FØRESEGNER TIL REGULERINGSPLAN FOR EIT OMRÅDE PÅ RESET PÅ BLINDHEIM I GISKE KOMMUNE 1 Generelt Området innafor reguleringsgrensa vert regulert til følgjande formål: 1 Bebyggelse og anlegg. Frittliggande småhusbebyggelse. Konsemtrert småhusbebyggelse. Forsamlingslokale. Leikeplass. 2 Samferdselsanlegg og teknisk infrastruktur. Køyreveg. Fortau. Anna veggrunn tekniske anlegg. 3 Grønstruktur. Turveg. Friområde. Det er angitt følgjande hensynssoner innafor planområdet: a.1) Sikringssoner a.2) Støysone Frisikt. Flystøy 2 Felles føresegner A. Tillaten grad av utnytting vert oppgjeven som bebygd areal i prosent av tomtearealet (%-BYA). B. Gesimshøgde og mønehøgde vert målt som høgde over planert terreng sitt gjennomsnittsnivå. Jfr. TEK 10 6 og rettleiar Grad av utnytting H2300B. C. Alt uteareal skal vere universelt utforma slik at det kan nyttast av flest mogeleg. Jfr. TEK 10 8-2. Spesielt viktig at tilkomsten til leikeplassane blir universelt utforma. Leikeareal, LEIK 1 og LEIK 2, skal ikkje vere med som grunnlag for utrekning av BYA. Side 1 av 6
D. Byggverk skal ha god terrengmessig tilpassing for visuell kvalitet, i høve naturgjeve føresetnadar, tryggleik, helse, miljø, tilgjenge, brukbarheit (bruk av bygg og terreng) og energibehov. Byggverk skal plasserast slik at det blir teke omsyn til lys- og soltilhøve, samt lyd og vibrasjonsforhold. Jfr. TEK 10 8-3. E. Det er viktig at terreng bearbeiding, murar, bygningar m.m. i feltet får eit heilheitleg visuelt uttrykk. Her skal kommunen sitt skjønn leggast til grunn. Dette er heimla i pbl 1-1 femte ledd, 28-7 andre ledd og pbl 29-2 og 29-4. F. Garasje kan førast opp med mønehøgd inntil 5 m og gesimshøgd inntil 3 m over planert terreng sitt gjennomsnittsnivå. Garasje inntil 50 m² kan førast opp inntil 1,0 m frå nabogrense. Det skal vere 2 m mot leikeareal og turveg. Felles garasjeanlegg må plasserast i avstand frå nabogrense iht. krava i plan- og bygningslova. Dersom garasjen vert oppført med port mot offentleg veg kan den ikkje leggast nærare regulert vegkant enn 6,0 m. Er garasjen plassert parallelt med vegen skal avstanden til regulert vegkant vere minst 3,0 m. Garasje kan ikkje innreiast med rom for varig opphald. G. Krav til oppstillingsplassar for bil vert fastsett til 2 plassar pr. bueining. (inkl. garasje). Parkeringsplass på terreng skal reknast som 18 m². Minst ein parkeringsplass skal det vere mogeleg å bygge tak over. I utrekning av BYA skal det reknast 18 m² for kvar parkeringsplass, også for carportar. I områda for konsentrert busetnad skal det i tillegg opparbeidast ein ekstra parkeringsplass pr. 3. bueining. H. Dersom ein under arbeid kjem over noko som kan vere automatisk freda kulturminne, pliktar ein å stoppe arbeidet og ta kontakt med kulturavdelinga i fylkeskommunen for avklaring jfr. kulturminnelova 8 andre ledd. I. Dersom det er mistanke om eller vert påvist ustabile massar i utbyggingsområdet, skal det gjerast ei grundigare kartlegging av grunnforholda i samband med byggjesak. J. For BK1, BK2, BK3, BF3, BF4, BF5, BF6 og BF8 skal det vere nødvendig areal til å snu bil på privat grunn. Det skal ikkje prosjekterast/utførast løysingar som medfører behov for å bruke offentleg veg til å snu på. K. Ved søknad om løyve til tiltak etter PBL 21 skal det leggast ved situasjonsplan for heile BK-området som viser: - plassering og utforming av avkøyrsle - plassering av bygningar og anlegg. Sjølv om garasje ikkje skal byggjast samtidig med bustad, skal den synast på situasjonsplanen. - planlagt terrengbearbeiding/ beplanting på tomta - eventuelle forstøtningsmurar o.l. - areal til biloppstillingsplassar m.m. L. Kommunen kan utføre naudsynt vedlikehald og sikringsarbeid på tomteareala som ligg innanfor skjeringar, fyllingar, frisiktsoner m.m. for vegane. M. Regulerte eigedomsgrenser i plankartet er retningsgivande, kan justerast i samband med frådeling/byggjesak. Side 2 av 6
3 Bebyggelse og anlegg 3.1 Frittliggjande småhusbebyggelse, BF1 BF9 A. Områda BF1 BF9 kan nyttast til einebustader, 2-mannsbustader eller inntil ei sekundærleilegheit. B. Tomtene på områda BF1 og BF2 skal ikkje planerast for oppsetting av hus planlagt for flate tomter. Bustadhus og andre bygg, vegar, oppstillingsplassar og uteareal må tilpassast terrenget på tomta. Dette skal illustrerast ved søknad om løyve til tiltak. C. Bustadhus med mønetak kan oppførast med mønehøgd inntil 8,0 m og gesimshøgd inntil 7,0 m over planert terreng sitt gjennomsnittsnivå. Funkishus med einsidig takfall kan byggast med gesimshøgde inntil 8,0 m. D. Prosent bebygd areal for einebustad inntil %-BYA = 30 % og for 2-mannsbustader og inntil ei sekundærleilegheit inntil %-BYA =35%, rekna etter reglane i H2300B. E. For tomannsbustadar og einebustad med sekundæerleielegheit vert det sett krav om MUA på 100 m² per bueining, der minst 25 m² skal vere eksklusivt(privat). N. For tomter som har tilkomst frå veg 1 er det krav om at det vert opparbeidd snuplass på eigen grunn. 3.2 Konsentrert småhusbebyggelse, BK1 BK3 A. Områda kan nyttast til rekkehus, 2 mannsbustader og meir eller liknande konsentrert bebyggelse. B. Bustadhusa kan oppførast med mønehøgd inntil 8,0 m og gesimshøgd inntil 7,0 m over planert terreng sitt gjennomsnittsnivå. Funkishus med einsidig takfall kan byggast med gesimshøgde inntil 8,0 m. C. Prosent bebygd areal %-BYA = 40 % rekna etter H2300B. D. Krav til MUA er 100 m² pr. bueining, der minst 25 m² skal vere eksklusivt (privat). E. Det skal innafor områda avsettast areal til fellesanlegg for renovasjon m.m. 3.3 Felles føremål; tenesteyting/bustad, F1/BF A. Området skal nyttast til forsamlingslokale. Kan nyttast til leilegheiter, etter nærare dialog med kommunen. Det vert sett krav om å stette krava til gjeldande plan- og bygningslov og teknisk forskrift ved søknadstidspunkt. B. Det kan settast opp bygg innanfor bygningsgrense, opparbeidast parkeringsplassar og andre innretningar i samsvar med bruken av området. C. Krav til MUA er 100 m² pr. bueining, der minst 25 m² skal vere eksklusivt(privat). D. På vestsida av bygget skal det etablerast parkeringsplass som også skal vere offentleg tilgjengeleg. Side 3 av 6
3.4 Leikeplassar; Leik 1, Leik 2 og Leik 3 A. Leikeplassane skal opparbeidast iht. «Norm for leikeareal og friområde i Giske kommune». Leikeplassane blir felles areal for dei som naturleg soknar til desse og skal vedlikehaldas av eigarane. B. Leik 1 skal vere felles leikeareal for områda BF1-BF4, BF7og BF8. Det skal setjast opp natursteinsmur mot BF4 på inntil 1 m høgde, for å gjere leikearealet flatare. På muren skal det vere gjerde i samsvar med tekniske krav. C. Leik 2 skal vere felles leikeareal for BF5, BF9, BK1 og BK2. D. Leik 3 skal vere felles leikeareal for BK3. Leik 3 kan flyttast innanfor BK3, med vilkår om at: i. Same storleik og form som regulert (100 m²) ii. Gode soltilhøve iii. Gjerde mot veg iv. 4 m byggjegrense mot leikeareal E. F1 i tilstøytande reguleringsplan skal vere felles leikeareal for BF6 F. Leikeareala skal vere tilgjengeleg for flest mogeleg. G. Minimum utstyr på leikeplassane skal vere: Klatrestativ, sandkasse, huske og benk. For Leik 3 er minimumsutstyr sandkasse, huske og benkar. Gjerne med tillegg av grillplass og liknande for å legge til rette for møteplass på tvers av alder. H. Det er sett rekkjefølgjekrav om opparbeiding av leikeplassane i 7. 4 Samferdselsanlegg og teknisk infrastruktur A. Områda skal nyttast til køyreveg, fortau og anna veggrunn. Innanfor områda er det ikkje tillate med andre anlegg eller innretningar enn dei som er nødvendige for anlegg, drift og vedlikehald av veganlegga. B. Veg 1, veg 2, veg 4, veg 5 og veg 6 skal vere offentlege vegar. C. Høgdeforskjell mellom fortau og leikeplass (Leik 1) skal takast opp mest mogleg med mur innanfor vegføremålet. Der høgdeforskjellen er større enn 0,5 m skal det vere gjerde, jf. TEK10 12-11 andre ledd. D. Veg 3 skal vere felles veg for dei som har tilkomst til denne vegen. (Utbyggaren av området må koste omlegginga av denne vegen.) 5 Grønstruktur 5.1 Turveg 1-3 A. Turveg 1 kan nyttast som tilkomst til naturområde. Området kan eventuelt nyttast til vegføremål i framtida dersom veg 2 blir forlenga. Side 4 av 6
E. Turveg 2 skal vere offentleg og skal nyttast som tilkomst til leikeplass og opparbeidd tursti. Turvegen skal opparbeidast med dekke som gjer at den lett kan nyttast med rullestol og barnevogn. F. Turveg 3 skal vere offentleg og kan m.a. nyttast som snarveg mellom busslomme og bustadområde. C. Turveg 2 og 3 skal opparbeidast som grusvegar med minimum 2,0 m breidde. D. Turveg 2 og 3 skal sikrast med sakseport eller liknande mot offentleg veg. 6 Hensynssoner 6.1 Sikringssoner, Frisiktsone Innanfor frisiktsonene skal det vere fri sikt på minimum 0,5 meter over nivået til dei tilstøytande vegane. Busker, tre, gjerde eller andre konstruksjonar som kan hindre sikta er ikkje tillate. Høgstamma tre, trafikkskilt og lysmaster kan plasserast i frisiktsona, dersom dei ikkje hindrar fri sikt. Kommunen kan krevje at sikthindrande vegetasjon og gjenstandar vert fjerna av grunneigar. 6.2 Støysone Flystøy Ved søknad om byggjeløyve etter plan og bygningslova innanfor gul flystøysone, skal det utarbeidast rapport med bygningsteikningar og utomhusplan som syner støy skjerming i samsvar med teknisk forskrift og gjeldande retningslinje for handsaming av støy i arealplanlegging, T-1442/2012. Kommunen kan ikkje gje ferdigattest før nødvendige støyreduserande tiltak er gjennomført. Vegstøy Støyvurdering Reset, datert 12.09.2016, skal leggjast til grunn når det gjeld vegstøy. Støyvurderinga syner at vegstøy ikkje kjem inn i regulert bustadar. 7 Rekkefølgjekrav 7.1 Opparbeiding av vegar, leikeplassar, turvegar m.m. A. Før det blir gjeve bruksløyve skal uteområde, tilkomstvegar til hus etc. vere ferdig opparbeidd. B. Leikeplassane skal vere ferdig opparbeidd med beplanting, gjerde og leikeutstyr m.m. før det blir gitt bruksløyve for bustadar, jamfør 3.4 B, C og D over. BF6 skal opparbeide sin del av F1 i tilstøytande plan. C. Turveg 2 og 3 skal opparbeidast samstundes med veg 4. Side 5 av 6
D. o_ Veg 1 til kryss f_veg 3, samt f_veg 3 skal opparbeidast før eksisterande tilkomstveg til gnr./bnr. 4/278, 279, 291 og 292 blir stengt. E. Fortau langs veg 1, med gjerde, skal opparbeidast samstundes med veg 1. 7.2 VA-anlegg i området A. Nye bustader kan ikkje gjevast byggjeløyve før vatn- og avløpsanlegga er utbetra for området. B. ********* Side 6 av 6