Omtale av SMIL-søknader våren 2012



Like dokumenter
Tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket

Til Kopi: Tenesteleiar Einar Nedrelo Frå Arkivkode Arkivsaknr. Løpenr. Dato

Kort omtale og vurdering av dei innkomne søknadane

Tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket

Heilårsbruk av hus på gard og i grend

Innhold. -Omtale av søknader hausten Prosjektomtalar SMIL hausten 2012

Tilstandsvurdering av «Gamle Essoen»

Rådmannen tilrår likevel at søkjar skal få 70% av godkjent kostnadsoverslag, altså eit tilskot på kr ,-.

Kulturhistoriske registreringar

Strategiplan for bruk av SMIL-midlar i Hægebostad kommune Perioden

SPESIELLE MILJØTILTAK I LANDBRUKET (SMIL)

Verneverdige bygningar i kulturlandskapet

Vurdering av Hedalen mølle. I Sør Aurdal. Tilstand og forslag til utbedring.

TURKESTOVA. 5. Dersom fleire hadde turkestove saman, var det då faste reglar for bruken, eller retta dei seg etter kvarandre som best dei kunne?

Side 2 av 6 Saka vart handsama i Naturutvalet, og det vart gjeve avslag på søknaden. Klagar skriv i brevet sitt at dei sendte inn forslag om

Møteinnkalling for Utval for næring og teknikk

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Arne Ingjald Lerum Arkiv: MTR 176/4 Arkivsaksnr.: 09/2508

Rapport. Rydding av gammalt søppel i stiane til Fannaråken og ved Skautehaugane. August månad 2010

Notat om historie og kulturlandskap

VOLLASETRA UTTAK AV TORV

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING

SAKSFRAMLEGG. Tiltak 1 side 12 Fjerne til privat bruk. Tiltaket får då fylgjande ordlyd: Ikkje subsidiera straum.

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

LOKALE RETNINGSLINJER FOR BRUK AV MIDLAR TIL SPESIELLE MILJØTILTAK I JORDBRUKET (SMIL)

Tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)

RMP i fjellbygdene. Bjørg Torsteinsrud, Ål kommune. Utviklingsavdelinga

MØTEINNKALLING SAKLISTE. 89/08 Tilskot til nærings- og miljøtiltak i Luster kommune 2008 Fordeling av resttilskot

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Retningsliner 2014 for bruk av tilskotsmidlar til spesielle miljøtiltak i jordbruket og nærings- og miljøtiltak i skogbruket

STRATEGIPLAN FOR BRUK AV MIDLAR TIL SÆRSKILDE MILJØTILTAK I JORDBRUKET OG NÆRINGS- OG MILJØTILTAK I SKOGBRUKET I VANYLVEN KOMMUNE

INNKALLING TIL MØTE I SAMNANGER SOKNERÅD / SAMNANGER KYRKJESTYRE Måndag 22. april 2013 kl i kyrkja på Haga.

Brukarrettleiing E-post lesar

SØKNAD OM TILSKOT TIL FREDA KULTURMINNE I PRIVAT EIGE, KULTURMILJØ OG KULTURLANDSKAP (Kap post 71)

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre

Møteinnkalling. Nærøyfjorden verneområdestyre - AU

Kvam herad. Siri Byrkjeland - søknad om omdisponering av areal - bygging av bustad/veg/ reiskapshus, gnr 7, brnr 189

Retningsliner 2015 for bruk av tilskotsmidlar til spesielle miljøtiltak i jordbruket og nærings- og miljøtiltak i skogbruket

Nærøyfjorden landskapsvernområde - melding om vedtak - bygging av badestamp på Øvste Stigen

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU

Nærøyfjorden landskapsvernområde - melding om vedtak - sankebu i Ljosdalen

Bustadområde i sentrum. Vurdering

Saksframlegg. Sakshandsamar: Einar Nedrelo Arkiv: MTR 21/48 Arkivsaksnr.: 08/

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Rettleiing for revisor sin særattestasjon

Vår ref. 2009/ Særutskrift - BS - 139/68 - garasje - Herøysundet - Odd Åge Helvik

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Johannes Sjøtun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 15/32. Kjøp av husvære. Vedlegg: Behov for kommunale husvære for vidare utleige

LANDBRUKSINFORMASJON FOR AURLAND, LÆRDAL OG ÅRDAL

Møteinnkalling. Utval : Jostedalsbreen nasjonalparksty re Møtesta d: Otta Dato: Tidspunkt : 18:00

Retningsliner for SMIL og NMSK i 2016 Hjartdal kommune

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

Spesielle miljøtiltak i jordbruket Tiltaksstrategi

Skjervheim 279 1/6. Moderne gardsdri i pakt med kulturlandskapet. Myrkdalen Voss kommune

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Behandling - Søknad om deling - 99/1 - Dimmelsvik - Eivind Tvedt

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Utval: UTVAL FOR PLAN OG UTVIKLING Møtestad: Telefonmøte Møtedato: Tid: 12.30

Saksframlegg. Sakshandsamar: Cornelis Erstad Arkiv: MTR 81/53 Arkivsaksnr.: 16/320-10

Nærøyfjorden landskapsvernområde - uttak av torv til torvtak på Skogastova

Vår ref. 2013/ Særutskrift - 82/5, 4 - deling - Rosendal - Jens Bjørnar Alsterberg og Anne-Marie Alsterberg Handeland

LOKALMEDISINSKE TENESTER I HALLINGDAL, FINANSIERING VIDAREFØRING

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Jarle Skartun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 13/968

ØRSTA KOMMUNE politisk sekretariat

NÆRINGS- OG MILJØTILTAK I SKOGBRUKET (NMSK) STRATEGI FOR KLEPP KOMMUNE Foto: Hilde Kristin Honnemyr

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. KLAGE - behandling deling - gnr bnr 149/2 -- Sunde - Jenny Grønstøl

Møteprotokoll. Nærøyfjorden verneområdestyre - AU

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

G A M A L E N G K U L T U R

BUDSJETT OG SKULESTRUKTUR

Møtedato: Møtetid: Kl. 13: Forfall meldt frå følgjande medl. Parti Følgjande varamedlem møtte Parti

Klage Løyve til bruk av lutzgran på eigedomen gnr. 13, bnr. 1 i Lødingen kommune

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. 2.gongs behandling - deling - 278/5 og 272/1 Åkra - Evy Brekke

Møteinnkalling. Nærøyfjorden verneområdestyre

Sakshandsamar: Arkiv: ArkivsakID Willy Andre Gjesdal FE - 223, FA - C00 14/1418

Retningsliner for tilskot til Utvald kulturlandskap (UKL) Fjellgardane i Øvre Sunndal

Tilsynsutvalet i Hordaland. Møteprotokoll

KVINNHERAD KOMMUNE BARNEHAGETILBODET. Retningslinjer og informasjon

ETNE KOMMUNE SAKSUTGREIING

FØRESPURNAD OM UTTALE - AKADEMIET BERGEN AS VEDKOMMANDE SØKNAD OM GODKJENNING ETTER PRIVATSKOLELOVA

MØTEPROTOKOLL. Arne Hauge, Hanne Teigen, Finn Roald Skare, Olaug Høyheim, Geir Paulsen, Britt Dagrunn Brugrand Nelly Torunn Øygard SAKLISTE

Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst

REGLAR FOR INVESTERINGSTILSKOT I LANDBRUKET Godkjent av kommunestyret

Tilskott til jord- og skogbruk, Bykle kommune.

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

«Ny Giv» med gjetarhund

Dispensasjon til oppsett av gjerde og beiting m.m. på gnr/bnr 5/1,7 i Linemyra naturreservat, Time kommune.

SAMLA SAKSFRAMSTILLING

Eid kommune Strategiplan for spesielle miljøtiltak i landbruket

Nærøyfjorden landskapsvernområde - melding om vedtak - gjennoppføring av tilbygg på stølshuset på Åsen

Vår ref. 2013/ Særutskrift - 94/2 - bustadhus - Seimsfoss - Bjarte Naterstad

Saksnr. Innhald Arkivsaksnr.

Linda Nyvoll Antonsen

Sluttrapport

Viser til søknad om utplassering av båt, oversending frå Lom fjellstyre ved deira sak 6/2014.

Tilskotsordningar for 2016 Klima- og miljødepartementet

Transkript:

Omtale av SMIL-søknader våren 2012 Rydding av gamal beitemark i Engjadalen 12/690 Anders Olav Ekrene Oppgjeven kostnad Ikkje oppgjeve Omsøkt tilskot Ikkje oppgjeve Framlegg til løyving 45 000,- Beskriving av prosjektet : Anders Olav Ekrene søkjer om midlar til rydding av eit attvakse beite på om lag 32 daa som han forpaktar frå Anders Raaum i Engjadalen. Føremålet med tiltaket er tilbakeføring til sauebeite. I øvste del av området er det ein del skog som er eigna til ved. Partia lenger ned er prega av orekratt. Terrenget er relativt bratt men ikkje veldig ujamnt, og relativt greitt tilgjengeleg med traktorvinsj. Det føreligg ikkje noko kostnadsoverslag på prosjektet frå søkar. Etter administrasjonen sin vurdering vert kostnadane sett til 64 000,-. Ein tilrår maksimalt tilskot på 70% som vil tilseie støtte på 45 000,-.

Rydding av gamal beitemark på Skjøgnane 12/812 Elling Lillesvangstu Oppgjeven kostnad Ikkje oppgjeve Omsøkt tilskot Ikkje oppgjeve Framlegg til løyving 22 800,- Beskriving av prosjektet: Elling Lillesvangstu søkjer om midlar til rydding av eit beiteområde på Skjøgnane, på nedsida av den nye vegen mellom Engjadalen og Brunen. Området er gjenngrodd med skog og arealet er omlag 20daa. Føremålet med arbeidet er å tilbakeføre arealet til eit ope beitelandskap. Dei øvre delane av teigen er open beitemark i bruk. Nedover står skog hovudsakleg av middels stor bjørk og or. Arealet omfattar også eit mindre område med granskog som søkjar ynskjer å fjerna. Tilkomsten med traktor er grei, med unntak av hausten 2011, då marka var vassmetta. Etter synfaring 22.11.11 har søkjar fått klarsignal til å gå i gang med arbeidet på vilkår av at han tek risikoen i høve finansieringa sjølv. Det føreligg ikkje noko kostnadsoverslag på prosjektet frå søkar. Etter administrasjonen sin vurdering vert kostnadane sett til 40 000,-. Ein tilrår maksimalt tilskot på 70% som vil tilseie støtte på 28 000,-. Synfaring i nydeleg haustver 22.november 2011.

Rydding av gamalt beite i hjortefarm Oppgjeven kostnad Omsøkt tilskot Framlegg til løyving 780/12 Siv Merete Marås 17 000,17 000,13 000,Beskriving av prosjektet: Siv Merete Marås søkjer om støtte til rydding av attvakse beite på garden sin i Mørkridsdalen. Så seint som på 60-talet var området heilt nedbeita av geit, men med kraftig jord og gode veksttilhøve er det i dag omgjort til tett og høgvaksen skog. Området ligg innanfor hjortefarmen og skal brukast til beite for dyra. Området, som er ca 9 dekar, ligg tett ved tunet på garden, og er flatt og lett tilgjengeleg for traktoren. Undervegetasjonen er beita ned av hjorten på farmen. Administrasjonen kostnadsreknar dette prosjektet til kr 18 000,-. Ein tilrår maksimalt tilskot på 70% som vil tilseie støtte på kr 13 000,-. Bilete frå synfaring 26.01.2012 Når skogen fyrst er hoggen vil nok denne dama syta for å halda gjenveksten nede.

Rydding av sauebeite på Høyheim Oppgjeven kostnad Omsøkt tilskot Framlegg til løyving 12/755 Per Høyheim Ikkje oppgjeve Ikkje oppgjeve 11 000,Beskriving av prosjektet: Per Høyheim ynskjer å rydda eit attgrodd beiteområde inntil innmarka på garden hans på Høyheim. Arealet er om lag fem dekar, og ligg i ei bratt li. Søkjar planlegg å dra trea saman og brenna dei. Arealet skal brukast til sauebeite i åra framover. Rydding her vil vera relativt arbeidskrevjande, og med lite utbyte i form av ved. Ein mindre del av området var rydda før søkjar tok kontakt med kommunen. I samsvar med tilrådinga i rundskriv 07/2005, Forvaltning av forskrift om spesielle miljøtiltak i jordbruket, vert det gjort fråtrekk for den delen som alt er hoggen. Det føreligg ikkje noko kostnadsoverslag på prosjektet frå søkar. Etter administrasjonen si vurdering vert kostnadane sett til 15 000,-. Ein tilrår maksimalt tilskot på 70%, avrunda til kr 11 000,-.

Rydding/tilbakeføring av beite 12/713 Kristoffer Melheim Oppgjeven kostnad 32 000,- Omsøkt tilskot 32 000,- Framlegg til løyving 11 000,- Beskriving av prosjektet Kristoffer Melheim søker om tilskot for å rydda eit beite på om lag 16 daa som grensar inntil stølsvegen på Dale. Staden ligg i tilknytning til utmarksbeiteta og har difor bruksfunksjon ved saueslepp (juni) og i september/oktober, når sauene skal ned att. Området har tidlegare vore brukt til beite, og er no attgrodd med gran, einer, bjørk og furu. Ved tilbakeføring til beite ønsker Melheim også å ta vare på noko enkeltstående bjørk og furu. Melheim opplyser vidare at det vil bli aktuelt med jamnleg rydding av arealet framover, på grunn av beitesterke artar. Tilbakeføring til beitelandskap er positivt og vil gje eit meir variert og ope kulturlandskap samt stimulere til betre beitebruk. Søkar vert oppfordra til å vurdera å spara enkelte einer framføre bjørk ved tilbakeføring/hogst. Større einer, gjerne med søyleform, er karakteristisk og særmerkt for vårt kulturlandskap. Det føreligg ikkje noko kostnadsoverslag på prosjektet frå søkar. Etter administrasjonen sin vurdering vert kostnadane sett til 16 000,-. Ein tilrår maksimalt tilskot på 70% som vil utgjere støtte på 11 000, -.

Rydding av hestabeite i samband med Inn På Tunet 12/2324 Lingjerdsgarden inn på tunet Oppgjeven kostnad Ikkje oppgjeve Omsøkt tilskot Ikkje oppgjeve Framlegg til løyving 5 000,- Beskriving av prosjektet: Anne Grethe Leirdal har hestar som vert nytta mellom anna i ei Inn På Tunet-ordning. Ho søkjer tilskot frå SMIL-ordninga til å rydda beitemark for desse ovanfor huset sitt på Nes. Området er i bruk til beite i dag, men deler av det er ikkje tilgjengeleg for hestane på grunn av attgroing. Etter ryddinga vil det stå att enkelte tre eller små klynger med tre som gjev hestane ly og gjev landskapet eit fint preg. Søkjar har utelate kostnadsoverslag av di ho veit at utrekninga uansett vert gjort på grunnlag av satsane til kommunen. Søknaden gjeld del to av eit større ryddeprosjekt. Det vart sett av midlar til fyrste del hausten 2009. Den nye søknaden er å sjå på som ein tilleggssøknad, og kan difor takast opp til vurdering sjølv om den fyrste ikkje er sluttført. Ca halvdelen av det omsøkte området er fin bjørkeskog som er lett tilgjengeleg, og som vil gje utbyte i form av ved. Den øvste delen som ligg over vegen, er meir attvaksen. På heile området er det spreidde einerbusker. Det omsøkte arealet er på 3,4 daa. Etter kommunen sine satsar vil dette gje ein totalkostnad på 6 800,-. Ein tilrår maksimalt tilskot for dette delprosjektet; (70 %) 5 000,- Bilete frå nedre og øvre del av hestabeitet. Frå synfaring 07. august 2009.

Husmannsplassen Stuaflåten, årleg skjøtsel og bevaring av biologisk mangfold Oppgjeven kostnad Omsøkt tilskot Framlegg til løyving 12/2530 Hafslo Sogelag 25 000,- årleg 10 000,- årleg 30 000,Beskriving av prosjektet: Hafslo sogelag og Stuaflåtringen v/ Johannes Lomheim har fleire år drive skjøtsel av kulturlandskapet på husmannsplassen Stuaflåten. Sogelaget søkjer om kr 10 000,- pr år i tre år for skjøtsel/vedlikehald av innmarka på husmannsplassen. Tiltaket er retta mot formidling og praktisering av eldre driftsteknikkar i kulturlandskapet og går utover det som er rekna som ordinær landbruksdrift. Det vert drive med ljåslått og trohesjing samt rydding av småskog. Slåttemarkene vert slegne to gonger i sesongen og staden er tilgjengeleg og brukt av mellom anna skoleklassar. Prosjektet er også svært verdfult med tanke på biologisk mangfold. Tradisjonell skjøtsel gjev artsrike dyre- og plantesamfunn. Administrasjonen går inn for løyving på til saman 30 000,- for treårsperioden 2012 2014. Bilete frå Stuaflåten.

Søknad om tilskot til reperasjon av sel på Fåbergstølen, Gunn Jorunn Krokgjelet, gnr 204, bnr 2. 731/12 Gunn Jorunn Krokgjelet Oppgjeven kostnad 41 000,- Omsøkt tilskot 40 000,- Framlegg til løyving 29 000,- Beskriving av prosjektet: Gunn Jorunn Krokgjelet søker om tilskot for å oppruste og vedlikeholde selet på Fåbergstølen. I kostnadsoverslaget er skifte av bjelkar, kledning og golv samt utvendig måling teke med. Alle seks vindauge skal skiftast ut. Å ivareta tradisjonelt bygningsmiljø på Fåbergstølen er viktig. Intakte stølsbygningar utgjer ein sentral del av den totale landskapsopplevinga i dette unike naturmiljøet. Kostnadsoverslaget frå søkjar er urealistisk lågt, og det vert difor ikkje gjort fråtrekk for golvet, slik det er vanleg å gjera med innvendig arbeid. Ein tilrår eit tilskot på 70% av kostnadsoverslaget, avrunda til k 29 000,Tilskotet blir gitt til opprusting i lokal tradisjonell byggestil jf. føremålet med SMIL-midlane.

Skifte av tak på sel på Nystølen, gnr 183, bnr 39/40 Odd John Bugge Oppgjeven kostnad Omsøkt tilskot Framlegg til løyving 727/12 Odd John Bugge 113 000,Ikkje oppgjeve 79 000,Beskriving av prosjektet: Odd John Bugge, Urnes gard, søker om støtte for å skifta / renovera tak (torvtak) på selet på Nystølen. Vedlagt søknaden følgjer kostnadsvurdering på rivearbeid, rigging, opprydding og oppattbygging frå arkitekt Dag R. Magnussen, MJ arkitekt- og ingeniørkontor. Som kartet under viser er Nystølen veglaust og ligg langt til fjells, transport medfører helikoptertransport. Bugge har tidlegare vore tildelt SMIL-midlar til restaurering av tak på vårstølen som ligg i Kinsedalen. Selet i Kinsedalen er restaurert med godt handverk og arbeidet held høg historisk og antikvarisk standard, noko som er positivt jf føremålet for SMIL- midlane. Slik kommunen oppfattar søknaden er det planlagt bruk av same håndverkarar no som då. Ein tilrår maksimalt tilskot på 70% som vil tilseie støtte på 79 000,-. Urnes og Nystølen

Restaurering av sel ved Sterristølen 12/814 Kristen og Dag Aanes Oppgjeven kostnad 90 000,- Omsøkt tilskot 90 000,- Framlegg til løyving 56 000,- Beskriving av prosjektet: Selet som Kristen og Dag Aanes eig ligg like nedanfor Sterristølen, i kanten mellom innmark og skog. Grunnmuren må takast att, og deler av laftet lyt truleg skiftast på grunn av råte. Vidare skal bygningen rettast opp og få nytt tretak, ny dør og nytt vindauge. I tillegg skal eldstaden og golvet skiftast ut. Selet ligg litt for nær heimen til å vera interessant å nytta til fritidshus, men søkjarane ynskjer å ta vare på det for ettertida. Ved ulike høve kan selet gjera nytte som kvilebu. Det vesle selet treng omfattande reparasjonar dersom det ikkje skal detta saman snart. Eit føremål med prosjektet er å bevara selet, noko som samsvarer godt med føremålet med SMIL-ordninga. I tiltaksstrategien for økonomiske verkemidlar i landbruket er bygningar i utmark høgt prioriterte. Administrasjonen tilrår eit tilskot tilsvarande 70% av godkjend kostnadsoverslag, med fråtrekk for arbeid og material knytt til restaurering innomhus.

Restaurering av steinsel i Utladalen, tilleggssøknad Oppgjeven kostnad Omsøkt tilskot Framlegg til løyving 12/756 Utladalen sameige 440 400,70 400,0,Beskriving av prosjektet: Utladalen sameige er i gang med restaurering av eit steinsel (Hovdaselet ) på Skogadalsbøen i Utladalen. Dette selet tilhøyrde Johannes Holmestad på garden Hovden og vart brukt til støling frå ca 1915 til 1950. Noverande eigar av Hovden gard er Jan Erik Fuglesteg. Garden er ikkje medlem av sameige, men gjennom avtale får sameiget no bruksrett til dette selet. Treverket i det opprinnlege steinselet kom frå eit sel som stod i Utladalsholet (Vormeli) fram til ca 1915. Til no er vegger mura opp på nytt, og også denne gongen er det skaffa treverk frå ein vegg frå ein bygning som har stått i Utladalsholet. Selet skal nyttast som gjetarbu og jaktbu, og leigast ut til DNT Skogadalsbøen. Utladalen sameige har frå før søkt SMIL-midlar to gonger, og fått innvilga til saman kr 200 000,- til selet. No søker dei ei ny løyving på 70 400,- for å fullfinansiere prosjektet. Det framgår av søknaden at restaureringsarbeidet også fått støtte frå Nasjonalparkstyret på 250 000,- (2012). Med 200 000,- frå SMIL er taket nådd for dette prosjektet. Med den nye tildelinga frå Nasjonalparkstyret er prosjektet overfinansiert, og det er ikkje grunnlag for å gje tilskot.

Restaurering av to sel - Elda og Eldedalen Oppgjeven kostnad Omsøkt tilskot Framlegg til løyving 12/2531 Solnes Gard 521 699,130 424,75 100 000,v/Per Solnes mva inkl. Beskriving av prosjektet: Per Solnes søkjer om støtte til å restaurera sela sine på vårstølen Elda og fjellstølen Eldedalen. Selet i Eldedalen er bygd i 1952. Selet er lafta med skot av reisverk, slik det var vanleg. Torvtaket vart skift ut med bølgjeblikk kring 1970. Istandsetjinga inneber skifting av tak, dør og vindauge, samt ny kledning på heile selet utvendig. Inne skal golv og lem pussast opp, og skotet skal kleast slik at det kan brukast til matstell og vask. Ny pipe, omn og solcelleanlegg er inkludert i kostnadsoverslaget. Selet på Elda er noko eldre, men lecamur, bølgjeblekk-tak og liggjande kanta kledning har gjeve det eit endra preg. Søkjar uttrykkjer ynskje om å ta vare på gamal stil. Det nye taket vert av bølgjeblikk, men ny kledning er ukanta, og han vil vurdera å setja i stand den gamle grunnmuren og ta bort lecamuren. Elles er oppgåvene for det meste dei same som på selet i Eldedalen. Etter restaurering er begge sela tenkt leigde ut gjennom Stølsnatt, eit opplegg i regi av naturarvprosjektet. Søknaden kom fyrste gong hausten 2011, men inneheldt då for lite informasjon om prosjektet til å at administrasjonen kunne gjera ei god nok vurdering. Etter oppmoding har søkjar kome attende med ein meir detaljert søknad. Føremålet med SMIL-ordninga er mellom anna å fremja kulturminneverdiane knytte til landbruksdrift. Som overnattingstilbod for reisande kan gamle stølshus koma i bruk att og verta haldne vedlike, og dette er ein spanande måte å møta utfordringane knytte til forfall av stølane etter at stølsdrifta for lengst er slutt. Med bakgrunn i at føremålet med SMIIL-ordninga er retta mot ein type landskap,kulturlandskapet, vert det ikkje gjeve tilskot til innvendig arbeid. Ein vurderer at det som er inne i ein bygning ikkje påverkar landskapskvalitetane i nemneverdig grad. For søkjar tyder dette ofte ei avkorting av tilskotet, men samstundes får han då ingen vilkår knytte til innreiinga. Dermed kan han, som i dette tilfellet, gjera om skotet til eit rom med meir moderne nyttefunksjonar. Godkjent kostnadsoverslag, etter at omn, pipe, solcelleanlegg og innvendig arbeid er trekt frå, er kr 280 540,-. Rådmannen tilrår at søkjar får tilskot som omsøkt for prosjektet på 100 000,-. For selet på Elda set kommunen som vilkår for løyvinga at eksisterande leca-grunnmur vert erstatta av tradisjonell grunnmur i naturstein. Selet på Elda utgjer om lag halve prosjektet og vilkåret gjeld dermed for kr 50 000,- av løyvinga.

Selet på Elda er det som ligg øvst på haugen. Over: Selet i Eldedalen, slik du ser det når du kjem langs traktorvegen frå Elda. Under: Det er aktuelle selet er kledd og måla på to sider.

Nye vindauge i fjøsen på Svaboegarden 12/2699 Torleiv Stian Svaboe Oppgjeven kostnad 69 888,- Omsøkt tilskot 57 652,- Framlegg til løyving 35 000,- Beskriving av prosjektet: Søknaden gjeld nye vindauge i fjøsen på den ærverdige Svaboe-garden på Nes. Garden har ikkje fast busetnad, men fjøsen og jorda er utleigd, og eigarane gjer ein god innsats i å ta vare på bygningane på garden. Det har tidlegare vore gjeve SMIL-tilskot til restaurering av stabburet og det verdifulle helletaket på fjøsen. Søkjar har innhenta tilbod på spesialproduserte vindauge som er kopi av dei gamle frå A/S Trevaren i Lærdal. SMIL-ordninga er meint å fungera slik at ein kan få dekka ekstra kostnader som fylgjer av at ein vel material og metodar som bidreg til å ta vare på kulturminneverdien i staden for rimelegare moderne alternativ. I dette tilfellet hadde søkjar spart mykje på å setja inn moderne vindauge, men det hadde vore til stor skade for det heilskaplege inntrykket av fjøsen og gardstunet. Tiltaksstrategien for SMIL slår fast at tiltak som gjeld utmarksbygningar skal prioriterast høgare enn slike som gjeld restaurering av bygningar i gardstun. Tilskotet bør difor ikkje utgjera så mykje som 70% av godkjend kostnadsoverslag. Rådmannen tilrår eit tilskot som dekker 50% av godkjent kostnadsoverslag, kr 35 000,-. Svaboegarden 04.05.2012.

Restaurering av hus med særeige helletak på Sterri 12/3039 Jostein Sterri Valla Oppgjeven kostnad 938 000,- Omsøkt tilskot 938 000,- Framlegg til løyving 100 000,- Beskriving av prosjektet: Jostein Sterri Valla er eigar av eit hus som er bygd ein gong mellom 1820 og 1850 på Sterri på Hafslo. Huset skil seg ut ved det flotte taket som er tekt med svært store og tjukke heller frå hellebrotet på Uvissingane. Det er ikkje mange helletak som er tekne vare på i denne delen av kommunen. Huset lyt seiast å vera i svært god forfatning til å ver så gamalt. Det er lite rote og skadedyr, men med tanke på den enorme vekta av dette taket, ynskjer eigar ta det byrjande forfallet på alvor. Planen er å skifta ut sperra og leggja sutak under hellene. Øydelagde heller kan skiftast med heller frå ei hustuft litt nedom huset. Vidare ynskjer han, om mogleg, å ta ut to vindauge av nyare dato og setja inn att dei originale vindauga som i dag står lagra på loftet. Kledning av nyare dato på ein del av oppsida skal erstattast med kledning som er meir lik den gamle. Restaurering av pipe og rekonstruksjon av den gamle døra er også del av prosjektet. Føremålet med restaureringa er å ta vare på huset og få det sett i stand slik at det kan nyttast til utleige. Med tanke på helletaket og den høge alderen er dette eit hus som har høg antikvarisk verdi. Godt synleg i kulturlandskapet på Hafslo lyt bygningen også seiast å ha høg verdi for ålmenta. Den høge prisen skuldast at arbeidet med å ta ned dei svære hellene er svært krevjande. Kostnadsoverslaget er utarbeida av Geirr Vetti, som har solid kompetanse på området. Søkjaren er ikkje i hovudmålgruppa, som er avgrensa gjennom lokal tiltasstrategi til å vera personar som er søkjegode for produksjonstilskot. Framlegget til løyving er skjønsmessig basert i samanlikning med tidlegare liknande prosjekt. Det er ikkje ofte ein ser kombinasjonen av helletak og kinavipp, som her på Sterri. Ei av hellene er erstatta med bølgjeblekk. Heldigvis er det ikkje mykje spor etter vannskade i bjelkelaget under.

Restaurering av eldhus på Solvi Oppgjeven kostnad Omsøkt tilskot Framlegg til løyving 12/2719 Tomas Kjørlaug 193 125,193 125,0,Beskriving av prosjektet: Tomas Kjørlaug søkjer om midlar til å restaurera eldhuset på Solvi. I fylgje søkjar er eldhuset minst 150 år gamalt. Fundamentet til eldhuset er nokre steinar som knapt kan kallast mur. Byggja verkar å vera i god forfatning, men med noko angrep av skadedyr. I stokkane er det utsparingar som tydeleg syner at dei tidlegare har vore brukte i ein bygning med to rom. Ein opning som kanskje kan ha vore døropning, er tetta med stokkar. Langveggene har vorte skøytte og dei to nedste omfara utskifte, turleg i samband med at bygningen på eit tidspunkt vart flytta. I dag er taket bølgjeblikk, det er uvisst om det etter gamalt har vore heller eller torv. Døra er av nyare dato. To av veggene er kledde. Eit vindauge er sett inn i gavlen. Pipa har byrja å detta frå einannan, og bør takast att. Prosjektet omfattar, tak, pipe og sperr. I tillegg skal stokkar som er angripne av makk skiftast ut, og kledningen (to vegger) skiftast. Bølgjeblekktaket skal erstattast med skiferheller. Planen er å byggja ein bakaromn og ta eldhuset i bruk att. Eldhuset er i seg sjølv gamalt og verd å ta vare på, men det kjem litt bort i det moderne bygningsmiljøet på Solvi. Tomas Kjørlaug søkte fyrst våren 2011, men fekk då avslag fordi eldhuset står på ei bustadtomt som ikkje var knytt til nokon landbrukseigedom. Kjørlaug ynskjer at søknaden skal vurderast på nytt ettersom han i mellomtida har overteke eit gardsbruk på Indre Hafslo. Administrasjonen gjer framlegg om å halda fast ved avslaget fordi eigedomen framleis er ein bustadeigedom fråskild frå garden. Eldhuset til Tomas Kjørlaug på Solvi.

Skifte av tak på stabbur på Skjolden Oppgjeven kostnad Omsøkt tilskot Framlegg til løyving 12/1243 Rune Fuglesteg 10 950,10 950,8 000,Beskriving av prosjektet: Rune Fuglesteg ønskjer å ta vare på eit eldre stabbur som står på tunet på garden hans (gnr 20, bnr 10) på Skjolden. Dei andre bygningane på tunet er no rivne. Fuglesteg planlegg nytt hovudhus, og stabburet skal inngå som ein del av bygningsmiljøet på tunet også i framtida. Eksisterande takmateriale er dråpeskifer (små), og ein god del steinar er borte/ komme ut av stilling. Dette kan t.d skuldast råte i feste m.m og det førekjem også forvitring / sprekkskadar og knuste steinar. Det er difor nødvendig å skaffe ein del tilsvarande dråpeskifer dersom taket skal leggast på nytt. Dette er eit tidkrevjande og omfattande arbeid. Primært søkjer Fuglesteg å restaurere taket ved å skifte ut råte treverk og knekte berebjelkar og deretter leggje bølgjeblekk på taket. Fuglesteg opplyser også at han kan tenkje seg å legge om skiferen, dersom han får økonomisk støtte til det. I følgje Luster kommune sin tiltaksstrategi for økonomiske verkemidlar i landbruket, bør det alltid liggja antikvariske prinsipp til grunn for prosjektutføringane dersom ikkje prosjekta har andre særskilte behov. Fuglesteg har ikkje lukkast i å skaffe naudsynlege steinar til taket fram til dags dato, og av den grunn har det heller ikkje vore mogleg for han å leggja fram kostnadsoverslag for eit slikt prosjekt. Administrasjonen meiner at i dette tilfellet vil også nytt tak med bølgjeblekk vera ei løysing, sjølv om det ikkje medfører tilbakeføring til tidlegare eller opphavleg tilstand. Reperasjon og nytt bølgjeblekktak vil sikre byggja for framtida. Ein tilrår å løyve 70 % av omsøkt beløp, det vil seie kr 8 000,-. Rune Fuglesteg har også søkt om SMIL-midlar til kulturlandskapstiltak; rydding av skog, drenering og planering, dvs. tilvakse beite/overflatedyrka jord/tilvakse fulldyrka jord der formålet er tilbakeføring til fulldyrka jord. Arealet er til saman ca 15 daa. Desse prosjekta kan få støtte som nydyrkingsprosjekt.