Rapport frå gang- og sykkeltelling i Nedre Glomma 2005



Like dokumenter
Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Odd Petter Habbestad Prosjektleder i Bømlo Vatn og Avløpsselskap AS.

Dersom summen vert over 400 g må ein trekkje dette frå.

Lærlingundersøking om eit fagskuletilbod innan agrogastronomi på Hjeltnes. AUD-notat nr

R A P P O R T Plan og prosjektering

IKT-kompetanse for øvingsskular

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

Odd Petter Habbestad Prosjektleder i Bømlo Vatn og Avløpsselskap AS.

Kort om føresetnadene for folketalsprognosen

Vår ref.: Dykkar ref.: Saksbehandlar: Dato:

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

Vintervèr i Eksingedalen

DB

Sotrasambandet. Eit viktig grunnlag for framtidig vekst og utvikling i Bergensregionen FØRESETNAD FOR TRYGGLEIK OG BEREDSKAP

Fuglestadelva, Hå kommune

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

Reisevanekartlegging i Hordaland fylkeskommune Fylkesbygget og Skyss.

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Brukarrettleiing E-post lesar

Trafikkstatistikk for bomringen i Bergen - per september 2013.

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Radiologi i Noreg. - fylkesvis fordeling av radiologiske undersøkingar per StrålevernRapport 2006:6B

Informasjon til elevane

Lærarrettleiing 3. Grove kornprodukt

Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn

HOVUDNETT FOR SYKKEL

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

KORLEIS LEGGJE INN EI SAK PÅ

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

Kartlegging av verksemder sitt syn på drosjetilbodet i Bergensområdet. AUD-rapport nr. 12a

Statens vegvesen. Sakshandsamar/lnnvalsnr Per Sttffen Mybrcn

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet Fylkestinget

Utfordringsdokument. Status for Hjelmeland kommune, pr. oktober 2013.

Vegvisar til vilbli.no

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

1. Krav til ventetider for avvikla (behandla) pasientar skal i styringsdokumenta for 2015 vere:

KONTSTRIKKING. Dersom det skal vere lue, genser, jakke eller skjørt, kan det vere naturleg å starte med ein høveleg kant og halve ruter.

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Den nye seksjon for applikasjonar

Samtalestatistikk 1. halvår Hjelpelinja for speleavhengige

Planlegging av partnarskapet Utført av partnarane på ein heil dags work-shop , Bergen Revidert av partnarane

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling


Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Norske arbeidstakarar med berre grunnskole bør ta meir utdanning

Bømlopakken - Gang- og sykkelveg langs Fv 542 Stokkabekken/Siggjarvåg - ny løysing treng godkjenning

Forslag frå fylkesrådmannen

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 8. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

ANALYSE AV TAL PERSONAR SOM BUR INNAFOR EIN AVSTAND PÅ 45 MINUTT MED BIL FRÅ UTVALDE REGIONSENTER I SOGN OG FJORDANE.

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Omdømme Helse Vest. Resultat frå beslutningstakarundersøkinga 2008 Helse Vest RHF.

Storåna, Sandnes kommune

Strategiplan for Apoteka Vest HF

KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

8. Museum og samlingar

Blir du lurt? Unngå anbodssamarbeid ved innkjøp

Riksregulativet for ferjetakstar - høyring

Marknadsføring av spel i regi av Norsk Rikstoto

HORDALANDD. Utarbeidd av

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Innfartsparkering Kollektivtransportforum årskonferanse 2015

FANGST OG SKJELPRØVAR I SULDALSLÅGEN

SUND KOMMUNE. Innhald. Dok.dato: Vår Ref: 17/ Arkiv:

FINANSRAPPORT 2. TERTIAL 2012

Bypakke Nedre Glomma

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2007

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE

Barnevern Tall fra Statistisk Sentralbyrå (SSB)

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk

Leverandørskifteundersøkinga 2. kvartal 2007

Hallo i nedslagsfeltet!

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

Status akvakulturforvalting og fiskeri per september 2015

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Vegvisar til vilbli.no for rådgivarar

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Dette notatet baserer seg på dei oppdaterte tala frå dei tre siste åra. Vi ønskjer å trekke fram følgjande:

Bruk av reiserekning i Agresso

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

Retningsliner for lokalt gitt munnleg eksamen og munnleg-praktisk eksamen i Møre og Romsdal fylkeskommune

Sykkeltellinger parkerte sykler

Tilleggsinnkalling til Formannskapet

SPØRJEGRUPPE: HORNINDAL SKULE KLASSE

Norsk Bremuseum sine klimanøtter

Sykkeltellinger i Steinkjer og Stjørdal

Kompetansearbeidsplassar i Hordaland

Transkript:

Rapport frå gang- og sykkeltelling i Nedre Glomma 2005 Ingunn Saur Modahl Anne Rønning Siw Nordahl STØ, Stiftelsen Østfoldforskning September 2005 OR 20.05 www.sto.no

RAPPORTFRAMSIDE Rapportnr: OR 20.05 ISBN nr: 82-7520-547 ISSN nr: 0803-6659 Rapporttittel: Rapport frå gang- og sykkeltelling i Nedre Glomma 2005 Rapporttype: Oppdragsrapport Forfattar: Ingunn Saur Modahl, Anne Rønning og Siw Nordahl Prosjekttittel: Sykkeltelling SMARTiNG Prosjektnummer: 481100 Oppdragsgivar: Sarpsborg kommune Kontaktperson: Unni Mathiesen Samandrag: I 1993 vart det gjennomført ei gang- og sykkeltelling i Sarpsborg og Fredrikstad. Tellinga vart administrert av Statens vegvesen. Årets telling er gjennomført på tilsvarande måte, både for å kunne vurdere utviklinga og etablere eit godt målesystem for kontinuerleg oppfølging av strategiar og mål gitt i ATPNG. Det er stor forskjell på utviklinga i Fredrikstad og Sarpsborg. Dette gjeld både for gange og sykling. Antalet som går i Sarpsborg har auka eindel (37%) sidan 1993, medan det i Fredrikstad har auka svært mykje (240%). I Sarpsborg har sykkeltrafikken minka til halvparten medan den ligg stabil i Fredrikstad. Desse utviklingstrekka gjeld også for dei fleste enkeltpunkta som er med i tellinga. Eitt punkt skil seg ut frå dei andre, nemleg Vesterelva. Dette er trafikken mellom Kråkerøy og sentrum i Fredrikstad, på gangbru og bilbru. Her har antalet som går auka frå rundt 330 per dag til over 2000, dvs. gangtrafikken er 6 gonger større enn for 12 år sidan. Gangtrafikken over bilbrua er nesten dobla sidan 1993, og i tillegg kjem all den nye trafikken over gangbrua. 1/3 bruker bilbrua når dei går medan 2/3 bruker gangbrua. Emneord: * Gange * Sykling * Arbeidsreiser * Miljø Godkjent Dato: 12/10-05 Tilgjengeleg Denne sida: Åpen Denne rapporten: Åpen Antal sider I rapporten: 13 I vedlegg: 2

INNHALD 1 INNLEIING...1 1.1 BAKGRUNN...1 1.2 MÅLSETTING...2 1.3 ORGANISERING AV PROSJEKTET...2 2 METODE OG GJENNOMFØRING...3 2.1 VALG AV TELLEPUNKT...3 2.2 TIDSPUNKT...4 2.3 TELLARAR...4 2.4 VERFORHOLD...5 2.5 UTREKNING AV ÅDT...5 2.6 FEILKJELDER...6 3 RESULTAT...8 3.1 GANGE...8 3.2 SYKLING...9 3.3 EFFEKT AV NYE GANGBRUER...10 3.4 OPPSUMMERING...11 4 SAMANDRAG...12 Vedlegg A Vedlegg B Resultat Telleinfo

1 INNLEIING 1.1 BAKGRUNN I 2004 vart prosjektet Sunne og Miljøvennlige ARbeids- og Tjenestereiser i Nedre Glomma (SMARTiNG) gjennomført. Målet med dette prosjektet var å skaffe kunnskap, gode eksempel og løysingar for å auke andelen personar som syklar eller går til og frå arbeid. Prosjektet vart støtta av MD og Fylkeskommunen. Gjennom dette prosjektet såg vi at det var behov for å gjennomføre ei gang- og sykkeltelling. Grunnen til dette er at det ikkje finnst gode målesystem som fangar opp effektane av innsats for å få folk til å endre reisevanar frå bil til meir miljøvennlege reiseformer. I perioden 1994-1997 vart det satt av 55 mill. til utbygging av gang- og sykkelvegar. I kor stor grad har denne utbygginga hatt effekt? TØI gjennomfører jamnlege reisevaneundersøkingar. Vi har fått tilbakemelding frå TØI på at desse undersøkingane i Østfold blir gjort på et utvalg på omlag 1000 personar rundt i heile fylket. Dette grunnlaget kan difor ikkje brukast til å måle om ein i Nedre Glomma har lykkast med iverksetting av måla i areal- og transportplana (ATPNG). Talla er derimot representative for gjennomsnittet i heile fylket. I SMARTiNG vart det i mai 2004 gjennomført ei reisevaneundersøking (spørreundersøking) (Rønning, 2004). Responsen på undersøkinga var relativt liten, og det er truleg slik at det er personar som frå før av er opptatt av å sykle som har svart på undersøkinga. Reisevaneundersøkingane gir altså ikkje god nok informasjon om lokale forhold. Det var derfor ønskeleg med ei sykkeltelling. I 1993 vart det gjennomført ei gang- og sykkeltelling i Sarpsborg og Fredrikstad. Tellinga vart administrert av Statens vegvesen. Vi ønskte difor å gjennomføre ei tilsvarande telling, både for å kunne vurdere utviklinga og etablere eit godt målesystem for kontinuerleg oppfølging av strategiar og mål gitt i ATPNG. Kort om tellinga i 1993: Tellinga vart gjennomført ein tirsdag og torsdag i september der snittet av dei to dagane ga resultatet. Totalt var det 27 tellepunkt i Nedre Glomma. Det var to personar per tellepunkt i 1

tidsromma 06-09 og 15-18. Både syklistar og gåande vart telt, men rapporten fokuserer på syklistane. 1.2 MÅLSETTING Gjennomføre ei gang- og sykkeltelling i Nedre Glomma for å kunne vurdere utviklinga frå 1993 i tillegg til å etablere eit godt målesystem for kontinuerleg oppfølging av strategiar og mål gitt i ATPNG. 1.3 ORGANISERING AV PROSJEKTET STØ har administrert prosjektet og analysert resultata. Sjølve tellinga er gjort av medlemmar i Fredrikstad Skiklubb (Fredrikstad) og Sparta/Trøsken IL (Sarpsborg) på dugnad. 2

2 METODE OG GJENNOMFØRING 2.1 VALG AV TELLEPUNKT Utgangspunktet var at vi ønska å bruke dei samme tellepunkta som i 1993 for å kunne samanlikne resultata. For å få til dette, vart det lagt til telling på to nye gangbruer i Fredrikstad; over Vesterelva og Seutelva (punkt 30 og 31). I tillegg til desse to vart det tatt med eitt ekstra punkt i Fredrikstad (Gamlebyferja, punkt 32) og to nye i Sarpsborg (gang/sykkelveg-kryssing av jernbana ved Alvim og kryssing av jernbana ved Sarpsborgveien/Byfogd Olsensvei, punkta 12 og 13). Tilsaman var det 32 tellepunkt; 27 frå 1993 og 5 nye. Tellinga på Veumveien (punkt 17) er flytta. I 1993 låg tellepunktet like nord for Jorunnsvei, medan vi har valgt å gjere tellinga i krysset ved den nybygdte ungdomsskolen (Kvernhuset). Dette er gjort for å få med trafikk nordfrå til skolen. Tellingane på dei to nye gangbruene er tatt med i samanlikningsgrunnlaget fordi dei er bygd etter siste telling, og fordi dei er alternative transportruter inn til Fredrikstad sentrum frå Gressvik og Kråkerøy. Desse gangbruene vil naturleg nok avlaste dei opprinneleg tellepunkta som er bilbruer med fortau. Til orientering var det ikkje ferje mellom Fredrikstad sentrum og Kråkerøy i 1993 (Fredrikstad kommune, 2005). Ferjetransporten av gåande og syklande på denne distansen i 2005 er antatt å vere neglisjerbar. Tellingane på Gamlebyferja og dei to ekstra punkta i Sarpsborg er ikkje tatt med i samanlikningsgrunnlaget, fordi desse transportrutene også fannst i 1993, men utan at det vart gjennomført telling der. Desse tre tellepunkta vart tatt med no i 2005 for å få eit breiare samanlikningsgrunnlag med framtidige tellingar. Tellinga har både tatt med gåande og syklande. Dette vart også gjort i 1993, men i rapporten er det sykkeltellingane det er fokusert på (Statens vegvesen, 1993). Rapporten frå 1993 tilrår også å kutte ut telling av gåande i framtida. Grunnen til at vi likevel har valgt å fokusere på gåande, er at byutviklinga dei siste åra har vore svært konsentrert om bykjernen. I Fredrikstad har det vore (og er) fleire store byggeprosjekt beregna på folk som vil ha gangavstand til servicetilbud og arbeid i sentrum. Fleire av desse er lokalisert langs Vesterelva. Værsteområdet på Nordre Kråkerøy er også eit sentrumsnært område der det kan bli snakk om 3

bolegutbygging. Vi ønska difor å ta med gåande for å sjå korleis byutviklinga har påverka trafikkutviklinga, spesielt i Fredrikstad. Tellingane har ikkje som mål å få telt alle som syklar eller går den aktuelle dagen; det vil vere mange som ikkje blir telt, og det vil også vere mange som blir telt fleire gonger. Tellingane er derimot meint å vere ein indikator for gange- og sykkelaktivitet. 2.2 TIDSPUNKT Det vart gjennomført tellingar tirsdag 31.mai og torsdag 2.juni. Dagane vart valgt fordi det også i 1993 vart telt på tirsdag og torsdag. Helst skulle vi ha gjort tellinga september 2004 (veke 37 som i 1993), men pga sein tildeling av midlar vart det ikkje tid til å planlegge dette. Overgangen mai/juni vart valgt fordi dette var tidlegast tidspunkt som kunne samanliknast med resultata frå 1993. Fire punkt vart valgt ut som heildagstellepunkt; nr. 2, 6, 15 og 22. Dette er dei samme punkta som var heildagstellepunkt i 1993. På grunn av mangel på tellarar og misforståingar vart ikkje punkt 15 og 22 telt heile perioden (06-21). Det er difor kun punkt 2 og 6 (begge i Sarpsborg) som er heildagstellingar i denne undersøkinga. Alle dei andre punkta vart telt i tidsromma 06-09 og 15-18. 2.3 TELLARAR Tellingane vart gjort på dugnad av Fredrikstad Skiklubb (Fredrikstad) og Sparta/Trøsken IL (Sarpsborg). Idrettslaga organiserte sjølv kven som skulle stå på kvart enkelt tellepunkt. Representantar frå idrettslaga hadde på førehand fått informasjon og opplæring som dei formidla vidare til sine respektive tellarar. Det vart laga ein konvolutt med telleskjema og telleinstruks for kvart tellepunkt. Telleskjemaet inneheldt eit kart med spesifiserte tellesnitt og kolonner for markering av antal trafikantar i kvart tellesnitt. Tellarane bytta telleskjema kvar time. I Fredrikstad vart ferdig utfylte telleskjema innlevert direkte til STØ eller i resepsjonen på Rådhuset (Fredrikstad). I Sarpsborg vart dei samla inn på trening i dei to idrettslaga og derettert levert STØ. 4

2.4 VERFORHOLD Veret var lettare på dag to enn på første telledag, og det var ikkje så mykje vind. Det var lokale regnbyger begge dagane. Temperaturen var 8-15 o C. Tabell 1 Verforhold på telledagane Tirsdag 31.mai Torsdag 2.juni Temperatur Lys Nedbør Vind 10-15 o C Grått Kraftige, lokale regnbyger på morgonen, lettare etterkvart. 8-15 o C Lettskya/ grått Lett nedbør på morgonen, lokale regnbyger på kvelden. Moderat til kraftig på morgonen, lett vind utover dagen. Stille/moderat. I 1993 var veret så og seie identisk på dei to telledagane; frå 3-12 o C, grått, utan nedbør og med moderat vind. 2.5 UTREKNING AV ÅDT Resultata er basert på gjennomsnittet av dei to dagane for kvart enkelt punkt, og ÅDT er utrekna ut frå resultata i heildagspunkta. Heildagspunkta skulle tellast i 15 timer. For å finne ÅDT vart telleresultatet for den sist telte timen (20-21) lagt til resultatet for dei 15 telte timene (06-21). Ved å sjå på kor stor trafikken var på heildagspunkta i perioden 06-09 og 15-18 i forhold til ÅDT, vart ÅDT utrekna for dei andre punkta også. Tabellen under viser kor mange som går og syklar i periodane 06-09 og 15-18 i forhold til over heile dagen i dei to heildagspunkta. 5

Tabell 2 Trafikk i periodane 06-09 og 15-18 i forhold til ÅDT Trafikk deltid i % av ÅDT Gåande Syklande 31.mai 2.juni 31.mai 2.juni Punkt 2 44% 47% 57% 43% Punkt 6 40% 42% 47% 49% Snitt 43% 49% Både for gåande og syklande vart det valgt å bruke gjennomsnittsverdien ved utrekning av ÅDT for deltidspunkta. 2.6 FEILKJELDER Dei viktigaste feilkjeldene er: Årstid Ver Tellinga er gjort i mai/juni mot september (veke 37) i 1993. Med like verforhold og temperatur vil vi likevel tru at feilkjelda ikkje er så stor. 1993: 3-12 o C, grått u/nedbør, moderat vind. 2005: 8-15 o C, grått, lokale regnbyger, tidvis kraftig vind. Årets telling hadde altså meir vind og regn enn i 1993, men det var også varmare. Om dette fører til fleire eller færre gåande og syklistar er vanskeleg å seie. Trafikkomleggingar og flytting av institusjonar Det er bygd to nye gangbruer i Fredrikstad sidan 1993, og desse er telt og slått saman med telleresultatet for dei opprinnelege bilbruene. Gangbruene kan gjere det meir attraktivt å gå og sykle. Høgskolen i Østfold er flytta frå jernbaneområdet til nordre Kråkerøy sidan 1993. Antall studieretningar og studentar har auka. Saman med gangbru til sentrum har nok dette påverka trafikken. Dette er ikkje nødvendigvis ei feilkjelde byutviklinga kan (og bør) styrast for å få ei ønska trafikkutvikling. Det er også bygd ny ungdomsskole i Fredrikstad sidan 1993. Den gamle låg i sentrum. No ligg den nye Kvernhuset ungdomsskole midt mellom sentrum og Ambjørnrød, slik at dei fleste elevane har grei gå- og sykkelavstand. 6

Få heildagspunkt Grunnlaget for å rekne ut ÅDT er basert på berre 2 heildagspunkt. Begge desse ligg i Sarpsborg. Dette gjer at feilkjelda kan vere stor her. I 1993 vart 50% brukt som andel deltidstrafikk av ÅDT for syklande. I vår kartlegging har vi kome fram til 49% for syklande, så dette er i praksis likt som i 1993. For gåande har vi kome fram til 43%. Her er det ikkje oppgitt tal for 1993 (men ved bruk av tallmaterialet har vi rekna ut dette til å bli 46%). 7

3 RESULTAT 3.1 GANGE Figur 1 viser telleresultatet for kvart enkelt punkt når det gjeld gange. Ein kan sjå at i dei fleste punkta som er telt begge dei gjeldande åra, er antalet som går likt eller større i 2005 enn i 1993. Dette gjeld både for Sarpsborg og Fredrikstad. Eitt punkt skil seg ut frå dei andre, nemleg Vesterelva. Dette er trafikken mellom Kråkerøy og sentrum i Fredrikstad, på gangbru og bilbru til saman. Her har antalet som går auka frå rundt 330 per dag til over 2000, dvs. gangtrafikken er 6 gonger større enn for 12 år sidan. ÅDT 2200 2000 1800 1600 1400 1200 1000 800 600 400 200 0 Hafslund us Sarpebrua Hafslundsøy Pellygata Sarpsborg stasjon, nord Valaskjold Tune kirke Tunejordet Alvim, rv 109 Sannesund Rolvsøysund Alvim, kryssing av jernbanen Byfogd O.-vei, kryssing av jernbanen Østfoldhallen Råbekken Gange i Sarpsborg og Fredrikstad Sarpsborg Figur 1 Resultat for alle tellepunkta (gange). 1993 2005 Fredrikstad Ambjørnrød-Gluppe Veumveien Christianslund-krysset Gressvik sentrum, nord Gressvik sentrum, sør Fredrikstad sentrum Kråkerøy, Rød Kråkerøy, Fuglevik Rakkestadsvingen Torp, Rv 111 Torp, Roald A. vei Vesten Gamlebyferja Sentrum-Kråkerøy Seutelva 8

3.2 SYKLING Figur 2 viser telleresultatet for kvart enkelt punkt når det gjeld sykling. I Sarpsborg er det berre eitt punkt der sykkeltrafikken har auka litt sidan 1993. For alle dei andre punkta som er telt begge dei gjeldande åra, er antalet som syklar redusert, og ofte halvert. I Fredrikstad har sykkeltrafikken auka i halvparten av punkta og minka i halvparten. Når det gjeld sykling er endringane i kvart enkelt punkt i Fredrikstad (+ eller -) jamnt over mindre enn i Sarpsborg, og det er ingen punkt som skil seg ut på den måten Vesterelva gjorde for gange. ÅDT 2200 2000 1800 1600 1400 1200 1000 800 600 400 200 0 Hafslund us Sarpebrua Hafslundsøy Pellygata Sarpsborg stasjon, nord Valaskjold Tune kirke Tunejordet Alvim, rv 109 Sannesund Rolvsøysund Alvim, kryssing av jernbanen Byfogd O.-vei, kryssing av jernbanen Østfoldhallen Råbekken Sykling i Sarpsborg og Fredrikstad Sarpsborg Figur 2 Resultat for alle tellepunkta (sykling). 1993 2005 Fredrikstad Ambjørnrød-Gluppe Veumveien Christianslund-krysset Gressvik sentrum, nord Gressvik sentrum, sør Fredrikstad sentrum Kråkerøy, Rød Kråkerøy, Fuglevik Rakkestadsvingen Torp, Rv 111 Torp, Roald A. vei Vesten Gamlebyferja Sentrum-Kråkerøy Seutelva 9

3.3 EFFEKT AV NYE GANGBRUER Figur 3 viser telleresultatet for trafikken over Vesterelva og Seutelva. Etter 1993 er det bygd to nye gangbruer som kan avlaste dei gamle bilbruene. Gangbrua over Vesterelva forbind nordre Kråkerøy med Fredrikstad sentrum, og gangbrua over Seutelva er ein snarvei frå Gressvik sentrum til Fredrikstad sentrum. Når det gjeld gange, har trafikken over begge dei gamle bilbruene auka. Men i tillegg har det kome ny gangtrafikk over gangbruene. Sykling over Vesterelva har minka litt frå 1993, medan sykkeltrafikken har auka over Seutelva. For Vesterelva er gangtrafikken over bilbrua nesten dobla sidan 1993, og den nye trafikken over gangbrua er over 4 gonger større enn kva den totale gangtrafikken over Vesterelva var i 1993. Totalt har gangtrafikken over Vesterelva auka med 500% på desse 12 åra. Sykkeltrafikken har minka litt, og har fordelt seg om lag likt mellom bilbrua og den nye gangbrua. Når det gjeld Seutelva har gangtrafikken over bilbrua auka med 40% i tillegg til at det går 150% nye fotgjengarar over gangbrua. Sykkeltrafikken over bilbrua har minka til om lag halvparten sidan 1993, og det er 90% nye syklistar på gangbrua. Totalt foregår 1/3 av sykkeltrafikken over Seutelva på bilbrua medan 2/3 bruker gangbrua. Effekt av nye gangbruer i Fredrikstad Gange Effekt av nye gangbruer i Fredrikstad Sykling 2 200 2 200 2 000 1 800 Ny gangbru Bilbru med fortau 2 000 1 800 Ny gangbru Bilbru med fortau 1 600 1 600 1 400 1 400 ÅDT 1 200 1 000 800 600 400 200 ÅDT 1 200 1 000 800 600 400 200 0 0 Sentrum- Kråkerøy 1993 Sentrum- Kråkerøy 2005 Seutelva 1993 Seutelva 2005 Sentrum- Kråkerøy 1993 Sentrum- Kråkerøy 2005 Seutelva 1993 Seutelva 2005 Figur 3 Effekt av nye gangbruer i Fredrikstad (gange og sykling) 10

3.4 OPPSUMMERING Figur 4 viser telleresultatet for alle punkta under eitt når det gjeld gange og sykling. Berre dei tellepunkta som har vore med både i 1993 og 2005 er vist i figurane. Dei nye gangbruene er inkludert. Gange i Sarpsborg og Fredrikstad Sykling i Sarpsborg og Fredrikstad 7 000 6 000 5 000 1993 2005 7 000 6 000 5 000 1993 2005 ÅDT 4 000 3 000 ÅDT 4 000 3 000 2 000 2 000 1 000 1 000 0 Sarpsborg Fredrikstad Fredrikstad utan sentrum- Kråkerøyforbindelse 0 Sarpsborg Fredrikstad Fredrikstad utan sentrum- Kråkerøyforbindelse Figur 4 Samla resultat for gange og sykling Figurane viser at det er stor forskjell på utviklinga i Fredrikstad og Sarpsborg. Dette gjeld både for gange og sykling. Antalet som går i Sarpsborg har auka eindel (37%) sidan 1993, medan det i Fredrikstad har auka svært mykje (240%). Sjølv utan å ta med trafikken over Vesterelva, som utgjer ein relativt stor del av samanlikningsgrunnlaget, er auken når det gjeld gange stor i Fredrikstad (130%). I Sarpsborg har sykkeltrafikken minka til halvparten medan den ligg stabil i Fredrikstad. Dette gjeld også dersom ein kuttar ut Vesterelva frå samanlikningsgrunnlaget. 11

4 SAMANDRAG Det er stor forskjell på utviklinga i Fredrikstad og Sarpsborg. Dette gjeld både for gange og sykling. Antalet som går i Sarpsborg har auka eindel (37%) sidan 1993, medan det i Fredrikstad har auka svært mykje (240%). I Sarpsborg har sykkeltrafikken minka til halvparten medan den ligg stabil i Fredrikstad. Desse utviklingstrekka gjeld også for dei fleste enkeltpunkta som er med i tellinga. Eitt punkt skil seg ut frå dei andre, nemleg Vesterelva. Dette er trafikken mellom Kråkerøy og sentrum i Fredrikstad, på gangbru og bilbru. Her har antalet som går auka frå rundt 330 per dag til over 2000, dvs. gangtrafikken er 6 gonger større enn for 12 år sidan. Gangtrafikken over bilbrua er nesten dobla sidan 1993, og i tillegg kjem all den nye trafikken over gangbrua. 1/3 bruker bilbrua når dei går medan 2/3 bruker gangbrua. 12

REFERANSAR Fredrikstad kommune, telefonsamtale med Roar Hovde/Bernt Olsen, 18.juli 2005. Rønning. A. Og Modahl, I.S.: SMARTiNG, STØ-rapport OR 19.05, februar 2005. Statens vegvesen Østfold: Rapport fra gang- og sykkeltellingen, september 1993. 13

14

VEDLEGG A RESULTAT Punkt nr. ÅDT sykkel ÅDT sykkel ÅDT gange ÅDT gange Beskriving Kort beskriving By 1993 2005 1993 2005 1 Rundkjøring ved Hafslund Hafslund us Sarpsborg 850 354 77 223 ungdomsskole 2 Sarpsfossen, Sarpebrua Sarpebrua Sarpsborg 1040 563 87 94 3 Helt sør på Hafslundsøy, ved Hafslundsøy Sarpsborg 560 231 24 71 fotballbane 4 Pellygata Pellygata Sarpsborg 570 158 0 26 5 Nord for Sarpsborg stasjon ved Sarpsborg stasjon, Sarpsborg 600 419 156 234 Glengshølen nord 6 Rv.127 ved Valaskjold brua Valaskjold Sarpsborg 790 391 427 426 7 Krysset ved Tune kirke Tune kirke Sarpsborg 600 315 64 99 8 Bru over E6 ved Tunejordet Tunejordet Sarpsborg 90 21 20 21 9 Rv.109 ved Alvim renseanlegg Alvim, rv 109 Sarpsborg 50 136 2 31 10 Gang/sykkelbru under Sandesund Sannesund Sarpsborg 110 76 13 8 bru 11 Rv.109 ved Rolvsøysund bru Rolvsøysund Sarpsborg 390 250 53 58 12 Gang/sykkel-kryssing av jernbanen Alvim, kryssing av Sarpsborg 0 148 0 186 ved Alvim (ikkje på opprinneleg liste) jernbanen 13 Sarpsborgvn./Byfogd Olsensvei, Byfogd O.-vei, Sarpsborg 0 221 0 122 kryssing av jernbanen (ikkje på opprinneleg liste) kryssing av jernbanen 14 Strekning på rv 109 v/østfoldhallen Østfoldhallen Fredrikstad 290 319 59 147 15 Råbekken på Rv.109 ved rundkjøring Råbekken Fredrikstad 520 701 40 167 og Shellstasjon 16 Strekning mellom to boligfelt, Ambjørnrød-Gluppe Fredrikstad 120 149 90 110 Ambjørnrød-Gluppe, Fredrikstad 17 Veumveien (ved Kvernhuset) Veumveien Fredrikstad 140 431 15 135 18 Christianslund-krysset, rundkjøring Christianslundkrysset Fredrikstad 780 585 108 448 Veumveien 20 Gressvik sentrum, Rv. 117, telling ved Gressvik sentrum, Fredrikstad 320 176 35 201 Bureveien nord 21 Strekning sør for Gressvik sentrum på Gressvik sentrum, Fredrikstad 320 289 92 87 Rv.117, ved Onsøy Parkvesen sør 22 Fredrikstad sentrum, ved Mega Fredrikstad Fredrikstad 620 761 0 0 Torvbyen sentrum 24 Ved Rød på Kråkerøy. Fv.451 Kråkerøy, Rød Fredrikstad 360 211 33 60 25 Fuglevik p Kråkerøy RN 108 Kråkerøy, Fuglevik Fredrikstad 200 136 57 51 26 Fredrikstad øst,rakkestadsvingen, Rakkestadsvingen Fredrikstad 520 280 86 49 rundkjøring m/ Rv.107,110 og 111 27 Rv.111 ved sportsplassen Torp Torp, Rv 111 Fredrikstad 40 91 40 43 28 Strekning på Roald Amundsens vei Torp, Roald A. vei Fredrikstad 240 217 73 97 29 Rv.111 ved Vesten busstopp Vesten Fredrikstad 80 129 9 27 32 Gamlebyferja (ikkje på opprinnelig Gamlebyferja Fredrikstad 0 272 0 207 liste) 23&30 Vesterelva Fredrikstad 1180 1085 332 2013 19&31 Seutelva Fredrikstad 560 781 88 256 19 Seutelva bru på Rv.110 mellom Seutelva bru, rv Fredrikstad 560 254 88 123 Fredrikstad og Onsøy 110 31 Gangbru Seutelva Gangbru Seutelva Fredrikstad 0 527 0 133 23 Kråkerøy bru, Rv.108 Kråkerøy bru Fredrikstad 1180 521 332 630 30 Gangbru Kråkerøy- Fr.stad sentrum Gangbru Vesterelva Fredrikstad 0 563 0 1383 Vedlegg

VEDLEGG B TELLEINFO Sykkeltelling i Nedre Glomma Det skal foretas en sykkel- og gangetelling i Fredrikstad og Sarpsborg i uke 22. Fredrikstad og Sarpsborg kommune står som arrangør av denne tellingen. Kort om tellingen Det skal foretas telling av gående og syklende på noen bestemte punkter, ca 14-17 i Fredrikstadområdet. Endelig antall punkter vil bli bestemt i løpet av uke 16. Tellingen skal gjennomføres tirsdag 31. mai og torsdag 2. juni. Tidspunktene er kl. 06-09 og 15 18 (eller 14-17). Det er behov for to personer på hvert telle-punkt. Tellingen foretas manuelt. Det vil bli gitt opplæring. I tillegg foreslås det også å foreta en telling av tomme bilseter for å få en oversikt over andel kompiskjøring. Denne tellingen foregår på de viktigste knutepunkter inn til sentrum (ca. 5 punkter 1 person per punkt). Rent praktisk telles det antall personer per personbil som passerer. Det er satt av 25.000,- for denne jobben. Kråkerøy, den 12.04.05 Anne Rønning (s) Vedlegg

Stiftelsen Østfoldforskning Gamle Beddingvei 2, 1671 Kråkerøy Boks 276 1601 Fredrikstad Telefon 69 35 11 00 Telefaks 69 34 24 94 E-post: post@sto.no Internett: www.sto.no Stiftelsen Østfoldforskning er et regionalt senter for forskning, utvikling og kompetanseformidling innenfor forebyggende miljøvern og virksomhets- og næringsutvikling