Mudring, dumping og utfylling i sjø og vassdrag Rettleiing til søkjarar Innleiing Mudring, dumping og utfylling vil alltid kunne påverke miljøet. Ein typisk konsekvens av slike tiltak er at sediment vert virvla opp og spreia, noko som kan føre til både spreiing av miljøgifter og nedslamming av naturverdiar og andre verdiar. Tiltaka kan også føre til direkte skade, til dømes på korallrev, kulturminne eller tekniske installasjonar på sjøbotnen. Difor må den som ynskjer å gjennomføre slike tiltak søkje myndighetene om løyve. I dette notatet informerer vi om saksgongen ved handsaming av slike søknadar, og om kva krav som stillast til ein søknad for at myndighetene skal kunne handsame den. Dokumentet skal også fungere som ein rettleiar ved utfylling av Fylkesmannens søknadsskjema, som alltid må fyllast ut og leggjast ved når ein søkjer om løyve til mudring, dumping eller utfylling. Denne rettleiinga må sjåast i samanheng med Miljødirektoratets rettleiarar, som kan lastast ned gratis frå Fylkesmannens nettside om mudring, dumping og utfylling (https://www.fylkesmannen.no/nn/more-og-romsdal/miljo-og-klima/forureining/mudringdumping-og-utfylling/). Søknadsskjemaet vårt kan lastast ned frå den same sida. Definisjonar Mudring: Ein kvar forsettleg flytting eller fjerning av massar på sjøbotnen som vert utført frå skip/båtar. Mudring omfattar ikkje oppvirvling som følgje av normale aktivitetar i sjø eller vassdrag, som til dømes vanleg skipstrafikk. Dumping: Ein kvar forsettleg disponering av avfall eller anna materiale i sjø eller vassdrag der formålet er å verte kvitt det. Dumping omfattar ikkje disponering av avfall eller anna materiale som er knytt til eller stammar frå vanleg drift av skip, innretningar eller fiskeri- og oppdrettsnæring, med unntak av når avfallet eller materialet er frakta vekk frå avfallskjelda for å verte kvitt det. Sist oppdatert 02.12.2016 (THAU)
Lovgrunnlag Mudring og dumping krevjar løyve frå både forureiningsmyndigheta og frå hamne- og farvassmyndigheta. Mudring og dumping krevjar løyve etter kapittel 22 i forskrift om begrensning av forurensning (forureiningsforskrifta) av 01.07.2004. Denne forskrifta er heimla i forureiningslova og fastslår at mudring og dumping i utgangspunktet er forbode, jf. 22-3 og 22-4, men at det kan gjevast løyve, jf. 22-6. Ved handsaminga av ein søknad skal forureiningsmyndigheta vurdere ulempene knytt til forureining som tiltaket kan medføre og dei fordelar og ulemper tiltaket elles vil kunne medføre. Det er Fylkesmannen som er forvaltningsmyndighet for denne forskrifta. Dei fleste søknadar om mudring og dumping gjeld aktivitet innanfor virkeområdet til hamneog farvasslova, altså i vassdrag, indre farvatn og sjøterritoriet. I slike tilfelle krevjast det løyve etter både forureiningsforskrifta og etter hamne- og farvasslova. I tillegg skal kommunen vurdere tiltaket etter plan- og bygningslova. Utfylling over sjøbotnen er ikkje regulert av forureiningsforskrifta, men dersom det er mistanke om at sjøbotnen i tiltaksområdet er forureina må ein likevel søkje Fylkesmannen om løyve. Fylkesmannen kan då eventuelt gjeve løyve etter forureiningslova 11 (særskilt løyve til forureinande tiltak). Det vil som regel vere naudsynt å ta prøvar i sedimenta for å påvise eventuell forureining og kartlegge forureiningsgraden. Det viser seg som regel at sedimenta i område der det er eller har vore industri er forureina i betydeleg grad. Også der det er eller har vore mykje trafikk med båtar, til dømes i båthamner, finn ein ofte at sedimenta er forureina. Sakshandsaming Fordeling av myndighet: Fylkesmannen er forureiningsmyndighet etter forureiningsforskrifta kapittel 22 om mudring og dumping i sjø og vassdrag, og kan gjeve løyve etter denne. Det er også Fylkesmannen som gjev løyve etter forureiningslova 11 til utfylling over forureina sjøbotn. Kystverket eller hamnevesenet kan gjeve løyve etter hamne- og farvasslova til mudring og dumping av massar i sjøen. Legging av sjøkablar skal også handsamast av Kystverket etter dette regelverket. Vassdrags- og energidirektoratet (NVE): Dersom tiltaket skal utførast i ferskvatn og vassdrag skal søknaden sendast til NVE, og ikkje til Kystverket, for vurdering etter Lov om vassdrag og grunnvann (vassressurslova av 24.11.00). Kommunen har det overordna miljøansvaret for kommunen sitt sjøareal. Difor skal alle søknadar sendast til den aktuelle kommunen som førsteinstans for handsaming, dersom kommunen ikkje allereie har gitt eit løyve eller ei uttale til tiltaket som synliggjer kommunens synspunkt og kan leggjast ved søknaden til Fylkesmannen.
Dersom muddermassane ynskjast disponert på land til eit nyttig formål, skal ein søkje kommunen om dette. Det same gjeld for utfylling i sjøen. Fylkesmannen vil normalt handsame mudrings- og utfyllingssøknaden fyrst etter at kommunen har gitt løyve til tiltaket. I slike tilfelle vil det som regel krevjast at det er utført målingar og analysar som dokumenterer innhaldet av miljøgifter i massane. Dersom massane er forureina må dei som hovudregel leverast til eit godkjent avfallsmottak. Bruk av forureina massar på land krev eiget løyve frå Miljødirektoratet dersom denne bruken kan føre til fare for forureining. Dersom mudringa eller utfyllinga ikkje er i tråd med tiltaksområdets arealregulering, krevjast det dispensasjon frå kommunen. Tiltakshavar har ansvaret for å sørgje for at det føreligg eit tilstrekkeleg informasjonsgrunnlag når søknaden skal handsamast. Tiltakshavar har også ansvaret for å hente inn dei ulike løyva som må føreliggje før tiltaket kan gjennomførast. Søkjaren bør også sørgje for at det søkjast Fylkesmannen om løyve etter forureiningsforskrifta og Kystverket om løyve etter hamne- og farvasslova i kvar sin søknad parallelt for å redusere handsamingstida. Sakshandsamingstida vil variere frå sak til sak, og vil kunne vere på mellom 2 og 6 månader etter at ein komplett søknad er motteke. Som hovudregel vil søknaden verte lagt ut til offentleg høyring i ein periode på 4 veker. Søkjaren bør også vere klar over at vi generelt oppmodar til å unngå mudring- og dumping og utfylling i sumarperioden (15. mai til 15. september) av omsyn til naturmiljøet. Enkelte stader kan det også vere forhold ved naturmiljøet som tilseier at tiltaket må leggjast utanom visse tider av året, til dømes ved viktige gytefelt for fisk eller hekkelokalitetar for fugl. Tiltakshavar bør difor søkje i god tid før tiltaket ynskjast gjennomført. Innleiingsvis i søkjeprosessen bør tiltakshavar konsultere med kystmyndigheta (Kystverket eller kommunalt hamnevesen) for å så tidleg som mogleg få signaler om tiltaket er akseptabelt etter hamne- og farvasslova. Dei bør også konsultere med forureiningsmyndigheta (Fylkesmannen) om behovet for, og eventuelt omfanget av, prøvetaking i sedimenta eller økologiske undersøkingar. Det må alltid avklarast med kommunen om tiltaket er i tråd med gjeldande reguleringsplan/kommuneplan. Det vert aldri gjeve løyve etter forureiningslova utan at dette er på plass.
Registrering av måledata i databasen Vannmiljø Vannmiljø er miljømyndigheitas nettbaserte system for registrering og analyse av miljøtilstanda i vatn. Myndighetene ynskjer at alle målingar av miljøgiftnivå og liknande som utførast i vatn og sediment skal registrerast i denne databasen. Ein tiltakshavar som søkjer Fylkesmannen om løyve til tiltak som omfattar mudring, utfylling eller dumping i sjø vil bli pålagt å registrere eventuelle målingar utført i tilknyting til tiltaket i databasen gjennom eit vilkår i løyvet. I løyvet vil det bli satt ei frist for når dette skal vere utført. Det kan ofte vere hensiktsmessig at konsulenten som har utført målingane også sørgjer for registreringa. Data skal leverast i databasens eigne importformat. På nettsidene til Vannmiljø finnast også ei oversikt over kva parameter som skal registrerast. Dersom det er behov for ytterlegare rettleiing med Vannmiljø-databasen, kan Mattis Mikkelsen hjå Fylkesmannen i Møre og Romsdal kontaktast på telefon (71 25 84 21) eller e-post (fmmrmami@fylkesmannen.no). Lenkje til Vannmiljø på nettet: http://vannmiljo.miljodirektoratet.no/
Rettleiing til utfylling av Fylkesmannens søknadsskjema 1. Generell informasjon Her skal ein fylle ut namn, adresse og kontaktinformasjon. Det bør kome tydeleg fram kven som skal vere Fylkesmannens kontaktperson, og også kven som skal vere ansvarleg entreprenør dersom dette er ein annan enn tiltakshavar sjølv. Dersom tiltakshavar har eit organisasjonsnummer bør dette fyllast inn. 2. Skildring av tiltaket Type tiltak: Søkjaren må krysse av for kva type tiltak ein søkjar om. Dersom tiltaket vil medføre fleire aktivitetar, til dømes dersom ein fyrst skal mudre og deretter dumpe muddermassane, må ein krysse av for alle aktivitetane. Utfylling for å vinne land i tråd med reguleringsplanar reknast ikkje som dumping. Lokalitet for tiltaket: Det bør opplysast så detaljert som mogleg kor tiltaket skal gjennomførast. Kart må leggjast ved søknaden, helst både detaljkart og oversiktskart. Grensene for tiltaket må kome tydeleg fram på kartet. Hensikta med tiltaket: Søkjaren må forklare kva som er formålet med tiltaket. Dersom tiltaket er vedlikehaldsmudring i eit område som har vorte mudra tidlegare må ein opplyse om tidspunktet for den førre mudringa. Mengde, areal og mudringsdjup: Her må ein fylle ut så nøyaktig som mogleg kor stor mengde masse (kubikkmeter) tiltaket vil omfatte, til dømes kor mykje som skal mudrast, eller kor mykje massar som skal nyttast til utfylling. Også storleiken til arealet (kvadratmeter) som vil verte påverka av tiltaket må vere med, og ved mudring skal ein opplyse om kor langt ned i sedimenta det skal mudrast. Arealet må også visast i eit kartvedlegg. Dersom det seinare viser seg at tiltaket vil omfatte ein vesentleg større mengde massar enn det som er oppgitt i søknadsskjemaet, eller overskride arealet som er oppgitt, må dette fyrst avklarast med Fylkesmannen. Tiltaksmetode ved mudring: Kryss av, eventuelt forklar, kva metode og utstyr som skal nyttast ved mudring. Disponeringsløysing for muddermassar: Kryss av for den løysinga som ynskjast. Søkjaren må også opplyse om kor massane skal disponerast med namn på staden og koordinatar, og vise i kartvedlegg. Søkjaren bør vere merksam på at det er strenge krav til dumping i sjø, og i utgangspunktet anbefaler vi at muddermassane takast på land og brukast til eit nyttig formål der dette er mogleg (sjå også omtale under avsnittet «Sakshandsaming»). Metode for transport av massar: Søkjaren må gje ei kortfatta skildring av korleis muddereller utfyllingsmassane skal transporterast under tiltaket, etappe for etappe. Det må opplysast om transportmiddel (lastebil, båt, eller liknande). Søkjaren bør også forklare korleis massane skal dumpast eller plasserast.
Tidsperiode for gjennomføring av tiltak: Søkjaren må opplyse så nøyaktig som mogleg når tiltaket er planlagt utført. Dersom tiltaket er venta å strekke seg over ein periode på fleire år, må ein anslå når ein venter å vere ferdig då Fylkesmannen alltid gjev tidsavgrensa løyve. Søkjaren må vere klar over at tiltaksperioden kan verte ein anna enn ynskja på grunn av sakshandsamingstid og eventuelt pålegg om å leggje arbeidet utanom enkelte månader av omsyn til naturmiljøet. Eigedomar: Søkjaren må opplyse, med gards- og bruksnummer, om kva eigedomar som ligg ved tiltaksområdet og kven som er eigar av desse. Sidan mudring og utfylling kan påverke eigedomane til andre, skal eventuelle grunneigarar i området ha moglegheit til å uttale seg om saka. 3. Lokale tilhøve Her bør søkjaren gje ei kortfatta skildring av vassdjup, sjøbotn og naturmiljø i tiltaksområdet. Skildringa bør vere så detaljert som mogleg ut ifrå det føreliggande kunnskapsgrunnlaget. Ved mudring og utfylling er det til dømes ofte relevant å vite om sjøbotnen består av finkorna eller grovkorna sediment. Dersom det er mogleg bør ein også opplyse om dyre- og plantelivet i området, til dømes om det finnast sjeldne artar, gyteområde, hekkelokalitetar eller andre spesielle naturverdiar. Søkjaren bør også opplyse om eventuelle leiingar, kablar, konstruksjonar og liknande. Dersom det er utarbeida ein miljørapport eller konsekvensutreiing i tilknyting til tiltaket, som gjev opplysningar om lokale tilhøve, må denne leggjast ved søknaden. Ved større tiltak krevjast det ofte at det skal gjennomførast naturkartlegging. 4. Forureining Søkjaren må opplyse om moglege kjelder til forureining, både igangverande og historiske, i og nær tiltaksområdet. I denne samanhengen vert sediment med påvist eller sannsynleg forureining rekna som ei forureiningskjelde då sedimenta kan virvlast opp og spreie seg under tiltaket. Som hovudregel vil det verte stilt krav om prøvetaking i sedimenta. Tiltakshavar må kontakte eit konsulentfirma med relevant kompetanse som kan utføre prøvetaking, sende prøvane til analyse, og utarbeide ein rapport med ei vurdering av funna. Konsulenten må også vurdere samansettinga til sedimenta, til dømes om dei består av grus, sand eller silt, og kva dette har å seie for risikoen for at eventuelt forureina sediment vil verte virvla opp og spreia under tiltaket. Rapporten må leggjast ved søknaden. Funna skal også summerast opp i søknadsskjemaet. Metodikk ved prøvetaking: Det skal takast kjerneprøvar frå representative stader i tiltaksområdet. Ved mudring skal ideelt sett prøvane takast ved forskjellige djup i sedimenta ned til det maksimale mudringsdjupet, men i praksis er det ofte tilstrekkeleg å ta prøvar i den øvre halvmeteren av sedimenta. For å få eit representativt bilete av tilstanden i sedimenta bør det for kvart prøvepunkt takast 3 kjerneprøvar. Dersom straumtilhøve og variasjonar i sedimenta tilseier det, bør ikkje prøvematerialet frå kjerneprøvane blandast.
Ytterlegare informasjon om krava som stillast til prøvetaking kan ein finne i rettleiarane frå Miljødirektoratet. Desse kan lastast ned gratis frå Fylkesmannens nettside om mudring, dumping og utfylling (https://www.fylkesmannen.no/nn/more-og- Romsdal/Miljo-og-klima/Forureining/Mudring-dumping-og-utfylling/). Mange konsulentfirma har lang erfaring med denne typen oppdrag og har dermed god kjennskap til krav og metodikk ved prøvetaking. 5. Sprengtråd og armeringsfiber i fyllmassar Massar som skal nyttast til utfylling i sjø inneheld ofte sprengtråd, skyteleiing, lette armeringsfibre, eller liknande avfall som kan spreie seg i vassmassane. Dette avfallet kan spreie seg med vasstraumane og forsøple strandsona langt unna tiltaksområdet, og det vil også med tida kunne omdannast til mikroplast, som er et miljøproblem myndigheitene har hatt auka fokus på dei siste åra, både i eit lokalt og eit globalt perspektiv. Meir informasjon om mikroplast kan finnast på følgjande nettside: http://www.miljostatus.no/tema/avfall/mikroplast/ Det er ulovleg å fylle ut i sjøen med massar som kan føre til forureining eller forsøpling. Massane som nyttast må vere egna til formålet. I søknadsskjemaet skal det gå fram kva type massar som skal nyttast til utfyllinga og i kva grad fyllmassane inneheld sprengtråd, skyteleiing, armering eller liknande. Dersom innhaldet er betydeleg må det gjerast tiltak for å hindre at avfallet spreiar seg i vassmassane når fyllmassane tømmast i sjøen. Moglege tiltak kan vere å plukke ut avfallet før utfylling, å samle opp avfallet frå vassmassane ved håving eller anna manuell fjerning, eller å bruke lense med skjørt. 6. Registrering i databasen Vannmiljø Sjå eiga avsnitt om dette lenger opp i rettleiaren. 7. Sakshandsaming og gebyr Tiltaket bør vere vurdert av kommunen i høve til kommunale planar før søknaden sendast til Fylkesmannen. Ei stadfesting av kommunal godkjenning skal leggjast ved søknaden. Der andre løyve eller vurderingar er gitt, skal også desse leggjast ved. All naudsynt dokumentasjon, inkludert kartvedlegg, må vere vedlagt søknaden. Fylkesmannen kan ikkje handsame søknaden før all naudsynt dokumentasjon føreligg. Gebyr: Søkjer må vere merksam på at Fylkesmannen tek gebyr for sakshandsaminga, jf. forureiningsforskrifta 39. Fylkesmannen vil varsle søkjaren om storleiken til gebyret 2 veker før det vert vedteke.