Midsund kommune Møteinnkalling Utval: Kommunestyret Møtestad: Møterom, Midsund Omsorgssenter Dato: 13.12.2012 Tid: 12:00 Juleavslutning m/middag ca. kl. 17.00 Forfall må meldast til utvalssekretær på telefon 71 27 05 00 som syt for innkalling av varamedlemmer. Varamedlemmer møter etter nærare melding. SAKSLISTE Saksnr Innhald Arkivsaknr PS 12/89 PS 12/90 Underskrift Referatsaker Open post PS 12/91 Tilstandsrapport for grunnskulen i Midsund 2011 2012/533 PS 12/92 Konstituering av Midsund ungdomsråd 2012/488 PS 12/93 PS 12/94 Stortingsvalet og sametingsvalet 2013 - fastsetjing av valdag Val av leiar til forliksrådet for Aukra, Midsund og Sandøy kommune for perioden 2013-2016 2012/455 2011/91 PS 12/95 Rullering delplan God helse, idrett og fysisk aktivitet 2013 2012/524 PS 12/96 PS 12/97 PS 12/98 Høyring - Vesentlege vassforvaltningsspørsmål for vassregionen Møre og Romsdal Sentrumsutvikling - idekonkurranse om utvikling av sentrum Gebyrregulativ for forvaltningsoppgåver etter matrikkellova i 2013 2010/73 2012/328 2012/535 PS 12/99 Gebyrregulativ for vatn og avløp 2013 2012/537 PS 12/100 Gebyr for renovasjon og slamtømming 2013 2012/542 PS 12/101 Gebyrregulativ for byggesaksbehandling 2013 2012/541 PS 12/102 Gebyrsatsar for feieteneste 2013 2012/501 PS 12/103 Betalingssatsar kulturskulen 2013 2012/551 PS 12/104 Foreldrebetaling for kommunale barnehager 2013 2012/530 PS 12/105 Betalingssatsar vaksenopplæringa 2013 2012/532
PS 12/106 Betalingssatsar for skulefritidsordninga 2013 2012/538 PS 12/107 Budsjett 2013 - Økonomiplan 2013-2016 2012/498 Midsund, 27.11.2012 Einar Øien ordførar Ann Torill Vaksvik sekretær
PS 12/89 Underskrift
PS 12/90 Referatsaker
Midsund kommune Rådmannen Arkivsak: 2012/533-1 Arkiv: A20 Saksbeh: Sissel Birgitte Henriksen Dato: 05.11.2012 Saksframlegg Tilstandsrapport for grunnskulen i Midsund 2011 Utvalsak Utval Møtedato 12/98 Formannskapet 19.11.2012 12/16 Oppvekst- og kulturutval 03.12.2012 12/91 Kommunestyret 13.12.2012 Forslag til vedtak: Kommunestyret tek rapporten til vitande Behandling i Formannskapet - 19.11.2012 Rådmann Ketil Ugelvik orienterte. Samrøystes tilråding i Formannskapet - 19.11.2012 Kommunestyret tek rapporten til vitande Bakgrunn: Det er fastsett i opplæringslova og privatskulelova at skuleigar pliktar å utarbeide ein årleg rapport om tilstanden i opplæringa. I Stortingsmelding nr 31 (2007-2008) går det fram ar det er viktig at styringsorgana i kommunar og fylkeskommunar har eit bevisst og kunnskapsbasert forhold til kvaliteten på grunnopplæringa. Dette er nødvendig for å følgje opp utviklinga av sektoren på ein god måte. Rapporten skal omhandle læringsresultat, fråfall og læringsmiljø.
Den årlege rapporten skal drøftast av kommunestyret. Tilstandsrapporten er eit sentralt element i det nasjonale kvalitetsvurderingssystemet. Den plikta skuleigaren har til å utarbeide årlege rapportar om tilstand i opplæringa, er ein del av oppfølgingsansvaret knytt til det generelle systemkravet. Jf opplæringslova 13-10 andre ledd. Kravet til internkontroll omfattar alle pliktene som ligg til skuleeigaren etter lov og forskrift. Det generelle systemkravet er difor meir enn det tilstandsrapporten dekkjer. Saksutgreiing: Utdanningsdirektoratet har bestemt hovudområde og indikatorar på førehand. Direktoratet oppmodar og til å setje lokale mål for alle indikatorar. Situasjonen utifrå indikatorane skal ein vurdere og seie noko om oppfølginga av dei. Midsund kommune manglar lokale mål for grunnskulen. Hovudtillitsvalt og rektorane har fått kome med innspel til hovudområda og indikatorane. Økonomiske / administrative konsekvensar: Rapporten syner at ressursbruken i grunnskulen i Midsund er på eit relativt lavt nivå samanlikna med andre nærliggande kommunar i Romsdal. Ressursbruken ligg under gj.snitt for både Møre og Romsdal og på nasjonalt nivå. Stram økonomi, har gjeve utslag i relativt store elevgrupper og lav lærartettleik. Andel av elevar i grunnskulen som får spesialundervisning er aukane. Rapporten synleggjer utfordringar når det gjeld fagleg/ systematisk oppfølging av grunnskuleområdet. Ketil Ugelvik rådmann Sissel Birgitte Henriksen Rådgjevar Vedlegg (prenta): Tilstandsrapporten for grunnskulen i Midsund Vedlegg (uprenta): Særutskrift går til: - skulane i Midsund kommune - Møre og Romsdal fylke, Utdanningsavdelinga
Midsund kommune Rådmannen Arkivsak: 2012/488-1 Arkiv: Saksbeh: Sissel Birgitte Henriksen Dato: 04.10.2012 Saksframlegg Konstituering av Midsund ungdomsråd Utvalsak Utval Møtedato 12/8 Ungdomsrådet 04.10.2012 12/92 Kommunestyret 13.12.2012 Forslag til vedtak: Saka blir lagt fram utan tilråding. Behandling i Ungdomsrådet - 04.10.2012 Det vart fremma følgjande forslag: Leiar: Nestleiar: Nora Helen Dyrseth Blø Simon Sandnes Midtbø Samrøystes vedtak i Ungdomsrådet - 04.10.2012 Som leiar og nestleiar i Midsund Ungdomsråd blir valt: Leiar: Nestleiar: Nora Helen Dyrseth Blø Simon Sandnes Midtbø
Saksutgreiing: På allmøte ved Midsund Fritidsklubb torsdag 27.09.2012 vart følgjande valt til medlemar og varamedlemar til Midsund ungdomsråd: Medlemar: Vara: Nora Helene Blø 2år Siril Ræstad Eirin Høgseth 1år Hans Tangen Thea Sofie Risvik 2 år Kari Mette Løken Simon Sandnes Midtbø 1år Thomas Drønnesund Håvard Bjørnerem 1år Kristine O Rakvåg Vurdering: Ungdomsrådet vel leiar og nestleiar. I samarbeid med kontaktperson for ungdomsrådet, har leiar for ungdomsrådet talerett i hovudutval, formannskap og kommunestyre i aktuelle saker. Kontaktperson skal vere utvalssekretær for ungdomsrådet i rådmann sin stab. Økonomiske / administrative konsekvensar: Årleg budsjett til fri disposisjon av ungdomsrådet, i følgje gjeldande vedtekter for ungdomsrådet er kr 10 000,- Ketil Ugelvik Rådmann Sissel Birgitte Henriksen Rådgjevar Vedlegg (prenta): Vedlegg (uprenta): Særutskrift går til:
Midsund kommune Servicekontoret Arkivsak: 2012/455-1 Arkiv: 011 Saksbeh: Ann Torill Vaksvik Dato: 19.09.2012 Saksframlegg Stortingsvalet og sametingsvalet 2013 - fastsetjing av valdag Utvalsak Utval Møtedato 12/100 Formannskapet 19.11.2012 12/93 Kommunestyret 13.12.2012 Forslag til vedtak: Midsund kommune gjennomfører Stortingsvalet og sametingsvalet 2013 over ein dag, måndag 9. september 2013 Samrøystes tilråding i Formannskapet - 19.11.2012 Midsund kommune gjennomfører Stortingsvalet og sametingsvalet 2013 over ein dag, måndag 9. september 2013 Saksutgreiing: Kommunal- og regionaldepartementet har i brev av 27.03.2012 opplyst at valdagen for Stortingsvalet og Sametingsvalet 2013 er fastsett i statsråd 23.03.2012, til måndag 9. september 2013. Kommunestyret kan sjølv vedta at det på ein eller fleire stadar i kommunen kan haldast val også søndag før den offisielle valdagen jfr. vallova 9-2 (2).
Vurdering: Rådmannen rår til at valet blir halde over ein dag, måndag 9. september 2013. Økonomiske / administrative konsekvensar: Ketil Ugelvik rådmann Ann Torill Vaksvik sekretær Vedlegg (prenta): Brev frå Kommunal- og regionaldepartementet Vedlegg (uprenta): Særutskrift går til:
Midsund kommune Servicekontoret Arkivsak: 2011/91-12 Arkiv: X43 Saksbeh: Ann Torill Vaksvik Dato: 08.11.2012 Saksframlegg Val av leiar til forliksrådet for Aukra, Midsund og Sandøy kommune for perioden 2013-2016 Utvalsak Utval Møtedato 12/101 Formannskapet 19.11.2012 12/94 Kommunestyret 13.12.2012 Forslag til vedtak: 1. Som leiar i forliksrådet for Aukra, Midsund og Sandøy kommune for perioden 2013 2016 blir valt: 2. I henhold til forskrift om organisering av forliksråd m.m. blir fullmakt til oppnemning av møtefullmektigar frå Midsund kommune til felles forliksråd, delegert til rådmannen. Behandling i Formannskapet - 19.11.2012 Ordførar Einar Øien (Frp) fremma følgjande forslag: Leiar: Ragnhild Brevik Heggdal Medlemmer: 1. Ragnhild Brevik Heggdal 2. Egil Westrum 3. Heidi Falkhytten Vara: 1. Ann Helen Harnes
2. Gunnlaug Tangen 3. Jan Kåre Tangen Rådmannen si tilråding med tillegg fremma i møtet vart samrøystes vedteke. Samrøystes tilråding i Formannskapet - 19.11.2012 1. Som leiar i forliksrådet for Aukra, Midsund og Sandøy kommune for perioden 2013 2016 blir valt: Leiar: Ragnhild Brevik Heggdal Medlemmer: 1. Ragnhild Brevik Heggdal 2. Egil Westrum 3. Heidi Falkhytten Vara: 1. Ann Helen Harnes 2. Gunnlaug Tangen 3. Jan Kåre Tangen 2. I henhold til forskrift om organisering av forliksråd m.m. blir fullmakt til oppnemning av møtefullmektigar frå Midsund kommune til felles forliksråd, delegert til rådmannen Saksutgreiing: Viser til K-sak 12/47 der kommunestyret valde medlem og varamedlem til felles forliksråd for kommunane Aukra, Midsund og Sandøy. Leiar for forliksrådet vart ikkje valt i denne saka. I brev datert 18.10.2012 godkjenner Fylkesmannen i Møre og Romsdal valet til det nye felles forliksrådet. Medlemmene er oppnemnt i nummerert rekkjefølgje: Medlemmer: 1. Ragnhild Brevik Heggdal 2. Egil Westrum 3. Heidi Falkhytten Vara: 1. Ann Helen Harnes 2. Gunnlaug Tangen 3. Jan Kåre Tangen I Domstollova står det: 27. I hver kommune skal det være et forliksråd.
Forliksrådet skal ha tre medlemmer og like mange varamedlemmer. Blant medlemmene og blant varamedlemmene skal det være både kvinner og menn. Varamedlemmene tilkalles i den rekkefølge oppnevnelsen viser. Kommunestyret velger et av medlemmene til formann. Har denne forfall, trer den av de andre som er nevnt først i oppnevnelsen og som kan gjøre tjeneste, i dennes sted. Rådmannen legg saka fram utan tilråding. Midsund kommune har tre faste oppnemnte møtefullmektigar til forliksrådet i Midsund. No når vi har valt felles forliksråd for Aukra, Midsund og Sandøy, er det naturleg at dette utvalet også blir samansett av medlemmar frå kvar kommune. Rådmannen fekk i 2006 delegert fullmakt til å oppnemne møtefullmektigar for forliksrådet. Delegasjonen til rådmannen om oppnemning av møtefullmektigar blir vidareført. Ketil Ugelvik rådmann Ann Torill Vaksvik sekretær Vedlegg (prenta): Brev frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal datert 18.10.2012 Justis- og beredskapsdep. Informasjon Møtefullmektig i forliksråd Vedlegg (uprenta): Særutskrift går til: Medlemar og varamedlemar Aukra kommune og Sandøy kommune Lensmannen i Sund, Aukra Fylkesmannen i Møre og Romsdal
Midsund kommune Personalkontoret Arkivsak: 2012/524-1 Arkiv: Saksbeh: Ann-Heidi Paulsen Orvik Dato: 29.10.2012 Saksframlegg Rullering kommunedelplan God helse, delplan idrett og fysisk aktivitet 2013, handlingsplanen Utvalsak Utval Møtedato 12/97 Formannskapet 19.11.2012 12/5 Midsund Friluftsråd 21.11.2012 12/14 Ungdomsrådet 03.12.2012 12/3 Kommunalt råd for funksjonshemma 03.12.2012 12/15 Eldrerådet 03.12.2012 12/95 Kommunestyret 13.12.2012 Forslag til vedtak: Prioritert rullert handlingsplan 2013, kommunedelplan God helse, delplan idrett og fysisk aktivitet: 1. Natursti del 2 rundt Holsvatnet i regi av MJFF avd Midsund. Søkjast som ordinært anlegg idrett og fysisk aktivitet. 2. Sandane friluftsområde i regi av Midøy velforening (anlegg for idrett og fysisk aktivitet), ny søknad til totalkostnad kr 762 218. 3. Hamneneset tursti (forenkla friluftslivsanlegg), totalkostnad kr 80 000. 4. Ny oppgradert tursti til Myrsetmyrane i regi av Nord Heggdal velforening, forenkla spelemidlar inntil kr 80 000. 5. Skiltplan Midsund Friluftsråd i samarbeid med Friluftsrådet for Nordmøre og Romsdal, der tiltaket er omsøkt til Gjemnes kommune. Midsund kommune gjev følgjande tilråding på helseløypesøknadene: 1. Helseløype rundt Sivertdammen i regi av Aksla og Ugelvik velforening. Kostnad kr 400 000 (søkjast ikkje spelemidlar til, men eigne helseløypemidlar med kr 200 000)
2. Helseløypestandard/ natursti del 2 rundt Holsvatnet i regi av Midsund jeger- og fiskeforening 3. Sandane friluftsområde, i regi av Midøy velforening til helseløypestandard. Finansiering sjåast i samanheng med spelemiddelsøknad. 4. Helseløype Kvalvika i regi av Raknes og omegn velforeining, Kostnad kr 400 000, omsøkt tilskot kr 200 000. Finansiering sjåast i samanheng med tildelte spelemidlar til tursti i 2011. Samrøystes tilråding i Formannskapet - 19.11.2012 Prioritert rullert handlingsplan 2013, kommunedelplan God helse, delplan idrett og fysisk aktivitet: 1. Natursti del 2 rundt Holsvatnet i regi av MJFF avd Midsund. Søkjast som ordinært anlegg idrett og fysisk aktivitet. 2. Sandane friluftsområde i regi av Midøy velforening (anlegg for idrett og fysisk aktivitet), ny søknad til totalkostnad kr 762 218. 3. Hamneneset tursti (forenkla friluftslivsanlegg), totalkostnad kr 80 000. 4. Ny oppgradert tursti til Myrsetmyrane i regi av Nord Heggdal velforening, forenkla spelemidlar inntil kr 80 000. 5. Skiltplan Midsund Friluftsråd i samarbeid med Friluftsrådet for Nordmøre og Romsdal, der tiltaket er omsøkt til Gjemnes kommune. Midsund kommune gjev følgjande tilråding på helseløypesøknadene: 1. Helseløype rundt Sivertdammen i regi av Aksla og Ugelvik velforening. Kostnad kr 400 000 (søkjast ikkje spelemidlar til, men eigne helseløypemidlar med kr 200 000) 2. Helseløypestandard/ natursti del 2 rundt Holsvatnet i regi av Midsund jeger- og fiskeforening 3. Sandane friluftsområde, i regi av Midøy velforening til helseløypestandard. Finansiering sjåast i samanheng med spelemiddelsøknad. 4. Helseløype Kvalvika i regi av Raknes og omegn velforeining, Kostnad kr 400 000, omsøkt tilskot kr 200 000. Finansiering sjåast i samanheng med tildelte spelemidlar til tursti i 2011. Saksutgreiing: For tildeling av statlege midlar til anlegg for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv krev staten at kommunane har ein kommunedelplan for idrett og friluftsliv, med eit handlingsprogram som årleg rullerast og ønska tiltak prioriterast. I Møre og Romsdal er det no ca 20 % av dei omsøkte tiltaka årleg som det er rammer til å i møtekome. Den kommunale prioriteringa er difor særskilt viktig, og avgjerande for å få tilskot. I siste fylkesplan er det vedteke at anlegg for eigenaktivitet og friluftsliv skal prioriterast, og særskilt tiltak som stettar born og unge sine behov for eigenorganisert fysisk aktivitet som tiltak
i folkehelsearbeidet. Det er ei konkret målsetjing om at 10 % av midlane skal gå til friluftsliv i planperioden. Møre og Romsdal fylkeskommune har oppretta ny ordning med tilskot til helseløyper frå 2011, der samla løyving er kr 2 000 000. Det er søknadsfrist 1.desember i år, og krava til søknad er enklare enn spelemidlar. Desse midlane kan nyttast til medfinansiering i ein spelemiddelsøknad, og 3 av våre søkjarar visar at dei har slike planar. Ein kan pårekne støtte tilsvarande maks 50 % av kostnad og ingen meir enn kr 200 000. Då berre Midsund kommune har 4 slike søkjarar er det viktig at det og skjer ei prioritering av desse i planen frå kommunen si side. Vurdering: Innan frist 25.10. 2012 er det fremja 2 ordinære spelemiddelsøknader. I tillegg arbeider Midsund Friluftsråd med eit skilttiltak som går regionalt i regi av Friluftsrådet for Nordmøre og Romsdal. Dette er og eit sterkt ønska tiltak lokalt, både for fastbuande og tilreisande. Prosjektet er i gang, ikkje ferdigstilt og det er omsøkt spelemidlar til dette frå Friluftsrådet for Nordmøre og Romsdal på vegne av alle kommunale i prosjektet. Turstiprosjektet på Sandan har to søknader inne frå Midøy velforeining. Ein forenkla som heiter Hamneneset tursti og som er ein forenkla spelemiddelsøknad for å dekkje utlegg til istandsetjing av tursti etter stormen Dagmar sist år. Tiltaket er og gitt noko støtte gjennom Naturskadefondet. I tillegg har Midøy velforening søkt som ordinært anlegg for idrett og fysisk aktivitet Sandane friluftsområde, med etablering av tursti som ei rundløype, med samlingsplassar/ dagsturmål med meir. Her vil dei kombinere søknaden med søknad og om helseløypemidlar. Dette er eit svært interessant kulturhistorisk område, med mykje fornminne samt nyare kulturminne, enkelt tilgjengeleg for småbarnsfamiliar og i noko grad rørslehemma store delar av året. Ein kjem tett på fin sandstrand og livet langs fjøra heile året. Noregs jeger og fiskeforening avd. Midsund ønskjer støtte til del 2 av natursti rundt Holsvatnet. Heile anlegget planleggjast tilrettelagt for rørslehemma og tilpassa universell utforming. Dette er eit anlegg som er sterkast i tråd med fylkesplan, nasjonale føringar for bruk av spelemidlane. Del 1 av prosjektet er påbegynt, men ikkje ferdigstilt. Dei vil og søkje helseløypemidlar til tiltaket og av opplevingar rundt stien og vatnet blir det høve til fiske og natursti, tilgang til villmarkscamp med bålhus med meir. Raknes og omegn velforeining søkte og fikk tilskot til tursti Ålesundshauan/ Kvalvika sist år, og søkjer i år om støtte til utvikling av tursti og området med helseløypemidlar for å auke kvaliteten og tilgangen for nye grupper brukarar. Langs denne stien kjem ein nært på kulturlandskapet nær fjæra med fugle- og dyreliv, mange eldre fornminne i form av gravrøyser, nyare kulturminne med torvmyre, nokre av dei største områda for kystlyngheier i fylket, samt skøyteis på vinteren og fin, lang badestrand på sumaren. Aksla og Ugelvik velforening søkjer om helseløypemidlar til helseløype rundt Sivertdammen for å utvide bruken av dette friluftsområdet - både sumar og vinter. På vinteren er det skøyteis med lys, og heile året blir vegen ved sida av tjørna nytta til tursti mot fjellet. Ved å leggje ei helseløype rundt vatnet opnar ein området for dei som er rørslehemma, og det er underplanlegging aktivitetar som bålhus, buldresteinar og trening i friluft langs løypa i form av stokkar og tau som kan nyttast til styrketrening i friluft. Langs stien rundt vatnet vil det bli plassert turbenkar med 100 m avstand.
Midsund IL ønskjer at kommunen tek inn 3 prosjekt på plana, men ingen av desse er det levert spelemiddelsøknad for innan frist 25.10.12; Servicebygg ved målpassering på Midsund stadion. Bygg i 2.etasjar med rom for tidtaking i 2.etasje. Kiosk og toalettar i 1.etasje. Kostnad kr 800 000 Sandvolleyballbane i skogen nord for Midsundhallen. Kostnad kr 300 000 Servicebygg/ skifterom ved kunstgrasbana, kostnad kr 500 000 Nord Heggdal velforening har planar om å starte opp arbeid med ny tursti til Myrsetmyrane som i stor grad vil følgje eksisterande veg, ein vil oppgradere denne. Dei sjår føre seg å søkje tilskot gjennom den forenkla spelemiddelordninga. Forenkla søknader kan sendast inn heile året, etter gjeldande føresegn om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet. Det er kome inn ein slik søknad i år frå Midøy velforening om støtte til utbetring av stormskadane på tursti etter Dagmar. Skaden er her reparert, og ca halvparten dekt gjennom Naturskadefondet. Alle andre søknader vert handsama etter gjeldande fristar. Viser her og til gjeldande føresegner om tilskot for idrett og fysisk aktivitet. Søknader som kjem inn etter 25.10.12 vil difor verte arbeidd med for å kome med i rullering handlingsplan 2014. Anlegga som fikk tilsagn i 2011 (Rakvåg skyttarlag elektroniske skiver, Raknes og omegn vel tursti Ålesundshauan og Midsund jeger og fiskeforeining natursti Holsvatnet del 1) er oppstarta men ikkje fullført når denne sak skrivast i oktober 2012. Økonomiske / administrative konsekvensar: Ingen for kommuneorganisasjonen, anna enn større trykk på teknisk avdeling i form av fleire byggetiltak. Det vil og gje inntektstap, då det føreligg kommunalt vedtak og ettergjeving av alle typar byggesaksgebyr til anlegg for nærmiljøanlegg og friluftsliv. Kommunen bør ta ein prinsipiell debatt rundt tilrettelegging for friluftsliv i kommunen og eventuell ei styring av aktivitet til definerte friluftsområdar. Ein utbygging av helseløyper sett krav om tilgang til toalett for å få støtte. Etablering og drift av toalett aukar kompleksiteten i sakane både for kommunen og tiltakshavar i form av kva type toalett skal det vere (type septikk og tømmeproblematikk, slamavgift, byggesaks- og planbehandling, drift-, vedlikehald-, evt herverkproblematikk, samt forureining av anna søppel på dagsturmål/ langs turstia). Her vil rådmannen minne om at kommunen har gjeve Midsund jeger- og fiskeforeining fritak for å betale slamavgift for sitt toalettanlegg, og dette dekkjast over ansvar kulturføremål til like med refusjon bygge- og plangebyr. Det er behov for ein nærmare politikkutforming i praktiseringa av dette. Likeeins er det ikkje gjort vurderingar rundt naturtypar, kulturminnerestriksjonar for områda eller andre lov/ avtalefôrhald som avgrensar høve til å nytte dei omtalte områda til omsøkt friluftslivsaktivitet. Arealplanforhold som avgrensar bruken av områda vert behandla når søkjar rettar bygge- eller arealplandispensasjonssak til kommunen. Alle desse forhold sorterer under tekniske tenester, og vurderingar rundt dette ligg ikkje til grunn i tilrådinga som er gjort i denne saka. Om ønskeleg må kommunestyret bestille ei sak som omhandlar denne type forhold for eigen behandling.
Ketil Ugelvik Rådmann Ann-Heidi Paulsen Orvik Personalsjef Vedlegg (prenta): Vedlegg (uprenta): Komplett saksmappe Særutskrift går til: Midsund IL, Kåre Bjørnerem Rakvåg Skyttarlag v/ Ole Ståle Sandnes Raknes og omegn vel, v/ Ingebjørn Orvik Midsund jeger og fiskeforening v/ Oddbjørn Opstad Aksla og Ugelvik velforening v/ Oleanne Klauset Nerbø Midøy velforening v/ Reidun Karin Skogvoll Opstad Nord Heggdal velforening v/ Tormod Skarsbø Friluftsrådet for Nordmøre og Romsdal, 6631 Batnfjordsøra Midsund kommune, tekniske tenester
Midsund kommune Teknisk Arkivsak: 2010/73-11 Arkiv: 026 Saksbeh: Inge Rakvåg Dato: 10.11.2012 Saksframlegg Høyring - Vesentlege vassforvaltningsspørsmål for vassregionen Møre og Romsdal Utvalsak Utval Møtedato 12/99 Formannskapet 19.11.2012 12/96 Kommunestyret 13.12.2012 Forslag til vedtak: Midsund kommunestyre har ingen merknadar til høyringa av "Vesentlege vassforvaltningsspørsmål" Samrøystes tilråding i Formannskapet - 19.11.2012 Midsund kommunestyre har ingen merknadar til høyringa av "Vesentlege vassforvaltningsspørsmål" Saksutgreiing: På vegne av Vassregionutvalet i Møre og Romsdal så sender Møre og Romsdal fylkeskommune dokumentet "Vesentlege vassforvaltningsspørsmål" ut på høyring. Dokumentet omhandlar dei største hovudutfordringane for vassmiljøet i Møre og Romsdal vassregion. Høyringsperioden er frå 1. juli - 31. desember 2012. Høyringsfråsegn sendast enten til post@mrfylke.no eller til Møre og
Romsdal fylkeskommune, Fylkeshuset, 6404 Molde. Merk fråsegna med "Fråsegn Vesentlege vassforvaltningsspørsmål Vassregion Møre og Romsdal" Vi oppmoar kommunar, sektormyndigheiter og organisasjonar om å leggje ut dokumentet på deira respektive heimesider, gjerne med biletet som syner lokale utfordringar for vassmiljøet. Synleggjer også høyringsperiode og kor fråsegn skal sendast. Vassregionmyndigheita beklager at biletekvaliteten i dokumentet ikkje er så god som ønskjeleg når det vert printa ut. Etter høyringsperioden og dei endringar av dokumentet som måtte komme, vil det endeleg dokumentet verte sendt til trykking og utsendt til alle interesserte. Dokumentet "Vesentlege vassforvaltningsspørsmål" for Møre og Romsdal Vassregion har tatt utgangspunkt i innspela frå alle 5 vassområda, der faggruppene forureining og fysiske inngrep og tilslutt politisk styringsgruppe frå kvart vassområde, har gjeve innspel til kap. 7-11. Desse innspela følgjer vedlagt, men er ikkje gjenstand for høyring, det er det kun sjølve hovuddokumentet som er. Hovuddokumentet følgjer i to eksemplarer, enkelsidig eller som oppslag. Vurdering: Midsund kommune har få store vassdragstekniske utfordringar sidan det ikkje er kraftverk, store demningar, lakseelvar, samt få landbruk, etc. Utfordringane blir på avløp, akvakultur og landbruk. Konklusjon Rådmannen har ingen merknadar til høyringa av "Vesentlege vassforvaltningsspørsmål" Økonomiske / administrative konsekvensar: Ketil Ugelvik Rådmann Inge Rakvåg Teknisk sjef Vedlegg (prenta): Vesentlege vassforvaltningsspørsmål Vedlegg (uprenta): Mappe Særutskrift går til: Møre og Romsdal fylkeskommune
Midsund kommune Rådmannen Arkivsak: 2012/328-1 Arkiv: L05 Saksbeh: Ketil Ugelvik Dato: 03.07.2012 Saksframlegg Sentrumsutvikling - idekonkurranse om utvikling av sentrum Utvalsak Utval Møtedato 12/114 Formannskapet 26.11.2012 12/97 Kommunestyret 13.12.2012 Forslag til vedtak: 1. Det vert utlyst avgrensa idekonkurranse for utvikling av Midsund sentrum. 2. Premissane for konkurransen går fram av vedlagt konkurranseprogram 3. Prosjektet får ei kostnadsramme på kr 490.000. Av dette ein kommunal del på kr 145.000. Vidare legg ein til grunn kr 245.000 ( inntil 50 %) frå fylkeskommunen og kr 100.000 frå næringsforum/lokalt næringsliv. Samrøystes tilråding i Formannskapet - 26.11.2012 1. Det vert utlyst avgrensa idekonkurranse for utvikling av Midsund sentrum. 2. Premissane for konkurransen går fram av vedlagt konkurranseprogram 3. Prosjektet får ei kostnadsramme på kr 490.000. Av dette ein kommunal del på kr 145.000. Vidare legg ein til grunn kr 245.000 ( inntil 50 %) frå fylkeskommunen og kr 100.000 frå næringsforum/lokalt næringsliv. Saksutgreiing: I brev av 06.06.2012 stadfesta Fylkesmannen i Møre og Romsdal reguleringsplanen for Midsund sentrum. Med det kan ein starte på nytt kapittel i utviklinga av eit moderne sentrum.
I reguleringsplanen er det bestemt kvar fylkesvegtraseen skal gå, vidare er det gjort andre avklaringar som gjer at ein med bakgrunn i planen kan starte planlegging og seinare planmessig utbygging i sentrum. Litt historikk: I 1997 laga Asplan Viak tettstadanalyse for Midsund sentrum. Denne skulle ligge til grunn for arbeidet med reguleringsplanen. Dei siste åra har det vore gjort diverse analyser m.a. i samarbeid med Midsund vekst og næringslivet. Det skotske firmaet Gillespies laga tidleg i 2008 eit notat An intergrated strategy for the future of Midsund, i september 2008 søkte kommunen m.a med bakgrunn i notatet frå Gillespies, om midlar frå Møre og Romsdal fylkeskommune. I brev av 30.12.2008 vart kommunen tildelt inntil kr 350.000,- Kapitalbehovet på kr 1.171.000 var tenkt dekt slik; Midsund næringslag kr 350.000, Midsund kommune kr 350.000, Innovasjon Norge kr 100.000 og tettstadsprogrammet, Møre og Romsdal fylkeskommune inntil kr 350.000. Av kjende grunnar har arbeidet med reguleringsplanen tatt lang tid, og dette har gjort at kommunen har fått utsett vedståingsfristen frå fylkeskommunen. Midsund Næringsforum fekk i tiltakssak 11/23, den 01.11.2011, tilsegn om kr 60.000 frå næringsfondet til støtte til utgreiing om arkitektutforming av området COOP Romsdal Processing. Vedtaket vart gjort under føresetnad av at Fylkeskommunen og Midsund Næringsforum gikk inn med tilsvarande sum. Dei siste åra har det vore lansert fleire idear og tankar om korleis sentrum kan utviklast. Fleire meir eller mindre konkrete planar ligg føre: Midsund Marina har planar for sørvisbygg, reguleringsplanen legg til rette for leilegheiter i området mellom tusenårsplassen og Midsund Marina og området rundt tusenårsplassen kan ha eit utviklingspotensiale. Vidare har kommunen behov for nye lokale for å erstatte dagens kommunehus. Eit bygg som er dårleg tilrettelagt for parkering, manglande tilrettelegging for funksjonshemma og som slit med dårleg inneklima. I sentrumsutvikling er det viktig at kommunen/det offentlege er tilgjengeleg og synleg. I tillegg har fleire næringslivsaktørar ytra behov for nye kontorfasilitetar. Måndag 25. juni hadde Midsund Næringsforum og kommunen møte med Ingerd Husøy Høknes frå nærings- og regionalavdelinga i fylkeskommunen. Representanten for fylkeskommunen var av den meining at ein burde sjå på heile sentrumsområdet, dvs dei sjønære områda frå Romsdal Processing til og med Midsund marina. Dette for at ein kan få ein mest mogleg heilskapleg plan/utforming, og så kunne ein vie spesielt fokus på kjerneområdet, dvs området frå COOP Romsdal Processing. I møte vart to modellar presentert: A) Parallelloppdrag B) Utlysing av konkurranse Ad.A Parallelloppdrag:
Dette er ei utgreiingsform, der fleire arkitektar samtidig kan utgreie same oppgåve. Dette er ingen konkurranse der det vert stilt krav til bedømming, ingen rangering vert gitt. Kvar deltakar vert honorert fullt ut og oppdragsgjevar kan plukke fritt frå forslaga og kombinere element frå dei ulike bidraga. Ad B Utlysing av konkurranse: Konkurranseform som skal føre fram til utarbeiding av konkrete løysingsforslag basert på eit konkurranseprogram. Forslaga vert vurdert av ein jury på bakgrunn av dei kriteria og krav som kjem fram i konkurranseprogrammet. Juryen kårar konkurransen sin vinnar. Det er to hovudtypar av arkitektkonkurransar: Idekonkurranse eller prosjektkonkurranse. I ein idekonkurranse er oppdragsgjevar interessert i å få gode idear, medan det i ei prosjektkonkurranse er siktemålet å tildele vinnaren eit seinare oppdrag om å vidareføre løysingsforslaget. Alternativ B er slik rådmannen ser det mest aktuelt for oss. Hovudpoenget vårt er å få gode idear til korleis sentrum og spesielt sjøfronten skal bli sjåande ut. Det er av avgjerdande betydning at ein legg mykje arbeid i konkurranseprogrammet og gjennom det legg føringar for det vidare arbeidet. Ein mogleg måte å gjere dette på kan vere: Arkitektkonkurransen kan vere open eller avgrensa. I ein open konkurranse kan alle delta som fyller dei oppsette kvalifikasjonane. I ein avgrensa konkurranse vel ein ut eit tal på 3-6 deltakarar på bakgrunn av ein open invitasjon til å søkje om å delta ( prekvalifikasjon). I forkant må det lagast eit konkurranseprogram som nærare beskriv kva ein ønskjer. Premissane for konkurransen ligg i dette dokumentet. Ein avgrensa konkurranse, kan gjerast slik; Kvar deltakar får kr 80.000 for oppdraget og ein premie til vinnaren på kr 130.000 i tillegg. Invitasjonen må leggjast ut på Doffin. I ein slik konkurranse kan ein ha to juryar. Ein jury på td 3 personar som bestemmer kven som skal veljast ut og som skal vere med. Fylkeskommunen var tydleg på at ein måtte ha ein ekstern fagperson ( arkitekt/landsskapsarkitekt) i denne juryen. I tillegg kan fylkeskommunen stille med ein representant og ein frå kommunen. Dernest ein jury på t.d 6 personar som kårar vinnaren mellom dei som har vore med på konkurranse. Av desse 6 bør to vere fagfolk. Eitt forslag kan vere: 2 eksterne fagpersonar, 1 frå fylkeskommunen og 3 lokale representantar. Dei tre lokale representantane kan vere; ein frå næringsforum, ein frå politisk nivå og ein frå administrasjonen. Tidsperspektiv: Kommunestyrevedtak i desember Utlegging på Doffin 2 veker i januar.utvelging av tre (3) deltakarar i slutten av januar. Arbeid med forslaga i februar/mars/april Kåring av vinnar i midten av mai Kostnader:
I tillegg til kostnader knytta til dei som vert inviterte til konkurransen og premie, må ein gjere rekning med kostnader til reise og andre utgifter til eksterne jurymedlemmar. Utarbeiding av idear 3x80.000 = kr 240.000 Premie kr 130.000 Diverse utgifter reiser/honorar kr 120.000 Kostnadsramme kr 490.000 Dette er kostnader som er direkte knytt til konkurransen. Utgifter til oppfølging i etterkant av konkurransen er ikkje stipulert i denne saka. Finansiering: Fylkeskommunen kan dekkje inntil 50 % av kostnadene. Tilskot fylkeskommune kr 245.000 Tilskot næringsforum kr 100.000 Tilskot frå kommunen kr 145.000 Samla kostnadsramme kr 490.000 Vurdering: Det er viktig at ein får til ein planmessig og god utforming av sentrum. Bygda har alltid vore nært knytt til sjøen og det er viktig at ein får utnytta dei sjønære areala på ein god måte. Reguleringsplanen er stadfesta og gjennom det har ein teke fleire viktige val både med omsyn til vegtrasear og arealformål. I konkurransen vil ein sjå på heile sentrumsområdet frå Midsund Marina til Romsdal Processing. Dette for at ein skal få ein mest mogleg heilskap og vidare vil ein ha det sterkaste fokuset på området frå COOP til Romsdal Processing. Ved å invitere til avgrensa konkurranse vil vi få gode idear korleis dei sjønære sentrumsområda kan sjå ut. Med bakgrunn i desse ideane kan ein vidareutvikle og gjere sentrum meir attraktivt. Det er og viktig at ideane og planane vert realiserte. Kommunen treng nye fasilitetar for sentraladministrasjonen og det er viktig at kommunen er synleg og tilgjengeleg i sentrum. Rådmannen vil peike på viktigheita at ideane og forslaga skal vere realistiske og gjennomførbare med utgangspunkt i dei økonomiske rammene vi har. Premissane for oppdraget vert definert gjennom konkurranseprogrammet. Ved eit spleiselag med fylkeskommunen og lokalt næringsliv vil ein kunne få dette til innanfor akseptable økonomiske rammer. Økonomiske / administrative konsekvensar: Den kommunale delen kan finansierast ved bruk av næringsfondsmidlar. I tillegg vil det gå med ein del administrative ressursar til førebuing/tilrettelegging og gjennomføringa av konkurransen.
Ketil Ugelvik rådmann Vedlegg (prenta): Konkurransegrunnlag dette er eit utkast. Vedlegg (uprenta): Særutskrift går til:
Midsund kommune Teknisk Arkivsak: 2012/535-1 Arkiv: Saksbeh: Sindre Sæter Dato: 05.11.2012 Saksframlegg Gebyrregulativ for forvaltningsoppgåver etter matrikkellova i 2013 Utvalsak Utval Møtedato 12/103 Formannskapet 19.11.2012 12/98 Kommunestyret 13.12.2012 Forslag til vedtak: Med heimel i matrikkellova 32, vert gebyrregulativet for forvaltningsoppgåver etter matrikkellova i 2013 godkjent slik det ligg føre, jf. vedlagt gebyrregulativ datert 9.11.2012. Samrøystes tilråding i Formannskapet - 19.11.2012 Med heimel i matrikkellova 32, vert gebyrregulativet for forvaltningsoppgåver etter matrikkellova i 2013 godkjent slik det ligg føre, jf. vedlagt gebyrregulativ datert 9.11.2012. Saksutgreiing: I matrikkellova 1 står det at Lova skal sikre tilgang til viktige eigedomsopplysningar, ved at det blir ført eit einsarta og påliteleg register (matrikkelen) over alle faste eigedommar i landet, og at grenser og eigedomsforhold blir klarlagde. Vidare står det i matrikkellova 32: Kommunen kan ta gebyr for oppmålingsforretning, matrikkelføring, utferding av matrikkelbrev og anna arbeid etter lova her etter regulativ fastsett av kommunestyret sjølv. Gebyra kan i sum ikkje vere høgare enn nødvendige kostnader kommunen har med slikt arbeid. For matrikulering av eigarseksjon kan det ikkje takast andre gebyr enn det som er fastsett i eigarseksjonslova 7 femte ledd.
Det kan krevjast betaling for opplysningar frå matrikkelen. Det kan ikkje takast gebyr eller anna betaling for innsyn i matrikkelen ved personleg frammøte hos lokal eller sentral matrikkelstyresmakt. Vurdering: Kommunene vil normalt fastsette gebyrregulativ som er gyldig i eit år, og oppjustere satsane i samsvar med prisstiginga i samfunnet. Det blir lagt fram forslag om ei generell auke av satsane med 37 % frå 2012 til 2013. Det vert også gjort nokre endringar for å få eit meir balansert gebyrregulativ. Rådmannen foreslår å innføre ein kategori for tomter og tilleggsareal frå 0 500 m 2. Her vil det vere omtrent halvt gebyr i forhold til tomt mellom 500 og 2000 m 2. For uteareal per eigarseksjon er det foreslått ei auke i samsvar med deflatoren på 3,3 %. Gebyr for grensejustering vert omtrent uendra. Gebyr for merking av tidlegare innmålte grenser vert redusert, medan innmåling av grenser som ikkje er koordinatbestemt ved oppmålingsforretning får ei auke på 37 %. Timesatsane vert uendra. For å få eit meir balansert gebyr, vert det foreslått lavare gebyr for oppmåling av små tomter og tilleggsareal til eksisterande tomter, grensejusteringar, samt merking av eksisterande innmålte grenser. For å kompensere for dette, har ein justert opp gebyra for større tomter. Ei samanlikning med nabokommunane viser at Midsund kommune ligg omtrent likt med Aukra i gebyr. Andre nabokommunar tek mellom 3000 og 12 000 meir i gebyr for frådeling av bustadtomt i regulert område. Ved ei eventuell oppjustering av satsane, vil Midsund ligge omtrent på nivå med Haram og Fræna i gebyr for bustadtomt, medan Molde ligg høgare. For små tomter og tilleggsareal vil gebyra i Midsund ligge mellom 30 og 50 % lavare enn Fræna og Haram, medan Aukra ligg 15 % lavare enn Midsund. Molde kommune og Fræna kommune tek også betalt for kopi av målebrev (430 / 320 kr), og for utskrift/kopi av situasjonskart og nabooppgåve for m.a. bygge- og delesøknader (opp til 1730 kr). Rådmannen ønskjer at dette skal vere integrert i øvrige gebyr. Rådmannen rår til at gebyrregulativet for forvaltningsoppgåver etter matrikkellova i 2012 vert vedteke slik det ligg føre. Ketil Ugelvik Rådmann Sindre Sæter Saksbehandler Vedlegg (prenta): Gebyrregulativ for forvaltningsoppgåver etter matrikkellova i 2013
Vedlegg (uprenta): Komplett saksmappe Særutskrift går til: Teknisk, Økonomi
Midsund kommune Teknisk Arkivsak: 2012/537-1 Arkiv: Saksbeh: Inge Rakvåg Dato: 05.11.2012 Saksframlegg Gebyrregulativ for vatn og avløp 2013 Utvalsak Utval Møtedato 12/104 Formannskapet 19.11.2012 12/99 Kommunestyret 13.12.2012 Forslag til vedtak: Med heimel i Lov av 31.mai 1974 nr. 17 om kommunale vass og kloakkavgifter og Kap. 11 i Forskrift om begrensing av forurensing (forurensingsforskriften) fastsatt 01.06.2004 og Forskrift om vass og avløpsgebyr i Midsund kommune blir Gebyrregulativ for vatn og avløp 2012 vedteke slik det ligg føre. Behandling i Formannskapet - 19.11.2012 Endring: 2012 blir endra til 2013. Samrøystes tilråding i Formannskapet - 19.11.2012 Med heimel i Lov av 31.mai 1974 nr. 17 om kommunale vass og kloakkavgifter og Kap. 11 i Forskrift om begrensing av forurensing (forurensingsforskriften) fastsatt 01.06.2004 og Forskrift om vass og avløpsgebyr i Midsund kommune blir Gebyrregulativ for vatn og avløp 2013 vedteke slik det ligg føre.
Saksutgreiing: Gebyret for vatn og avløp (VA) blei nedsett i 2008 for å få ned for store fond og auka i åra etter. Manglande inndekning skulle takast frå avsette bundne fond for vatn og avløp. Etter den tid har gebyra auka for å komme opp til vanleg driftsnivå. VA fond pr. 31.12.11 Tekst/år 2005 2006 2007 2008 2009 2010 Sum pr. 2011 31.12.11 Vatn -273 807-322 762-137 156 92 000 228 621 116 828-83 734-524 683 Avløp -389 002-196 940-348 523 24 000 515 297-92 548 488 203-192 759 Vurdering: Teknisk saman med økonomi har gått igjennom henførbare kostnadar, og tatt dei med. Justert til eit akseptabelt nivå. Vatn: Det er lagt inn med bruk av fond i 2013 med kr 50.000 (2007 var abonnementsprisen på kr. 1623 og variabel pris på 8,33 kr/m3). Vatn - økonomiplan 2013-2016 06.11.12 Grunnlag for fastsetting av vassgebyr 2013 Alle beløp i 1000 kr Rekneskap Budsjett Budsjett Budsjett Budsjett Budsjett 2011 2012 2013 2014 2015 2016 Investeringar Investering i nye anlegg 645 600 400 400 400 400 Reinvestering 0 0 0 0 0 0 Sum investeringar 645 600 400 400 400 400 Kostnadar Indirekte henførb. Kostnadar 304 193 293 293 293 293 Drifts- og vedlikehaldsutgifter 825 975 925 975 962 950 Sum kapitalkostnadar 356 419 424 422 438 447 Brutto årskostnadar 1 485 1 587 1 642 1 690 1 693 1 690 Sjølvkostberekning 1 373 1 587 1 642 1 690 1 693 1 690 Inntekter Årsgebyr 1 270 1 473 1 529 1 577 1 580 1 580 Tilknytingsgebyr 103 63 63 63 63 63 Sum gebyrinntekter 1 373 1 536 1 592 1 640 1 643 1 643 Andre inntekter 112 0 0 0 0 Sum inntekter 1 485 1 536 1 592 1 640 1 643 1 643 Sjølvkostfond Fond pr. 01.01 441 540 490 440 390 340 Avsetning til fond / bruk av fond (+/-) 84-50 -50-50 -50-50 Sjølvkostfond etter årets endring 525 490 440 390 340 290 Renteberekning sjølvkostfond 15 0 Saldo sjølvkostfond 540 490 440 390 340 290 Dekningsgrad avløpsgebyr 100 % 100 % 100 % 100 % 100 % 100 % Årsgebyr - satsar Mengdevariabelt gebyr kr/m3 5,31 6,06 6,06 6,30 6,30 6,30 Abbonnementsgebyr bustad kr/ år 1 665 1 993 1 993 1 993 1 993 1 993 Sjølvkostbudsjettet viser at vassprisen må auke litt i åra framover. jfr. tabell ovanfor. Ingen auke i 2013.
Det er vassverkeigar ved Midsund kommune som skal stette dei gjeldande krav. Mattilsynet er eit kontrollerande organ som har revisjon av vassverkdrifta til eigar. I 2012 hadde Midsund vassverk revisjon av vassverket. Under revisjonen den 05.11.12 blei det meldt munnleg om ingen avvik og ei lita anmerking. Venter på skriftleg rapport. Avløp: Bruk av fond i 2013 er sett til kr. 0,- fordi fondet er tilnærma tomt. ( 2007 var abonnementsprisen på kr. 1803 og variabel pris på 11,20 kr/m3). Avløp - økonomiplan 2013-2016 06.11.12 Grunnlag for fastsetting av avløpsgebyr 2013 Alle beløp i 1000 kr Rekneskap Budsjett Budsjett Budsjett Budsjett Budsjett 2011 2012 2013 2014 2015 2016 Investeringar Investering i nye anlegg 846 1250 1200 1000 1000 1000 Reinvestering 0 0 0 0 0 0 Sum investeringar 846 1250 1200 1000 1000 1000 Kostnadar Indirekte henførb. kostnadar 355 258 258 258 258 258 Drifts- og vedlikehaldsutgifter 844 904 905 904 904 934 Sum kapitalkostnadar 501 667 650 710 757 800 Brutto årskostnadar 1 700 1 829 1 813 1 872 1 919 1 992 Sjølvkostberekning 1 700 1 829 1 813 1 872 1 919 1 992 Inntekter Årsgebyr 1 111 1 659 1 743 1 802 1 849 1 922 Tilknytingsgebyr 88 70 70 70 70 70 Sum gebyrinntekter 1 198 1 729 1 813 1 872 1 919 1 992 Andre inntekter 14 Sum inntekter 1 212 1 729 1 813 1 872 1 919 1 992 Sjølvkostfond Fond pr 01.01 681 193 93 93 93 93 Avsetning til fond / bruk av fond (+/-) -488-100 0 0 0 0 Sjølvkostfond etter årets endring 193 93 93 93 93 93 Renteberekning sjølvkostfond Saldo sjølvkostfond 193 93 93 93 93 93 Dekningsgrad avløpsgebyr 100 % 100 % 100 % 100 % 100 % 100 % Årsgebyr - satsar Mengdevariabelt gebyr kr/m3 8,29 9,45 10,39 10,91 11,46 12,03 Abbonnementsgebyr bustad kr/ år 1 941 2 212 2 323 2 439 2 561 2 689 Sjølvkostbudsjettet viser at avløpsgebyret må aukast i åra framover, alt etter kor mykje ein investerer jfr. tabell ovanfor. Grunnen til auken:
Auka nødvendige investeringar. Forandring i avsetning/bruk av fond. Auke i kommunale slamavskillar gjev større utgifter for tømming. Ut i frå nemnde faktorar blir det ein auke frå 2012 til 2013 på 5 %. For vatn og avløp Tidlegare har det ikkje vore rekna renter av inneståande på bundne fond, frå og med 2008 blir renteinntektene lagt til fondet. Dette er ein del av sjølvkostrekneskapen. Fonda skal minkast til eit akseptabelt nivå kr. 100.000-300.000. Vassfondet har ei grei utvikling. Avløpsfondet er snart oppbrukt. I framtida ligg det størst økonomiske utfordringar innafor avløp, sidan det er fleire store avløp som går rett i sjøen utan reinsing. Det er bla. Bøen, Skulekloakken, Rakvågen og Drynjasundvågen. Leige av vassmålar blir auka frå kr. 220 til kr. 240 pr år. Tilknytingsgebyret er ikkje auka utanom utbyggingsområde. Refusjon på utbyggingsområde Samrøystes vedtak i Kommunestyret sak 12/69 av 30.08.2012 1. Midsund kommune innfører refusjon VA igjen, ved utbygging innafor visse geografisk område, som blir vedtatt av kommunestyret. 2. I tillegg til kostnadane (pr. tomt) med refusjon VA kjem til kvar tid gjeldande tilkoplingsgebyr. Revisjonen held på med ein forvaltningsrevisjon av alle gebyrområda då denne føreligg får ein ei vurdering av måten Midsund kommune handterer dette. Konklusjon Foreslår at vedlagt Gebyrregulativ for vatn og avløp i 2012 blir vedteke slik det ligg før. Sjå vedlagt Gebyrregulativ for VA 2013. Økonomiske / administrative konsekvensar: Ketil Ugelvik Rådmann Inge Rakvåg Teknisk sjef Vedlegg (prenta): Gebyrregulativ VA for 2013. Vedlegg (uprenta): Mappe Særutskrift går til: Teknisk
Midsund kommune Teknisk Arkivsak: 2012/542-1 Arkiv: Saksbeh: Oddny Grete Gangstad Dato: 06.11.2012 Saksframlegg Gebyr for renovasjon og slamtømming 2013 Utvalsak Utval Møtedato 12/105 Formannskapet 19.11.2012 12/100 Kommunestyret 13.12.2012 Forslag til vedtak: Med heimel i forureingslova 34, blir gebyr for renovasjon 2013 og gebyr for slamtømming 2013 vedteke slik det går fram av vedlegg I og II Gebyrsatsar for renovasjon 2013 og Gebyrsatsar for slamtømming 2013 Behandling i Formannskapet - 19.11.2012 Ordførar Einar Øien (Frp) fremma følgjande forslag til endring: Gebyrsatsane for slamtømming 2013 blir som for 2012. Rådmannen si tilråding med endring fremma i møtet, samrøystes vedteke. Samrøystes tilråding i Formannskapet - 19.11.2012 Med heimel i forureingslova 34, blir gebyr for renovasjon 2013 og gebyr for slamtømming 2013 vedteke slik det går fram av vedlegg I og IV Gebyrsatsar for renovasjon 2013 og Gebyrsatsar for slamtømming 2012
Saksutgreiing: Renovasjon: Midsund kommune skal etter abonnementstala frå Midsund betale om lag 2 563 000 kroner i driftstilskot til RIR for renovasjon i 2013. Eit standard RIR abonnement (vanleg hushaldningsabonnement) kostar kr. 3 010,- ei stingning på om lag 2,1% frå 2012. til 2013. Påslag av driftskostnader i Midsund kjem på om lag kr. 79 000,-. Negativt fond kr. 165 531,- frå 2011 som vi legg opp til å nedbetale over ein 2 års periode. Det vil sei at vi for 2013 legg inn kr. 82 766,- som negativt fond. Vi fikk ei tilleggsfaktura på om lag kr. 100 000, - i 2011 som vi ikkje hadde teke høgde for i budsjettet. I tillegg legg vi inn ein liten buffer på kr. 15 000,- for uforutsette ting og 50 000,- for justering av abonnentar. Det vil sei at prisen for eit standard renovasjonsabonnement i Midsund vert kr. 3 277,-. Slamtømming: Når det gjeld slamtømming går prisen frå RIR ned frå kr. 1 505,- i 2012 til 1 385,- for 2013. Påslag av driftskostnadar i Midsund kjem på kr. 49 551,- som vert fordelt med kronepåslag pr. tank. Vi har tidlegare år opparbeidd oss eit underskot innafor slamtømming på kr. 313 498,- pr. 31.12.2011, som slam er skyldig Midsund kommune. For å betale tilbake dette lånet må vi auke gebyret i forhold til RIR sin pris. Slamavskiljarane vert tømt anna kvart år og rekninga vert betalt over to år. Eit år vert slamavskiljarane på Otrøya tømt og neste år er det Midøya med eit mindre antal abonnentar som vert tømt. For å takle desse svingingane må ein først betale lånet til Midsund kommune og dernest opparbeide eit fond. Når lånet er tilbakebetalt til Midsund kommune og vi har opparbeida eit fond som taklar desse svingingane blir slamgebyret justert ned til vanleg storleik. Revisorane arbeider med ein forvaltningsrevisjon som ikkje ferdig. Vurdering: Etter auka i driftstilskotet frå RIR inkl. driftskostnadane til Midsund kommune legg rådmannen fram forslag om å auke eit standard abonnement renovasjon til kr. 3 277,- for 2013. (kr. 3 217,- 2012 pris). Etter prisen frå RIR legg rådmannen fram forslag til årlege gebyrsatsar for slamtømming på kr. 1 178,- for tankar inntil 6m 3. inkl. driftskostnadar og inndekning av underskot (lån), (kr. 1 299,- 2012 pris.) Økonomiske / administrative konsekvensar: Som følgje av auka forslegne gebyrsatsar for slamtømming vil Midsund kommune få dekt inn ein del av det opparbeidde underskotet (lånet). Det vert ingen administrative konsekvensar. Ketil Ugelvik rådmann Oddny Grete Gangstad saksbehandlar
Vedlegg (prenta): Gebyrsatsar for renovasjon 2013 Vedlegg I Gebyrsatsar for slamtømming 2013 Vedlegg II Gebyrsatsar for renovasjon 2012 Vedlegg III Gebyrsatsar for slamtømming 2012 Vedlegg IV Vedlegg (uprenta): Komplett saksmappe Særutskrift går til: Økonomiavdelinga
Midsund kommune Teknisk Arkivsak: 2012/541-1 Arkiv: Saksbeh: Sindre Sæter Dato: 06.11.2012 Saksframlegg Gebyrregulativ for byggesaksbehandling 2013 Utvalsak Utval Møtedato 12/106 Formannskapet 19.11.2012 12/101 Kommunestyret 13.12.2012 Forslag til vedtak: Med heimel i plan- og bygningsloven 33-1, vert gebyrregulativ for byggesaksbehandling i 2013 godkjent slik det ligg føre, jf. vedlagt gebyrregulativ med føresegner datert 7.11.2012. Samrøystes tilråding i Formannskapet - 19.11.2012 Med heimel i plan- og bygningsloven 33-1, vert gebyrregulativ for byggesaksbehandling i 2013 godkjent slik det ligg føre, jf. vedlagt gebyrregulativ med føresegner datert 7.11.2012. Saksutgreiing: I plan- og bygningslova 33-1 står det at Kommunestyret selv kan gi forskrift om gebyr til kommunen for behandling av søknad om tillatelse, utferdigelse av kart og attester og for andre arbeid som det etter denne lov eller forskrift påhviler kommunen å utføre, herunder behandling av private planforslag. Gebyret skal ikke overstige kommunens nødvendige kostnader på sektoren. Kommunane vil normalt fastsette gebyrregulativ som er gyldig i eit år, og oppjustere satsane i samsvar med prisstiginga i samfunnet. Vurdering: Det blir lagt fram forslag om å auke satsane for byggesaksbehandling med 43 % frå 2012 til 2013.
Enkelte postar har blitt justert med ein anna prosentsats for å få eit meir balansert gebyrregulativ: Dispensasjongebyr vert oppjustert med 16-17 % frå 2012 til 2013. Gebyr for saksbehandling av private reguleringsforslag vert uendra. Pkt. 21 diverse gebyr er oppjustert med 3,3 % i samsvar med deflatoren. Gebyr for medgått tid er endra til å bli likt med gebyr etter matrikkellova. Gebyr for konsesjonssaker er uendra. Forslag til nye satsar følgjer saka som prenta vedlegg. Den nye plan- og bygningslova og naturmangfoldlova vart innført i 2009. Rådmannen si erfaring er at desse medfører meir arbeid for byggesaksbehandler, noko som det bør kompenserast for gjennom ei auke av gebyr. Midsund kommune har også inngått avtale med Molde kommune om kjøp av tenester for tilsyn i byggesaker. Midsund kommune vil bli fakturert gebyr for medgått tid i alle saker der Molde kommune blir innleigd. I føresegnene for gebyrregulativet er det opplyst at om lag 10 % av gebyret skal gå til finansiering av tilsyn. I tillegg til dette, er det ei generell auke i saker der ulike moment blir avklart undervegs i behandlinga, og desse avklaringane er ofte tidkrevjande. Ei samanlikning med nabokommunane viser at gebyra til Midsund kommune ligg vesentleg lavare enn Molde, Fræna og Haram. Midsund kommune ligg også lavare i 2012 enn Aukra låg i 2010 (Aukra har ikkje lagt ut nyare gebyr). Ei oppjustering med 43 % vil føre til at Midsund kommune i 2013 vil ligge like i underkant av nabokommunen med lavast gebyr. Rådmannen rår til at gebyrregulativet for byggesaksbehandling i 2013 vert vedteke slik det ligg føre. Kjetil Ugelvik Rådmann Sindre Sæter Saksbehandler Vedlegg (prenta): Gebyrregulativ for byggesaksbehandling i 2013 Vedlegg (uprenta): Komplett saksmappe Særutskrift går til: Teknisk, Økonomi
Midsund kommune Teknisk Arkivsak: 2012/501-3 Arkiv: 231 Saksbeh: Oddny Grete Gangstad Dato: 09.11.2012 Saksframlegg Gebyrsatsar for feieteneste 2013 Utvalsak Utval Møtedato 12/107 Formannskapet 19.11.2012 12/102 Kommunestyret 13.12.2012 Forslag til vedtak: Med heimel i forskrift om brannførebyggande tiltak og tilsyn vert det fremja forslag om følgjande gebyr for feieteneste 2013: For feiing anna kvart år og for tilsyn kvart fjerde år, skal det årleg betalast slikt gebyr eks. mva: a. vanleg skorsteinsløp (piper) kr. 444,- pr. pipe b. fjerning av beksot fresing av skorsteinsløp, samt feiing av spesial skorsteiner og anna arbeid utført av feiarvesenet, timesats kr. 645,- Behandling i Formannskapet - 19.11.2012 Ordførar Einar Øien (Frp) fremma følgjande forslag til endring: a) vanleg skorsteinsløp (piper) kr 474,- pr. pipe. Rådmannen si tilråding med endring fremma i møtet, samrøystes vedteke. Samrøystes tilråding i Formannskapet - 19.11.2012 Med heimel i forskrift om brannførebyggande tiltak og tilsyn vert det fremja forslag om følgjande gebyr for feieteneste 2013: