Referat frå kretsstyremøte 17.02.09 Tid: 18.00-20.00 Stad: Kretskontoret Tilstades: Svein H. Gunnes Lilly Katrine Schnitler Erling Husby Perlaug M. Kveen (referent) Fråfall: Siri Holm Lønseth Saksnr. Sak Ansvarleg 08/09 Kretsstyret sine mål og ambisjonar 2009 og arbeidsmetode Velkomen til ny kretsstyremedlem, Erling Husby. Mål: Vere synlege for kretsen Stille på alle arrangement Følgje opp alle måla i sakane under Elles: Kretskontoret treng ei lita opprydding og opprusting, og det kan setjast litt meir speidarpreg på inventaret. 09/09 Gruppeleiarsamling, tidspunkt 1. Prosjektgruppe NM-overskot Alle gruppene stiller med ein representant til prosjektgruppa for å avgjere bruk av overskotet. Prosjektgrupperapporten må inn før 1.april. For å danne prosjektgruppa, vil kretsen kalle inn til gruppeleiarsamling: Dato: torsdag 26.februar Tid: 18.30-20.00 Stad: Kretskontoret Lilly Katrine stiller som kretsstyret sin representant til prosjektgruppa. 2. St. Georgsdag Det er ikkje avgjort enda om arrangementet blir lokalt eller kretsarrangement. 3. St. Georgs Gilde Det er ynskje om å starte opp nye gilde i kretsen.
10/09 Prosjekt 2009 1. Nasjonal rover-5-kamp, rovermiljø LK Rover-5-kamp Stad: Frigården i Stjørdal. Bestilling: Administrasjonsbygget og toaletta må reserverast til arrangementet. Budsjett: Pris må innhentast så det blir med i budsjettet. Lilly Katrine tek seg av dette. I tillegg må det avgjerast kva for aktivitetar vi skal budsjettere med. Erling får ansvar for å setje opp eit budsjett. Pris: Dette er ikkje bestemt enda. Totalprisen vil inkl. program + fellestransport. Middel: Vi skal freiste å få tak i sponsorar, samt søkje prosjektmiddel frå fylkeskommunen. Frist: NSF har sett 1.mars som frist for å sende inn budsjett, samt finne prosjektgruppe og stad. Fristen er litt kort, så vi skal spørje om fristen kan utsetjast til rundt 15.mars. LK tek kontakt med forbundet. Prosjektgruppe: Må snarleg danne ei prosjektgruppe. Det vart diskutert litt rundt kven som kan spørjast. Rovermiljø Nokre forslag som kom fram: Få til til eit større møte med alle roverane i kretsen. På sikt danne ei skogvoktergruppe på Stykket. Få til meir samarbeid med Nord-Trøndelag. LK vil prøve å få tak i ei roverkontakt i Nord-Trøndelag. 2. Førarpatruljekurs Tid: 27.-29.mars Stad: Stykket Det er ynskje om at heile KS skal vere med for å hjelpe til med det tekniske. 3. Det engasjerte ledermiljø Tidlegare: Den engasjerte lederpatruljen Prøveprosjekt der kvar krets skal finne 4 mentorar (tidl. mentorgrupper) frå grupper som har vekst og leiarmiljø. Desse skal hjelpe vekstgrupper til å vekse enda meir. Tanken er at mentorane (3-4 stk.) på sikt kan danne ei eiga lita gruppe som kan halde kurs for dei andre gruppene i kretsen. Kretsen skal rekruttere mentorar for 3-årig perspektiv. Tidspunkt: i løpet av våren
4. Mangfold til topps og Friluftslivets dag I fjor hadde Mangfolk til topps -arrangementet heile 350 deltakarar. Kretsen stiller seg positive til å bidra til dette arrangementet også i år. Møte i arrangementskomiteen: Datoar: 5.mars, 2.april og 7.mai Tid: kl.17-18 Stad: Røde kors-huset KS-representant: Siri Friluftlivets dag er Trondheim kommune sin marknadsføringsdag Dato: Første helga i september Stad: Haukvatnet SHL 11/09 Faste arrangement Tanken er at kretsstyret skal stille med 1 representant på alle faste arrangement. Den som reiser skal skrive ein artikkel og ta bilete som kan leggjast ut på heimesida. 17.mai: Flaggborg og kongens tale Kattem har i år ansvar for flaggborga og å finne ein speidar som vil halde kongens tale. Siri er kontaktperson i kresstyret vedrørande 17.mai. Vinter-5-kamp Dato: 6.-8.mars KS-representant: Erling SHL EH Trønderspeidere i friluft Dato: 8.-10.mai Stad: Helkanseter Teknisk arrangør: Kattem Kretskonkurranse: FSK Småspeidarleir: Klæbu og Trondheim 8 Det må bestemmast motiv til TSF-merket. Rover- og leiarsamling: Det kom forslag om å få tak i andre kretsleiarar gjennom NSF for å høyre kva dei gjer på sine samlingar. Det er ei utfordring å lage opplegg og aktivitetar som appellerar til flest mogleg. I tillegg er det ikkje mykje midlar avsett til leiarsamlingar. Perlaug og Svein skal undersøkje om det er nokon prosjektmidlar det går an å søkje på til dette føremålet.
12/09 Gruppekontakt 1. Nye speidergrupper, oppfølging Svein følgjer opp dei nye speidargruppene i Børsa og Åfjord. 2. Oppfølging eksisterande grupper Kretsstyret skal gjennomføre gruppesamtaler med dei 14 aktive speidargruppene i kretsen. Det vil bli laga skjema for å gjere det enklare for kretsstyret å danne seg eit inntrykk av attendemeldingane, m.a. med følgjande punkt: LK/EH Leiar/rovermiljø Tropp/flokk/bever Aktivitetar Endringar (kontaktpersonar) Nettsidene (gruppa sine opplysningar) Kva kan de bidra med på kretsplan? Vekst Marknadsføring Lilly Katrine og Erling får ansvaret for gjennomføringa, og deler gruppene mellom seg: LK Vikhamar Oppdal Agdenes Kattem Melhus Rissa Trondheim FA Erling Klæbu 10.Trondheim 11.Trondheim MS GibGob Stjørdal Trondheim 8 Trondheim FSK 3. Utvikle rutiner for oppstart av speidargrupper Svein skal sjå på dette. 4. Sjå på nye område for speiding Kretsstyret diskuterte kva for nye område kretsen kan marknadsføre seg mot i framtida. Å jobbe med dette vil vere tidkrevjande, og truleg har ikkje kretsen ressursar til det akkurat no.
Kan dette vere aktuelt som roverprosjekt? Forslaget kan leggjast fram på neste rover- og leiarsamling. 13/09 Region K og leiargodkjenning 1. Ynskje og forventingar 2009-2010 Meir bruk av kretsen sine eigendomar til samlingane (Stykket vil vere best eigna om hausten) Meir speiding (overnatting ute) 2. Leiargodkjenning Det er kretsleiar som skal gjennomføre ei formell godkjenning av nye leiarar. Leiarsamtalen vil gå føre seg på gruppeplan, medan den formelle godkjenninga vil vere på kretsplan. 14/09 Kretsleir 2011 Kretsen treng ein kontaktperson og ein camp in camp-ansvarleg som kan jobbe fram prisar osv. til verdsleiren i Sverige i 2011. WSJ 2011-komiteen må kontaktast vedrørande camp in camp. Kretsen er kanskje interesserte i å arrangere dette, men vi treng meir informasjon om kva det går ut på. 15/09 Eventuelt 1. Endring i reknskapet 2008 Sak 8.1 frå årsmøtet: Disponering av midlar etter overskotet frå NM 2007. Desse pengane blir ståande som bunden eigenkapital avsett til rekruttering, under posten eigenkapital med sjølvpålagde restriksjonar i reknskapet. 2. Møteplan 2009 26.februar: Gruppeleiarsamling (NM-overskot, transport til NM) 16.april: Kretsstyremøte (TSF, 17.mai, leiarsamling, transport til leir) 3. KL/KS 24-26.april, Tema Vekst Svein må vere med på båe samlingane. I tillegg blir Lilly Katrine med på vårsamlinga, og Erling blir med om hausten. 4. Transport til NM i speiding Gruppene må ta stilling til kva for transport dei ynskjer til NM i speiding. Fleirtalet vil avgjere om det blir buss eller fly. Blir det buss, må denne bestillast så snart som råd. 5. Genser med kretslogo Det kom forslag om å bestille genser med kretslogo til kretsstyret Dette er for å vere synlege kontaktpersonar på arrangement osv. Lilly Katrine følgjer opp forslaget. LK