Eit undervisningsopplegg om Barnerettane i HEIMEN Aktivitetsark med oppgåveidéar og tips til lærarane Hjelpeark med bakgrunnsinformasjon og kopieringsoriginal DELTAKING Artikkel 12: DISKRIMINERING Artikkel 2: Alle barn har rett til vern mot diskriminering PRIVATLIV Artikkel 16: Alle barn har rett til privatliv Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor MISBRUK Artikkel 19: Alle barn har rett til at ingen skadar eller misbrukar dei
AKTIVITETSARK FORSLAG TIL AKTIVITETAR OG FREMGANGSMÅTE Introduksjon til Barnerettane i heimen Dette temaet kan vere litt følsamt for nokre barn, og det kan derfor vere viktig å starte introduksjonen med noko som handlar om andre barn enn dei sjølv, slik dette er gjort i introduksjonen. Aktuelle artiklar frå barnekonvensjonen I tillegg til hovudartiklane for dette undervisningsopplegget - 2, 12, 16 og 19, er det her aktuelt å ta fram artiklane 5, 18 og 27. Mål: Elevane veit at det ikkje er lov å slå barn barn har rett til å uttale seg om det som vedkjem dei og skal bestemme meir desto eldre dei blir foreldre har rett og plikt til å rettleie barna jenter og gutar skal ha like moglegheiter RETTAR OG ALDER Her er formålet å gi elevane kunnskap om korleis nokre av dei rettane dei har heng saman med alder. Foreldre kan bestemme ganske mykje, ganske lenge, men barn skal i aukande grad få vere med å bestemme, eller bestemme sjølv. Materiell/ressursar Bruk Aldersplakaten frå Barneombodet eller ein A4-kopi av denne. Bilete av ein baby (vi kallar henne Louis), Louis som 7 år, som 12 år og som 15 år (sjå hjelpeark). Elevversjonen av barnekonvensjonen. Organisering Organiser elevane i formålstenlege grupper. Aktivitet Introduser elevane for aldersplakaten og elevversjonen av barnekonvensjonen på nytt. Fortel at aldersplakaten handlar om rettar barn har etter norsk lov (barneloven) og at gruppene skal bruke desse når dei arbeider.
AKTIVITETSARK Introduser elevane til biletet av Louis som baby. «Hei mitt namn er Louis. Eg blei fødd i dag. Kan de hjelpe meg å vekse opp med alle dei rettane eg skal ha i familien min?» Be gruppene skrive ned dei rettane Louis skal ha allereie frå den dagen ho blir født. Introduser elevane for biletet av Louis som 7-åring. Be gruppene skrive ned dei rettane Louis skal ha no. Gjenta det same med dei to siste bileta (Louis som 12-åring og 15-åring). Summer i plenum. Mål: Elevane veit at barn har rett til privatliv. RETT TIL PRIVATLIV Retten til privatliv opptek mange barn. Formålet med dette temaet er å bevisstgjere elevane på at dei faktisk har rett til eit privatliv sjølv om dei er barn. Mange foreldre er heller ikkje klar over denne retten. Materiell/ressursar Korta med barnerettane, spesielt artikkel 16. Spørsmål og svar frå «nettmøte med barneekspertane» på hjelpearket, spørsmål 2 og 9. Aldersplakaten. Organisering Bruk dei same gruppene som ved førre tema, eller drøft spørsmåla i plenum etter at elevane har snakka saman to og to. Aktivitet Ta utgangspunkt i spørsmåla og be elevane om å gi dei som spør eit svar. Be elevane om å grunngi svara sine med utgangspunkt i barnekonvensjonen og aldersplakaten (tilpass til alder). Summer og diskuter i plenum. Lag saman «tre gode råd til foreldre om barn sin rett til privatliv», som elevane kan ha med seg heim og diskutere med foreldra. Dette kan vere utforma på ein plakat som også skal gjelde lærarane på skulen.
AKTIVITETSARK X-TRA NETTMØTE MED BARNEEKSPERTANE I denne delen av «Barnerettane i heimen» er formålet å fokusere noko meir på kvar enkelt elev og spørsmål som mange barn og unge lurer på. Materiell Barnekonvensjonen. «Aldersplakaten»/ plakaten med barnerettane. Samlivsbrotplakaten. Brev frå «lesarane»/spørsmål og svar frå nettmøtet med barneekspertane (sjå ressursarket). Tilgang til PC til kvar gruppe dersom dette er mogeleg. Dersom ikkje, skriv dei på ark. Organisering Det kan no vere lurt å reorganisere gruppene litt. Det vil skape litt auka kreativitet og nye idear. Del ut spørsmåla på hjelpearket til kvar gruppe. Gi gruppene forskjellige spørsmål. Aktivitet Introduser aktiviteten for elevane. Eks.: «Vi skal no tenkje at vi har eit nettmøte og at de er barneekspertane som svarer på spørsmål frå andre barn.» Prøv å skrive eit svar på spørsmåla, slik at den som spør lærer noko om kva rettar dei har. Oppfølging av nettmøtet Denne aktiviteten kan følgjast opp med å leggje ut informasjon som «spørsmål og svar» på skulen si eiga heimeside der dette er mogeleg. Klassen kan også summere arbeidet med spørsmåla og skrive eit innlegg/lesarbrev om barn sine rettar i anten «skuleavisa», på ein lokal nettstad eller i lokalavisa m.m. Eit anna alternativ er at svara til elevane endar ut i ein plakat om barn sine rettar på ulike alderstrinn, utforma med logoen til skulen og teksten til elevane.
AKTIVITETSARK OPPSUMMERING Nokre gonger kan barn ha lyst til å kjøpe noko eller gjere noko, men det er ofte foreldra som bestemmer. Når du er f.eks. 15 år kan du melde deg ut og inn av organisasjonar sjølv. Alle barn har rett til vern. Staten skal passe på at foreldre vernar barna sine. Alle barn har rett til privatliv. Barn skal bli høyrt i alle forhold som vedkjem dei. Når barn blir eldre, skal det dei meiner bety meir for kva dei vaksne skal bestemme seg for. Jenter og gutar har dei same rettane. HUGS: Alle diskusjonar om barn sine rettar heime kan vekkje uro hos enkelte barn. Nokre kan, etter denne undervisingsøkta, kjenne at dei har behov for å snakke med nokon. Du bør derfor førebu dette. Avtal med rektor, inspektør, sosiallærar eller ein kollega som er disponibel, at dei kan tilkallast av deg dersom det blir behov for det. Dersom det kjem fram informasjon frå enkeltelevar som det er behov for å melde vidare, sjekk at skulen har gode prosedyrar på dette. Dette kan vere opplysingar som må meldast for eksempel til barnevernet. Fortel elevane at dette temaet kan vere vanskeleg for nokre barn, og at det er heilt naturleg, familiar er forskjellige osv. Informer elevane om at det er mogeleg å snakke med deg (eller ein andre vaksne på skulen som du veit elevane er trygge på), rett etter timane. Fortel elevane at dei også kan kontakte deg etter dette, i morgon osv. Informer elevane om kontakttelefonane for barn: Alarmtelefonen: 116 111, Raude Korstelefonen: 800 33 321. Følg nøye med på reaksjonane til elevane undervegs.
RESSURSAR TIL NETTMØTE MED BARNEEKSPERTANE Her finn du nokre spørsmål, formulert som lesarbrev. Dette er spørsmål som ofte blir stilt til Barneombodet i den opne ressursen som heiter «Spør Barneombudet» (sjå: www.barneombudet.no). For dei yngste elevane kan nokre av spørsmåla være litt vanskelege å finne gode svar på. Føl deg derfor fri til berre å bruke dette som ein idé-bank, og lag spørsmåla enklare dersom du tenkjer det er lurt. Forslag til svar på spørsmåla finn du til slutt på dette hjelpearket. Dette er svar Barneombodet har gitt, men som ikkje nødvendigvis er dei einaste «riktige» svara. Både barnekonvensjonen og norsk lov opnar for tolkingar som kan gjere dette litt vanskeleg. Du kan gjerne lage spørsmål sjølv, dersom det blir for lite med 10 spørsmål, eller hente fleire frå «Spør Barneombudet». SPØRSMÅL 1. Gut 8 år: Hei Mamman min lèt meg sjå filmar med 11 års grenser, kan eg det? 2. Jente 13 år: Mora min vil ha passordet mitt på Facebook, til e-posten og koden på telefonen. Ho har fleire gonger sett på meldingane og e-posten min. Er dette rett? Har ho lov til å krevje dette? I tillegg har ho fleire gonger kravd passordet på datamaskina mi. Og når eg er hos pappa, må eg sitje nede saman med dei når eg vill bruke datamaskina, så dei kan overvake meg! Er det rett det dei gjer? 3. Gut på 15 år: Lurte på om kvar går grensa til privat liv som eg har rett på? 4. Gut 12 år: Kva rettar har eg som 12-åring? 5. Gut 13 år: Kan foreldra mine nekte meg å snakke? 6. Gut 13 år: Kva rettar har eg når politiet har gitt opplysningar til media, sånn at alle der eg bur veit kva eg har gjort. Politiet tok ein samtale med meg før dei tilkalla foreldre og dei opplysingane + alderen min blei gitt til avisa, og no får eg masse kommentarar for det eg har gjort. Alle veit det... Det som står i avisa er ikkje sant eingong, det innrømde politiet. Alt ser mykje verre ut enn det var. 7. Jente 11 år: Kva for nokre rettar har vi når vi er 11 år? 8. Jente 13 år: Hei. Eg har eit problem. Pappa snokar på romma mitt når eg ikkje er heime og eg har gitt han klar melding om at han ikkje får lov. På romma har eg kondom mange stader (bruker dei ikkje), klede eg har lånt av han og systera mi, og han blir sint når han finn dei. Ein dag sa eg til han: Du får ikkje gå på rommet mitt, dersom du gjer det flytter eg. Dagen etter var eg med bestevennen min heim. Seinare på kvelden fekk eg denne meldinga: Veit du kva eg fann for noko rart i skapet ditt?. Eg blei veldig sur, og ville ikkje heim! Kva kan eg gjere? Har foreldre lov å snoke på romma til barna, vil jo ha litt privatliv? 9. Gut 9 år: Eg vil bu meir hos pappa. Men mamma vil ikkje. Mamma seier at samfunnet har bestemt det. Pappa seier at han har snakka med mamma mange gonger på eit kontor men ho vil ikkje. Når er eg gammal nok til at eg får bestemme sjølv kor eg vil bu? 10. Jente 11 år: Eg har ikkje lyst til å gå på korps, mamma og pappa seier at eg må. No har eg gått på korps i snart to år og eg vil framleis slutte. Korleis kan lova få mamma og pappa til å bli tvinga til å gi meg lov til å slutte på korps?
SVARA FRÅ BARNEOMBODET 1. Svar til Gutt 8 år: Ja, det kan du. Når du er 8 år, så kan du sjå filmar med 11-årsgrense dersom du ser filmane saman med ein vaksen. 2. Svar til jente 13 år: Artikkel nr. 16 i barnekonvensjonen, som også blir rekna som norsk lov, seier at alle barn har rett til eit privatliv. Det er viktig at også barn skal få ha nokre løyndomar. Men foreldre har også rett til å gjere det dei meiner er best for barna, så lenge dette ikkje bryt lova. Dersom foreldra dine er veldig urolege for at du er i fare, så har dei altså moglegheit til å be deg vise e-postar og liknande. Barnekonvensjonen seier også at barn skal få meir ansvar etter kvart som dei veks. Altså skal foreldre bli mindre strenge dess eldre barna blir. Vi synest ikkje foreldra dine bør blande seg for mykje med mindre dei er veldig redde for at du er i fare. Vi synest heller at foreldre skal snakke med barna sine om kva ein driv med på nett. Og at barna skal fortelje foreldra sine kva dei driv med slik at foreldra ikkje skal vere så urolege. Og dersom dei MÅ sjå e-postane, eller gå inn på profilen din dine, skal dei fortelje deg om det og ikkje gjere det i skjul. På den måten kan de stole heilt på kvarandre. Vis foreldra dine dette svaret, og ta ein ordentleg prat saman om korleis de skal ha det. Fortel dei om korleis du opplever det. 3. Svar til gut 15 år: Det vil kome an på kor mogent barnet eller ungdomen er, og kva situasjon det er snakk om. Foreldre har ansvar for barna sine. Det betyr blant anna at foreldre skal ta gode avgjerder for barna. Etter kvart som barnet blir eldre og meir mogent, skal barnet får meir og meir påverknad på desse avgjerdene. Barnet skal også få bestemme meir og meir sjølv. Det er naturleg at barnet får meir og meir ansvar mot den dagen barnet fyller 18 år og er myndig. På same måte er det naturleg at barnet får ha meir og meir av privatlivet sitt for seg sjølv. Barnet skal for eksempel kunne ha gode løyndomar saman med vennene sine, kunne skrive dagbok utan at andre les den, få vere i fred på rommet sitt, eller kommunisere med venner på nettet utan at foreldra skal blande seg. Men dersom foreldra er urolege for barnet og trur barnet gjer noko som er skadeleg, så må foreldra gjere noko med dette. Den beste måten er at foreldra snakkar med barna på ein ordentleg måte. Nokre gonger bestemmer foreldra noko som barnet ikkje er einig i. Dette kan foreldra gjere dersom dei meiner det er best for barnet. I slike situasjonar er det også viktig at foreldre og barn snakkar om kva som blir bestemt. Sjølv om ein ikkje alltid er einig i ting, så er det viktig at ein blir forklart kvifor noko blir bestemt. Det er viktig å hugse på at foreldre bør ha ein god grunn til å bryte privatlivet til barnet. Det held ikkje å berre ha lyst til å halde oversikt over kva barnet for eksempel gjer på nettet. Foreldra skal ha mistanke om at barnet gjer noko som kan vere skadeleg.
4. Svar til gut 12 år: Barn har mange forskjellige rettar. Nokre av rettane har alle barn heile tida, for eksempel retten til å bli høyrt og til å seie meininga si. Den retten pluss mange fleire kan du lese meir om i barnekonvensjonen. Den kan du finne her. Andre rettar får ein etter kvart som ein blir eldre. For eksempel kan du nekte å skifte etternamn når du er 12 år, eller du kan sjå ein film med 15 års aldersgrense dersom du er saman med ein vaksen. Du kan lese meir om kva rettar ein har frå ein er 0 år til 18 år her. 5. Svar til gut 13 år: Foreldra dine kan ikkje nekte deg å snakke. Dei kan be deg om vere stille for ei lita stund, dersom det er nødvendig i ein spesiell situasjon. For eksempel kan dei be deg om å vere stille under ei framsyning på skulen, eller be deg om å vente litt, dersom det er nokre andre som snakkar. Foreldra dine kan ikkje berre nekte deg å snakke utan ein god grunn. Vi håper dette var svar på spørsmålet ditt, viss ikkje er du velkomen til å ta kontakt igjen! 6. Svar til gut 13 år: Vi forstår godt at det er utriveleg at alle «veit» kva du har gjort, særleg dersom det dei «veit» ikkje er heilt riktig. Politiet skal vere forsiktige med å seie ting til media som gjer at alle kan forstå kven som er mistenkt for å ha gjort noko galt. Dette gjeld særleg i saker der barn er mistenkt for noko. Samtidig skal politiet fortelje media kva som har hendt. Vanlegvis skal ikkje politiet ha ein samtale med barn utan foreldra til stades. Nokre gonger kan det vere nødvendig likevel, for eksempel fordi politiet ikkje får tak i foreldra, eller fordi det hastar med å finne ut av kva som har skjedd. Foreldra dine kan hjelpe deg med å lese og forstå reglane som gjeld for deg. Du kan derfor vise dette svaret til foreldra dine. Saman med dei kan du sjå om politiet har brote reglane. Dersom du og foreldra dine meiner at politiet ikkje har følgt reglane, kan de klage til politimeisteren. Skriv såg nøyaktig som mogeleg kva som har hendt. De kan også be om hjelp frå ein advokat. 7. Svar til jente 11 år: Når du er 11 år skal foreldra dine høyre på deg og dine meiningar. For eksempel skal du vere med å bestemme kor du skal bu, og kor du skal vere i ferien din viss foreldra dine er skilte kan du sjå film med 11 årsgrense aleine eller saman med andre barn kan du bli valt inn i elevrådet på skulen din kan du sjølv klage til skulen dersom du ikkje har det bra på skulen skal skulen høyre på deg før dei bestemmer kva som er det beste tilbodet for deg dersom du treng ekstra hjelp Dersom det er andre ting du lurar på om du har rett til så ta kontakt med oss, så svarar vi deg på nytt. 8. Svar til jente 13 år: Så fint at du skriv til oss. Vi ser at du lurer på om foreldre har lov til å snoke på romma til barn og retten din til privatliv. Det er fleire som skriv til oss om mykje av det same som du opplever. Du er over 12 år, og det skal leggjast stor vekt på det du meiner i personlege forhold. Det vil seie ting som gjeld deg. Og det er bra at du seier i frå til pappaen din. Vi syntest også at det er trist at du kjenner du ikkje vil dra heim når det er slik. Foreldre har ikkje lov til å snoke rundt i dine private ting så lenge de ikkje er urolege for noko skadeleg. Det kan for eksempel være
ulovlige ting, narkotika og liknande. Vi har tidligare svart ei jente på 14 år som opplevde at mor hennar var inne på rommet hennar og rota i ting. 9. Svar til gut 9 år: Foreldra dine må snakke med deg for å finne ut kva du meiner før dei bestemmer seg for kor du skal bu. Det betyr ikkje at du kan bestemme. Men du skal altså ha sjanse til å seie meininga di om saka. Jo eldre du blir desto meir skal meininga di telje. Når du er 12 år skal meininga di telje mykje. Men fram til du er myndig er det til sjuande og siste foreldra dine som har ansvaret for å bestemme kor du skal bu. Det som er viktig å vite er at ein avtale om bustad skal vere god for barnet det gjeld. Det betyr at mora og faren din må ta omsyn til kva som vil vere best for deg når dei skal lage ein slik avtale. 10. Svar til jente 11 år: Frå du er 7 år har du i følgje barnekonvensjonen rett til å bli høyrt i saker som gjeld deg. Barnekonvensjonen er norsk lov. Frå du er 12 år skal meiningane dine blir stor vekt lagd på. Dersom du ikkje vil gå i korps må foreldra dine ha gode grunnar til at du må dette. For barn er det ofte veldig fint å ha ein fritidsaktivitet ved sida av andre ting. Kva aktivitet dette er bør du få vere med å avgjere. Snakk med foreldra dine og vis dei gjerne denne meldinga. Du kan også snakke med andre vaksne om det dersom du treng fleire råd om korleis du skal snakke med mamma og pappa om dette. For eksempel helsesyster. Helsesyster er vant til å snakke med barn og unge og har teieplikt. I tillegg kan ein ringe til, eller chatte med nokon som jobbar for ei teneste som heiter «Kors på halsen». Det er Røde Kors si telefonteneste for barn. Du finn meir informasjon om dei her: www.korspahalsen.no Håper dette var til hjelp, og skriv gjerne til oss igjen dersom du treng fleire råd.
LOUIS, BABY LOUIS, 7 ÅR LOUIS, 12 ÅR LOUIS, 15 ÅR
LOUIS, BABY
Barnerettane i HEIMEN LOUIS, 7 ÅR
Barnerettane i HEIMEN LOUIS, 12 ÅR
LOUIS, 15 ÅR