Forslag. Her er to bilde av gutar og jenter som har det fint saman.

Like dokumenter
Nynorsk fakta-ark 1 Økt 1; Festen

Forslag. Har de nokon gong lurt på kva som gjer at ein fest nærast lever sitt eige liv, at du kan planlegga éin ting, men så skjer ein heilt annan?

Forslag. Har du nokon gong lurt på korfor det er så vanskeleg å velja, eller korfor me no og då vel å gjera ting me eigenleg ikkje vil?

Økt 5; Effekt Introduksjon av økta Gruppe: Repetisjon av dei fire øktene Fakta-ark med tilbakemeldingar Gruppe: Du er 45 år og sonen/dottera di er 16.

UNGDATA Korleis har ungdommen i Hordaland det?

Rapport frå evaluering av Fryspunkt, hausten 2001.

Resultat trivselsundersøkinga våren 2019

Til deg som bur i fosterheim år

Resultat frå lokal trivselsundersøking våren 2017

KVA MEINER INNBYGGJARANE I BYGDENE NORDDAL OG EIDSDAL OM KOMMUNETILKNYTING FOR FRAMTIDA?

Elevundersøkinga 2016

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

Stillaste jenta i klassa

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

BARNEVERNET. Til beste for barnet

Barnerettane i SKULEN

Refleksjon og skriving

Røykjer du? Prosent. Aldri + før. < 1 gong i veka. Kvar veke men ikkje kvar dag Dagleg. KoRus vest Bergen,, 2017

Elevane sitt val av framandspråk på ungdomsskulen Nasjonalt senter for engelsk og framandspråk i opplæringa - Notat 12/2018.

Vintervèr i Eksingedalen

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Spørjeskjema for elevar klasse, vår 2017

Ungdom og regional utvikling i Nordhordland Spørjeundersøking Analyse, utgreiing og dokumentasjon (AUD) AUD-rapport nr

Verdiblink kan brukast i grupper av tilsette i kommunane på ulike nivå i organisasjonen.

GLOPPEN KOMMUNE Betre tverrfagleg innsats (BTI)

Kafédialog Ungdommens kommunestyre

styrke i at mest kva som helst kan skje, utan at dei vert mindre aktuelle.

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, vår 2019

Samarbeidsutvalet Foreldrerådsutvalet. arbeidsoppgaver konflikthandtering SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Ungdomsundersøking Meland april 2013

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Vidaregåandeelevar i Førde kommune. Kva driv ungdommane med? Korleis har dei det?

Vidaregåandeelevar i Gloppen kommune. Kva driv ungdommane med? Korleis har dei det?

MØTEBOK. Læringsmiljøutvalet. Sakskart. Møtestad: Møterom 2020, Høgskulebygget Dato: Tidspunkt: 12:30-14:30

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK


Fransk Spansk Tysk Andre fs. I alt Østfold 13,1 % 30,2 % 27,0 % -

Ungdomsundersøking Stord april 2015

Prosesskart kva gjer du når du er bekymra for eit barn?

Undersøkinga repeterte hovuddelen av spørsmåla frå dei tidlegare undersøkingane. Slik kan ein måle eventuell endring over tid på følgjande område:

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Samanslåing av sokn på Osterøy - høyringsutkast

Vidaregåandeelevar i Sogn og Fjordane. Kva driv ungdommane med? Korleis har dei det?

Svara i undersøkinga vil bli brukte til å forbetre læringsmiljøet på skolen, og vi håper derfor du svarer på alle spørsmåla.

Av 6.trinn ved Kuventræ skule. Lærar: Karina Otneim

Kjelde: alle figurar PANDA/SSB

UKM 05/16 «Det er jo derfor vi plar gjere det

Dette notatet baserer seg på dei oppdaterte tala frå dei tre siste åra. Vi ønskjer å trekke fram følgjande:


Mange yrkesvalhemma har fleire periodar under attføring

Me har halde fram med gruppedelinga (relasjonsgruppene) og ser at dette har hatt positiv innverknad på dagane til barna.

Bokmål fakta-ark 1 Økt 1; Festen

6 Samisk språk i barnehage og skule 2011/12

Lindiwe Matshikiza Meghan Judge Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 3

Barn og unge sin medverknad i barnevernet.

Teknisk rapport og analyse av resultat frå Nasjonale prøvar i engelsk 2009

De Bonos tenkehattar. Slik arbeider de i Luster Tipset er laget av Ragnhild Sviggum. Til bruk i samtalegruppene og i klassemøtene

ØKONOMI- OG ORGANISASJONSAVDELINGA HR-seksjonen

Ungdomsskuleelevar i Granvin kommune. Kva driv ungdommane med? Korleis har dei det?

og helg Dei er å fødselsdagssongen fødde er fire lærer og søndag Denne veka lærer elevane om tid og tal på norsk. Dei lærer om dei

Ulsteinvik Brødsbrytinga / nattverden

#Norge 2030 Eit annleis OL

Bestandsplan søre Kvinnherad og Åkrafjorden årsleveområde for hjort

12/2011 NOTAT. Hallgerd Conradi og Kåre Heggen

Dersom du vurderer din eigen innsats som svært dårleg eller ganske dårleg: 6. Er du interessert i å forbetre deg i dette faget?

Reglement for Ungdommens Fylkesting og Ungdommens Fylkesutval

ÅRETS NYSGJERRIGPER 2017

Telenor Xtra Hødd. Hødd Fotballfritidsordning ønskjer å inkludere ALLE i eit utviklingsorientert og godt miljø. Søknadsfrist

ÅRSMELDING FOR VALLE UNGDOMSKLUBB MED JUNIORKLUBB

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

Rusarbeid i ein kulturell kontekst

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2018

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Vel nynorsk for barnet ditt!

Det er ein føresetnad for tilbakemelding av resultata til verksemda at personvern og anonymitet er sikra.

Oppsummering trivselsundersøking våren 2016

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

FORELDREHEFTE. 6-åringar på skuleveg

Telenor Xtra Hødd. Hødd Fotballfritidsordning ønskjer å inkludere ALLE i eit utviklingsorientert og godt miljø. Søknadsfrist

Kontrollutval rådmann - revisor. Korleis samarbeider vi?

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Informasjon til elevane

Reglement for Ungdommens fylkesting og Ungdommens fylkesutval. Dokumenttype: Godkjend av: Gjeld frå: Tal sider:

I denne oppgåva skal me lage eit enkelt spel der pingvinane har rømt frå akvariet i Bergen. Det er din (spelaren) sin jobb å hjelpe dei heim att.

Rettleiar. Undervisningsvurdering ein rettleiar for elevar og lærarar

Visjon og verdiar KLAR for Stranda

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2017

SPØRJEGRUPPE: HORNINDAL SKULE KLASSE

Regnbogen Natur-og kulturbarnehage

Skuleåret 2017/2018.

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

Oppleving av føresetnadar for meistring for elevar med spesialundervisning på barnesteget.

Biletbruk på nettet 1 2

Revisjon av retningslinjer for protokollkomiteen i Kyrkjemøtet

Transkript:

Introduksjon av økta Bilda: er dei vener, kva er bra og korleis er det forskjellar? Fakta-ark med tilbakemeldingar Gruppe: Kan alkohol styrkja og svekkja venskap? Gruppe: Kva gjer me for at det skal halda seg bra?

Venskap Den kjønnsspesifikke tilnærminga til rusførebygging synes å bli stadig viktigare. Av fleire grunnar. Gutar og jenter drikk på forskjellige måtar, dei har forskjellige motivasjonar og dei har sine heilt kjønnsspesifikke skadar. Tradisjonelt har det vore gutane som drikk mest og som drikk mest aggressivt. Slik er det nok enno, men det ser likevel ut til at jentene sitt drikkemønster er i endring. Dei drikk stadig oftare og meir. Det virkar som det no er meir akseptert for ei jente å vera skikkeleg full. Denne økta skal handla om korleis gutar og jenter er forskjellige når det gjeld alkoholbruk. Me ønskjer at elevane skal bevisstgjera seg sitt eige kjønns motiv for ein fest, og at dei skal få innsikt i likskapar og forskjellar mellom kjønna. Dette skal me gjera ved å fokusera på venskap. Samhaldet mellom veninner og kompisar er sterkt i denne alderen, og er ein sterkt regulerande faktor i drikkesituasjonar. Du har vel aldri vore i tvil om at det er forskjell på gutar og jenter? Du har sikkert heller aldri vore i tvil om at venskap er viktig. Denne økta skal handla om venskap og om gutar og jenters måtar å vera vener på. Me skal spørja oss korleis venskap mellom jenter er forskjellig frå venskap mellom gutar. Og så skal me sjå om desse likskapane og forskjellane har noko å seia for måten me brukar alkohol på. 19

Første del Her skal klassen delast i kjønnslike grupper. Det vil seie at gutane utelukkande sit saman med gutar og jenter med jenter. Del inn i grupper på 3-5 alt ettersom det passar. Del tilfeldig så nær som til kjønn. Her er to bilde av gutar og jenter som har det fint saman. 1. Kva er det dei gjer som kan tyda på at dei er vener? 2. Kva er det desse gjer saman, eller for/mot kvarandre som er bra for eit venskap? 3. Korleis er gutar og jenter forskjellig i sin måte å vera vener på? Oppsummer elevane sine tilbakemeldingar frå gruppediskusjonane ved hjelp av sekretærane. 20

Fakta -ark I den førre økta såg me at det er ein stor skilnad mellom kor mykje gutar og jenter drikk. No skal me sjå nærare på skilnadene mellom gutar og jenters forhold til alkohol og til venskap. Dette er ein ganske lang del, så det kan vera smart å gi elevane høve til å koma med synspunkt undervegs. Kvart punkt avslutar derfor med eit spørsmål til elevane. Vis fakta-ark 2a og 2b. Økt 2; Venskap 1. Korfor drikk menn så mykje meir? Dette er eit spørsmål som har mange svar. Men eitt er sikkert; det har alltid vore slik at menn drikk mest, og slik ser det ut til å vera over heile verda. For eksempel; når gutar er aleine drikk dei mykje meir enn viss det er jenter tilstades. Med jentene er det motsett, dei drikk minst når dei er bare jenter i lag, og meir når gutane kjem inn i bildet. Og når gutane drikk mykje, så driv dei med guteting. Viss me ser på statistikkar over skadar, så ser me ganske raskt at gutane opplever slagsmål langt meir enn jentene. Jentene, derimot, rapporterer at dei opplever uvenskap oftare enn gutar. Me trur at gutar drikk fordi dei ønskjer seg akseptert av andre gutar. Dei driv og kjekkar seg og konkurrerer med kvarandre. Og den som maktar å drikka mykje leiar konkurransen. Jentene drikk med andre jenter dei har ein god kontakt med. Det betyr at jenter konkurrerer ikkje med kvarandre, dei samarbeider. Ein gut som har drukke for mykje, vil oppleva at kompisane synes han er tøff, og at jentene tar ansvar. Ei jente som har drukke for mykje, har ein langt større risiko for å bli utstøytt. Det betyr at me synes det er greitt at gutar drikk altfor mykje, men at jenter drit seg ut når dei gjer det. Likevel ser det ut til at noko er i ferd med å endra seg på dette området. Jenter i dag drikk over dobbelt så mykje som mødrene deira gjorde. Dette kan bety at det ikkje er like upassande i dag. Eller er det framleis slik at gutar kan drikka seg under bordet og vera stolte av det, medan jenter får høyra det når dei drikk seg fulle? 2. Kor mykje alkohol toler gutar og jenter Det som avgjer kor rusa me blir er konsentrasjonen av alkohol i blodet. Dette kallar me promillen. Di høgare promille, di fullare blir me. Det er mange ting som speler inn og påverkar promillen. Først og fremst er det sjølvsagt avgjerande kor mykje alkohol du drikk. Deretter handlar det om kva du har spist. Di meir feit mat du har spist før du byrja å drikka, di lågare promille vil du få. Eit neste poeng handlar om kor stor du er. Viss du er stor har du meir kroppsvæske og vil få ein lågare alkoholkonsentrasjon. Det er først og fremst på grunn av storleiken at gutar toler meir alkohol enn jenter. Det er ikkje bare storleiken som er forskjellig frå gutar og jenter. Me er òg konstruert litt forskjellig. Sjølv om ein liten gut og ei stor jente kan vera like store, vil jenta uansett ha mindre kroppsvæske å fordele alkoholen på. Mykje av alkoholen blir broten ned i 21

Fakta -ark magesekken. Også der er gutar og jenter forskjellige. Gutar har fleire alkoholnedbrytande enzym enn jenter. Jenter har menstruasjon, og dette har også ein effekt på promillen. I tida før menstruasjon vil jenter få ein høgare promille enn dei får under og mellom menstruasjonen. Derfor toler jenter mykje mindre alkohol enn gutane. Har de nokon gong lagt merke til kor mykje mindre alkohol jentene bør drikka? 3. Om å drikka i lag med andre Nordmenn drikk som oftast i lag med andre. Det er fordi me som oftast markerer noko når me drikk; anten det er helga, ferien, klassefesten, 17. mai osv. Ungdom drikk som regel alltid i lag med venene sine. Dei fleste har ein ven som drikk på same måten som ein sjølv. På same måten har dei fleste som ikkje drikk ein god ven som heller ikkje drikk. Det er dette me kallar kollektiv drikking. Forskarar i Noreg seier at me finn tre hovudgrupper av ungdom når det gjeld alkohol: 1. Dei som drikk og som har vener som drikk. 2. Dei som ikkje drikk fordi dei har tatt eit fråhaldsstandpunkt og som har vener som også har tatt eit fråhaldsstandpunkt. 3. Dei som ikkje drikk, men som heller ikkje har tatt eit fråhaldsstandpunkt. Denne gruppa har få vener. Eit interessant funn er at dei som drikk mest er dei som har mest vener. Kan me då seia at di meir du drikk, di meir vener vil du få? 4. Fleirtalsmisforståinga Eit eksempel på kor viktig fellesskapet er for ungdoms drikking, kan me kalla fleirtalsmisforståinga. Eit døme; I ein 10. klasse har ein tredel debutert med alkohol. Den neste tredelen har planar om å debutera med alkohol, medan den siste tredelen har ikkje tenkt det. Men så langt er det altså bare ein tredel som har debutert med alkohol. Dersom du spør denne klassen i eit anonymt spørjeskjema om kor mange dei trur har debutert med alkohol vil sannsynlegvis kanskje svara to tredelar. Alle trur at det er fleire enn det er som har debutert med alkohol. Kva kan fleirtalsmisforståinga bety for dei som ikkje har debutert med alkohol? 22

Tredje del Gruppeoppgåve Elevane skal sitta i gruppene og arbeida med problemstillinga; venskap og alkohol. Poenget med denne oppgåva er todelt. Først og fremst skal elevane ha høve til å bli litt meir medvitne om at alkohol både kan styrkja og svekka band mellom vener. Dernest vil me også sjå nærare på at veners bruk av alkohol er den faktoren som mest bestemmer ein persons bruk av alkohol. Alkoholbruken kan bety noko for venskap og venskap kan bety noko for alkoholbruk. Om me skal ta forskaren på alvor er det altså slik at venskap betyr noko for kor mykje alkohol ein drikk, og korleis ein drikk. Samstundes betyr alkohol noko for dei band ein har til sine vener. Eg vil at de skal diskutera desse spørsmåla i gruppa: 1. Korleis kan alkohol styrkja venskap? 2. Korleis kan alkohol svekka venskap? Samanfatt og legg vekt på tosidigheita til alkohol. Alkohol kan vera med å bygga venskap og alkohol kan riva vener frå kvarandre. 23

Fjerde del Korleis kan ein sørgja for at alkohol i størst mogleg grad bidrar til å styrka venskap? I denne avslutningsdelen vil me be elevane drøfta om det er mogleg å finna ein huskeregel, noko ein kan gjera eller passa på slik at alkohol ikkje får uheldige konsekvensar. Pass på at elevane framleis sit i kjønnslike grupper. Det kan være at jentene finn heilt andre reglar enn gutane. Korleis kan me sørgja for at alkohol ikkje får øydelegga for gode vener? Prøv om de kan utarbeide ein huskeregel for kva de kan gjera, ikkje gjera, passa på, huska på slik at alkoholen ikkje får negative konsekvensar. Kan henda finns det forskjellige reglar for jenter og gutar. Det kan vera at dei mindre bra tinga som kan henda mellom jenter er uaktuelle for gutar, og omvendt. Samanfatt reglane, sjå etter fellestrekk og prøv saman med klassen å finna fram til noko ein er einig om. Ofte vil dette vera reglar som handlar om å ha kontroll, kontroll over kor mykje ein drikk, kontroll over kva ein gjer når ein har drukke og reglar for korleis vener ideelt sett skal vera med kvarandre. 24