PROSJEKTPLAN Vidda Vinn

Like dokumenter
Eit prosjekt i DNs nasjonale verdiskapingsgrogram naturarven som verdiskaper

Eit samarbeidsprosjekt mellom Vinje og Tinn nasjonalparkkommunar

Lønnsame næringar. Presentasjon av Folgefonni Breførarlag AS ved daglegleiar Åsmund Bakke

EXPO 2010 OG SAMARBEIDSRELASJONAR MED KINA

Saksframlegg. Saksbehandlar: Mona Birgitte Rasmussen

Ny regional satsing frå Norges Forskingsråd, i Sogn og Fjordane VRI 4

PLP - PROSJEKTPLAN GRØN VARME I TELEMARK

Fyll ut alle felt så godt, kort og presist som mogleg.

Prosjekt Leselunden (Ref #1074)

HALLINGDAL 2020, PROSJEKTPLAN

Prosjektplan. - Skilting Haugastøl - Bergen. Hovudprosjekt: Sykkelturisme i Hordaland. Delprosjekt: Felles informasjon Trykt og web

1.1 Bakgrunn Prosjektet er ein del av oppfølginga av Styringsdokument for oppvekst Stord kommune vedteke i K-styret i sak 29/07 (juni 2007).

Prosjektplan - «Liv i Vinje»

SØKNAD OM TILSKOT, «FÅRESTILLING» - NASJONALT SENTER FOR ULL OG FÅR.

FJORDHESTEN, VESTLENDINGEN SIN KULTURARV

PROSJEKTPLAN Bygdelivsmeklaren i Vest-Telemark

Prosjektplan for kommunereforma i Vest-Telemark

Prosjektplan Tilflytting til Nordfjord

Kulturminne og kulturmiljø

KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG

PROSJEKTPLAN. - TOPP - idrettsutvikling for ungdom år

HALLINGDAL 2020, REGIONAL POSISJONERING, HOVUDPROSJEKT

REGIONALE IDRETTSANLEGG

Utprøving og innføring av Velferdsteknologi i Stord kommune

Natur- og kulturbasert næringsutvikling. rundt Den Grøne Sløyfa

Prosjektplan. Bustadpolitisk handlingsplan

Mål: Vi skal utvikle eksisterande næringsliv, samt utvikle ny næring med fokus på det «grøne skiftet».

30. APRIL 2019 PROSJEKTPLAN FELLES PROFIL OG MERKEVARE FOR SOGN. SOGN REGIONRÅD NÆRINGSNETTVERKET Sogndal

Visit Sognefjord AS søkjer om tilskot på kr ,- i 2018 til forprosjekt for «Sognefjorden Bike & Hike».

PROSJEKTPLAN. Småsamfunnssatsinga Hyttefolk i Vinje og Tinn. Start: Januar 2007 Slutt: Desember Idé Forstudie Forprosjekt

Finnøy og Rennesøy kommunar

Prosjektplan for Inn på tunet-løftet for Hallingdal

Villreinløypa. Ellen Marie Sørumgård Syse Grotli

Kommuneretta næringsutvikling - statusrapport, evaluering og vidare arbeid

Sogn Lokalmedisinske senter. Status organisering prosess etablering

Destinasjon Geirangerfjord Trollstigen AS - søknad om tilskot til pilotprosjekt

DATO: SAKSHANDSAMAR: Arve Varden/Tom Guldhav SAKA GJELD: Plan for prehospitale tenester - arbeid med mandat for fase 2

Styret i NTF fikk på Tennistinget høsten 2015 i oppdrag å utarbeide konkrete målsettinger basert på den eksisterende Handlingsplanen for perioden.

PROSJEKTPLAN FORSTUDIE BYGGELEMENT PRODUKSJON Utkast

TRAINEE I SOGN OG FJORDANE

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse

Prosjektplan for kommunereformen i Vest-Telemark

DESTINASJONSUTVIKLING

Prosjektplan Forprosjekt kommunereforma 2015 Vedteke av formannskapet 24. mars 2015

SAKSGANG Styre, råd, utval m.m. Møtedato Saksnummer Formannskap /13 Kommunestyre /13

Søknadsnr Søknadsår 2016 Arkivsak Tilskot til nærings- og samfunnsutvikling 2016 Togradersmålet - eit varmare samfunn

STRATEGI FOR KOMPETANSEUTVIKLING I FOLKEBIBLIOTEK O G SKULEBIBLIOTEK I HORDALAND

Prosjektplan. Nye Undarheim skule. Alternative løysingar. Kvinnherad kommune. Prosjektplan Nye Undarheim skule Side 1

Innovasjonsmetoden vår

Velkomne til fellessamling for prosjektet. "Samfunnsansvarleg næringsliv i Sogn og Fjordane

Prosjektplan. - Sykkeltrasé fra Rallarvegen til Ulvik - forstudie. Hovudprosjekt: Sykkelturisme i Hordaland

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Prosjektplan. - Forlenging av Nordsjøruta frå Bergen til Leirvåg

Fylkesmannen i Hordaland, Utdanningsavdelinga. Omtale av og kravspesifikasjon til evaluering av prosjektet: NETTSTØTTA LÆRING INNANFOR KRIMINALOMSORGA

SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID

Planlegging av partnarskapet Utført av partnarane på ein heil dags work-shop , Bergen Revidert av partnarane

Kompetansemekling i privat og off sektor

Møteprotokoll Styremøte Lærdal Næringsutvikling AS

PROSJEKTPLAN SAMAN OM EIN BETRE KOMMUNE

Revidering av programområder for Kulturelt utviklingsprogram 2014

3 Samtale med føresette. Vert saka løyst her, vert det skrive ned og underteikna av alle.

Fjord 2.0 Konferanse 2012

Etablering og drift av kraftselskap

Ord i spreke spor (Ref #d701bd3d)

FAGSKOLETILBOD PÅ STORD - FJERNUNDERVISNING INNAN MASKINTEKNIKK OG ELKRAFT

Ei kokebok for kulturkontakten og kommunekontakten

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

Lettare litteraturnett (Ref #77ab3a77)

Forslag frå fylkesrådmannen

UPU skal vere referansegruppe i fylkeskommunen sitt arbeid med planar og saker som vedkjem barn og unge.

VR-sak 17/14: OPPFØLGING AV MARIN STRATEGI FOR VESTLANDET

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst. Plan for mottak, språkopplæring og integrering av framandspråklege elevar. for.

FORSLAG TIL HANDLINGSPROGRAM OPPFØLGING AV REGIONALPLAN SJØAREAL HAVBRUK

på vegne av barn og unge

Debattgledarar (Ref #b9f95e39)

Trygg og framtidsretta

RAPPORT FRÅ FORPROSJEKTET KREFTBEHANDLING I KOMMUNEN

Prosjektskisse Versjon 3. Arbeidspakke 5

AGENDA OG REFERAT. Saks nr. MÅL KONKLUSJON NY AKSJON ANSVARLEG FRIST

Regional planstrategi for Buskerud Sigurd Fjøse ass. utviklingssjef

VEDTEKTER NÆRINGSFOND VÅGÅ KOMMUNE

1. Mål med samhandlingsreforma

Sakspapir. Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Torbjørn Guggedal K2 - U64 17/297. Saksnr Utval Type Dato 018/17 Kommunestyret PS

Prosjektplan - Samarbeid om etisk kompetanseheving

STRATEGISK KULTURPLAN FOR SELJORD KOMMUNE

Nasjonalparksenter for Jotunheimen og Reinheimen

Å rs pl a n f o r kontrollutvalet Bjerkreim

Vedlegg SNP Side 1. Strategisk næringsplan

RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

Saksnr. Utval Møtedato 007/15 Formannskapet /15 Kommunestyret

Saman om å skape. Strategi for innbyggardialog

REGIONAL PLAN FOR DOVREFJELLOMRÅDET

Tema: Prosedyre for oppfylging av sjukefråvær

EU-prosjektet Économusée Tradisjonsnæringar gir arbeidsplassar og ny giv

MØTEINNKALLING Tysnes kommune

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

Plantema nyskaping i verdiskapingsplanen

HANDLINGSPLAN FYRSTE HALVÅR 2013 OMSTILLINGSPROGRAMMET I LÆRDAL OG ÅRDAL

Transkript:

Prosjektnamn: Guidekorps Øvre Telemark PROSJEKTPLAN Vidda Vinn Prosjektansvarleg: Stiftinga Vest-Telemark Museum v/tarjei Gjelstad Prosjektleiar: Blir tilsett ved Vest-Telemark Museum Styringsgruppe: Vest-Telemark Museum, Vidda Vinn, Sogelandet Start: 1. januar 2012 Slutt: 31. desember 2013 Prosjektets Idé Forprosjekt Etteranalyse utviklingsfase Forstudie X Hovudprosjekt Anna Stiftinga Vest-Telemark Museum (org.nr. 985231931) søkjer Telemark fylkeskommune om kr 450 000 for 2012 og tilsvarande beløp i 2013 til støtte for prosjektet Guidekorps Øvre Telemark. 1. Bakgrunn, mål og rammer Bakgrunn Den beste marknadsføringa er nøgde gjester som fortel andre om den gode opplevinga. I dagens samfunn skjer dette raskt gjennom sosiale media og meldingane blir sendt ut både under og etter besøket. Eit godt vertskap er viktig og ikkje minst kunnskap og formidlingsevner. Med dagens teknologi og formidling gjennom digitale media vil den personlege kontakten bli endå viktigare. Kunnskap, service og pedagogiske evner hjå formidlarane er avgjerande for opplevinga. Partnarane i prosjektet, Stiftinga Vest-Telemark Museum (VTM), Vidda Vinn (VV) og Sogelandet SA (SL) kjenner til desse utfordringane gjennom sitt daglege arbeid. Alle aktørane jobbar med natur- og kulturopplevingar innanfor åtte kommunar i Øvre Telemark. VTM har i dag ti ulike museum som dekker tema frå gruvedrift, kunst, bygdetun, stavkyrkje til skikultur. I tillegg til utstillingar på musea tilbyr VTM besøkande og fastbuande arrangement, vandringar og aktivitetar ut frå natur- og kulturhistoria på dei ulike stadane. Kommunane Tinn og Vinje satsar på reiseliv, mellom anna gjennom prosjektet VV. VV har som mål å setje Hardangervidda nasjonalpark på kartet på ein måte som gjer at både villrein, grunneigarar og reiseliv rundt vidda vinn. Tilrettelagte turar med eller utan guide er eit av tiltaka, andre tiltak er kurs i formidling. 1

SL har sidan 2005 organisert kulturtilbydarar i Øvre Telemark gjennom felles marknadsføring og profilering av arrangement med utgangspunkt i det lokale sogematerialet. Å utvikle forteljarkunsten og tilby reisande og fastbuande opplevingar med bakgrunn i det lokale sogematerialet heile året er ei viktig sak for SL. Det vil og bli tatt kontakt med Norsk Industriarbeidarmuseum (NIA) i starten av prosjektperioden. NIA har ansvaret for museumsdrift i kommunane Tinn og Notodden og eit kulturområde, som omhandlar tema som industrihistorie, krigshistorie, arbeidarkultur, bygningshistorie og det gamle bondesamfunnet. Museet tilbyr guida opplegg for grupper og skuleklasser i tillegg til fleire ulike arrangement. I nyleg vedteken regional plan for reiseliv og opplevingar i Telemark er kvalitet eit eige punkt. Det er i samråd med næringa, eit felles ynskje om å løfte kvaliteten i alle ledd. Omvisaren eller guiden er personen som skal formidle historia eller opplevinga til besøkande. Ein god eller ein dårleg omvisar legg premissane for korleis gjesten opplever besøket og ikkje minst korleis han/ho formidlar opplevinga vidare til andre. Prosjektet Guidekorps Øvre Telemark skal bygge opp eit system for organisering, kvalitetskrav og opplæring for guidekorpset. Heile Telemark vil ha nytte av erfaringar frå dette prosjektet, det vil og bli informert om prosessane og erfaringane undervegs. I handlingsprogrammet 2012 for regional plan for reiseliv og opplevingar er det fem hovudoppgåver det skal fokuserast på. Samspel for produktutvikling er eit tema i 2012. Dette prosjektet bygger opp om denne ideen. Det er eit samarbeid mellom bedrifter og guidar for å lage betre, marknadstilpassa produkt med større attraksjonskraft, innanfor følgjande tema: Kunst, kultur og forteljarturisme Formidling av naturen og naturarven Både regional plan for reiseliv og regional plan for nyskaping legg stor vekt på etablering av nettverk og partnarskapsarbeid. Dette prosjektet vil ha fleire aktørar som kvar for seg har eit stort nettverk, ikkje berre innanfor eigen region, men og i andre fylke. Partnarskapet i prosjektet vil aktivt kunne bruke desse nettverka og utnytte ressursane som finst. Med Sogelandet med som partner i prosjektet vil dette løfte kvaliteten på produktet, og natur- og kulturformidling saman med forteljarkunst vil få eit unikt tilbod i Øvre Telemark. 2

Mål Hovudmål: PROSJEKTPLAN Vidda Vinn Hovudmålet til prosjektet er å bygge opp og organisere eit guidekorps med guidar innan kultur, forteljarkunst, natur og underhaldning for Øvre Telemark, og eit system for vidare drift av dette etter prosjektslutt. Guidane må forplikte seg til guidekorpset gjennom avtaler. Ein viktig målsetjing er at erfaringane frå prosjektet skal kunne overførast til andre delar av fylket. Delmål: Kartlegge kva som finst av ressurspersonar i regionen Kvalitetssikre kompetansen og etablere gode rutinar for oppfylging Rekruttere nye formidlarar innan natur- og kulturopplevingar Organisere tilbodet og gjere dette kjent Etablere eit system der bedrifter, turoperatørar, hyttefolk, etc. kan booke ei oppleving Opprette og teste ut eit system for vidare organisering og drift av guidekorpset etter prosjektslutt Utgreie digital formidling som ein tilleggsteneste eller som eit alternativ 2. Omfang/oppgåvespesifikasjon Våre undersøkingar viser at fleire reiselivsaktørar i regionen og besøkande saknar eit organisert og kjend system for korleis ein kan tilby eller få tak i guidar. Behova er mange og oppgåvene vil vera varierte. Nokre treng guidar som kan hoppe på ein buss og fortelje om Øvre Telemark sin rike tradisjon på si ferd gjennom regionen. Fleire og fleire ynskjer guida turar til kjente kulturminne eller stader som har ei spesiell historie. Ein sterk veksande trend er vandringar, og gjennom prosjekta VandreTelemark og Vidda Vinn har regionen mange flotte tilrettelagte vandreopplevingar å tilby. Mange ynskjer å ha med kjentmann som kan fortelje om hendingar langs ruta som blir gått. Regionen Øvre Telemark er eit av Noregs mest utbygde hytteområde, og fleire og fleire har hytta som bustad nummer to. Mange har selskap på hytta og vil gjerne ha lokal underhaldning, men har ein stor utfordring i å finne denne lokale artisten eller forteljaren. Denne etterspurnaden kan dekkast i regionen, men det er ingen organiserte system som fortel korleis ein kan finne desse tilboda. Eit prosjekt i Øvre Telemark vil vera ein pilot der erfaringane kan overførast til andre delar av fylket. 3

VTM har eit samarbeidsprosjekt med Telemarkforsking v/anne Guri Kåsene med tanke på kompetansemekling gjennom VRI -2. Formål med VRI-2 er å initiere FoU-prosjekt i verksemder i kultur- og naturnæringane i Telemark som skapar attraksjonskraft. Det er to tema som VTM ynskjer å ta opp gjennom VRI-2 systemet. 1. Kople FoU opp mot kva erfaringar og organiseringar ein har i andre land innan tema guiding og opplevingsturisme. a. Land som New Zealand og Skottland har i dag eit godt utvikla og organisert system for opplæring, kvalitetssikring og organisering av guidetenester. Prosjektet vil sjå kva andre land har gjort og om delar av dette kan overførast til Øvre Telemark. 2. Digital formidling kan vera eit alternativ fleire stadar, og det er i dag utvikla ulike system via bruk av mobil eller utlån av PDA eller MP3 spelarar. Erfaringane er mange rundt dette med tekniske løysingar og det gjev meir eller mindre tilfeldige inntekter for tilbydaren. a. Prosjektet vil sjå til kva andre land har gjort, og legge forholda til rette for å teste ut produkt i prosjektperioden. b. Kome med anbefalingar på driftssikre system med tanke på regionen sin infrastruktur. I skrivande stund er ikkje resultatet av søknadsprosessen med tanke på VRI-2 midlar avklart. «Interaktive Telemark» er eit samarbeidsprosjekt i Telemark som har som mål å få til digital infrastruktur som skal sikre god oppdatering av alle gode tilbod i Telemark. Prosjektet «Guidekorps i Øvre Telemark» har avtalt med prosjektleiar Ole Dalen om å sjå på eit prosjektsamarbeid innan digital formidling og dermed kunne nytte ressursane i eit felles arbeid. Vidare drift Ei langsiktig og kjent organisering av guidetenester er ei av hovudoppgåvene i prosjektet. Sjølv med eit godt opplegg vil ikkje inntektene frå provisjon, medlemsinntekter etc. gje nok inntekter til ein eigen organisasjon som skal drifte dette vidare. Prosjektperioden på to år er også for kort til at marknadsføringa av produktet er så kjent at dette vil gå av seg sjølv. Etter prosjektperioden er det viktig at ei etablert bedrift/organisasjon som kjenner utfordringane, kan overta prosjektet. VTM og eventuelt NIA vil vera den som tek over drifta av prosjektet i 2014, og boooking av guide-/forteljartenester vil vera ein naturleg del av tilbodet desse aktørane kan tilby. Med det er det sikra kontinuitet og drift av eit system som allereie vil vera kjent ut til publikum og reiselivsnæringa i Øvre Telemark. Før det skal prosjektet avklare økonomien, utarbeide eit system for booking, system for oppfylging og diverse avtaleformular. 4

3. Organisering/ansvarsforhold Funksjon Namn Ansvarsforhold Prosjektansvarleg (PA) Tarjei Gjelstad PL rapporterar til PA, PA fylgjer opp i samsvar med PP. Overordna totalansvar for prosjektet. Leiar i styringsgruppa. Prosjektleiar (PL) PL blir tilsett i VTM Ansvar for gjennomføring av prosjektet i samsvar med PP søknad. Styringsgruppe VTM, NIA, VV og SL Prosjektmedarbeidarar (PM) Tilsette i VTM, VV og SL 4. Planlegging, oppfylging, rapportering PM rapporterar til PL. PM jobbar med saker som PL fordelar ut etter plan i samsvar med PP søknad. Prosjektstart er 2.januar 2012. Med eit toårig prosjekt får ein med seg to sommarsesongar der sesong ein blir uttesting og i sesong to kan ein fylgje opp det evalueringa konkluderar med. Det er og viktig å etablere eit tilbod som besøkande og hyttefolk kan bruke på vinterstid. Med toårig prosjekt får ein med seg ein heil vinter for å prøve ut opplegget samt ein haust til å gjere klar til neste vinter. Prosjektleiar vil ha kontorfellesskap med andre tilsette i VTM og vil med det ha eit fagmiljø rundt seg. Det vil vera jamne møter i styringsgruppa og PL vil rapportere til styringsgruppa. Prosjektet vil i grove trekk prioritere følgjande tema gjennom perioden: Tema Tid Ansvar Kartlegging Jan-mars 2012 PL Kvalitetssikre kompetansen Mars-mai 2012 PA, PL Organisering, marknadsføring Mars 2012-des 2013 PL Bookingsystem Mai 2012-mai 2013 PL, PA Oppfylgingssystem, opplæring Okt 2012-okt 2013 PL, Testing, og utprøving av idear, igangsetting Juni 2012-oktober PL 2013 Digital formidling (avhengig av FoU midlar) 2012 PA 5. Risikoanalyse/kritiske suksessfaktorar 5

Det er viktig å kome i gang tidleg for å vera godt førebudd for uttesting sommarsesongen 2012. Mykje av ressursbruken den fyrste tida vil vera å kartlegge kva som finst av ressurspersonar og materiale. Det er viktig at ein vel å nokre få område i starten, der ein satsar sterkt for å få gjennomført flest mogeleg tiltak med tanke på seinare evaluering og vidare satsing. Med så stort geografisk område og så mange tema, er det viktig å engasjere lokalhistoriske lag, kulturansvarlege i kommunane og nettverk innan kultur- og naturformidling i regionen. Organisering og enkelt bookingsystem blir også viktig med tanke på vidare drift. Ein bør finne system som allereie i dag er i bruk, og som reiselivsbedriftene i regionen kjenner til. 6. Kvalitetssikring PL rapporterar til PA og styringsgruppa. PL og styringsgruppa vil ha møter om lag fire gonger årleg. 7. Økonomi Budsjett- og finansieringsplan Budsjett guidekorps Øvre Telemark Tidsperiode 2012 2013 Totalt Prosjektleiar kr 550000 kr 550000 kr 1100000 Reiseutgifter PL kr 20000 kr 20000 kr 40000 Kontor inkl. data/edb PL 12mnd/4000 kr 50000 kr 50000 Møteutgifter kr 20000 kr 20000 kr 40000 Arbeid PA/styringsgruppe kr 80000 kr 110000 kr 190000 Arbeid PM kr 70000 kr 70000 kr 140000 VRI-2, kompetansemekling Tilpasse heimesider booking kr 40000 kr 40000 kr 80000 Kursing, opplæring guider kr 50000 kr 50000 Sum utgifter kr 980000 kr 910000 kr 1890000 Finansiering Vinje kommune kr 200000 kr 200000 kr 400000 VTM kr 80000 kr 80000 kr 160000 Eigeninnsats kr 150000 kr 180000 kr 330000 FoU-midlar Telemark fylke kr 450000 kr 450000 kr 900000 Sum kr 980000 kr 910000 kr 1890000 6

For Vest-Telemark Museum og på vegne av prosjektgruppa Tarjei Gjelstad Tlf. 35069085, 95241315 E-post: tg@vtm.no PROSJEKTPLAN Vidda Vinn 7