Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: 26.11.2015 Tid: 0830 MØTEPROTOKOLL Formannskapet SAKLISTE: Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 99/15 15/1376 Kommunereforma - utarbeiding av intensjonsavtalar 100/15 15/1276 Leikangerprisen 2015 101/15 15/1396 Kommunale betalingssatsar og gebyr - 2016 102/15 15/1334 Budsjett og økonomiplan 2016-2019 103/15 15/1395 Orienteringar
99/15 Kommunereforma - utarbeiding av intensjonsavtalar HANDSAMING: Framlegg frå Ole Simen Nesdal: Leikanger kommunestyre vedtek å ikkje gå vidare med arbeidet om å forhandla fram intensjonsavtalar for ein ny kommunestruktur. Leikanger kommunestyre ser ikkje at ein slik avtale vil gagna Leikanger kommune. Framlegg frå ordførar Jon Håkon Odd til endring til rådmannen si tilråding: 1. Leikanger kommunestyre vedtek å invitere følgjande kommunar i arbeidet med å forhandle fram intensjonsavtalar for ein ny kommunestruktur der Leikanger kommune blir del av ein ny kommune. Ein storkommune i Sogn med kommunane: Vik, Balestrand, Leikanger, Sogndal, Luster, Årdal, Lærdal og Aurland. Ein kommune bygd på bu- og arbeidsmarknad med kommunane: Luster, Sogndal, Leikanger, Balestrand og Vik. Leikanger kommune vil drøfte intensjonsavtalar med alle dei kommunane i Sogn som ynskjer det. Målet er å legge grunnlag for ein ny kommune som sikrar innbyggjarane eit godt og framtidsretta tenestetilbod, styrkjer samfunnsutviklinga og fremjar lokaldemokrati og deltaking. 2. Kommunestyret nemner opp følgjande medlemar som skal representere Leikanger kommune i eit felles forhandlingsutval: Ordførar, varaordførar og formannskapsmedlem Ole Simen Nesdal. 3. Eventuell representasjon av tillitsvald i forhandlingsutvalet blir avgjort etter nærare avklaring med dei aktuelle kommunane 4. Rådmannen deltek som sekretær 5. Frist for å forhandle fram intensjonsavtalane blir tilpassa Sogn regionråd sine tidslinjer. 6. Intensjonsavtalane og utgreiingsarbeidet dannar grunnlag for ei folkerøysting som skal haldast innan utgangen av mai 2016.
Framlegget frå Ole Simen Nesdal fall med 4 mot 1 røyster. Vedtak: Tilrådinga vart samrøystes vedteke med framlegget til endringar frå ordførar Jon Håkon Odd. FRAMLEGGET TIL VEDTAK lyder etter dette slik, samr.: 1. Leikanger kommunestyre vedtek å invitere følgjande kommunar i arbeidet med å forhandle fram intensjonsavtalar for ein ny kommunestruktur der Leikanger kommune blir del av ein ny kommune. Ein storkommune i Sogn med kommunane: Vik, Balestrand, Leikanger, Sogndal, Luster, Årdal, Lærdal og Aurland. Ein kommune bygd på bu- og arbeidsmarknad med kommunane: Luster, Sogndal, Leikanger, Balestrand og Vik. Leikanger kommune vil drøfte intensjonsavtalar med alle dei kommunane i Sogn som ynskjer det. Målet er å legge grunnlag for ein ny kommune som sikrar innbyggjarane eit godt og framtidsretta tenestetilbod, styrkjer samfunnsutviklinga og fremjar lokaldemokrati og deltaking. 2. Kommunestyret nemner opp følgjande medlemar som skal representere Leikanger kommune i eit felles forhandlingsutval: Ordførar, varaordførar og formannskapsmedlem Ole Simen Nesdal. 3. Eventuell representasjon av tillitsvald i forhandlingsutvalet blir avgjort etter nærare avklaring med dei aktuelle kommunane 4. Rådmannen deltek som sekretær 5. Frist for å forhandle fram intensjonsavtalane blir tilpassa Sogn regionråd sine tidslinjer. 6. Intensjonsavtalane og utgreiingsarbeidet dannar grunnlag for ei folkerøysting som skal haldast innan utgangen av mai 2016. 100/15 Leikangerprisen 2015
HANDSAMING: VEDTAKET lyder slik, samr.: Leikangerprisen 2015 vert tildelt.. (Vert offentleggjort på kommunestyremøte 10.12.2015.) 101/15 Kommunale betalingssatsar og gebyr - 2016 HANDSAMING: Framlegg frå ordførar Jon Håkon Odd som tillegg til tilrådinga: Utleige av kommunale bygg: Leikangerhallen: Leikanger mannskor Palmerevyen kr.6.500,-. Vedtak: Tilrådinga vart samrøystes vedteken med tillegget frå ordførar Jon Håkon Odd. FRAMLEGGET TIL VEDTAK lyder etter dette slik: Leikanger kommunestyre vedtek regulering av kommunale avgifter, årsgebyr og betalingssatsar for 2016 i samsvar med hefte: «Framlegg til betalingssatsar Leikanger kommune 2016», med dette tillegget: Utleige av kommunale bygg: Leikangerhallen: Leikanger mannskor Palmerevyen kr.6.500,-. 102/15 Budsjett og økonomiplan 2016-2019
HANDSAMING: Driftsbudsjettet: Framlegg til endringar frå ordførar Jon Håkon Odd: Tilleggsløyvingar vert redusert med 100.000 kr i åra 2016 2019 Pleie og omsorg: sengetalet ved sjukeheimen vert ikkje auka frå 29 til 31, reduksjon på 946.000 kr i åra 2016 2019. Omorganisering pleie og omsorg, reduksjon 500.000 kr i åra 2017 2019. Grunnskulen, reduksjon i ramma 200.000 kr i 2016, 300.000 i 2017 og 500.000 kr i åra 2018 2019. NAV lokalkontor, reduksjon 200.000 kr i åra 2017 2019 Skatteoppkrevjarfunksjonen vert verande i kommunen, innsparing 200.000 kr i 2016, 350.000 kr i åra 2017 2019. Framlegga til endringar frå ordførar Jon Håkon Odd vart samrøystes vedtekne. Investeringar: Framlegg til endringar (eks.mva) frå ordførar Jon Håkon Odd: Kommunale vegar utbetring vert redusert med 100.000 kr i 2016 og 2018 og 200.000 kr i 2017 og 2019. Kvålen næringsområde asfalt og veglys går ut Hamrevegen 3.byggesteg går ut Henjahaugane barnehage utviding av garderobar går ut Planlegging bruk av bassengrom LUS går ut Framlegga til endringar frå ordførar Jon Håkon Odd vart samrøystes vedtekne. Eigdomsskatt: Framlegg frå Jan Sigurd Haugen: Eigedomsskatten vert auka til 4,5 % Framlegg frå Ole Simen Nesdal: Eigedomsskatten vert auka til 3,5 % Framlegget frå Jan Sigurd Haugen vart vedteke med 4 mot 1 røyst. Framlegg frå ordførar Jon Håkon Odd: Driftsbudsjettet: Budsjett 2016 vert vedteke på netto rammer slik det går fram av budsjettskjema 1 A og 1 B, med fordeling til drift kr.143.809. 000 med vedtekne endringar Skatt til kommunen blir fastsett i samsvar med høgste lovlege sats. Investeringar: Kommunestyret vedtek investeringsbudsjett for 2016 slik det går fram av vedlagde budsjettskjema 2A og 2B, med nemnde mål og premissar for løyvingane.
Investeringar vedteke i samsvar med budsjettskjema 2 B med ei på totalramme på kr. 16.365.000 (inkl.mva) med vedtekne endringar. Av dette er eigekapitalinnskot i KLP kr.520.000,- og netto avdrag på startlån kr.60.000, finansiert med overføring frå drift, kr. 580.000,-. Investeringar for 2016 vert å finansiere i samsvar med budsjettskjema 2A med ei låneramme på kr.14.000.000. Rådmann får fullmakt til å ta opp lån samt godta rentevilkåra og øvrige vilkår for låneopptaket. Avdragstida skal tilpassast kommunelova 50 nr.7. Eigedomsskatt: Med heimel i Eigedomsskattelova 2 og 3 vert det skrive ut eigedomsskatt i Leikanger kommune. I medhald av Eigedomsskattelova 3 bokstav e, vidarefører Leikanger kommune eigedomsskatt på faste eigedomar i klårt avgrensa område som heilt eller delvis er utbygde på byvis eller der slik utbygging er i gang og på verk og bruk i heile kommunen. Leikanger kommune vedtek å vidareføre eigedomsskatt i området Sogndal grense i aust til krysset rv.55/valbrekkevegen i vest. Grensa mot sør fylgjer kommunegrensa i sjøen og i nord yttergrensa for fast busetnad. I samsvar med Eigedomsskattelova 11 fyrste ledd, vert den alminnelege eigedomsskattesatsen fastsett til 7,0 promille. I medhald av Eigedomsskattelova 12 bokstav a, vert det fastsett ulik promille for «bustaddelen i eigedommar med sjølvstendige bustaddeler». Denne satsen vert sett til 4,5 promille for 2016. (Vedteke med 4 mot 1 røyst). Den same satsen gjeld òg for fritidsbustader. Ved taksering og utskriving av eigedomsskatt nyttar kommunen tidligare vedtekne skattevedtekter. Vedtak: Framlegget frå ordførar Jon Håkon Odd med endringar vart samrøystes vedteke. FRAMLEGGET TIL VEDTAK lyder etter dette slik: Framlegg til årsbudsjett 2016 og økonomiplan 2016-2019 vert vedteke med desse endringane: Driftsbudsjettet: Tilleggsløyvingar vert redusert med 100.000 kr i åra 2016 2019 Pleie og omsorg: sengetalet ved sjukeheimen vert ikkje auka frå 29 til 31, reduksjon på 946.000 kr i åra 2016 2019. Omorganisering pleie og omsorg, reduksjon 500.000 kr i åra 2017 2019.
Grunnskulen, reduksjon i ramma 200.000 kr i 2016, 300.000 i 2017 og 500.000 kr i åra 2018 2019. NAV lokalkontor, reduksjon 200.000 kr i åra 2017 2019 Skatteoppkrevjarfunksjonen vert verande i kommunen, innsparing 200.000 kr i 2016, 350.000 kr i åra 2017 2019. Investeringar: Kommunale vegar utbetring vert redusert med 100.000 kr i 2016 og 2018 og 200.000 kr i 2017 og 2019. Kvålen næringsområde asfalt og veglys går ut Hamrevegen 3.byggesteg går ut Henjahaugane barnehage utviding av garderobar går ut Planlegging bruk av bassengrom LUS går ut Eigdomsskatt: Eigedomsskatten vert auka til 4,5 % Driftsbudsjettet: Budsjett 2016 vert vedteke på netto rammer slik det går fram av budsjettskjema 1 A og 1 B, med fordeling til drift kr.143.809. 000 med vedtekne endringar Skatt til kommunen blir fastsett i samsvar med høgste lovlege sats. Investeringar: Kommunestyret vedtek investeringsbudsjett for 2016 slik det går fram av vedlagde budsjettskjema 2A og 2B, med nemnde mål og premissar for løyvingane. Investeringar vedteke i samsvar med budsjettskjema 2 B med ei på totalramme på kr. 16.365.000 (inkl.mva) med vedtekne endringar. Av dette er eigekapitalinnskot i KLP kr.520.000,- og netto avdrag på startlån kr.60.000, finansiert med overføring frå drift, kr. 580.000,-. Investeringar for 2016 vert å finansiere i samsvar med budsjettskjema 2A med ei låneramme på kr.14.000.000. Rådmann får fullmakt til å ta opp lån samt godta rentevilkåra og øvrige vilkår for låneopptaket. Avdragstida skal tilpassast kommunelova 50 nr.7. Eigedomsskatt: Med heimel i Eigedomsskattelova 2 og 3 vert det skrive ut eigedomsskatt i Leikanger kommune. I medhald av Eigedomsskattelova 3 bokstav e, vidarefører Leikanger kommune eigedomsskatt på faste eigedomar i klårt avgrensa område som heilt eller delvis er utbygde på byvis eller der slik utbygging er i gang og på verk og bruk i heile kommunen. Leikanger kommune vedtek å vidareføre eigedomsskatt i området Sogndal grense i aust til krysset rv.55/valbrekkevegen i vest. Grensa mot sør fylgjer kommunegrensa i sjøen og i nord yttergrensa for fast busetnad.
I samsvar med Eigedomsskattelova 11 fyrste ledd, vert den alminnelege eigedomsskattesatsen fastsett til 7,0 promille. I medhald av Eigedomsskattelova 12 bokstav a, vert det fastsett ulik promille for «bustaddelen i eigedommar med sjølvstendige bustaddeler». Denne satsen vert sett til 4,5 promille for 2016. (Vedteke med 4 mot 1 røyst). Den same satsen gjeld òg for fritidsbustader. Ved taksering og utskriving av eigedomsskatt nyttar kommunen tidligare vedtekne skattevedtekter. 103/15 Orienteringar HANDSAMING: VEDTAKET / FRAMLEGGET TIL VEDTAK lyder etter dette slik: Ingen orienteringssaker.