Saneringsnytt nr 2 2007



Like dokumenter
side 1 Prosjektbeskrivelse Friskere geiter Del 2 Helsetjenesten for geit

Friskere geiter 2002

Status prøvetaking resultat

Årsrapport Friskere geiter 2004

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Årsrapport Friskere geiter. Friskere geiter. Årsrapport Side 1

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

«Ny Giv» med gjetarhund

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Søknad om støtte for prøvetaking i samband med byllesjuke i sauebesetning.

DB

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

REGLER FOR NSGS AVLSBESETNINGER MED NORSK MELKEGEIT

Geitekontrollen på internet- hva betyr det for meg?

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

nynorsk fakta om hepatitt A, B og C

Månadsbrev for Rosa september 2014

Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst

Rettleiing for revisor sin særattestasjon

1. Det er ikkje mangel på veterinærar, men det kan verta ein mangel på dyktige produksjondyrveterinærar i deler av landet.

Friskere geiter. Prosjektplan. Organisering. Vilkår for deltaking. Viktige punkt for at dette skal gå bra

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

SKATTEINNTEKTER 12/ K-

Årsrapport Friskere geiter. Friskere geiter. Årsrapport Side 1

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Endringar i den differensierte arbeidsgjevaravgifta Konsekvensar for næringslivet i Sogn og Fjordane

LOKALMEDISINSKE TENESTER I HALLINGDAL, FINANSIERING VIDAREFØRING

Utfordringsdokument. Status for Hjelmeland kommune, pr. oktober 2013.

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Evaluering av offentleglova bakgrunn, ramme, tematikk, prosess, erfaringar og status. Vegen vidare?

Rådgjevarkonferanse 2009

Psykolog Elin Hordvik Senter for Krisepsykologi, Bergen

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Johannes Sjøtun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 15/32. Kjøp av husvære. Vedlegg: Behov for kommunale husvære for vidare utleige

Til deg som bur i fosterheim år

Den nye seksjon for applikasjonar

HORDALANDD. Utarbeidd av

Lærlingundersøking om eit fagskuletilbod innan agrogastronomi på Hjeltnes. AUD-notat nr

Lønnsundersøkinga for 2014

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

FOLKETRYGDA Søknad om yting ved fødsel og adopsjon

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Rådgjevarkonferanse 2010

Norsk Bremuseum sine klimanøtter

Brukarrettleiing. epolitiker

Marknadsføring av spel i regi av Norsk Rikstoto

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk

Friskere geiter Informasjon frå prosjektgruppa for smittesaneringsprosjektet.

REGLEMENT OM ELEKTRONISK KOMMUNIKASJONSTENESTE FOR MØRE OG ROMSDAL FYLKE.

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

Opning av Fellesmagasinet ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Drift av ein avlsbesetning. Gro Haraldsdotter Arneng og Gunnar Kværne Amundsen

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Mange yrkesvalhemma har fleire periodar under attføring

Om HPV-vaksinen i barnevaksinasjonsprogrammet

SØKNAD OM UTVIDING AV BANDTVANGSTIDA FOR HUND I HEMSEDAL - HEMSEDAL SAU OG GEIT/HEMSEDAL SANKELAG

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 9. trinn

Geit i Vekst. Prosjektet si heimeside: Friskare geiter kurs nov. 2010

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

TRENG DU VAREOPPTELJING I SKOGEN DIN?

FANGST OG SKJELPRØVAR I SULDALSLÅGEN

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Brødsbrytelsen - Nattverden

Varamedlemar får særskilt melding når dei skal møte.

sekstiåring. Vi er sjølvsagt positive til prioriteringa av ungdom, og har allereie utfordra statsråden til å invitere oss med på utforminga av tiltak.

FINANSRAPPORT 2. TERTIAL 2012

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Q1c Korleis stiller du deg til at Skodje kommune skal danne ei ny kommune med andre kommuner? Er du

Kommunal overtakelse av privat vannverk eksempel frå Stryn. Siv. Ing Tobias Dahle ( og tidlegare teknisk sjef i Stryn kommune)

Opplæring i bruk av Datafangstportalen informasjon om innlogging og dokumentliste

Det nödvendiga samtalet hur ger vi vi allvarliga besked til patienter och närstående?

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2018

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0013/03 03/00171 POLITISK KVARTER PERSONAL-OG LØNSUTVALET

Forsøk på å flytte ein koloss EU/Norge landbruk 1993/94. Presentasjon NILF 1. mars 2007 Alf Vederhus

Mineralinnhald i blod hjå storfe på utmarksbeite sommaren 2014.

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 2

Søking til skuleåret

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Utval Møtedato Utval Saksnr Oppvekst- og velferdsutvalet Kommunestyret

Heilårsbruk av hus på gard og i grend

Husleige / Fellsekostnader i interkommunale samarbeid i Hallingdal.

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

LOV nr 03: Lov om norsk riksborgarrett 1

Kom skal vi klippe sauen

Samtalegruppe for par der den eine har kreft.

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

pressemelding og informasjonstekst til for eksempel bruk på kommunen eller legevaktens hjemmesider

Transkript:

Saneringsnytt nr 2 2007 31. august 2007 Innhald Ny smitte i sanerte buskapar Jordbruksforhandlingane Avløysartilskot Forsikringsordningar Landbrukshelsa Påmelding Resultat Geitedagane i Svolvær 2007 Seminsesongen 2007 Ny smitte i sanerte buskapar Ei sak som har uroa mange geiteprodusentar er eit nyleg oppslag i eit landbrukstidsskrift om paratuberkulosesmitte. Ein kan i artikkelen få inntrykk av at det er store sjansar for at ei landsomfattande smittesanering vil bli mislukka. Det er difor nødvendig å bruke litt plass på dette i Saneringsnytt. Når det skjer ny infeksjon eller resmitte i ein sanert buskap er det ei alvorleg sak for den det gjeld. Når prosjektet får informasjon om dette, vil det difor bli teke svært alvorleg, og ein vil gjera kva ein kan for å finne årsaka og for å fjerne smitten att på nytt. Eg vil minne om at då Fase 1 starta, var ei av målsettingane å finne ut om eit saneringsopplegg som var kjent frå andre land let seg gjennomføre under norske forhold. Det viste seg snøgt at dette gjekk bra. Det er blitt mange friske geiter og dei produserer godt. Det vart difor løyvd meir pengar slik at prosjektet kan halde fram. Når prosjektet blir utvida til å omfatte alle geitebuskapar i landet, er det innlysande at det får ein heilt annan dimensjon. Dette gjeld også risiko for å få inn att sjukdom i sanerte buskapar. Ein prøver alltid å gjera risikoen så liten som råd. Men i alle tidlegare saneringsopplegg har det skjedd tilbakeslag, og difor ville det vera underleg dersom det ikkje også skjedde i dette prosjektet. I eit slikt prosjekt vil ein alltid prøve å skaffe seg ny lærdom, det er noko av grunnlaget for å arbeide i prosjekt. Det er i slike tilfelle særleg viktig å ha for auga kva målsettinga er på lang sikt. Kanskje er dette noko av prisen vi må betale for å oppnå det som er målet, utrydding av alvorlege, smittsame sjukdommar. - Er det mange buskapar som har blitt smitta på nytt? Hittil har det skjedd i svært liten grad. Av dei 125 buskapane som er ferdig sanerte er det fem tilfelle av ny smitte. Det er eitt tilfelle med CAE. Av 57 buskapar som ligg i område der det blir vaksinert mot paratuberkulose er det eitt tilfelle med paratuberkulose. Det er også til saman tre tilfelle med byllesjuke. Grunnen til at det er mest resmitte med byllesjuke er at det er mykje byllesjuke blant både sau og geit og at sjukdommen er ekstremt smittsam. - Korleis har det gått med desse buskapane? I tilfellet med CAE vart det slakta noko over 20 dyr om hausten, og året etter var det eit par tilfelle i grenseland. Desse vart også slakta og sidan har det ikkje vore fleire positive. Dette er to år sidan. I eitt av tilfella med byllesjuke er buskapen friskmeld. Smitten vart her oppdaga tidleg og etter å ha slakta tre positive dyr, har det ikkje vore fleire. Ein annan av buskapane, som har svært mange

klinisk sjuke dyr, vil starte sanering att til neste år. Den siste buskapen med byllesjuke vil ikkje ta full sanering på nytt, men prøver å slakte dyr med byllar etter kvart som dei blir oppdaga. Frå 15. juli og fram til no gjeld det 8 dyr. Resten av geitene produserer godt. Buskapen som har fått påvist paratuberkulose er framleis under oppfylging. Det er der sett inn store ressursar. Dette gjeld rådgjeving om fôring og andre tiltak i buskapen. Ein prøver også sjølvsagt å finne smittekjelda. Veterinærinstituttet er sterkt inne i bildet på den sida. Det er ikkje gjennomført ny sanering der enno, men dette har vore under planlegging lenge, og det vil truleg bli nødvendig på kortare eller lengre sikt. Ein har undervegs i arbeidet i desse buskapane fått erfaringar og kunnskap som vil koma andre som sanerer seinare til gode. Oppfylging Ein skal vera klar over at når det skjer resmitte, så vil oppfylging i buskapen få høgaste prioritet. Men det er viktig at alle er på vakt, og dersom symptoma blir oppdaga i tide, kan ein med rask reaksjon stogge eit større utbrot. Blir det nødvendig med ny full sanering, må ein søkje prosjektet på nytt og det er dei same satsane som gjeld for rekrutteringsbidrag som fyrste gong ein sanerer. Det blir ikkje gitt rekrutteringsbidrag for utslakting av berre nokre få dyr. Dersom det blir nødvendig å slakte mange, men ikkje heile flokken, må ein søkje spesielt om å få tilskot. Dette blir avgjort i kvart tilfelle. Årsak til ny smitte Grunnen til at det oppstår ny sjukdom er ofte innlysande. Dyra blir smitta gjennom kontakt med andre dyr eller av folk som har smittestoff med seg på klær, utstyr o l. Men nokon gonger kan det vera vanskeleg å finne årsaka. Ein kan tenkje seg at det i ein smitta buskap er underliggjande årsaker som ikkje er lette å oppdage før sanering. Ein har gjennomført rutinar gjennom mange år som kan maskere eit problem. Typisk i så måte er vaksinering mot paratuberkulose. Når saneringa er over, kan det framleis i miljøet ein eller annan stad finnast smittestoff, på stader som ein ikkje tenkte var mogeleg. Det kan skuldast ulike rutinar som ikkje var kjende, og dei kan ha tildekka problemet. Ein må også ta med faktorar som fôring, stell og manglar i fôret. Slike ting kan også gje uventa reaksjonar. Dette er usikre faktorar som ein må leva med. Det ser likevel ut til at det hjå dei aller fleste har lukkast å finne og fjerne dei største risikofaktorane. Det låge talet på resmitta buskapar tydar på det. Ein positiv effekt kan eit avisoppslag om smitte også ha. Det kan synast som ein del produsentar er blitt mykje meir skeptiske til å gi frå seg livdyr til folk som ynskjer å ha ei geit berre for hygge. Prosjektet får difor oftare spørsmål om kven som har friske dyr til sals enn det som har vore vanleg før. Jordbruksforhandlingane Det vart løyvd 11,6 millionar kroner til Friskare geiter for 2008. Forhandlingane vart avslutta den 16. mai. Det betyr at ein neste år kan halde fram med arbeidet i om lag same fart som dei to føregåande åra, og det er bra. Avløysartilskot I sluttprotokollen står det: Foretak som deltar i smittesaneringsprosjektet Friskere geiter kan få kompensasjon for bortfall av avløsertilskudd ferie/fritid i samsvar med prinsippene fastsatt for kompensasjon for bortfall av produksjonstilskudd ved jordbruksoppgjøret 2006.

Dette betyr at det blir gitt kompensasjon for bortfall av avløysartilskot for 2007. Det blir ikkje gitt kompensasjon for 2006. Denne saka er det blitt arbeidd mykje med frå prosjektet si side. Styringsgruppa gjorde nyleg vedtak om å bruke av det ordinære saneringsbudsjettet for 2008, men i eit brev frå Landbruks- og matdepartementet datert 27. august 2007 er det endeleg slått fast at dette vil vera i strid med jordbruksavtalen. Det er såleis ikkje mogeleg for prosjektet å gjennomføre det vedtaket styringsgruppa har gjort. Dette ser prosjektet som sterkt beklageleg. Forsikringsordningar Det vil alltid vere ein større risiko for at det skjer uventa ting når ein sanerer ein geitebuskap enn når ein driv tradisjonell drift. Rekrutteringsbidraget skal vera med og dekke ein del slike uventa hendingar, men kan ikkje dekkje alt som kan skje. Forsikringsordninga som Gjensidige no tilbyr er med på å gjere saneringsjobben mindre økonomisk risikofylt. Fleire representantar for Gjensidige har sagt at dei gjerne er med på å støtte prosjektet, då det er tydeleg at det gjennom dette arbeidet kan vera pengar å tene. Grunnen er sjølvsagt at det blir mindre utbetalingar på grunn av sjukdom. Ei forsikring som passar for bruk som sanerer bør dekke ulykke, sjukdom, driftstap og ansvar. Det er muleg å oppnå rabattordningar på slike forsikringar dersom ein er medlem i landbruksorganisasjonar, har brannvarslingsanlegg eller er medlem i landbrukshelsa. Landbrukshelsa Ei sjukdomssanering kan vera ein ekstra stressfaktor i ein travel kvardag. Dette er det nyttig å ha tenkt gjennom på førehand, og då er Landbrukets HMS-tjeneste rette instans å ta det opp med. Dersom uventa ting oppstår i løpet av året med sanering, er det folk der som kjenner til arbeidet, og kan på ein enkel måte vera til hjelp både på det menneskelege og helsefaglege plan. Landbrukets HMS har internettadressa http://www.lhms.no Dette er sjølvsagt også nyttig for andre enn dei som driv med Frå Aftenposten sjukdomssanering. Påmelding Når alle som sanerer i år er ferdige, vil 167 bruk ha gjennomført sanering. Ein ser av diagrammet at det neste år er mange som har planlagt sanering. Ein del av desse vil erfaringsmessig utsetje det i eitt eller to år. Ein ser også at det er få produsentar som planlegg sanering etter 2008. Som ventande kan vera er det ingen etter 2010. Dette er noko bekymringsfullt når ein tenkjer på vidareføringa av prosjektet. Det betyr at produsentar, organisasjonar og råvaremottakarar må ta til med ein diskusjon om korleis ein skal få med alle. Det kan også bety at styresmaktene endå sterkare må vurdere å endre lovverket slik at ein sikrar at det arbeidet som er gjort ikkje skal vera forgjeves. Det kan mellom anna gjerast ved å oppgradere sjukdommar frå gruppe-c til gruppe-b.

Det er likevel ein positiv trend når det gjeld påmeldingar. Det er kome påmeldingar frå mange ammegeitbuskapar, og i det siste er det også interesse frå dei som driv med Antall sanerte/påmeldte frå og med 1994 Boergeit. Det er frå folk som driv med 260 ammegeit kome innspel om at 240 220 prosjektet fokuserer for mykje på 200 mjølkegeit. Det er rett at prosjektet gjer 180 det, og den viktigaste grunnen er at det 160 140 er hjå mjølkegeitene ein har det meste 120 av smittereservoaret. Så er det også 100 80 viktig at det er mjølkegeitene som pr i 60 dag står for det meste av 40 20 geiteproduksjonen. Men ein må 0 sjølvsagt ikkje gløyme ammegeitene, då desse utgjer svært mange eigarar og også geiter. Resultat Mjølkekvalitet Tabellen til høgre viser at i sanerte buskapar er celletalet lågare, tørrstoff er høgare, og frie feittsyrer er lågare enn i ikkje sanerte buskapar. Dette er statistisk sikre resultat. Nokon vil sikkert undre seg over at talet for frie feittsyrer ikkje stemmer med det som vart presentert på geitedagane i år. Grunnen Antall påmeldte/sanerte 1994 1995 1996 1997 1998 1999 2000 2001 2002 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010 Celletal, FPL og FFS i leverandørmjølk fyrste halvdel av 2007 Sanert Ikkje sanert Antall prøver 1011 3759 Celletal, snitt (X1000/ml) 870 1080 FPL, (tørrstoff) snitt i % 11,4 11,2 Syretal (FFS), snitt 1,07 1,22 er at det der var rekna på tal frå enkeltdyr og frå vanlege mjølkeprøver, mens her er det samlemjølk som er grunnlaget for utrekningane. Det kan gje ulike resultat. Ein finn i begge grupper produsentar med mykje dårlegare tal enn snittet. I den sanerte gruppa vil prosjektet fylgje ekstra godt med og prøve å fange opp dei som av ein eller annan grunn har dårleg mjølkekvalitet. Det er alt sett inn tiltak i nokon av buskapane som har hatt problem. Når prosjektet på denne måten kan fylgje med i utviklinga, kjenner ein seg difor trygg på at kvaliteten på mjølka i sanerte buskapar vil bli endå betre i framtida. Sjukdomskontroll og -overvaking Testresultat utanom det som alt er nemnt viser same tendens som før. Det er svært få CAEpositive blodprøver. Dei aller fleste individ som testar positivt gjer dette i løpet av fyrste året etter sanering. Dette syner at saneringsarbeidet er gjennomført etter planen og at det ikkje blir teke unødige sjansar. Meir detaljerte oversikter over dette kan ein sjå i tidlegare utgåver av Saneringsnytt. Tankmjølktesting To gonger i året blir det tatt ut prøver av tankmjølk for analyse av antistoff mot CAE. Denne metoden ser ut til å vera god når det gjeld å overvake sanerte buskapar med mjølkegeit for CAE. Prøva vil truleg vera positiv når det er 1-2 positive geiter i ein stor flokk. Den kan ikkje seia noko om kor mange geiter det er som er smitta i ein ikkje sanert flokk. Den kan altså brukast for overvaking av sanerte buskapar og for å plukke ut andre buskapar som er CAE-negative. I vår vart det testa 443 buskapar. 114 av desse var negative.

Dei som har resultat som ikkje er heilt eintydige blir kontakta for å ta ei ny prøve av tankmjølka eller for å ta blodprøver av heile buskapen. I vår var det 6 buskapar som vart fylgde opp. I to av dei vart det påvist 1 og 2 dyr som var CAE-positive. Dei andre hadde ingen positive. Det vil normalt ikkje bli sendt ut svar til kva enkelt produsent på tankmjølkprøvene. Det vil bli gitt beskjed dersom resultatet har endra seg, og der det er tvil om resultatet. Når det gjeld dei to andre sjukdommane, er det ikkje påvist smitte på noko dyr etter sanering hjå andre enn i dei 3 buskapane med påvist byllesjuke og den eine med påvist paratuberkulose. Ein kan altså framleis konkludere med at smittesaneringa gir svært gode resultat. No er utfordringa å få med resten av geiteflokkane. Geitedagane i Svolvær 2007 Innlegget til Nils Leine ligg på internett: http://leine.no/htg/sanering/info/fri_geit.pdf Dei andre innlegga vil bli lagt ut på NSG sine heimesider: http://www.nsg.no Seminsesongen 2007 Av Ingunn Nævdal, Rådgiver geitavl, Norsk Sau og Geit Prosjekt Friskere geiter har også i år bidratt med midler til seminvirksomheten på geit. Det ble i sommer tatt inn til sammen 24 bukker til Hjermstad seminstasjon. Av disse kom 6 prøvebukker og 1 elitebukk fra sanerte besetninger. Produksjonen av sæddoser har gått svært bra i år, bedre enn oppstarten i fjor. Bukkene leverer og det er allerede mange doser på lager. Sædsalget ser ikke ut til å bli bedre i år enn i fjor. Det kan være flere årsaker til dette, men det kan kanskje ha en sammenheng med kravet om å bestille minst 4 prøvebukkdoser per dose med elitebukksæd. Det er ikke alle som er så interessert i å inseminere med såpass mye prøvebukksæd. For å få avkomsgranska prøvebukkene må det brukes et visst antall doser fra hver bukk. Dette for å få nok døtre i produksjon til at bukken skal kunne komme ut med indeks. Den lave prisen på prøvebukksæden (kr. 25 pr. dose) og kravet om prøvebukksæd ved bestilling av elitebukksæd, er satt for å unngå for liten bruk av prøvebukksæd. Prøvebukkene som tas inn til semin har alle gode kåringsresultater. De er de avlsmessig beste i landet. Kvaliteten på bukkene er derfor svært god og dersom de ikke blir brukt nok gjennom semin, er det tilnærmet bortkastet å ta dem inn. Ved å inseminere med prøvebukksæd i tillegg til elitebukksæd er du med på semingransking og et framtidsrettet avlsarbeid på geit. Det jobbes hele tiden med å optimalisere inseminasjonsmetoden for å bedre resultatene, men det er samtidig viktig å komme i gang for den enkelte, gå kurs, opparbeide seg erfaring og med det ha en stigende resultatkurve. Informasjon om seminbukkene, bestilling av sæd m.m. finner du på www.nsgsemin.no