Norsk. reiselivsmuseum. verksemder og stiftingar i Norge til å ta del i fullføring av museet. Museet



Like dokumenter
DIGITAL REISELIVSHISTORISK FORMIDLING BASERT PÅ SEMANTISK TEKNOLOGI

Forslag frå fylkesrådmannen

VINJE SKOLE SOM MUSEUM. Notat om tilpassing av Vinje skole til museumsformål

VAL AV PILOTPROSJEKT FOR SAMARBEID MELLOM VIDAREGÅANDE SKULAR OG LOKALT NÆRINGSLIV

EU-prosjektet Économusée Tradisjonsnæringar gir arbeidsplassar og ny giv

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Fyll ut alle felt så godt, kort og presist som mogleg.

Spørjeundersøking om sentrumsområde

Norske arbeidstakarar med berre grunnskole bør ta meir utdanning

8. Museum og samlingar

Tilstandsvurdering av «Gamle Essoen»

Lønnsame næringar. Presentasjon av Folgefonni Breførarlag AS ved daglegleiar Åsmund Bakke

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Tiltaksplan

Tevling i Bygdekjennskap. Heftet er revidert av Norges Bygdeungdomslag.

Velkomen. til kulturbygda. Lærdal

SKAP ak t iv i t et i huset di t t! Aktivitetskart for. Huset i. bygda

H A N D L I N G S P L A N for biblioteket i Høgskulen i Sogn og Fjordane

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

Informasjon til pasientar og pårørande

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

TRAINEE I SOGN OG FJORDANE

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Psykologisk førstehjelp i skulen

SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID

Jan Helgøy, Ordførar i Vanylven kommune

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

Opning av Fellesmagasinet ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

SOGN driftig raus ekte

KULTURBÅTEN M/S NYBAKK BLIR AMBASSADØR FOR GULATINGET TUSENÅRSSTADEN FOR SOGN OG FJORDANE

Internevaluering Destinasjon Voss/ Voss Reiselivsråd. Framlegg frå arbeidsgruppa

Innspel til strategisk plan Oppsummering frå personalseminar i Balestrand 15. og 16. januar 2009

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Vurdering for læring - prosjektsamarbeid mellom skulane i Jærnettverket

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

Regionalt kjøp av kollektivtransport på veg, sjø og skinner. Mona Haugland Hellesnes, fylkesvaraordfører i Hordaland

Lindåsprosjektet. Våre erfaringar med innføring av omsorgsteknologi. Konferansen Bergen Eldre og bolig 2013

Frå novelle til teikneserie

RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Sykkelturisme i framtida røynsler frå Sunnhordland v. Gro Røhne Andersen

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Evaluering av offentleglova bakgrunn, ramme, tematikk, prosess, erfaringar og status. Vegen vidare?

Søknadsnr Søknadsår 2015 Arkivsak Tilskot til nærings- og samfunnsutvikling 2015 Framtidsfylket karrieremesser 2016

DU SKULLE BERRE VISST KVA BARNA DINE OPPLEVER PÅ SKULEN

Trondheim. Møre og Romsdal. Bergen. Oslo

Handlingsplan for Nasjonalt Museumsnettverk for Kulturlandskap

10. Arkiv. Kulturstatistikk 2010 Statistiske analysar 127. Riksarkivet og statsarkiva leverer ut færre arkivstykke

Høyringsuttale - Tolking i offentleg sektor - eit spørsmål om rettstryggleik og likeverd

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2007

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Skulebasert kompetanseutvikling med fokus på lesing

Saksframlegg. Sakshandsamar: Einar Nedrelo Arkiv: MTR 21/48 Arkivsaksnr.: 08/

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse

Barnevernsfaglege vurderingar. Fylkesmannen sine erfaringar. Turid Måseide og Gunn Randi Bjørnevoll

Beit Shalom Zion. Herzliya, Israel. Bu rimeleg og komfortabelt i nærleiken av stranda i Herzliya. Du kan også læra hebraisk

Lokale arbeidstidsavtalar moglege løysingar og utfordringar Del 1: Rolleforståing

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

Regionale aktørar sitt arbeid med bygde- og lokalsamfunnsutvikling på Vestlandet Utgreiing: Møreforsking og Ideas2Evidence Oppdragsgjevar:

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 9. trinn

Vestlandet ein stor matprodusent

Psykologisk førstehjelp i skulen

Kommunikasjonsplan Fylkesplan , regional plan for Møre og Romsdal

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Marknadsføring av spel i regi av Norsk Rikstoto

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring

Skulebiblioteket eit pedagogisk verkty.

NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT

TEVLINGSREGEL FOR NORGESKUNNSKAP

Hjelp og løysingsframlegg til nokre av oppgåvene i kapittel 3

resultat Innovasjon Noreg Akersgata 13 Postboks 448 Sentrum 0104 Oslo T: F:

Etablerarkurs Sogn og Fjordane Fylkeskommune

Til deg som bur i fosterheim år

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

Med fleire bein å stå på.

Vedlegg SNP Side 1. Strategisk næringsplan

Røldal. Informasjon. Leilegheit 101 & 103. Ve og Vel V/Turid Tveit / turid.tveit@stord.kommune.no

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

Internasjonal vidaregåande skule

BRUKARRETTLEIING FOR ELEKTRONISK SKJEMA SØKNAD OM STATSTILSKOT TIL POLITISKE PARTI... 2 GENERELLE OPPLYSNINGAR LES DETTE FØRST...

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Lønnsundersøkinga for 2014

Årsplan i SAMFUNNSFAG 9.klasse

ÅRSPLAN SUNDE BARNEHAGE

Hospiteringsordning for tilsette ved Odda vidaregåande skule

Handlingsprogram 2014, Regional plan for museum

Mylnå etter tusenårsskiftet.

OSTERØY VIDAREGÅANDE SKULE skisseprosjekt KOMITÉEN FOR VIDAREUTVIKLING AV OSTERØY VIDAREGÅANDE SKULE.

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

Transkript:

i invitasjon Norsk reiselivsmuseum inviterer reiselivsnæringa, verksemder og stiftingar i Norge til å ta del i fullføring av museet. Museet skal stå ferdig og opnast i 2013. Museumsbygget er offentleg fullfinansiert. DeltakiNg 3cm kutt 1 } omfattar økonomisk hjelp og støtte til innsamling, forsking og formidling.

Norsk reiselivsmuseum har som mål å auke Besøksadresse: Holmen 15 6899 Balestrand Postadresse: Postboks 64 6898 Balestrand kunnskapen om reiselivsnæringa si historie og samstundes bidra til vidare utvikling av Telefon kontor: 57 69 14 57 Mobil: 90 94 08 39 E-post: inger.marie@misf.museum.no Web adr næringa. 3 }

Måla for museet: Museet skal vere reiselivet sitt eige nasjonale dokumentasjonssenter, med oppgåve å samle inn, verne, forske og formidle norsk reiselivshistorie. Museet skal arbeide med kulturhistoriske emne som er knytt til reiselivsnæringa i landet. Museet skal vise trendar og endringsprosessar som har funne stad, innovasjonar som har bidrege til utvikling og nyskaping i næringa og økonomiske og sosiale vilkår for dei reisande og dei tenesteytande. Museet skal dokumentere alle aktivitetar som har samanheng med reiselivsnæringa, både generelt og spesielt. Dette omfattar alt frå marknadsføring av turistmåla til opphaldet på turiststadene og det som skjer før og etter sjølve reisa. Museet skal utviklast i eit historisk og autentisk reiselivsmiljø. Målgrupper Bransjen aktørane i reiselivsnæringa Ved å vere eit bransjemuseum, som har nær tilknyting til reiselivsorganisasjonane og fleire departementet. Ved å gjere forskingsresultat og ny kunnskap om reiselivsnæringa tilgjengeleg. Ved å nytte ny teknologi som kan gi brei kunnskap direkte til dei ulike aktørane i næringa. Forsking forskarar og studentar Ved å byggje ut nettverk mellom museum, bibliotek, arkiv og næringsaktørar. Ved å bidra til utvikling, forsking og nyskaping i samarbeid med utdanningsinstitusjonar i inn- og utland. Ved å vere leverandør av historisk kunnskap til vidare produktutvikling. Skular elevar, skuleklassar Ved å gi barn og unge høve til aktiv læring, deltaking og medverknad Ved å involvere barn og unge i aktiv etterbruk av museumsopplevingane på sosiale media Reisande som kjem til regionen frå inn- og utland Ved å vere ein nasjonal aktør som formidlar kunnskap og gjev opplevingar, og på den måten bidreg til å fremje interesse for reiselivsnæringa og dei reisande. Ved å skape nye interaktive læringsarenaer og virtuelle møteplassar, slik at museet kan nyttast av alle, uansett kvar dei er. Postkort. Eigar: Jan Peter Talsethagen 5 }

Et land mindre forferdelig enn jeg hadde forestilt meg Claude Monet Skulle me leva av turistar, så må me eta dei! Aasmund Olavsson Vinje Eit folk av grindopnarar Knut Hamsun Sjølvsagt vil vi ut å reise! Oftare og oftare gjerne lengre og lengre. Kvifor er det slik? Kva reiser vi til, og kva reiser vi frå? 7 } Religionspsykolog Owe Wikström

sitt NYBYgg i BalestraND Norsk reiselivsmuseum 9 } Muset vil være det første turistar møter når dei kjem med båt, buss og bil til bygda.

Norsk Reiselivsmuseum sett frå kaia i Balestrand. Norsk Reiselivsmuseum sett frå gata ned mot 11 } kaia i Balestrand.

Askim/Lantto Arkitekter AS St. Olavsgt. 3 0165 Oslo ( Plan 1. etasje # & & ) $ # % '! " # # " 1. Foajé 2. turistkontor 3. tekniske rom 4. garderobe og toalett 5. Mottaksrom 6. lager 7. Produksjon/foto 8. Magasin 9. rekvisitalager 13 }

Askim/Lantto Arkitekter AS St. Olavsgt. 3 0165 Oslo Plan 2. $ etasje " # % & &! 1. kafé / butikk 2. kontor 3. Bibliotek 4. utstillingar 5. auditoriet / kino 6. Fjellvegger i granittisk gneis 15 }

Askim/Lantto Arkitekter AS St. Olavsgt. 3 0165 Oslo Utgang kafé Utgang 2 etg Hovedinngang takplan Varelevering 17 }

Finansiering av Norsk reiselivsmuseum Norsk Reiselivsmuseum sitt nybygg er fullfinansiert av Kulturdepartementet, Sogn og Fjordane fylkeskommune og Balestrand kommune. Bygget har ei kostnadsramme på 82,2 mill. Dagleg drift er offentleg finansiert med stillingar og driftsmidlar. Når museet er ferdigstilt og opna for publikum, vil billettinntektene, etter dei prognosane som er utarbeidd, gi eit godt bidrag til museet sin økonomi. } Postkort. Eigar: Jan Peter Talsethagen 19 Museet treng kapital til oppbygging av utstillingane og fond som kan gi kontinuerleg avkastning som kan nyttast til historisk reiselivsforsking. Forskinga vil danne grunnlaget for den formidlinga som museet skal drive i framtida. Alle offentlege instansar som har løyvt midlar til museet forventar at reiselivsnæringa sjølv vil bidra til at museet får gode og innhaldsrike utstillingar.

Norsk reiselivsmuseum FÅr BYggjestart i januar 2012. BYgget vert FerDigstilt vinteren 2013. utstillingane i Museet vil opne For PuBlikuM i august 2013. Aluminiums fasade Reiselivnæring og aluminiumsproduksjon har vore to viktige næringar i området i mest 100 år. Dette er bakgrunnen for at fasaden vert kledd med perforert aluminium. BilDet PÅ FasaDeveggeN viser eit tverrsnitt av Dei Wiresaga FjellveggeNe slik Dei Blir inne i Museet sine utstillingar BiletFlata ser til ForveksliNg ut som eit grafisk BlaD MeD Motiv FrÅ DeN Norske FjellHeiMeN. 21 }

BYGGET SKAL WIRESAGAST INN I EIN FJELLHAM- MAR I SENTRUM AV BALESTRAND. DEI FLESTE VEGGENE I MUSEET VERT DIFOR I GLATTSLIPT GRANITTISK GNEIS. 23 }

Norsk reiselivsmuseum Norsk Reiselivsmuseum vart etablert som ei sjølvstendig stifting i 1986, men hadde eit anna namn: Vestnorsk Reiselivsmuseum (1986 2001). I 1993 fekk museet tilsett konservator / museumsstyrar, i 2001 skifta stiftinga namn til Norsk Reiselivsmuseum og i 2002 vart ny museumsstyrar tilsett. I 2007 vart Norsk Reiselivsmuseum konsolidert med De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum, for så i 2009 å bli konsolidert som ein del av Musea i Sogn og Fjordane, der alle dei store musea i fylket nå er med. Norsk Reiselivsmuseum fekk tre antikvariske bygg på kaia i Balestrand til å starte opp i. Det gamle dampskipsekspedisjonsbygget vart kjøpt inn i 1986, og to andre bygg vart i 1992 stilt til disposisjon for museet, mot vedlikehald. Planen har heile tida vore å reise eit moderne museumsbygg på kaia, og den er no i ferd med å bli realisert. Bygget er fullfinansiert av kommune, fylke og stat. Statsbygg er byggherre, Askim/Lantto Arkitekter AS har teikna bygget og Nordplan AS har hatt ansvar for prosjekteringa. reiselivsfakta Dei siste statistikkane syner at reiselivsnæringane i 2009 hadde 6,5 % av den totale sysselsettinga i landet og stod for 3,3% av bruttonasjonalproduktet. ifølgje statistisk sentralbyrå er reiselivsnæringa sitt bidrag til bruttonasjonalproduktet det største etter olje- og industriverksemda her i landet. Det er over dobbelt så stort som bidraget frå primærnæringane. 25 }

reiselivsnæringa sitt eige museum trass i at reiselivet er så stor ei næring, har ho ikkje eit ferdig utbygd museum. Reiselivsnæringa har ei historisk utvikling som er like fengjande som dei norske folkeeventyra. Det historiske materialet er så mangfaldig at det kan ta pusten frå ein kvar som går inn i arbeidet med det. Folk flest har på ein eller annan måte røynsle med reiseliv og kan difor stille spørsmål som: Korleis vert reisene mogleg? Korleis reiser vi dag, samanlikna med tidligare tider? Kvifor begynte folk å reise, og kva er det med naturen i landet vårt som har trekt så mange turistar hit i meir enn 150 år? Og sist, men ikkje minst: Kven arbeidde og arbeider i reiselivsnæringa og gjer alle reisene moglege? Kvifor reiser du? Korleis reiser du? Kven reiser du i lag med? Kva ønskjer du å oppleve når du reiser? Kvar reiser du? 27 }

kjeldeinnsamling Grunnlaget for museet sin faglege profil ligg i tolkinga av sjølve omgrepet reiseliv. Slik samlinga ved museet vert bygd opp, er det teke utgangspunkt i å sjå reiseliv både som produksjon og konsum. Det er difor lagt til grunn sosioøkonomiske og kulturelle prosessar for dei utvala ein gjer ved kjeldeinnsamling. Dei næringshistoriske kjeldene er prioriterte, men mykje forsking viser at ein og bør satsa på dokumentert aktivitet, og få med kognitive og emosjonelle data. Forsking Forsking og formidling skal vera sentrale oppgåve for Norsk Reiselivsmuseum. Det naturlege forskingsfeltet er avgrensa av dokumentasjon som museet kan gi tilgang til, både i fortid og i samtid gjennom den dokumentasjonen som finst i museet, eller som museet har tilgang til gjennom ulike nettverk. Forskingsaktivitetane vil i sin tur auka tilgangen på dokumentasjon om norsk reiseliv, og slik medføra ein kontinuerleg tilvekst til museet sine samlingar. arbeid ved museet Formidling Forsking og formidling skal vera sentrale oppgåve for Norsk Reiselivsmuseum. Det naturlege forskingsfeltet er avgrensa av dokumentasjon som museet kan gi tilgang til, både i fortid og i samtid gjennom den dokumentasjonen som finst i museet, eller som museet har tilgang til gjennom ulike nettverk. Forskingsaktivitetane vil i sin tur auka tilgangen på dokumentasjon om norsk reiseliv, og slik medføra ein kontinuerleg tilvekst til museet sine samlingar. Bruk av ny teknologi Ved å nytta Internett vil ein utvikle ein metadatabase til innsamling og formidling av kjelder. Slik kan museet nå ut på ein ny og utradisjonell måte og bli eit verkeleg nasjonalt museum. Her er det enkelt skissert korleis metadatabasen til Norsk Reiselivsmuseum må henta inn informasjon om informasjon som ligg i andre basar. Det vert oppretta avtalar med dei institusjonar som leverer metadata og det vert byggd teknologiske løysingar som automatiserer prosessen sjå teikning: 29 }

Norsk reiselivsmuseum samlar inn kjelder om reiseliv frå heile landet Det omfattar: gjenstandar arkivmateriale foto intervju med aktørar i reiselivsbransjen forteljingar frå reisande litteratur turistkart museet samlar & Formidlar Kjeldene fortel om: transport overnatting servering reiselivsaktivitetar kultur- og attraksjonstilbod formidling og informasjon anna tenesteyting organisasjonar spesialsamling av suvenirar: Som det einaste museet i landet byggjer Norsk Reiselivsmuseum opp ei samling av reiseminne eller suvenirar som reisande har kjøpt med seg som minne frå reiser her i landet. 31 }

TIDSAVGRENSINGAR FOR DOKUMENTASJON OG ARKIV VED NORSK REISELIVSMUSEUM HISTORISK MATERIALE - tida fram til 1970 SAMTIDSDOKUMENTASJON tida etter 1970 Fotografi Reiseskildringar Turistbrosjyrar Gjestebøker Rekneskap Offentleg statistikk Intervjumateriale Brev Marknadsføringsmateriale Hotell Pensjonat Campinghytter Motell Turisthytter Ungdomsherberge Restaurantar Souvernirbutikkar Kioskar Marinaer Servicebygg på campingplassar Drive-in kafeteriaer Museum Ekspedisjonsbygg for båt/buss/tog Bensinstasjonar Intervjumateriale Rekneskapsbøker Menyar Litteratur (oppskrifter) Serveringsutstyr Lokale aktørar Næringsdrivande Hotelleigarar Souvernirbutikkar Hytter Galleri og museum Lokale turselskap Dyreparkar, temasenter, Taubaner og attraksjonar generelt Hovudgrupper av gjenstandsmateriale: Transportmiddel Bygningar/anlegg Innreiing og utstyr Mat og drykk Dei reisande Lokale aktørar Representasjonskulturen Landgåande transportmiddel: hestekøyretøy (vogner, sledar osb.) syklar bilar bussar tog snøscooterar osb. Gjesterom: senger skap sengeklede madrassar handklede og vaskeklutar såpe radioar og tv telefonar golvteppe gardiner andre dekorasjonar biblar og bøker brannutstyr ulike møblar Sjøgåande transportmiddel: skyssbåtar lystbåtar ferjer rutebåtar turistskip kajakk/kano Resepsjon: bord stolar golvteppe resepsjonsdisk gjestebøker lyklar sentralbord kassaapparat datamaskin kofferttraller informasjonstavler lysarmatur vegg- og golvkledning skåp og hyller Kjøken: arbeidsreiskap gryter panner koppar og kar maskiner kjøleinnretningar komfyrar omnar Luftgåande transportmiddel: private og rutegåande fly helikopter sjøfly Matsal: bord dukar serviettar bestikk servise flasker glas serveringsfat kelnaruniformar mat- og vinkart rekningar dekorasjonar lamper tapet stolar Personleg utstyr: koffertar vesker ryggsekkar magetasker fotoapparat Videokamera filmkamera kikertar reiselitteratur betalingsmiddel Tilsette: serveringspersonell kjøkenpersonale resepsjonsvakter museumstilsette konduktørar billettørar guidar Souvernirar: postkort troll vikingar bunadsdokker masseprodusert rosemåling div. husflidsprodukt turistlitteratur cd-ar/plater/kassettar Tur- og sportsutstyr: campingvogner kokeapparat soveposar campingmøblar bestikk/servise fiskeutstyr skiutstyr elvekanoar/gummibåtar badeutstyr breutstyr fallskjermar/hangglider klatreutstyr kart/kompass Rekvisita til førestillinga: bunader musikkinstrument notar programhefte boddekking informasjonsmapper intervjumateriale rekneskapsbøker menyar litteratur (oppskrifter) serveringsutstyr Attraksjonar ulike turistmål Marknadsføring: plakatar brosjyrar internettsider annonsar Klede: vanleg reiseklede regnklede sportsantrekk badeutstyr selskapsklede sko 33 }

Utstillingsdesign: Lars Lantto frå Askim/Lantto Arkitekter AS har ansvar for interiørdesign i utstillingane. Thorbjørn Kongshavn frå Kongshavn Design har ansvar for grafisk design i utstillingane. utstillingar i Museet I det nye museumsbygget vil reiselivsnæringa si historie bli formidla både ved bruk av tradisjonelle pedagogiske verkemiddel og ny, moderne teknologi der publikum får delta interaktivt. a lle utstillin gan e i M useet skal H a ein H øg kvalitet. 35 }

37 }

39 }

til våre NYe sponsorar Norsk reiselivsmuseum inviterer samarbeidspartnarar og sponsorar frå verksemder og stiftingar til å ta del i eit stort spleiselag som kan gi gode resultat for alle aktørane. Norsk Reiselivsmuseum vil gi sine samarbeidspartnarar god og tydeleg merksemd i museet sine lokale og i all kommunikasjon til omverda. Ein samarbeidspartnar kan nytte avtalen til relasjonsbyggjande aktivitetar i forhold til kundar, tilsette, media og andre aktørar ein har kontakt med, til dømes ved gratis bruk av museet sine lokale. Norsk Reiselivsmuseum vil fokusere på å auke og styrkje positivt omdøme og profilering for sine samarbeidspartnarar. } Ved å inngå ein økonomisk samarbeidsavtale skal sponsoren få tilbake ytingar frå museet i form av billettar, publikasjonar, invitasjonar til seminar, kongressar og andre samkomer. i tillegg vil sponsoren kunne gjere bruk av museet sin kunnskapsbank. Med dette vil sponsoren vere med å skape ein ny og solid historisk identitet til ei næring som til nå har vore lite kjent. Mest av alt skal ein samarbeidsavtale styrkje sponsoren si utøving av samfunnsansvar. ein avtale vil bidra til auka positivt omdøme for sponsoren gjennom medieomtale, utvikling av nye møteplassar og nettverk med profilering av sponsoren. norsk Reiselivsmuseum og sponsoren skal på best mogleg måte internt og eksternt prøve å hente ut positiv profileringseffekt i kontakt med andre verksemder, offentlege myndigheiter, media og andre. 41 Vår intensjon er at eit slikt samarbeid skal auke kompetansen og vera til gjensidig nytte både for kultursektoren, reiselivet og andre næringar.

Norsk reiselivsmuseum skal bli ein viktig regional, nasjo nal og internasjonal møteplass. I forholdet til samarbeidspartnarane våre er det viktig for Norsk Reiselivsmuseum at: Museet skal vere for folk flest. Ei viktig målgruppe er barn og unge. Ei anna viktig målgruppe er dei som arbeider med forsking, utvikling, innovasjon og nyskaping over heile landet. Reiselivet har stor innverknad på utvikling av arbeidsplassar, særleg i distrikta. Næringa femner vidt og har difor positive ringverknader også for næringar som samferdsle, finans, industri, shipping, jordbruk og varehandel. Reiselivet er dessutan viktig for korleis Norge vert sett på i resten av verda. Norsk Reiselivsmuseum skal vera ein aktiv og aktuell samfunnsinstitusjon med vekt på kritisk refleksjon og skapande innsikt. Det skal representere det nye, men også vere trygt tufta på tradisjonane og det som har vore før. Det lokale og nasjonale skal stå sterkt, samstundes som Norsk Reiselivsmuseum vil sjå på det internasjonale som eit gode som ein skal la seg inspirere av og dra vekslar på når ein byggjer framtida. Norsk Reiselivsmuseum skal vere ein ressurs for studentar, utdanningsog forskingsmiljø. Norsk Reiselivsmuseum skal vere eit viktig bindeledd mellom kultur og næring. Der bør du og vere! 43 }

design: Kongshavn design Foto: shutterstock +++++ vi inviterer til et møte... ta kontakt Norsk reiselivsmuseum Besøksadresse: Norsk reiselivsmuseum Holmen 15 6899 Besøksadresse: Balestrand Holmatunet 15 Postadresse: 6999 Balestrand Postboks 64 6898 Postadresse: Balestrand Postboks 64 6898 Balestrand Telefon kontor: 57 69 14 57 Mobil: 90 94 08 39 telefon kontor: 57 69 14 57 E-post: inger.marie@misf.museum.no Mobil: 90 94 08 39 Web adr e-post: inger.marie@misf.no