?

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Tilgangskontroll i arbeidslivet

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

3 dl havregryn 3 ss kakao ¼ ts kanel Ei klype salt 1 ts vaniljesukker 200 g kesam 5 ss honning Kokos

Ordning for dåp Storsamling Nærbø

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

SIGNES VOTTAR. strikketeigen.com

Valdres vidaregåande skule

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Norsk etnologisk gransking Desember 1953 R E I P O G T A U. R e i p

D/S Stord 1 Månadsrapport april-mai 2011

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

Røldal. Informasjon. Leilegheit 101 & 103. Ve og Vel V/Turid Tveit / turid.tveit@stord.kommune.no

Bergsøy skule Offshore-prosjekt 4. trinn november 2012

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk

Omstrukturering av HMS-dokumentasjonen for avdelingane i sentraladministrasjonen innleiande drøfting

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Enkel veske med fotostoff på kvar side som blikkfang.

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

I N N H O L D. Forord

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 8. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Plassebakken Barnehage

3. og 4 klasse på Straumøy Gard måndag

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Stråling frå elektronisk kommunikasjon

Transkript:

Reparasjon og vedlikehald av trebåtar Av Peter Helland-Hansen Oversikt over omfanget Mange problemstillingar knytt til reparasjon og vedlikehald går igjen, og er etter måten greie å gjera noko med. I andre tilfelle vil det vera uklokt å ta fatt på reparasjonen eller restaureringa. Nokre av desse erfaringane vil eg prøva å dela med dykk her. Ganske ofte møter eg entusiastiske båteigarar som har ein liten jobb som dei lurer på om eg kunne ta meg av. Etter litt kartlegging med kvass kniv eller syl, syner det seg gjerne at arbeidet på færingen vil utgjera om lag 70 timar + kostnader med material. Ja, eg vil tøma litt kaldt vatn i årane på somme av dykk lesarar. Der finst båtar som er verdige sankthansbålet. Kontroller båten sine ulike bygningsdelar, skriv kort ned kva som skal gjerast og kalkuler timar før du tek stilling til om båten skal vølast. Gang timetalet med to om du har lita erfaring (somme brukar 3,14). Denne tilstandsvurderinga er ei svært god investering og vil oftast vera gjort i løpet av ein times tid. Nokre typiske ròteplassar er under band, betar og renger. Stikk med ein syl på skrå inn i bordet frå innsida. Er det merkbart mjukare bør bandet ut for å få betre oversyn. I verste fall har du ei eller fleire ròtestriper som går på tvers av store delar av skroget. Eg vil ikkje tilrå restaurering av båtar som har omfattande skadar av slik karakter. I somme tilfelle er slike skadar avgrensa og kan utbetrast ved innfelling og liming eller tein. Ein anna typisk ròteplass er under keiper og i flatene mellom langise, bord og esing. Dette skuldast, som for innveden, at vatn trekkjer inn i anleggsflatene, men tørkar seint opp. Har båten vorte dårleg smurt/ impregnert, er dette ein typisk plass for ròteskadar. På eldre hardangerbåtar er det mogeleg å slå opp keipnaglane og smørja under keipen. Ta òg ein sjekk i alle bord-, kjøl-, lott- og stamnskar. Endeved syg vatn og er difor mest utsett. Saumen vert best kontrollert ved å slipa av nokre under vasslina og nokre over, midt i skroget. I ein del tilfelle kan saumen vera bra over og dårleg under vasslina. Vesentleg nedtæring inneber utskifting og ein del tomannsarbeid i botnen. Store sprekker inneber utskifting av bord, medan mindre oftast kan utbetrast ved bruk av klosaum eller legging av tein. Ver nøye med å kontrollera suene. Er det større susprekker eller ròte her, lyt borda som regel skiftast. Etter ein slik gjennomgang har du vonleg eit noko betre grunnlag å fatta avgjerda di på. Skifting av saum Jarnsaum rustar som kjent, og vil i ein del tilfelle vera vanskeleg å få ut. Til arbeidet treng du godt ljos, vernebriller, høyrslevern, ein arbeidsplass fri for spon, brannslokkingsapparat (her vert det mykje gneistar), vinkelslipar med kutteskive, dor (tilsvarande saumtjukna eller litt mindre), vanleg klauvhammar, lite kubein, pennhammar (250-23 Øvst: Når ein skal løysa bord og innved som er festa med saum er det lettvint å bruke vinkelslipar. Nedst: Under band og renger er det lurt å sjekka, dette er plassar det lett står fukt og der det er vanskeleg å halda ved like.

24 Over: Trenaglar blir låste på innsida med kilar eller årettar. Under: Det er ikkje mykje spesialverktøy som trengs for å reparere ein klinkbygd båt. I tillegg til det som finst i ein vanleg verktøykasse trengs mothald for å slå på rør, og mothald for klinking. Ein lett pennhammar blir brukt til sjølve klinkinga. Nedst: Litt drev under saumhovudet er lurt å bruke dersom holet er romt. gr færing), tong (jernbindar eller liknande), mothald (1 kg mokkert eller øks med eit hol litt større enn saumdiameteren) stålrøyr 1-1,5 kg med indre diameter litt større enn saumhovud, boremaskin og hssbor, saum, rør og medhjelpar med tålmod, godt humør og termos. No er du klar! Er det mykje saum som skal skiftast, kan det vera lurt å erstatta annankvar i fyrste omgang. På denne måten held du bordet på plass og minskar risikoen for skader på suene under utdoring. Slip saumen av på rosida så du ser firkanten i leggen. Då er han klar for utdoring. Medhjelparen held stålrøyret imot på utsida over saumhovudet og du dorar ut frå innsida. Risikoen for suskadar er stor på litt eldre båtar utan utvendig mothald. Er det litt møyrt i saumholet kan det vera lurt å gå opp litt i saumstorleik og eventuelt bora opp, tilsvarande leggen sin firkantdiameter opp under saumhovudet. Frå 2,5 saum og oppover legg du 0,5 mm til firkantdiameteren. Saumen skal ha høveleg sidemotstand for at han ikkje skal bøyast

eller siga sidevegs under klinking. Dersom nokre hol har vorte så romme at det vert for lite å gå opp ein saumdimensjon, kan eventuelt holet sparklast med epoxy tilsett tjukningsmiddel (filler) til peanøttsmørkonsistens. Holet kan då borast på nytt etter herding og saumen vil ha god støtte. Denne løysinga føreset tørr båt. Tørk gjerne lokalt i tillegg med varmepistol før liming. Er det berre litt romt i ytre delen av sua er det mogeleg å snurra litt drev under saumhovudet. Spytt på drevet, så heng det betre. Slå saumen berre så langt inn at roa kan leggjast på i fyrste omgang (ca. ein 1/2 gjennom indre bord). Resten dreg du til med rodrivaren (øksa med holet) lagt på roa innvendes. Slår du saumen heilt inn med ein gong vil du lett laga eit unødig romt hol i sua på grunn av sidejaging når roa skal på. Dra rørne på så dei syg seg så vidt inn i veden. Klyp saumen av heilt innåt roa med litt kraftig jernbindar- eller hovtong. Klinkinga vil dra roa ytterlegare til, så det er ikkje behov for overlengde på saumleggen. Sjølve klinkinga er ein liten kunst. For kvart klinkeslag med pennhammaren innvendes, skal det koma eit markert slag frå mothaldet utvendes. Hald mothaldet slik at det fjørar i handa frå utsida. Finn ein god rytme. Ikkje klink for raskt! Markerte smell eller uklart motslag er eit dårleg signal. På jarnsaum brukar eg å nytta ein penn som er litt kvass. Eg startar med å dra jarnet litt utover med hovudet, kløyver så jarnet litt opp med pennen og avsluttar med å jamna det utover med hovudet igjen. Om båten vert nytta til fiske, kan saumen reinskast for å redusera oppheng i klinkinga. Arbeidet kan enten gjerast med jarnbindartonga eller med eit lite metallrøyr som du set i drillen. Ikkje overdriv rein- 25 Over: Sprekk i bord reparert med gjennomgåande lusing med t-profil. Under: Bordsprekk reparert med klosaum.

26 Be ein båtkjøpar om å ta det nye furu salongbordet sitt - gje det tre strøk med olje - og hiv det til sjøs. Han blir ikkje forundra når det etter ca to månader er totalt ødelagt. Men trebåten, den skal vara i ca 50 år, utan synderleg stell (Alf Sørnes, båtbyggjar og teiknar). skinga, for då svekkjer du haldet i klinkinga. Sprekker i borda Dette er ein annan klassikar. Årsakene kan vera samansette, men dei fleste båtar får litt sprekker her og der gjennom livet. Ofte finn me dei i vasslina, der båten får store påkjenningar av indre trakk frå båteigar og stor variasjon mellom indre solsteik og ytre sjøsprøyt. Mindre sprekkar (10-20 ) som du ikkje ser gjennom, vil som regel trutna når båten ligg på sjøen og difor ikkje utgjera noko stort problem. For å hindra at sprekker utvidar seg kan det vera lurt å setja ein klosaum eller to gjennom sprekken. Prosessen er som for vanleg saum med kloa og klinking på innsida. Dette stivar i tillegg litt av. Er sprekkene større, bør tein eller spong vurderast, eventuelt lusing og epoxyliming. Legging av tein er ein grei metode som krev lite utstyr og kan gjerast om båten ikkje er tørr i veden. Metoden er vanleg blant hyttefolk. Kapp til ein bordbete med god kvalitet og tjukne litt mindre enn borda i båten, lengde litt lengre enn sprekken og 2 1/2-3 breidde. Døyv innvendige kantar så ikkje tau og garn hengjer seg unødig opp. Før festing smør du bordflata over sprekken og undersida av teinen med tjukk tretjøre eller tjøre tilsett sinkkvitt. Litt byggmjøl gjer blandinga mjukare. Legg sekkestrie, seglduk eller skipsfilt mellom. Bor og klink ein styresaum i kvar ende og hald fram på kvar side av sprekken med 2 1/2 til 3 mellomrom. Dette vert tett og sterkt! Blant fiskarar var spong (galvanisert blekk) mykje brukt. Prinsippet vart det same som for teinen, men ein slapp å bruke røyr på klinkinga. Dette var ein fordel da bruket lett vin henge fast i klinken og kantar som stikk opp. For å unngå dette vart spongen avrunda litt i hjørna og banka litt i kantane for å få vekk grader. Hol på storleik med ytste leggtjukna i reksaumen vart bora med 6-7 cm mellomrom, på kvar side av sprekken. Det er viktig at hola ikkje vert for store. Reksaumen skal driva dei opp nett som for røyra. Imellom spong og bord nytta ein det same som på tretein. Det vart nytta små reksaum (1/2 ) som vart slått igjennom frå utsida, klypt innvendes og klinka. Sprekken vart utvendes fylt med blandinga av tjøre og sinkkvitt. Epoxy-varianten fordrar som sagt tørr båt og litt anna utstyr. Er sprekkene små, kan det vera tilstrekkeleg å saga med stikksag gjennom dei for å koma inn på friskt vyrke og sparkla opp med lim tilsett tjukningsmiddel (filler). Lusing skal gjerast frå utsida på litt større sprekker. Med bruk av epoxy er det ikkje behov for trykk under liming og det er ikkje nokon føremon med for tette fellingar (lite lim). To mykje brukte metodar er å fresa halvvegs gjennom bordet med handoverfres frå utsida og leggja inn ei list. Me har òg gode erfaringar med full gjennomfresing med t-profil og dobbelt anlegg. I begge tilfella er det sjølvsagt viktig med godt limingsresultat. Smørjing Det finst mange svar på spørsmålet om kva som er best å smørja med. Tjørebreiing, som eg har mest erfaring med, er ein gamal og god metode. Tid om anna vert det brent ei tjøremile i m.a. Målselv eller Seljord. Når desse er oppbrukt, tingar me frå Claessons Trätjära i Gøteborg. Eg tykkjer den finaste tjøra er den med litt gylden raudfarge, glatt og fin når du gnir ho mellom fingrane. Ho har truleg òg betre evne til å trekkja inn i veden enn den med meir sot i. For å halda båten lys dei fyrste åra er det somme som blandar i litt rå linolje eller lyse (tran). Me brukar også ei tynnare blanding (tjøre, rå linolje, raudsprit) på tilfar for å sikra god opptørking og mindre sverting på bunadsskjorta. Den beste tida for smørjing tykkjer eg er litt utpå våren med sol, varme og vind. Pinsen er utmerka til slikt. Ta ein prat med Vidar Theisen og trekk båten ut på kaikanten. Tjøra treng lys for å herda så det er bortimot håplaust å få til noko tørk i eit mørkt naust. Ein liten regnskur etter at du har smurt er pyton. Byggjer eller har du mange båtar som skal smørjast, kan det verta litt vanskeleg å venta til våren. Me brukar då å tynna tjøra med raudsprit.

Me har nokre båtar som har vorte smurte årleg på denne måten og dei ser ut til å trivast. Ved tjørebreiing utan raudsprit varmar du tjøra i ei gryte til om lag 70 grader, akkurat så du tåler å dyppa fingeren i henne. Ikkje gløym tjøra på kokeplata!. Start på den sida av båten som har lege i sola. Folk spør meg ofte kor mange strøk båten skal ha. Dette vert det feil å gje noko eksakt svar på. Yteveden syg godt medan alen tek lite. Har båten godt utala bord vil det gå vesentleg mindre enn i ein båt med meir yteved. På nye båtar smør eg som regel i to omgangar, men somme krev meir. Fyrste sesongen vil ein merka at enkelte parti vert matte når båten kjem i bruk. Her er det berre å ettersmørja. Båten skal vera blank når han har tørka opp etter smørjing. Det tyder at veden er metta og det dannar seg ein film utanpå. Er båten mykje i bruk eller ligg på sjøen, vil han verta meir eller mindre matt gjennom sesongen. Slik skal ein bruksbåt sjå ut. Etter som åra går ser det for meg ut som om tjøra i mindre grad vert vaska ut av veden. Båten vert mørkare og nye strøk legg seg mest utanpå. Eg tykkjer difor det har lite for seg med for tjukke strøk på båtar som allereie er godt breidde. at du skulle vølt den andre færingen som ligg der i naustet og ventar, eller kanskje fått bygd deg ein ny. Likevel er det eit viktig men her. Før du dreg fram motorsaga eller kveiker til sankthansfeiring, tek du ein telefon til ditt distrikts båtmuseum, eller til folk som har jobba med båtforsking i området. Desse vil eller bør kunna gje deg svar på om båten er verd å sjå nærare på. Kanskje sit du på eit skrog som inneheld verdfull informasjon om korleis båtar vart bygde i ditt distrikt. Denne informasjonen er i lag med dei gamle sin kunnskap om bygging og bruk, kanskje det viktigaste grunnlaget for å føra vidare ein liten flik av denne rike arven. Til slutt: Ta ungane med både på klinking, smørjing og bruk. Denne lyden, lukta og opplevinga festar seg som sitjøra i suene. Kven veit, kanskje du då òg får oppleva velhalden båt i lag med barn og barnebarn. Alle foto: Hardanger Fartøyvernsenter. 27 Sjeldne Kva med dei gamle båtane som blir for omfattande å restaurera, men samstundes byrjar å bli sjeldne å sjå rundt forbi? Dei som kanskje var arbeidsplassen til far eller bestefar? Eg innleia med å seia at nokre båtar er verdige sankthansbålet. Det meiner eg framleis. Ja, eg meiner jamvel at det er ein god tradisjon å brenna båt den midtsommarskvelden. Det minner oss om at ein god båt også skal vera trygg. Det er trass alt berre 1/2 mellom deg og havet. Medan flammane stig oppover sommarhimmelen får du òg ei påminning om Ein omfattande reparasjon har gitt ein gamal Hardanger åttæring nytt liv.