SANDØY KOMMUNE VEDTEKTER FOR NÆRINGSFONDET



Like dokumenter
STORDAL KOMMUNE VEDTEKTER FOR NÆRINGSFONDET

MIDSUND KOMMUNE VEDTEKTER OG SØKNADSKJEMA FOR NÆRINGSFONDET

STORDAL KOMMUNE VEDTEKTER FOR NÆRINGSFONDET

VEDTEKTER NÆRINGSFOND VÅGÅ KOMMUNE

Fylkeskommunen får tildelt midlar til kommunale næringsfond frå Kap 551, post 60 i dei årlege statsbudsjetta.

3 FORVALTNING AV FONDET 3.1 Forvalting Omstillingsstyret er fondsstyre i søknader om midlar frå næringsfondet.

RETNINGSLINER FOR NÆRINGSFONDET I GOL KOMMUNE.

Vedtekter for Åmli kraftfond

Vedtekter for Åmli kraftfond

VEDTEKTER STRANDA KOMMUNE

DEL 1 Prinsipp og rammer for kommunale næringsfond

Fonda skal berre nyttast til lån, herunder ansvarlege lån, og/ eller avsettast til garantifond. Avkastninga kan nyttast til tilskott og betinga lån.

Retningsliner for næringsfondet. Gol kommune. Endra i samsvar med vedtak i K-sak 0055/00 den

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)

Fagdag for næringsmedarbeidarar

Ordinær Generalforsamling Måndag 27.mai Sak 9 og 10 Strategi

GAULAFONDET. Vedtekter for bruk og forvalting av midlane kommunen har fått i samband med at Gaularvassdraget vart verna mot kraftutbygging

FROKOSTMØTE 12. JANUAR 2016: Informasjonsmøte om RDA-midler - næringsretta midler til regional utvikling

SAKSPROTOKOLL. Sakshandsamar: OMR Arkivsaknr: 2016/1532 Arkiv: 243. Utvalsaksnr Utval Møtedato 8/17 Komite for næring, kultur og idrett

RETNINGSLINER FOR TILDELING AV MIDLAR TIL KOMMUNALE NÆRINGSFOND. GJELD FRÅ

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)

Vedtekter for Mardølafondet

FOR SPESIELLE MILJØTILTAK I LANDBRUKET (SMIL) FOR

Narvik kommunes nærings- og infrastrukturfond

REGLAR FOR KOMMUNALE TILSKOT TIL NÆRINGSLIVET I ÅSERAL.

Reglar for kommunale tilskot til. næringslivet. i Åseral.

MODALEN KOMMUNE. Vedtekter for næringsfondet

REGIONALT UTVIKLINGSPROGRAM FOR HORDALAND 2007 TILSEGN OM TILSKOT INNTIL KR 1,2 mill, TIL PROSJEKT Tiltaksprosjekt i Tysnes TILSEGN 40-07ON

Retningslinjer for bruk og forvaltning av Øyer kommunes næringsfond

Høyring - nye retningsliner for kommunale næringsfond særlege punkt til drøfting

Næring - Retningslinjer næringsfond

Møteprotokoll Styremøte Lærdal Næringsutvikling AS

SØKNAD OM TILSKOT TIL FREDA KULTURMINNE I PRIVAT EIGE, KULTURMILJØ OG KULTURLANDSKAP (Kap post 71)

Gode pengar til gode prosjekt. Førde januar 2014

VEDTEKTER FOR KOMMUNALT NÆRINGSFOND FOR ASKVOLL KOMMUNE

ÅRSMELDING 2009 for ÅRDAL UTVIKLING 24. driftsår

MØTEINNKALLING. NB! Sak Destinasjon Ålesund og Sunnmøre oppløysing og medlemsskap i nytt selskap vil bli ettersendt.

Deres ref: Vår ref: Saksbeh: Arkivkode: Dato: 05/ /06 Trond Øverland, /&

Deres ref: Vår ref: Saksbeh: Arkivkode: Dato: 2016/228- Trond Øverland,

Retningsliner for næringstilskot

Fondskapitalen kan ikkje brukast til lån eller tilskot. Det er kun avkastning og årlege avsetjingar til fondet som kvart år kan brukast.

RETNINGSLINER FOR TILSKOT TIL KULTURARBEID I GOL KOMMUNE.

VEDTEKTER FOR NÆRINGSFONDET LEBESBY KOMMUNE

PROSJEKT BRYGGEN. RETNINGSLINJER FOR TILSKOT

Kommunale næringsfond

VEDTEKTER FOR NÆRINGSFONDET ENGERDAL KOMMUNE

Retningsliner for tilskot til lag og organisasjonar i Åmli kommune

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Olav Grov Arkivsaksnr.: 09/1647. Luster kommune sin næringspolitikk. Rådmannen si tilråding:

Kvam herad. Arkiv: 123 Objekt:

Statsbudsjettet Kap. 551 post 64 Utviklingsmidlar til Oppland fylkeskommune - Tilskotsbrev - Overføringar - Rapportering

ÅRSMELDING FOR VIK KOMMUNE SITT KRAFTFOND 2010.

Arkivsak: SAKSPROTOKOLL - REVIDERING AV RETNINGSLINJER - KOMMUNALE NÆRINGSFOND

NESNA KOMMUNALE NÆRINGSFOND. (Vedtatt av Nesna kommunestyre i møte , K-sak 32/07 og revidert i formannskapet )

Sentrale prinsipp for sakshandsaming. Fagdag på Skei den 21. september

Søknad om Anbodsgaranti

VEDTEKTER STRANDA KOMMUNE

Vedtekter for bruk og forvaltning av Rindal utviklingsfond RUF

SAKLISTE MED SAKSDOKUMENT

Kommunestyret vedtek «Retningsliner kulturtilskot Aukra kommune» 1 med verknad frå

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 31/10 10/596 PROTOKOLL: SØKNAD OM KUTURMIDLAR - BALESTRAND FOLKEAKADEMI

LOM KOMMUNE SKILTVEDTEKTER

Møteprotokoll Styremøte Lærdal Næringsutvikling AS

Dato: kl. 9:00 Kommunestyresalen Arkivsak: 12/ /12 12/ Godkjenning av protokoll for formannskapet

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Sakshandsaming. Gloppen hotell 3. september

Utskrift av møtebok. 45 medlemmer av 53 var til stede (medregnet varamedlemmer) VEDTAK:

Retningslinjer for Næringsfond 1. Herøy kommune. Herøy kommune

Ove Fekene, Kristin S. Torson, Janne Brøndbo, frå Bygdearkivet: Syver Hjelmen, Berit Marie Sørhøy og Kristofer Eitrheim

REGLEMENT OM ELEKTRONISK KOMMUNIKASJONSTENESTE FOR MØRE OG ROMSDAL FYLKE.

MØTEPROTOKOLL. Formannskapet. Møtestad: Rådhuset Møtedato: Kl:

NORDDAL KOMMUNE. Reglement for godtgjering til folkevalde

Gode pengar til gode prosjekt. Førde mai 2011

Retningsliner for kulturmidlar i Radøy kommune

FORSKRIFT OM GRADAR Fastsett av styret ved KHiB den med heimel i Uhl

MØTEINNKALLING SAKLISTE. I starten av møtet vil Magnus Snøtun presentere sluttrapport på Småkraftprosjektet.

Vedtekter for Fusa Kraftlag

Vedtekter for næringsfondet Os kommune

Retningslinjer for tildeling av næringsfondet

TOKKE KOMMUNE Definisjonar. BRA, bruksareal er i høve til NS 3940 og teknisk forskrift.

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 99/06 05/875 SØKNAD OM URVIDA KOMMUNAL GARANTI - SÆLEHAUGEN BARNEHAGE

SOGN OG FJORDANE FYLKESKOMMUNE I N S T R U K S FOR FORVALTNING AV TILSKOT TIL TRAFIKKTRYGGINGSTILTAK I KOMMUNANE

PROSJEKT BRYGGEN. RETNINGSLINJER FOR TILSKOT

Møteprotokoll Styremøte Lærdal Næringsutvikling AS

Kompensasjonsmidlar TILSEGN OM TILSKOT PÅ INNTIL KR TIL PROSJEKT ETABLERING AV REGIONAL NÆRINGSHAGE. TILSEGN Komp

Vedtekter for bruk og forvaltning av Rindal utviklingsfond (RUF)

RETNINGSLINJER FOR BRUK OG FORVALTNING AV SELJE NÆRINGSFOND

LEIRFJORD KOMMUNE SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Øyvind Toft Arkiv: 242 Arkivsaksnr.: 14/761-4 Klageadgang: Nei

VEDTEKT av februar 2007

JØLSTER KOMMUNE TILSETJINGSREGLEMENT

Tilskott til jord- og skogbruk, Bykle kommune.

Sakshandsamar: Arkiv: ArkivsakID Willy Andre Gjesdal FE - 223, FA - C00 14/1418

Kulturavdelinga RETNINGSLINER FOR TILDELING AV KULTURMIDLAR I HERØY KOMMUNE. 1 Desse kan søkje om tilskot:

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Erling Bjørnetun/Liv Helen Nystuen Arkiv: 223 C Arkivsaksnr.: 12/186

Retningsliner for tilskot til frivillig kulturarbeid i Selje kommune

Nordkapp kommunes Næringsfond:

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

Vedtekter for nasjonalparkstyret for Jostedalsbreen nasjonalpark i Sogn og Fjordane fylke

Hovudmål. Landbruket i Nord-Gudbrandsdal er ei bærekraftig næring med gode arbeidsplassar.

Transkript:

SANDØY KOMMUNE VEDTEKTER FOR NÆRINGSFONDET Vedteke i K-sak12/39 datert 19.09.2012

Søknad om tilskot skal sendast til: SANDØY KOMMUNE Tiltaksnemnda 6487 HARØY

Desse vedtektene er utarbeidde på grunnlag av retningsliner gjeve i vedtak i RM-sak 20/12 i Nærings- og miljøutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune. 1 - Forvaltning av fondet: Næringsfondet i Sandøy kommune er finansiert ved hjelp av løyvingar frå Fylkeskommunen, jfr. ovanfor. Tiltaksnemnda skal fungere som styre for fondet. Søknader om stønad frå fondet skal vere skriftlege, så langt det er praktisk mogleg på eige søknadsskjema. Dette er tilgjengleg på Sørvistorget på rådhuset, eller kan lastast ned frå kommunen si heimeside på : www.sandoy.kommune.no. Søknader bør innehalde rekneskap, budsjett, aktuelle kostnadsoverslag, finansieringsplan, beskriving av forretningsideen og ei vurdering av marknaden. Krava til søknaden må tilpassast det einskilde prosjektet. Alle søknader om stønad skal avgjerast av styret for fondet etter tilråding frå administrasjonen. Tilrådinga skal skje utifrå ei kvalitetsmessig vurdering av det einskilde prosjektet. Ved handsaming av kompliserte saker bør administrasjonen bruke fylkeskommunen og andre faginstansar til rettleiing. Fondsmidlane skal plasserast på renteberande konto slik at midlane er disponible til ei kvar tid. Budsjett og rekneskap for fondet skal vere integrert i rekneskap og budsjett for kommunen i samsvar med gjeldande forskrifter. 2 - Stønadsformål: Næringsfondet skal nyttast både til bedriftsretta tiltak og til generelle tilretteleggande tiltak i regi av kommunen eller andre typar organisasjonar. Fondet skal ha ein utløysande effekt på tiltaket som vert støtta. Prosjekt som betrar sysselsetjingstilhøva for ulike innvandrargrupper, kvinner og ungdom skal prioriterast. Ein kan gi støtte til følgjande formål: * Kommunalt tiltaksarbeid: T.d. næringsplanlegging på privat område, etablerarprosjekt, samarbeid skule/næringsliv, stadsutviklingsprosjekt, ulike utredningar/ analyser, investeringar i vassforsyning og marknadsføring av Sandøy kommune som etableringsstad. * Investeringar i bedrifter: Det kan gjevast stønad til investeringar i eigedom, bygningar og maskiner, eller kjøp av rettar og informasjon ved oppstarting og utviding av mindre bedrifter.

* Bedriftsutvikling: Opplærings- og produktutvikling, marknadsundersøkingar og marknadstiltak, marknadsføring og planlegging. * Oppstarting av ny næringsverksemd - etableringsstipend: Ved oppstarting av ny næringsverksemd kan det gjevast eit etableringsstipend. Stønadsformål: Det kan løyvast stipend til planlegging og etablering av ei verksemd, dvs. at verksemda ikkje treng å vere registrert i Brønnøysundregistra for å få stønad. Det er likevel slik at berre maks. 50% av stipendet kan betalast ut før verksemda er registrert. Resten av stipendet kan utbetalast innan 6 mnd. etter at verksemda er registrert. Midlane kan nyttast til å dekkje levekostnader, kostnader knytte til konsulentoppdrag, marknadsundersøking, konsept- og produktutvikling og kompetansehøgding. Stipend vert løyvd på bakgrunn av vurdering av kvar enkelt søknad. I prosjekt som har føresetnad til å skape varige og lønsame arbeidsplassar vil ein prioritere: - kvinner, arbeidsledige og yrkeshemma Stipendbeløp: Maksimalt stipend som kan løyvast er kr 50.000,- pr. mottakar. Stipendbeløpet skal ikkje overstige 50% av kapitalbehovet. Maksimalt 50% av stipendbeløpet kan nyttast til aksjekapital. Etableringstipendet er eit personleg stipend som også vert skattelagd personleg. * Andre formål av betyding for utviklinga av næringslivet i Sandøy kommune. Avgrensingar/ krav for stønad: Det kan ikkje løyvast midlar til ordinær drift. All stønad som ikkje er knytt til konkrete utviklingsprosjekt blir rekna som driftsstøtte. I bedrifter gjeld dette t.d. vedlikehald, utskifting av gamalt utstyr med nytt utstyr av same type, og investeringar som ikkje inneber produktutvikling, nye produksjonsprosessar eller annan type nyskaping. Det kan ikkje gjevast stønad til næringsforum eller liknande. Det kan ikkje gjevast stønad til primær stålproduksjon, til transport eller til direkte eksportkostnader, inkludert etablering og drift av distribusjonsnettverk. Det kan ikkje gjevast tilsegner utover det som til ei kvar tid står på fondet. Det er ikkje tillate å gi tilsegn basert på neste års løyving frå fylkeskommunen. Det kan ikkje gjevast stønad til fysiske infrastrukturtiltak i kommunen. Ein kan som hovudregel ikkje gje stønad til firma, nystarta eller eksisterande, som vidarefører aktiviteten til verksemder som nyleg har gått konkurs, nyleg vart lagt ned eller seld.

I saker der tilskot til investering vert gitt, kan kommunen krevje tilskotet tilbakebetalt dersom investeringsobjektet vert seld innan 3 år. Søkjarar som får tilskot på stønadsformer med krav om dokumentasjon på utgifter, må legge dette fram for rådmannen før utbetaling kan skje. Dette gjeld alle stønadsformer, unntatt for etableringsstipend. Dokumentasjon må leggast fram innan tilsegnsperioden på 1 år etter at tilsegna vart gitt, med mogleg forlenging i inntil 1 år etter særskilt søknad. Mynde til å gjere vedtak etter søknad om forlenga tilsegnsperiode vert delegert til rådmannen. 3 - Stønadsformer: Stønad kan gjevast som tilskot. Midlane kan ikkje nyttast til kommunal aksjeteikning i private bedrifter. Ein kan ikkje gi stønad til gjeldssanering. Næringsfondet kan ikkje setjast som garanti for lån til næringsverksemd, jfr. Kom.l. 51. 4 - Stønadsvilkår: Samla stønad frå næringsfondet skal som hovudregel ikkje vere over 50% av kapitalbehovet til prosjektet. Om midlar frå næringsfondet kjem i tillegg til tilskot frå distriktspolitiske verkemiddel som vert forvalta av fylkeskommunen, skal samla stønad ikkje overstige desse grensene. 5 - Kapitalbehov for prosjekta: Vurdering ut over fastsette grenser for kapitalbehov, vert gjort av fylkeskommunen i tilsegn om årleg påfylling av næringsfondet. Prosjekt med kapitalbehov innanfor desse grensene skal vurderast og evt. finansierast lokalt. Ei bedrift kan motta til saman 200.000 EURO i bagatellmessig stønad over ein treårs periode. Treårsperioden vert rekna frå det tidspunktet ei bedrift mottek bagatellmessig stønad for første gong. Dei nedanforståande grensene for kapitalbehov skal nyttast. Dei grensene som til ei kvar tid er bestemt av fylkeskommunen, skal også gjelde for Sandøy kommune sitt næringsfond. Maksimalgrensene vert avgjort av fylkeskommunen, jfr. ovanfor. * Etableringsstipend kr 50.000 * Bedriftsutvikling kr 300.000 * Investeringar i bedrifter kr 300.000 * Tiltaksarbeid kr 300.000 Dersom eit bedriftsretta prosjekt inneheld fleire delelement vert grensa sett til kr 300.000.

6 - Næringsplan: Det er utarbeidd ein strategisk næringsplan for Sandøy kommune med mål, strategiar og tiltak for kommunen sitt arbeid innan næringsutvikling. Denne planen inneheld mål, strategiar og tiltak for kvinner og ungdom. Næringsplanen skal gå inn som ein del av kommuneplanen, og bør takast opp til drøfting i tiltaksnemnda kvart år i samband med årsmeldinga for næringsfondet. Behov for hovudrullering bør avgjerast av tiltaksnemnda. Planen er vedtatt av tiltaksnemnda i T-sak 1/92 og formelt godkjent av kommunestyret i K-sak 14/92. 7 - Årsmelding og rekneskap: Kommunen skal kvart år utarbeide ei melding om bruken av næringsfondet. Årsmeldinga skal innehalde rekneskap, prosjektoversikt og ei vurdering av bruken av fondet. Behovet for endra prioriteringar og retningsliner for framtidig bruk av fondet bør også vurderast. Årsmeldinga skal handsamast av kommunestyret før den vert sendt over til fylkeskommunen.

BEDRIFTSVEILEDNING BEDRIFTSTELEFONEN 800 33 840 Informasjon om innanlandske forhold. Mogleg finansiering og offentlege krav m.m. EUROPATELEFONEN 800 33 840 Informasjon om EU-finansiering, offentlege krav, EØS, Regelverk i EU m.m. ETABLERERTELEFONEN 800 33 840 For deg som ønskjer å starte eige firma. Formelle krav, finansiering og offentlege krav m.m. Sjå også : www.altinn.no/no/starte-og-drive-bedrift www.etablerer.no www.innovasjonnorge.no

Tips for søknad til næringsfondet Før søknaden vert skriven: - Les gjennom vedtektene til næringsfondet fleire gongar. - Sørg for å ha godt nok grunnlagsmateriale til utforming av søknaden. - Kontakt næringskonsulenten i kommunen på førehand dersom det er noko du er usikker på i samband med skriving av søknad. Dette skal være vedlagt søknaden: - Aktuelle kostnadsoverslag, spesifisert. - Finansieringsplan. Sjå elles 1 i vedtektene!! Ved nyetableringar: - bør forretningsidèen vere godt beskriven. - bør konkurransemessige forhold vere vurdert. - bør ein ha ei formeining om aktivitetsnivået, dvs. kor mange årsverk som kjem ut av etableringa. - bør ein aktivt bruke kommunen sitt søknadsskjema ved søknad supplert med naudsynte vedlegg.