PROBLEMATISK OMSKJERING PROBLEMATISK FORBOD

Like dokumenter
2 Familiemønster og samlivsformer, livsfaseseremoniar. 5 Barns rettar og foreldrerolla. 8 Demokrati og verdiar

Refleksjon og skriving

Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene

Forslag. Her er to bilde av gutar og jenter som har det fint saman.

De Bonos tenkehattar. Slik arbeider de i Luster Tipset er laget av Ragnhild Sviggum. Til bruk i samtalegruppene og i klassemøtene

Høyringsnotat. 1 Hovudinnhaldet i høyringsnotatet. 2 Gjeldande rett og bakgrunnen for framlegget OREIGNINGSLOVA 4 SÆRSKILT TVANGSGRUNNLAG

styrke i at mest kva som helst kan skje, utan at dei vert mindre aktuelle.

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Å løyse kvadratiske likningar

I denne oppgåva skal me lage eit enkelt spel der pingvinane har rømt frå akvariet i Bergen. Det er din (spelaren) sin jobb å hjelpe dei heim att.

Fornyings- og administrasjonsdepartementet

UNIVERSITETET I OSLO

Finn hovudpåstand og argument i ein argumenterande tekst

// Notat 2 // tapte årsverk i 2014

Revisjon av retningslinjer for protokollkomiteen i Kyrkjemøtet

Brit milah og den norske debatt

Farleg avfall i Nordhordland

Kommunen skal vidare legge vekt på kunnskap som er basert på lokalkunnskap og erfaringar gjennom bruk av naturen.

E39 Stord Os Kommunedelplan med konsekvensutgreiing

// Notat 2 // tapte årsverk i 2016

Tvisteløysingsnemnda etter arbeidsmiljølova

Kommuneplan for Radøy delrevisjon konsekvensvurdering av endringar i kommuneplanens arealdel

Av 6.trinn ved Kuventræ skule. Lærar: Karina Otneim

Endringar i plan- og bygningslova (plandelen) frå 1. januar 2015

Høyringsinnspel til endringar i Teknisk forskrift om krava til tilgjenge i studentbustadar

// Notat 1 // tapte årsverk i 2013

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2015

ENDELEG TILSYNSRAPPORT

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Dette notatet baserer seg på dei oppdaterte tala frå dei tre siste åra. Vi ønskjer å trekke fram følgjande:

Overdraging av fallrettane i Huldefossen, Førde kommune, til Sogn og Fjordane Energi AS

Fagfornyelsen - andre runde innspill til kjernelementer i skolefagene

Læreplan i klima- og miljøfag

Etiske retningslinjer. for. folkevalde og tilsette. i Voss kommune

INFORMASJON TIL TILTAKSHAVAR OG SØKJAR 30. juni 2015

6-åringar på skuleveg

ØKONOMI- OG ORGANISASJONSAVDELINGA HR-seksjonen

Klage på vedtak i Volda kommunestyre Ynskje om lovlegkontroll

Fjell kommune Arkiv: 422 Saksmappe: 2015/ /2015 Sakshandsamar: Line Barmen Dato: SAKSDOKUMENT

Menneskerettar og diskriminering. Del 1: Menneskerettar

FORELDREHEFTE. 6-åringar på skuleveg

Kan ein del. Kan mykje Du skriv ei god forteljing som du les opp med innleving.

ORDINÆR EKSAMEN FOR 1R BOKMÅL Sensur faller innen

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Psykologisk førstehjelp i skulen

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Til deg som bur i fosterheim år

Frakkagjerd ungdomsskole Årsplan 10.trinn FAG: Samfunnsfag utkast

Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

Velkomen til Røde Kors!

Fransk Spansk Tysk Andre fs. I alt Østfold 13,1 % 30,2 % 27,0 % -

UKM 05/16 «Det er jo derfor vi plar gjere det

Søknad om treningstid for Øystese Idrettshall 2003/2004.

Bryne ungdomsskule ÅRSPLAN. FAG: Samfunn. Trinn: 8.

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 68/2015 Formannskapet PS /2015 Kommunestyret PS

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2018

Veljer vi spesialskule, eller veljer spesialskulen oss?

bruk av nettsider Gaular kommune

BUDSJETT OG SKULESTRUKTUR

VURDERINGSKRITERIER HAVLIMYRA SKOLE FAG: Samfunnsfag

FORBØN FOR BORGARLEG INNGÅTT EKTESKAP NYNORSK

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2017

Oppgåve 1 EMNEKODE OG NAVN* Samfunnsfag 2, SA-230

Mange yrkesvalhemma har fleire periodar under attføring

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2014

Kvifor ikkje berre bruke engelsk? Ei haldningsundersøking blant økonomistudentarar.

Brukarrettleiing for ny lagsportal kvam.no

Resultat trivselsundersøkinga våren 2019

KONTROLLUTVALET FOR AUSTRHEIM KOMMUNE MØTEUTSKRIFT

ENDELEG TILSYNSRAPPORT

Brukarrettleiing E-post lesar

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet

Døme på eit skrivebord i P360, beståande av: Det same skrivebordet sett frå redigeringsmodus. Namnet til skrivebordet. Eigendefinert tekst.

Setesdal regionråd. Kartlegging Offentleg innkjøp. Eli Beate Tveiten

Undersøkinga repeterte hovuddelen av spørsmåla frå dei tidlegare undersøkingane. Slik kan ein måle eventuell endring over tid på følgjande område:

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

/

Biletbruk på nettet 1 2

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Hei Guro, ei oppdatering frå Holmedal Ungdomslag.

GLOPPEN KOMMUNE Sakspapir

Kafédialog Ungdommens kommunestyre

Forslag. Har de nokon gong lurt på kva som gjer at ein fest nærast lever sitt eige liv, at du kan planlegga éin ting, men så skjer ein heilt annan?

Høyring - Framlegg om forbod mot ansiktsdekkjande plagg i barnehagar og utdanningsinstitusjonar

6 Samisk språk i barnehage og skule 2011/12

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0039/03 03/00292 SKATEANLEGG, KUVENTRÆ 298

GLOPPEN KOMMUNE Betre tverrfagleg innsats (BTI)

MEKLING FOR FORELDRE MEKLING FOR FORELDRE FORELDRE FOR MEKLING

Rettleiing for revisor sin særattestasjon

VANYLVEN KOMMUNE Servicetorget

Dilemma ved ei folkerøysting. Oddvar Flæte og Jan Øhlckers

EUROPAPARLAMENTS- OG RÅDSDIREKTIV (EF) nr. 2009/22/EF. av 23. april om nedlegging av forbod med omsyn til vern av forbrukarinteresser

Side 2 av 6 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 001/13 13/91 Faste saker 002/13 09/635 Utbygging ved Samnangerh

Stråling frå elektronisk kommunikasjon

FØREBYGGING OG HANDTERING AV SEKSUELLE KRENKINGAR

Samarbeidsutvalet Foreldrerådsutvalet. arbeidsoppgaver konflikthandtering SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Transkript:

Øyvind Strømmen PROBLEMATISK OMSKJERING PROBLEMATISK FORBOD OM EIT HOVUDSTYREVEDTAK SOM IKKJE HELDT Human-Etisk Forbundhar innteke eit prinsipielt standpunkt mot omskjering av gutebarn, og går inn for forbod. Standpunktet er lett å forsvara. Forbodet er det verre med. 35

«A t en tradisjon har vart i tusen år, er ikke nødvendigvis et argument for at den må vare i tusen år til.» Det seier Lillian Hjorth, hovudstyremedlem i Human- Etisk Forbund og leiar for Menneskerettsakademiet når ho skal grunngje forbundet si støtte til eit forbod mot omskjering av gutebarn. 1 Og det er sjølvsagt eit haldbart argument. Det er heilt i orden å kritisera gamle tradisjonar og å meina at dei burde forkastast; og det gjeld definitivt også for omskjering av gutebarn. Slik kritikk må dei som praktiserer religiøst motivert omskjering finna seg i, om dei no skulle vera muslimar, jødar eller til dømes koptiske eller etiopisk-ortodokse kristne. Det er gode grunnar til å innta ei kritisk haldning til omskjering av gutebarn; det dreier seg om eit kroppsleg inngrep som ikkje er medisinsk motivert. Det som verre er, det førekjem komplikasjonar ved omskjering av gutebarn, både reint fysiske som eit resultat av infeksjonar og psykologiske. Ingen av delane er vanskeleg å finna døme på i forskningslitteraturen. Det førekjem også dødsfall. Kor mange er vanskeleg å seia, sidan den utløysande årsaken altså omskjeringa ikkje alltid vert registrert. I USA, der omskjering som ikkje er direkte religiøst motivert er relativt utbreidd, syner eit overslag i rapporten «Lost boys: An estimate of U.S. Circumcision-related infant deaths» 2 at det kan vera snakk om ni dødsfall per 100.000 inngrep. Dette er eit tal motstandarar av tradisjonen gjerne vil trekkja fram, og det av god grunn; sjølv om talet er lite røper det at inngrepet i ekstremtilfelle jamvel kan ta liv. Omskjering av gute - barn burde difor vera eit stort etisk dilemma, også for medlemer av religiøse grupper som praktiserer dette rituelt. På dette grunnlaget bør humanistar stø dei jødiske gruppene som i staden for omskjeringsseremonien brit milah praktiserer namneseremonien brit shalom. Humanistar bør også stø muslimar som vel å overlata avgjersla om omskjering til borna sjølv, når dei kjem i ein alder der dette er naturleg. Så langt er det altså lite å utsetja på Human-Etisk Forbund si prinsipielle haldning. Men når HEF går inn for eit forbod vert det straks ein del vanskelegare. Vegen frå å kritisera religiøse tradisjonar ein ser betydelege etiske utfordringa ved til å villa forby dei same ved lov, er ein veg som bør vera ganske lang. 36

For hovudstyret i Human-Etisk Forbund ser vegen ut til å vera påfallande kort, ikkje minst sidan eit forbod mot omskjering av guteborn langt på veg vil vera eit direkte åtak på særleg to religiøse minoritetsgrupper i Noreg, den jødiske og den muslimske. Ein tek seg i å tenkja: kva anna vil Human-Etisk Forbund forby? Kva andre inngrep i den såkalla foreldreretten vil dei gjera for å verna born mot det HEF oppfattar som overgrep? Mange former for omskjering For å kunna ta diskusjonen vidare er det verd å gjera nokre avgrensingar. Som med omskjering av kvinner finst det ulike former for omskjering av menn. Blant australske urfolk og enkelte andre stader i verda vert det praktisert ei form som inneber at urinrøret vert skåre opp på langs, såkalla subinsisjon. Dette er eit dramatisk inngrep som gjerne vert samanlikna med infibulasjon den mest omfattande forma for omskjering av kvinner 3. Inngrepet kan utvilsamt også omtalast som kjønnslemlesting, det har ingen medisinske føremoner 4 og har ein tilsikta effekt som både kan gje lågare fruktbarheit og vanskar ved urinering. Men denne typen inngrep, som vert knytt til overgangsrituale frå barndom til manndom, har aldri vore eit tema i Noreg. Når me snakkar om omskjering av gutar dreier det seg om fjerning av forhud. Det finst også høgst ulike variantar av omskjering av kvinner. Dei to formene som har vore mest diskutert er to former som fører med seg omfattande inngrep, såkalla sunnaomskjering, som inneber fjerning av heile eller delar av klitoris, samt infibulasjon, som inneber fjerning av alle dei ytre kjønnsdelane. Mindre omfattande inngrep som fjerning av forhud åleine eller berre det å dra ut ein dråpe blod frå klitoris såkalla nicking finst også. 5 Desse siste inngrepa er i større grad samanliknbare med omskjering av gutar, noko som gjer at dilemmaet veks: når omskjering av jenter er forbode i Noreg og vert bekjempa internasjonalt, kvifor er det ikkje slik med omskjering av gutar? Enkelte vil peika på kulturelle årsaker, til dømes at omskjering av gutar er forbunde med sterkare og tildels sekulære tradisjonar i den vestlege verda. Ein vel så viktig årsak er nok at dei vanlegaste inngrepa er av ulik karakter. Fleire av hovudstyremedlemene i Human-Etisk Forbund 37

ser ut til å lest at det ikkje er slik, og freistar seg med ein argumentasjon som er direkte hårreisande: dei samanliknar omskjering av gutebarn ikkje berre med tilsvarande av jenter, men faktisk med brenning og steining av menneske, altså med overlagte drap. 6 I tillegg trekkjer dei klåre parallellar mellom omskjering av gutar og jenter. Det er ei forkleining av lagnadane til dei kvinnene som den dag i dag vert utsett for den typen overgrep det er snakk om. Når me diskuterer omskjering av kvinner diskuterer me i hovudsak inngrep som har ein tilsikta effekt som i seg sjølv medfører særs alvorlege konsekvensar, altså om noko som kan samanliknast med subinsisjon. Når me diskuterer omskjering av gutar snakkar me om eit inngrep som kan ha alvorlege utilsikta konsekvensar. Å likestilla dei to er i praksis å gjera kjønnslemlesting av kvinner mindre alvorleg enn det faktisk er. At den vanlege forma for omskjering av gutebarn den som vert praktisert av både jødar og muslimar er eit mindre alvor - leg inngrep gjer sjølvsagt ikkje at dei etiske spørsmåla forsvinn. Når HEF går inn for forbod har dei spasert inn i eit minefelt av eit menneskerettsspørsmål: her står religionsfridom og foreldrerett på den eine sida, og born sin rett til fysisk integritet på den andre. Nokre motstandarar meiner også at omskjering bryt med grunnleggjande menneskerettar, som retten til å ikkje verta utsett for tortur, men det er meir av ei retorisk overdriving. Rett mot rett Dette er eit komplisert felt. I rådande menneskerettspraksis veg omsynet til religionsfridom sterkt, noko det også er gode historiske årsaker til; minoritetsgrupper har vorte utsette for relativt omfattande overgrep i det gode sitt namn. Det kviler også utvilsamt ein porsjon kulturell arroganse ved å ynskja å avgrensa religionsfridomen for å hindra det som trass alt er relativt uskuldige inngrep med få rapporterte komplikasjonar. Samstundes vil mange instinktivt meina at borna sine rettar veg tyngre enn foreldra sine. Dei tenkjer iallfall slik så snart det er snakk om eit fysisk inngrep. Dei psykiske inngrepa i born sine liv har dei ofte mindre vanskar med. Og er dette eigentleg ei naturleg grense? Medan det er få religiøse praksisar i det moderne Noreg 38

som inneber fysiske inngrep, er det slett ikkje vanskeleg å tenkja seg religiøs praksis som kan ha dramatiske, psykologiske verknader på born. Tildels er dette også praksisar som har vorte skildra av folk i vårt eige land som etter å ha nådd vaksen alder har brote med det religiøse miljøet dei vaks opp i. Korleis er det med tungetale, eller for å ta eit meir ekstremt døme djevleutdrivning? Vil HEF forby foreldre som er aktive i karismatiske, kristne rørsler å ha med borna sine på religiøse møter? Vil dei forby for den del helveteslæra, ei lære ein ikkje skal lesa særleg mange bøker om religionspsykologi for å sjå moglege, dramatiske konsekvensar av? Eit anna aktuelt døme: Det å verta var at ein vert romantisk eller seksuelt tiltrukke til personar av same kjønn kan lett vera ei belastning for ungdomar som har vakse opp i konservative religiøse miljø, godt skildra i Arnfinn Nordbø si bok Betre død enn homofil? Statistikken for sjølvmord blant homofil og bifil ungdom er grell. Humanistar bør og må stri mot homofobe religiøse førestillingar. Men kan desse haldningane forbys? Bør homofobe foreldre verta straffa for å innprenta standpunkta og ideane hjå borna? Nokon vil innvenda at den store skilnaden er at omskjering av gutebarn er eit irreversibelt inngrep; har det fyrst vorte gjort, kan det aldri gjerast om 7. Men heile barndommen er irreversibel! Har ein vakse opp i eit konservativt religiøst miljø med djuptgåande homofobe haldningar, ja, så har ein det. Ein slepp ikkje unna. Andre vil innvenda at desse døma er såkalla slippery slope-argumentasjon; sjølvsagt vil ikkje HEF gå inn for forbud på alle desse områda. Men det er ikkje poenget. Poenget med å dra dei fram er å påpeika logisk inkonsistens. Dei etiske dilemmaene ved omskjering av guteborn kan vanskeleg seiast å vera større enn andre område der foreldrerett, religionsfridom og born sine rettigheiter kjem i konflikt med kvarandre. Då eg publiserte ei kortare utgåva av denne artikkelen på mine eigne nettsider var det merkeleg nok ei rekkje som argumenterte som om forhuden var meir verdt enn psyka, som om ein type irreversible inngrep var mykje verre enn andre. Lat oss sjå på det frå andre kanten. Forstandar Ervin Kohn i det Mosaiske Trossamfund (det norske, jødiske trussamfunnet) har det følgjande å seia: 39

[Omskjering av gutebarn] er noe som er svært tett knyttet til det å være jøde, og er noe vi har drevet med i tusenvis av år. Det er helt utenkelig å slutte med det. 8 Som me var inne på innleiingsvis er det sjølvsagt ikkje vidare haldbart å meina at noko ein har drive på med i tusenvis av år med naudsyn bør halda fram. Det er i det heile ein del tradisjonar me lukkelegvis har kvitta oss med på vegen. Men her er me likevel ved ei vesentleg kjerne når eit forbod mot omskjering av born under ein viss alder (der dei sjølv kan godta inngrepet) skal vurderast. I motsetnad til islam har jødedommen ei spesifikk oppskrift for når omskjering av gutebarn skal finna stad, eit påbod som er å finna att i 2. Mosebok 12,3: «Den åttande dagen skal forhuda til guten skjerast bort.» Råkar jødane Dermed er HEF sitt framlegg om lovforbod i praksis eit framlegg som ikkje berre råkar omskjering, men eit framlegg som råkar den jødiske minoriteten i Noreg direkte. I staden for å føra ein humanistisk fundert kritikk mot omskjering, der ein har gode argument liggjande klåre og allierte innanfor dei respektive kultursfærene vel dei å gå inn for eit forbod. Kvar har det vorte av den konsekvensetiske analysa? Den norske legeforening ser til liks med Human-Etisk Forbund grunnar til å forby omskjering av gutebarn. I motsetnad til HEF har dei likevel vurdert konsekvensetikken, og dei vil difor ikkje gå inn for eit forbod no. Dei argumenterer som følgjer: Avgjørende ved vurderingen er at omskjæring av gutter er et sterkt påbud i jødisk og islamsk kultur og at et forbud vil bety at virksomheten går «under jorden» med potensielt alvorlige konsekvenser for guttene og deres familier. 9 Det er den eine moglege konsekvensen. Eit forbod vil føra til ein oppblomstrande illegal marknad for omskjering av gutebarn. Lat oss gå attende til den alt nemnde rapporten «Lost boys». Den syner nemleg meir enn ei (svært lita) fåre for dødsfall. Den gjev døme på dødsfall som har hendt i Statane. Fleire 40

av dei skuldast komplikasjonar som lett kunne vore unngått, og der problemet til dømes har vore manglande oppfølging, feilmedisinering eller omskjering som slett ikkje har gått føre seg i ordna former. Eitt av dødsfalla som vert nemnd skuldast herpessmitte frå ein såkalla mohel, ein jødisk omskjerar. Dette taler for regulering av omskjering, og for at kvalifisert medisinsk personell er involvert slik Helsedepartementet òg føreslår 10. I motsetnad til eit forbod vil ei slik regulering neppe føra til ein konfrontasjon med jødiske eller muslimske grupper, og det vil vera enklare å overtyda dei som praktiserer rituell omskjering om å overhalda regelverket. Løysinga forbod vil i verste fall føra til fleire dødsfall som resultat av illegale omskjeringa i det skjulte. Regulering vil ikkje gjera det. Med andre ord: Argumentet om fåra ved omskjering er eit godt argument overfor foreldre som vurderer dette, og eit viktig argument i ein humanistisk fundert kritikk av tradisjonen. Det er eit elendig argument for forbod. Men det finst også ein mogleg konsekvens på samfunnsnivå: eit forbod kan gjera Noreg til eit langt meir utriveleg land å leva i for blant andre norske jødar. Og då plasserer Human- Etisk Forbund seg høgst uforvarande i ein idétradisjon dei slett ikkje burde plassera seg i. Dei som måtte tvila på at det finst innslag av antisemittisme i den amerikanske omskjeringsdebatten, som den norske låner argument frå, bør undersøkja teikneserien med det fengjande namnet Foreskin Man, der ein påfallande arisk superhelt kjempar mot ein mohel (med sidekicks utstyrt med halvautomatiske skytevåpen) som kunne ha vore henta ut av nazistavisa Der Stürmer og mot ein skikkeleg skitstøvel av ein jødisk far, Jethro. 11 I beste fall og det er nok også tilfelle, sidan det er langt mellom antisemittane i Human-Etisk Forbund gjer dei som Ervin Kohn påpeiker: De lar seg styre av dette rotnorske Tante Sofie-komplekset som sier at «hvis alle bare var som meg, så ville alt bli bra». Det er en grunnleggende manglende forståelse og toleranse for annerledeshet i vedtaket. 12 No kjem ein ikkje unna at Tante Sofie hadde eitt og anna poeng, 41

til dømes at dei tre røvarane kunne ha godt av å vaska seg. Likevel er det humanetikarane gjer ved å gå inn for forbod det same som å setja seg opp på ein høg, kvit hest; pliktetisk humanetikk utan kompromissvilje og utan forstand. Om ein lever i eit fleirreligiøst samfunn og ynskjer ein viss samfunnsharmoni må ein i blant godta at andre driv på med ting ein slett ikkje liker, og at dei gjer ting i borna sin oppvekst som ein sjølv oppfattar som forkasteleg. Mykje av dette kan og bør kritiserast. Kritikken er viktig. Men ein verken kan eller bør forby alt ein ikkje kan fordra. Det bør ein berre gjera når det er snakk om verkeleg alvorlege overgrep eller om praksis som er stikk i strid med grunnleggjande verdiar i det norske samfunnet som heilskap. Mi vurdering er at eit forbod mot omskjering av gutebarn trass alle dens problem og etiske dilemma ikkje heldt. Noter 1 Gran, Even (2011). «Barn har krav på å bli beskyttet mot overgrep». Fritanke.no, 24. oktober 2011. Online: http://fritanke.no/index.php?page=vis_nyhet&nyhetid=8658 2 Bollinger, D. (2010). «Lost Boys: An Estimate of U.S. Circumcision-Related Infant Deaths». Thymos: Journal of Boyhood Studies, 4(1), 78-90. DOI: 10.3149/thy.0401.78. Bollinger er for øvrig aktivist i rørsla mot omskjering. 3 De Laet, Debra (2009), «Framing Male Circumcision as a Human Rights Issue? Contributions to the Debate Over the Universality of Human Rights», Journal of Human Rights, vol. 8, nr. 4. 2009. 4 Dette i motsetnad til omskjering av gutebarn, som faktisk kan sjå ut til å redusera den allereie marginale fåren for peniskreft, og som ifølgje WHO kan redusera sjansane for HIV-smitte, utan at dette gjer inngrep utan medisinsk indikasjon noko betre. 5 Nicking kan kanskje ha verdi som eit tiltak mot meir inngripande former for kvinneleg omskjering i ein del land, men det er likevel liten grunn til å meina at dette skulle vera eksplisitt tillatt i Noreg. 6 Gran, «Barn har krav på å bli beskyttet mot overgrep», fritanke.no. 7 Medisinen har strengt teke nådd langt på det området, og inngrepet kan ikkje lenger reknast som irreversibelt. Det ville likevel vera underleg å hevda at dette gjer det til mindre av eit etisk dilemma. 8 Gran, Even (2011). «Vi kan ikke leve med et forbud mot omskjæring». Fritanke.no, 14. september 2011. Online: http://fritanke.no/index.php?page=vis_nyhet&nyhetid=8627 42

9 Høyringsuttale frå Den norske legeforening, 26. september 2011. 10 Eit anna spørsmål som sjølvsagt dukkar opp er spørsmålet om kor vidt eit slikt inngrep bør vera betalt av det offentlege. Det er det få grunnar til at det burde. Omskjering av gutebarn er eit religiøst rituale, og bør handsamast som det. 11 Teiknaren Matthew Hess nektar sjølvsagt for at serien er antisemittisk, «den er berre pro-menneskerettar», seier han i eit intervju. Til Hess sitt forsvar skal det seiast at motsvaret «Smegma Man Gets Circumcised» ikkje akkurat verkar gjennomtenkt, og at forsvaret for omskjering som vert lagt fram der er ufatteleg lettvint. Sjå Whittaker, Nicholas, «Foreskin Man: anti-circ or anti-semitic». Imperfectparent.com, 7. juni 2011. 12 Gran, «Vi kan ikke leve med et forbud mot omskjæring», fritanke.no. 43