Fokus Fylkesveg 394 Ostereidet Nesbø Rapport frå synfaring 02.11.2005
Forord til rapporen: Fokus FV 394 Ostereidet Nesbø Stranda ligg i midtre del av Lindås kommune, det er ingen alternative veger om vegen vert stengt, då dette er ein endeveg. Frå Toft og til Nesbø er det 150 bustader, her er 120 hytter, folketalet er her 320, men dette tek seg kraftig opp i feriane. Ein del hyttefolk bur her stort sett heile sommarhalvåret. Skulebussen som òg er ordinær rutebuss, det er på det meste 64 elevar på bussen, i tillegg til vanlege passasjerer. Trafikken er stipulert til ca.405 ÅDT, dette er truleg for lavt. All aktivitet foregår utabygds, særleg på Ostereidet og trafikken på ettermiddag og kveld er stor. Fokus FV 394 har engasjert seg i trafikksikring av Fylkesvegen frå Ostereidet til Nesbø, både med omsyn på rassikring, rekkverk og overfylte skulebussar. Denne rapporten er ein del av arbeidet vårt med sikring av FV394 Desse er med i Fokus på FV 394: Turid Hølleland, 56 35 05 05 Sveinug Toft 56 35 70 33 Torleif Rødland 56 35 42 70 Nina Stabell Øverås 56 65 71 57 Ingvald Nedreaas 56 35 70 97 Torill Person Solli 56 35 70 68 Tommy Veland 56 35 70 03
Referat frå synfaring på FV 394 Ostereidet Nesbø, 02.11.05 Desse møtte: Ingvald Nedrås Åge Hauge Tommy Veland Jarle Sollibakke, Statens Vegvesen Hensikten med synfaringa var å synleggjere farlege punkt på vegstrekninga Ostereidet-Nesbø, i lag med ein representant frå Statens vegvesen. Synfaringa tok til på Ostereidet, og det vart vist ulike stader der det må gjerast tiltak for å sikra vegen. Desse punkta er merka med nummer i vedlagt kart. Me har ikkje gått inn på kva type rekkverk som kan brukast på dei ulike stadane, men vist til manglar: 1. Eidetræ. Her manglar det rekkverk ca. 120 meter frå krysset til Heltveit og mot Ostereidet. Dette er ein av dei plassane ein kan stå fast om vinteren. I bakken på veg mot Ostereidet står ofte bilar fast og det er risikofylt å rygge ned att når det manglar rekkverk. 2. Eidetræ. I denne svingen har det vore mange utforkjøringar/kollisjonar p.g.a. at det er fuktig og frys sjølv om det er varmegrader i nærleiken. Strøinga stoppar i krysset til Heltveit og burde ha fortsett litt lenger. 3. Kvømmo. Påpeikt manglande rekkverk.
4. Kvømmaberget. Her er største rasfaren på strekninga, dei fleste har opplevd at steiner og trær ligg i vegbana, spesielt etter væromslag. Trær som heng over vegbana vil koma ned, dei vil ta med seg jord og stein. Statens vegvesen v/sollibakke opplyser at dei har avtale med Mesta om visuelt oppsyn med endringar i terrenget over vegbana ca. kvar mnd. 5. Kvømmaberget. I denne svingen manglar det ca. 10 meter med støypekant, av ein eller anna grunn stoppa muren her. Det er høgt utfor og muren bør forlengjast.
6. Toft. Dette er ein av dei farlegaste svingane på strekkninga etter vår vurdering. Mange kollisjonar og nesten utforkjøringar, den siste stabbesteinen forsvann etter ein kollisjon i fjor. Her er det smal vegbane, og Sollibakke opplyste at skal ein ha guardrail (autovern) må dette setjast ned ca. 1 meter inn i vegbana for å få feste, dette er det ikkje vegbreidde til. Vegen er dårleg og sig ut slik at kjørebana burde ha vore flytta inn, dette medfører at det må fjernast fjell på innsida av vegen i ein lengde på ca. 50-60 meter. For å få eit betongfundament må deler av vegbana gravast opp og det må støypast ein sole før ein 60 cm. støypekant vert sett opp. Her må det vurderast tiltak snarast. 7. Toft. Her er samme problem med manglande rekkverk og fundamentering av dette. Her er der 25-30 meter utfor viss ulukka er ute. Bussen kjører med hjula på ytterste kant av asfalten og vegkanten er svært svak.
8. Toft. Manglande rekkverk på heile denne strekninga, her har vore autovern, men dette har vore fjerna! No er det ingenting og høgt utfor. Her har det vore utforkøyring med bil, bilen hamna på taket og stoppa i eit tre. 9. Askeland. Her held muren på oppsida å siga ut, større bilar, bussar, brøytebil legg seg difor ut slik at dei stabbesteinane som stod her er vekke. Muren bør fjernast. 10. Askeland/Rød. Manglande rekkverk i ein lengde på ca.100 meter, bratt terreng nedafor.
11. Rød. Her held vegen på å siga ut, dette viser tydeleg på asfalten, her måler me 13 cm. hjulspor. 12. Rød. Her er og ein forstøttningsmur som heldt på å rasa ut, vegbana her er alltid full i vatn. Hola i betongmuren er på feil plass, denne plassen er farleg om vinteren når der frys pga. tilsig av vatn i vegbana. Enkle tiltak for å få vekk vatnet.
13. Nedreås. Kvøtaberget, her er fjellet sikra med bolter, men her har kome ned til dels store steiner og. Her bør det undersøkjast av kvalifiserte fagfolk. Heile strekket frå pkt.12 til pkt.13 må undersøkjast. 14. Øvreås. På denne strekninga ca. 100 meter er vegen i ferd med å rasa ut. I søre enden har det vore støypt ein støttemur, resten av vegen ligg truleg på svak fundamentering og er murt med dårleg stein. Det ligg stein på bakkane nedom som kjem frå muren, her er det tidsspørsmål kor tid store deler av vegen vil rasa ut.
15. Øvreås. Her sig vegen ut, dette viser på hjulspora. 16. Øvreås. Manglande rekkverk, her er ingenting som tek i mot, bustadhus tett i vegen, store dammar i regnversperiodar.
17. Hølleland. Manglande rekkverk 18. Rødland. Vegen sig, store hjulspor.
19. Gjelsvik. Denne svingen har feil kurvatur og heller utover. Murkanten er så vidt oppom asfalten og vegen ligg i eit kaldt område som lett frys om vinteren, elva går rett under. 20. Nesbø. Denne svingen som har vore planlagt utbetra før, er utsett p.g.a. grunnavtale, denne skal no vera i orden. 21. Nesbø. Her har trær falle over vegen, seinast forrige veke, her er det også stor rasfare og store steinblokker er i ferd med å løsna. 22. Nesbø. Her er det stabbesteiner, men burde vore eit meir solid rekkverk, 15 meter stup til sjøen.
Ein del av manglande rekkverk er etter ynskje frå HSD, dette har med bussane sin framkommeligheit å gjere. Med høge kantar kan ikkje dei leggja overhenget på bussen ut og får problem med svingane. Tiltaka som har vore gjort på vegen er på bekostnig av sikkerheita og teke omsyn til at HSD skal kunna køyra med dei største bussane. På synfaringa kom det fram fleire ting som vegvesenet ikkje har vore klar over, vegen toler ikkje den tunge trafikken og bussane er for lange og har problem med å komma fram. Når det gjeld rasfaren gjeld dette fleire plasser enn det som er vist til i Statens vegvesen eigen rapport som berre gjeld Kvømmaberget. Solibakke opplyste at det ikkje er avsett pengar til utbetring, men ser at trongen er sterk tilstades. Stranda 03.11.05 Stranda FV 394