Årsplan for Bulandet barnehage 2016/2017 Bulandet barnehage Halsøy, 6987 Bulandet Tlf. 577 321 77/ 957 37 562 E-post: lise.landoy-midtboen@askvoll.kommune.no
VELKOMEN TIL EIT NYTT BARNEHAGEÅR! Nytt år, nye barn, nye idear og nye mål! Askvollbarnehagane har utarbeida ein felles utviklingsplan. Der satsar vi på språk og pedagogisk leiing i 3 år til. Dette føler vi er gode arbeidsområde for barnehagen! Vi vil lage eit godt språkmiljø for liten og stor, slik at vi kan få varierte og positive erfaringar. Vi har valt temaet: Samlingsstunda som arena for målretta språkstimulering i kvalitets- og leiingsarbeidet vårt. Dette kan de lese meir om under oktober. Vi vil ha sosial kompetanse som hovudsatsing. Møta mellom kvarandre er noko av det mest vesentlege barnet lærer i barndommen. Gjennom leik og aktivitetar, både planlagde og impulsive, vil borna utvikle evna til å kommunisere og samhandle med andre. Dei vil lære seg å bli ein del av fellesskapen, men også eit individ med eigne kjensler og meiningar. Mangfaldet i barnegruppa vår vil vere utgangspunktet for det pedagogiske arbeidet. Vi i personalet er rollemodellar og må vere aktive og tydelege for å skape eit varmt og inkluderande sosialt miljø. Støtta og rosen i relasjonane i barnehagen og treninga barna får i å medverke til positive former for samhandling er eit grunnlag for utviklinga av den sosiale kompetansen. I vår barnegruppe vil vi fokusere på empati, omsorg og respekt, og på orda ledig, opptatt og dele. Vi bruker også tommel opp og tommel ned som et konkret og enkelt kommunikasjonsmiddel. Vi føler dette er omgrep barnegruppa vil ha god nytte av å lære vidare om. Vi gler oss til eit nytt barnehageår og håper dette blir eit morosamt år med fine vennskap og gode opplevingar!
August 2016 VEKE Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag Lau Sun 31 1 2 3 TOBIAS 4 ÅR 4 5 6 7 32 8 9 10 EIRIN 4 ÅR 11 12 13 14 33 34 35 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31
VI LEIKER BUTIKK I september og oktober lagar vi eit av romma i barnehagen om til ein butikk. Vi har varer, kasse, pengar og alt anna som fins i butikken. BARNEGRUPPA I HAUST Nora Hummar Elena Hummar Eirik Hummar Jan Hummar Olivia Nótt Hummar Isak Andreas Hummar Amalie Hummar Arian Hummar Jonathan Hummar Tobias Krabbe Eirin Krabbe Adrian Krabbe Jaden Krabbe PERSONALET I ÅR Lise Landøy-Midtbøen Styrar (tys. og tors.) 40 % Pedagogisk leiar 40 % Gunn Torill Finset Fedøy Pedagogisk leiar 80% Anja Blom Landøy Barnehagelærar 100 % Anita Irene Rogne Assistent 60%
September 2016 VEKE Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag Lau Sun 35 1 2 3 4 36 37 38 39 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30
Kvalitet og leiing i barnehagen I fjor haust tok vi i bruk eit nytt verkty i barnehagen. Det er ein prosess vi arbeider med heile året. Vi valde eit tema, eit fokusområde. Det var: vaksenrolla og barn si språkutvikling i leiken ute. Ut i frå det valde fokusområdet utarbeida vi beste praksis, slik vi vil ha det i vår barnehage. Dette er det barnehagelæraren som har ansvar for å gjennomføre, det er her ho vil få sitt arbeid med leiing i barnehagen. Ho skal leie prosessen og drive veiledning undervegs av sine medarbeidarar. Dei er med på å arbeide ut og gjennomføre beste praksis. Barnehagelæraren skal verte meir medviten rolla si som leiar og utøvinga av den. No har vi innarbeida korleis den vaksne skal vere i uteleiken, og dette er no ein standard hjå oss. Ved å jobbe med eit nytt tema kvart år vil vi gå gjennom ting vi føler vi kan bli betre på, og målet er å utvikle barnehagane i kommunen til og verte samkøyrde på kvalitetsprosessar og leiing. FOKUSTEMA FOR DETTE BARNEHAGEÅRET ER: SAMLINGSSTUNDA SOM ARENA FOR MÅLRETTA SPRÅKSTIMULERING Det er god kvalitet i arbeidet med språk i samlingsstunda når: Vaksne er språklege førebilete Vaksne syner innleving med kroppsspråk og stemme Vaksne skapar magiske og meiningsfulle opplevingar Beste praksis i Bulandet barnehage: Eg som medarbeidar skal ha meir dialog med borna Eg som medarbeidar skal bruke dramatisering Eg som medarbeidar skal bruke rekvisittar
Oktober 2016 VEKE Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag Lau Sun 39 1 2 40 41 42 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 43/ 44 24 31 25 26 27 28 29 30 Sommertid slutt
DAGSRYTMA PÅ AVDELINGA 07.35 Barnehagen opnar 08.15 Frukost 08.45 Frileik/ aktivitet 11.00 Vi går inn med dei minste Alle tider er ca. tider, utanom opning- og stengetider. 11.15 Vi går inn med dei største Vi går ut i frå denne planen, men det fins mange variasjonar 11.30 Formiddagsmat alt etter vêrtilhøve og korleis dagen elles utviklar seg. 12.00 Frileik/ aktivitet 14.00 Frukt og knekkebrød 14.30 Frileik/ aktivitet 16.35 Barnehagen stenger
November 2016 VEKE Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag Lau Sun 44 1 2 3 4 5 6 45 7 8 9 10 11 AMALIE 5 ÅR 12 13 Farsdag NORA 6 ÅR 46 14 15 ARIAN 5 ÅR 16 17 18 19 20 47 48 21 22 23 24 25 26 27 1. søndag i advent 28 29 30
JULEFØREBUING Vi ynskjer at adventstida i barnehagen skal pregast av forventning, glede og fryd. Vi vil starte tidleg og ta oss god tid i juleførebuinga. Mål: borna skal få ta del i gode tradisjonar borna skal få oppleve ei god førjulsstemning borna skal få gje vekk noko dei har laga sjølv vi vil skape gode felles opplevingar gjennom aktivitetane vi har i førjulstida Aktivitetar: luciafest og nissefest lagar julegåver for å gje bort til familie vi bakar saman i veke 49 vi har adventsamlingar med lys og juleforteljingar adventskalender
Desember 2016 VEKE Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag Lau Sun 48 1 2 JONATHAN 5 ÅR 3 4 49 5 6 ADRIAN 4 ÅR 7 8 9 10 11 50 12 13 Luciadagen 14 15 16 17 JADEN 4 ÅR 18 51 19 20 21 22 23 24 Julafta 25 1. juledag 52 26 2. juledag 27 28 29 30 31 Nyttårsafta
Januar 2017 VEKE Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag Lau Sun 52 1 Nyttårsdag 1 2 3 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 4/5 23/ 30 24/ 31 25 26 27 28 ELENA 6 ÅR 29
FORUT LANDSBYBORNA I KATMANDU I NEPAL Namasté og velkommen til "Gode venner i Nepal". I år er barneaksjonen for tredje året i Nepal. Her besøker vi to gutar, Nishal og Biswas, som bur saman med familiane sine på to små gardar i grenda Makkaitar. I tillegg besøker vi eit barneheim kor det bur rundt 50 jenter til ein kvar tid. Der møter vi ei jente som heter Puspa - ho er nå blitt åtte år, og er ei blid og glad jente. Puspa og systera Anjali rømde frå en voldeleg far for fire år sidan, og har fått en ny start på livet på Balika Peace Home. Barnehagen lærer om demokrati, solidaritet, toleranse, livssyn, kulturforskjellar og fordeling av verdas ressursar. Arbeid med FORUT gjer at borna lærer om born i andre land, og at det er mogeleg å hjelpe dei som ikkje har det like bra som oss. Barnehagen får CD, små filmar, eventyr/ historier og mykje meir så vi kan ha eit tilrettelagt pedagogisk opplegg. I år er Gaute Ormåsen med å lagar musikk, og Øystein frå Øysteins blyant teiknar. Dette vil vi jobbe med i januar og februar, og avslutte med ein basar der inntektene vil gå til barneaksjonen Nettsida til FORUT: http://www.forut.no/kampanjer/barn/
Februar 2017 VEKE Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag Lau Sun 5 1 2 3 4 5 6 7 8 9 6 7 8 9 10 11 12 Morsdag 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 Fastelavn 27 28
KVARDAGSSAMTALEN Gode samtaler går føre seg kvar som helst, når som helst og kan vere om kva som helst. Det er kvardagssamtalen, for eksempel rundt måltidet, i leik, ved påkledning, som er den vanlegaste og den viktigaste samtalen. Etter kvart tileignar barn seg ein samtalekompetanse. Dei kan ta imot og gi tur til den andre, fylgje opp eigne og andre sine innspel, og dei kan halde fast og vidareføre eit tema. Dette lærer dei gjennom å vere deltagarar i ei uendeleg rekkje samtaler. Det er viktig at dei vaksne har tid til den gode samtalen og kan høyre etter. Det er i dei gode samtalene barn opplever at dei når fram med det dei har på hjartet slik vil dei strekkje seg lengre språkleg òg. ARBEIDSOMRÅDER I JANUAR OG FEBRUAR Samefolkets dag 6. februar Morsdag 10. februar Fastelavn
Mars 2017 VEKE Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag Lau Sun 9 1 2 3 4 5 10 6 7 8 9 10 11 12 11 13 14 15 EIRIK 6 ÅR 16 17 18 19 12 20 JAN 6 ÅR 21 22 23 24 25 26 Sommertid start 13 27 28 29 30 31
GARDEROBESITUASJONEN PÅSKE Påskepynt Påskeaktivitetar Samlingsstund om påske Ei enkel innføring i kvifor vi feirar påske Vi vaksne vil at dette skal vere ein positiv situasjon, prega av samarbeid og kjensla av å meistre. Vi vaksne må motivere barna, vere rolege og planlegge slik at det er få barn i garderoben i lag. Vi ynskjer at garderobesituasjonen skal bidra til: At dei små barna får trening i å kle av og på seg sjølv At dei eldste skal kunne kle av og på seg sjølv Å kunne vurdere påkledning i høve ver og årstid At barna skal halde orden i si eiga garderobehylle
April 2017 VEKE Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag Lau Sun 13 1 2 14 3 4 5 6 7 8 9 Palmesøndag 15 10 11 12 13 Skjærtorsdag 14 Langfredag 15 Påskeafta 16 1. påskedag 16 17 17 2. påskedag ANITA BURSDAG 24 25 Planleggingsdag 18 19 20 21 22 23 26 27 28 29 LISE BURSDAG 30 ANJA BURSDAG
MÅLTIDA Dei vaksne må vere gode rollemodellar for barna. Vi ynskjer at måltida skal bidra til: at alle får trening i å smøre maten sjølv å få eit positivt forhold til ulik mat å få kunnskap om mat og kosthald å lære god bordskikk at alle kan oppleve fellesskap og hygge, med samtalar mellom vaksne og barn, og mellom barn.
Mai 2017 VEKE Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag Lau Sun 18 1 Offentleg høytidsdag 2 3 4 5 6 7 19 8 9 10 11 12 13 14 20 15 16 17 Grunnlovsdag 18 19 20 21 21 22 22 23 24 25 Kristi himmelfartsdag 29 30 31 26 27 28
SOMMARBARNEHAGE I juni, juli og august vil vi ha sommarbarnehage. Vi nyttar fine dagar ute, med vatnleik, turar, matpakke og masse frileik! Vi vil ikkje ha så mykje faste aktivitetar, vi vil blant anna ta pause frå gymsal desse månadene. Dei vaksne startar med nedvask/ rydding og avspasering. VELKOMNE TILBAKE I AUGUST FOR DEI SOM SKAL FORTSETTE VIDARE I BARNEHAGEN LYKKE TIL PÅ SKULEN FOR DEI SOM ER SÅ STORE
Juni 2017 VEKE Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag Lau Sun 22 1 2 3 4 1. Pinsedag 23 24 5 2. Pinsedag 12 OLIVIA 6 ÅR 6 7 8 9 10 11 13 14 15 16 17 18 25 19 20 21 Midtsommer/ Sommersolverv 22 23 GUNN TORILL BURSDAG 24 ISAK ANDREAS 6 ÅR 25 26 26 27 28 29 30
Juli 2017 VEKE Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag Lau Sun 26 1 2 27 3 4 5 6 7 8 9 28 10 11 12 13 14 Planleggingsdag 15 16 29 30/ 31 17 SOMMARFERIE I BARNEHAGEN VEKENE 29, 30 OG 31 PLANLEGGINGSDAG FYRSTE DAGEN ETTER OPPSTART 24/ 31 18 19 20 21 22 23 25 26 27 28 29 Olsokdagen 30