Atle Døssland: Lutter Bønder vare Faddere til min Daab Det prosjektet handlar om



Like dokumenter
Til deg som bur i fosterheim år

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike


Med god informasjon i bagasjen

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Ordning for dåp Storsamling Nærbø


Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

Frå novelle til teikneserie

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Metodiske verktøy ved kursleiing

LOV nr 03: Lov om norsk riksborgarrett 1

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

TRESKING II. 3. Er det kjent at nokon har treskt beint frå åkeren? Var det i tilfelle serlege grunnar for dette?

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Tormod Haugland MØRK MATERIE

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Brødsbrytelsen - Nattverden

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Norsk Bremuseum sine klimanøtter

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk

Jon Fosse. For seint. Libretto

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE. Erta, berta, sukkererta - korleis unngå å skape mobbarar.

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Brukarrettleiing. epolitiker

KappAbel 2010/11 Oppgåver 1. runde - Nynorsk

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo

Informasjon til elevane

«Ny Giv» med gjetarhund

Veljer vi spesialskule, eller veljer spesialskulen oss?

Eksamensrettleiing for vurdering av sentralt gitt eksamen. 1 Organisering av sentralt gitt skriftleg eksamen

Brannsår, rus eller friheit?

Demens i familien. Demenskonferansen mars 2015 Quality hotel Waterfront Ålesund. Førstelektor Institutt for sosialfag, Høgskulen i Volda

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Vil forbetre diagnostiseringa av tuberkulose

Refleksjon og skriving

a,b d e f,g h i,j,k l,m n,o,p s,t u,v,å ind bort her ud mig a,b d e f,g h i,j,k l,m n,o,p s,t u,v,å kun

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

DÅ EG FORFØRTE PÅ NYNORSK

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

8 tema for godt samspel

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

mmm...med SMAK på timeplanen

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode

Norsk etnologisk gransking Desember 1953 R E I P O G T A U. R e i p

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

Den nye seksjon for applikasjonar

Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

Rapport konferanse og tilhørande studietur til Hamamatsu, Japan

FORBØN. Forbøn ORDNING FOR. for borgarleg inngått ekteskap. 1 Preludium/Inngang. 2 Inngangsord. Anten A

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

PSYKOLOGISK FØRSTEHJELP OVE HERADSTVEIT PSYKOLOG, PPT ØYGARDEN

Kom skal vi klippe sauen

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

VINJE SKOLE SOM MUSEUM. Notat om tilpassing av Vinje skole til museumsformål

Månadsbrev for ROSA mars 2015

sekstiåring. Vi er sjølvsagt positive til prioriteringa av ungdom, og har allereie utfordra statsråden til å invitere oss med på utforminga av tiltak.

Norsk etnologisk gransking Februar 1955 GRENSER OG GRENSEMERKE MELLOM EIGEDOMAR

Hei alle sjøstjerneforeldre

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland

G A M A L E N G K U L T U R

Kvifor vèl folk å busetje seg i kommuna vår?

GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING

Neste månad vil me retta fokus mot høgtlesing og språkstimulerande aktivitetar, men dreg sjølvsagt fokus frå denne månaden med oss vidare.

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

Tilstandsvurdering av «Gamle Essoen»

TURKESTOVA. 5. Dersom fleire hadde turkestove saman, var det då faste reglar for bruken, eller retta dei seg etter kvarandre som best dei kunne?

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA LEVELD SOKN 2. Gudsteneste utan nattverd

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

Marknadsføring av spel i regi av Norsk Rikstoto

Tilgangskontroll i arbeidslivet

Vel nynorsk for barnet ditt!

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

Info til barn og unge

GLOPPEN KOMMUNE Betre tverrfagleg innsats (BTI)

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Med tre spesialitetar i kofferten

Transkript:

Shp, Høgskulen i Volda: Kulturperspektiv på møte mellom bønder og embetsmenn. Prosjektseminar 3. 4. september 2008. Atle Døssland: Lutter Bønder vare Faddere til min Daab Det prosjektet handlar om Tittelen på prosjektet vårt er altså: Kulturperspektiv på møte mellom bønder og embetsmenn. Det er eit poeng at vi ikkje her postulerer at det dreidde seg om eit møte mellom to heilt skilde kulturar. Langt på veg har nemleg dette med den store kulturkløfta blitt ei etablert sanning innanfor både norsk og internasjonal historieforsking. Når bd. 11 i Cappelens Norgeshistorie 1979 hadde tittelen: To kulturer en stat føyer dette seg greitt inn i ei veletablert rekke av førestillingar om det norske samfunnet, i alle fall på 1700-talet til langt ut på 1800-talet. Jens A. Seip brukte merkelappen embetsmannsstaten om den norske staten 1814 1884, der embetsmennene hadde hegemoniet både politisk og kulturelt. I Aschehougs Norgeshistorie (1996) poengterer Ståle Dyrvik at embetsmennene på bygdene på slutten av 1700-talet levde i ei lukka og sjølvrekrutterande verd med sin eigen kultur klart avsondra frå allmugen. Denne tokulturlæra er likevel ikkje særskild norsk. Edvard P. Thompson skriv (1974) at etter 1688 vart kløfta mellom finkutur og folkekultur større enn nokon gong i England. 1 Ein annan kjend engelske historikar, Peter Burke, skreiv i 1978 ein klassikar: Popular Culture in Early Modern Europe. I mellomalderen hadde elitegruppene teke del både i den lærde kulturen og folkekulturen. Men frå 1500-talet tok eliten til å lukke seg inne i den lærde kulturen, og samfunnet vart mykje sterkare todelt enn før. Når eliten trekte seg tilbake innebar dette ei framandgjering i høve til vanlege folks liv og kultur. Den lærde kulturen vart også forsynt med ein ideologi om overlegenheit. Han var altså programmatisk hegemonisk. Dette tydde at den folkelege kulturen vart systematisk forfølgd og fordømt fram til slutten av 1700-talet. Ei liknande lære etablerte Robert Muchambled om lag samstundes når det gjeld Frankrike. 2 (Seinare, mot slutten av 1800-talet, kom elitens gjenoppdaging av, og jamvel ei romantisering av ein nasjonal folkekultur. Men det var ein del av den såkalla nasjonsbygginga.). Nyleg har den danske historikaren Peter Henningsen levert ei svulmande doktoravhandling der det gjennomgåande er postulert uoverstigelege sosiale kløfter mellom bøndene og dei høgare rangerte gruppene (rangklassene) i einevaldstida. Han er i det heile langt meir oppteken av kva som skilde samfunnsgruppene enn på kva måte dei samverka. 3 Litt polemisk har vi kalla denne tokulturlæra for essensialistisk, dvs. forenkla eller einsidig. Vi ønskjer difor å, om ikkje forkaste, så i alle fall nyansere todelinga. Både elitesjiktet og bondesjiktet (vi held oss til landsbygda) var langt meir mangfaldig. Vi har valt ut nettopp den perioden som utgjer høgdepunktet i den påståtte kulturkløyvinga, frå einevaldstida 1660 1814, og vidare fram til ca. 1870, då embetsmannsstaten stod for fall. 1 Her etter E. P. Thompson: Herremakt & folkelig kultur 1983: 204. Først utgjeve på engelsk i 1974. 2 Robert Muchembled: Popular Culture and Elite Culture in France. 1985. Først utgjeve på fransk i 1978. 3 Peter Henningsen: I sansernes vold. Bondekultur og kultursammenstød i enevældens Danmark bd 1 og 2 (2006). 1

Sett i høve til England, Frankrike og Danmark, var den norske rurale eliten mindre eksklusiv. Det dreidde seg mest om embetsmenn og folk med borgarleg næring, men ikkje om adel. Adelen kunne nemleg i større grad lukke seg inne i høve til bondesamfunnet på herregardane sine, og hadde på god armlengds avstand eit korps av lakeiar til å stå for kontakten med bønder og anna allmuge. 4 Den norske eliten på landsbygda måtte nødvendigvis komme i meir direkte kontakt med allmugen. Prosjektet er delt i tre underprosjekt som alle vil bli presenterte i følgjande innlegg. Men lat meg i den generelle beskrivinga vere meir konkret, eller rettare sagt, svært konkret når det gjeld kva problemstillingar vi er opptekne av. Jacob Ræder sine livsminne Jacob Thode Ræder som døydde i 1853 i København etterlet eit manuskript. Dette vart endeleg trykt i 1912 med tittelen Barndoms og Ungdoms Erindringer. Første delen vart på nytt trykt i ein kommentert versjon redigert av Bjørn Austigard i 1976. 5 Forfattaren av erindringane, Jacob Thode Ræder, var fødd i Romsdalen i 1798, og han hadde sine tidlege barneår, fram til 1805, der. Seinare i livet hamna han, som kadett og etter kvart ingeniør-lærar ved det militære akademiet, i København. Det er frå denne utsynsstaden han ser tilbake på oppveksten sin i Romsdalen. Det er frå denne utsynsstaden han også tenkjer seg korleis foreldra måtte ha opplevd å komme dit i 1787. Rett nok var faren, Johan Georg, barnefødd på Hitra, men i eit kondisjonert miljø sidan også hans far hans var militær kaptein. Alt i ung alder kom Johan Georg til København som underoffiser. Her vart han gift med Catarina Margarethe Lind som var kjøpmannsdotter med litt formue. Det tærte utåleleg på denne formuen å i lengda halde til i hovudstaden, og då Johan Georg endeleg vart utnemnt til kaptein i eit nasjonalt regiment, flytta dei til Romsdalen der det var ekserserplass for kompaniet på Setnes. Dei slo seg snart ned på garden Nes (Åndalsnes). Urban rural. Sentrum periferi Haldningar som kjem fram i livsminna til Jacob, har i utgangspunktet sterkt preg av sentrumperiferi tenking: For Fader og Moder maatte dette Liv i en af Snee bedækket Ørk være et jammerlig Liv (10). I samsvar med dette har han særskild forståing for mora: ( ) min gode Moder, som da hun forlod Danmark, evig sagde det Farvel og begravede sig i en Ørk (22). Og endeleg om seg sjølv: Skjæbnen havde henkastet min Vugge i en øde og forladt Egn(3) Jo, men her budde jo likevel folk, skulle det vise seg. At det trass alt fanst ein liten smakebit av urbant liv ikkje så langt unna, i Molde, trur han var ei stor trøst for faren: Min stakkels Fader havde nogle Venner der og besøgte dem stundom for at distrahere sig lidt og samle nye Kræfter til at udholde sit stille Liv (21 22) Eit visst forsonande drag finn han rett nok i samsvar med 1800-tals-elitens form for sverming omkring det naturlege og ubesudla landlivet: Jeg opvoxede i Naturens Skjød, uden Konst og uden Forstillelse (7), jamfør Rousseau. 4 Sjå t.d. Henningsen 2006: 528. 5 Bjørn Austigard (red.) 1976. Barndomsminne frå Romsdalen kring 1800. Jacob Thorde Ræder fortel om gutedagane sine på Nes. 2

Her kjem altså ein elitefamilie med bakgrunn frå metropolen, kongens København. Alt peikar mot eit møte med den romsdalske allmugen prega av uoverstigelege kulturelle barrierar. Kva mintest så Ræder i ettertid om ein slik avstand? To skilde lokalkulturar Jo for det første, reint visuelt og materialistisk: Ingen Roser, ingen Blomst fandtes i vor Nærhed. Fattigdom og Elendighet saaes allevegne (4) Bøndene sine hus var etter københavnske mål enkle: Husene vare kun middelmaadige, i Almindelighed dog to Etager høje og af Træ (22). Han skildrar også litt om korleis dei var innretta innvendig (23). I kledrakta var også skilnaden stor: Klædragten er som allevegne i Norge af Vadmel, meest hvidt (23). Forteljaren skilde seg klart frå bondebarna både når det galdt kle og i mangel på plikter: Jeg løb som oftest omkring i røde Klæder, nemlig i min fattige Faders kasserede Paaklædning og bestilte aldeles intet, da Skolegang aldeles ikkje var mulig i den Ørk, vi boede i (24) Då faren i 1803 kom heim att frå ei Københavns-reise hadde han med gåver til borna saasom Bøger, Legetøj, Skrive- og Tegnemidler, Klædningsstykker osv. (24), gjenstandar som vel også sette klart skilje i høve til bondebarna. Skulegang var ikkje mogeleg, skriv Ræder. Men det betyr at den vanlege omgangsskulen ikkje var å tenkje på for kondisjonerte barn. Han skriv om min brave Moder, som lærte mig at læse (9) og om faren: dog lærte han mig at skrive. ( ) Mine egne Brødre vare mit Hovedselskab (8), skriv han. Alt dette peikar mot fornem isolasjon frå resten av bygda, eller i alle fall nesten: Det hele Huus var derfor reduceret til sig selv med Undtagelse af nogle uvidende Bønder, som forresten var ærlige Folk, naar det anderledes ej var muligt at være (10). Jo, ei lita gruppe fanst rett nok, som ein på nokolunde anstendig vis kunne pleie omgang med: Iblandt Omegnens beboere gaves der faa, viss Cultur steg over det allersimpleste ( ) Deriblandt var en Pastor Heide, en Værtshuusholder Møllerlup ( )enkelte Officierer, hvoriblandt jeg mindes en Capitajn Tønder o. fl., samt enkelte Personer fra Molde Kjøbsted (10) Og i nauda et fanden fluer: En af de Familier, vi stundom omgikkes med, var en Hr. Møllerup, jeg troer en Slags Gjestgiver, men da der kom saare faa Rejsende til hiin Egn, saa var Agerbrug og Fiskeri hans fornemste Næring. Familien hørte forresten til de saakaldte Conditionerede (16) Så kjempefine var altså ikkje alle som fekk delta i det kondisjonerte selskapet. Når familien likevel av og til trekte inn bønder var det av rein naud: Aarsagen til at lutter Bønder vare Faddere til min Daab, ligger deri, at der milevidt ej fandtes Folk af den mere dannede Classe, og man ej godt kunde ulejlige disse i Februar, den koldeste og strængeste i Norges Land. (4) Likeins hadde dei tenestefolk i huset frå bondestand, men dei bar seg annleis åt enn kondisjonerte, og kunne lettare gje seg kjenslene i vald. Ein av drengane var ved eitt høve nær ved å omkomme på sjøen: Den stakkels Ammund kom vaad, ovetrukken med Is, grædende og hylende tilbage og fortalte min Moder sit Uheld og Nød (16). Det ligg rett nok eit visst forsonleg skjær over haldninga til vanlege bønder. Noko anna var det med tiggarar og landstrykarar som rett som det var besøkte dalen. Min Fader gjorde bestandig Jagt paa disse Folk, og lod dem arrestere, stundom ogsaa gjennomprygle. Frygten 3

for ham var saa stor, at Landstrygerne bleve hele Miil borte fra Næs, naar de erfarede, at Captainen var hjemme (19 20). Ræders forteljing, slik han vil at lesarane frå hans eigen krins skal forstå ho, er såleis heilt i tråd med tokulturlæra. Likevel finst her element som peikar i anna lei. Sosial og kulturell interaksjon Kapteinsbarna kan ikkje ha vore så heilt avsondra frå bøndene i nabolaget likevel: Ræder refererer til samtalar med grannegutar, såleis en Bondedreng, som engang havde været der (dvs i Molde) og fortalte mig, at hver Pind var malet i Byen. Jamt må han ha vore innom gardane rundt om kring: Flere Gange bad Naboerne mig skræve i Kors over deres Mælkekar, hvorefter jeg blev tracteret av dem. Man troede, at en Ungersvends saalunde foretagne Skræven vilde conservere deres Mælk. Da jeg fortalte Moder det, forbød hun mig det paa det alvorligste (14) Det er hos grannane guten søker tilflukt då han ved eit uhell har reve ned heile kakkelomnen heime: Jeg løb under den almindelige Forstyrrelse ud af Huset igennem Sneen til en af Naboerne, hvor jeg blev, til man fandt mig (11). Ved dette høvet måtte jamvel heile kapteinsfamilien ta imot grannehjelp: For ikke at fryse i hel, maatte vi alle flytte over til Naboen, som også havde et Værelse med Ovn i (11). Kapteinsborna fekk med entusiasme, spenning og glede delta på folkeleg arenaer som den årlege store Romsdalsmarknaden, reine folkefestivalen å rekne. Dei fekk kjøpe leiketøy, honningkaker og anna småtteri frå marknadsbuene. Senere i Livet, har jeg aldrig følt saaden Glæde som her med 3, 4 Skilling. Ei hending på marknaden gjorde sterkt inntrykk: Ei kone vart teken på fersk gjerning med ein stolen koparkjel. Med kjelen i handa vart ho gråtande ført av ein vaktsoldat gjennom heile folkemengda opp til vakthuset: jeg græd mine oprigtige Taarer.(16 17) Ved eitt høve fekk ein omvandrande gjøglar framføre dokketeater bak eit oppspent laken i stova i kapteinsheimen. Avstanden til folkekulturen kan ikkje ha vore uoverstigeleg.(13) At det må ha oppstått tettare og jamnare band mellom embetsmannen og bøndene enn forteljaren direkte har villa vedgå, kjem fram då det nærmar seg den store flyttinga. Familien forlet i 1805 Romsdalen og flytta til Trondheim. Då dukkar jamvel ein av guten sine fadrar opp: En Aften kom en aldrende Bonde og spurde efter mig. Det var i skumringen, og jeg legede udenfor, medens der var Fremmede inde. Da jeg kom, sagde han sit Namn, og at han havde været Fadder til mig og gav mig derpaa 1 Rigsdaler-Seddel ( ) Saa gikk Bonden, og jeg har aldrig seet ham siden (27 28) Rett nok kan det vere at banda til bøndene også hadde eit innslag av patron-klient-tilhøve? Naboer og Egnens Beboere kom i den sidste Tid i Flokketal for at tale med Fader og sige ham Levvel. Han havde i næsten tyve Aar været deres redelige Raadgiver og Ven, Læge advokat, Skriver etc. ( ) De Besøgendes Antal tiltog alt som Afreisens Dag nærmede sig. Der var mange Sager at afgjøre, Forbindelser at ophæve etc. (27) Reint rørande vert samkvemet dei aller siste dagane: Førend vi forlod Romsdalen, bleve Fader, Moder og Sødskende inbudne hos de fattige Bønder paa Næs til Afskedsgjæstebud, 4

hvor der blev tracteret stærkt, især med Rømmegrød ( ). Allevegne bleve vi modtagne med den største Gjæstfrihed og viist alt tænkeligt Venskab (28) Og så sjølve avskjeden: Hele Egnens Beboere vare paa Benene og omringede os, der var flere hundrede Mennesker, som med taarefulde Øjne sagde os Levvel og fulgte os ned til Søboderne ( ) Vi roede langs Kysten, og den hele Folkemængde fulgte med paa Højderne langs denne, indtil vi havde naaet Skothammeren og de ej længre kunde følgje med og altsaa maatte vende om. Paa den hele Vei blev vi hilset fra Land med Hurra-Raab og Skud.(29) Og vi må spørje oss: kan slike venskapsprov og kjensleladd åtferd ha kome i stand utan at det faktisk eksisterte nokså tett sosial kontakt? Var det likevel ikkje to skilde kulturar? Ræder skriv rett nok ikkje noko om kor vidt også Fader og Moder viste varmare kjensler i høve til bøndene i samsband med avskjeden, kanskje tilsa ikkje normene innanfor det meir disiplinerte kondisjonerte sjiktet at ein skulle gje seg over og vise fram slikt. Eit visst skilje i åtferdsmønster kan jo såleis ha eksistert. Konklusjon Det vi her har antyda er at forfattaren ut frå eigne normer og forventningar frå potensielle lesarar (rådande diskurs), fleire stader i framstillinga har etablert dels programmatiske avstandar. For det første avstanden frå sentrum til periferi (jamfør ørk og liknande ord). For det andre avstanden mellom kondisjonerte og ned til bondestanden. Det er sterkt undersreka kva gruppe kapteinsfamilien omgjekks med på like fot. Dessutan høyrer vi om lediggang hos barna og at det ikkje fanst akseptabelt skuletilbod. Men det var sjølvsagt at kapteinsbarna likevel skulle lære å lese og skrive. Hos bøndene er hus, kledrakt, overtru og meir kjensleladd framferd trekt fram. (Den danske historikaren Peter Henningsen peikar på at innan den korrekte kulturelle diskursen i det sterkt rangsinndelte Danmark frå1700-talet, var formålet ikkje å forstå og forklare bondekulturen, men å demonstrere avstand til han. 6 ) Likevel kjem det hos Ræder indirekte fram at det fanst former for nærleik til både grannar og andre bønder, også reint kjenslemessig, som må tyde tettare band mellom dei to gruppene. Rett nok er dette ein kontakt som kan ha hatt eit islett av patron-klient-forhold. Det programmatiske (i samsvar med rådande diskurs) kjem nok også her fram ved at det ikkje er viktig for forfattaren å hugse eller eventuelt skrive ned namna på vanlege bønder, bortsett frå eit par tenestefolk som er nemnde berre med fornamn. (Ikkje ein gong bonden som faktisk var fadderen hans, får eit namn i framstillinga.) Det er berre kondisjonerte som er nemnde med fullt namn. Gjennom dette har vi tematisk vore innom mykje av det prosjektet vårt skal handle om. Her finst klart nok element som kan sorterast under delprosjekta 1: korleis dei to gruppene såg på seg sjølve og vurderte kvarandre og kva som skilte dei når det galdt veremåte, hus, innbu og kledrakt. Det er også element som kan sorterast under delprosjekt 2. om sosiale og økonomiske band internt i dei to gruppene og ikkje minst på tvers av dei. Svakare representert er delprosjekt 3 som handlar om maktutøving, motmakt og tilpassingar gruppene imellom i samband med dette. Sjølve embetsrolla til faren er jo utanfor gutens synsfelt, anna enn i episodane med omstreifarane. 6 Henningsen 2006: 583. Henningsen skriv også s. 399: For de højere stænder og rangspersoner var det efter alt at dømme vanærende at omgås bønder i andet end forretnings- eller embetsmæssig øjemed. 5