Sluttrapport Elbilar i distrikt-noreg



Like dokumenter
Guri Bugge Tlf: Saksnr Utval Møtedato Miljøutvalet

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Forslag frå fylkesrådmannen

I Tussaområdet står transport for om lag 30 % av den totale energibruken, derav om lag 50 % knytt til personbilar

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Marknadsføring av spel i regi av Norsk Rikstoto

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

Statusrapportering for reiselivsnæringa i Møre og Romsdal - heile 2016

Til deg som bur i fosterheim år

Høring om nasjonal strategi for utbygging av infrastruktur for ladbare biler

SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID

-Ein tydeleg medspelar. Verktøykassa

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

Rapport konferanse og tilhørande studietur til Hamamatsu, Japan

-Ein tydeleg medspelar. Verktøykassa

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Styremøte i Helse Finnmark HF Dato. 1. desember Møtedato: 8. desember Saksbehandlar: HMS-rådgjevar Andreas Ertesvåg.

Utviklingsforumet for Ålesund Lufthavn, Vigra - søknad om tilskot i samband med etablering av direkte flyrute mellom Amsterdam og Ålesund.

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

Vestlandet ein stor matprodusent

ehandel og lokalt næringsliv

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

Valle Venstre. «Menneska er viktigare enn systemet.»

NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene

Undersøking om Regionalt forskingsfond Vestlandet si ordning med kvalifiseringsstøtte.

Frivillige organisasjonar i samfunnsbygginga

Kartlegging av tilgjengelegheit og universell utforming av friluftsområde i Sogn og Fjordane 2015

KONTROLLUTVALET FOR RADØY KOMMUNE MØTEUTSKRIFT

Lærlingundersøking om eit fagskuletilbod innan agrogastronomi på Hjeltnes. AUD-notat nr

Kommunal overtakelse av privat vannverk eksempel frå Stryn. Siv. Ing Tobias Dahle ( og tidlegare teknisk sjef i Stryn kommune)

Arbeidsnotat til bymøtet 7. mai 2007, tiltaket Tilflytting 2017 Av Heidi-Iren Wedlog Olsen og Severin Aarsnes

Opning av Fellesmagasinet ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg

Lønnsame næringar. Presentasjon av Folgefonni Breførarlag AS ved daglegleiar Åsmund Bakke

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Spørjeundersøking om sentrumsområde

1. Det er ikkje mangel på veterinærar, men det kan verta ein mangel på dyktige produksjondyrveterinærar i deler av landet.

Sparetiltak. Reduserte kostnader. Stipulert

sekstiåring. Vi er sjølvsagt positive til prioriteringa av ungdom, og har allereie utfordra statsråden til å invitere oss med på utforminga av tiltak.

Lønnsundersøkinga for 2014

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse

Omdømme Helse Vest. Resultat frå beslutningstakarundersøkinga 2008 Helse Vest RHF.

KOMPETANSEHEVING FOR NYE FRUKT- OG BÆRDYRKERE

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Naturskadehendingar: Korleis brukar vi tidlegare hendingar til å planleggja for betre tilpassing til framtidige hendingar?

Riksregulativet for ferjetakstar - høyring

Kort om føresetnadene for folketalsprognosen

«Ny Giv» med gjetarhund

Team Hareid Trygg Heime

Planlegging av partnarskapet Utført av partnarane på ein heil dags work-shop , Bergen Revidert av partnarane

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

INDRE VESTLAND. Innspel frå Hardanger, Sogn, Voss og Vaksdal i dialogmøte med Vestland fylke

Husleige / Fellsekostnader i interkommunale samarbeid i Hallingdal.

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Hovden del2 reguleringsplan frå 1997

Ei lita historisk vandring i norsk vasskraft

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

Vurdering av allianse og alternativ

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE

Endringar i plan- og bygningslova (plandelen) frå 1. januar 2015

Regional Næringsstrategi for Hardanger. Hardangerkonferansen, torsdag 13. november 2014

Den europeiske samfunnsundersøkelsen hvordan lever vi i Norge og andre land i Europa?

Statusrapportering for reiselivsnæringa i Møre og Romsdal - heile 2015

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

Driftsassistansen i Sogn og Fjordane (snart) 10 år - erfaringar

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

Engasjements- og eigarskapskontroll i Møre og Romsdal fylkeskommune

Bygdemøte på kommuneplanen januar -2013

Til veljarane i Tysnes

For eit tryggare Noreg. Ein del av Forsvarsbygg

Bustadområde i sentrum. Vurdering

Rutinar for intern varsling i Hordaland fylkeskommune

Saksframlegg. Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/ Retningslinjer for uønska deltid. * Tilråding:

Tilskot til rekruttering, likestilling og kompetanseheving i landbruket - 2. utlysing 2015

-Ein tydeleg medspelar. Verktøykassa

INFRASTRUKTUR FOR ELBILAR

4. MÅL FOR AVLØP OG MILJØ Overordna mål Førebels mål for vasskvalitet... 3

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet Utdanningsutvalet

Radiologi i Noreg. - fylkesvis fordeling av radiologiske undersøkingar per StrålevernRapport 2006:6B

ÅRSRAPPORT Nærare om nemnda Klagenemnda har åtte medlemer. Frå 1. januar 2008 var følgjande personar medlem i nemnda:

Den europeiske samfunnsundersøkelsen - hvordan lever vi i Norge og andre land i Europa?

Auka finansiering av Interreg-programma i Norge

Transkript:

Sluttrapport Elbilar i distrikt-noreg I Regional energi- og klimaplan i Møre og Romsdal er det sett som mål at utsleppa frå samferdselssektoren blir redusert med omtrent 80 000 tonn CO2-ekvivalentar innan 2020. Eit av verkemidla er å vurdere alternative drivstoff. Fylkestinget i Møre og Romsdal vedtok i juni 2012 at det skal tilretteleggjast for elbil i fylket, mellom anna gjennom utbygging av hurtigladarar med 10 mils mellomrom på fylkesvegnettet. Ungdommens fylkesting og Miljøutvalet følgte opp saka seinare i 2012 ved å vedta at ingen i fylket skal bu meir enn 5 mil frå ein hurtigladar i 2020. Ein GIS-analyse utført av plan- og analyseavdelinga i fylkeskommunen viste at dette målet kan gjennomførast ved at det blir bygd ut omtrent 14 hurtigladestasjonar. Dei fleste av desse er knytt til tettstadar og folketette område, men for å få full dekning må det også settast opp ladestasjonar i rurale område. Dei tre kommunane som deltek i prosjektet har på tilsvarande vis målsetting om reduksjon av klimagassutslepp, der elbil er nemnt som ei mogleg løysing hos alle tre. Møre og Romsdal fylkeskommune sitt fokus på infrastruktur og tilrettelegging bidrog til at fylket i 2012 var den staden i landet det var sterkast vekst i talet på elbilar, men det er stor skilnad på talet på elbilar i dei ulike kommunane. Vi har gjennomført eit forprosjekt i kommunane Rauma, Norddal og Stranda, for å finne ut om det er teknisk og samfunnsøkonomisk mogleg å ta i bruk elbilar i desse områda. Desse tre kommunane er geografisk sett mellom dei mest utfordrande i fylket, og kan dermed tene som døme på kva for fysiske grenser det fins for elbilutbygging i område der det er vilje og ønskje om å satse på fornybare drivstoff. I tillegg til å ha stor utstrekking og spredt busetnad, er desse kommunane prega av svært krevjande topografi og begrensingar i straumnettet. Nokre av dei største turistattraksjonane på vestlandet er lokalisert til dette området, i tillegg til at det er viktige hyttekommunar, og at ein av hovudeksportvegane ut av fylket (E136) går gjennom Rauma kommune. Dette gir eit komplisert trafikkmønster, med store variasjonar mellom ulike årstider, vekedagar og tider på døgnet. Klimameldingane og klimaforlika frå 2008 og 2012 set alle ambisiøse mål om utslippsreduksjonar frå samferdselssektoren. Hovudfokuset er på byområda, då det er der ein kan kan oppnå dei største resultata. Men busetnaden i Noreg er desentralisert, eit busetnadsmønster det er stor politisk vilje til å oppretthalde. Val av transportmiddel er prega av at nordmenn vil ha høve til å bevege seg utanfor storbyområda også. Det vil vere kostbart og utfordrande å legge til rette for elbil i heile landet, og det er difor viktig at ein allereie no får greia ut korleis utbygginga av ladeinfrastruktur kan skje på ein samfunnsøkonomisk effektiv måte, til beste for lokal og regional utvikling. Dette prosjektet har fokusert på følgjande av prinsippa som ligg til grunn for Transnova sitt mandat: a) Prosjektet skal bidra til en kostnadseffektiv klimapolitikk i samferdselssektoren b) Prosjektet skal søke å redusere institusjonelle, praktiske og kunnskapsmessige barrierer som forsinker utvikling og innfasing av mer miljøvennlig transportløsninger I høve til punkt a) har vårt prosjekt sett på kva for potensiale som fins for kostnadseffektiv elbilbruk i utkantsstrøk. Kor stor del av den fossile bilparken kan byttast ut med elbilar, og korleis kan ein byggje ut ladeinfrastrukturen på ein mest mogleg effektiv måte?

I høve til punkt b) har vårt prosjekt bidratt til å redusere den kunnskapsmessige barrieren som forsinkar innfasing av miljøvennlege transportløysingar i distrikts-noreg. Administrasjon, prosjektleiing, informasjonsspreiing, rapportering Det har vore stor interesse for prosjektet, både lokalt, regionalt, nasjonalt og internasjonalt. Informasjonsspreiing har difor teke meir tid enn først estimert, og har til dels teke tid frå andre delar av prosjektet. Arbeidet har vore omtalt i dei fleste regionale avisene, fleire gonger i radio og på fjernsyn (NRK og TV), i mange nasjonale aviser (mellom anna Nasjonen og LO-aktuelt), i sosiale media og i europeiske fora. Prosjektleiaren har og vore beden om å orientere om arbeidet i ulike nasjoanle og internasjonale fora, seinast for landsrådet til Elbilforeningen i september 2014. Det vil og bli halde to foredrag om prosjektet på eit større arrangement på Linkøpings universitet i januar 2015. Dei aktive samarbeidspartnarane har orientert om arbeidet (og generelt om elbil) lokalt, og i sine samarbeidsfora. Særskilt verdsarvstiftinga har eit breitt kontaktnett, og har brukt dette til å spreie informasjon til andre verdsarv- og reiselivsdestinasjonar i inn- og utland. Kartlegging av elbilpotensiale Det er gjennomført samlingar i Rauma kommune (Åndalsnes), Norddal kommune (Valldal og Norddal) og Stranda kommune (Stranda og Geiranger). På alle desse samlingane har det vore representantar frå privat næringsliv og kommunane. Totalt har rundt 160 verksemder delteke på dei ulike arrangementa. Det har vist seg svært utfordrande å få gjennomført flåteanalyser i verksemdene. Dette skuldast mellom anna at verksemdene takkar nei til ekstern hjelp til flåteanalyser etter at dei er blitt presenterte for kalkulatorane på gronnbil.no, og har fått prøvekjørt ulike typar elbilar. Vi har fleire døme på at deltakarar på desse samlingane i ettertid har kjøpt elbil privat eller til næringa. Samlingane i Stranda og Valldal var dedikerte prosjektsamlingar. Samlingane i Åndalsnes, Norddal og Geiranger vart kombinerte med andre arrangement. Den siste måten å gjere det på gjorde at vi nådde eit mykje større publikum og at vi fekk stor merksemd i media. Ulempa med å kombinere med andre arrangement er at det ikkje vart reint fokus på elbil, slik at noko av tida gjekk med til å diskutere elbussar, elsyklar, miljøvennlege skip, reiselivsspørsmål, etc. I rekneskapen har vi difor redusert talet på timar verksemdene har brukt på elbil desse stadene, samanlikna med samlingane i Valldal og Stranda. Møre og Romsdal er prega av mange små verksemder, og mange personar har fleire verv. Dermed vil det ofte vere vanskeleg å få fram i statistikk om ein elbil er kjøpt inn til næringsbruk eller privat bruk. Kommunane er små, og pendlinga over kommunegrenser er stor. Hovudkontora til fleire av dei større verksemdene har adresse utanfor bygdekommunane. Vi ser likevel at det i dette området har vore ein vekst i talet på elbilar på nær 300 %, noko som ligg over snittet for resten av fylket, og er høgt samanlikna med liknande bygdekommunar. Vi meiner og å sjå ein smitteeffekt til omkringliggande kommunar, t.d. Ålesund som har hatt ein betrakteleg sterkare vekst i talet på elbilar det siste året enn dei andre byane i fylket. «Hytte-effekten» kan spele eit element her: Svært mange sunnmøringar har hytte i Norddal, Stranda eller på Bjorli. Den nye ladeinfrastrukturen og testkjøringa av elbilar i bratt terreng både på vinter- og sommarføre, gjer at dei no føler seg trygge nok på at dei kjem seg til hytta, til at dei tør kjøpe elbil.

Dei aktive samarbeidspartnarane har delteke i prosjektet med førebuingar til samlingane, og på samlingane, både på politisk og administrativt nivå. Engasjerte politikarar har sett at elbil gir mulegheiter til lokal verdiskaping og næringsutvikling, noko som gir godt grunnlag for vidare arbeid med nullutsleppkjørety, og for mulegheitene til å få fleire elektriske tenestebilar i kommunane. Kartlegging av straumnettet - ladeinfrastruktur Det var tenkt å gjere ein GIS-analyse av straumnettet. Diverre vart det endringar i bemanningssituasjonen, og stillinga som GIS-rådgjevar sto vakant i eit år. Det vart gjort avtale om å kjøpe inn tenester frå GIS-rådgjevar hos fylkesmannen, men då han skal fylle oppgåver frå to stillingar har han ikkje hatt kapasitet til å gjennomføre jobben. Det er dermed gjort ein enklare analyse av straumnettet, der ein har funne tilgjengelege 400V-uttak i dei områda det kan vere aktuelt å bygge ut hurtigladarar. Desse analysene er mellom anna blitt brukt til å utarbeide søknadar til Transnova om støtte til hurtigladarar (Åndalsnes, Valldal). For å unngå dobbeltstøtte meiner vi det ikkje er rett å be om utbetaling på bakgrunn av denne delen av prosjektet. Det er inkludert nokre få timar i timelistene til arbeid mot energiselskap og med undersøkingar av straumnett, då dette var nødvendig for å få gjennomført prøvekjøringane av elbil. Fylkeskommunen har gått inn i samarbeid med Apoint og NEAS om eit prosjekt for å kartlegge utfordringar og mulegheiter med sårbare lokalnett i område med mange elbilar. Resultata av dette prosjektet blir ikkje klare før etter rapporteringsfrist for dette prosjektet. Denne kartlegginga er difor ikkje inkludert i rekneskapen for dette prosjektet, men resultata vil bli ettersendte når dei er klare. Prosjektet var utløysande for utbygging av hurtigladarar i Valldal og på Åndalsnes; det var på prosjektmøta initiativtakarane kom saman, og det var der dei fekk svar på praktiske, tekniske og økonomiske spørsmål. Samlingane på Åndalsnes og i Norddal vart gjennomført i samarbeid med reiselivsnæringa, og utløyste eit skred av registreringar av normalladepunkt i NOBIL-databasen. Dei fleste punkta er eksisterande kontaktar, t.d. bobilkontaktar på campingplassar, men nokre bedrifter har og etablert nye ladepunkt. Bedriftene har sjølve teke kostnaden av dette, men prosjektet har bidrege med skilting og profilering/registrering. Dette var vurdert som nødvendig for at elbilane som deltok på arrangementet skulle klare å finne straum nok til å gjennomføre turen Grøn Fjord-konferansen vart gjennomført i Geiranger i januar, og som vist på TV2-reportasjen sette det elbilane på ein stor prøve. Volkswagenforhandlaren kjørte E-Up frå Ålesund med kamerateam i bilen, og var tom for straum då han nådde toppen av Ørnesvingane. Takka vere regnerering i nedoverbakkane kom han seg heilt fram til konferansen. Det vart vurdert at det var behov for meir solid ladeinfrastruktur, og prosjektet samarbeidde med hotell Union for å få sett opp tre semihurtigladarar (type 2, 22kW). Hotellet dekte kostnadane til straum for desse, og for vidare drift. Området Rauma-Norddal-Stranda har no ein godt etablert ladeinfrastruktur, noko som vil bidra til vidare positiv utvikling for elbilhald og elbilturisme i området. Bedriftene som har etablert og registrert ladestasjonar gjennom dette prosjektet har meldt tilbake om at dei har fått auka tal besøkande, mellom anna elbilistar som er komne eins ærend for å «prøve den nye ladestasjonen eg såg på kartet». Sjølv med eksplosiv vekst i ladepunkt, er det fleire bedrifter som melder om ladekø og utvidingsplanar. Dei har og fått mange henvendingar frå reiselivsbedrifter i andre delar av landet som har ønskje om å få litt av same merksemd i media og sosiale media som bedriftene i prosjektområdet har fått. Både store hotell i byane og små vertshus utanfor allfarveg har teke kontakt med

prosjektdeltakarane for å få råd om korleis dei kan få ta del i den nye marknaden. Elbilturisten er i ferd med å bli ettertrakta, fordi han har god tid og til dels god betalingsvilje. Reiselivsnæringa ser mulegheitene for å tilby både mat og aktivitetar til ein turist som må sette frå seg bilen til lading i nokre timar. Vi er difor overbeviste om at prosjektet har gjeve ein nasjonal meirverdi, også utanfor prosjektområdet. Kartlegging av mogleg køyrelengde Etter at prosjektet starta opp vart vi gjort kjent med karttenesta http://www.jurassictest.ch/gr/ Denne gjer at behovet for å gjennomføre ei kartlegging av teoretisk køyrelengde vart redusert frå 32 til 1 arbeidstime. Det er gjennomført mindre testkøyringar på strekningane Ålesund-Stranda (over Strandafjellet) og Ålesund-Geiranger (over Ørnesvingane) og ein fullskala test med så å seie alle typar elbilar Åndalsnes-Valldal-Norddal (over Trollstigen). Desse var omfattande både å planlegge og gjennomføre, men hadde svært positive synergieffektar mellom anna mot reiselivsnæringa. Elbilane som kjørte til Geiranger i januar opplevde snøfrie vegar, til gjengjeld fekk vi tåke, regn, sludd og snø i Trollstigen i juni. Det var difor ei stor lette at TV2 kunne melde frå på nyhendesendinga same kvelden om at alle bilane kom seg fram. Kommersielt potensiale Grønn Kontakt AS har gjort sine vurderingar av kommersielt potensiale for lokasjonane Åndalsnes og Valldal, desse er grunngjevne i søknadane frå dei tidlegare i år der dei søkte fylkeskommunen og Transnova om støtte til å byggje hurtigladarar. Det er ikkje kjøpt inn analyser på dette området. For å få eit betre vurderingsgrunnlag for ein slik analyse, vart det kjøpt inn eit notat frå Møreforsking (sjå vedlegg). Dette vart motteke i januar 2014, og viser at det er stor usikkerheit rundt metodikk og nytteverdi for denne typen studiar, då markanden er i svært rask endring. Vi er og usikre på kor stort behovet for eit slikt studie er, med bakgrunn i kartleggingane som er gjort i samband med utarbeiding av Transnova sin hurtigladestrategi. Notatet frå Møreforsking gav ikkje relevante resultat for prosjektet, og vi har difor ikkje inkludert kostnaden av dette i rekneskapen. Resultat Prosjektet har gjeve høve til å ha eit sterkt fokus på elbil i eit relativt begrensa område i eit drøyt år. Totalt har 160 lokale bedrifter, og eit stort tal privatpersonar fått auka kjennskap til elbil. Talet på elbilar i området har auka med 287,5 %, talet på ladestasjonar har auka med 960 %, og talet på elbilturistar er stadig aukande (men kan diverre ikkje talfestast då det ikkje fins noko dokumentert utgangspunkt). Ved å halde fokuset på elbil oppe i eit relativt lite område, og samstundes vise at det er muleg å bruke denne typen kjørety i bratt og ulendt terreng, er prosjektet i ferd med å få store ringverknader. Reiselivssamanslutninga FjordNorway har diskutert å sette elbilturisme som ei fanesak sommaren 2015, elbilforeininga ønskjer å samarbeide med hotell Union i Geiranger om eit større landstreff i august 2015, og Fjordsenteret har planar om å utvikle eit av landets største ladesenter for semihurtigladarar (der det og blir ladeplassar tilrettelagt for funksjonshemma). Vi kjenner til at fleire lokale bedrifter har utvikla forretningsplanar, oppretta aksjeselskap og søkt Innovasjon Norge om

gründerstøtte til prosjekt knytt til elbil. Detaljar om desse prosjekta kan ettersendast når dei ikkje lengre er underlagt teieplikt av konkurranseomsyn. På grunn av tidsmangel er det ikkje kjøpt inn ekstern CO2-analyse. Sjølv om ein ser ein høgare vekst av elbilar i desse områda enn i samanliknbare regionar, og dei over nevnte spinnoff-prosjekta, kan det vere vanskeleg å påvise kalkulerbare klimagassinnsparingar. I samarbeid med universitetet i Zagreb vil vi difor gjere eit grundigare studie av om vi kan påvise effekt av arbeid som blir gjort av fylkeskommunane i Noreg. Denne studien vil bli finansiert gjennom EU-prosjektet BEAST (http://www.beastproject.eu), og vi vurderer det difor ikkje som rett å bruke av Transnova sine midlar til dette arbeidet. Utgreiinga vil bli presentert på «Conference on sustainable development of energy, water and environment systems i september 2015 i Dubrovnik, Kroatia. Transnova sitt bidrag vil sjølvsagt bli kreditert, og dokumentasjon vil bli ettersendt. Abstract ligg vedlagt denne rapporten. Guri Bugge Møre og Romsdal fylkeskommune