Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse

Like dokumenter
Framlegg Handlingsprogram Kompetanse og Verdiskaping 2017

Vurdering av eit tilbod innan blått naturbruk på Nordmøre

Undersøkinga repeterte hovuddelen av spørsmåla frå dei tidlegare undersøkingane. Slik kan ein måle eventuell endring over tid på følgjande område:

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet Fylkestinget

Geir Løkhaug, Cecilie K. Buaas, Laila T. Nielsen. Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet Yrkesopplæringsnemnda

Kvalitetsplanen for vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal

Søknad om godkjenning av ny privatskole - Ålesund Toppidrettsgymnas og Molde Toppidrettsgymnas

Høyring forslag om overgang frå Vg1 studiespesialiserande til yrkesfaglege programområde på Vg 2

Handlingsprogram for vidaregåande opplæring for perioden

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet

Statusrapportering for reiselivsnæringa i Møre og Romsdal - heile 2016

Regional plan for kompetanse og arbeidskraft HANDLINGSPLAN

Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet Fylkestinget

Strategiplan for fag- og yrkesopplæringa i Hordaland

INTERNASJONAL STRATEGI FOR HORDALAND

Saksnr Utval Møtedato Fagskolestyret i Møre og Romsdal I sak FAG 15/17 Økonomirapportering vart det fatta slikt samrøystes vedtak:

Regional planstrategi

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

ORGANISERING AV KNUTEPUNKSKULEN FOR HØRSELSHEMMA ELEVAR FRÅ HAUSTEN 2010

Bli lærling i BYGGOPP

4A-3 VAKSNE SIN RETT TIL VIDAREGÅANDE

Faste medlemer som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Torgeir Dahl Medlem H

Statusrapportering for reiselivsnæringa i Møre og Romsdal pr august 2016

INTERNASJONAL STRATEGI

Informasjon om Lærekandidatordninga. Bedrift. Elev. Skule

Ein tydeleg medspelar. frå elev til lærling. Informasjon, tips og råd til deg som skal søke læreplass

OPPLÆRINGSAVDELINGA. Utval Saknr. Møtedato Utval for opplæring og helse

Tilstandsrapport for grunnskulen i Sykkylven 2014/15.

Kvalitetskriterium i PP-tenesta

Opplæring i kinesisk språk (mandarin) i den vidaregåande skulen i Hordaland

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet

Tiltaksplan for fag- og yrkesopplæringa i Hordaland 2016

Handlingsprogram for næringsutvikling i Hordaland

A. Forskrift til opplæringsloven Høring på endringar (frå Utdanningsdirektoratet)

MØTE BOK. Varamedlemer til stades: Ingen vararepr esentantar hadde høve til å møta

Kostnader for bussar i kø i Bergensområdet

Samarbeidsavtale mellom Hordaland fylkeskommune og NAV Hordaland om oppfølging av ungdom med lovfesta rett til vidaregåande opplæring

Kommunedelplan for oppvekst

Dette notatet baserer seg på dei oppdaterte tala frå dei tre siste åra. Vi ønskjer å trekke fram følgjande:

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet Løyve i perioden i Avslag i perioden i Laks og aure i sjø 22

Inntak ORIENTERINGSMØTET 14.01

Jnr gjg. Hordaland fylkeskommune Opplæringsavdelinga 5520 Bergen. Uttale skulebruksplan

Styrk rådgjevartenesta i skulen! Rådgjevaren ein nøkkelperson.

Lindås, Meland, Radøy, Austrheim, Fedje, Masfjorden, Modalen, Osterøy og Gulen. 26.september 2013

Oppfølging av tilsynet frå fylkesmannen

VERKSEMDSBASERT VURDERING OG OPPFØLGING AV DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE

MØTEBOK. Fylkeshuset - møterom Sygna. Møtedato Kl

Transkript:

saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 21.01.2016 3917/2016 Rune Solenes Opstad Saksnr Utval Møtedato UD 2/16 Utdanningsutvalet 04.02.2016 Fylkesrådmannens tilråding 17.02.2016 Fylkesutvalet 29.02.2016 Handlingsprogram 2016 og rapportering 2015 - Kompetanse Fylkesplanen er ein arena for å utvikle heilskapleg, regional forankra samfunnspolitikk. Fylkesplanen har fire satsingsområder Kultur, Kompetanse, Verdiskaping og Samferdsel. Desse skal følgjast opp gjennom handlingsprogram for det enkelte satsingsområde. Handlingsprogrammet skal rullerast årleg og medverke til god samanheng mellom plan, verkemiddel og gjennomføring. Handlingsprogram Kompetanse har 8 resultatmål. Desse er dei same for heile planperioden, men sjølve tiltakslista er revidert noko. I 2016 vil det bli utforma ny Fylkesplan og handlingsprogram som skal gjelde frå 2017 til 2020. Det har sjølvsagt og vore til dels stor utvikling innanfor fleire av resultatmåla i løpet av det siste året. Likevel, det er viktig å halde fast på mål og tiltak over tid for å skape resultat. For 2014 blei rapporten om gjennomførte tiltak lagt inn i årsrapporten, i år er det eige vedlegg til saken (sjå vedlegg 2). Resultatmål 1 I samarbeid med kommunar, næringsliv og offentleg sektor skal ein, gjennom tidleg innsats og tettare oppfølging av elevane, betre overgangen mellom skolenivåa og overgangen frå skole til arbeidsliv. Overgangane mellom skolenivåa og mellom skole og arbeidsliv er sårbare. Spesielt gjeld dette overgangane mellom grunnskole og vidaregåande og mellom VG2 og opplæring i bedrift/påbygging. Det er her viktig å halde god kontakt gjennom heile utdanningsløpet og setje i gang tiltak der det trengst. Det nasjonale rammverket «Program for betre gjennomføring» vil bli brukt som plan og strategi for arbeidet med gjennomføring i 2016;

Vi har valt å synleggjere PP-tenesta meir i handlingsprogrammet, for å syne deira funksjon i forhold til gjennomføring. Resultatmål 2 Sikre at unge og vaksne har eit godt grunnlag til å gjere val av utdanning, yrke og karriere, gjennom ei (kvalitativt) god yrkes- og utdanningsrettleiing, og rettleiing om karrieremoglegheitene i Møre og Romsdal. Ungdomane i Møre og Romsdal har enormt mange moglegheiter når det gjeld yrkesval. Både privat og offentleg sektor treng kvalifisert arbeidskraft. I alle desse moglegheitene er det ikkje alltid lett for den unge å finne seg sin yrkesveg. Møre og Romsdal fylkeskommune set saman med samarbeidspartar i verk ei rekke tiltak for å gje elevane best mogleg grunnlag for å velje karriereveg. 2015 blei det første heile driftsåret til Karriere Møre og Romsdal. Det har vore vellukka med om lag 260 karriereveiledningar. Vi forventar at dette vil auke i 2016, spesielt med tanke på konjunkturnedgangen i industrien. Resultatmål 3 Elevar i ungdoms- og vidaregåande skole skal få tilbod om å ta fag på høgare trinn og skulenivå. Dessverre er det ytterst få elevar som tek fag på eit høgare nivå i Møre og Romsdal. Her må det gjerast ein større innsats både i å rettleie og oppfordre til å få fleire til å ta denne utfordringa. Tiltaket er viktig for å gi eit tilbod til elevar som er veldig sterke i fag og som treng å bli utfordra på eit høgare nivå enn dei læreplanmåla som gjeld på deira alderstrinn. Eit av dei tiltaka som har vore vellukka og som vil fortsette i 2016 er vidaregåande-matte for ungdomsskoleelevar ved Fagerlia VGS. Resultatmål 4 Saman med næringsliv og offentleg sektor skal fylkeskommunen arbeide for å leggje til rette for fleire læreplassar, slik at dei som søkjer, kan få lærekontrakt eller opplæringstilbod innanfor lærekandidatordninga. Vi fekk ein nedgang i formidlinga av læreplassar i 2015 samanlikna med 2014. Vi kan forvente oss at det blir endå tøffare å oppretthalde talet på læreplassar i 2016 pga konjunkturnedgang innan olje, gass og maritim industri spesielt. Utdanningsavdelinga planlegg ein større aksjon våren 2016 for å skaffe fleire læreplassar. Resultatmål 5 Ein skal leggje vekt på arbeidsmetodar som fremjar entreprenørskapshaldningar i heile grunnopplæringa og i høgare utdanning, gjennom Ungt entreprenørskap med ungdomsbedrifter og gründercamp. Mange av framtidas arbeidsplassar er ikkje skapt enno. Det er det elevane i dag som skal gjere når dei kjem ut i arbeidslivet. Gjennom ungdomsbedrifter, gründercampar og eigne linjer for entreprenørskap skal fylkeskommunen vere med

å kvalifisere elevane til nettopp dette. Ein vil sjå dette i samanheng med utviklinga av Karriereløypa. Resultatmål 6 Saman med skolane, opplæringskontora og bransjane skal elevane og lærlingane få høve til å delta i internasjonale program og utvekslingsordningar. Mange av verksemdene i Møre og Romsdal har alltid vore internasjonalt orienterte, og dette gjeld meir enn nokon gong no. Fylket treng arbeidstakarar som gjennom språk- og kulturforståing kan arbeide internasjonalt. Skolane har ei rekke tiltak på dette området, og stadig nye prosjekt er under utarbeiding. Samarbeidet mellom Haram VGS og Armadale (med fleire) i Skottland er fem år i 2016. Samarbeidet har vore særs vellukka og elevar frå heile fylket har hatt eit skoleår i Skottland. Resultatmål 7 Privat og offentleg sektor skal ha tilgang på nok arbeidskraft med rett kompetanse. Dette er eit ekstra breitt resultatmål som krev innsats frå fleire avdelingar i fylkeskommunen, mellom anna Regional- og Næringsavdelinga (RN). Det har blitt initiert fleire samarbeidsområder mellom avdelingane i 2015 som vi vil arbeide vidare med i 2016. For utdanningsavdelinga er dette ei kjerneoppgåve. Vi må gjennom skolebruksplanen samarbeide med partane for å få ein riktig dimensjonering av det opplæringstilbodet som blir gitt. Vaksenopplæringa har blitt stadig viktigare og vi ser no resultata av at avdelinga har fått ein dedikert rådgjevar på for dette arbeidet. Resultatmål 8 Intensivere arbeidet for etablering av Høgskulen i Møre og Romsdal med fire avdelingar (Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund), for betre å møte regionale behov for rekruttering, utdanning, forsking og innovasjon. Vi forventar at det kjem ei Stortingsmeldinga om Fagskolane hausten 2016, der mellom anna eigarspørsmål, finansiering og organisering blir tatt opp. Møre og Romsdal fylkeskommune har saman med blant andre Høgskulen i Volda arbeidt for å få yrkesfaglærarutdanning til Volda. I dag er det berre NTNU og Høyskolen i Oslo og Akershus som gjev eit slikt tilbod. Slik situasjonen er i dag ser det ikkje ut til at vi lukkast med ei sånn etablering, vi arbeider difor med at NTNU skal tilby eit slikt tilbod desentralisert i Møre og Romsdal innan TIP frå hausten 2016.

Forslag til vedtak: 1. Utdanningsutvalet vedtek Handlingsprogram Kompetanse 2016. 2. Utdanningsutvalet tar rapport for 2015 til vitande. Vedlegg 1 Handlingsprogram Kompetanse 2016 2 Rapportering 2015 Ottar Brage Guttelvik fylkesrådmann Rune Solenes Opstad kst. fylkesutdanningssjef