VANYLVEN KOMMUNE MØTEPROTOKOLL UTVAL: Formannskapet Møtestad: Rådmannens kontor - Rådhuset, Fiskå Dato: 17.03.2015 Møtet tok til 08:30 Møtet slutta 09:50. Møtet var innkalla ved utsend sakliste datert 13.03.2015. Ordførar Jan Helgøy leia møtet. Faste medlemar som møtte: Namn Funksjon Representerer Jan Helgøy Ordførar KRF OG H Idar Brekke Medlem KRF OG H Lena Nordal Vedeld Medlem KRF OG H Ottar Jan Løvoll Varaordførar AP Magne Løvoll Medlem SP OG V Nils Olav Moen Medlem FRP Faste medlemar som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Leon Svein Stranden Medlem SP OG V Varamedlemar som møtte: Namn Møtte for Representerer Leif Løvold Leon Svein Stranden SP OG V Dessutan møtte Randulf Lillebø som vara for Magne Løvoll i sak 46/015. Magne Løvoll gjekk frå som ugild styreleiar i Rovdefjordbrua AS. 7 av 7 medlemar møtte.
Frå administrasjonen møtte: Namn Stilling Andreas Chr. Nørve Rådmann Terje Kolstad Kommunalsjef teknisk sektor Kåre Kvangarsnes Møtesekretær Varaordførar Ottar Jan Løvoll gjekk frå som ugild i sak 47/2015 styremedlem i Vanylvsråkk. Underskrifter: Vi stadfestar at det som er ført i møteboka er i samsvar med det som vart vedteke på møtet. 6143 Fiskå, den
SAKLISTE Saksnr. PS 43/2015 PS 44/2015 PS 45/2015 PS 46/2015 PS 47/2015 PS 48/2015 PS 49/2015 Sakstittel Godkjenning av innkalling Godkjenning av møteprotokoll frå siste møte Skriv og meldingar Kommunedelplan Rovdefjordbrua - utlegging til 2. gangs høyring - offentleg ettersyn. Vanylvsråkk - søknad om underskotsgaranti Arbeidsmiljølova - lovendring Fiskå frilynde ungdomslag - skjenkeløyve Fiskå ungdomshus 28. mars 2015: Påskequiz Eventuelt
PS 43/2015 Godkjenning av innkalling Nils Olav Moen meinte det er svært uheldig å ha ordinært formannskapsmøte rett før kommunestyremøte. Innkallinga vart godkjend med framsett merknad frå Nils Olav Moen. PS 44/2015 Godkjenning av møteprotokoll frå siste møte Møteprotokoll frå siste møte vart godkjend. PS 45/2015 Skriv og meldingar Brev av 06.03.2015 frå Møre og Romsdal fylkeskommune: Ferjesituasjonen i sambandet Årvik Koparnes. Framlagd brev vart teke til vitande. PS 46/2015 Kommunedelplan Rovdefjordbrua - utlegging til 2. gangs høyring - offentleg ettersyn. Magne Løvoll gjekk frå som ugild styreleiar i Rovdefjordbrua AS. Randulf Lillebø møtte for Magne Løvoll. Ros-analyse og ny versjon av Planbeskrivelse kommunedelplan for Rovdefjordbrua vart utdelt endring i kap. 9 Prissatte konsekvenser. Samrøystes vedtak som framlegget. I medhald av plan- og bygningslova 11-14 leggjast revidert forslag til kommunedelplan for Rovdefjordbrua ut til offentleg ettersyn. Plankart med tilhøyrande planbestemmingar og planbeskriving, sist revidert 11.03.2015.
PS 47/2015 Vanylvsråkk - søknad om underskotsgaranti Tilråding: Vanylven kommune stiller med underskotsgaranti for Vanylvsråkk sin festival i 2015, avgrensa oppover til 100 000,-. Varaordførar Ottar Jan Løvoll gjekk frå som ugild styremedlem i Vanylvsråkk. Rådmannen sette fram slikt tilleggsframlegg: Vanylven kommune set som vilkår at kommunen kan revidere og/eller krevje rekneskapen til Vanylvsråkk revidert. Det vart gjort slik samrøystes Vanylven kommune stiller med underskotsgaranti for Vanylvsråkk sin festival i 2015, avgrensa oppover til 100 000,-. Vanylven kommune set som vilkår at kommunen kan revidere og/eller krevje rekneskapen til Vanylvsråkk revidert. PS 48/2015 Arbeidsmiljølova - lovendring Framlegg frå varaordførar Ottar Jan Løvoll: Arbeidarpartiet sitt forslag til vedtak er at følgjande uttale vert oversendt sosial- og arbeidsministeren: 1. Kommunestyret i Vanylven meiner at regjeringa sitt forslag om auka mellombelse tilsetjingar (AML 4-9) vil skape større usikkerheit for arbeidstakarane. Forslaget vil kunne opne for at alle nytilsetjingar kan vere mellombelse i 12 månader. 2. Kommunestyret i Vanylven ynskjer ei arbeidsmiljølov som gjev tryggleik og stabilitet for arbeidstakarane og arbeidsgjevarane. Dette oppnår ein ikkje gjennom auka bruk av mellombelse tilsetjingar. 3. Dersom eit fleirtal på Stortinget likevel vedtek regjeringa sitt forslag om mellombelse tilsetjingar, vil Vanylven kommune likevel fortsetje dagens praksis. Framlegg frå Lena Nordal Vedeld: Saka vert utsett.
Votering: 6 røyster for utsetjingsframlegget. 1 røyst mot utsetjingsframlegget. Saka vert utsett. PS 49/2015 Fiskå frilynde ungdomslag - skjenkeløyve Fiskå ungdomshus 28. mars 2015: Påskequiz Framlegget tilrådd med 6 røyster mot 1 røyst. Fiskå frilynde ungdomslag får innvilga skjenkeløyve for ei enkelt bestemt anledning; jfr. alkohollova 1-6, i samband med påskequiz 28. mars 29. mars mellom kl. 19.00 og 02.00. Skjenkeløyvet gjeld for alkoholhaldig drikk i gruppe 1 og 2. Ansvarleg skjenkestyrar er Inger Lise Rusten. Løyvet gjeld for Fiskå ungdomshus. Løyvet må utøvast i tråd med gjeldande lovverk, forskrifter og rundskriv gitt i medhald av lovverket. Eventuelt: Varaordførar Ottar Jan Løvoll viste til tilbakemelding frå fylkeskommunen vedk. innspel frå Vanylven i samband med nye ferjeruter frå 01.05.2015: Grunna bunkring på Årvik kvar tysdag og torsdag ynskjer ein å behalde pausen mellom kl. 12.15 og 12.45. Avgang vert kl. 12.45 frå Årvik. Vidare vert det vist til at ferjeavgang frå Koparnes kl. 08.00 ikkje korresponderer med ferja på Hareid. Elles har ein ingen andre innvendingar til justeringar framsett frå kommunen i ruteendringsprosessen. Magne Løvoll tok opp ambulansesituasjonen i kommunen. Viste til eit tilfelle der det tok 4,5 timar å kome til sjukehuset. Det er behov for meir enn 1 ambulansebil. Nils Olav Moen etterlyste kva som skjer i sak om at fylkesveg 652 skal verte forkøyrsveg heilt ned til ferjekaia på Lauvstad. Rett utskrift 17.03.2015 Kåre Kvangarsnes